HOVLAND

Frå OS SOGA III side 11 – 27


33. HOVLAND 

Namnet kjem av hov, gudehov, tempel.  Um gudehovet hev stade på Hovland i heidnetidi, eller um garden hev høyrt til eit gudehov og vore «landet», garden, åt hovet er uvisst.  Det fyrste er mest truleg.  Hagevik hev vel fenge namnet sitt av viki som stakk seg lengst inn i hagen, kubeitet, på garden. 

Uttale: Hovlann.  

Skrivemåtar: Hofland (1300, 1427, 1480), Hoffland (1563), Hofflandt, Houlandt (1600), Houland, Hougland, Hoffueland (1614), Haufflandt, Huffland, o. fl. skrivemåtar. 

Garden ligg ved ei vik innst i Osen (Skjeisosen) millom Strøne-øyi og fastlandet.  Garden er frå heidnetidi, men vart liggjande øyde i eit par hundrad år etter den store mannadauden, og er uppteken som gard att ikr. 1550.  I 1300 vart Hovland gjeven til Munkelivklostret i Bergen, men kom sidan i godseigar Formann si eiga.  Ein liten part av garden vart kjøpt av Ospresten.  Hovland låg ikkje under Lysekloster, men vart rekna som «lenets gods» ved skattleggjing og bygsla.  Hagevik vart merkeleg nok rekna som Lyseklostergods.  Då godseigar Formann åtte det heile vart det elles ingen skilnad på eigartilhøvi, og då den siste godseigar Formann døydde i 1871 vart Hovland seld til Staten på same måten som dei andre Lyseklostergardane i grendi.

Or gamle matriklar og teljingar:

1668: Saar 2 stadztønder, afler 8 tdr., hafe 1 quærnsted, hugger brændeveed og botner  Hel gaard for sin landskyld, tilsagt at plante homblehagge.  
1723: Liden furreskoug til huusfornødenhed, og fornøden birche brendefang, ingen sætter, intet fiskerie, men 2 smaa flomqverne til huusfornødenhed.  Maadelig letvinden og nogenlundes vis til korn.  Driver paa intet andet brug end sin gaards aufl og har ingen lejlighed til nogen handel, videre end brændsel til kull af skougen, som henbringes til byen, til en liden hielp til sine rettigheders betaling.  
1865: Hovland med Hagevig: Har 15 maal dyrket ager og eng, deraf 3 maal godt, 6 maal middels og 6 maal slet, har 92 maal naturlig england, hvoraf 15 maal godt, 34 middels og 33 slet, intet england eller udmark er dyrkbart, har skog til husbrug med undtagelse af Hagevig, kan sælge furu for 8 spd. aarlig, 3 kjør paa gaarden og 1 do. i Hagevig fødes ved lyng, gaarden er middels letbrugt og mer end almindelig godt drevet, har en kastevaag og et lidet vandfald for mølle. 

Busetnad og buskap.

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571 14     
16681 112   2tun 
17232 113   4» 
1800321       
1835317211141025,3»3,5tun.
1865429 268935311»14»
190031831847 311,5hl.19,5hl.
19201819331210 40,5mål8,5mål
193015301129  8 »8»
1939  229  19 »9»

I folketalet for 1920 er medteke 122 tenestemenn og sjuke på Hagevik kysthospital og likeins 235 slike i 1930. 

HOVLAND 1.

Bergljot Hovland
åtte garden i 1300.  Mannen hennar som heitte Utyrm, var truleg død då.  Bergljot hadde ei brordotter, Sigrid, som ho sette inn i Munkeliv kloster i Bergen, og for at gjenta skulde få vera der gav Bergljot garden Hovland til klostret.  Sigrid skulde arbeida i klostret alt det «hon orkar oc kan», ho skulde ha rom ved smedabordet, og soframt ho ikkje likte seg i Munkeliv men reiste burt, so skulde likevel klostret eiga garden.  Gåvebrevet åt Bergljot finns enno og me prentar det nedanfyre: 

bref om Hofland a Framnæs v j 
Ollum gudhis vinom oc sinom þeim þetta bref sea edhir høyra sendir Ronulfuir abote oc aller brødhir at Munklifui q. g. oc sina Wer gerom idhir kunnykt at Bergliot Upyrms kona gaf eign þa er Hofland eitir vj mataboll hæghat till stadharens med þui skillordhe at Sigrid brodhir dottir hennar scall egha hær heimilis hwss vidh smidha bord oc halfua maldrykkio. scall hon oc gøra þat alt stadhenom til nytsemdir sem hon orkar oc kan.  likar henne ei at vara hær at stadhenom edha fær hon nokrom vradhom fram þa scall stadharen eiga iardhena at hon fari borth pessom godhum monnum hia verandom til sanz vitnesburdhar Stein prestir Gydha husprøya oc Helga oc Steinuor oc Håkon klærkir. 

Munkeliv kloster vart deretter eigar av garden.  Etter den store mannadauden vart Hovland liggjande aude og kjem ikkje fram att som gard fyrr etter 1550. 

Erich pa Hoffland er nemnd i 1563, og dette er fyrste gong etter mannadauden at garden er nemnd med buande folk.  Erik hadde ikkje jord men er rekna millom «Løsekarle og tienistekarle».  Kannhenda var han fiskar e. l. og hadde bygt seg eit hus på Hovland som framleis var øydegard. 

