OSØYRI
Frå OS SOGA III side 438 – 477

55. II. OSØYRI
Namnet kjem av øyri, sandgrunnen, som elvi hev laga her ved elvarosen. I dagleg tale var ikkje dette namnet i bruk, og um dei fyrste som busette seg her vart sagt og skrive at dei var busette «ved sjøen». Namnet Osøren finn me fyrste gong skrive i 1760. Øyri høyrde til Os prestegard, og gjerdet millom prestegarden og indre Moberg gjekk frå elvarsvingen ved Berg sitt hus rett ut i sjøen nedanfyre heradshuset. Same veg hadde tvillaust ogso Mobergselvi gjenge mot sjøen i gamle dagar. Fleire gardar i bygdi, t. d. Ulven, Skogen, Hetleflåten, Tøsdal, Lunden og Borgen, fekk setja nausti sine ved sjøen her, og seinare eigna godseigar Formann som åtte desse gardane, utan vidare nausttuftene og fjøra til seg og lagde grunnen inn under indre Moberg.
Sjølve Øyri, som Formann ikkje kunde gjera seg gagn av då ho var nytta til eksisplass, vart framleis høyrande til prestegarden. Os herad festa eksisplassen i 1919 og hev rådvelde over den no.
OSØYRI 1.
Lars ved sjøen (Lars Osøyri), f. ikr. 1630, er fyrste mann som me finn på Osøyri, og han er truleg ogso fyrste mannen som var busett her. Kona hans, som heitte Marta, var fødd ikr. 1640. Av borni kjenner me: Lars, f. ikr. 1660, s. n., Magdela, f. ikr. 1668, d. ug. 1702, Marta, f. ikr. 1670, var ugift i 1695, Kristi, fekk eit barn i 1706. Gjertrud ved sjøen var fadder hjå lensmannen på Hauge i 1674 som «huvegudmor» på eit barn. Ho var soleis ugift då og kunde ogso vera ei dotter åt Lars ved sjøen. Gjertrud vart likevel for gamall til å vera dotter åt Marta, men det kann godt henda at Lars var gift tvo gonger. Han døydde i 1699 og Marta i 1729.
Lars Larsson ved sjøen, f. ikr. 1660, vart busett her etter faren. G. 1688 Marta Hans dtr., f. ikr. 1658, som kannhenda var dotter åt Hans Lønningdal. Marta døydde i 1708, og Lars gifte seg att med ei som heitte Brita, men som me elles ikkje veit noko um. Av borni kjenner me berre sonen Lars, f. ikr. 1690, s. n. Lars dreiv fiske, og etter det me kann skyna, tok han ogso til med å selja øl og mat til kyrkjefolket og andre ferdafolk. Då Lars døydde i 1763, skreiv presten han inn i kyrkjeboki for å vera 106 år gamall, og etter det skulde han vera eldste mannen som me kjenner i Osbygdi. Presten gjorde likevel den merknaden i boki at aldren ikkje var heilt viss i dette høve, då Lars var fødd fyrr det kom kyrkjebøker i Osbygdi, og difor ikkje var innskriven i dei.
Den fyrste kyrkjeboki her kom i 1668, og då Lars var fødd fyrr, tore me tru at han iminsto var 100 år gamall då han døydde.
Lars Larsson ved sjøen, f. ikr. 1690, fekk huset etter faren og vart fiskar likeins som han. G. 1720 Marta Bårds dtr. Kuven, f. 1681. Born: Lars, f. 1720, d. 1736, Kari, f. 1728. Det var smått for Lars likeins som det hadde vore for fyremennene, og han freista berga seg ved å selja øl likeins som faren. Lars døydde i 1766 og Marta i 1764.
Lars hadde verbroren Mortein Morteinson, f. ikr. 1690, buande hjå seg og hadde han med seg på fiske. Mortein tente på Valle, då han i 1726 vart gift med Anna Bårds dtr. Kuven, f. 1691, men kvar han var frå, veit me ikkje. Mortein døydde på Osøyri i 1767 som «en fattig mand», og kona var falli frå tidlegare. Dei var barnlause.
Johannes Monsson Stranden (Bogstrand) frå Fusa, f. 1726, flutte frå Skogen der han fyrr hadde havt gard, s. S. 1, og busette seg i huset på Osøyri då den siste Lars ved sjøen døydde. G. I 1756 Brita Ols dtr. Skogen, f. 1726, d. 1769, g. II 1769 e. Kari Anders dtr. ytre Haugland, f. 1739, d. 1787, g. III 1788 Brita Lars dtr. indre Haugland, f. 1766. Av 6 born vaks 3 upp: Anna, f. 1754, g. Anders Nilsson Rolfsvåg frå Samnanger, b. Utskot, s. S. B. 844, Bård, f. 1759, var med i sjøvernet 1801, g. 1799 Anna Ols dtr. Haugen, b. Holmesund i Sund, Kristi, f. 1763, g. 1811 Peder Døsen, s. D. 1. Johannes var fiskar og sonen Bård likeins. I 1782 var Bård med i eit notlag frå Øyane, og då laget ein dag låg med båtane sine ved Krokeid i Fana, rauk det upp til slagsmål med eit notlag frå Sund. Bård fekk juling og saki kom for retten, s. O. B. I 216.
