ULVEN

Frå OS SOGA III side 359 – 377


53. ULVEN  

Namnet kjem tvillaust av alfr, grus, sand, samansett med -vin, og tyder soleis ein gard med sandjord, Alfrvin. 
Namnet høver framifrå her.  Det er ogso gissa på at fyrste namneleden er ulfr, dyrenamnet ulv, då dette samstavar mest med namnet og uttalen no.  Ein hev ogso tenkt seg at mannsnamnet Ulf kunde vera upphavet, men det er lite truleg at nokon mann eller eit dyr hev gjeve denne eldgamle garden namn.  Det er tvillaust sandjordi på Ulven som hev sett merke og namnet på garden. 

Uttale: U’lvenn.  

Skrivemåtar: Wlffuenn (1591), Vluen (1597), Ulffuen (1600), Wlfuen, Ulfuen, Uluen, Uluemb, Vluemb, Uluamb, Ulven (1723). 

Garden ligg i dalsøkket millom Vardefjellet og Skogafjellet på flatane ved nordenden av Ulvenvatnet.  Garden er gamall men vart liggjande øyde etter den store mannadauden i 1349 – 50.  Han vart teken uppatt i siste luten av 15 hundradåret.  Lysekloster åtte garden til 1873, då han vart kjøpt av Staten.  I 1875 leigde Staten garden burt til eksisplass, det han enno er. 

Or gamle matriklar og teljingar:

1668: Saar 5 stadtztønder, afler 19 tdr., god agger, tynd eng, god feehagge, sambt veed och botneskoug, kand jorden forbedre, paalagt at plante homblehagge.  
1723: Ingen sætter, skoug til huusbehov og fornøden brendefang, en flomqvern til huusfornødenhed, ei videre, slet jordart og ellers meget tør og skrin jord.  Haver aldeles ingen næring uden sin gaards aufl.  
1865: Ulven med Vagtdalen, Vaccinen og 1 plads: Har dyrket ager og eng 35 maal, deraf 6 maal godt, 13 middels og 16 slet, har 298 maal naturlig england, hvoraf Vaccinen og Vagtdalen har 60, af dette er 12 maal godt, 89 middels og 197 slet, hvoraf Vaccinen og Vagtdalen har intet godt, 25 maal middels og 35 slet.  Alt england paa hovedbrugene kan dyrkes og paa Vaccinen og Vagtdalen 18 maal.  Har skog til husbrug, men Vaccinen og Vagtdalen kun brendefang, 11 ungnød kan fødes ved lyng, er letbrugt undtagen Vagtdalen som er middels, er alt mindre godt drevet. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16573 225 4   
16683 225   5tun 
17233 32320  8» 
1800318       
1835426222229224»13,5tun.
186584514412248722tun.27,5tun.
190052321324 6 hl.23hl.
19209362912 13,5mål2,5mål
19304252921 13»4»
1939  21621   »3»


ULVEN 1. 

Johannes Ullffuenn var brukar på garden i 1591, og han er truleg den som tok garden uppatt etter at Ulven vart øydegard ved den store mannadauden.  Johannes hadde kannhenda teke garden uppatt i 1570 åri.  Han var brukar til 1607. 

I åri 1608 – 1610 låg Ulven øyde og usådd att. 

Haldor Ulven vart brukar i 1611.  Han sat tungt i det og lagde ein liten skatt som øydegardsmann.  I 1612 vart Erik Ulven sendt nedover til Svinesund saman med dei andre soldatane frå Os, og Haldor reidde då Erik ut med det som trongst til ferdi.  Erik var truleg son åt fyremannen på bruket.  I 1620 var Haldor i basketak med Mons Døsen, som gav Haldor eit slag i hovudet med ein «scholle» og måtte leggja bot for dette.  Haldor hadde garden til 1623. 

Ola Ulven vart brukar etter Haldor.  Ola var lensmann for Lysekloster gods, s. O. B. I 550, men han døydde alt i 1628.  Ola hadde ein son Kristoffer, s. n. 
Garden vart no skift i tvo bruk, s. br. 2.  Det eine bruket vart fem ottandepartar av garden og det andre tre ottandepartar. 

Torstein Ulven vart, etter det me kann skyna, gift i 1629 med ekkja etter Ola og fekk det største bruket her.  Torstein hadde vore gift fyrr han kom til Ulven, og hadde med seg tvo born frå fyrste giftarmålet sitt: Mons, f. ikr. 1622, s. br. 3, og Magdela, f. ikr. 1625, d. 1702.  Torstein sat tolleg godt i det og hadde bruket til han døydde i 1657.  Siste kona hans var død fyrr 1645. 
Ikring 1645 vart Ulven skift i 3 like store bruk, og Torstein hadde frå den tid berre tridjeparten av garden.  Kvar Torstein og fyremennene var frå, veit me ikkje. 

Kristoffer Olson Ulven, f. ikr. 1628, vart brukar etter Torstein, som truleg var stykfar hans.  Kona hans heitte Ingeborg og var fødd ikr. 1632, men me kjenner ikkje til ætti hennar.  Av borni deira kjenner me: Ola, f. ikr. 1657, Marta, f. ikr. 1659, s. n., Kari, f. ikr. 1660, g. 1680 Markus Olson, Anna, f. ikr. 1663, g. I 1685 Nils Larsson, g. II 1688 Børje Antoniusson Skjeie, Kristi, f. ikr. 1665, g. 1696 Nils Simonsen frå Bergen, Brita, f. 1670.  Kristoffer døydde i 1676. 
Ekkja Ingeborg Ulven hadde so bruket nokre år.  Ho døydde i 1688. 

Ola Olson Åsen, f. ikr. 1645, vart i 1678 gift med Marta Kristoffers dtr. Ulven, f. ikr. 1659, og fekk bygsla bruket etter vermori.  Born: Gjertrud, f. 1679, Paul, f. 1680, g. 1704 Guro Hauge, s. H. 2.  Ola dreiv med skogarbeid og greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1711 og kona nokre år seinare. 