Jon Hovland var brukar på Hovland i 1591, og garden var då teken uppatt.  I 1597 og 1598 er brukaren skriven for Johannes, men i 1600 er han atter skriven for Jon.  Det er tvillaust same brukaren alle desse åri, men um han heitteJon eller Johannes er uvisst.  Han hadde ein son, Svein, som i 1611 måtte fara til Svinesund saman med dei andre osingane for å vera med i Kalmarufreden.  Me finn ikkje Svein att seinare.  Jon (Johannes) hadde truleg fleire born, og kannhenda var Simon Hovland, s. n., og Hans Lepsøy, s. L. 4, sønene hans. 

Simon Hovland vart brukar i 1602.  Truleg var han son åt fyremannen på bruket eller gift med ei dotter hans.  Simon var tvo gonger gift.  Kva fyrste kona heitte, veit me ikkje, men ikring 1640 vart han gift andre gongen med ei som heitte Marta Aamunda dtr., f. ikr. 1605, og som truleg var dotter åt Aamund Nordatrønen.  Av borni kjenner me: Ola, f. ikr. 1603, s. br. 2, Aamund, f. ikr. 1650, g. 1682 Anna Hauge, s. H. 3.  Ei Anna Hovland som døydde i 1723, og som då var uppgjevi til å vera 102 år gamall var kannhenda ogso dotter hans.  Simon vart vanleg rekna som øydegardsmann, men han sat betre i det enn storparten av dei og vart jamt rekna millom dei vanlege leiglendingane.  Han var ein mykje vyrd mann i bygdi, og i 1610 var han som lagrettemann saman med lensmannen Ola Halhjem og ein annan lagrettemann Lars Tysse i Oslo for å hylla prins Kristian, seinare Kong Kristian V.  I 1627 gav Simon halve garden frå seg til sonen, s. br. 2, men hadde sjølv den andre halvparten til 1646.  Simon døydde ikr. 1652 og Marta i 1693. 

Ola Simonson Hovland, f. ikr. 1603, som hadde br. 2 fekk ogso dette bruket etter faren i 1646.  Sjå um han under bruk 2. 

Simon Olson Hovland, f. ikr. 1650, bygsla dette bruket etter faren i 1672.  G. 1673 Kari Størks dtr. ytre Haugland, f. ikr. 1653.  Born: Ola, f. 1674, s. n. Nils, f. 1679, ug., Magdela, f. 1687, g. 1718 Nils Olson Algerøy frå Fjell.  6 born, millom desse eit par tvillingar, døydde unge.  Simon sat tolleg godt i det.  Både han og kona døydde samstundes i 1695. 

Ola Simonson Hovland, f. 1674, vart brukar etter faren.  G. 1696 Kari Ols dtr. Hovland, f. 1675, som var syskenbarnet hans.  Dei fekk 3 born, mens berre sonen Vinsjans, f. 1700, vaks upp, s. Lepsøy 1.  Ola sat smått i det.  I 1705 var han på Lyseklostertinget som det året vart halde på Haugland, og han tok seg då ein perial saman med nokre karar frå Ådland i Fusa.  Det bar ihop med han og son åt lensmannen på Hauge, og lensmannsonen fekk pryl.  For dette måtte Ola leggja bot.  I 1713 var han som ein av «de ringere bønder» med å skifta ut krigsskatten i Os.  Ola greidde ikkje sitja med bruket og i 1725 gav han det frå seg.  Han døydde i 1738 og kona eit par år etter. 

Nils Olson Grindevoll, f. 1705, bygsla bruket i 1725.  G. 1726 Kari Lars dtr. Hovland, f. ikr. 1706, som anten var fosterdotter åt Ola eller som tente hjå han.  Nils og Kari fekk 5 born, men dei 4 døydde unge.  Berre ei gjenta vaks upp: Kari, f. 1730, g. 1757 Helje Klyva, s. K. 2.  Nils streva hardt, men han greidde ikkje sitja med bruket og i 1742 flutte han frå garden.  Me veit ikkje kvar det vart av han. 

Jon Jonson ytre Moberg, f. 1717, bygsla bruket i 1742 då Nils flutte burt.  G. 1743 e. Kari Nils dtr. Bakka, f. ikr. 1704, som fyrr hadde vore gift med Engjel Torkjellson Bakka i Sund, s. Skjeie.  Kari hadde ei dotter med fyrste mannen, Ragna, f. ikr. 1738, g. 1757 Peder Skjeie, s. S. 5.  Jon og Kari hadde desse borni: Lisbet, f. 1744, g. 1772 Eivind ytre Drange, s. y. D. 3, Engjel, f. 1745, g. 1771 Marta Bjaanes, s. indre Moberg 4, Mari, f. 1747, g. Kristen Olson Økland i Austevoll, Kristi, f. 1749, g. 1770 Jakob Andersson Krokeid i Fana, s. F. B. 612, Ingeborg, f. 1751, g. 1781 Lars Kuven, s. Ulven 1, Synneva, f. 1753, g. 1781 Anders Andersson indre Drange, b. Sagstad i Fana, s. F. B. 592.  Jon sat tolleg godt i det og åtte m. a. ein part i Sørstrønen.  Han døydde alt i 1753. 
Ekkja Kari Nils dtr. stjorna bruket etter at mannen døydde, og det gjekk heile 7 år fyrr ho vart gift att. 