Johannes var spelemann og spela jamt i brudlaup og andre gjestebod. Etter at han kom til Osøyri, tok han til med å selja øl likeins som fyremennene hans hadde gjort. Johannes hadde liti råd til å bryggja øl sjølv og fekk difor ølet frå ei kjering på Berge som dreiv stort med ølbryggjing. Ho kom for retten for verksemdi si, og Johannes vart tiltala som seljar. Begge fekk dom på seg, og Johannes vart dømt til å leggja 20 dalar i bot, 2 dalar til «actors sallarium», 1 dalar og 3 ort til «rettens gebyr», 5 ort til «stemplet papir» og 1 dalar til «dommens forkyndelse og exekution», ialt 25 dalar og 2 ort. Dette var verdet av ein liten gard i dei dagar, og det vart ei sver påkjenning for Johannes. For å greida seg tok han no til med sal av brennevin, tobakk, kringlor og kakor attåt ølsalet, og vart soleis i røyndi den fyrste handelsmann på Osøyri. Johannes døydde i 1805.
Johannes Osøyri hev fenge seg eit minnesmerke som ingen annan osing hev fenge. Prestesonen Mikael Sandberg skreiv ikr. 1800 eit spelstykke på ekte Osmål, og i dette spelar Johannes Osøyri og kona hans hovudrolla. Hendingane gjeng fyre seg ein preikesundag sumaren 1795 i Johannes si stova, som då var einaste bunadshuset på Osøyri. Av stykket fær me m. a. vita at Brita tente hjå Leganger på Ferstad, då Johannes gjekk på friing til henne i 1788, og at Lars Kuven var belarmann ved friingi. Dei 15 som spelar i stykket og 18 andre namngjevne karar og kvinnor er osingar som livde på dei tider, og me finn dei alle i bygdesoga. Spelstykket, som ikkje var prenta, men berre finns i manuskript, vart ved eit høve funne i Kjøpenhamn i 1934.
Jon Jonson Hovland, f. 1770, vart i 1806 gift med ekkja Brifa Lars dtr. Osøyri og vart buande her. Brita døydde i 1825, og Jon gifte seg att året etter med Anna Sjurs dtr. Lunde. f. 1783. Jon var fiskar og putla ogso med litt ølsal o. a. Han døydde barnlaus i 1828.
Nils Steffenson Garvik (Balland), f. 1808, vart i 1830 gift med ekkja Anna Sjurs dtr. og busette seg på Osøyri. Nils vart ikkje gamall. Då han ein dag i 1831 saman med Ola Ellingson Osøyri skyssa doktor Suchow til Tysnes, kollsigla dei og kom burt på sjøen. Ekkja Anna Sjurs dtr. var busett i huset til ho døydde i 1834.
Johannes Arneson øvre Rød, f. 1803, busette seg her då Nils og kona fall burt. Guro Valle stelte huset for Johannes dei fyrste åri tildess ho vart gift med han. G. I 1837 Guro Lars dtr. Valle, f. 1791, d. 1846, g. II 1847 Ingjerd Anders dtr. Ferstad, f. 1820. Born: Gurina, f. 1848, g. b. Stavanger, Anna f. 1850, g. 1878 Hans Ulven, s. Hetleflåten 3, Johanna, f. 1852, d. ug. Johannes dreiv med fiske og ymse trearbeid. Attåt dette var han «kulegravar», gravar på kyrkjegarden. Han døydde alt i 1852.
Knut Olson Kuven, f. 1769, som i 1834 vart gift med mor åt Ingjerd Ferstad, Gjertrud Villums dtr., flutte til Osøyri og busette seg her hjå stykdotteri. Sjå um han under Kuven 5. Knut døydde på Osøyri i 1861. Kona var død nokre år fyrr.
Ekkja Ingjerd Anders dtr. var busett i huset etter at mannen døydde og livja seg med spinning og strikking. Då det kom nye folk i gamlestova, s. n., flutte Ingjerd inn i ein kove som var bygd attåt stova og budde her til 1878. Ho flutte då til dotteri på Tøsdal og seinare med henne til Hetleflåten, der ho døydde i 1901.
Nils Olson Midtsæter, f. 1812, busette seg her i 1866. Han hadde fenge løyve på eigedomen av presten, likeins som fyremennene hans hadde gjort. Alle dei fyrre brukarane var skrivne som husmenn under prestegarden, men då Nils skulde festa grunnen, so gjorde indre Moberg krav på å vera rett eigar, og Nils måtte festa av Moberg. I 1872 kjøpte Nils eigedomen, som då vart serskilt skyldsett. G. 1866 Marta Villums dtr. Skard frå Samnanger, f. 1817. Dei hadde ikkje born. Nils tente lenge hjå presten og stelte både ute og inne på prestegarden like godt som ei taus. Difor fekk han ogso namnet «Tausan». Seinare var Nils arbeidskar på Molda, og var attåt ringjar ved Oskyrkja. Han døydde i 1891 og kona i 1893.
Hans Jersin kjøpte eigedomen i 1894. Sjå um han under br. 7.
Lars Larsson Tøsdal, f. 1769, bygde ikr. 1830 eit lite hus attmed gamlestova her. Tøsdalsmennene, som tok upp att båtbyggjingi i Os og skapte Oselvaren, s. O. B. I 196, hadde nausti sine standande ved Oselvi, der Os Privatbank no er, og bygde båtane der. Det vart for lang veg å gå til Tøsdal um kveldane etter arbeidstid, og Lars bygde huset til å bu i under båtbyggjararbeidet. Sjå um Lars under Tøsdal 2.