Anders Arneson Hjelle, f. ikr. 1678, bygsla bruket då Ola døydde.  G. 1712 Brita Lars dtr., f. ikr. 1670, som tente i Lysekloster då ho vart gift.  Born: Ola, f. 1713, g. 1738 Gjertrud Søvik, s. S. 3, Abelona, f. 1717, s. n.  Ein gut døydde ung.  Anders døydde i 1746 og Brita i 1748. 

Jørgen Jørgenson indre Moberg, f. 1715, vart i 1740 gift med Abelona Anders dtr. Ulven, f. 1717, og fekk same året bygsla halve bruket etter verfaren.  Resten fekk han bygsla då vermori døydde i 1748.  Det kom 8 born til verdi i huset: Ola, f. 1741, Anders, f. 1745, Arne, f. 1748, Brita, f. 1750, Kari, f. 1753, Guro, f. 1754.  Tvo gjentor døydde unge.  Jørgen var ein hardbalen kar som fleire gonger var med i eit eller anna basketak, og m. a. dengde han ein gong bror sin som var busett i Askvik, s. A. 3.  Han måtte for retten og fekk ei bot for det.  Jørgen sat sverande tungt i det og greidde ikkje sitja med bruket.  I 1755 flutte han frå Ulven, og me veit ikkje kvar det vart av han.  Av huslyden finn me berre dotteri Brita att i Osbygdi seinare.  Ho tente på Ulven og var vitne på tinget i 1777. 

Samson Mattisson Berge, f. 1726, bygsla bruket då Jørgen flutte.  Han hadde fyrr havt farsbruket sitt på Berge, s. B. 2.  G. 1751 Brita Ols dtr. Tøsdal, f. 1720.  Born: Guro, f. 1757, g. 1795 Mons Halhjem, s. H. 1, Kari, f. 1759, g. 1793 Daniel Andersson Kvalesund, Brita, f. 1761, Ola, f. 1766.  Tvo gutar døydde unge.  Samson sat sverande smått i det.  Han døydde alt i 1767. 
Ekkja Brita Ols dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen døydde.  Ho var fatig og måtte få hjelp av bygdi på sine gamle dagar.  I 1773 fekk ho ei halv tunna «undsætningskorn» av Staten for at ho ikkje skulde svelta ihel, og futen krov henne seinare fåfengt etter pengar for kornet.  Då ho vart gamall, flutte ho heimatt til Tøsdal og døydde der i 1797. 

Tomas Olson Tveit, f. 1730, bygsla bruket i 1775, samstundes som han ogso bygsla br. 2på garden.  G. 1774 Anna Knuts dtr. Høysæter frå Samnanger, f. 1750.  Tomas var bror åt mannen på bruk 3, Ola Tveit, men det var ikkje sers brorskap millom desse tvo karane.  I 1777 måtte Tomas for retten avdi han hadde skulda brorkona si for å vera trollkjering og trollheks, og eit par år etter måtte han same vegen for trugsmål mot broren og brorsonen Johannes.  Alle Ulvenkonone måtte fram som vitne, og dei sa at Tomas hadde truga med å «mørde dem alle sønder og sammen».  Fekk han berre Ola og Johannes burt um haugen, sa han, so skulde dei koma att med eitt bein, um dei hadde tvo då dei gjekk heimanfrå.  Det vart forlik millom karane, men det heldt ikkje lenge, og dei kom straks i håri på einannan att.  Tomas hadde som nemnt ogso bygsla bruk 2.  I 1778 vart Ulven skyldsett på nytt, og dei 3 bruki på garden vart då skipa um til tvo bruk, som begge var like store.  Tomas fekk det eine bruket, men han hadde det ikke lenge.  I 1780 bygsla han eit bruk på Øvreide og flutte dertil, s. Ø. 1.  Han sa likevel ikkje upp bygsla på Ulven fyrr i 1784, og hadde gardstyrar her i millomtidi, s. n.  Sjå meir um Tomas og huslyden hans under Øvreide 1. 

Lars Henrikson Kuven, f. 1737, vart gardstyrar då Tomas flutte i 1780.  I 1782 flutte Lars til Buena, sjå Søvik 4, og ein finn meir um han og huslyden hans der. 

Erik Rasmusson Aabøle frå Årdal i Sogn, som fyrr hadde tent hjå Tomas, vart gardstyrar i 1782.  Um våren 1785 reiste han attende til Årdal, og hadde då med seg frå Ulven 4 tunnor potetor som han sette ned i heimbygdi.  Potetor var då ukjende i Årdal.  Erik fekk stor avling um hausten, og våren 1786 fekk so mange Årdølingar sådpotetor hjå Erik, at potetavlingi i Årdal um hausten vart heile 450 tunnor.  For dette fekk Erik ein premi på 20 dalar og sylvmedalje frå «Det Kongelige danske Landhusholdningsselskab». 

Anders Pederson indre Haugland, f. 1733, bygsla bruket i 1784 og tok mot det våren etter då Erik flutte.  G. 1761 Barbru Pauls dtr. Midthus, f. ikr. 1740.  Anders hadde fyrr havt eit bruk på Mobergslien, s. M. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans. 
Anders var ein mykje vyrd mann ogso etter at han flutte til Ulven.  Han var stemnevitne i mange år, og då han var for gamall til å reisa ikring bygdi, gjorde han tenesta som lagrettemann.  I 1784 var han «forsvarer» for dei som hadde seld trantunna, s. O. B. II 281.  Då ein son hans i 1799 hade fenge barn med ei gjenta frå Åsen, greidde Anders å få sonen frikjend, men gjenta fekk 8 dagars vatn og brød for si misferd. 
I 1791 vart Ulven atter skift i 3 bruk.  Anders let då eldste sonen få bruket her og tok sjølv det nyskipa bruket, s. br. 2, der ein finn meir um han. 

Paul Andersson Ulven, f. p. Mobergslien 1762, bygsla bruket etter faren i 1792.  G. 1788 Anna Lars dtr. Rindedalen (Lysekloster), f. ikr. 1765.  Born: Anna, f. 1789, d. ug. 1819, Anders, f. 1790, g. 1819 Magdela indre Drange, s. i. D. 2, Barbru, f. 1793, g. 1816 Ola Hansson Eikeland frå Fusa, b. Eikeland, Lars, f. 1797, s. n.  Paul sat tungt i det og makta ikkje å halda husi sine i åbodsfri stand.  Han kom burt på sjøen i 1799. 

