HELSA OG VANHELSA
Kapittel frå OS SOGA 1, Side 620 – 637
HELSA OG VANHELSA.
SJUKDOM OG SOTT.
Det er ei fast tru at i gamle dagar var folket mykje større, sterkare og friskare enn det er no. Og noko ligg det til grunn for denne trui. Umlag alt det me høyrer um folk i gamall tid tyder på at dei var store og sterke. Me hev forteljingar um store kjermpor, um djerve og sterke stridsmenner, um hardbalne karar som kunde tola kva det skulde vera, og me høyrer ogso um sterke og djerve kvinnor som var like dugande som mennerne.
Det er vel ogso sanning at folket i eldre tid var sterkare og tolde meir enn den ætti som no liver. Tilhøvi var soleis at dei veike borni jamnast døydde medan dei var unge. Berre dei som hadde full livskraft og styrke vaks upp, og ætti vart eit utval av dei besste og sterkaste menneskje som kom til verdi. Livet og levekåri var harde og det sette merke på folket. Dei som greidde seg gjenom vanskane og vaks upp vart jamt hardbalne, sterke menn og kvinnor som tolde ei brosa. Og det er um desse djerve og modige menneskje soga kann fortelja oss. Veiklingane hev soga gjøymt og gløymt for altid.
Men tvillaust var det ogso veiklingar i gamletidi. Mange av dei døydde unge men sume vaks ogso upp. Og sjukdomar herja og tok burt helsa ogso hjå vaksne og sterke folk. Sjukdomar var ikkje sjeldsynte i gamletidi, og når dei fyrst korn til bygdi kunde dei tyna heile grenderne og leggja gardane aude. Folket brukte dei lækjeråder som dei visste om av eigi røynsla eller forteljingar frå forfederne, men desse råderne rokk sjeldan til å stogga sjukdomane. Um råderne kunde berga ein og annan so magta dei ikkje å berga heile grenderne eller bygdi.
Den sjukdomen som truleg herja mest var pesten, sotti, eller som den greini av sjukdomen me no kjenner vert kalla, tyfus. Det var svullesotti eller den orientalske pesten som herja mest, og rædsla for denne sjukdomen var so stor at dei fleste store sjukdomar som gjekk over landet vart kalla pest. Sjukdomen fekk gjerne si største magt i hardåri med svolt og naud, og ein sette difyr jamt pesten i samband med ufred, uår eller andre ulukkor. Radt fram til våre dagar hev det i kyrkjebøni vore ein bolk um vern mot »krig, hungersnød og pestilens«.
Den største ulukka her i landet valda pesten i 1349-50. Dette peståret er enno kjend og minna under namni «den store mennedauden« og »Svartedauden«. Um hausten 1349 kom det til Bergen eit skip som hadde pestsjuke umbord. Sjukdomen kom inn i byen og åt seg straks vida utover. Fyrr vinteren var ende hadde sjukdomen spreidd seg ikring heile landet, både i by og bygd. I mange grender døydde storparten av folket og mange gardar, ja enndå til heile grender, vart liggjande aude etter herjingi. Ein reknar at pesten i det året tok burt millom tridjeparten og helvti av heile folketalet i landet, og det er mykje som tyder på at ogso Osbygdi misste nær halvparten av folketalet sitt i »Svartedauden«. (Sjå i ein annan bolk meir um gardar i Osbygdi som då vart folketome og aude). Avdi svullane som sjukdomen førde med seg vart svarte med di det kom koldbrann i dei fekk sotti namnet »Svartedauden«.
Det kom fleire pestar gjenom tiderne, og sjukdomen krov jamt mange liv, sjølv um han ikkje herja og rydja so reint i bygderne som i den store mannadaudevinteren. I 1360 herja sjukdomen svert, han vart da kalla »den store barnedauden« avdi han det året tok mest born, og likeins i 1370. Herjingi det sisstnemnde året vert enno minna under namnet »Drepsotti». I 1552 herja pesten i landet, likeins i 1566 og 1600, og i Bergen og dei næraste bygderne døydde mange av sjukdomen i desse åri. 1618 var atter eit pestår, likeins 1629 og 1637. I Bergen tok sjukdomen desse åri ikring fjordeparten av folketalet, og i grannebygderne, soleis ogso i Os, døydde mange av pesten i denne tidi.
Ein annan sjukdom som valda mykje ulukka var koppane, »Bolesykja». Sjukdomen kom til Norig for fyrste gang i 1200 talet, og sidan herja han rett som det var ikring i landet. Nokon boteråd mot sjukdomen var ikkje å finna og han tok ei mengd menneskje. Mange som ikkje døydde fekk likevel minning og mein for livet som »bolegravne«, og fekk ar og merke etter sjukdomen. Koppane herja m. a. sterkt i 1615 og 1724 og mange døydde av sjukdomen i desse åri.
Ein sjukdom som det ikkje stod mindre uhugnad av var spillesykja, spedalsksjukdomen. Denne sjukdomen finn ein umtala frå utgamall tid, soleis er han nemnd i fleire av dei bibelske skrifterne. Ogso her i landet var sjukdomen spreidd. So langt attende som me finn upplysningar um folk og tilhøve i Osbygdi finn me nemnd spillesjuke folk I bygdi. Det vart skipa sjukehus, »St., Jørgens hus« eller hospitalet for dei spillesjuke, og rett som det er finn me nemnd menn eller kvinnor frå Osbygdi som var på »Spetalen», hospitalet. Bygdefolket gay gjerne gåvor til hospitalet. Det var ei ålmenn tru at ei »sælegåva til Spetalen« kunde hindra ulukkor, eldsfare, uhende på sjøen o. s. b., og ein trudde ogso at sovorne gåvor kunde fremja arbeid og fortenesta, gjeva betre fiske og gjeva betre avdrått av buskapen. Desse sjukehusi fekk ved dei mange gåvor so mykje økonomisk magt at dei kunde taka mot mange av dei spillesjuke frå bygderne. Attimillom vart det ogso utlikna ein serskatt til desse sjukehusi. Frå 1650 og utover måtte soleis kvar bonde i Os og andre Sunnhordlandsbygder gjeva 4 skjeling um året til »Spetalen« i Bergen.
Kolera var ogso ein gamall sjukdom som av og til herja i landet, men som sjeldan var serleg strid i dei vestlandske bygderne.
Sjukdomar fylgde jamt med uåri. I »grønar« og svolt var, og gjerne ogso i ufredstider, måtte folket berga livet med mat som lite høvde til folkeføda, med mjøl av bork, mose og liknande ting. Når det i sovorne år kom sjukdomar i bygderne hadde folket lite magt til å stå imot og sjukdomane kunde da herja radt øgjelegt. I 1690 åri var det tvo slike sjukdomsrider då det døydde dubbelt so mange folk i Osbygdi som i vanlege år, og likeins i 1704 og 1729. I vanlege tider døydde det ikring 20 menneskje um året i Osbygdi, men i 1733 døydde det 60 menneskje berre i dei tvo månaderne mars og april. So vidt ein kann skyna var det sotti, pesten, som tok dei. I dei tvo hardåri 1741 og 1742 døydde det 123 menneskje i Osbygdi. I heile prestegjeldet vart det i desse tvo åri fødd 179 menneskje, men det døydde 312. Storparten døydde av »blodgang«, som då var det vanlege namn på sotti, tyfus. Som lækjeråd mot sjukdomen brukte osingane knuste ostraskjel som dei tok inn i brennevin eller mjølk, og det hjelpte noko segjer Nils Legander som då var prest i Os.
Den sveraste påkjenning av sjukdom fekk Osbygdi sumaren 1765, same året som bønderne gjorde uppstyr i Bergen for den tunge ekstraskatten. Det døydde den sumaren 106 menneskje i Ossokni, umlag tiandeparten av heile folketalet og fem gonger so mykje som i eit vanlegt år. Umlag tvo tridjepartar av dei døde var born under 15 år, og sjukdomen tykkjest soleis ha yore bolesykja eller ei onnor sott som serleg tok borni. I 1780 kom det atter ei sovori sjukdomsrid, og berre i tidi frå Jonsok til Larsok det året vart det gravlagt 33 lik på Os kyrkjegard.
Koppane herja jamt i bygdi, soleis i 1792 og enndå meir i 1803, som var radt eit dødsår. I det sisstnemnde året som elles var det sisste store koppeåret i Osbygdi døydde over 30 born i sokni av koppane. Ikring 1802 byrja dei ogso her i landet med »poting« mot koppane, vaksinasion, og talet på dei som døydde av sjukdomen minka straks ned til ein tiandepart mot fyrr. Og etterkvart kvarv bolesykja heilt burt i bygderne.
Pestsjukdomane har ogso vore spake i dei sisste hundradåri. Det same gjeld spillesvkie. Etterkvart som husi vart betre, reinsemdi vaks, kosthaldet vart jamnare og heile helsestellet vart likare so minka det med desse sjukdomane. Spillesykja er no umlag heilt kvorvi burt og det kann gå mange år millom kvart tilfelle av sott. Ein og annan gong hev det vel kome ein liten tyfusfarang, soleis i 1860, 1878 og 1882, men med dei lækjeråder og det helsestell som ein no he er det jamnast lett å stogga sjukdomen.
I 1849 kom det kolera til vestlandsbygderne. Det var sterk ræddsla millom folk for denne sjukdomen og det vart difyr skipa til serskilde kyrkjegardar i dei bygder der sjukdomen kom inn. Soleis ogso i Osbygdi. Det vart laga tvo kolerakyrkjegardar, ein på Døso og ein på »Steinkulo« I Lyseklostermarki. Sjukdomen kom til Os, men han herja berre i ein lut av bygdi. Det døydde 8 menneskje, av desse ein mann i Lysefjorden som vart gravlagd på »Steinkulo«, og 7 i den ytste luten av Osbygdi. Dei sisste vart gravlagde i kyrkjegarden på Døso.
Influensa er rekna for å vera ein »moderne« sjukdom, men han er kjend heilt frå det 16de hundrådet. I 1847 herja han i Os og bygderne der ikring, likeins i 1889-90, Det var likevel ikkje mange som døydde av sjukdomen i desse åri. Eit nytt tak tok han i 1918 då mange døydde i »spenske-sykjae som sjukdomen da vart kalla.
Ein ting som gjenom tiderne hev teke mange liv er sjukdom på berselsengi. Kunnig hjelp ved fødsla var ikkje å få, reinsemdi var klein og det herde jamt til at barselkona døydde. Sjølv um det ikkje er nemnd i dødslistorne so kann ein likevel finna ut at i sers mange høve døydde mori under eller straks etter barnefødsla. Og i sovorne høve fylgde jamnast barnet etter mori. Bygdefolket gjorde lite for å betra tilhovi. Sjølv i dei tider da jordmødre var å finna i byane og i mange bygder heldt osingane fast på den gamle skikken med »kloke konor« og fann det heilt uturvande å ha jordmor i Osbygdi. Dei brukte ogso i mange høve rådgjerder som berre var bygde på gamall tru og overtru. – Etter at reinsemdi og stellet i husi vart betre og etter at det kom jordmor i bygdi minka barselsjukdomane etterkvart og det vart sjeldan dødsfall på barselsengi,
Var det i eldre tider stor vågnad for ei barselkona so var det ikkje mindre vågnad for småborni. I dei trange stovorne som sjeldan hadde ljos, men jamt mykje røyk, med kleint stell og lite reinsemd vart småborni gjerne sjuke og døydde. Den farlegaste tid for barnet var fyrr det vart årsgamallt, og me finn at i eldre tider galdt millom tridjeparten og fjordeparten av alle dødsfall i Osbygdi born under 1 år. Greidde barnet seg til det var årsgamallt so vart vågnaden mykje mindre, men ogso seinare i barneåri var det stor dødsprosent. So langt fram i tidi som ikring 1700 galdt umlag helvti av alle dødsfall i året born under 15 år, og i eldre tider var dødsprosenten for desse enndå større. I dei sisste tidbolkane, etter 1865, gjeld mindre enn tridjeparten av dødsfalli born under 15 år. Ein ser tilhøvi besst av den seinare uppsette lista over dødsfall i bygdi.
Sår og skade var i eldre tider jamt upphav til døden. Det var ikkje lækjarar på bygderne og handsaming av sår og skader var svært uvand. Ein hadde gamle og røynde husråder som vart brukte i sovorne høve og i mange tilfelle hjelpte dei. Men jamt tok det ogso ei uheppi vending med såri etter råderne. Reinsemdi var skral, og blodforgift, verkefeber, rot og daudkjøt var vanlege fylgjor etter det gamle uvande sårstellet.
Da det kom lækjarar til bygdi og desse fekk med sårhandsaming å gjera besna tilhøvi mykje. Rett nok gjekk ikkje ein bonde til doktaren for eit vanleg hogg- eller stikk- sår’, og mange døydde framleis av blodforgift o. 1., men lækjarane berga fleire og fleire og etterkvart lærte folket seg til å stella såri og halda dei reine. Blodforgift og rot i sår vart sjeldnare. Og etter at ein attåt hev fenge døvvings-midlar so ein kan handsama skader og sår etter som det trengst utan liding for den sjuke er dødsfalli på grunn av sår og likamsskader gjenge ned til ein brøkdel av det dei fyrr var.
Ein sjukdom som var vel kjend på bygderne i eldre tider og som ogso hadde sitt upphav i liti reinsemd var skabb og skurv. »Ditt skurvehovud« var eit vanlegt skjellsord millom folk. Sjukdomen kvarv burt etterkvart som reinsemdi yaks og er heilt ukjend i dette århundradet.
Difterit, »Halsesykje«, eller »Trondhjemsk halsesykja« som sjukdomen til å byrja med var kalla her, finn me ikkje nemnd i bygdi fyrr i 1881, då han kom inn i Hordaland. I 1883 tok han til å herja i Os og sjukdomen heldt ved i 5-6 år. I Os lækjardistrikt var det i 1884-85 ialt 167 tilfelle av sjukdomen med 35 dødsfall, derav 14 dødsfall i Ossokni. Ogso seinare hev sjukdomen synt seg, men han vert jamnast snøgt stogga no. Etter at ein fann eit serum til boteråd fører sjukdomen sjeldan til døden. I dei seks åri 1921 -26 var det soleis 15 tilfelle av difterit i Os, men berre 2 av dei sjuke døydde.
Skarlagensfeber kom ender og då til bygdi, jamnast som smitta frå Bergen eller andre bygder. I 1881 kom sjukdomen soleis frå Ølve til Haugland i Os, og året etter, då det vart mange tilfelle i bygdi, kunde ein fylgja farvegen åt sjukdomen frå Bergen til Os. I desse tvo åri døydde det 43 menneskje i Os lækjardistrikt av skarlagensfeber .. Sjukdomen hev ogso seinare meldt seg i bygdi, men han hev vanleg synt seg mildare og dødsfalli hev jamnast vore få.
I den nyare tid er det serleg tvo sjukdomar som hev teke mange menneskjeliv i bygdi. Det er kræftsjukdomen, »åt«, og tæringi.
Kræftsjukdom finn ein berre nemnd ein og annan gang i eldre tider. Truleg døydde mange av kræft utan at ein skyna kva sjukdomen var, og han fekk jamt andre namn. Kræft i livet vart soleis nemnd som magesjukdom, sår i magen eller noko liknande. Elles tykkjest kræftsjukdomen å ha auka på i seinare tider. I 1880-1900 døydde det i Os lækjardistrikt umlag helvti so mange av kræft som av tæring, og i sjølve Ossokni var det umlag 2 dødsfall um året av kræft. Men i dei sisste 20-30 år hev sjukdomen auka so at no er det ikkje stor skilnad på dødsfalli av desse tvo sjukdomane.
Tæring finn ein frå gamall tid i bygdi. Dei gamle hadde sjeldan noko visst namn på denne sjukdomen, dei sagde berre at han eller ho som var sjuke »tvitlast burt«. I prestebøkerne finn me ender og då nemnd at sume døydde av »svindsot« som radt fram til 1880 åri var det vanlege offisielle namn på sjukdomen. Men kor mange som tæringi verkeleg tok er uråd å finna noko litande um.
Fyrst frå ·1870 åri av kann me med nokolunde vissa fylgja sjukdomen si herjing i bygderne. Frå 1875 til 1890 var tæringi skuld i umlag 12 prosent av alle dødsfall i Os lækjardistrikt (Os, Fusa, Strandvik, Hålandsdalen, Samnanger og Sund), og i sjølve Ossokni tykkjest prosenten av tærings- dødsfalli å vera ikring 13. I same tidi var tæringsdødsfalli i heile Hordaland fylke ikring 14 prosent av det samla dødsfalltalet.
Tilhøvi vart mykje dei same ogso etter århundradskiftet. Fra 1912 til 1920 var 12½ prosent av dødsfalli i lækjardistriktet (Os og Fana) tæringsdødsfall. Dette svarar nær til stoda i heile fylket der prosenten i same’ tid var 13. Elles var talet noko mindre i Os enn i Fana.
Etter 1920 vart stoda noko betre. I tiåret 1920-30 døydde det kvart år her i landet umlag 13 menneskje av tæring for kvar 10 000 livande. Dødsprosenten var i Hordaland over 14 for kvar 10 000 menneskje, men i Os var han i denne tidi millom 6 og 7. Det hev etter måten vore fIeire tilfelle av sjukdomen enn desse tali syner, men dødsfalli av tæring hev vore få. Dei sisste åri hev atter synt ein liten auke i Osbygdi.
Det kann vera fleire orsaker til at tæringsdødsfalli i Os hev minka i den sisste tidi, men mykje å takka for det er tvillaust den strid mot tæringi som Os Sanitetsforening hev teke upp. Laget som vart skipa i 1913 hadde som fyremål å reisa strid mot tæringssjukdomen og å syta for sjukehjelp i bygdi, og det hev i stor mun løyst sine uppgåvor. Laget held no 2 sjukesystrer som står til tenesta for sjuke i alle luter av Osbygdi, og dette hev vore til stor hjelp for dei sjuke og til vinning og gagn for folkehelsa i grenderne, Mange tæringssjuke hev laget hjelpt til upphald på helseheimar, og det gjev ogso studnad til tæringssjuke som bur heime so at livemåten kann hjelpa dei til å vinna over sjukdomen. I den sisste tidi hev laget ogso Fenge istand lækjartilsyn med skuleborni for at ein betre kann halda auga med helsa deira og møta sjukdomen fyreåt.
Døde i Ossokni 1665–1900,
1665-1700 | 1701-1735 | 1736-1765 | 1766-1800 | 1801-1840 | 1841-1865 | 1866-1900 | |
Døde ialt | 549 | 846 | 779 | 822 | 960. | 891 | 1255 |
% | % | % | % | % | % | % | |
Derav under 1 år | 27,9 | 27,4 | 25.aug | 26,6 | 25 | 23,4 | 15,9 |
1- 5 ar | 8,9 | 7,1 | 9,4 | 7,5 | 5,6 | 7,8 | 8,4 |
5-15 | 10.,0. | 5,2 | 8,3 | 6,5 | 5,8 | 4,9 | 6,4 |
15-25 | 6,2 | 6,4 | 6,9 | 4,9 | 5,2 | 4,8 | 7,5 |
25-40 | 9,6 | 10,2 | 11,1 | 9,9 | 6,8 | 9,7 | 9,6 |
over 40 | 37,4 | 43,7 | 38,5 | 44,6 | 51,6 | 49,4 | 52,2 |
—– | |||||||
100 | 100 | 100′ | 100 | 100 | 100 | 100 | |
Av ovanståande lista vil ein finna korleis alderen på dei døde i Osbygdi hev vore gjenom dei ymse tidbolkar frå 1665 til 1900. Ein vil sjå at alderen hev auka etter kvart. Medan nær 28 prosent av alle dødsfalli i fyrste bolken, 1665-1700, galdt born under 1 år er prosenten minka til knapt 16 for sovorne dødsfall i sisste bolken. Ogso for større born er dødsfalli færre i sisste tidbolkane. Besst syner likevel auken i livealdren på talet av døde over 40 år. Medan det i fyrste bolken berre var ikring tridjeparten av dei døde som hadde denne alderen so er det i sisste bolkane over helvti.
Ved å skilja ut og setja upp lista ogso over dei som er døde i 80, 70, 60 og 50 årsaldren vilde ein fenge enndå betre vissa for auken i livealdren. Når ikkje det er gjort i ovan- ståande lista so kjem det av at uppgåvorne for dei eldre ikkje er å lita pa. Dei gamle heldt liti greida på aldren sin og når ein mann eller ei kona kom upp i 60-70 åri so rekna dei seg jamt for å vera 5 – 10 år eldre enn dei verkeleg var. I kyrkje-bøkerne syner soleis dødslistorne for eldre folk jamnast ein mykje høgre alder enn den røynlege, og det vil taka urimeleg lang tid å finna ut den rette aldren.
I vokster og storleik hev osingane vore og er umlag etter medeltalet for Hordalandsbygderne. Når ein samanliknar høgdi åt dei gutane som vart utskrivne som soldatar frå Os med storleiken at gutane frå andre bygder so er ikkje skilnaden stor. Inntil 1907 stod osingane i Hardanger bataljon. Medalhøgdi for gutane frå Os var gjenom 25 år, frå 1875 til 1900, 169.4 cm., og for resten av bataljonen (frå Sunnhordland og Hardangerbygderne) var medalhøgdi 169.6 cm. Av gutane frå Os vart i same tidbolken 60 prosent funne dugande til lina, 19 prosent til trænsoldatar og 21 prosent vart fritekne. For resten av bataljonen var dei same tali 60, 17 og 23 prosent. Både i vokster, dugleik og helsa stod osingane soleis nett jamsides med gutane frå dei andre bygder som høyrde til Hardanger bataljon.
Etter 1907 hev osingane høyrd til Midthordland bataljon. For dei 10 åri frå 1912 til 1922 var tali soleis for osingane: Dugande til lina 76 prosent, dugande til træen 10 prosent, og fritekne 14 prosent. For resten av bataljonen var tali i same tidbolken 69, 14 og 17 prosent. Helsa og dugleik var soleis vel so god hjå osgutane som hjå dei andre i denne tidbolken.
Osbygdi hev sovidt me veit yore fri for store ulukkor. Naturhende som skridor, flaumar o. l.er bygdi tolleg fri for, og andre hendingar på landjordi som hev teke menneskjeliv hev det ogso sjeldan vore.
Dei fleste ulukkor som hev kravd liv er hendingar på sjøen, og sovorne kann me finna jamt gjenom tiderne. I 1668 var ein båt frå Os på ferd til Bergen. Båten kollsigla og alle som var med, 6-7 menn og kvinnor frå Neset, kom burt. Under fiske hende det av og til ulukkor, og det vert jamt nemnd at ein og annan »kom burt ved havet«, d. v. s. dei bleiv under vårsildfisket. Under dette fiske kom det m.a. burt tvo mann fra Halhjem i 1775 og tvo mann fra Søvik i 1804.
Den største ulukka på sjøen hende den 11. mars 1822, »Galne-måndagen«, som denne syrgjelege dagen sidan vart kalla, og som ikkje vart snart gløymd. Det var i sisste liten av vårsildfisket. Veret var godt um morgonen og mange båtar reiste ut. Mange farty tok ogso på heimveg den dagen avdi fisket var umlag ende. Ut på fyremiddagen, millom kl. 10 og 11, kom nordveststormen som sloppen ut or ein sekk, og attåt kom snjofoket so tjukt at ein ikkje såg neven framfyre seg. På strekkjet millom Bømlo og Bergen forliste nær 30 jegter og større farty som var på heimferd frå fisket. Ennda verre gjekk det ut over fiskebåtane og ei mengd av desse spurdest ikkje meir. Det vart uppgjeve at det kom burt 47 menneskje som høyrde heime i Os prestegjeld, og av desse var 10-12 frå Os-sokni. Det var fiskarar frå Hegglandsdalen, Lysefjorden og Søre Neset som kom burt. Fiskarane få dei andre grender i Osbygdi berga livet, men fleire av desse misste ogso sine båtar og fiskegreidor på »Galne-måndagen«.
Ogso 1824 var eit ulukkesår, Um hausten det året kom 5 osingar burt på sjøen og um vinteren gjekk 2 mann i isen på Ulvenvatnet. I 1831 kom 2 mann frå Osøyri burt på skyssferd til Tysnes med ein doktar frå Bergen, og året etter bleiv det 2 mann frå Sør-øyane på heimvegen frå arbeid i Austevoll. I 1839 kom det burt 5 menneskje frå Os på sjøen og i isen, og året etter kom det burt 3 gutar i storm på Bjørnafjorden. 3 mann frå Halhjem kom burt på Krossfjorden i 1852 og likeins kom det burt 2 mann frå Hegglandsdalen året etter.
Eit ulukkesår var ogso 1864, med di 7 menneskje døydde det aret ved ulukkeshende. Ogso åri 1867 til 1869 var syrgjelege år. I desse tri åri kom det 15 osingar burt på sjøen, m. a. distriktslækjaren i Os Andreas Stoltenberg og båe skysskarane hans. I 1879-80 kom det burt 9 menneskje frå Os ved ulukkeshende. 1’1884 gjekk det tvo gutar i isen på Tveitevatnet og året etter kom tvo mann burt på Bjørnafjorden. Det største uhende i den seinare tid var på konfirmasjonssundagen 1907, då 5 menneskje frå Indregardane på heimvegen frå kyrkja kom burt på sjøen rett ned for garden Lio.
LÆKJARAR.
Ikring 1820 vart det tilsett »distriktslækjarar– for bygderne. I dei fyrste åri var det berre ein av dei i Hordaland, for Hardanger og Voss. I 1825 kom det ein lækjar i Sunnhordland og i 1835 fekk ogso Nordhordland sin distriktslækjar.
I 1844 vart Fylket skift i 4 lækjarkrinsar, Nordhordland, Sunnhordland, Hardanger og Voss. Distriktslækjaren for Nordhordland som hadde med Os å gjera var busett i Bergen. I 1854 vart fylket skift i 8 krinsar og Midihordlend vart då serskild krins. Distriktslækjaren her, Holm Holmsen, fekk bustaden sin i Bergen, Holmsen var sterkt interessert for eit betre helsestell i bygderne, og han kom med fleire framlegg til fremjing av eit betre helsestell i Os. Men framleggi vart ikkje tekne umsyn til av osingane. Skipnaden stod ved lag til 186l. Midthordland vart då skift att i tvo lækjarkrinsar, søre og nordre Midthordland. Holmsen vart framleis lækjar i den nordre. krinsen, og i Søre Midthordland krins vart tilsett ny lækjar med bustad i Os. Frå 1861 hev osingane umlag stødt havt lækjar buande i bygdi,
Den fyrste distriktslækjar i Osbygdi var Johan Henrik Olsen. Han var fødd i Oslo 1823, vart medisinsk kandidat i 1853 og kOIl1 til Os 1861. Han vart ikkje lenge lækjar i Os då han alt i 1864 døydde av tyfoidfeber. Han var gift med Hanna Maria Thiis som døydde i 1905. Dei hadde ikkje born.
Andrees Stoltenberg vart so distriktslækjar. Han var fødd i Troms 1822 og vart kand. med. 1848. I 1855 vart han distriktslækjar i Tana, 1858 i Lødingen og vart i 1864 distriktslækjar i Os. Han vart heller ikkje gamall her. Den 1.september 1868 var han til Strandvik på sjukevitjing og på heimferdi kollsigla han på Bjørnafjorden. Både han og dei tvo skysskarane hans kom burt. Han var gift med Elsebet Elise Thesen som døydde i 1907.


