SKJEIE
Frå OS SOGA III side 28 – 56

34. SKJEIE
Namnet kjem truleg av skeid, skeidvollen, tevlingsplassen for hesterenn og annan idrott. Vollen her høver godt til skeidvoll og hev tvillaust vore nytta soleis i lange tider. Sagebakken fekk namnet då den fyrste sagi i Osbygdi vart bygd her i 1770 åri. Staden her vart elles kalla Skjeisleiro som landingsplass ved ei leira vik, s. O. B. II 473.
Uttale: Sjei’e.
Skrivemåtar: Skede (1519), Skeide (1563), Schee, Skee, Skei, Skie, Schie, Skeie (1636), Schiee, Scheye, Scheede, Schieede.
Garden ligg sunnanfyre Hovland på vollane millom Skjeisosen og Lifjellet. Lysekloster åtte garden tildess Staten kjøpte han i 1872. I 1900 fekk brukarane kjøpa innmarki og i 1936 noko av utmarki.
Or gamle matriklar og teljingar:1668: Saar 8 stadtztønder, afler 28 tdr., ringe fehagge, tilsagt at plante homblehagge.
1723: Lidt brendefang til huusfornødenhed, ingen qvern eller fiskerie, middelmaadig jordart men tungvinden jord, mislig i korn afl.
1865: Har 26 maal dyrket ager og eng, hvoraf 11 maal godt, 9 maal middels og 6 slet, har 146 maal naturlig england, hvoraf 27 maal godt, 45 middels og 74 slet, 26 maal naturlig england kan dyrkes. Har skog til brænde og ½ huusreparation, intet til salg, kan føde 2 kjør og 5 ungnød ved lyng. Af brugene er et tungvindt, fire letbrugte og et meget letbrugt, er alle mere end almindelig godt drevne. Har et vandfald for saug og mølle. Torkel Johnsens brug lider af oversvømmelser, medens pladset Sagebakken lider af tørke.
Busetnad og buskap.
Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
lydar. | skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
1657 | 5 | 27 | |||||||||
1668 | 5 | 28 | 6 | tun | |||||||
1723 | 5 | 37 | 10 | » | |||||||
1801 | 6 | 26 | |||||||||
1835 | 6 | 32 | 25 | 24 | 3 | 10 | » | 6,3 | tun. | ||
1865 | 6 | 44 | 1 | 33 | 121 | 6 | 19,3 | » | 21,5 | » | |
1900 | 10 | 47 | 7 | 30 | 43 | 6 | 24 | hl. | 49,5 | hl. | |
1920 | 18 | 80 | 11 | 45 | 42 | 13 | 25 | mål | 23 | mål | |
1930 | 25 | 105 | 9 | 55 | 40 | 9 | 13 | » | 22,3 | » | |
1939 | 11 | 95 | 13 | 1 | 20 | 3,2 | » | 26,2 | » |
SKJEIE 1.
Haken pa Skede (Haakon Skjeie) var brukar her i 1519 og er fyrste mann på garden som me veit namnet på.
Anders Skjeie hadde garden i 1521 og betalte skatt for heile Skjeie som då var eitt bruk.
Ola Skjeie hadde garden i 1563. Han var ein vyrd mann i bygdi, og som lagrettemann var han med og sagde domen i laksesaki 1569, s. O. B. I 217.
Lars Skjeie vart brukar i 1580 åri. Etter det ein kann skyna var han son åt Ola Skjeie og fekk bruket etter faren. Lars vart lensmann etter Nils Storum og hadde yrket til ikr. 1600. Som lensmann i Os skipreide var han i Oslo 1591 saman med tvo av lagrettemennene frå skipreidet for å vera med i hyllingi av Kong Kristian IV. Lars sat godt i det og hadde jamt tvo drengjer på garden. I 1610 heitte den eine drengjen hans Preng. Då Lars slutta som lensmann ikr. 1600 vart garden skift i tvo bruk, men han hadde sjølv det eine bruket radt til 1618.
Mons Skjeie vart brukar i 1618. Um han var i ætt med Lars, veit me ikkje, men det er mykje truleg at han var son eller verson hans. Lensmannen let nok ikkje bruket sitt gå til framande. I 1611 og 1612 var Mons ute i Kalmarufreden saman med dei andre osingane. Mons var gift, men kven kona var, veit me ikkje. Av borni kjenner me tvo: Lars, f. ikr. 1625, g. ikr. 1650 Anna Størks dtr., s. ytre Lekven 3, Nils, f. ikr. 1627, g. 1669 Gjertrud indre Drange, s. ytre Lekven 3. Bruket vart atter skift ikr. 1620, s. br. 3, og Mons, som no hadde eit lite bruk, lagde berre husmannskatt. Han døydde i 1627.
Peder Skjeie bygsla bruket i 1628, og etter det ein kann skyna vart han då gift med ekkja etter Mons. Peder lagde berre husmannskatt, og bruket hans var fjordeparten av Skjeie. Kvar han var frå, veit me ikkje. Han døydde alt i 1635.
Hans Skjeie vart brukar her i 1636. Kona hans heitte Synneva. Um ho eller mannen var i ætt med Peder eller Mons, veit me ikkje, men det er ikkje utruleg at ho var ekkja etter dei, og at Hans var tridje mannen hennar. Hans sat i dei fyrste åri smått i det likeins som fyremennene, men han arbeidde seg noko framover etter kvart. Gjertrud Skjeie, f. ikr. 1640, s. br. 3, var truleg dotter hans. I 1656 let han bruket frå seg og flutte burt. Han er tvillaust den same Hans’n som seinare i same året vart brukar på indre Drange, s. i. D. 1.
Då Hans flutte, vart garden skift på nytt att, og det vart no skipa 5 bruk på Skjeie. Bruket her var atter skift og vart no det minste bruket, berre åttandeparten av garden. Bruk 2 og 5 fekk 3 åttandepartar ihop, og bruk 3 og 4 fekk kvar sin fjordepart og vart dei største bruki på garden. Alle brukarane på Skjeie hadde fyrr vore busette i ei og same stova som no var sams for alle 5 brukarar. Mennene på dei nye bruki, br. 4 og 5, bygde seg elles straks etter kvar si røykstova, medan dei 3 andre grannane framleis vart buande i gamlestova.
Lars Jonson, f. ikr. 1620, bygsla bruket her i 1656. Han var truleg son åt Jon indre Moberg. Kona heitte Dordi og var fødd ikr. 1636. Av borni kjenner me 3: Jørgen, f. ikr. 1660, Jens, f. 1666, d. 1681, Ragnhild, f. 1670. Eldste sonen Jørgen gifte seg i 1676, umlag 16 år gamall, men same året døydde han, og i 1677 kom son hans, Lars, til verdi, s. indre Tuen 3. Gamle-Lars døydde i 1690 og Dordi i 1706.
Nils Olson Ulven, f. 1654, bygsla bruket då Lars døydde. G. 1691 Anna Daniels dtr. Skjeie, f. 1664. Dei fekk 14 born, derav 10 på 6 år, men 3 par tvillingar og 3 andre døydde fyrr dei vart årsgamle. 4 av borni, Anna, f. 1692, Dordi, f. 1697, Ola, f. 1709 og Daniel, f. 1712, høyrer me ikkje meire um, og kannhenda døydde ogso dei i ung alder. Ei dotter Ingeborg, f. 1707, vaks upp, s. n. Nils streva hardt for å greida seg, men vann å sitja med bruket til dotteri vart vaksi. Han døydde i 1734 og kona i 1729.
Alv Eivindson Storum, f. 1704, vart i 1730 gift med Ingeborg Nils dtr. Skjeie, f. 1707, og bygsla bruket etter verfaren. Born: Anna, f. 1733, Brita, f. 1740, Ola, f. 1745, s. br. 6. Det gjekk ut med Alv, han måtte gjeva bruket frå seg i 1747, og livde sidan ved god manns hjelp. Han fekk laga seg ei liti røykstova av ei utløda og tvo vedskytjor som var til nedfalls, og budde her til han døydde. Døtterne reiste ut og me finn dei ikkje att i Osbygdi. Alv døydde i 1773.
Haugne Andersson Børdal frå Samnanger, f. ikr. 1720, bygsla bruket i 1747. G. 1746 Anna Nils dtr. Jarland frå Samnanger, f. 1726. Born: Anders, f. 1748, g. 1778 Mari Lunden, s. Molda 1, Nils, f. 1749, d. ug. 1778, Guro, f. 1754, d. 1765, Haugne, f. 1758, s. n. Sonen Nils tente hjå Sjur Drange i fleire år, men fekk ikkje løn, s. O. B. I 291. Då han døydde var han med i eit notlag frå Skjeie, Tuen og Grindevoll. Haugne dreiv mykje med sjøen og greidde seg tolleg godt. Han vart ikkje gamall, då han døydde alt i 1760.