Lars Nilsson Gåssand, f. 1732, vart i 1760 gift med ekkja Kari Nils dtr. og fekk bygsla bruket.  Kari døydde i 1778, og Lars gifte seg att året etter med Eli Engjels dtr. Bolatad frå Hålandsdalen, f. 1746.  Born: Engjel, f. 1781, d. ug., Nils, f. 1784, s. n., Lars, f. 1786, d. ung, Sjur, f. 1790, g. 1817 Kristi Johannes dtr. Skjeie, b. Skålevik i Laksevåg, Kari, f. 1794, g. 1816 Simon Skjeie, s. S. 4. 
Lars Hovland og grannen Jon reiste ei undarleg rettssak i 1767.  Syftesokdag var det preik i Oskyrkja, og då Engjel Berge, som jamt var stor i munnen, stod på kyrkjebakken etter preika, sa han: «På Hovland hengjer dei hundar upp».  Dette fann Hovlandsmennene so ærekrenkjande at dei stemnde Engjel Berge til tings for «sjelsord, ukvemsord og vanærende tale».  Engjel kunde ikkje prova noko um hundane på Hovland, og han fekk ei stor bot for dei fire – fem ordi sine. 
Lars sat godt i det likeins som fyremannen og var ein vyrd mann i bygdi.  Han døydde i 1819 og Eli i 1830. 

Nils Larsson Hovland, f. 1784, bygsla farsbruket i 1806.  G. I 1806 Brita Anders dtr. indre Tuen, f. 1770, d. 1843, g. II 1845 Marta Nils dtr. Storum, f. 1800.  Born: Eli, f. 1807, g. 1832 Ivar Skjeie, s. S. 5, Lars, f. 1810, g. 1832 Anna Ulven, s. Søvik 2, Mari, f. 1812, s. n.  Tvo born døydde unge.  Fyrste kona Brita Anders dtr. var skrivi for indre Tuen, men ho var ikkje dotter åt Anders Tuen.  Truleg tente ho berre der, og me kann ikkje finna at ho er fødd i Os.  Nils døydde i 1857, og ekkja gifte seg att 3 år seinare med Paul Sælen, s. S. 1. 

Ola Andersson Storum, f. 1806, vart i 1835 gift med Mari Nils dtr. Hovland, f. 1812, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Mari døydde i 1853, og Ola gifte seg att i 1857 med e. Lisbet Rasmus dtr. ytre Drange, f. 1803.  Ho hadde fyrr vore gift med Ola Halvardson Sundøy, s. Holen 1, og hadde med han dotteri Kari, f. 1839, s. n.  Born: Anders, f. 1835, drukna saman med Ola Ulven og Ola Hagavik i 1869, Brita, f. 1837, g. 1863 Jon Søvik, s. S. 2, Engjel, f. 1839, s. n., Nils, f. 1842, g. Anna Abrahams dtr. Lunden, i Amerika, Ingjerd, f. 1845, g. 1870 Hans ytre Moberg, s. y. M. 1, Ola, f. 1848, g. 1870 Magdela Døsen, s. D. 1, Lars (tvilling), f. 1851, i Amerika, Elina, f. 1851, g. 1879 Peder Salbuvik, s. S. 1, Kari, f. 1853, g. 1876 Lars Søvik, s. Sperrevik 2.  Ola dreiv fiske attåt gardsbruket og hadde part i notbruk.  Han døydde i 1880 og Lisbet i 1883. 

Engjel Olson Hovland, f. 1839, bygsla farsbruket i 1866.  G. 1867 Kari Ols dtr. Holen, f. 1839, som var dotter åt garmlekona på bruket i hennar fyrste giftarmål.  Born: Maria, f. 1867, g. 1910 Paul Sælen, s. S. 6, Ola, f. 1869, d. ung, Anna, f. 1871, g. 1895 Johan Skjeie, s. S. 8, Annanias, f. 1872, sjømann, d. av beri beri i St. Thomas 1897, Engjel, f. 1873, røyrleggjar i Bergen, g. Berta Vaksdal, s. br. 8, Ola, f. 1877, i Amerika, gjer tenesta i marinen, Nils, f. 1880, fiskar, Elisa, f. 1887, g. bygningsmann Sivert Lid, b. Nordfjordeid.  Engjel var med i notlag likeins som faren og dreiv ogso småfiske.  Han døydde i 1914. 
Ekkja Kari Ols dtr. hadde so bruket til ho døydde i 1919. 


«Den Bergenske Komite for oprettelse af kysthospital for skrofuløse og rekonvalescenter» fekk festebrev på ein part av bruket, «Hovlandsviki» i 1891, og bygde Hagevik kysthospital her.  I 1920 kjøpte hospitalet heile bruket.  Sjå um Hagevik kysthospital O. B. I 637 – 641. 

Overlækjar Herman Gerhard Gade, f. i Bergen 1870, hev vore styrar av kysthospitalet frå 1897 og stend framleis i arbeidet.  Um han sjå O. B. I 642. 