Då doktar Stoltenberg fall burt fekk Jakob Andreas Heiberg distriktslækjarposten. Han var fødd 1835 i Trondheim, vart kand. med. 1861, vart alt året etter distriktslækjar i Buksnes og kom i 1868 til Os. I 1874 søkte han og fekk distriktslækjarposten i Midtre Fosen der han var til 1883 da han fekk permisjon. I 1886 søkte han avskil og praktiserte sidan -som lækjar i Trondheim til han døydde i 1910. Han var gift med Marie Nikoline Andrea Lund.
Steen Andreas Olsen Tufte fekk posten etter Heiberg. Han var fødd. 1842, vart kand. med. 1869 og var distriktslækjar i Os -frå 1874 til 1876. Han vart då kompanikirurg, . seinare sanitetskaptein, og busette seg i 1881 i Holen der han praktiserte som lækjar. I 1905 tok han avskil som sanitetskaptein og flutte i 1913 til Oslo der han døydde ei tid etter. Han var gift med Fredrikke Olava Lyng og dei hadde 6 born.
Daniel Schumann Krüger vart distriktslækjar etter Tufte. Han var fødd i Bergen 1845, vart kand. med i 1872 og kom i 1876 til Os. Han kjøpte då garden Klyve der hann sidan vart buande. Frå 1896 til 1912 var han ogso fylkeslækjar i Hordaland. I 1888 vart han formann i fylkeslækjarlaget og var i 17 år styresmann i det norske lækjarlag, Han skreiv mykje i lækjarskrifter og andre blad. I 1912 tok han avskil som distriktslækjar og døydde tvo år etter.