Ekkja Anna Lars dtr. hadde so bruket nokre år.  I 1800 fekk ho tinglesi ei vilkårskontrakt, som sa at ho «enke Anna Lars dtr.» skulde gjeva vilkår til seg sjølv og til Paul, mannen sin, som var død for eit år sidan.  På denne måten fekk ho tryggja seg vilkår av bruket i alle høve, korleis det enn gjekk med henne. 

Mortein Eilifson Nesbjørneset frå Strandvik, f. p. Sandal 1753, vart i 1802 gift med ekkja Anna Lars dtr. og fekk bygsla bruket same året.  Då verfar åt kona nett var død, bygsla Mortein bruket hans samstundes, s. br. 2.  Mortein og Anna fekk ein son, Eilif, f. 1809, som drukna i Ulvenvatnet i 1824 saman med tenesteguten deira, Ola Drange (Nordstraumen?).  Mortein var nytta som skyns- og takstmann i bygdi.  I 1804 vart han utskriven til kystvernet i Os og fekk då utlevert «handspik» som verja.  Han døydde i 1827 og kona i 1845. 
Mortein hadde desse husi på bruket sitt: Eit gamalt bunadshus 21 alner langt med røykstova i eine enden, sengebud i den andre og eldhus i midten, torvtekt og bordklædd.  Stova som var 9 alner breid hadde tvo duble vindaugo, og i den 7 alner breide sengebudi var tvo enkle vindaugo.  I stova stod ein røykomn og eldhuset hadde skorstein.  Umframt bunadshuset hadde bruket eit nytt timbra stabur, 9 x 7 alner, eit gamalt timbra fjos, 8 x 8 alner, ei gamall løda, 11 x 8 alner, ein hestestall, 7 x 6 alner, og eit gamalt sauehus, 9x 7 alner.  Alle husi hadde torvtak med undantak av stallen, som hadde hellor på den eine sida av taket. 

Lars Paulson Ulven, f. 1797, bygsla bruket etter mori og stykfaren i 1827.  G. 1826 Marta Engjels dtr. Søfteland, f. 1796.  Born: Anna d. e., f. 1827, g. 1851 Rasmus Raudlidi, s. Sperrevik 2, Marta, f. 1830, g. 1854 Bård Kalvetræ, s. K. 1, Anna d. y., f. 1832, g. 1855 Asbjørn Gjemdal, s. G. 3, Barbru, f. 1834, ug.  Lars let bruket frå seg i 1842 og flutte frå Osbygdi. 

Bruket vart ikkje bygsla burt etter at Lars let det frå seg, men vart drive ved paktarar, s. n. 

Ola Andersson pakta bruket i 1842.  Korkje han eller kona hans, Marta Ols dtr., var osingar, men kvar dei kom frå, veit me ikkje.  Dei fekk ein son, Karl, i 1844.  Han vart mekanikar i Bergen og gifte seg i 1869 med Anna Pernilla Peters dtr. frå Laksevåg.  Ola hadde bruket til 1853, då han flutte frå Osbygdi. 

Anders Andersson Orra frå Hålandsdalen, f. 1829, vart paktar etter Ola.  G. 1853 Kristi Ols dtr. Kuven, f. 1831.  Dei fekk 3 born medan dei var på Ulven, men berre dotteri Ingeborg, f. 1857, vaks upp.  Ho vart gift i 1878 med Gitle Gitleson Orra frå Hålandsdalen og vart busett på Orra.  I 1861 slutta Anders som paktar på Ulven og flutte attende til Hålandsdalen, der han busette seg på farsgarden. 

Ola Johannesson Bjørnen, f. 1829, pakta bruket i 1861.  Han hadde fyrr vore busett i Bjørnen, s. B. 2.  G. 1850 Brita Simons dtr. Ferstad, f. 1829.  Born: Johannes, f. 1850, g. 1876 Guro Haukeland, s. Sælen 3, Brita, f. 1851, g. 1876 Knut Knutson Byrkjeland i Fana, s. F. B. 786, Simon, f. 1853, g. 1875 Helle Andreas dtr. Førde, b. Bergen, Maria, f. 1855, g. 1874 Nils Nilsson Holen, b. Bergen, Jakob, f. 1860, d. ung, Kristina, f. 1863, Malena, f. 1865, Ola, f. 1868, Jakob, f. 1871. 
Då Ulven vart teken til eksisplass fekk ikkje Ola pakta bruket lenger, og han flutte då til Aspelien ved Søfteland.  Seinare vart han busett i Årstad ved Bergen. 

Staten kjøpte Ulvengarden av Lysekloster i 1873 for 3600 spd.  I 1864 var det «leirsamling» på Ulven, då dei norske soldatane var samla her med tanke på Danmarksferd, og dei militære styremakter fann då ut at Ulven var sers høveleg til eksisplass.  I 1875 fekk militærstellet leigekontrakt på garden til sitt bruk, og i 1878 – 79 vart tunet rive, og dei tidlegare brukarar måtte flytja burt.  Sidan hev garden vore brukt til eksisplass, det han enno er. 


ULVEN 2. 

Rasmus Ulven var husmann på garden i 1620 åri.  Um Rasmus hadde eit jordstykke attåt eller berre snaude huset sitt, veit me ikkje. 

Ola Ulven vart brukar her i 1628, da Ulven vart skift i tvo partar.  Kvar han var frå, veit me ikkje.  Ola hadde tre ottande partar av garden.  Han sat sverande tungt i det og var sume år millom dei fatigmennene i Os som måtte få hjelp av bygdi.  I åri 1638 – 40 hadde Ola arbeidd seg so langt fram, at han vart rekna med og lagde skatt som ein vanleg bonde, men vart so snøgt fatigmann att.  Truleg vart han då ute for eit uhende.  Han døydde i 1645. 

Garden vart no skift i 3 like store bruk, s. br. 3. 