Anders Andersson Grinde frå Fana, f. i Leikanger, Sogn, 1888, vart gardstyrar på br. 2 i 1909 og fekk ogso styringi av dette bruket då kysthospitalet vart eigar.  Han hev enno yrket.  G. 1924 Signe Berges dtr. Espeland frå Alversund, f. 1899.  Anders Grinde hev fleire tillitsyrke i bygdi og er m. a. formann i jordstyret og i styret for Os trygdekasse. 

HOVLAND 2. 

Ola Simonson Hovland, f. ikr. 1603, vart fyrste brukar her då han fekk bygsla halve farsbruket i 1627.  Ola vart fyrste gong gift ikr. 1628, men kven kona var, veit me ikkje.  Ho døydde, og Ola gifte seg att i 1644 med Ingeborg Vermunds dtr. Skjørsand frå Fusa.  Av borni kjenner me: Johannes, f. ikr. 1635, g. ikr. 1660 Kari Eivinds indre Haugland, s. Askvik 1, Kari, f. ikr. 1645, d. 1719, Simon, f. ikr. 1650, s. br. 1, Brita, f. ikr. 1653, d. 1707, Kristi, f. ikr. 1655, g. 1678 Anders Eide, s. E. 1, Ola, f. 1657, s. n., Gjertrud, f. ikr. 1660.  Ola vart i dei fyrste åri rekna som øydegardsmann, men etter at han i 1646 ogso fekk det andre bruket på garden, s. br. 1, vart han rekna som vanleg bonde.  Han var «skytter til slottet», d. v. s. han skaut dyr i skogane til lensherren på Bergenhus, og hadde garden sin skattefri for det.  Ola døydde i 1678. 

Ola Olson Hovland, f. 1657, bygsla bruket etter faren.  Han vart gift i 1673, berre 16 år gamall, med Marta Størks dtr. indre Haugland, f. ikr. 1655, som var syster åt broren si kona, s. br. 1.  Born: Kari, f. 1675, s. n., Anna, f. 1677, d. ug. 1721, Nils, f. 1680, d. ug. 1742, Magdela, f. 1688, g. 1718 Johannes Skjeie, s. S. 4, Anders, f. 1690, d. 1704, Vinsjans, f. 1693.  Ola sat smått i det.  I 1675 var han med og førde ordet på tinget då osingane ikkje vilde betala løn til vegmeistaren, s. O. B. II 378.  Ola døydde ikr. 1698. 
Ekkja Marta Størks dtr. hadde so bruket nokre år. 

Ola Simonson Hovland som hadde bruk 1 fekk ogso dette bruket i 1705.  Han var gift med dotteri i huset, Kari Ola dtr., og fekk soleis bruket her etter vermori.  Ola sat trongt i det og i 1718 gav han dette bruket frå seg.  Sjå um han under bruk 1. 

Jon Jonson Valla, f. 1691, bygsla bruket i 1718.  G. I 1720 Brita Didriks dtr. Balland, f. 1691, d. 1745, g. II 1753 Gjertrud Ols dtr. Hauge, f. 1734.  Av 6 born vaks 3 upp: Jon, i. 1722, s. n., Kari, f. 1724, g. 1761 Jørgen Lunde, s. L. 3, Lars, f. 1731, g. 1764 Ragnhild Askvik, s. A. 1.  Jon sat mykje betre i det enn fyremennene.  Då Jon gifte seg andre gongen var han vorten kårmann, og den nye kona hans vart soleis kårkona med ein gong.  Ho var då vel 18 år gamall og er truleg den yngste kårkona som hev vore i Os.  Jon døydde i 1757 og ekkja var busett på Hovland i 1760 åri.  Seinare tykkjest ho vera flutt frå garden, og kannhenda vart ho gift att ein stad utanfyre Osbygdi. 

Jon Jonson Hovland, f. 1722, bygsla farsbruket i 1750.  G. I 1750 Gjertrud Peders dtr. Ferstad, f. 1726, d. 1766, g. II 1767 Dordi Jons dtr. Askvik, f. 1741.  Born: Gjertrud d. e., f. 1756, g. 1782 Johannes Skjeie, s. S. 4, Ola, f. 1761, sjømann, d. i Kjøpenhamn 1783, Brita, f. 1763, g. 1783 Johannes Ulven, s. U. 3, Gjertrud d. y., f. 1767, s. n., Jon, f. 1770, g. 1806 Brita Osøyri, s. O. 1, Barbru, f. 1776, g. 1802 Steffen Balland, s. B. 2.  Jon sat godt i det og var ein av dei likaste bøndene i bygdi i si tid.  I 1767 reiste han saman med grannen sak mot Engjel Berge, s. br. 1.  Jon døydde i 1777. 
Ekkja Dordi Jons dtr. stjorna so bruket eit par år. 

Lars Olson Samdal frå Fana, f. ikr. 1750, vart i 1779 gift med ekkja Dordi Jons dtr. og bygsla bruket.  Dei fekk ein son i 1780, men han døydde straks.  Lars var son åt Ola Larsson Holmefjord frå Fusa som hadde gard på Samdal, s. F. B. 482.  Lars greidde seg godt likeins som dei tvo fyremennene.  Han døydde i 1823 og Dordi i 1826. 