Tøsdalsmennene hadde både sønene og drengjene sine med i trearbeidet. Ein dag, medan Lars hadde eit ærind or naustet, skulde drengjen hans tjørebreda ein ferdugbygd båt. Då drengjen vermde tjøra, tok det eld i båten, og dette skulde han fortelja til husbonden. Drengjen var stamm og redd attåt, og han fekk ikkje ordi fram. «Syng det», sa husbonden, og drengjen song: «Tjøra brann upp og båten med, ved framste bandet då sløkte eg!»
Hans Larsson Tøsdal fekk huset som faren hadde bygt, og frå han gjekk det til sonen Hans Hansson Tøsdal. Sjå um dei under Tøsdal 2. Hans Hansson kjøpte grunnen under huset av indre Moberg i 1906, og i 1911 kjøpte han ogso gamlestova og den eigedomen som Hans Jersin m. fl. hadde havt, s. o. Husi, som då var leigde burt til bakeri o. a., brann upp i 1919.
Johan Botolfson Fretheim frå Aurland, f. 1886, som hadde bakeri på eigedomen, kjøpte heile bruket i 1920 og bygde eit stort og nytt handelshus her. Johan let snart bruket frå seg og vart sidan bakar i Øyane. Sjå um han indre Moberg 27.
Syskeni Lars Olson Valle, Maria Valle, Olina Valle og Ingeborg Kuventræ kjøpte bruket i 1926. Olina døydde i 1934, og dei andre 3 syskeni er eigarar no. Den eine eigaren Maria Ols dtr. Valle, f. 1888, driv matstova her og bur på eigedomen. Systeri Anna Valle er no med henne i arbeidet. Anna hev fyrr vore busett i Bergen.
OSØYRI 2 (Stegen).
Godseigar Henrik Formann på Lysekloster, som åtte indre Moberg og dermed mykje av grunnen på Osøyri, bygde eit hus her ikr. 1820. Staden der huset vart sett var kalla «Stegen», truleg avdi vegen til Moberg gjekk upp her.
Formann bygde tvillaust huset med tanke på å nytta det til handelshus. Han søkte ogso fleire gonger um handelsrett, s. O. B. I 564 o. fl. st., men heradstyret sa stødt nei og Stegen vart ingen handelsplass.
Jon Nielsen frå Bergen, f. 1811, flutte til Os i 1839 og leigde huset av godseigar Formann. Jon var bakar og skipa til bakeri på bruket. I 1856 kjøpte han ein annan eigedom på Osøyri og flutte dertil, s. br. 4, der ein finn meir um han og huslyden hans. Då Jon, eller «Gamlebakaren» som namnet hans vart i Osbygdi, let den nye eigedomen frå seg til versonen i 1881, flutte han attende hertil og bygde ei «kårstova» på bruket for seg og kona. Jon døydde her i 1891 og kona i 1888.
Ernst Peder Nielsen frå Bergen, f. 1823, kjøpte bruket i 1891 og bygde nytt hotell her. Sjå um han under br. 4.
Gerhard Nilsson Berg frå Bergen, f. 1870, kjøpte eigedomen i 1895. I 1898 kjøpte han ogso eit stykke av prestegarden og bygde på det, s. br. 33, der ein finn meir um han og huslyden hans.
A/S Bergen Packing Co. kjøpte eigedomen i 1920 saman med Nielsens nye hotell, s. o. og br. 4, og hev sidan nytta den som arbeidarbustad. Av arbeidarar som hev vore busette her i mange år nemner me: Jon Johannesson Handeland, f. i Fjellberg 1892, hev vore busett her sidan 1915. G. 1912 Gurina Johans dtr. frå Steigen i Nordland, f. 1891. Born: Johannes, f. 1913, i Nordland, Jørgen, f. 1915, fabrikkarbeidar, Einar, f. 1916, fabrikkarbeidar, Judit, f. 1917, fabrikkarbeidar, Gudrun, f. 1919, d. ung, Gustav, f. 1921, fabrikkarbeidar, Elly, f. 1934. Jon hev heile tidi vore arbeidar i Bergen Packing Co. på Osøyri.
Maren Haug, f. i Trondheim 1870, som var ekkja etter spinnemeistar Haug i Samnanger, var ogso busett her i lang tid. Ho hadde borni Astrid, f. 1897, Ingrid, f. 1898, Ragna, f. 1899, d. 1921, Jørgen, f. 1901, Reidar, f. 1902, Sverre, f. 1904. Maren var arbeidar i hermetikkfabrikk.
OSØYRI 3.
Ola Ellingson Sundøy, f. 1792, festa ei tuft på Osøyri av indre Moberg ikr. 1825 og bygde her. G. 1820 Anna Lars dtr. Valle, f. 1788. Born: Elling, f. 1820, s. n., Guro, f. 1823, g. 1845 Jon Martin Larsen frå Bergen, Marta, f. 1828, d. 1842, Lars, f. 1831, b. Bergen. Ola var murar og steinarbeidar. I 1831 kom han burt på sjøen, då han og grannen Nils skulde skyssa ein doktar til Tysnes, s. br. 1.
Ekkja Anna Lars dtr. var busett her etter at mannen fall burt. Ho døydde i 1856.
