GRINDEVOLL

Frå OS SOGA III side 64 – 74

36. GRINDEVOLL. 

Garden fekk namnet avdi han vart bygd på «grindavollen», vollen der grindi stod i grenseskilet millom dei tvo gamle gardane Tuen og Storum.  Grindevoll er mykje yngre enn dei tvo nemnde gardane. 

Uttale: Gre’nnavødl.  

Skrivemåtar: Grindewoldt (1518), Grindual (1519), Grindewoll (1521), Grindeuold, Grinnuold, Grindeuoldt, Grindevold (1660). 

Som ovanfyre nemnd ligg garden på vollen millom Tuen og Storum, og sunnanfyre dei fyrr nemnde gardane Skjeie og Døsen.  Lysekloster åtte garden tildess Staten kjøpte han i 1873.  I 1901 kjøpte brukarane innmarki og i 1936 fekk dei kjøpa noko av utmarki som fyrr hadde høyrt til bruki. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
Saar 5 tønder, afler 16 tdr., god agger og eng, temmelig femarch, tilsagt at plante homblehagge.  
1723: Fornøden brendefang ei videre, een flomqvern til huusfornødenhed ellers intet videre.  God jordart og temmelig letvinden, har ingen næring uden gaardens aufling.  
1865: Har 12 maal dyrket ager og eng, deraf 5 maal godt, 4 middels og 3 slet, har 61 maal naturlig england, hvoraf 19 maal godt, 31 middels og 11 slet, begge brugere faar hver 22 voger hø fra et udgjerde, har skog til huusbrug men intet at sælge, kan føde 1½ kjør ved lyng og skav, er middels letbrugt og almindeligt drevet. 

Busetnad og buskap.

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16572 1113    
16682  15   5tun 
17232 220   5» 
1800316       
1835217 1212 16»4tun.
186521611849 281»8»
190041821435 318,5hl.20hl.
192051731425 211mål5,2mål
193042021338 26»5,8»
1939  22479 814,3»7»

GRINDEVOLL 1. 

Swnniua pa Grindewoldt
(Synneva Grindevoll) er den fyrste som me finn namngjeven her på garden.  Ho er nemnd i 1518, då ho betalte ½ pund og 4 merker «kedelbrum» (kjel-, gryteemne) i drottningskatt.  Same året betalte ei «huskona» på Særvoll 16 merker «grydebrum» (gryteemne) i drottningskatt.  Me kann tru at Synneva var «huskona» – kårkona – på Grindevoll, likeins som den andre var det på Særvoll. 

Arne Grindevoll lagde ei mark pengar som drottningskatt i 1518.  Me lyt skyna det slik at Arne då hadde garden og Synneva var kårkona hans.  Arne hadde ikkje garden seinare. 

Steffen Grindevoll var brukar i 1519 og likeins i 1521.  Det siste året fostra han ein stut for lensherren på Bergenhus, og tok ogso på seg eit liknande stutafoster i 1522.  I fosterløn fekk han 6 alner hjeltevadmål. 

Mons Grindevoll var brukar i 1563 og hadde garden radt til 1600.  Det kom då ny mann på garden, men Mons livde og betalte skatt i fleire år etter den tid. 
Kvar dei nemnde brukarane var frå, veit me ikkje. 

Asbjørn Grindevoll vart brukar i 1600.  Etter det me kann skyna var han son åt Mons.  Asbjørn sat smått i det og var ein av dei bøndene som lagde aller minst av utreidnaden då soldatane frå Os skulde reidast ut til herferdi i 1611 – 12.  Garden vart ogso i hans tid skift i tvo bruk, s. br. 2.  Hans Skjeie, s. S. 1 og indre Drange 1, var truleg son hans.  Asbjørn døydde i 1625. 
Ekkja etter Asbjørn, – me veit ikkje namnet hennar, – hadde so bruket i 6 år.  Ho var fatig og slapp for det meste å leggja skatt. 

Kristoffer Grindevoll, som hadde det andre bruket på garden, overtok ogso dette bruket i 1632.  Sjå um Kristoffer under br. 2.  Han hadde bruket her radt til han døydde i 1656. 