Krüger si ætt hev fyrr vore i Os. Foreldri var kjøpmann i Bergen Joakim Arnt Krüger og kona Emerentze Schumann. Bestefaren var den kjende landhandlaren på Sjørsand, Hans Astrup Krüger, som var den fyrste ordførar i Os, og både oldefaren, Jokum Krüger, og tipoldefaren, Hans Astrup, vil ein finna nemnde her i boki som kapellanar i Os.
Krüger var ein dugande lækjar og hadde ogso mange andre hugmål. Han var ein sterkt interessert gardbrukar og dreiv Klyvegarden fram til eit mynsterbruk. Han kjøpte fleire skutor for at osingane kunde frakta heim bossgjødsel frå Bergen, og han stydja elles under jordbruksframgangen i bygdi på fleire måtar, I 1888 var han med å skipa Os privatbank. Krüger er ogso far for Osbanen. Alt i fvrsten av 1880 åri tok han til å arbeida for ein jernbane til Os, og tanken ogso vart sett i verk er fyrst og framst doktar Krüger å takka Han kjøpte ogso ein liten dampbåt og sette i ruta frå Os til fjordane so at bygderne på sørsida av Fusafjorden kunne koma i samband med jernbanen. Krüger ofra mykje pengar på desse samferdsletiltaki. So lenge han livde stod han i styret for Osbanen, den lengste tidi som Formann i styret. Han var ogso valmann frå bygdi og stod i lang tid som overformyndar. Krüger var mykje avhalden og vyrd av bygdefolket, og det er vel ingen embetsmann i Os som hev sett betre minne etter seg eller fortent meire vyrdnad og takksemd i bygdi enn doktar Krüger. I 1911 fekk han St. Olafs orden for gjævt arbeid.