Elling Olson Osøyri, f. 1820, fekk huset etter mori. I 1845 var det halde tvo formannskapsmøte i huset hans, og 6 år etter fekk han 4 ort i husleiga for møti. G. 1847 Helena Martinus dtr. Hatvik, f. 1822. Born: Anna f. 1847, g. 1885 murar Emanuel Olson frå Sverik, b. Osøyri, Kari, f. 1849, g. sjømann Torkjell Torkjellson Reisem frå Tysnes, d. p. Osøyri 1884, Ola, f. 1852, d. ung, Lars, f. 1854, g. Sigrid Elias dtr., b. Hatviknes, Marta, f. 1858, g. steinarbeidar Edvard Olson, b. Osøyri, Olina, f. 1862, b. Bergen. Elling var murar og steinarbeidar. Attåt dette var han «kulegravar», gravar på kyrkjegarden. Han drukna i Oselvi 1882.
Ekkja Helena Martinus dtr. hadde huset etter at mannen fall frå. Ho døydde i 1901.
Knut Eliasson Gjemdal, f. 1839, busette seg her i 1892. Han hadde fyrr vore busett på Gjemdal og i Hatvik, s. H. 2, og dei siste åri hadde han leigt hus i «Vadlabudi» på Osøyri. G. I 1861 Sissa Engjels dtr. Nerhovde frå Hålandsdalen, f. 1825, d. 1877, g. II 1880 lngeleiv Engjels dtr. Osøyri, f. 1851. Dotterdotter: Emilia, f. 1904, g. 1930 vegarbeidar Hans Storlien frå Sørfolden, f. 1903 (born: Edith, f. 1931), b. Kuven. Sjå um huslyden hans elles under Gjemdal 4. Knut døydde på Osøyri i 1918 og lngeleiv i 1935. Huset vart kjøpt av Nils T. Moberg, s. br. 7, og rive i 1923. Det vart seinare bygd ei mjølbud på tufti.
OSØYRI 4.
Hans Johnsen, f. p. Havsgård i Fusa 1802 (s. Bø 6), festa ei tuft på Osøyri og bygde her ikr. 1835. Hans var utlærd som smed i Bergen og tok til med smidja og smedverksemd på den nye eigedomen. Attåt heldt han herbyrge for ferdafolk og vart difor vanleg skriven som «herbergerer», s. O. B. I 596. G. I 1833 Engel Gunnars dtr. Kvalesund, f. 1809, d. 1843, g. II 1844 Olina Ols dtr. Kubbervik frå Tysnes, f. 1822. Born: Hans, f. 1834, g. Berta Andersen, b. Bergen, Maria, f. 1836, g. 1867 skreddarmeistar Peder Hansson Bjørkum frå Lærdal i Sogn, b. Bergen, Andrea, f. 1837, d. ung, Jon, f. 1839, gardbrukar og mylneeigar på Askøy, g. Konstanse Fredrikke Larsen frå Bergen, Elias, f. 1840, g. 1869 Ragnhild Sørstraumen, s. Tveit 3, Engjel, f. 1844, g. 1866 Jon Tuen, s. Kalvetræ 1, Ola, f. 1847, sjømann, spurdest ikkje meir, Marta, f. 1849, b. Bergen, d. ug. 1937, Olina, f. ikr. 1852, d. ug., Lars, f. 1856, gardbrukar på Milde i Fana, g. 1891 Gurina Vinsjans dtr. Kippeved, s. F. B. 706, Hans, f. 1858, byggmeistar, b. Bergen. Huset åt Hans brann upp i 1850, og han bygde då uppatt eit stort hus for å driva hotell her. Straks etter selde han eigedomen og flutte til Herøy ved Milde i Fana, der han sidan vart buande, s. F. B. 706. Han døydde der i 1878.
Jon Nielsen frå Bergen, f. 1811, flutte til Os i 1839 og leigde hus til bakeri på Osøyri. s. br. 2. Då Hans Johnsen flutte til Fana i 1856, kjøpte Jon det nye huset hans og flutte bakeriet hertil. Fyrr han kom til Os hadde han vore bakar i Krosshavn. G. ikr. 1834 Elen Olme Olsen, f. p. Kjeholmen i Fitjar 1805. Born: Karl, f. 1836, d. 1845, Sofia, f. 1837, s. n., Peder, f. 1839, d. 1845. Jon fekk tidleg namnet «Gamlebakaren», og under dette namnet er han kjend i Osbygdi. Han søkte straks um å verta landhandlar, men trass årvisse søknader fekk han ikkje handelsrett fyrr i 1865, s. O. B. I 566, o. fl. st. Jon dreiv med bakingi på «Stigen» og seinare i den nye eigedomen sin, men brødsalet og handelen elles hadde han i «Skromphuset», som han sette upp midt på Osøyri, s. br. 7. På sine gamle dagar flutte han attende til den fyrste eigedomen sin, s. br. 2.