Johannes Olson Hovland, f. ikr. 1635, bygsla bruket her då Kristoffer døydde.  Kona hans, som heitte Brita, var truleg dotter åt Kristoffer.  Ho døydde straks, og Johannes gifte seg att ikr. 1660 med Kari Eivinds dtr. indre Haugland, f. ikr. 1640.  I 1660 brann heile tunet på Grindevoll, og året etter vart garden liggjande usådd og øyde.  Det vart svert tungt for Johannes å reisa uppatt alle husi på bruket, og i 1670 flutte han til Askvik og vart sidan buande der.  Sjå meir um han og huslyden under Askvik 1. 

Nils Olson Ulven, f. ikr. 1648, bygsla bruket då Johannes flutte.  G. 1670 Anna Peders dtr., f. ikr. 1645, som truleg var dotter åt Peder Storum.  Born: Brita, f. 1675, g. 1700 Steffen Døsen, s. D. 1, Torstein, f. 1679, g. 1703 Barbru Storum, s. S. 4, Kari, f. 1680, g. 1702 Ola Mobergslien, s. ytre Moberg 2, Ola, f. 1685, s. n., Elsebet, f. 1689, ug.  Nils var fiskar og dreiv med treskoarbeid, men sat so måteleg i det.  Han døydde i 1721 og kona i 1715. 

Ola Nilsson Grindevoll, f. 1685, bygsla farsbruket i 1705.  G. 1704 Kari Steffens dtr. Borgen, f. 1682.  Dei fekk 11 born, men berre 5 vaks upp: Nils, f. 1705, g. 1726 Kari Hovland, s. H. 1, Agata, f. 1711, g. 1731 Lars Hauge, s. Nordstrønen 1, Steffen, f. 1714, s. n., Anna, f. 1723, d. 1742, Helga, f. 1731, ug., vart lagt inn på «Spetalen» 1771 for spillesykja.  Ola stod i sjøvernet og måtte ut i ufreden 1711, men kom heimatt etter eit par års tenesta.  Ola dreiv fiske likeins som faren og sat godt i det.  Han var ogso ein dugande smed og hadde sett upp ei gasta smidja som han åtte sjølv og som ikkje fylgde med bruket.  Han sette ogso upp eit stort nytt stabur.  Ola døydde i 1738. 
Ekkja Kari Steffens dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen fall frå.  Ho døydde i 1754. 

Steffen Olson Grindevoll, f. 1714, bygsla bruket etter mori i 1743.  G. 1736 Margreta Ols dtr. ytre Lekven, f. 1710.  Born: Brita, f. 1737, g. 1763 Ola Sørstrønen, s. S. 4, Anna, f. 1741, g. 1772 Lars Larsson Storebø i Austevoll (tremenningar), Ola d. e., f. 1744, g. 1765 Marta ytre Tuen, s. y. T. 1, Kari, f. 1747, g. 1775 Nils Åsen, s. Balland 1, Ola d. y., f. 1750, s. n.  Tvo born døydde tidleg.  Steffen dreiv mykje med fiske og greidde seg nokolunde, men sat på langt nær ikkje so lett i det som faren.  Grindevoll var på dei tider eit av dei best upphyste og bygde tun i Osbygdi, men Steffen heldt ikkje husi i so god stand som faren gjorde i si tid.  Steffen døydde i 1765. 
Då Steffen tok mot bruket hadde Grindevoll desse grensor og skiftemerke: Mot Særvoll gjekk grensa etter nedsette merkesteinar, mot Storum var «hagar og bøegard», og hågjerde millom bøane og bøgjerde millom bøen på Storum og Grindevoll si utmark.  I grensa mot Døsen var berre merkesteinar, men det synte merke og ymse leivder etter eit gamalt skiftegjerde, mot Skjeie var ein haug som heitte «Lenshammarhaugen» gamalt skifte, og mot Tuen gjekk grensa etter nedsette merkesteinar.  Grindevoll hadde ikkje strid med grannane um skifti. 
Husi på bruket var desse i Steffen si tid: Ei gamall men god liti røykstova med timbra kove attåt, ei ny røykstova med sval og vedskytja i eine gavlen, ei sengebud med gang og sval, ein ny timbra kove millom budi og den gamle gardstova, eit nytt fjos med skot, smalehus, hestestall, svinehus, eit nytt stabur, smidja, naust og ei båtskytja.  Svinehuset var til nedfalls og ramla ned i 1750.  Attåt dette åtte bruket helvti av den gamle gardstova der begge grannane budde i gamle dagar, og likeins hadde dei desse husi ihop: Eldhuset, ei løda med tvo svaler, eit høyhus og eit kvernhus som det då ikkje var kvernesteinar i.  Alle husi heime i tunet hadde torvtak. 
Ekkja Margreta Ols dtr. hadde bruket i heile 10 år etter at mannen fall frå.  I 1775 let ho bruket frå seg, men livde til 1789. 