Jørgen Jørgenson ytre Moberg, f. 1776, vart i 1807 gift med Gjertrud Jons dtr. Hovland, f. 1767, og fekk same året bygsla bruket etter vermori og siste mannen hennar.  Dei fekk ikkje born.  Jørgen dreiv fiske og greidde seg tolleg godt.  Han og kona døydde begge i 1832. 

Tomas Larsson Hjelle, f. 1791, vart brukar her i 1828.  Stein Lepsøy, s. n., hadde det året bygsla bruket, men han flutte ikkje hertil og Tomas brukte det på Stein si bygsla.  Tomas vart fyrste gong gift 1825 med Kari Steffens dtr. Garvik (Balland), f. 1802, som var systerdotter åt gamlekona på bruket, Gjertrud Hovland.  Kari døydde i 1849 og Tomas gifte seg att året etter med Helga Ols dtr. Borgen, f. 1805.  Born: Ola, f. 1825, d. ung, Kristi, f. 1827, d. ug. 1885, Jon, f. 1829, g. 1853 Johanna Bruarøy, s. Røttingen 9. Barbru, f. 1832, g. 1870 Hans Ulven, s. Bø 7, Anna, f. 1835, d. ug. 1866, Lars, f. 1839, g. 1863 Mari Skjeie, s. S. 7, Nils, f. 1844, reiste til Lofoten i 1861.  Tomas streva hardt for å greida seg på bruket, og i 1840 flutte han frå Hovland og busette seg på ytre Lekven, s. y. L. 5, der ein finn meire um han. 

Stein Steinson Lepsøy, f. p. Lønningdal 1790, flutte frå Lepsøy i 1840 og tok bruket her som han hadde bygsla i 1828.  Ein vil finna um han og huslyden hans under Lepsøy 2.  Då han kom til Hovland var han nett ekkjemann etter andre kona si, og året etter gifte han seg att med Ragna Daniels dtr. Sørstrønen, f. 1818.  Stein dreiv framleis med sjøen og hadde ei jakt «Karoline» som han sigla med på Nordlandsferder.  Han vart ikkje gamall på Hovland, då han døydde alt i 1844. 

Eivind Olson ytre Haugland, f. 1817, vart i 1845 gift med ekkja Ragna Daniels dtr. og bygsla bruket.  Han hadde fyrr vore gift med Marta Johannes dtr. indre Haugland, f. 1813, d. 1842, og var då busett på indre Haugland, s. i. H. 3.  Born: Ola, f. 1847, g. 1872 Hansina indre Moberg, s. i. M. 1, Daniel, f. 1850, d. ung, Anna, f. 1853, g. 1875 Peder Hauge, s. H. 1, Lars, f. 1855, d. ung.  Eit tvillingpar døydde tidleg.  Eivind dreiv med sjøen likeins som fyremannen.  Han vart heller ikkje gamall her, då han døydde av tyfus alt i 1858. 
Ekkja Ragna Daniels dtr. hadde so bruket nokre år.  I 1862 gifte ho seg att med Paul indre Moberg, s. i. M. 1.  Ho døydde i 1885. 

Nils Steinson Hovland, f. p. Lepsøy 1835, bygsla bruket i 1862 etter stykmori då ho flutte til Moberg.  G. I 1862 Kari Arnes dtr. Sundøy, f. 1839, d. 1880, g. II 1884 Hanaina Nikolais dtr. Røttingen, f. 1849.  Born: Helga, f. 1863, i Amerika, Ingeborg, f. 1865, g. 1892 Ola Lepsøy, s. L. 4, Stein, f. 1868, g. 1899 Anna Lepsøy, s. Sundøy 2, Eivind, f. 1873, reiste til Amerika i 1891 og døydde straks etter, Anna, f. 1876, g. 1902 Engel Askvik, s. A. 1, Karl, f. 1886, g. 1924 Engelina Halhjem, s. Askvik 14, Nils, f. 1889, bakarmeistar, g. 1913 Johanna Ellingsen frå Ostereidet, b. Bergen.  Ein gut døydde tidleg.  Nils hadde notbruk saman med grannen og Askvikmennene.  Han døydde i 1921 og Hansina i 1933. 

Hagevik kysthoapital kjøpte bruket i 1907 og hev drive det saman med br. 1.  Gardstyraren hev vore den same for begge bruki. 

HOVLAND 3 (Hagavik) 