Husi på bruket var desse i Haugne si tid: Eit stabur med sval attåt, som var uppsett av ei nedfalli sengebud, eit eldhus og eit fjos med sval, heilt til nedfalls. Attåt dette åtte han tridjeparten i den gamle gardstova som han budde i saman med tvo av grannane, og ein fjordepart (vestre gavlen) i den sams løda på garden. Den fyrrnemnde røykstova som Alv hadde sett upp og budde i stod ogso på Haugne sitt bruk, som skulde ha stova når Alv døydde.
Alv hadde sett stova si so nær eldhuset at det kunde vera eldsfarleg, og han fekk difor påbod um å flytja henne lenger burt. Begge kårkyrne hans vart tekne i pant for flytjingi.
Ekkja Anna Nils dtr. hadde bruket eit par år etter at mannen døydde.
Hans Johannesson Skjeie, f. 1731, som hadde bruk 2 gifte seg i 1762 med ekkja Anna Nils dtr. og bygsla bruket hennar, som han heretter dreiv saman med sitt eige bruk. Husi her var kleine fyreåt, og Hans vølte dei ikkje, so at han måtte leggja ei stor husåbod til jordeigaren. Sjå um Hans under br. 2.
Haugne Haugneson Skjeie, f. 1758, vart brukar i 1788 etter mori og stykfaren og bygsla bruket i 1790. G. 1790 Barbru Ols dtr. Kvaale frå Strandvik, f. 1764. Born: Anna, f. 1791, d. ug. 1855, Ola, f. 1794, s. br. 2, Ragnhild, f. 1798, d. ug. Haugne stjorna ogso br. 2, likeins som stykfaren, og dreiv fiske attåt. Han stod seg tolleg godt og var den fyrste osing som me finn ei verkeleg bankbok og bankinnskot hjå. Haugne var ein vyrd mann i bygdi og var lagrettemann i mange år. Alt fyrste året etter at han fekk bruket kom han i strid med grannen på Døsen um skifte og grensor, og då dei ein sundag morgon gjekk saman til kyrkja bar det so ihop med dei, at dei begge stemnde einannan for retten etterpå. Men då begge hadde vore like gode eller like galne fall saki burt og karane forlikte seg. Haugne var berre 36 år gamall då han i 1794 gav bruket frå seg til halvbroren og tok kår. Han vart straks trøytt av å vera kårmann og fekk att det andre bruket sitt, s. br. 2, der ein finn meir um han.
Ola Hansson Skjeie, f. 1772, bygsla bruket etter halvbroren i 1795. Samstundes bygsla han br. 2, som han elles berre hadde eit par år. G. I 1795 Ragnhild Ols dtr. Kvaale frå Strandvik, (syster åt brorkona hans), f. ikr. 1770, d. 1795, g. II 1800 Guro Ols dtr. Bø, f. 1766, d. på barseng 1801, g. III 1803 Ingeborg Nils dtr. indre Drange, f. 1771. Born: Guro, f. 1806, g. 1835 Ola Storum, s. S. 1, Jon, f. 1808, g. 1835 Marta Bruarøy, s. Røttingen 7, Nils, f. 1810, s. n. Tvo born døydde unge.
I 1813 kom mange osingar i strid med eigaren av Os kyrkja, Trond Samland i Jondal. Osingane skulde leggja tiend til kyrkja, og tiendi skulde svarast i korn. Det hadde vore fleire uår etter einannan og kornet i bygdi var lite. Osingane hadde difor svara tiendi i pengar etter den fastsette pris for offerskjeppa, men Trond Samland krov no å få det heile i korn og stemnde osingane for retten. Bøndene på Grindevoll og Skjeie (med undantak av Haugne) var dei einaste som det året svara tiendi i korn, og dei fekk mykje skryt hjå kyrkjeeigaren. Ola hadde no fenge sitt bruk like stort som dei andre bruki på garden og han greidde seg tolleg godt. Men han heldt husi sine svert kleint og måtte leggja ei stor husåbod. Han døydde i 1842 og Ingeborg i 1850.
Nils Olson Skjeie, f. 1810, bygsla farsbruket i 1834. G. 1832 Gjertrud Ols dtr. indre Tuen, f. 1807. Born: Ola, f. 1831, s. n., Hans, f. 1833, g. 1855 Ragnhild Gjerts dtr. Indre Drange, b. Bergen, Ingeborg, f. 1836, Anna, f. 1840, s. br. 3, Barbru, f. 1844, g. 1866 Jon ytre Tuen, s. y. T. 1. Eit par tvillingar døydde tidleg. Nils dreiv med sjøen likeins som fyremennene. I 1869 kom han burt på sjøen saman med Hans Døsen.
Ola Nilsson Skjeie, f. 1831, vart brukar etter faren. G. 1860 Herborg Engjels dtr. Søratrønen, f. 1837. Born: Gjertrud, f. 1861, g. 1897 Anders Hagevik, s. Hovland 3, Nilsina, f. 1865, b. Grimstad. Ola døydde alt i 1866.
Ekkja Herborg Engjels dtr. hadde so bruket eit par år.
Stein Steinson Hovland, f. 1845, vart i 1868 gift med ekkja Herborg Engjels dtr. og bygsla bruket. Born: Ragna, f. 1869, s. n., Stina, f. 1872, g. 1897 Svein Balland, s. B. 1, Stein, f. 1876, g. 1904 Anna Ols dtr. Eide frå Hålandsdalen, b. i Fana, Engjel, f. 1879, i Amerika, d. 1906, Eivind, f. 1882, g. 1906 Marta Garvik, s. Balland 2. Tvo born døydde unge. Stein var ein av fyregangsmennene i jordbruket, s. O. B. I 171, 173 og 697. Både han og kona døydde i 1896.
Nils Haldorson indre Tuen, f. 1860, pakta bruket då Stein døydde. G. 1895 Larsina Jons dtr. indre Tuen, f. 1867. I 1901 flutte Nils attende til indre Tuen og tok farsbruket sitt der, s. i. T. 2, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Johannes Nilsson Helle frå Bruvik, f. 1871, vart i 1895 gift med Ragna Steins dtr. Skjeie, f. 1869, og vart brukar etter verfaren. I 1901 kjøpte han bruket for 3000 kroner. Born: Hilda, f. 1896, g. 1927 Nils Lepsøy, s. L. 3, Paulina, i. 1898, g. 1921 Vinsjans Johanson Skjeie, sjauffør, b. Fana, Sigurd, f. 1901, sjauffør, g. 1930 Anny Wichmann, b. Bergen, s. br. 27, Engjel, f. 1903, sjauffør, g. 1932 Solveig Fløisand, s. indre Moberg, Ragnvald, f. 1907, s. n., Nils, f. 1911, trearbeidar, g. 1938 Malla Hans dtr. Skulstad frå Haus. (Born: Johannes, f. 1938). Tvo born døydde unge. Johannes hev vore steinarbeidar og smed på veganlegg. Kona døydde i 1919.
Ragnvald Johannesson Skjeie, f. 1907, skøytte farsbruket i 1936 og hev det no.
SKJEIE 2.
Rasmus Skjeie vart fyrste mann på dette bruket då det vart skift ut frå br. 1 ikr. 1600. Rasmus var anten son åt lensmannen på br. 1 eller gift med ei dotter hans. Rasmus hadde bruket i stutt tid, då han døydde alt ikr. 1609.
Torstein Skjeie fekk bruket i 1610. Han var i ætt med Rasmus, men korleis veit me ikkje. Han kunde vera gift med ekkja hans, vera son hans, eller gift med dotter hans. Det fyrste er mest truleg. Av borni kjenner me berre sonen Rasmus, f. ikr. 1610, s. n. Torstein stod seg tolleg godt. Han hadde bruket til 1628.
Rasmus Torsteinson Skjeie, f. ikr. 1610, bygsla farsbruket i 1629. Han var gift, men me kjenner ikkje noko til kona eller borni hans. Han betalte jamnast berre husmannskatt og sat smått i det. I 1637 måtte han leggja ei bot avdi han ikkje hadde skyssa nokre storfolk i rett tid. Rasmus hadde bruket til 1642.
Johannes Monsson Heggland, f. ikr. 1620, bygsla bruket i 1643. Kona heitte Brita, men meir veit me ikkje um henne. Av borni kjenner me: Peder, f. 1643, Lars, f. ikr. 1645, Anna, f. ikr. 1650, g. 1686 Anders Halhjem, s. H. 1, Johannes, f. ikr. 1654, s. br. 5. Agata Skjeie, s. n., var truleg ogso dotter hans. Johannes vart ikkje gamall då han døydde alt i 1654.
Ekkja Brita Skjeie stjorna bruket etter at mannen døydde. Det var tungt for henne sume år, men ho greidde livja seg og huslyden likevel. Ho var ei drivande kvinna, og i 1657 hadde ho den største buskapen på Skjeie, enndå hennar bruk ikkje var av dei største på garden. Ho hadde bruket til ikr. 1668.
Nils Skjeie fekk bruket etter Brita. Kvar han var frå, veit me ikkje. Kona hans heitte Agata, og etter det me kann skyna var ho dotter åt Brita og Johannes. Dei fekk ei dotter, Kristi, f 1670 og hadde truleg ikkje fleire born. Nils og Agata hadde bruket til ikr. 1695, då dei flutte frå garden. Me finn dei ikkje att i Osbygdi.