Nikolai Hansson Tøsdal, f. 1832, som var gift med einaste dotter åt Gamlebakaren, vart styrar av handelsverksemdi åt verfaren og kjøpte bruket i 1881. Han hadde fyrr vore sjømann og jakteskippar. Nikolai likte ikkje handelsyrket og let snart arbeidet frå seg til versonen, s. n. Seinare reiste han som agent for symaskinor o. a. G. I 1862 Sofia Nielsen, f. 1837, d. 1880, g. II 1901 e. Guro Didriks dtr. Økland, f. p. Ulven 1847. Born: Ellen, f. 1863, i Amerika, Johanna, f. 1864, s. n., Jon, f. 1866, snikkar, i Amerika, Hans, f. 1867, snikkar, b. Oslo, Peder, f. 1870, målar, i Amerika, død ikr. 1928, Karl Johan, f. 1871, sjømann, i Amerika, død ikr. 1938, Nikolai, f. 1872, s. br. 15, Anna, f. 1874, ug., Sigrid, f. 1876, d. ung. Nikolai døydde i 1902, og ekkja vart buande ein annan stad på Osøyri, s. br. 9.
Kristian Johannesson Berg frå Edøy i Sunnmør, f. 1852, vart handelsstyrar etter verfaren og skøytte bruket i 1883. Kristian hadde fyrr vore lærar. G. 1883 Johanna (Hanna) Nikolais dtr., f. p. Osøyri 1864. Born: Ingolf, f. 1887, i Amerika, Einar, f. 1889, i Amerika, s. O. B. II 44. Då det gamle huset med bakeriet brann i 1887, bygde Kristian upp att eit stort hus på grunnen, men det vart for dyrt og han selde det straks etter. Bakeriet var flutt til «Skromphuset» der handelstaden var. Kristian Berg var sidan skyss-skaffar og gjestgjevar på Osøyri, der han hadde ein annan eigedom, s. br. 12. Han hadde ymse umbod i bygdi og var m. a. formann i den fyrste likningskommisjonen i Os, s. O. B. I 578 og 580. Sjå meir um han under br. 12.
Ernst Peder Nielsen frå Bergen, f. i Fredrikstad 1823, kjøpte eigedomen i 1890 og tok til med hotelldrift her. Han hadde fyrr vore styrar av «Hotel Kronprinsen» og fleire hotell i Bergen, og namnet Kronprinsen fylgde med han til Osbygdi. G. i Oslo 1852 Anna M. Bakkevold frå Våler i Solør, f. 1831. Born: Nikolai, f. 1853, Enst, f. 1855, Gustav, f. 1858, Agnes f. 1861, s. br. 25, Oskar, f. 1863, Asta, f. 1866. I 1891 kjøpte Nielsen ogso ein annan eigedom på Osøyri, s. br. 2, der han vart buande sjølv på sine gamle dagar. Sjå ogso br. 25. Hotellet her leigde han burt, og hotellvert Sæter, som seinare hev hotell på Kvamskogen, dreiv det ei tid. Nielsen døydde i 1915. Ekkja reiste til Oslo og var buande der til ho døydde ikr. 1920.
Osbanen kjøpte bruket i 1915 og skipa hotellet um til bustad for tenestemennene ved banen. Av folk som hev vore knytte til banen i lengre tid og havt bustad her kann ein nemna:
Jakob Helgesen Væhle frå Evanger, f. 1863, vart tilsett som smed ved Osbanen i 1894. Seinare vart han verkstadformann. G. 1889 Marta Nils dtr. Haugstveit frå Hosanger, f. 1860. Born: Maria, f. 1890, g. 1909 Reinholdt Østrem, s. Lyssand 15, Halfdan, f. 1892, g. 1919 Kristina Gjøvåg, s. indre Moberg 24, Nelly, f. 1897, fabrikkarbeidar, Olaf (tvilling), f. 1901, trearbeidar, g. 1935 Erna Jonas dtr. Sveen, (born: Turid, f. 1939), Agnes, f. 1901, s. n. Jakob døydde i 1931 og kona i 1928.
Petter M. Pedersen frå Bergen, f. 1866, vart tilsett ved banen i 1894 og var lokomotivførar til han gjekk frå etter aldersgrensa i 1935. G. Sesilia Endres dtr. Osøyri, f. 1874. Born: Sigurd, f. 1899, maskinmeistar i V. P. C., g. 1925 Sigvarda Fosse frå Laksevåg, b. Laksevåg, Nils, f. 1902, maskinmeistar tilsjøs, g. 1932 Ida Drangevåg, b. Bergen, Ingeborg Sofia, f. 1904, g. 1935 postbud Artur Gabrielsen, b. Bergen, Johannes, f. 1909, stuert, no b. Bergen, Einar, f. 1911, trearbeidar, g. 1938 Tora Olafs dtr. Moberg, (born: Marit, f. 1939), Ingolf, f. 1914, trearbeidar. Tvo born døydde unge.
Martin Johannesson Lægreid, f. p. Voss 1891, vart smed ved Osbanen i 1918. G. 1913 Olga Leirvik frå Fana, f. 1892. Born: Marta, f. 1915, i Oslo, Ruth, f. 1917, i Oslo, Ågot, f. 1919, g. b. i Sunnfjord, Elvina, f. 1921, butikkgjenta, Hjørdis, f. 1923, Otto Johan, f. 1929. Martin er no vegarbeidar.
Sigvald Larsson Svarthumle frå Kinn i Sunnfjord, f. 1897, vart pussar på banen i 1918. G. 1921 Gunhild Svendsen, f. p. Kuven 1899. Born: Solveig, f. 1921, Liv, f. 1922, Per, f. 1924, Hildur, f. 1929, Ove, f. 1933. Då Osbanen stogga, vart Sigvald sjauffør i rutebillaget, men er no i anleggsarbeid.