Ola Olson Ulven, f. 1762, var fyrste mann som busette seg her.  I 1797 fekk han løyve til å setja upp eit hus her i viki, og jordeigaren godseigar Formann skreiv soleis um dette i skatteboki:
«Det tillades Ole Olsen Ulven, i betragtning af hans fattigdom og forleggenhed, at opsætte et hus paa den gaards (Hovlands) grund kaldet Hagevigen, hvilket dog ikke maa blive staaende længer end vij finder for godt».  
I 1801 fekk Ola ogso noko jord attåt huset og fekk festesetel på det heile, soleis at bruket no vart rekna som «plass» under Hovland. 
Ola vart gift i 1791 med Marta Baards dtr., f. ikr. 1760.  Ho vart skrivi for Økland då ho gifte seg, men var ikkje der frå.  Ho var tvillaust dotter åt Bård Mobergslien og var fødd i 1761.  Born: Lisbet, f. 1793, d. ug. 1868, Synneva, f. 1795, d. ug. 1866, Gyri, f. 1797, g. 1831 Daniel Halhjem, s. Lysekloster 1, Marta, f. 1798, g. 1834 Jakob Garvik (Balland), s. Lysøy 2, Ola, f. 1800, Baard, f. 1804.  Det var smått for Ola, og då kona hans døydde i 1807 vart det enndå verre.  I 1810 stemnde Formann han til tings og krov at han skulde gå frå bruket då han ikkje hadde betalt festeavgift på fleire år.  Ola bad for seg og fekk løyve til å ha plassen eit år til.  Det gjekk ikkje betre for han, og i 1813 måtte han lata bruket frå seg.  Han var sidan busett hjå ettermannen Eivind og dreiv med fiske o. a. til han døydde i 1838. 

Eivind Paulson Hauge, f. 1768, vart brukar her i 1813.  G. ikr. 1810 Kristi Nils dtr. Solbjørg frå Samnanger, f. ikr. 1766.  Eivind fekk ikkje feste på bruket, som merkeleg nok vart bygsla til kona Kristi Nils dtr. for hennar livetid.  Um Formann i dette høvet hadde betre tru på kona enn på mannen, eller um det var andre grunnar for at kona vart skrivi som bygslemann, veit me ikkje.  Kannhenda hadde Kristi tent hjå Formann fyrr ho gifte seg og fekk bygsla for lang og tru tenesta, soleis som me jamt ser det hende med drengjene i Lysekloster.  Eivind og Kristi hadde ikkje born.  Dei hadde ein fosterson, Reinert Larsaon, f. 1807, som truleg var frå Bergen.  I 1832 vart han gift med ei systerdotter åt Kristi, Guro Nils dtr. Solbjørg, f. 1790, men ho døydde 4 vikor etter brudlaupet.  Eivind og Reinert dreiv fiske ilag, og i 1832 finn me dei i eit notlag frå Drange.  Eivind greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1843 og kona i 1839.  Reinert reiste då burt og me veit ikkje kvar det vart av han. 

Ola Olson Askvik, f. 1803, bygsla bruket etter Eivind.  G. 1835 Anna Anders dtr. Gjerde frå Fusa, f. 1809.  Dei fekk 11 born og av desse vaks 8 upp: Guro, f. 1835, g. 1883 Ola Skjeie, s. S. 6, Andera, f. 1836, g. 1860 Marta Søfteland, s. S. 2, Ola d. e., f. 1838, s. n., Eivind, f. 1840, notmann, g. 1875 Ingeborg Johannes dtr. Tysse, b. Sørvik i Foslandsosen, Ola d. y., f. 1844, g. Sigrid Lars dtr. Kalandseid, b. Kalandseid i Fana, Hans, f. 1847, s. n., Kriatian, f. 1850, drukna saman med Stein Askvik i 1869, Katrina, f. 1854, ug.  Ola var fiskar og dreiv med sjøen.  Han døydde i 1880. 

Ola Olson Hagevik, f. 1838, vart buande heime med tanke på å ta farsbruket seinare.  G. 1862 Brita Pauls dtr. Utgjerdet (Lysekloster), f. 1829.  Born: Anna, f. 1865, g. 1884 Jakob Jonsholmen, s. Sperrevik 3, Peder, f. 1866, g. Agneta Jons dtr. Salbuvik, b. Sagstad i Fana, s. F. B. 593, Brita, f. 1867, reiste til Amerika i 1890, g. farmar Jon Stillwell, Carnas Valley, Douglas Co., Oregon, Ola, f. 1870, i Amerika 1889 – 1906, no busett på Hegvik i Fana, g. Anna Nils dtr. Lunde.  3 born, millom desse eit par tvillingar, døydde tidleg.  Ola vart ikkje brukar her, med di han døydde alt i 1869.  Han kom då burt på sjøen ilag med Ola Ulven og Anders Hovland.  Ekkja flutte til Lysekloster der ho pakta Tveitane i 1872, s. L. 7, og i 1877 gifte ho seg att med Nils Jonsholmen, s. Lysøy 2. 

Hans Olson Hagevik, f. 1847, skøytte bruket etter faren for 150 spd. i 1873, då den eldre broren var fallen burt.  G. 1873 Ingeborg Anders dtr. indre Lekven, f. 1847.  Hans vart heller ikkje gamall, då han døydde alt same året som han kjøpte bruket. 
Ekkja Ingeborg Anders dtr. hadde so bruket eit par år.  Ho døydde i 1897. 