Nils Pederson ytre Tuen, f. 1675, bygsla bruket då Nils flutte. G. 1696 Kari Bårds dtr. Skjeie, f. 1670. Born: Abraham, f. 1696, Kari, f. 1697, d. ung, Anna, f. 1698. Nils og Kari greidde heller ikkje å sitja med bruket, og i 1716 flutte dei burt med huslyden sin. Me veit ikkje kvar det vart av dei.

Bård Abrahamson Grindevoll, f. 1663, bygsla bruket då Nils flutte burt. Han hadde fyrr havt farsbruket sitt på Grindevoll, s. G. 2, men då kona døydde i 1715 let han dette bruket frå seg til sonen. Sjølv tok han seg ei ny kona, og tok henne og dei yngste borni frå fyrste giftarmålet med seg og flutte til Skjeie, der han sidan vart buande. G. I 1685 Ragnhild Daniels dtr. Skjeie, f. 1658, d. 1715, g. II 1716 Brita Albrigts dtr. Storum, f. 1689. Av 19 born vaks 8 upp: Anna, f. 1685, g. 1734 Jokum indre Moberg, s. i. M. 2, Marta, f. 1688, g. 1712 Edis Lyssand, s. Kuven 2, Dordi, f. 1693, g. 1727 Tomas Håkonson Hatlestad i Fana, s. F. B. 547, Daniel, f. 1697, g. 1715 Kristi Heggland, s. Grindevoll 2, Johannes, f. 1706, s. n., Nils, f. 1717, g. 1743 Anna Særvoll, s. S. 2, Anders, f. 1721, g. 1741 Helga Storum, s. S. 3, Albrigt, f. 1725, g. 1751 Anna Haugland, s. Særvoll 3. Då andre kona åt Bård døydde i 1730 gav han bruket frå seg, men han livde radt til 1747.
Johannes Bårdson Skjeie, f. 1706, bygsla farsbruket. G. 1730 Kari Ols dtr. Hetleflåten, f. 1697. Born: Hans, f. 1731, s. n., Ragnhild, f. 1732, d. ung. Johannes gav tidleg bruket frå seg til sonen, og sidan finn me korkje Johannes eller kona nemnde. Det ligg difor nær å tru at dei flutte or Osbygdi då dei hadde gjeve garden frå seg, eller at dei døydde i 1759 – 60, då kyrkjeboki ikkje gjev upplysing um døde osingar.
I Johannes si tid var desse husi på bruket: Ei sengebud med skot og sval og eit fjos med tvo svaler attåt. Umframt dette åtte Johannes ein femtepart i den gamle gardstova som han budde i saman med tvo av grannane og åtte åleine ei sval attmed stova. Eldhuset åtte han saman med bruk 1, men av løda åtte han berre ein tiandepart.
Hans Johannesson Skjeie, f. 1731, bygsla farsbruket i 1755. I 1762 vart han gift med ekkja Anna Nils dtr. Skjeie på br. 1, og bygsla då ogso hennar bruk. Han dreiv begge bruki saman radt til 1789. Hans og Anna fekk 5 born, men 4 av dei, m. a. eit tvillingpar, døydde unge. Yngste sonen Ola, f. 1772, vaks upp, s. n.
Hans sette, saman med grannane på garden, upp ei sag på Skjeisleiro, og i 1779 fekk dei «kongelig bevilling» til å driva sagi. Umframt sagi hadde Hans ogso kvern, og i 1781 var det på Skjeie 3 kvernhus som alle var gamle. Hans sat etter måten svert godt i det, men han stellte kleint med husi på begge bruki og måtte leggja stor husåbod til jordeigaren. Elles var han ein vyrd mann i bygdi og vart jamt nytta til lagrettemann o. l. Han kom i håri på den nye husmannen på Skjeisleiro, og då han eingong hadde brukt vel sterke ord tok husmannen han for retten. Hans døydde i 1794 og kona i 1800.
Haugne Haugneson Skjeie, f. 1758, bygsla dette bruket saman med br. 1 etter stykfaren i 1790, og hadde det til 1794, s. n.
Ola Hansson Skjeie, f. 1772, som var halvbror åt Haugne, bygsla dette bruket saman med bruk 1 i 1795, og gav broren kår. I 1797 let han dette bruket attende til broren, og hadde sidan berre bruk 1, der ein finn meir um han.
Haugne Haugneson Skjeie, f. 1758, som i eit par år hadde vore kårmann, fekk bruket att i 1797 og hadde det no i nær 30 år, radt til han døydde i 1826. Kona livde til 1835. Sjå um dei under bruk 1.
Ola Haugneson Skjeie, f. 1794, bygsla bruket då faren døydde. G. 1826 Magdela Lars dtr. Halhjem, f. 1806. Born: Ragnhild, f. 1828, g. 1870 Anders Halhjem, s. indre Haugland 8, Haugne, f. 1831, d. ung, Lars, f. 1835, b. Bergen, Guro, f. 1839, g. b. Bergen. Ola dreiv fiske og greidde seg på bruket. Fyrr han tok garden var han i notlag saman med grannar frå Særvoll og Storum. Han døydde i 1854 og kona i 1846.
Nils Monsson indre Drange, f. 1820, bygsla bruket her i 1851. G. I 1850 Kristi Ols dtr. Borgen, f. 1810, d. på barseng 1852, g. II 1853 Anna Ols dtr. Askvik, f. 1816. Born: Kristian, f. 1855, s. n., Mons, f. 1859, g. 1885 Anna Ulven, s. Kuven 12. Tvo born døydde tidleg. Nils var taktekkjar og dreiv ogso fiske attåt gradsbruket. Han døydde i 1889 og kona i 1894.
Kristian Nilsson Skjeie, f. 1855, vart brukar etter faren. I 1900 kjøpte han innmarki på bruket av Staten for 3000 kroner. G. 1883 Paulina Ols dtr. Grindevoll, f. 1855. Born: Anna, f. 1884, g. 1908 Ola Eide, s. É. 1, Nils, f. 1887, s. n., Ola, f. 1891, smed, g. I 1915 Betzy Ols dtr. Haugland, g. II 1927 Kari Steffens dtr. Grindevoll, b. Bergen, Mons, f. 1897, s. br. 13, Kari, f. 1900, g. 1928 maskinist Henrik M. Henriksen, b. Bergen. Eit barn døydde tidleg. Kristian dreiv treskoarbeid o. a. Han hadde fleire tillitsyrke i bygdi og var i mange år medhjelpar i Oskyrkja.
Nils Kristianson Skjeie, f. 1887, skøytte bruket etter faren i 1916. G. 1908 Maren Sveins dtr. Ildestegen frå Moster, f. 1883. Born: Berta, f. 1917, Kristian, f. 1922. Ein gut døydde ung. Nils hev drive med steinarbeid o. 1. attåt gardsbruket. Han hev havt ymse tillitsyrke i bygdi, var med i heradstyret 1923 – 25 og hev vore med i styret for Os privatbank.
SKJEIE 3.
Sjur Olson, f. ikr. 1596, vart fyrste mann på dette bruket då det ikr. 1620 vart utskilt frå br. 1 som nytt bruk. Sjur vart skriven med mange namn gjenom åri, Sigurd, Sigvard, Siffuer, Siffer, Siuffer, Søffren, Syuor og Sjur. Kvar han var frå, veit me ikkje, men det er ymse ting som tyder på at han kann vera son åt Ola Storum. Kona hans heitte Anna. Han hadde mange born og me kjenner nokre av dei: Antonius, f. ikr. 1620, s. br. 4, Anders, f. ikr. 1630, s. Røttingen 2, Ola, f. ikr. 1630, var soldat og ute i herferd i 1660 åri, d. ug. 1694, Daniel, f. ikr. 1633, s. n., Nils, f. ikr. 1635, g. 1675 Agata indre Haugland, s. Lunde 2, Marta, f. ikr. 1640, s. n. Ola ytre Moberg, f. ikr. 1626, s. y. M. 4, var truleg ogso son hans. Sjur sat smått i det dei fyrste åri, men han arbeidde seg framover etterkvart og greidde seg tolleg godt. I 1644 vart han skyss-skaffar i bygdi etter Markus Særvoll. Sjur hadde bruket i heile 50 år og døydde i 1670 åri.
Daniel Sjurson Skjeie, f. ikr. 1633, vart husmann på garden ikr. 1660. Kannhenda fekk han ikkje noko av bruket, men hadde berre eit hus her. G. ikr. 1658 Gjertrud Hans dtr., f. ikr. 1640, som truleg var dotter åt Hans Skjeie på br. 1. Born: Ragnhild, f. 1658, s. br. 2, Anna, f. 1664, s. br. 1, Marta, f. 1672, d. 1687. Daniel dreiv med fiske likeins som grannane. Han døydde i 1693 og kona nokre år seinare.