Ola Mikkjelson, f. ikr. 1611, bygsla bruket i 1646.  Han var truleg son åt Mikkjel Lønningdal.  Kona som heitte Gyrid, f. ikr. 1630, var kannhenda dotter åt fyremannen på bruket.  Av borni kjenner me: Nils d. e., f. ikr. 1648, b. Grindevoll, s. G. 1, Nils d. y., f. ikr. 1654, g. 1691 Anna Skjeie, s. S. 1, Ragnhild, f. ikr. 1656, s. n., Ola, f. 1670, g. 1698 Kristi indre Lekven, s. i. L. 2, Sigrid, f. 1672, s. n., Steffen, f. 1675, d. ung.  Ola greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1680 og kona i 1707. 

Mons Aslakson, f. ikr. 1660, vart i 1680 gift med Ragnhild Ols dtr. Ulven, f. ikr. 1656, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Mons var ikkje osing, men me veit ikkje kvar han kom frå.  Ragnhild døydde i 1694, og Mons gifte seg att tvo år etter med syster åt Ragnhild, Sigrid Ols dtr. Ulven, f. 1672.  Sigrid var då ekkja etter giftarmål utanfyre Osbygdi med ein som heitte Jetmund, og hadde med seg ei dotter, Kari, frå fyrste giftarmålet sitt.  Mons og Sigrid fekk 7 born: Ragnhild, f. 1697, ug., Kari, f. 1699, ug., Brita, f. 1701, g. 1734 Lars indre Moberg, s. i. M. 3, Steffen, f. 1703, g. 1728 Marta Drange, s. Kuven 3, Ingeborg, f. 1706, g. 1736 Jon Røttingen, s. Sørstrønen 2, Lars, f. 1711, s. n., Ola, f. 1714, g. b. Fana.  Mons dreiv fiske og sat tolleg godt i det.  Han døydde i 1739 og kona i 1743. 

Ola Steffenson Valle var husmann på garden i Mons og fyremannen si tid.  Ola var gift I 1670 Ingeborg Eriks dtr., d. ikr. 1704, g. II 1705 Brita Lars dtr., f. ikr. 1650, d. 1731.  Fyrste kona var skrivi for Ulven då ho vart gift og var truleg uppfostra der.  Ola var i ætt med folket på Ulven, og det er ikkje utruleg at han var morbror åt dei tvo konone på bruket, Ragnhild og Sigrid.  Det sjeldsynte namnet Steffen finn me i begge huslydane. 

Lars Monsson Ulven, f. 1711, bygsla bruket då faren døydde i 1739.  Han tente på Haugland i Fana, då han i 1736 vart utkriven til hertenesta.  G. 1741 Unna Engjels dtr. Ulland frå Samnanger, f. 1709.  Born: Anna, f. 1742, Sigrid, f. 1744, Steffen, f. 1745, g. 1791 Kristina Sagstad, s. Askvik 4. Tvo gjentor døydde unge.  Sonen Steffen, som var gamall ungkar i 1780 åri, hadde ikkje hug å tena, men vilde driva for seg sjølv, og han vart difor teken for retten «for modvillig opsætsighed mod at tage tjeneste».  Systerne åt Steffen reiste ut, og me finn dei ikkje att i Os.  Lars sat sverande smått i det.  Han døydde i 1765. 


Ekkja Unna Engjels dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho streva hardt for å greida seg og var millom dei som fekk «undsætningskorn» for å berga livet i 1770 åri.  Då futen kom og krov pengar for kornet i 1787, var ho nett død.  Ho fall frå i 1786. 

Sjur Johannesson bygsla bruket i 1772.  Han var då dreng i Lysekloster og var truleg frå Hardanger.  G. Jørna Ellings dtr.  Born: Marta, f. 1772, Kristi, f. 1774.  Då kona døydde i 1775, sa han bygsla upp på Ulven og flutte til ytre Drange, der han vart gift att året etter, s. y. D. 1. 

Tomas Olson Tveit, f. 1730, bygsla bruket i 1775, samundes som han bygsla br. 1.  I 1778 vart bruki slegne sanan til eitt, og Tomas sitt bruk vart då halve Ulven.  Sjå um Tomas og huslyden hans under br. 1. 

Lars Henrikson og Erik Rasmusson var paktarar frå 1780 til 1785.  Sjå um dei under br. 1 

Anders Pederson indre Haugland, f. 1733, bygsla br. 1 i 1784 og fekk dermed ogso br. 2.  I 1791 vart Ulven atter skift i 3 bruk, og Anders tok då bruket her.  Sjå um han og huslyden hans under br. 1.  Anders døydde her i 1801 og kona i 1819. 

Mortein Eilifson Nesbjørneset, f. 1753, bygsla bruket i 1802, samstundes som han bygsla br. 1.  Ein finn um han og huslyden hans der. 

Nils Nilsson Frotveit frå Fana, f. ikr. 1766, bygsla bruket i 1813.  Han hadde fyrr vore dreng i Lysekloster.  G. ikr. 1801 Anna Peders dtr., f. ikr. 1763, som ogso var frå Fana.  Dei fekk 4 born, men berre dotteri Sigrid (tvilling), f. 1804, kom livande til verdi.  Sigrid vart gift 1825 med Hans Tøsdal, s. H. 2.  Nils var bygningsmann og var attimillom ogso nytta som skyns- og takstmann i bygdi.  Han døydde i 1838. 
Nils bygde nye hus på bruket straks etter at han kom til Ulven, og husi hans vart større enn dei vanleg var på gardane i Os.  Istadenfor ei liti røykstova sette han upp eit timbra stovehus, 20 x 9 alner, med ei stova i kvar ende og lem over begge stovone.  I midten var ein gang med skorstein, og attåt huset bygde Nils eit eldhus, 7×5 alner.  Stovehuset, som ialt hadde 6 duble og 5 enkle vindaugo, hadde vanlegt torvtak.  Nils sette ogso upp ny løda, 27 x 12 alner, med timbra fjos og smalehus inne i løda.  Ho vart torvtekt likeins som stovehuset, og var etter det me kann skyna den største løda hjå nokon Osbonde i dei dagar. 
Ekkja Anna Peders dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen døydde.  Ho fall frå ikr. 1850. 