Martinus Erikson Jordal, f. i Åsane 1891, vart fyrbøtar på Osbanen i 1909. Då banedrifti stogga, vart han sjauffør i laget. G. 1921 Agnes Helgesen, f. p. Osøyri 1901. Born: Elsa, f. 1922, Otto, f. 1924, Annie f. 1926, Ågot f. 1927, Randi, f. 1932, Torleif, f. 1934, Rigmor, f. 1937.
Bernt Børretzen frå Etne, f. 1898, vart tilsett som mekanikar ved Osbanen i 1920, og vart seinare sjauffør på rutebilane. G. 1932 Kirsten Pedersen frå Bergen, f. 1903. Born: Karin, f. 1940.
OSØYRI 5.
Petter Andreas Jersin, f. 1801, som var son åt soknepresten i Os Andreas Undall Jersin, bygde ikr. 1835 eit hus på Osøyri og byrja med litt frihandel der. Alt i 1838 søkte han um å verta landhandlar på Osøyri, men både heradstyret og riksstyret sa nei. Petter heldt ved med søknadene til han endeleg fekk handelsrett i 1849 og vart den fyrste landhandlaren i Osbygdi, s. O. B. I 565, 571, o. fl. st. Petter bygde på handelshuset slik at ein kunde halda ting i andre høgdi, paa «tingsalen», og huset hans vart no vanleg kalla «tinghuset». Det gjekk trådt med handelen på Osøyri, og i 1860 flutte Petter til Hatvik og byrja handel der, s. O. B. I 597. Det gjekk berre eit par år, og i 1864 flutte Petter or bygdi og busette seg i Bergen. Han var gift med Thomine Fredrikke Fredriks dtr. von Krogh, f. 1804. Ho døydde på barseng i 1851. Då heradstyret i 1849 tilrådde søknadene um at Petter Jersin måtte få handelsrett, skreiv det at han hadde stor huslyd å forsyta. Ein finn likevel berre eitt barn som er fødd i Os, Frantz Beyer, f. 1849, urmakar i Bergen, g. 1878 Mathiasine Jakobine Methlie Henriksen frå Bergen. Då Petter flutte frå Hatvik, sette han upp eit hus på «Landboen», s. br. 9, men etter at han flutte til Bergen i 1864 selde han huset.
Hans Marius Mikalson Tvedt frå Bergen, f. 1837, kjøpte handelsplassen i 1860 etter Petter Jersin. G. 1863 Karen Regina Ekle frå Trondheim, f. 1837. Hans let eigedomen frå seg alt i 1863 og vart gardstyrar på Molda og Klyva. Seinare flutte han til Hatvik, s. H. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Bertel Severin Torkjelson Mørk frå Bergen, f. i Os prestegjeld 1815, vart landhandlar her i 1863. G. 1848 e. Maria Anderssen, f. i Luster 1806. Bertel Mørk døydde alt i 1864, og ekkja reiste or bygdi.
Hans Nikolai Hansen frå Bergen, f. 1816, (far: timbermann Jørgen Fr. Hanssen), kjøpte handelsplassen i 1864. Seinare kjøpte han fleire grunnar på Osøyri, og bygde stallar o. a. på eigedomane. Hans var fyrste gong gift i Bergen med ei som me ikkje veit namnet på, og då ho døydde, vart han gift att med Karolina Wilhelmina Jarlsø frå Nøtterøy, f. 1830. Karolina fall frå i 1888, og Hans gifte seg att året etter med e. Kari (Karen) Ols dtr. Åmodt, f. p. Rugesæter i Sogn 1839. Hans hadde ikkje born, men tridje kona hans hadde frå fyrste giftarmålet sitt med skipsførar K. Åmodt ein son, Odin Åmodt, som ei tid var marketentstyrar på Ulven eksisplass.

Hans dreiv handelen i tinghuset som fyremennene hadde gjort og sette ogso upp bakeri og fargeri. Jonsokafta 1877 brann heile handelsplassen, og Hans bygde då eit hotell på bakeritufti. Tinghuset med handelsbudi og tingsalen vart bygt uppatt som det hadde vore fyrr. Hans døydde i 1889, og ekkja gifte seg att med Vinsjans Monsson Lepsøy. Han var ei tid marketentstyrar på Ulven og vart seinare handelsmann i Bergen.
Svein Arnt Elvig frå Bergen, f. 1854, kjøpte alle H. N. Hansen sine eigedomar på Osøyri i 1890. G. ikr. 1880 Karolina Magnus, f. p. Lokøy i Fjell 1843. Dei var barnlause. Svein dreiv hotellet sjølv, men leigde burt tinghuset og handelsplassen. Bakar Johan Holm var leigar her nokre år, s. br. 21, Torbjørn Lyssand, s. L. 3, var leigar frå 1895 til 1904, og Jon H. Tøsdal, s. br. 19, hadde ogso handel her ei stuttare tid. Stallgrunnane o. a. selde han i 1902 til Jakob Hægland, som bygde trevarefabrikk på staden. Svein Elvig døydde i 1902.
Ekkja Karolina Elvig fekk bruket då mannen døydde.