Steffen Steffenson ytre Drange, f. 1641, vart i 1670 gift med Marta Sjurs dtr. Skjeie, f. ikr. 1640, og bygsla bruket etter verfaren. Born: Steffen, f. 1674, g. 1700 Brita Grindevoll, s. Døsen 1, Peder, f. 1680, d. 1696, Sjur, f. 1683, Albrigt, f. 1687, Nils, f. 1691, d. ung, Nils, f. 1694, g. 1746 Marta ytre Moberg, s. y. M. 2. Steffen dreiv fiske likeins som grannane på garden. Han døydde i 1698.
I manntalslista 1701 stend ikkje nokon uppført på dette bruket. Um ekkja etter Steffen hadde bruket då, eller um det var brukt av grannane på garden, veit me ikkje. Det er mest truleg at ekkja stjorna bruket etter at mannen døydde. Kva tid ho fall frå, veit me ikkje.
Anders Olson ytre Drange, f. 1682, som truleg hadde ei mor som var brordotter åt Steffen, s. ytre Drange 3, bygsla bruket i 1710. G. I 1711 Kari Anders dtr. Særvoll, f. 1678, d. 1733, g. II 1734 Eli Lars dtr. Frøland frå Samnanger, f. ikr. 1702. Born: Gjertrud, f. 1713, g. 1742 Lars indre Tuen, s. i. T. 2, Magdela, f. 1714, g. I 1742 Jakob Olson Søvik, g. II 1747 Anders Mattisson Krokeid i Fana, s. F. B. 612, Peder, f. 1735, d. ung, Lars, f. 1737, gift utanfyre Osbygdi og hadde ein son Anders som var fødd i 1770. Anders dreiv med sjøen likeins som fyremannen og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1741.
Torkjell Jonson ytre Lekven, f. 1723, vart i 1742 gift med ekkja Eli Lars dtr. og vart brukar her. Born: Jon, f. 1743, s. n., Anders, f. 1749, g. 1772 Anna indre Lekven, s. i. L. 1. Ein gut døydde ung. Torkjell var ein dugande smed og dreiv mykje i smidja. Han var i 1775 – 76 med og bygde sagi på Skjeisleiro, og hadde på seg å taka talet på dei skorne bordi og leggja fram uppgåva over dette til skrivaren på tinget. I 1780 åri vart det vanleg skore 400 «vandkantede bord» på sagi um året, og då skurden var so liten slapp dei jamnast fri «sagskatten», som større sager måtte leggja. Torkjell var ein vyrd mann i grendi og var lagrettemann i mange år. Han sat ogso tolleg godt i det. Torkjell døydde i 1806 og Eli i 1782.
Då Torkjell kom til Skjeie var desse husi på bruket: Eit eldhus, eit stabur med skot som Torkjell åtte sjølv, eit fjos med skot, eit kvernhus og eit naust av stein. Umframt dette åtte bruket fjordeparten av den gamle gardstova, som Torkjell budde i saman med tvo av grannane, og ei sval attåt, ein åttandepart i løda og ei sengebud med kove som bruket hadde saman med br. 5. Alle husi hadde torvtak og var i god stand.
Jon Torkjellson Skjeie, f. 1743, vart brukar saman med faren i 1782 og bygsla bruket i 1792. G. 1775 Mari Didriks dtr. Særvoll, f. 1745. Born: Torkjell, f. 1776, s. n., Didrik, f. 1779, Eli, f. 1781, s. br. 6. Jon var smed likeins som faren og sat godt i det likeins som han. Jon vart ikkje gamall då han døydde alt i 1792, same året som han bygsla bruket.
Ola Jakobson Kuven, f. 1732, gifte seg i 1793 med ekkja Mari Didriks dtr. og fekk bygsla bruket. Ola hadde fyrr vore gift med Marta Lars dtr. Borgen og havt eit bruk på Borgen, s. B. 1, der ein finn nemnd um huslyden og borni hans frå fyrste giftarmålet. I siste giftarmålet fekk han ikkje born. Ola dreiv fiske og var ein velstandsmann. Han vart ikkje gamall på Skjeie då han døydde alt i 1801. Kona livde til 1826.
Torkjell Jonson Skjeie, f. 1776, bygsla farsbruket etter stykfaren i 1800. G. 1802 Marta Ols dtr. Skogen, f. 1767. Born: Jon, f. 1803, g. 1826 Frida Grindevoll, s. G. 2, Eli, f. 1805, g. 1838 Nils Sanden, s. S. 1, Mari, f. 1807, g. 1840 Engjel Askvik, s. A. 1, Ola, f. 1810, s. n., Anders, f. 1813, g. 1838 Kari Døsen, s. D. 2. Torkjell var fiskar og dreiv med sjøen likeins som fyremennene. Han døydde i 1855 og kona i 1840.
Ola Torkjellson Skjeie, f. 1810, vart brukar etter faren og bygsla bruket i 1835. G. 1836 Ragnhild Albrigts dtr. Grindevoll, f. 1806. Av 7 born vaks 3 upp: Torkjell, f. 1842, s. n., Albrigt, f. 1844, s. br. 8, Ola, f. 1852, d. ug. 1875. Ola dreiv med sjøen likeins som faren hadde gjort og var båtbyggjar attåt. I 1866 skifte han bruket millom dei tvo eldste sønene sine, s. br. 8. Ola døydde i 1878 og Ragnhild i 1875.
Torkjell Olson Skjeie, f. 1842, bygsla halve farsbruket i 1866. G. 1862 Anna Nils dtr. Skjeie, f. 1840. Born: Ola, f. 1860, g. 1883 Magdela Lunde, s. L. 12, Jørgen, f. 1866, s. n., Nils, f. 1870, arbeidar i Bergen. Eit par tvillingar døydde tidleg. Torkjell dreiv treskoarbeid. Han var tambur og kjend som ein av dei mest dugande trumbeslagarar på Vestlandet. Attåt dette var han ein kjend kjøkmeistar som gjorde tenesta i ei mengd Osbrudlaup. Han døydde i 1921 og kona i 1924.
Jørgen Torkjellson Skjeie, f. 1866, bygsla farsbruket i 1896. I 1901 kjøpte han det (innmarki) for 1600 kroner. G. 1894 Anna Hans dtr. Rosvoll frå Fusa, f. 1866. Born: Torkjell, f. 1895, d. ved eit uhende i 1914, Ragnhild, f. 1896, g. 1923 gardbrukar Knudsen, b. Hadeland, Marta, f. 1898, s. n., Johanna, f. 1900, s. br. 29, Paulina, f. 1903, s. n., Jørgina, f. 1905, g. 1935 Olaf Døsen, s. D. 1, Hanna, f. 1908, s. br. 28, Gjertilla, f. 1912, g. trearbeidar Bernhard Håkonson Bahus, b. Moberg. Jørgen dreiv treskoarbeid og var tambur likeins som faren.
Systerne Marta Jørgens dtr. Skjeie, f. 1898, og Paulina Jørgens dtr., f. 1903, skøytte farsbruket i 1937 og hev det no.
SKJEIE 4.
Jon Skjeie er skriven som husmann på garden i 1645. Um han hadde jord, veit me ikkje, men det er mest truleg at han berre hadde eit hus. Han var gift, men me kjenner ikkje noko til huslyden hans.
Antonius Sjurson Skjeie, f. ikr. 1620, vart brukar her då Skjeie vart skift i 5 bruk i 1656. Kona heitte Ingeborg, men meir veit me ikkje um henne. Av borni kjenner me 3: Paul, f. ikr. 1652, s. n., Ragnhild, f. ikr. 1655, s. n., Børje, f. ikr. 1665, g. 1688 Anna Kristoffers dtr. Ulven. Antonius sat smått i det den fyrste tidi, men det gjekk betre etterkvart. I 1654 var han i eit brudlaup på Haugland og der kom han i slagsmål med Jakob Bentson frå Lepsøy. Dei kom for retten, men avdi «ingen blev blå eller blodige» so slapp dei leggja bot for slagsmålet. Eit basketak måtte tolast i eit brudlaup. Antonius døydde i 1695 og kona i 1698.
Paul Antoniusson Skjeie, f. ikr. 1652, bygsla bruket etter faren ikr. 1680. Han var gift med ei som heitte Magdela, f. ikr. 1650. Kvar ho var frå, veit me ikkje. Dei fekk ei dotter, Anna, i 1683. Paul vart ikkje gamall då han døydde alt i 1685.
Ekkja Magdela Skjeie stjorna so bruket i heile 9 år utan å verta gift att. I 1694 gav ho bruket frå seg. Då me korkje finn henne eller dotteri att i Os, so er det mest truleg at ho flutte frå garden og kannhenda vart gift utanfyre bygdi.
Simon Gunnarson Kuven, f. 1663, vart i 1694 gift med Ragnhild Antonius dtr. Skjeie, f. ikr. 1655, og fekk bygsla bruket etter brorkona åt Ragnhild. Simon vart fyrste gong gift i 1692 med Magdela Johannes dtr. nedre Rød, f. ikr. 1663, d. 1693. Han bygsla eit bruk på Kuven, men då kona døydde og han straks etter vart gift att med Ragnhild Skjeie flutte han til Skjeie og vart brukar her. Dei fekk 3 søner, men berre ein av dei, Johannes, f. 1696, vaks upp. Då Ragnhild døydde i 1717 gav Simon bruket frå seg. Sjølv livde han til 1741.