Daniel Krüger var gift med Anine Claudine Lene Lem som livde til 1929. Dei hadde 3 born: Daniel, kontormann i Oslo, gift med Berta Würschmidt. Emma, gift med direktør for »Norske Liv« H. A. Sommerfeldt, og Claudine, gift med distriktslækjar J.. H. Smitt, Nesttun.
Svein Ruud Holtermann fekk lækjarposten etter Krüger. Foreldri var sokneprest til Etne Eilert Hagerup Holtermann og kona Anna Andrea Ruud. Han var fødd 1854, kand. med. 1881, og hadde praksis i Flekkefjord til 1888, då han vart distriktslækjar i Folda. I 1894 vart han distrikts- lækjar i Sogndal, i 1904 på Stranda i Sunnmøre, og kom i1912 til Os. Han kjøpte lensmann Svcnkc sin eigedom i «Finnebrekka» og busette seg der.
I 1914 vart Søre Midthordland lækjardistrikt skift soleis at Fusa prestegjeld med Samnanger vart serskild lækjarkrins, og Os herad saman med Fana vart lagt til eit nyskipa Fana lækjardistrikt. Doktar Holtermann fekk Fusa lækjardistrikt som han hadde til sin død 1916. Han var sterkt interessert for avhaldssaki og hadde vore formann i fleire avhaldslag. Han var gift med Adelaide Kristiane Lehmann og hadde 7 bom.