Ola Steffenson Grindevoll, f. 1750, bygsla bruket etter mori i 1775.  G. I 1775 Brita Pauls dtr. Molda, f. på Midthus 1751, d. 1799, g. II 1801 Kari Hans dtr. Skår frå Strandvik, f. ikr. 1753.  Born: Margreta, f. 1776, d. ug. 1835, Kari, f. 1777, d. av koppane 1792, Sesilia, f. 1779, g. 1813 Hans Døsen, s. D. 2, Anna f. 1781, d. ug. 1852, Brita, f. 1784, g. 1808 Jon Mobergslien, s. M. 1, Guro, f. 1787, g. 1821 Albrigt Utgjerdet, s. ytre Moberg 1, Steffen, f. 1789, s. n., Paul, f. 1794, g. 1820 Marta ytre Moberg, s. y. M. 6.  3 born, millom desse eit par tvillingar, døydde unge.  Ola var ein drivande kar som heldt seg mykje med sjøen, og han sat sers godt i det.  Han var ein vyrd mann i bygdi og var lagrettemann i mange år.  Men han heldt dei mange husi sine kleint og måtte leggja ei stor husåbod til jordeigaren.  Ola døydde i 1808 og Kari nokre år etter. 

Steffen Olson Grindevoll, f. 1789, bygsla bruket då faren døydde.  G. 1816 Kari Torbjørns dtr. Synnestvedt, Lyssand, f. 1793.  Born: Ola, f. 1817, s. n., Torbjørn, f. 1819, g. 1853 Kristina indre Moberg, s. Lyssand 2, Steffen, f. 1821, g. 1852 Sigrid øvre Rød, s. ø. R. 1, Kristi, f. 1823, g. 1849 Anders ytre Tuen, s. y. T. 2, Paul, f. 1825, d. ug. 1852, Henrik, f. 1828, g. 1862 Kari Særvoll, s. Lyssand 8, Nils, f. 1834, d. ug. på Lyssand 1917.  Steffen dreiv med sjøen likeins som faren og greidde seg godt.  Han hadde ikkje stor interesse for det kommunale styr og stell.  Han lagde ikkje eiden til styremaktene fyrr i 1839, då han var 50 år gamall, og nytta då røysteretten for fyrste gong.  Steffen døydde i 1865 og kona i 1859. 

Ola Steffenson Grindevoll, f. 1817, bygsla farsbruket i 1853.  G. 1854 Kari Eivinds dtr. ytre Tuen, f. 1828.  Born: Paulina, f. 1855, g. 1883 Kristian Skjeie, s. S. 2, Steffen, f. 1859, s. n., Eivind, f. 1863, d. ung.  Ola var med i notbruk og dreiv fiske attåt gardsbruket.  Han hadde mange tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret 1866 – 69.  Ola døydde i 1901 og kona i 1909. 

Steffen Olson Grindevoll, f. 1859, vart brukar etter faren i 1882.  I 1901 kjøpte han bruket (innmarki) for 4450 kroner.  G. 1883 Anna Daniels dtr. ytre Haugland, f. 1861.  Born: Ola, f. 1885, s. n., Daniel, f. 1886, g. 1913 Signy Erichsen, s. Os 34, Kari, f. 1888, g. 1927 Ola Kristianson Skjeie, smed, b. Bergen.  Steffen var murar og dreiv med steinarbeid.  Han var ein mykje vyrd mann i bygdi og hadde ei mengd med tillitsyrke.  Han var soleis medhjelpar, formann i liknings- og overlikningsnemndi, fatigstyret og skulestyret, og var med i heradstyret 1902 – 10 og 1917 – 19.  Umframt dette var han i mange år styresmann i Os Privatbank, Os forbruksforening o. a. S. O. B. I 365, 618, 691, 698 o. fl. st.  Steffen døydde i 1931 og kona i 1937. 

Ola Steffenson Grindevoll, f. 1885, skøytte farsbruket i 1917.  G. 1932 Berta Anders dtr. Birkeland frå Fana, f. 1898.  Born: Anna, f. 1933, Alfhild, f. 1935.  Ola hev vore steinarbeidar likeins som faren, og er likeins som han styresmann i Os privatbank, Os forbruksforening og andre skipnader. 


GRINDEVOLL 2. 