Johannes Simonson Skjeie, f. 1696, bygsla farsbruket i 1717. G. 1718 Magdela Ols dtr. Hovland, f. 1688. Dei fekk 8 born, men 7 av dei døydde unge. I 1727 døydde det 3 og i 1741 døydde det 5 menneskje i huset åt Johannes. Einaste barnet som vaks upp var sonen Simon, f. 1728, s. n. Johannes vart utskriven til soldat i 1719 og skulde reisa til Svenskegrensa, men same året vart den store ufreden ende og han slapp fara ut. I 1725 vart han utskriven til soldat i sjøvernet. Johannes sat tolleg godt i det. Han døydde alt i 1741, same året som faren og 3 av borni hans fall burt.
Ekkja Magdela Ols dtr. hadde so bruket i 5 år. Då ho gav bruket frå seg var her desse husi: Ei røykstova med timbra kove og ei sval attåt, ei sengebud med sval, eit timbra eldhus med vedskytja attåt, eit fjos med skot og eit lite sauehus attåt fjoset, eit kvernhus og eit naust av stein. Attåt dette åtte bruket ein fjordepart i den sams løda. Fleire av husi var til nedfalls, og ettermannen åt Magdela måtte leggja 11 dalar i husåbod. For dette måtte han setja 3 kjyr i pant, ei svart kollut ku, ei raud skautut og ei kvit med svarte flekkjer.
Skifti millom Skjeie og grannegardane var då soleis: Millom Skjeie og Døsen, som låg bø i bø, var skiftesteinar på bøen og ein gangeveg i utmarki, i grensa mot Storum stod skiftesteinar, grensa mot Hovland gjekk fyrst etter ein veg og sidan etter ein «hej», og mot Ulven var eit slag gjerde, «garmoe», gjenom Skjeismyri. Som ein vil sjå nedanfyre var det elles heilt uvisst korleis grensa millom Skjeie og Døsen gjekk i utmarki.
Simon Johannesson Skjeie, f. 1728 bygsla bruket etter mori i 1746, då han berre var 18 år gamall. G. 1748 Kristi Daniels dtr. Grindevoll, f. 1723. Born: Johannes, f. 1750, s. n., Daniel, f. 1754, g. 1807 Ingeborg Benonis dtr. Sundøy, (Daniel døydde i 1822 på Skjeie og Ingeborg døydde i 1834 på Sundøy), Magdela, f. 1757, g. 1783 Lars Døsen, s. Ferstad 1, Jakob, f. 1761, g. 1794 Brita Ferstad, s. F. 4. Simon dreiv fiske, men sat ikkje so lett i det som faren. I 1786 måtte han selja sin part av Skjeiesagi til Samson Tuen og Anders Haugland. I 1787 kom han og dei andre bøndene på Skjeie i strid med mannen på Døsen um grensone i utmarki. Striden vara i fleire år og Skjeiemennene tapte. Ein vil firma meir um dette under Døsen. Simon døydde i 1793 og kona i 1791.
Johannes Simonson Skjeie, f. 1750, bygsla farsbruket i 1781. G. 1782 Gjertrud Jons dtr. Hovland, f. 1756. Born: Simon, f. 1783, s. n., Kristi, f. 1786, g. 1817 Sjur Larsson Hovland, b. Skålevik i Laksevåg, Gjertrud, f. 1791, d. ung. Johannes var med og bygde sagi på Skjeisleiro i 1775 – 76. Han dreiv med fiske og greidde seg nokolunde. Johannes døydde i 1832 og Gjertrud i 1837.
Simon Johannesson Skjeie, f. 1783, bygsla bruket etter faren i 1815. G. 1816 Kari Lars dtr. Hovland, f. 1794. Dei fekk ei dotter, Eli, i 1817 men ho døydde i 1829. Simon var treskomakar og dreiv med sjøen attimillom. Han døydde i 1860 og kona i 1862.
Torkjell Jonson Grindevoll, f. 1828, bygsla bruket etter Simon. G. I 1852 Agata Ols dtr. Aakvik, f. 1828, d. 1853, g. II 1856 Sigrid Anders dtr. Helland frå Fusa, f. ikr. 1816. Born: Frida, f. 1852, d. ug. 1936, Lars, f. 1857, s. n. Torkjell dreiv med sjøen og var ogso treskomakar. Han døydde i 1883.
Ekkja Sigrid Anders dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde i 1908.
Lars Torkjellson Skjeie, f. 1857, vart brukar saman med stykmori. G. 1883 Frida Albrigts dtr. Grindevoll, f. 1856. Born: Serina, f. 1883, g. 1906 Jakob ytre Haugland, s. y. H. 1, Brita, f. 1886, g. agent Ludvig Namtvedt, b. Bergen. Lars dreiv treskoarbeid likeins som faren, men døydde alt i 1886.
Ekkja gifte seg alt i 1897 med Anders Larsson ytre Haugland, s. y. H. 14.
Johan Tomasson Heggland, f. 1867, pakta bruket i 1890 og kjøpte innmarki i 1901 for 3100 kroner. G. 1891 Olina Vinajans dtr. Sørstraumen, f. 1859. Born: Tomas, f. 1892, s. n., Johanna, f. 1897, g. 1923 Daniel Haldorson Søvik, b. Bergen, Vinajans, f. 1900, sjauffør, g. 1921 Paulina Johannes dtr. Skjeie, b. Fana, s. Grindevoll 5, Hans, f. 1904, politisjauffør i Bergen. 3 born døydde unge. Johan dreiv med treskoarbeid o. a. Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret 1911 – 16. Johan døydde i 1929.
Tomas Johanson Skjeie, f. 1892, skøytte bruket etter faren i 1925 og hev det no. G. 1913 Marta Ingebrigts dtr. Oppedal frå Sund, f. 1886. Born: Johan, f. 1917, sjauffør, Kristianna, f. 1922. Tvo born døydde unge. Tomas er steinarbeidar og arbeidsformann i kalksteinbrot.
SKJEIE 5.
Bård Jonson Storum, f. ikr. 1630, vart brukar her i 1656, då garden vart skift i 5 partar. Det nye bruket vart teke av br. 2, som ekkja Brita Skjeie hadde då. Kona åt Jon, som heitte Marta og var fødd ikr. 1625, var etter det me kann skyna dotter åt Mikkjel ytre Moberg. Av borni kjenner me: Ola, f. 1659, Mikkjel, f. 1661, d. 1676, Guro, f. 1665, Brita (tvilling), f. 1670, Kari, f. 1670, s. br. 2. Marta Skjeie, s. n., var truleg ogso dotter åt Bård. Det er mykje som tyder på at Marta Bårds dtr. ytre Drange, s. y. D. 1, ogso var dotter hans. Bård døydde i 1697 og kona i 1701.
Johannes Johannesson Skjeie, f. ikr. 1654, bygsla bruket ikr. 1690. Kona hans heitte Marta og var fødd ikr. 1668. Det er fleire ting som tyder på at ho var dotter åt Bård Skjeie, og at Johannes soleis fekk bruket etter verfaren. Av 5 born vaks 3 upp: Johannes, f. 1696, Magdela, f. 1704, Gjerttrud, f. 1708. Då det kom nye folk på bruket måtte borni reisa ut og me finn ingen av dei buande i Os. Johannes døydde i 1709 og kona i 1729.
Ingebrigt Jonson ytre Lekven, f. 1678, bygsla bruket då Johannes døydde. G. I 1709 Ragnhild Alvs dtr. Bø, f. 1678, d. 1726, g. II 1727 Brita Ivars dtr. Bø, f. 1694. Born: Jon, f. 1712, g. 1736 Barbru Drange, s. Askvik 1, Alv, f. 1718, g. 1750 Kari Lyssand, s. Søvik 1, Marta, f. 1720, g. 1742 Nils ytre Drange, s. Søfteland 5, Mari, f. 1723, g. 1752 Ola Lunde, s. L. 3, Peder, f. 1732, s. n., Ingebrigt, f. 1736 (etter faren sin død), g. 1760 Ingjerd Kuven, s. Molda og Lepsøy 1. Tvo born døydde unge. Ingebrigt dreiv mykje med sjøen og sat godt i det. Han døydde i 1735.
Ekkja Brita Ivars dtr. stjorna so bruket nokre år.
Johannes Larsson Lunde, f. 1706, gifte seg med ekkja Brita Ivars dtr. i 1739 og bygsla bruket. Dei fekk 3 born, men berre ei dotter vaks upp: Anna, f. 1744, g. 1774 Rasmus Bø, s. Bø 2. Johannes dreiv med sjøen likeins som fyremannen. So snart styksonen vart vaksen, let han garden frå seg til han og tok sjølv kår. Johannes døydde i 1778 og kona eit par år etter.