Ola Hansson Ulven, f. 1801, bygsla bruket i 1845.  G. I 1836 Brita Ols dtr. Askvik, f. 1806, d. 1855, g. II 1856 Kari Ols dtr. ytre Moberg, f. 1826.  Dei hadde ikkje born.  Det var fleire på garden med same namnet som Ola, og han vart difor kalla «Ola mann».  Han døydde i 1872. 
Ekkja Kari Ols dtr. hadde so bruket eit par år.  Då Staten kjøpte bruket, vart det bygt ei kårstova åt Kari ein annan stad på garden, s. br. 9, der ein finn meir um henne. 

Staten kjøpte bruket saman med dei andre bruki på garden i 1875 og leigde det burt til militærstellet, s. br. 1. 


ULVEN 3. 

Mons Torsteinson Ulven
, f. ikr. 1622, fekk bygsla bruket og vart fyrste brukar her då Ulven vart skift i 3 bruk ikr. 1645.  Mons var fyrst gift med ei som heitte Guro og seinare med ei som heitte Kari, f. ikr. 1615.  Kvar konone var frå, veit me ikkje, men dei hadde ætt i Sørstrønen.  Av borni kjenner me: Ola, f. ikr. 1651, ug., Torstein, f. 1659, g. 1687 Barbru Bø, s. Storum 4, Brita, f. ikr. 1662, Marta, f. ikr. 1666, g. 1693 Nils Askvik, s. Sjøbøen 1, Johannes, f. 1668, s. n, Kari, f. 1670, g. 1705 Anders Sørstrønen, s. S. 1, Jon, f. 1675, d. ung.  Mons greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1704 og siste kona hans i 1696. 

Johannes Monsson Ulven, f. 1668, bygsla bruket etter faren.  G. I 1693 Marta Johannes dtr. Askvik, f. 1670, d. 1713, g. II 1714 Lisbet Tomas dtr. Fjelltveit frå Fana, f. ikr. 1678, d. 1717, g. III 1717 Marta Ols dtr. Sørstrønen, f. 1692.  Av 13 born (umlag alle var gjentor) døydde storparten i 20 års aldren og berre tvo vart eldre: Guro, f. 1710, d. ug. 1767, og Lisbet, f. 1728, s. n.  Johannes var ein drivande kar og greidde seg tolleg godt dei fyrste åri, men skifti etter dei tvo konone og den store barneflokken hans gjorde det tyngre for han etterkvart.  Johannes døydde i 1746. 
Ekkja Marta Ols dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho fall frå i 1751. 

Ola Olson Tveit, f. 1727, vart i 1751 gift med Lisbet Johannes dtr. Ulven, f. 1728, og fekk same året bygsla bruket etter vermori.  Born: Marta, f. 1755, g. 1783 Hans Kuven, s. K. 5, Johannes, f. 1759, s. n., Ola, f. 1762, g. 1781 Marta Økland, s. Hovland 3, Ingeborg, f. 1768, g. 1796 Jon Lunde, s. Kuven 1.  Ein gut døydde ung.  Ola sat tungt i det.  Då broren kom til Ulven i 1775, s. br. 1, vart det straks strid millom brørne, og kona åt Ola vart skulda for å vera trollkjering og trollheks.  I 1782 måtte Ola for retten saman med broren Tomas og nokre Lysefjordingar avdi dei hadde vore på «dyrejagt» (hjorteskyttri) i Ulvenmarki.  Dei sanna at i 1776 hadde dei gjenge etter hjorten, men sa at dei råka han ikkje.  I 1786 måtte Ola atter for retten, då han saman med nokre Fanasokningar hadde vore i skogen etter hjort.  Ola var ein vyrd mann i Osbygdi og gjorde tenesta som lagrettemann i mange år.  Han døydde i 1795 og kona i 1803. 

Johannes Olson Ulven, f. 1759, bygsla farsbruket i 1784.  I dei fyrste åri dreiv han det saman med faren.  G. I 1783 Brita Jons dtr. Hovland, f. 1763, d. 1805, g. II 1806 Ranveig Sjovats dtr. Eidsvik (ytre Drange), f. 1769.  Likeins som bestefaren fekk Johannes mange born, 17 i alt, men 12 av dei døydde fyrr dei nådde 3 års aldren.  5 born vaks upp: Jon, f. 1790, g. 1808 Marta Ols dtr. Øvstebø i Fana, b. Øvstebø, s. F. B. 462, Lisbet, f. 1792, Gjertrud, f. 1796, g. Ola Olson Sælen, b. Fortun i Fana, s. F. B. 513, Brita, f. ikr. 1810, Tolleiv, f. ikr. 1812, g. Kari Nils dtr. Haugland i Fana, b. Haugland, s. F. B. 498.  Johannes kom likeins som faren i strid med farbroren på br. 1, s. d., og var ogso med på dyreskjotingi i Ulvenmarki.  I 1807 sa han bygsla frå seg og flutte til Fortun i Fana, der han sidan vart buande, s. F. B. 513. 

Jon Larsson bygsla bruket i 1808.  Kvar han var frå, veit me ikkje, men både han og kona hadde tent eller vore i arbeid på Lysekloster fyrr dei kom til Ulven.  Truleg var dei frå Fana.  G. ikr. 1807 Anna Brigts dtr., f. ikr. 1775.  Born: Anna f. 1808, g. 1832 Lars Hovland, s. Søvik 2, Kari, f. 1817, g. 1846 Hans ytre Drange, s. y. D. 1.  Tvo born døydde unge.  Jon døydde ikr. 1830 og kona i 1846. 
Jon hadde desse husi på bruket sitt: Ei stor røykstova, 10 X 10 alner, med gang 6 X 10 alner og vedskytja 6 X 10 alner attåt.  Huset hadde torvtak og i stova var 2 duble vindaugo.  I gangen var skorstein.  På tunet stod ei timbra sengebud, 10 X 9 alner, med lem og kjellar og tvo vindaugo i budi, eit nytt stabur, 9X7 alner, eit timbra fjos, 11X8 alner, og eit 5 alners skot attåt, ei gamall løda, 17 X 10 alner, og ein timbra stall, 11X8 alner.  Alle husi var bordklædde og hadde torvtak.  Berre eine hyrna på løda hadde helletak. 