Kristoffer Grindevoll vart fyrste mann på dette bruket, då det vart skift ut frå br. 1 ikr. 1610.  Kristoffer var etter det me kann skyna son åt Mons og bror åt Asbjørn som til dessar hadde havt heile Grindevoll.  Kristoffer fekk soleis halve farsbruket.  I 1611 måtte han fara til Svinesund saman med dei andre hermennene frå Os for å vera med i Kalmarufreden.  Kristoffer sat tungt i det, og i åri ikr. 1630 lagde han berre husmannskatt.  I 1632 fekk han ogso bruk 1 so at han hadde heile Grindevoll, og det vart då straks likare med han.  Men ikr. 1640 fekk han spillesykja, og han vart sidan skattefri og var rekna som fatigmann.  Då han vart sjuk let han dette bruket frå seg til sonen, s. n., men stjorna framleis br. 1.  Kona hans heitte Brita.  Av borni kjenner me: Mons, f. ikr. 1615, s. n., Kari, f. ikr. 1620, Sesilia, f. ikr. 1635, d. 1715.  Kristoffer døydde i 1656. 

Mons Kristofferson Grindevoll, f. ikr. 1615, bygsla dette bruket etter faren ikr. 1640.  Han var gift med ei som heitte Brynhild, men kvar ho var frå, veit me ikkje.  Ikr. 1645 fekk Mons spillesykja likeins som faren og vart fatigmann likeins som han.  Mons døydde i 1653. 
Ekkja Brynhild Grindevoll hadde so bruket i nokre år. 
Ho let i denne tidi helvti frå seg til verfaren på br. 1, soleis at ho sjølv berre stjorna fjordeparten av garden. 

Abraham Andersson, f. ikr. 1625, vart gift med ekkja Brynhild Grindevoll i 1656 og bygsla bruket.  Kvar Abraham var frå er uvisst.  Soframt han var osing måtte han vera son åt Anders Halhjem eller Anders ytre Moberg.  Brynhild døydde straks etter giftarmålet, og ikr. 1658 vart Abraham gift att med Marta Bårds dtr., f. ikr. 1630, som truleg var frå Hjelle.  Me finn ogso kona hans skrivi for Marta Mikkjels dtr., men Bårds dtr. er tvillaust det rette.  Born: Ingeborg, f. ikr. 1659, g. 1682 Lars Bø, s. Bø 6, Johannes, f. 1661, g. 1680 Kari Askvik, s. A. 1, Bård, f. 1663, s. n., Marta, f. ikr. 1666, g. 1687 Johannes Storum, s. ytre Moberg 6, Brita, f. 1678, d. ung.  Heile tunet på Grindevoll brann upp i 1660, og dette vart ein hard støyt for Abraham.  Men han var ein drivande kar, han fekk straks husi upp att og greidde seg tolleg godt gjenom åri.  Abraham og kona døydde begge i 1684. 

Bård Abrahamson Grindevoll, f. 1663, bygsla bruket då faren døydde.  G. I 1685 Ragnhild Daniels dtr. Skjeie, f. 1658, d. 1715, g. II 1716 Brita Albrigts dtr. Storum, f. 1689.  I fyrste giftarmålet fekk han 14 og i det andre 5 born, ialt 19, men berre 8 vaks upp.  Av borni frå fyrste giftarmålet døydde heile 9 fyrr dei vart årsgamle.  Då Bård fekk seg ei ny kona i 1716 let han bruket frå seg til eldste sonen, s. n., og flutte sjølv til Skjeie, der han bygsla eit bruk.  Sjå meir um han og huslyden under Skjeie 2. 

Daniel Bårdson Grindevoll, f. 1697, bygsla bruket i 1716, då faren flutte til Skjeie.  G. I 1715 Kristi Størks dtr. Heggland, f. 1680, d. på barseng 1720, g. II 1721 Anna Ols dtr. Totland frå Fana, f. ikr. 1690.  Av 4 born vaks tvo upp: Ragnhild, f. 1717, s. n., Kristi, f. 1723, g. 1747 Simon Skjeie, s. S. 4.  Daniel dreiv fiske, men sat tungt i det den fyrste tidi.  Han arbeidde seg noko fram etter kvart og greidde seg tolleg godt til slutt.  Han døydde i 1774 og siste kona i 1747. 