I 1904 skøytte ho til hotelleigar Johan Skogen i Bergen, som stjorna hotellet ved styrarar. Seinare budde fru Elvig ein annan stad på Osøyri til ho døydde i 1931.
Os forbruksforening kjøpte eigedomen ved auksjon i 1908. Hotellet vart skipa um til handelsbud, og «Tinghuset» med den gamle handelsbudi vart teke til lagerhus. Sjå O. B. I 600 – 601 o. fl. st. Handelsstyrarar her hev vore Jon Tøsdal, s. Kuven 1, Andreas Kålås, s. br. 39, Sigurd Bugge, s. br. 28, og Ingvald Midtgård, s. Os 11, som er styrar no.
OSØYRI 6 (Landboen).
Ola lngebrigtson Øvrevågen frå Strandvik, f. 1793, flutte til Os ikr. 1845 og bygde seg eit hus på Landboen. Huset var på tvo høgder, større enn vanlege hus i Osbygdi på dei tider, og hadde rom for fleire huslydar. Ola hadde fyrr vore busett i Fjell og vart gift der ikr. 1830 med ei som heitte Vendel Margreta Eriks drt. Midtlien, f. ikr. 1798 på Askøy. Han hadde tvo søner med seg til Os: Kristen, f. ikr. 1836, bakar i Strandvik («gamlebakaren»), g. 1860 Ingjerd Ols dtr. Bjøndal frå Hålandsdalen, Henrik, f. ikr. 1840, s. n. Han fostra og upp tvo gutar, Svein Olson, f. ikr. 1851, og Nils Henrikson, f. ikr. 1858. Ola var glasmeistar og vart i Osbygdi berre kalla for «Glasmakaren». Han hadde ein stor båt, og med denne reiste han ikring fjordane og kjøpte fillor og bein, samstundes som han sette inn glasrutor i husi åt folk. Ola døydde i 1870 og Vendel i 1880.
Henrik Olson, f. i Fjell ikr. 1840, var busett hjå faren og dreiv arbeidet saman med han. G. 1868 Malena Ols dtr. Brekke frå Strandebarm, f. ikr. 1845. Born: Vendel Margreta, f. 1869, Jonas, f. 1870, Henrik, f. 1873, Maria, f. 1876, d. ung. Ikr. midten av 1880 åri flutte Henrik frå Os med huslyden sin og reiste til Amerika.
Engjel Olson Øvredal, f, 1812, som fyrr hadde vore arbeidar eller paktar på prestegarden, busette seg i huset på Landboen hjå «Glasmakaren». G. 1844 Guro Ols dtr. Mobergslien, f. 1813. Born: Kari, f. 1844, d. 1856, Ola, f. 1846, g. 1877 Ragnhild Klyva, s. Sundøy 1, Johan, f. 1848, g. 1879 Brita ytre Haugland, s. Røttingen 15, lngeleiv, f. 1851, g. 1880 Knut Gjemdal, s. br. 3. Engjel dreiv med fiske og ymse anna arbeid. Han døydde alt i 1853, og ekkja gifte seg att 11 år seinare med Nils Lepsøy, s. L. 6.
Mikkjel Johannesson Fusa, f. 1837, var i mange år busett på Landboen. I 1881 festa han ein plass under prestegarden, s. Os 6, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Lars Tomasson Heggland, f. 1858, kjøpte bruket ved auksjon i 1888, då det ogso vart serskilt skyldsett, og fekk skøyte på eigedomen i 1890. G. 1885 Brita Jakobs dtr. Bø, f. 1863. Born: Berta, f. 1886, g. bakarmeistar B. Hansen, Haugesund, Marta, f. 1888, g. I gardbrukar T. Håland, g. II gardbrukar Sigvald Hauge, Haugesund, Tomas, f. 1890, blikkmakar, g. Anna Sekse frå Hardanger, b. Haugesund, Jakob, f. 1892, blikkmakar, g. Signe Fjeld, b. Haugesund, Johannes, f. 1899. Ei gjenta døydde tidleg. Lars var blikkmakar og dreiv verksemdi si på bruket. I 1901 flutte han til Haugesund, men åtte eigedomen her til 1919. Sjå um han O. B. II 66.
Fru Anna Alsager, f. p. Tingvoll i Nordmør 1858, som fyrr hadde leigt huset, kjøpte bruket i 1919. Ho vart gift 1882 med Knut S. Alsager frå Vines i Hardanger, f. 1858, men mannen som var hamnelos i Bergen døydde i 1915. Born: Svein, f. 1883, g. 1913 Lovisa Vike frå Stranda i Sunnmør, f. 1884, (born: Knut, f. 1914, Paul, f. 1916, Svein, f. 1919, trearbeidarar), Knut Kristian, f. 1885, skipsførar, g. Ågot Haldorsen, i Amerika, Signy Sofie, f. 1887, s. n. Kjøpmann Breder Gundersen i Bergen kjøpte bruket i 1936, men fru Alsager bur framleis på eigedomen, som elles er nytta til forretningsbruk. Av dei som driv verksemd her kann nemnast:
Sofie Alsager, s. 0., driv frukt- og kolonialhandel her.
Petra Sævik frå Herøy i Sunnmøre, f. 1910, og systeri Aslaug Sævik, f. 1912, driv syforretning.