I Johannes si tid hadde bruket desse husi: Ei liti røykstova med gang og sval attåt, eit eldhus, eit fjos med skot, eit gamalt utimbra naust, og eit kvernhus ved sjøen. Det siste åtte Johannes sjølv og det fylgde ikkje bruket. Attåt dei nemnde husi åtte bruket fjordeparten i den gamle gardstova og åttandeparten i løda. Sengebudi som stod på bruket hadde Johannes selt til ein mann på Storebø, og då Formann krov at han atter skulde setja upp ei sengebud lova han å byggja anten ei bud eller eit stabur. Til trygd for dette gav Johannes pant til Formann i ein koparkjel som var verd 5½ dalar.
Peder Ingebrigtson Skjeie, f. 1732, bygsla i 1757 bruket etter mori og stykfaren. G. 1757 Ragna Engjels dtr. Hovland, f. på Bakka i Sund 1738. (Faren var frå Leirstein i Mundheimsdalen og var gift til Bakka). Fyrste barnet fekk dei i 1756 fyrr Ragna var konfirmert. Dei fekk i det heile 13 born, men berre 8 vaks upp: Brita, f. 1758, g. 1792 Jakob Bø, s. Bø 4, Marta d. e., f. 1760, g. Mikkjel Monsson Sandtorg i Sund, Ingebrigt, f. 1762, g. 1785 Mari Sørstrønen, s, 5. 1, Kari, f. 1767, (um sonen Jan, s. Sørstrønen 9), Anna, f. 1771, g. 1800 Hans Hatvik, s. H. 1, Jon, f. 1775, s. n., Marta d. y., f. 1777, g. 1817 Ingebrigt Kristofferson Sandtorg i Sund, Johanna, f. 1780, g. 1816 Anders ytre Haugland, s. Sørstrønen 6. Peder dreiv fiske likeins som fyremennene, men sat ikkje so lett i det som dei. Han var ein fredsam mann som kom godt av det med grannane. Peder døydde i 1812 og kona straks etter.
Jon Pederson Skjeie, f. 1775, bygsla farsbruket i 1800. G. I 1801 Mari Ols dtr. Bø, f. 1770, d. 1819, g. II 1821 Kari Rasmus dtr. Bø, f. 1777. Born: Ivar, f. 1802, s. n., Ola, f. 1806, d. ug. 1834. Ein gut døydde ung. Jon stod for sagbruket på Skjeiesleiro, og etter hans uppgåva på tinget vart det kvart år skore umlag 100 stokkar som tilsaman gav 500 bord. Jon var ein drivande kar som hadde mykje sjøreidskaper i bruk, og han arbeidde seg fram til ein velstandsmann. Han var ogso ein vyrd mann i bygdi og var lagrettemann i mange år. Han døydde i 1839 og kona i 1835.
Ivar Jonson Skjeie, f. 1802, bygsla bruket etter faren i 1832. G. 1832 Eli Nils dtr. Hovland, f. 1807. Born: Jon, f. 1832, s. n., Mari, f. 1835, s. br. 7, Ola, f. 1844, s. br. 6, Brita, f. 1847, d. ug. 1876. Tvo born døydde unge. Ivar dreiv med sjøen likeins som faren og farfaren, men var ogso bygningsmann og dreiv sagbruket på Skjeie. Han og kona døydde begge i 1875.
Jon Ivarson Skjeie, f. 1832, vart brukar etter faren. G. 1863 Marta Jons dtr. Grindevoll, f. 1833. Born: Eli, f. 1863, d. ug. 1934, Frida, f. 1864, skreddar, d. ug. 1922, Mari, f. 1868, arbeidar i Nesttun Ullvarefabrikk, Ivar, f. 1870, s. n., Jon, f. 1873, s. br. 9. Ei gjenta døydde ung. Jon hadde sjøbruk og dreiv fiske attåt gardsbruket. Han døydde i 1897.
Ekkja Marta Jons dtr. hadde so bruket nokre år. Ho døydde i 1903
Ivar Jonson Skjeie, f. 1870, kjøpte farsbruket (innmarki) av Staten i 1901 for 2670 kroner og overtok dette etter mori. G. 1903 Ingeborg Peders dtr. Nord frå Eid i Nordfjord, f. 1870. Born: Marta, f. 1904, g. 1934 Gustav Skulstad frå Haus, Petra, f. 1905, g. 1926 Jon Særvoll, s. S. 2, Jon, f. 1907, g. 1934 Magda Strømsø, (Born: Ingrid, f. 1935), Peder, f. 1910, anleggsarbeidar, Ragna, f. 1912, Borghild, f. 1917. Ivar er murar og steinarbeidar, og hev ogso i mange år vore vegvaktar. Kona døydde i 1922.
SKJEIE 6 (Sagebakken).
Ola Alvson Skjeie, f. 1745, busette seg her i 1781. Han festa då «grund til et stuehus at sætte paa et beqvemt sted ved søen og svarer for dette aarlig 3 mark og 1 dagsverk eller 12 skilling, men 1 rigsdaler saafremt han faar ved av skoven». Ola sette huset sitt på Skjeialeiro, men då det nyss var sett upp ei sag der vart plassen jamnast kalla og skrive for Sagebakken. Han hadde fyrr vore busett på Særvoll, s. S. 4. Ola fekk ikkje noko jord attåt huset. Han vart gift i 1774 med Anna Anders dtr. Berge frå Strandvik, f. 1740. Dei fekk tvo born som begge døydde unge. Ola dreiv med fiske og treskoarbeid. Han døydde alt i 1790.
Ola Hansson ytre Haugland, f. 1756, vart i 1791 gift med ekkja Anna Anders dtr. og fekk bygsla bruket, som no hadde fenge tillagt jord av utmarki på Skjeie. Anna døydde i 1804, og Ola gifte seg att same året med Anna Johannes dtr. Søratrønen, f. 1753. Dei hadde ikkje born, men tok til seg ei fosterdotter Anna Hans dtr. Då fyrste kona døydde i 1804 vart det halde skifte, og Ola rekna på at han åtte husi på bruket, avdi fyremannen hans hadde sett dei upp på eigen kostnad. Men godseigar Formann reiste sak og påstod at husi fylgde med grunnen soleis at Lysekloster åtte det heile. Ola dreiv fiske og greidde seg, trass han var i skuld for meir enn det han åtte. Han var halt og slapp hertenesta. Ola døydde alt i 1809.
Peder Jakobson Lunde, f. 1764, gifte seg i 1810 med ekkja Anna Johannes dtr. og bygsla bruket. Peder var fiskar likeins som fyremennene. Han døydde i 1823.
Ola Olson fekk feste på bruket i 1824. Kvar Ola var frå, veit me ikkje, og me hev heller ikkje greida på um han var gift. Kannhenda gifte han seg med ekkja Anna Johannes dtr. og fekk bruket på denne måten. Ola var ikkje frå Os og han vart ikkje gift i Oskyrkja. Han hadde bruket berre nokre få år og flutte burt i 1828. Det tykkjest som um Anna Johannes dtr. flutte med han, og det kunde tyda på at dei var gifte. Me finn dei ikkje att i Osbygdi.
Svein Jonson Grindevoll, f. 1777, bygsla bruket i 1829. G. 1824 Eli Jons dtr. Skjeie, f. 1781. Dei fekk ikkje born. Svein hadde vore arbeidar på Lysekloster fyrr han fekk bruket her. Sidan vart han fiskar og treskomakar. I 1845 let han bruket frå seg men livde radt til 1864.
Mons Andersson indre Drange, f. 1819, bygsla bruket i 1845. G. 1842 Eli Hans dtr. Ulven, f. 1813. Av 4 born vaks 3 upp: Anders, f. 1843, s. n., Marta (tvilling), f. 1851, g. 1881 Peder indre Drange, s. i D. 3, Magdela, f. 1851, g. Torbjørn Torbjørnson ytre Tuen, i Amerika. Mons var fiskar og dreiv ogso med treskoarbeid. Han døydde i 1895 og kona i 1892.
Anders Monsson Sagebakken, f. 1843, vart brukar etter faren. I 1874 kjøpte han bruket av Lysekloster for 80 spd. G. 1867 Anna Jons dtr. Øvredal, f. 1822. Dei hadde ikkje born. Anders dreiv med sjøen likeins som fyremennene. Han døydde alt i 1883.
Ola Ivarson Skjeie, f. 1844, kjøpte bruket av arvingane etter Anders i 1883. G. 1883 Guro Ols dtr. Hagevik, f. 1835. Dei hadde ei fosterdotter, Hansina Hans dtr., f. i Hagevik 1866. Ola selde bruket til Staten i 1883, straks etter at han hadde kjøpt det, for 951 kroner. Ola var fiskar og dreiv med treskoarbeid attåt gardsbruket. Han vart ikkje gamall då han døydde alt i 1892.
Ekkja Guro Ols dtr. og dotteri Hansina Hans dtr. stjorna no bruket i heile 15 år. I 1901 kjøpte dei innmarki attende av Staten for 500 kroner. Guro døydde i 1916 og Hansina i 1920.