Albrigt Jonson Storum, f. 1712, vart i 1738 gift med Ragnhild Daniels dtr. Grindevoll, f. 1717, og vart brukar saman med verfaren.  Daniel var ikkje meir enn 40 år då dotteri vart gift med Albrigt, og han let ikkje bruket frå seg fyrr han kom heilt upp i syttiåri.  Fyrst i 1770 fekk Albrigt bruket åleine, og då var eldste son hans so vaksen at ogso han vilde ha bruket.  Albrigt og Ragnhild fekk 10 born, og av dei vaks 6 upp: Synneva, f. 1737, g. 1788 Kristoffer Larsson Øvreeide, Jon, f. 1740, s. n., Anna, f. 1745, g. 1777 Lars Sørstrønen, s. Sundøy 5, Daniel, f. 1752, g. 1781 Kari Sørstrønen, s. S. 6, Peder, f. 1755, g. 1781 Kristi Molda, s. Lysekloster 5, Marta, f. 1759, d. ug. 1830.  Albrigt dreiv mykje med fiske, men han sat ikkje lett i det.  Han var med i eit notlag frå Skjeie, og i 1770 åri var sonen Peder fast mann med notlaget.  Albrigt var ein vyrd mann og var lagrettemann i mange år.  Han døydde i 1784 og kona i 1787. 
Medan Albrigt var brukar hadde bruket hans desse husi: Ei liti røykstova med kove attåt, ei sengebud med vedskytja attåt på eine sida, eit fjos med sval, hestestall, sauehus, svinehus og vedskytja.  Saman med Steffen på br. 1 hadde Albrigt den gamle gardstova, eldhuset, løda, eit høyhus og kvernhuset.  Det fyrste Albrigt gjorde då han fekk bruket åleine var å få kvernsteinar til kvernhuset, so at det kunde brukast.  Alle husi på dette bruket var i god stand. 

Jon Albrigtson Grindevoll, f. 1740, bygsla bruket etter faren i 1772.  G. I 1772 Marta Sveins dtr. Røttingen, f. 1740, d. 1789, g. II 1789 Marta Halvards dtr. Røttingen, f. 1746.  Born: Albrigt, f. 1774, s. n., Svein, f. 1777, g. 1824 Eli Skjeie, s. S. 6, Tomas, f. 1779, g. 1808 Brita Søvik, s. S. 3, Daniel, f. 1782, g. 1810 Guro Sørstrønen, s. S. 1.  Ein gut døydde ung.  Jon var fiskar og dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket, men han streva hardt for å greida seg.  Han døydde i 1818 og siste kona i 1814. 

Albrigt Jonson Grindevoll, f. 1774, bygsla farsbruket i 1800.  G. 1801 Jørna Lars dtr. Sælen, f. 1770.  Born: Marta, f. 1802, kom burt på sjøen i 1824 ilag med Anna Lepsøy, Frida, f. 1804, s.n., Ragnhild, f. 1806, g. 1836 Ola Skjeie, s. S. 3, Jon, f. 1810, kom burt på sjøen saman med faren.  Albrigt var ein drivande kar og greidde seg betre enn fyremennene.  Men han vart ikkje gamall.  Då han ein dag um hausten 1824 var ute på fiske saman med yngste sonen og Nils ytre Moberg, fekk dei storm på seg, og alle kom burt.  Eldste dotteri i huset var tidlegare på året komi burt på sjøen. 
Ekkja Jørna Lars dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho døydde i 1837. 

Jon Torkjellson Skjeie, f. 1803, vart i 1826 gift med Frida Albrigts dtr. Grindevoll, f. 1804, og fekk året etter bygsla bruket etter vermori.  Frida døydde i 1840, og Jon gifte seg att i 1844 med Anna Nils dtr. indre Lekven, f. 1812.  Born: Albrigt, f. 1826, s. n., Torkjell, f. 1828, g. 1852 Agata Askvik, s. Skjeie 2, Jon, f. 1831, g. 1862 Ingjerd Storum, s. Askvik 4, Marta, f. 1833, g. 1863 Jon Skjeie, s. S. 5, Lars, f. 1836, d. ug. 1856.  Jon dreiv med sjøen likeins som fyremennene.  Han døydde i 1878 og Anna i 1863. 

Albrigt Jonson Grindevoll, f. 1826, bygsla bruket etter faren.  G. 1850 Brita Nils dtr. indre Lekven, f. 1821.  Born: Jon, f. 1852, s. n., Frida, f. 1856, g. 1883 Lars Skjeie, s. S. 2, Nilsina, f. 1865, g. 1889 Johannes Bø, s. Bø 2.  4 born døydde unge.  Albrigt dreiv med notbruk og fiske attåt gardsbruket likeins som grannen.  Han døydde i 1909 og kona i 1901. 