Eivind Sjovatson Eidsvik (ytre Drange), f. 1795, bygsla bruket i 1832.  Han hadde fyrr vore busett på Høyspolen ved Lysekloster, s. L. 3.  G. I 1824 Kari Ols dtr. Nordstrønen, f. 1798, d. 1842, g. II 1842 Malena Ols dtr. Nordstrønen, f. 1819.  I 1845 flutte Eivind til ytre Drange, s. y. D. 3, der ein finn meir um han og huslyden hans.  

Didrik Larsson Halhjem, f. 1813, bygsla bruket då Eivind flutte.  G. 1843 Brita Ols dtr. Mobergslien, f. 1809.  Born: Ola (tvilling), f. 1847, s. n., Guro, f. 1847, s. br. 7, Brita Malena, f. 1850, g. 1875 Johannes Sælen, s. S. 4.  Ei gjenta døydde ung.  Didrik var snikkar og bygningsmann.  Han døydde i 1872 og kona i 1897. 

Ola Didrikson Ulven, f. 1847, bygsla bruket då faren døydde.  G. 1870 Anna Hans dtr. Tøsdal, f. 1847.  Då Staten hadde kjøpt Ulven og leigde garden burt til militærstellet i 1875, måtte Ola segja bruket frå seg og fekk istaden bygsla eit bruk på Heggland.  Sjå meir um han og huslyden hans under Heggland 2. 


ULVEN 4 (Vaksinen, Ulventræ). 

Hans Olson Skogen, f. 1773, bygsla ein plass i 1803 og rydja og bygde her.  I dei fyrste 6 åri skulde han ha plassen fritt, og sidan skulde han leggja ein dalar um året i avgift for kvar ku han fostra på plassen.  G. 1801 Marta Nils dtr. ytre Moberg, f. 1784.  Born: Ola, f. 1801, s. br. 2, Ragnhild, f. 1803, Samson, f. 1806, s. br. 6, Nils, f. 1809, drukna i Ulvenvatnet 1825, då han skulde ta livet av hunden deira, Eli, f. 1813, g. 1842 Mons Drange, s. Skjeie 6, Hans, f. 1816, s. br. 7, Marta, f. 1819, g. 1846 Lars Lunden, s. L. 5, Brita, f. 1821, s. n., Peder, f. 1825, s. br. 9.  Hans døydde i 1843 og Marta i 1851. 

Johannes Olson Askvik, f. 1813, vart i 1842 gift med Brita Hans dtr. Ulven, f. 1821, og fekk bygsla bruket då verfaren døydde året etter.  Born: Ola, f. 1843, s. n., Velina, f. 1845, d. ug. 1876, Marta, f. 1848, g. 1873 snikkar Anfin Gundersen frå Gaular, b. Bergen, Hansina, f. 1850, g. 1896 Lars Skjeie, s. S. 7, Svein, f. 1854, Hans, f. 1856, møbelsnikkar, g. Agnes Larsen, b. Bergen, Anna, f. 1860, g. 1885 Mons Skjeie, s. Kuven 12, Nils, f. 1863, møbelsnikkar, g. Elisa Olsen, b. Bergen.  Johannes døydde alt i 1863. 
Ekkja Brita Hans dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho døydde i 1909. 

Ola Johannesson Ulven, f. 1843, bygsla storparten av bruket etter mori i 1870.  Bruket vart skift i tvo partar slik, at Ola fekk ikring tvo tridjepartar og mori skulde framleis ha resten.  Kvar part vart serskilt skyldsett.  Ola vart gift i 1868 med Marta Anders dtr. Døsen, f. 1845.  Born: Johannes, f. 1870, d. ug. 1893, Anders, f. 1872, snikkar, g. 1900 Olina Olsen frå Vik i Sogn, b. Bergen, Bertin, f. 1875, g. 1893 Marta Moberg, s. Skogen 4, Karl, f. 1878, g. 1914 Anna Balland, s. Kuven 22, Svein, f. 1883, snikkar, Brita, f. 1886, i Amerika, Ola (tvilling), f. 1889, g. 1918 Olina Nordbø, s. Kuven 35, Kari, f. 1889, g. politibetjent Trygve Høye, b. Bergen.  Ola var bygningsmann og snikkar.  Militærstellet vilde ha Ulventræ fritt, og ikr. 1900 flutte Ola huset sitt til Bakken austanfyre Ulven, der han sidan vart buande.  Han døydde her i 1924. 


ULVEN 5 (Vaktdalen, Svegane).


Lars Olson Skogen, f. 1771, som var bror åt fyrste mannen på br. 4, bygsla i 1808 eit utmarkstykke og rydja og bygde her.  Stykket vart på bygslesetelen skrive for «Vagtdalen», men vart i dagleg tale kalla «Svegane».  Bygslevilkori var umlag som for broren då han bygsla Ulventræ.  Lars vart gift i 1806 med Ragnhild Lars dtr., f. ikr. 1774, som tente på Lepsøy.  Kvar ho var frå, veit me ikkje.  Born: Eli, f. 1806, s. n.  Lars dreiv med fiske og skogarbeid.  Han døydde i 1846 og kona i 1852. 

Johannes Larsson Tveit, f. 1801, vart i 1834 gift med Eli Lars dtr. Ulven, f. 1806, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Dei hadde ikkje born.  Johannes dreiv fiske likeins som fyremannen.  Han døydde alt i 1841. 
Ekkja Eli Lars dtr. hadde so bruket nokre år. 

Ola Engjelson Søfteland, f. 1805, vart gift med ekkja Eli Lars dtr. i 1844, og fekk same året bygsla bruket.  Dei hadde ein son, Engjel, f. 1845, som vart hjulmakar og var busett på Nesttun i Fana.  Han var ugift.  Ola dreiv med ymse trearbeid.  Han døydde i 1863 og kona i 1865. 