Jens Holmboe Smitt vart lækjar i det nye Fana lækjardistrikt som Os høyrde til frå 1914. Doktar Smitt tok bustad på Nesttun. Han er fødd i Bergen, og gjorde i åri 1899-1902 tenesta på ymse stader, soleis i Os, Voss, og på sjukehus i Oslo og Stavanger. I 1902 vart han kommunelækjar i Fana, og hadde denne posten til dess han i 1914 vart distriktslækjar. Foreldri var presten Jakob Sverdrup Smitt som seinare vart bisp i Kristianssand og kona Bolette Marie Nikolaysen. Han er gift med Claudine Krüger, dotter åt ovannemnde doktar Krüger i Os. Dei hev 2 born. Sofie, gift med diploming. Grünberg frå Reval, Estland, og Helge, elektrokemikar.
Det vart eit stridt arbeid for lækjaren i Fana når han ogso skulde ha Os attåt det store Fana herad, og det trongst ein hjelpelækjar i Osbygdi. Os heradstyre vedtok difyr i 1913 å tilsetje ein kommunelækjar og Birger Wexelsen Freihow som fyrr hadde vore assistentlækjar på Hagevik kyst-hospital vart tilsett i posten. Han hadde yrket til 1915 då han flutte til Bø i Telemark. Han er no distriktslækjar i Stryn.
Fritz Arnold Johannesen vart deretter kommunelækjar. Han er fødd i Bergen 1885 av foreldri garvarmeistar Bernt Andr. Johannesen og kona Eveline Fredrikke Lindberg, og vart kand. med. i 1912, gjorde i åri 1912-14 tenesta i Gauldalen, Oslo og på Notodden, og vart i 1914 kommunelækjar i Å i Fosen. Då Os i 1920 vart serskilt lækjardistrikt fekk Johannesen posten som distriktslækjar i den nye lækjarkrinsen. Han er medlem av skulestyret og hev vore med i heradstyret sidan 1926. Johannesen er gift med Signe Bruun, dotter åt kæmnar i Tønsberg Lauritz Nicolai Bruun og kona Annie Cathrine Lorentzen. Dei hev 3 horn: Gunnar, Carl-Fredrik og Annie-Cathrine Bruun.