Anders Andersson Søfteland, f. 1848, vart i 1875 gift med ekkja Ingeborg Anders dtr. og fekk bruket.  Ingeborg døydde i 1895, og Anders gifte seg att i 1897 med Gjertrud Ols dtr. Skjeie, f. 1861.  Born: Hans, f. 1876, g. 1897 Kari Bjørnen, s. B. 3, Ola, f. 1877, s. br. 7, Steffen, f. 1879, g .1904 Ingeborg Lepsøy, s. Skjeie 14, Martin, f. 1880, g. 1909 Britanna Skaatun, s. Skjeie 18, Nils, f. 1882, g. 1909 Helena Jakobsen, s. Skjeie 19, Anna Katrina, f. 1884, d. ug. 1926, Ingvald, f. 1898, s. n., Engelina, f. 1899, driv syforretning i Bergen, Stein, f. 1901, matros, Andreas, f. 1903, g. 1925 Amanda Torsvik, s. Skjeie 24, Olav, f. 1907, bakar, b. Bergen.  I 1882 selde Anders bruket sitt til Staten, men kjøpte det, saman med sonen Ola, att i 1903.  I 1904 skifte han og sonen bruket millom seg, s. br. 7.  Anders var ekspeditør for dampbåtane og dreiv ogso med treskoarbeid.  Han døydde i 1930. 

Ingvald Andersson Hagevik, f. 1898, skøytte farsbruket i 1921.  G. 1922 Inga Petters dtr. Lekanger frå Selja i Nordfjord, f. 1901.  Born: Sigfred, f. 1924, Artur, f. 1926, Gunnar, f. 1928, Einar, f. 1931.  Ei gjenta døydde i ung alder.  Ingvald er sjauffør ved Osbanen sine rutebilar. 

HOVLAND 4 (Hovlandsneset). 

Gitle Larsson Sundøy, f. 1811, busette seg her i 1848.  G. 1847 Ragnhild Daniels dtr. Sørstrønen, f. 1823.  Gitle dreiv fiske og treskoarbeid.  I 1879 flutte Gitle til Sørstrønen, s. S. 2, der han sidan vart buande og der ein vil finna meir um han og huslyden hans. 

Peder Hansson Røttingen, f. 1854, busette seg her då Gitle flutte.  G. 1879 Andrea Anders dtr. Halhjem, f. 1849.  Peder dreiv fiske likeins som fyremannen og var bygningsmann attåt.  I 1894 kjøpte han eit bruk i Skorpen og flutte dertil, s. Nordstrønen 12, og ein finn meir um han og huslyden hans der. – Agata Johannes dtr. Askviknes, f. p. Sundøy 1804, s. O. B. II 328 og 452, var busett her frå ho vart ekkja i 1876 til ho døydde i 1886. 

HOVLAND 5 (Skansen).

Hans Sebastianson Jersin, f. p. Moberg 1846, kjøpte i 1901 eit stykke av br. 3 og bygde handelshus her.  Hans Jersin dreiv ogso handel på Osøyri, og ein vil finna meir um han der under O.7. 

Betzy Edvards dtr. de Lange frå Bergen, f. 1874, som var butikkgjenta hjå Jersin, skøytte bruket i 1903 og stod for handelen i nokre år.  I 1906 vart ho gift med Hans Jersin og ho vert nemnd vidare under Osøyri. 

Vinajans Monsson Lepaøy, s. O. B. II 60, og Jon Hansson Tøsdal, s. O. B. II 61, leigde handelsplassen og dreiv handel her ei liti tid kvar. 

Peder Olson Eidevig, f. 1876, kjøpte bruket i 1909.  Sjå um han under Ulven, der han var busett. 

Lars Olson Askvik, f. 1890, leigde handelsplassen i 1910 og heldt fram med handelen her.  I 1914 kjøpte han bruket.  G. 1912 Ingebjørg Johannes dtr. Horvei frå Evanger, f. 1889.  Born: Magnhild, f. 1912, kontorgjenta, lngeleiv, sjukesyster, Odd Jarl, f. 1921, Bjørg, f. 1926. Lars er forvaltar på Hagevik kysthospital og er postopnar i Hagevik.  Han driv framleis handelsplassen.  Lars hev havt mange kommunale tillitsyrke og hev m. a. vore overformyndar, doms- og lagrettesmann og er formann i forliksrådet.  Han hev stødt vore med i heradstyret sidan 1920 og var varaordførar i bolkane 1926 – 28 og 1935 – 37. 

HOVLAND 6 (Lidhamar). 

Immanuel Kriatian Grave Ross, f. i Holme ved Mandal 1842, kjøpte i 1901 ei tuft av br. 3og busette seg her.  G. Amunda Maria Nordrum, f. i Oslo 1839.  Dei hadde 10 born, men 8 av dei døydde unge eller ugifte.  Dei andre tvo var: Erling, f. 1878, bygningssjef i Fana, g. Elisa Henriette Martens frå Bergen, Gunvor, f. 1879, g. infanterikaptein Knut Forthun frå Oslo.  Immanuel Ross var overlærar i Bergen og dreiv arkeologiske studier attåt.  Han døydde i 1923 og kona i 1920. 
Hagevik kysthospital kjøpte bruket i 1923 og nyttar det som lækjarbusad. 

HOVLAND 7 (Austre Hagevik). 