Nils Nilsson Sagatad frå Fana, f. 1876, (foreldre Nils Larsson Søvik og kona), kjøpte bruket på auksjon i 1907. G. 1901 Ingeborg Endres dtr. Haukefær frå Tysnes, f. 1880. Born: Nils, f. 1901, s. br. 25, Inger, f. 1903, g. 1925 Olaf Lønningen, b. Bergen, Magnus, f. 1905, s. n., Ida Matilde, f. 1907, g. Håkon Tollefsen, b. i Kristiansand, Marta, f. 1910, g. 1930 elektrikar Artur Nilssen, b. Bergen, Anna, f. 1913, g. Jon indre Haugland, s. i. H. 4, Jakob, f. 1922, Evald, f. 1924. 4 born døydde unge. Nils er båtbyggjar likeins som ætti hans i Søvik.
Jakob Nilsson Sagebakken, f. 1922, og broren Evald Nilsson, f. 1924, fekk skøyte på bruket frå faren i 1937, men skøytte det straks til broren Magnus att, s. n.
Magnus Nilsson Sagebakken, f. 1905, skøytte farsbruket i 1938. G. 1932 Marta Lars dtr. Bjørnerøy (Lepsøy), f. 1910. Born: Nils, f. 1934, Laila, f. 1938.
SKJEIE 7 (Skjeisbotnen).
Lars Tomasson Hovland, f. 1839, gifte seg i 1863 med Mari Ivars dtr. Skjeie, f. 1835, og fekk i 1866 bygsla eit stykke av verbroren sitt bruk. Mari døydde i 1894, og Lars gifte seg att i 1896 med Hansina Johannes dtr. Ulven, f. 1850. Born: Kari, f. 1863, g. 1888 Hans Storum, s. Sundøy 2, Anna, f. 1877, g. og busett i Fjell. Fire born døydde unge, og tre av dei døydde mesta samstundes i 1876. Siste kona hadde med seg ei dotter, Velina Tjerands dtr. Gjerde, f. 1880, s. n. Lars var notbas og dreiv med sagbruket når han var heime. Han døydde i 1899.
Ekkja Hansina Johannes dtr. stjorna bruket etter at mannen døydde. I 1901 kjøpte ho det av Staten for 860 kroner. Hansina døydde i 1920.
Velina Tjerands dtr. Skjeie, f. 1880, fekk i 1903 skøyte på bruket etter mori.
Ola Olson Hjertholm frå Brekke i Sogn., f. 1874, vart i 1905 gift med Velina Tjerands dtr. Skjeie, f. 1880, og fekk bruket med kona. Born: Olav, f. 1906, g. 1936 Maria Nødtveit frå Manger, Hanna, f. 1907, s. br. 9, Birger, f. 1909, sjømann, g. 1935 Anna Ols dtr. ytre Haugland, Einar, f. 1911, trearbeidar, g. 1934 Astrid Pedersdtr. Grindevoll. Ola hev drive med steinarbeid og vore vegvaktar på Askvikvegen. Velina døydde i 1914. (Olav og Maria hev dotteri Valborg, f. 1937, og Einar og Astrid hev borni Ove, f. 1935, og Kirsten, f. 1938).
SKJEIE 8.
Albrigt Olson Skjeie, f. 1844, fekk bygsla dette bruket, då bruk 3 i 1865 vart skift i tvo partar. G. 1867 Kristi Johans dtr. indre Moberg, f. 1844. Born: Johan, f. 1869, s. n., Jørgina, f. 1871, g. 1918 Olai Olson Hundven, b. Bergen, Ragnhild, f. 1873, d. ung, Kari, f. 1871, g. 1901 Ola Hagevik, s. Hovland 7, Torkjell, f. 1877, gassverksarbeidar, g. 1896 Anna Vinsjans dtr. Sørstraumen, b. Bergen, Ragnhild, f. 1879, d. 1894. Albrigt dreiv fiske og treskoarbeid. Han døydde alt i 1880.
Ekkja Kristi Johannes dtr. hadde so bruket i heile 20 år. Ho døydde i 1900.
Johan Albrigtson Skjeie, f. 1869, vart brukar etter mori. I 1901 kjøpte han bruket (innmarki) for 1500 kroner. G. 1895 Anna Engjels dtr. Hovland, f. 1871. Born: Albrigt, f. 1896, g. 1932 Dortea Jens dtr. Haugsbak frå Dale i Sunnfjord, Kari, f. 1898, b. i Fana, Engjel, f. 1900, sjauffør i Bergen, g. 1928 Synneva Litletveit frå Fana, Olaf, f. 1902, mekanikar, g. 1929 Borghild Jens dtr. Slapøy frå Herøy i Helgeland, b. Fana, Karl, f. 1904, gardbrukar, g. 1935 Johanna Bjørgo frå Evanger, b. Fana, Elias, f. 1905, gardbrukar, b. Minde i Fana, Ragnvald, f. 1908, bakar, g. 1937 Agnes Sandal frå Fana, b. Fana, Johannes, f. 1910, bakar, g. 1938 Olborg Ols dtr. Østgulen, Ola, f. 1912, tapetserar, g. 1936 Margit Ols dtr. Østgulen, Kristina, f. 1917, hushjelp. Johan hev drive med steinarbeid attåt gardsbruket.
SKJEIE 9 (øvre Skjeie).
Jon Jonson Skjeie, f. 1873, kjøpte i 1904 ein part av broren sitt bruk, der han bygde og busette seg. G. 1898 Karina Jens dtr. Nordstrønen, f. p. Fanahammaren 1875. Born: Johan, f. 1899, d. 1916, Jens, f. 1901, sjauffør, g. 1934 Ingeborg Tunes, b. Nesttun i Fana, Olav, f. 1904, s. n., Kristina Johanna, f. 1906, g. 1928 båtbyggjar Georg Henrikson Askvik, b. Skjeie. Jon var bøkkar og dreiv arbeidet sitt i Bergen. Han døydde alt i 1908.
Ekkja Karina Jens dtr. hadde so bruket i heile 25 år.
Olav Jonson Skjeie, f. 1904, skøytte bruket etter mori i 1933. G. 1932 Hanna Ols dtr. Hjertholm, Skjeie, f. 1907. Born: Karen, f. 1933. Olav er sjauffør og driv si verksemd på Minde i Fana.

SKJEIE 10 (Skulehuset)
Skulehuset i Nore Neset krins vart flutt til Skjeie i 1893, og sidan hev lærarane i krinsen vore busette i skulehuset, sjå O. B. I 371. Um den noverande læraren sjå br. 32.
SKJEIE 11 (Tjønnen).
Christopher Olson Irgens frå Bergen, f. 1862, kjøpte i 1906 nokre stykke av Staten si utmark, Tjønnen, Langmyr og Storemyr, og busette seg her. Han hadde fyrr vore i Amerika der han dreiv som farmar. G. 1912 e. Ingeborg Mons dtr. Hagevik, f. p. Lepsøy 1874, s. br. 14. Born: Helge (tvilling), f. 1913, Marta, f. 1913. Christopher hev dyrka upp mykje av den kjøpte utmarki og hev fenge sylvmedaljer frå Ny Jord og Hordaland landbruksselskap for framifrå dyrkingsarbeid. Sonen Helge, som er agronom, stend no mest for gardsarbeidet. Dotteri Marta vart gift i 1940 med landbrukskandidat Paul Eivindson Moberg.
SKJEIE 12 (Midberg).
Ingeniør O. L. Dahl frå Bergen kjøpte stykki Midberg, Østberg og Lyngnes av Staten si utmark i 1906 og rydja og bygde her. Dahl var busett i Bergen og hadde sumarbustad her.
Nils Andersson Hagevik, f. 1882, var gardstyrar her ei tid. Sjå um han br. 19.
Gartnar Anton Skulstad frå Bergen skøytte bruket i 1931 og dreiv gartneri her i fleire år. I 1938 selde han og reiste or bygdi.
Dødsbuet etter ingeniør O. L. Dahl fekk skøyte på bruket i 1938. Ingeniør Otto Dahl, f. 1891, som er son åt den fyrre eigaren, vart eigar i 1939 og bur no på bruket.
SKJEIE 13 (Hjorthaug).
Michael Irgens frå Bergen kjøpte i 1906 tvo utmarkstykke av Staten, Hjorthaug og Vestberg, og rydja og bygde her. Irgens var busett i Bergen, der han dreiv transportverksemd, og nytta eigedomen til sumarbustad.
Lars Haugland frå Uskedal i Kvinnherad o. fl. var gardstyrarar ei tid. Mons Liset frå Tysnes pakta bruket i tidi fyrr og etter 1920. Um Mons Liset sjå br. 16.
Mons Kristianson Skjeie, f. 1897, var busett på bruket og stjorna dette til det vart seld i 1933. G. 1922 Maria Rasmus (Olais) dtr. Heggland, f. 1901. Born: Karen, f. 1923, Reidun, f. 1928, Kristian, f. 1933, Reidar, f. 1936. Mons er målar.
Per Berentson Knarvik frå Fana, f. 1905, kjøpte bruket i 1933. G. Marta Jons dtr. Takvam frå Fana, f. 1911. Born: Bjørn, f. 1939. Han hadde fyrr drive gardsarbeid i Fana.
SKJEIE 14 (Furulund).