Jon Albrigtson Grindevoll, f. 1852, bygsla farsbruket i 1877.  I 1901 kjøpte han det (innmarki) av Staten for 3500 kroner.  G. 1877 Ingeborg Anders dtr. Ferstadvollen, f. 1844.  Born: Kristina (tvilling), f. 1877, s. br. 3, Maria, f. 1877, g. Johannes Pederson Lomelde frå Sogn, b. Evereth, Wash., Amerika, Albrigt, f. 1880, s. n., Brita, f. 1886, g. timbervrakar Hilmar Hansson Berg frå Fet, b. Fetsund på Romerike, Helga, f. 1888, g. sjauffør Kristian Kristianson Riple frå Fana, b. Bergen.  Tvo born døydde tidleg.  Jon dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket.  Han døydde i 1930 og kona i 1912. 

Albrigt Jonson Grindevoll, f. 1880, skøytte farsbruket i 1908.  G. 1904 Engelina Torkjells dtr. Døsen, f. 1876.  Born: Jon, f. 1905, s. n., Marta, f. 1906, g. sjauffør Johannes Andersson Døsen, Ingeborg, f. 1909, hushjelp, Torkjell, f. 1914, trearbeidar.  Albrigt hev drive med steinarbeid o. l.

Jon Albrigtson Grindevoll, f. 1905, er brukar saman med faren.  G. 1932 Anna Nils dtr. Fjellbirkeland frå Fana, f. 1906.  Born: Albrigt, f. 1934, Kari, f. 1936. 


GRINDEVOLL 3 (Ravneberghaugen). 

Styret for Hagevik kysthospital festa i 1897 eit jordstykke av utmarki på Grindevoll «til opførelse af et hjem for kvindelige rekonvalescenter af den uformuende klasse» og skipa her Ravneberghaugen rekonvaleacenthjem.  Huset vart bygt i 1898 og heimen opna for drift året etter.  Styrarinna hev vore Stephanie Tschudi, Laura Bjølstad og Petra Lillebo.  Sjå um rekonvalesentheimen O. B. I 643 – 44. 


GRINDEVOLL 4 (Bakken). 

Peder Hansson Kvaale frå Luster, f. 1877, festa i 1906 eit stykke av verfaren sitt bruk, der han bygde og busette seg.  I 1930 fekk kona åt Peder skøyte på jordstykket.  G. 1904 Kristina Jona dtr. Grindevoll, f. 1877.  Born: Jenny, f. 1905, d. 1921, Jon, f. 1906, arbeidar, g. 1939 Gurina Anders dtr. Halhjem, Ingeborg, f. 1908, g. 1931 Johannes Jensson Røttingen, Hans, f. 1911, sjauffør, g. 1932 Borghild Skulstad frå Haus, Astrid, f. 1915, g. 1934 Einar Olson Hjertholm, Skjeie.  2 gutar døydde unge.  Peder er steinarbeidar og hev ogso ei tid vore vegvaktar. 


GRINDEVOLL 5 (Haugen). 

Hans Andersson Døsen, f. 1840, festa i 1907 ei tuft av br. 1 der han bygde og busette seg på sine gamle dagar.  Hans var snikkar og trearbeidar.  Han døydde i 1923. 

Steffen Olson Grindevoll, som åtte tufti, kjøpte huset på auksjon då Hans døydde. 

Vinsjans Johanson Skjeie kjøpte huset med grunn i 1927 av Ola Grindevoll som då åtte det, og skøytte det på sonen Jon Vinsjansson Skjeie.  Vinsjans Skjeie er sjauffør med bustad i Fana og nyttar eigedomen her til sumarbustad. 


GRINDEVOLL 6 (Ly). 

Dr. med. Sigvard Madsen frå Bergen kjøpte i 1911 eit stykke av Grindevoll utmark og bygde seg sumarhus her. 
Ekkja Helena Tschudi Madsen hev no eigedomen. 


GRINDEVOLL 7 (Solstad). 

Sporvognsførar Paul Johannessen frå Bergen kjøpte i 1936 ei tuft av Nils Sagebakken, s. Skjeie 6, som i 1901 hadde kjøpt eit utmarkstykke på Grindevoll.  Den nye eigaren hev bygt seg sumarhus på eigedomen.