Lars Halvardson Lunde, f. 1836, bygsla bruket etter Ola.  G. 1863 Kristi Kristians dtr. Særvoll frå Strandvik, f. ikr. 1824.  Dei fekk 3 born som alle døydde unge.  Lars vart ikkje gamall, då han fall frå alt i 1876. 
Ekkja Kristi Kristians dtr. hadde so bruket eit par år.  I 1878 vart ho gift att med Svein Nilsson Øvreide, f. 1834, og same året sa ho bygsla frå seg, då eigaren krov at ein annan skulde ha bruket.  Kristi og Svein flutte so til Særvoll i Strandvik, der dei sidan vart buande. 

Johannes Andersson Orra frå Hålandsdalen, f. i Rennesvik 1834, fekk bygsla her i 1878, då han måtte flytja frå bruket som han fyrr hadde havt på Ulven. I 1900 kjøpte han bruket her for 2300 kroner.  Han døydde i 1919 og kona i 1906.  Sjå meir um han under br. 6. 


Peder Pederson Bahus frå Fana, f. 1869, kjøpte bruket i 1904 og busette seg her.  G. 1906 Olina Hans dtr. Hetleflåten, f. p. Tøsdal 1880.  Born: Peder, f. 1906, trearbeidar, Harald, f. 1908, s. br. 12, Kristian, f. 1909, s. n., Anders, f. 1912, trearbeidar, g. 1935 Amanda Ols dtr. Sperrevik, (born: Liv. f. 1936, Ola, f. 1938, Gerd, f. 1939), Anna, f. 1914, hushjelp, Jon, f. 1921, trearbeidar.  Peder dreiv med kjøring o. a. attåt gardsbruket.  Han døydde i 1925. 
Ekkja Olina Hans dtr. stjorna so bruket i 11 år.  Ho døydde i 1935. 

Kristian Pederson Bahus, f. 1909, fekk skøyte på bruket etter mori i 1936 og er gardbrukar her no. 


ULVEN 6 (Gjertrudberget). 

Samson Hansson Ulven, f. 1806, fekk bygsla ein part av garden i 1844 og bygde her.  Han hadde fyrr vore busett på Høyspolen under Lysekloster, s. L. 3.  G. 1830 Anna Nils dtr. Storum, f. 1798.  Born: Lars, f. 1830, g. 1855 Anna Raudlidi, s. Hatvik 4, Marta, f. 1832, s. n., Lisbet, f. 1835, g. b. i Åsane, d. p. Valestrand i Hamre 1919, Kristi, f. 1838, g. 1879 Svein Engjavik, s. Åsen 5, Hans, f. 1842, g. 1871 Barbru Hovland, s. Bø 7, Ragnhild, f. 1845, g. b. i Åsane.  Samson dreiv med fiske o. a.  Han døydde i 1883 og kona i 1881. 

Johannes Andersson Orra, f. i Rennesvik i Hålandsdalen 1835, vart i 1864 gift med Marta Samsons dtr. Ulven, f. 1832, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Dei hadde 3 born, men alle døydde unge.  Då militærstellet vilde ha det meste av bøen til eksisplass, gjekk Johannes med på å segja bygsla frå seg mot at han fekk eit anna bruk att.  I 1878 flutte han til Svegane (Vaktdalen), der han sidan vart buande og der ein finn meir um han, s. br. 5. 

Ola Olson Eidevig frå Gaular i Sunnfjord, f. 1832, vart tilsett som uppsynsmann på Ulven eksisplass i 1879 og fekk bustad her.  Han hadde i 7 år gjort hertenesta i garnisonen og var seinare depotarbeidar i Bergen.  G. 1863 Berta Halsteins dtr. frå Eidfjord, f. 1838.  Born: Jakob, sjømann, Jørgen, sadelmakar, b. Bergen, Edvard, kusk, b. Bergen, Jens, d. ung, Ingeborg, g. murar Nævdal frå Hosanger, b. Bergen, Olina, g. b. Eidfjord, Peder, s. br. 11.  Ola var uppsynsmann til han døydde i 1909.  Kona flutte til Eidfjord og døydde der i 1910.  Militærstellet kjøpte huset og nytta det seinare til sjukehus.  Det er no magasin for regimentet. 


ULVEN 7 (Reino). 

Hans Hansson Ulven, f. 1816, fekk bygsla det nye bruket her, då Ulven i 1845 vart skift i 4 vanlege bruk umframt dei 3 småbruki Ulventræ, Svegane og Gjertrudberget.  Dei 3 gamle bruki hadde tunet sitt liggjande nær burt under Ulvenfjellet, vestanfyre Lyseklostervegen, men Hans bygde husi sine på bakkekanten, «reini», rett uppfor Ulvenvatnet.  Bruket vart difor kalla Reino.  Hans hadde tent lenge i Lysekloster fyrr han kom til Ulven.  G. 1842 Olina Nils dtr. Borgen, f. 1808.  Born: Nils, f. 1841, g. 1868 Brita ytre Haugland, s. Balland 2, Marta, f. 1842, b. Hålandsdalen, Hans, f. 1846, g. 1871 Dordi Bahus, s. Lysekloster 5, Ola, f. 1851, g. 1878 Anna Nikolais dtr. Røttingen, b. Arstad ved Bergen.  Hans døydde alt i 1850. 
Ekkja Olina Nils dtr. hadde bruket eit par år etter at mannen fall frå.  Ho døydde i 1872. 

Ola Olson Sørstrønen, f. 1821, bygsla bruket i 1852.  G 1850 Guro Ols dtr. Askvik, f. 1824.  Born: Ingeleiv, f. 1854, g. 1884 handelsmann Ola Andersson Nordstrønen, b. Bergen, Marta, f. 1857, g. 1879 skomakermeistar Johan Vagtskjold, b. Bergen, Ola, f. 1860, d. 1879, Brita f. 1863, g. 1884 Jakob Nordstrønen, s. N. 7, Anders 1865, g. 1893 Hansina Sundøy, s. S. 4, Gjertrud, f. 1868. g. 1890 Johan Andersson Stolpane i Samanger s. S. B. 248.  Ola vart heller ikkje gamall Jolevika 1869 var han på tur til Bergen saman med Ola Hagavik og Anders Hovland.  Dei kollsigla og alle kom burt på sjøen. 
Ekkja Guro Ols dtr. hadde so bruket eit par år. 