Ingeborg Mons dtr. Hagevik, f. p. Lepsøy 1874, kjøpte i 1908 eit stykke av br. 11 og bygde her. Ingeborg hadde vore gift med sjømann Steffen Andersson Hagevik, f. 1879, d. 1907, og dei hadde fyrr vore busette i Sørøyane. Born: Ingeborg, f. 1905, syerske, s. n., Steffen, f. 1907, s. n. Ingeborg vart i 1912 gift att med Christopher Irgens, s. br. 11.
Steffen Steffenson Hagevik, f. 1907, fekk saman med systeri Ingeborg skøyte på bruket etter mori i 1912. G. 1935 Ragna Pauls dtr. ytre Moberg, f. 1910. Born: Stefan, f. 1936, Paul, f. 1939. Steffen hev fyrr stelt med pelsdyrgard og drive lastebilkjøring, men er no sjauffør på rutebilane åt Osbanen. Systeri Ingeborg bur på bruket.

SKJEIE 15 (Midtheim).
Kristofa Margreta Eriksen frå Bergen, f. 1877, kjøpte i 1908 ei tuft av br. 11 og bygde her. Ho var fyrst på kontor i Bergen og vart seinare lærarinna på Hagevik kysthospital. Foreldri skipstimbermann Kristian Olai Eriksen, f. 1846, og kona Margreta, f. 1856, var busette her på sine gamle dagar. Kristofa døydde i 1933. Faren døydde 1924 og mori i 1921.
Magda Camilla Eriksen frå Bergen, f. 1892, som var syster åt Kristofa, skøytte bruket i 1934 og hev det no. Ho hev vore tilsett på kontor i Bergen.
SKJEIE 16 (Skrenten).
Kjøpmann Olaf Irgens frå Bergen kjøpte eit jordstykke av br. 13 i 1908. Han hadde det til 1925 utan å byggja hus på bruket.
Mons Nilsson Liset frå Tysnes, f. 1875, kjøpte bruket i 1925 og bygde her. G. 1907 Kari Mons dtr. Lepsøy, f. 1867. Dei hadde ikkje born. Mons var snikkar og bygningsmann og hadde ei tid pakta br. 13, s. d. Han døydde alt i 1928.
Ekkja Kari Mons dtr. hev havt bruket sidan mannen døydde.
SKJEIE 17 (Nybrot).
Kjøpmann Jakob Pleym Irgens frå Bergen kjøpte ein part av br. 13 i 1908. Han selde i 1920 til målarmeistar Ole Tollefsen frå Laksevåg som hev eigedomen no og brukar den til sumarbustad.
SKJEIE 18 (Fagerheim)
Martin Andersson Hagevik, f. 1880, kjøpte i 1912 eit stykke av br. 11, der han rydja og bygde. G. 1909 Britanna Anders dtr. Skaatun frå Strandvik, f. 1878. Born: Ingeborg, f. 1910, hushjelp, Alf, f. 1912, trearbeidar, Borgny, f. 1916. Ei gjenta døydde i ung alder. Martin hev vore sjømann og driv med steinarbeid o. l.
SKJEIE 19 (Skoghaug).
Nils Andersson Hagevik, f. 1882, kjøpte i 1912 likeins som broren eit stykke av br. 11 og busette seg her. G. 1909 Helena Jakobsen frå Sagenes i Fana, f. 1883. Born: Helge, f. 1909, stuert tilsjøs, Ingebjørg, f. 1912, sjukesyster, Jenny, f. 1917. Nils hev vore sjømann, men hev i seinare tid drive med anleggsarbeid o. a. Han var ogso i nokre år gardstyrar på br. 12, s. d.
SKJEIE 20 (Myrvang).
Mons Larsson Lepsøy, f. 1891, kjøpte i 1916 ein part av br. 11, der han bygde og busette seg. G. 1916 Ingeborg Tormunds dtr. ytre Drange, f. 1890. Born: Lars, f. 1919, mekanikar, Johanna, f. 1921, Astrid, f. 1922. Mons er maskinist på Hagevik kysthospital. Han hev havt ymse kommunale tillitsyrke i bygdi og er medlem av heradstyret frå 1938.
SKJEIE 21 (Knatten).
Sigurd Høie frå Bergen kjøpte saman med broren Trygve eit stykke av br. 7 i 1920. Sigurd selde sin part i 1924 til fru Sofie Schram, som atter selde til Rolf Meyer i 1925. Frk. Klara Berg vart so eigar i 1931. Ho hev sumarbustad her.
SKJEIE 22 (Bergknatten).
Trygve Høie frå Bergen åtte bruk 21 saman med broren frå 1920 og fekk seinare sin part utskild som serskilt bruk. Han kjøpte noko meir av den andre parten i 1932, og selde det heile same året til konservator Sigurd Johnsen frå Bergen, som no hev sumarbustad her.

SKJEIE 23 (Bjørnevollen).
Victor Rasmussen frå Bergen kjøpte eit jordstykke av br. 1 i 1920 og hadde det til 1931.
Ola Hermundson Østgulen frå Gulen i Sogn, f. 1883, skøytte bruket i 1931 og bygde her. G. 1910 Elisabet Jakobs dtr. Floti frå Gulen i Sogn, f. 1878. Born: Hjørdis, f. 1911, s. br. 30, Margit, f. 1914, g. 1936 Olav Johanson Skjeie, Olborg, f. 1916, g. 1938 bakar Johannes Johanson Skjeie, b. Hovland, Jakob, f. 1918, tapetserarbeidar, Haldis, f. 1921. Ola Østgulen driv landhandel på Grindevoll i Os. Han hadde fyrr vore handelsmann og dampbåtekspeditør i Fresvik, Sogn, og flutte til Os i 1926.
SKJEIE 24 (Bergheim).
Andreas Andersson Hagevik, f. 1903, kjøpte eit stykke av br. 11 i 1930 og busette seg her. G. 1925 Amanda Mons dtr. Torsvik frå Herdla, f. 1904. Born: Gerda, f. 1926, Mangolf, f. 1928, Aud, f. 1930, Helena, f. 1933. Andreas dreiv med fiske og anna arbeid. Han døydde i 1939.
Ekkja Amanda Mons dtr. hev eigedomen no.
SKJEIE 25 (Sagstad).
Nils Nilsson Sagebakken, f. 1901, skøytte i 1937 ein part som var fråskild faren sitt bruk i 1931 og bygde her. G. 1928 Olina Matilda Nils dtr. Heggøy frå Herdla, f. 1908. Born: Norvald, f. 1930, Nansy, f. 1934. Anna Margreta, f. 1939. Nils er båtbyggjar likeins som faren.
SKJEIE 26 (Nordlys).
Erling Leknes frå Bergen kjøpte i 1936 ei tuft av br. 6, der han hev bygd seg sumarbustad.
SKJEIE 27 (Furhaug).
Sigurd Johannesson Skjeie, f. 1901, skøytte eit stykke av faren sitt bruk i 1936 og bygde seg sumarbustad her. Sigurd er busett i Bergen, der han er sjauffør. G. 1930 Anny Wichmann. Born: Laila, f. 1933, Ragna, f. 1934, Liv, f. 1938.
SKJEIE 28 (Solhaug).
Martin Andreasson Boga frå Fusa skøytte eit stykke av verfaren sitt bruk i 1936 og hev bygt her. G. 1936 Hanna Jørgens dtr. Skjeie, f. 1908. Born: Asta, f. 1938. Martin er styrmann på dampbåt.
SKJEIE 29 (Bjørkhaug).
Halvard Andersson Sundøy, f. 1899, skøytte i 1937 ein part av verfaren sitt bruk og bygde her. G. I 1922 Målfrid Lasses dtr. Dorflått frå Stryn, f. 1900, d. 1928, g. II 1930 Johanna Jørgens dtr. Skjeie, f. 1900. Born: Alf, f. 1924. Halvard er stuert og reiser tilsjøs.
SKJEIE 30 (Utsikten).
Mons Olson Lunde, f. 1906, festa eit stykke av verfaren sitt bruk i 1937 og busette seg her. G. 1929 Hjørdis Ols dtr. Øatgulen, f. 1911. Born: Elisabet, f. 1929, Olga, f. 1931, Magnhild, f. 1933, Ola Håkon, f. 1935. Mons er gartnar og var fyrr han kom attende til Os i 1932 busett i Åsane.
SKJEIE 31 (Bjørkheim).
Agent Reidar Larsen frå Bergen fekk i 1938 utskild ei tuft frå br. 16, der han hev bygt seg sumarhus. I 1939 skøytte han eigedomen.
SKJEIE 32 (Dank-Arm-Heim).
Tannteknikar Dankert Lepsøe Larsen frå Bergen skøytte i 1938 eit jordstykke av br. 16 og bygde seg sumarhus her.
SKJEIE 33 (Fredlund).
Disponent Jens Teigland frå Bergen kjøpte ein part av br. 16 i 1938 og bygde her. Eigedomen vert nytta til sumarbustad.
SKJEIE 34 (Lynghaug).
Sjauffør Jens Jonson Skjeie og kona Ingeborg, f. Tunes, kjøpte i 1939 eit jordstykke av br. 7 og bygde på stykket. Jens Skjeie hev si verksemd i Fana.