Fyrr 1850 var det ingi jordmor i Osbygdi. Når ein venta barn til verdi so vart eit par grannekonor henta til barnsengstova og det gjekk bod etter nærkona i grendi. I kvar grend var vanleg ei eller fleire konor som var noko kunnige i sovorne høve, og dei vart då brukte til nærkonor. Jamnast greidde desse konorne det, og nærkonor med godt skyn og lang røynsla kunde gjeva god hjelp sjølv i vande tilhøve. Men hende det noko uventa eller det kom noko serlegt til so stod desse bondekonorne fast og i sovorne høve var ikkje livsvonerne store, korkje for barn eller barnsengkona.
I byane hadde det i lang tid vore utlærde jordmødre som gav fødselshjelp, og etterkvart meldte ogso spursmålet seg i bygderne. Ogso i Os kom saki upp. I 1840 kom det søknad til formannskapet frå ei gjenta i Os um hjelp til å koma på jordmorskulen og til å verta jordmor i Osbygdi. Formannskapet svara at det var ikkje bruk for jordmor i Os og søknaden vart send attende ustetta.
I 1847 kom det framlegg frå distriktslækjaren i Midthordland, Normann, um at det måtte tilsetjast ei jordmor for Os prestegjeld. Formannskapet svara likeins sum fyrr at ein ikkje hadde bruk for jordmor, og bygderne hadde- heller ikkje råd til å halda eit sovore menneskje. Ei .gjenta som hadde gjenge jordmor-skulen og som søkte um arbeid i bygdi fekk same svarer av formannskapet.
I 1855 søkte distriktslækjar Holmsen um at det måtte verta tilsett ei jordmor for Os og Samnanger som det året vart skilde frå dei andre soknerne i prestegjeldet. Formannskapet gjekk no med på dette, og det vart vedteke å tilsetja jordmor med ei løn av høgst 20 daler. Bustaden hennar vart fastsett til å vera Hatvik eller ein av gardane i nærleiken.
Hausten 1858 vart so Brita Jons dtr.. Mæland frå Kinsarvik tilsett som den fyrste jordmor i Os. Ho vart straks etter gift med jagteskippar Ola Johennesson Skavhellen frå Os, og dei kjøpte seg eit jordstykke på Bø, Nedrebø, der dei sidan vart buande. Brita Mæland var jordmor i nær 50 år, like til 1904 då ho tok avskil. Mange hundrad born hev ho i denne lange tidi hjelpt til verdi, og mange er dei konor som takka henne for god hjelp og rettleiding og minnest henne for si kloke og milde atferd. Sjølv var ho barnlaus. Ho døydde umlag 80 år gamall,

Brita Maria Engels dir, Særvoll frå Os vart so jordmor i bygdi, Ho vart i 1911 gift med verkstadmann Lars Johan Tvedt frå Osøyri, Dei kjøpte eit jordstykke av Os prestegard, Kjelhaug, der dei bygde og busette seg, Brita Særvoll Tveit døydde alt i 1922 berre 46 år gamall. Ho hev det besste minne i bygdi som eit godt menneskje og ei dugande jordmor. Ho hev dotteri Anna etter seg.
Som ny jordmor vart tilsett Susanna Vangsen få Aurland i Sogn og ho stend framleis i arbeidet. Ho hadde fyrr ho kom til Os vore jordmor i Tysnes.
HELSEHEIMAR o. l.
Hagevik kysthospital.
I 1891 vart det fyrste kysthospital i landet opna. Det var kysthospitalet i Fredriksvern, eller som det no heiter, Stavern. Men då hadde det alt i fleire år vore arbeidt for å reisa eit kysthospital på Vestlandet.
Det var i slutten av 1880 åri at dei tvo bergensarar, presten Wilhelm Holdt 0g doktar Sigv, Madsen under ei ferd i Danmark fekk sjå det fyrste kysthospital i norderlandi for tuberkulose ved Reisnes på Sjælland Desse tvo menn tok upp tanken um å reisa eit sovore hospital på Vestlandet, dei skreiv um saki i bladi og fekk hjelp av andre ihuga menn som dr. Kleus Hanssen og apotekar Lothe m. f1. Tanken fengde. Det vart samla inn pengar til byggjing og i 1893 stod det fyrste kysthospital på Vestlandet ferdugt i Hagevik i Os. Kostnaden var 58000 kroner.
Det var eit hus med plass til 40 sjuke, og var nærast tenkt som ein rekonvalesentheim for vaksne og for kjertelsjuke born. Det fyrste »belæg« var 12 vaksne og 8 born. Men etterkvart vart kysthospitalet eit barnehospital, ikkje berre for kjertelsjuke men ogso for born med andre tuberkuløse sjukdomar lungetuberkulose likevel undanteke.
Hospitalet vart for lite og i 1907 vart det utvida so at det kunde taka mot 100 sjuke. Det fekk fullt hus med ein gang. Søknaden vart større og større, og medan hospitalet i det høgste kunde gjeva rom for 112 born var det over 250 som gjerne vilde koma inn. Overlækjaren hadde planar uppe um ei ny og stor utviding, men denne vilde kosta ein million kroner og det tyktest rådlaust å skaffa so mykje pengar ved privat innsamling.

Hagevik kysthospital 1893.
Men hjelpi kom og pengane vart sytt tilveges. Ein interessert mann i Bergen, kjøpmann Thv. Kjerlend, tok seg av saki og ved ei storfeld innsamling lukkast det han å samla saman ¾ mill. kroner til utviding og nybyggjing. Den 21. juni 1927, på 34-årsdagen for den fyrste innleggjing av sjuke på hospitalet, kunde dette høgtida opningi av den store nybygnaden som gjev rom for 100 nye sjuke.
Hegevik kysthospital er no det mest tidhøvelege sjukehus av sitt slag i norderlandi. Både innan- og utanlandske lækjarar som hev vitja Hagevik er uppglødde over hospitalet, og då det sumaren 1930 var eit fylgje på hundrad utalendske tuberkuloselækjarar på vitjing i Hagevik sagde ledaren deira, den verdenskjendte franske lækjaren dr. Chalmette, at Hagevik kysthospital kunde tena som mynster for alle tuberkulosehospital i verdi. Det kann no gjeva rom for umlag 200 sjuke og hev kosta ialt nær 1300000 kroner.
Kysthospitalet hev kjøpt heile garden Hovland, og med sine 25-30 kjyr på båsen kann garden sjølv skaffa mjølk til det store hushaldet. Det same gjeld grønsaker og ymse