Hans Steinson Forstrønen, f. 1836, vart i 1871 gift med ekkja Guro Ols dtr. og fekk bygsla bruket.  Dei hadde ikkje born.  I 1878 let Hans bruket frå seg til eksisplass og fekk istaden bygsla eit bruk på Økland, der han sidan vart buande.  Sjå meir um han under Økland 1. 


ULVEN 8 (Kolskogen) 

Jon Kristofferson ytre Moberg, f. 1818, fekk i 1845 bygsla ein part av utmarki på Ulven og busette seg her.  G. 1844 Anna Ols dtr. Lid frå Samnanger, f. ikr. 1815.  Av 7 born vaks 3 upp: Marta, f. 1844, d. ug. 1863, Guro, f. 1851, d. ug. 1905, Ola, f. 1855, drukna då han lauga seg i Ulvenvatnet ein dag i 1870.  Jon døydde alt i 1863. 
Ekkja Anna Ols dtr. stjorna so bruket eit par år. 

Eivind Martin Johannesson frå Bergen, f. 1843, gifte seg med ekkja Anna Ols dtr. i 1865 og vart brukar her.  I 1900 kjøpte han saman med stykdotteri Guro Jons dtr. Bruket for 1300 kroner.  Anna døydde i 1903, og Eivind gifte seg att tvo år etter med Brita Lars dtr. Mobergslien, f. 1883.  Born: Anna f. 1901, Karl, f. 1902, steinarbeidar, g. 1932 Anna Ols dtr. Gjerdevik frå Fusa, Emma, f. 1903, Lars, f. 1906.  Eivind døydde i 1907.  Ekkja selde bruket her og flutte til nytt bruk, s. br. 10. 

Annanias Jonson Tømmernes, f. 1875, kjøpte bruket i 1907.  G. 1901 Nilla Lars dtr. Hodneland frå Lindås, f. 1871.  Born: Jon, f. 1901, gardsarbeidar, Ingeborg, f. 1903, hushjelp.


ULVEN 9 (Bakken). 

Ekkja Kari Ols dtr. Ulven
, f. p. ytre Moberg 1826, som fyrr hadde havt br. 2 på Ulven, fekk bygt kårstova og busette seg her då Staten tok bruket hennar til eksisplass.  Sjå um henne under br. 2. 

Peder Hansson Ulven, f. 1825, vart i 1877 gift med ekkja Kari Ols dtr. og busette seg her.  Han hadde fyrr vore busett på Kuven, s. K. 9, men kom no attende til Ulven og vart seinare kjend under namnet «Per i Bakken».  Peder vart fyrste gong gift i 1846 med Ingjerd Ols dtr. Skogen, f. 1819, d. p. Kuven 1876.  Born: Hans, f. 1847, g. 1878 Anna Osøyri, s. Hetleflåten 3, Svein, f. 1849, g. 1878 Marta Lepsøy, s. Kuven 10, Brita, f. 1851, d. ug. 1872, Marta, f. 1854, g. 1889 Peder Olai Nilsson Eknes frå Hosanger, Nils, f. 1857, g. 1884 Olina ytre Moberg, s. Skogen 3, Olina, f. 1859, d. ung, Anna, f. 1862, g. 1893 Nils Nilsson Eknes frå Hosanger.  Peder dreiv med trearbeid og ymse anna.  Han døydde i 1903 og Kari i 1904.  
Staten kjøpte so eigedomen i 1909 og skipa den um til bustad for uppsynsmannen på Ulven eksisplass. 


ULVEN 10 (Bjørkeli). 

Ekkja Brita Lars dtr. Kolskogen, f. 1883, fekk i 1907 skilt ut eit stykke av br. 8, som ho då hadde, og bygde på stykket.  Sjå um henne under br. 8.  I 1915 vart ho gift att med Hans Andersson Særvollsvik, s. S. 1, der ho sidan vart buande og der ein finn meir um henne.  

Ola Bertinson Nygård (Skogen), f. 1892, kjøpte bruket i 1921.  G. 1916 Dortea Andreas dtr. Stang frå Askvoll, f. 1893.  Born: Margit, f. 1917, fabrikkarbeidar, Bertin, f. 1919, sjauffør, Alfred, f. 1921, fabrikkarbeidar, Hilmar, f. 1924, Dagmar, f. 1927, Olga, f. 1929.  Ola var jord- og steinarbeidar.  Han døydde i 1935. 
Ekkja Dortea Andreas dtr. hev bruket no. 


ULVEN 11 (Granhaug). 

Peder Olson Eidevig
, f. i Bergen 1876, kjøpte i 1916 eit stykke av br. 5 og busette seg her.  Nokre år seinare kjøpte han ogso eit stykke av Staten si utmark her og lagde til bruket.  G. 1905 Elisa Simonsen frå Haus, f. 1874.  Born: Petter, f. 1906, målar, g. 1933 Jenny Lyngbø frå Fana, (Born: Aslaug, f. 1934), Alis, f. 1909, hushjelp, Rolf, f. 1912, støypearbeidar, Elisabet, f. 1916, hushjelp, Håkon, f. 1918, trearbeidar.  Peder er uppsynsmann på Ulven likeins som faren var det.  Kona døydde i 1930. 

ULVEN 12 (Solhaug). 

Harald Pederson Vaktdal (Ulven), f. 1908, skøytte i 1932 eit stykke av farsbruket, br. 5, og bygde her.  G. 1933 Karen Rasmussen frå Bergen, f. 1913.  Born: Harald, f. 1934, Berit, f. 1937. Harald er trearbeidar. 


ULVEN 13 (Skogheim). 

Alfred Olaison Åsen, f. 1907, kjøpte i 1938 ein part av Staten si utmark og bygde her i 1940.  G. 1937 Magda Grotle frå Bremanger, f. 1913.  Born: Ragnar, f. 1938. Alfred er trearbeidar.