Ola Andersson Hagevik, f. 1877, kjøpte i 1903 saman med faren br. 3 attende av Staten.  I 1904 skifte dei bruket slik at Ola fekk denne parten som eit serskilt bruk.  G. 1901 Kari Albrigts dtr. Skjeie, f. 1875.  Born: Andreas, f. 1902, g. 1925 Nilsina Storum, s. S. 11, Albrigt, f. 1903, g. Magnhild Johans dtr. Sørstrønen, bakar, Ingolf, f. 1905, s. br. 13, Sigurd, f. 1907, sjømann, g. 1938 Hilda Henriks dtr. Askvik, b. Hagevik, Karl, f. 1911, sjauffør i Bergen, d. ug. 1938, Kriatina, f. 1913, g. 1932 sjauffør Peder Totland, b. Osøyri, Ingeborg, f. 1915, hushjelp, Kari, f. 1918, hushjelp.  Ola er steinarbeidar og akkordformann på veganlegg.  Kona døydde i 1918. 

HOVLAND 8 (Hatlevik). 

Engjel Engjelson Hovland, f. 1873, fekk i 1918 skilt ut eit stykke av Staten si utmark her og skøytte stykket i 1922.  Engjel var busett i Bergen, der han i mange år hev drive som røyrleggjarmeistar i firma Antvedt & Hovland.  Han er gift med Berta Vakadal. 

Ingeniør Ivar Vaksdal frå Bergen som fyrr hadde kjøpt ein part av eigedomen, s. br. 12, kjøpte bruket i 1936.  Han selde att i 1938 til Håkon Vangsnes frå Sogn, og same året selde Vangsnes att til den noverande eigaren Karl Anton Foss frå Bergen.  Eigedomen vert brukt til sumarbustad. 

HOVLAND 9 (Furulund). 

Agent Kriatian Næss Johnsen frå Bergen fekk i 1921 skilt ut og skyldsett eit stykke av br. 8 og bygde sumarhus her.  Direktør Harald Knutzen skøytte jordstykket i 1926 og kjøpte samstundes sumarhuset. 

Hans Johanson Forstrønen, f. 1902, kjøpte bruket i 1937.  G. 1923 Maria Samuels dtr. Vinnes frå Strandvik, f. 1903.  Born: Else, f. 1927, Jonn, f. 1930, Liv, f. 1933.  Han hev drive målararbeid o. a. 

HOVLAND 10 (Heimly) 

Johan Augustinusson Strømmen frå Davik i Nordfjord, f. 1868, kjøpte i 1922 eit stykke av Statens utmark på Hovland og bygde her.  Han hadde fyrr vore busett i Bergen.  G. 1890 Dortea Ols dtr. Håland frå Hålandsdalen, f. 1865.  Dei hadde 7 born, men berre tvo av dei var med til Os:  Johan, f. 1896, murar, og Anna, f. 1898.  Johan var murar og steinarbeidar.  Han flutte burt i 1926. 

Martin Larsson Lepsøy, f. 1900, kjøpte bruket på auksjon i 1926.  G. 1925 Maria Lars dtr. Sørstrønen, f. 1898.  Born: Margit, f. 1926, Anna Berit, f. 1929, Kirsten, f. 1932.  Martin er fyrbøtar på Hagevik kysthospital. 

HOVLAND 11 (Solhaug). 

Johannes Andersson Gjerde frå Samnanger, f. 1896, kjøpte i 1922 eit stykke av Statens utmark og busette seg her.  G. 1917 Elen Margreta Hans dtr. Sævareid frå Strandvik, f. 1895.  Born: Hans, f. 1918, trearbeidar, Arne, f. 1919, trearbeidar, Einar, f. 1921, gardsdreng, Oavald, f. 1924, Trygve, f. 1926, Edit, f. 1929, Harald, f. 1936.  Johannes er skomakar og driv ogso kaféverksemd.  Han har vore med i ymse kommunalt arbeid. 

HOVLAND 12. 

Ingeniør Ivar Vaksdal
frå Bergen kjøpte i 1925 ein part av verbroren sitt bruk, br. 8, og bygde seg sumarhus her.  I 1936 kjøpte han heile bruket, men selde noko att i 1938, s. br. 8, der dei siste eigarane er nemnde. 

HOVLAND 13 (Opheim). 

Ingolf Olson Hagevik
, f. 1905, skøytte i 1931 eit stykke av faren sitt bruk og bygde her.  G. 1928 Marta Hans dtr. Berge frå Hålandsdalen, f. 1899.  Born: Olaf, f. 1931, Karen, f. 1932. Ingolf hev drosjebil og driv skysstrafikk med stasjon på Osøyri. 

HOVLAND 14 (Haugsbakk). 

Johannes Jensson Haugabakk frå Fjaler i Sunnfjord, f. 1902, kjøpte i 1932 eit stykke av Staten si utmark, der han bygde og busette seg.  G. 1923 Borghild Johannes dtr. Horvei frå Evanger, f. 1899.  Born: Bjarne, f. 1924, Erling, f. 1926, Ingrid, f. 1927, Ragnhild, f. 1935. Johannes er vaktmann på Hagevik kysthospital. 

HOVLAND 15 (Furuli). 

Einar Hartvig Hansson Evenstad frå Vikna i Nordland, f. 1882, kjøpte i 1936 eit stykke av Staten si utmark og bygde her i 1938.  G. 1911 lærarinna Ingeborg J. Bjørø frå Austevoll, f. 1876.  Born: Alvhild, f. 1912, hushjelp, Einar, f. 1916, student.  Evenstad hev vore lærar i Vikna, Namsos og Austevoll, og er frå 1923 lærar ved Nore Neset skule i Os, s. O. B. I 371.