andre jordbruksvaror. Den gamle stova på bondegarden »Karistova« er innreida til sjukehus ved smittsame sjukdomar. Hospitalet hev ogso eige ljosverk som kosta ikring 300000 kroner. Ein lyt soleis segja at hospitalet er »sjølv-hjelpt« i mange leider.
Som nemnd er Hagevik kysthospital reist ved privat offervilje og friviljuge gåvor, serleg frå interesserte menn og kvinnor i Bergen. Staten hev teke drifti av hospitalet på seg, og dei sjuke slepp difyr leggja høge dagpengar.
Hospitalet vert stjorna av ein overlækjar og etter utvidingi er det ogso ein eller tvo hjelpelækjarar. Ein forvaltar fører tilsynet med drifti og ein gardstyrar hev med stjorningi av gardsstellet å gjera. Til å stella dei sjuke er det 20 sjukesystrer og umframt desse er det ogso knytt ikring 40 arbeidsfolk og tenestefolk til hospitalet.
I styret for kysthospitalet er desse: Borgarmeistar Einar Olsen, apotekar Johan Olaf Lothe, doktar L. Smitt, dr. Aubert og direktør lver Hald. Einer Olsen er formann styret.

Storparten av æra for den store vokster og framgang på Hagevik kysthospital må ein gjeva styraren av hospitalet, overlækjar Hermen G. Gade. Frå fyrst av var ein lækjar frå Bergen ein gang um vika på vitjing i Hagevik for å sjå til dei sjuke, og i dei fyrste åri tok lækjarane Olaf Lothe og Sigv. Madsen tilsynet på seg. I 1897 fekk doktar Gade dette yrke, og i fem år reiste han ein eller fleire ganger um vika fra Bergen til kysthospitalet. I 1902 flutte han upp til Hagevik for godt og hev sidan lagt alt sitt arbeid ned der.

Den lengste tid hev han vore aleine lækjar ved hospitalet og åleine havt arbeidet og andsvaret for dei 100 sjuke borni. Det er ogso han som hev fyrebutt dei store utvidingar som frå det største til det mindste er utførte etter hans planar.
Men difyr er ogso Hagevik kysthospital vorte eit sjukehus som i teknisk, medicinsk og klinisk utstyr stend på høgd med alt det besste som ein lækjar kann tenkja seg i notidi, og difyr er ogso hospitalet vorte ein kuranstalt som magtar å lækja skader og sjukdomar som fyrr var rekna millom dei heilt ulækjande.
Overlækjar Herman Gerhard Gade er fødd i Bergen 1870. Vart kand. med. i 1895, var i 1894-96 ved Bergens private klinik og ved Bergens kommunale sjukehus, og var praktiserande lækjar i Bergen frå 1897 til 1902 då han flutte til Hagevik og vart fast lækjar ved Kysthospitalet. Han er son åt den kjende bergensaren konsul Fredrik G. Gade som m. a. var med å skipa Osbanen og som i lang tid var med i styret for banen. Overlækjar Gade hev ogso i mange år vore med i Osbanen sitt styre, derav formann i 1920-1928. Han hev gjort mange ferder i utlandi for å setja seg inn i ting og tilhøve som kann ha verd for kysthospitalet. Gade er R. I St. O. O. og hev ogso fenge andre påskyningar. Elles hev han ikkje teke serleg del i offentlege gjeremål men ofra heile sitt arbeid og livsyrke til gagn for dei sjuke borni på Hagevik kysthospital.

Gade er gift med Krisine Alvilde Helliesen, dotter åt skipsførar Gustav Bernh. Pedersen, Stavanger, og kona Hilda Eriksen. Dei hev 5 born: Anna, gift med konsul Arnt Greve, Bergen, 2. Herman Gerhard, lækjar i Stavanger, gift med Borghild Mogen, 3. Inger Margrethe, gift med lektor Rejsum, Arendal, 4. Harald Fredrik, lækjar på Svalbard, gift med Aslaug Lunde, og 5. Egil, død som student.
Rekonvalescentheimen Revnebetgheugen.

Dei same menn som gjorde upptaket til Hagevik kysthospital, presten Holdt og doktar Madsen, var ogso skiparar av Revneberghaugen rekonvelescentheim. Heimen var i røyndi ei utviding av kysthospitalet i Hagevik. Det var frå fyrst av tanken at kysthospitalet ogso skulde taka imot rekonvalesentar, veikhelsa kvinnor, men då det synte seg at dei sjuke borni tok alle plassane på kysthospitalet fann ein det turvande å reisa ein serskild heim for kvinnorne.
Heimen vart reist i skogbruni pa austsida av Skjeieosen ved vegen til Skieiestøi, der han låg fritt og lognt med godt utsyn over fjorden. Huset vart bygt ved friviljuge tilskot frå interesserte menn og kvinnor og ved studnad frå Bergens brennevinsamlag.
I 1899 vart heimen på Ravneberghaugen opna. Huset hadde 13 rom med 35 sengjeplassar umframt styrar- og tenar-rormi. Heimen var berre rekna til sumarbustad. I 1915 vart heimen utvida med di det då vart teke i bruk eit nytt hus med 18 sengjeplassar. Det nye huset vart ogso laga til vinterbruk, og heimen som no er open både vinter og sumar rår etter utvidingi over 63 sengjeplassar.
Heimen er serleg rekna på å taka imot kvinnor som treng styrking av helsa si, anten avdi dei hev vore sjuke eller dei for skuld tungt arbeid, slit eller av andre grunnar er helseveike, og som ikkje hev råd til å søkja andre helseheimar. Upphaldet er difyr sers billegt, fra 2 til 3 kroner dagen, noko som berre er mogelegt ved studnad frå interesserte. Sisste år (1931) hadde 296 kvinnor upphald på heimen i stuttare eller lengere tid, i medaltal 26 dagar kvar. Til samanlikning kann nemnast at i fyrste driftsåret var heimen søkt av 48 kvinnor som i medaltal var der kvar i 30 dagar.
Styret for Hagevik kysthospital var ogso i den fyrste tidi styre for rekonvalesentheimen, men dette er brigda noko seinare. I styret er no: Dr. Tschudi Madsen, Formann, borgarmeistar Einer Olsen, fru Julie Kjær, apotekar Johan O. Lothe og styrar Alfred Myhrstad. Dr. Sigv. Madsen var formann i styret og likeins lækjar på heimen frå 1899 til 1928, og sonen dr. St. Tschudi Madsen tok då yrket etter han. Fyrste styrarinna på heimen var frk. Stephanie Tschudi (no fru Irgens). Frk. Laura Bjølstad var seinare styrarinna i nær 20 år og vart etterfylgd av frk. Petra Lillebø som no stend i arbeidet.
Chr. Michelsens barneheim, Mobergslien.
Chr. Michelsens barneheim, Mobergslien.
Medan det fyrr berre galdt å lækja sjukdomar er det no uppteke eit stort arbeid for å møta sjukdomane fyreat.
Dette gjeld ogso i striden mot tæringi, og eit av tiltaki som er gjort i den leid er skiping av heimar for tuberkulosetruga born. Ein sovoren heim er ogso skipa på Mobergslien i Os.

Fana tuberkuloseforening tok tanken upp um å skipa ein sovoren heim for tuberkulosetruga born i Hordaland, og laget fekk i det høve eit større tilskot av Den norske nasjonalforening mot tuberkulosen. Men det skulde mykje pengar til, og for at tanken kunde setjast iverk gav styret for Chr. Michelsens dødsbu fru Wallendahl, S. Falch og Mentz Andersen etter upptak av fru Aslaug Mohr heile eigedomen Mobergslien med gard og grunn til bruk for ein sovoren heim. Fana tuberkuloseforening tok på seg å byggja um husi for pengane frå Nasjonalforeningen, og laget sytte likeins for husbunad og utstyr. Våren 1931 stod heimen ferdug til bruk. Umframt den store gåva fra Chr. Michelsens dødsbu var det då lagt ut nær 80000 kroner til umbyggjing og utstyr i husi.
I heimen er plass åt ikring 40 born, og det vert uppteke born i alle storleikar, frå nyfødde til 13-14 års aldren. Hordaland fylke som etter gåvebrevet eig garden og barneheimen hev teke andsvaret for drifti. I styret for barneheimen er no: Fru Aslaug Mohr, fru Sarah Dekke, distriktslækjar Smitt, Tomas Lekven og Nils Tveit, med den sisstnemnde som formann. Frk. Ester Orning Olsen er styrarinna på heimen.
Askviknes barneheim.

Den fyrste som her i landet tok upp arbeid for umstreifarane eller splintane var Eilert Sundt, som i 1840-1850 åri reiste millom dei og som ogso skreiv fleire bøker um deira liv og ferdsla. Då Stortinget ikring 1870 tok burt studnade til arbeidet hans måtte Eilert Sundt stogga si verksemd og det vart i mange år ikkje gjort noko for omstreifarane.
I midten av 1890 åri tok presten Jakob Walnum arbeidet uppatt og fekk i 1897 skipa »Foreningen til motarbeidelse av omstreifervæsenet«, eller som laget vanleg vert kalla, »omstreifermisjonen«. Laget tok arbeidet upp for reising av heimar for umstreifarborni, og alt året etter, den 27. april 1898, vart grunnsteinen lagt for den fyste barneheim.
Det var Askviknes barneheim i Os. Det låg på Askviknes ein husmannsplass, umlag 50 mål stor, og staten som var eigar av plassen gav han til fritt rådvelde for umstreifarmissjonen. Det vart i Bergen og andre stader samla pengar, hus vart reist på eigedomen, og den 27. juni 1900 vart heimen høgtidsamt innvigd av biskop Erichsen.

Det var alt då kome 23 born til heimen og ein månad etter var talet auka til 30. Som styrarinna vart tilsett Margrete Devold med Inga Torgrimsen som hjelpesyster. Det såg ljost ut for arbeidet då heimen vart opna. Omstreifarane kom viljugt med borni sine, heimen var full av born og huset som kosta 39000 kroner var betalt. Men det gjekk ikkje heilt etter vonerne. Alt same hausten kom fleire av foreldri og tok borni sine att, og fyrr året var gjenge hadde barneflokken på heimen minka til 17. Sume kom likevel att med borni seinare og det kom nye til so at tvo år etter var barnetalet kome upp att i 27. Sidan hev det jamt halde seg ikring 30, og i åri ikring 1910 då barneflokken var størst var talet radt uppe i 37.

Umlag 70 born er til denne tid gjengne ut frå Askviknes barneheim etter vanleg upphald. Sume av dei er vel fallne attende til det same reiseliv som foreldri deira førde, men storparten er vortne gode og arbeidsame menneskje som fyller sitt rom i samfundet som andre velseda folk.
Margrete Devold hadde styrarplassen og var »mor« for barneflokken til 1908. Fru Astrid Heiberg hadde deretter yrket til ho døydde i spanskesykja 1919, og som ny mor vart tilsett frk. Mimi Osten som enno stend i arbeidet. Det er ikkje lett arbeid å vera mor i ein heim for sovorne born og det krevst eit uvanleg talmod og skynsemd i arbeidet. Men på Askviknes barneheim hev kvar mor fyllt sitt rom, og når ein der hev nådd so langt som gjort er so er det tvillaust mest dei tri nemnde styrarinnorne å takka.
Os gamleheim.
Som nemnd i bolken um fatigstell og forsyting var det skikk frå 1890 åri at gamle og fatige som ikkje hadde eige hus og heim vart »burtsette« til bygdefolk for ei viss godtgjerdsla. Det synte seg gjenom åri at det jamt vanta høvelegt husrom åt dei gamle og tanken um å skipa ein gamleheim for Osbygdi kom upp.

Vinsjans Lien som var fatigstyreformann i åri etter 1914 var den fyrste som freista å setja tanken iverk. Men det vart den gang ikkje noko av då ein vanta pengar. Presten Åmot tok då upp arbeidet med innsamling av pengar til reising av gamleheim, og dette førde fram. Bygdefolket synte interesse og var mannjamt med. Men når ein i nedgangsåri etter 1920 magta å få inn so mykje pengar at gamleheimen kunde reisast heilt skuldfritt so er det likevel samhugen hjå tvo-tri interesserte kvinnor og menn å takka. Det er Joh. Ludw. Mowinckel og fru Julie Mowinckel på Molda og fru Martha Lekven. Ogso mange utflutte osingar, m. a. fabrikkeigar Ole Nilssen, synte stor samhug for saki og gav god studnad.
I 1931 gjekk ein til byggjing av gamleheimen etter plan av arkitekt Jens Bull og med Lars Askvik som formann i byggjenemndi. Heimen vart reist på Os prestegard, då ein fann ei av M. Erichsen gjevi tuft ved Fagertun å liggja for langt burte. I huset er rom åt 24 gamle, styrar- og tenar-bustad, sjukestova, samlingsrom og arbeidsrom m.a. Heimen som vart teken i bruk frå nyttår 1932 kostar umlag
80000 kroner.
Både gamle som kostar upphaldet sitt sjølv og slike som lyt ha hjelp til det fær bu på heimen. Kostnaden er fyrste året sett til 40 kroner månaden. Som det fyrste styre for heimen er desse valde av Os heradstyre: Fru Signy Grindevoll, formann, fru Thora Lekven, distriktslækjar F. A. Johennesen, Nils H. Midthus og Didrik Hegland. Som styrarinna er tilsett frk. Renveig Hopland.



Dei som i fyrste rekkja reiste gamleheimen.