Gustav Olson Klyve frå Kvam, f. 1894, hev i mange år vore elektrisk innstallatør i Os og hadde i dei siste åri verkstaden og bustaden sin her. G. 1930 Laura Ols dtr. Lien frå Solund, f. 1901. Born: Einar, f. 1932, Hjørdis, f. 1935, Gustav, f. 1939, d. ung. Gustav Klyve er no tilsett som kontrollør ved ljosverket i Os, og elektrikar Olav Tønjum hev overteke verksemdi her.
Olav Sveinson Øvreide, f. 1909, driv blomsterhandel på eigedomen. G. 1935 Klara Sjursen frå Fitjar, f. 1908.
OSØYRI 7.
Jon Nielsen, f. 1811, «Gamlebakaren», som hadde bakeri på «Stegen», s. br. 2 og 4, kjøpte ikr. 1850 den gamle gardstova på Halhjem og flutte henne til Osøyri, der han bygde henne upp att på ei tuft som han festa av indre Moberg. Huset, som dei fyrste åri vart nytta til utsal av brød og seinare til vanleg handelsbud, fekk i bygdi namnet «Skrompthuset». I 1873 vart tufti serskilt skyldsett, og året etter kjøpte Jon tufti av Lysekloster saman med nokre andre eigedomar på Osøyri. Sjå um Jon under br. 4.
Nikolai Hansson Tøsdal skøytte eigedomen av verfaren saman med br. 4 i 1881, og selde den tvo år etter til versonen sin Kristian Johannesson Berg. Sjå um dei br. 4.
Ernst Peder Nielsen kjøpte bruket i 1890, s. br. 4, men selde att i 1893 til Hans Marius Tvedt i Hatvik og sonen hans Harald Tvedt. Sjå um dei under Hatvik 1. Huset var heile tidi nytta til handelsbud.
Hans Sebastianson Jersin, f. 1846, (foreldre prestesonen Sebastian Jersin og Brita Knuts dtr. Moberg), leigde handelsplassen i 1890 og heldt fram med handelen her. I 1895 kjøpte han bruket. Det var no bygt bakeri i samband med handelsbudi. Hans hadde fyrr drive handel i Bergen og i Sund, og tok no ogso til med handel i Hagevik, s. Hovland 5. G. 1906 Betzy Edvards dtr. de Lange frå Bergen, f. 1874. Born: Hans og Elisa, som reiste til Bergen med mori.
Hans slutta med handelen i 1910 og selde samstundes bruket. Han var sidan busett på ymse stader, lengste tidi i heradshuset, til dess han døydde i 1937, over 91 år gamall.
Nils Tomasson Moberg, f. 1877, kjøpte saman med broren Olaf eigedomen og handelstaden i 1910 og heldt fram med handelsverksemdi her. Broren Albert, som heile tidi hadde stade på handelsbudi, vart ogso medeigar i 1937. Nils Moberg hadde fyrr vore styrar på Os forbruksforening, s. br. 14, og hadde ogso farsbruket sitt på indre Moberg, s. i. M. 2, der ein finn meir um han og huslyden hans. Um Olaf, som var bakar i verksemdi, s. indre Moberg 15, og um Albert, s. Kuven 6. Det gamle Skromphuset, som elles var umvølt og utvida fleire gonger, vart nedrive av brørne Moberg, og eit nytt og stort handelshus er uppsett. Nils Moberg døydde i 1938.
Bernhard Nilsson Moberg, f. 1910. vart parthavar og medstyrar i verksemdi då faren døydde. Sjå um han under indre Moberg 26.
OSØYRI 8.
Hans Knutson Kuven, f. 1808, flutte til Osøyri då han let farsbruket på Kuven frå seg i 1858, s. Kuven 5, og bygde seg eit hus her. G. 1835 Brita Ols dtr. Eide, f. 1814. Sjå um han og huslyden hans elles under Kuven 5. Hans dreiv med treskoarbeid etter at han kom til Osøyri. Han døydde i 1877.
Ekkja Brita Ols dtr. var busett i huset til ho døydde i 1885.
Lars Jonson indre Moberg (Stølen), f. 1860, kjøpte huset etter Brita i 1884, samstundes som han festa tufti av bruk 7 på indre Moberg. I 1906 vart tufti serskild skyldsett, og Lars kjøpte henne i 1910. G. 1883 Elen Magdalena Hans dtr. Steen frå Florøy, f. 1865. Born: Hansina, f. 1886, g. 1911 Bernt Kristiansen, s. Hauge 13, Trond, f. 1887, trygdingsinspektør, g. Magda Amundsen Opsal, b. Vikedal i Ryfylke, Teodora, f. 1891, g. 1912 Olav Nøss, s. Os 18, Olav. f. 1892, s. n., Lars, f. 1893, s. n., Ellen, f. 1896, g. 1918 Brynjulf Hop, s. Os 22, Gudrun, f. 1901, g. 1923 Peder Vangsnes, s. Os 39, Anna, f. 1904, g. 1923 murar Erik Valfred Nykvist frå Bjursås, Kopparberg i Sverik, b. Sverik. 5 bom døydde unge. Lars, som nytta Johnsen til etternamn, var skomakar og dreiv verkstad på Osøyri. Han døydde i 1929 og kona i 1922.
Olav Johnsen, f. 1892, som elles hev teke namnet Olav J. Moberg, var ei tid busett hjå faren. G. 1923 Ester Gustavs dtr. frå Halsa i Vestagder, f. 1899. Born: Einar, f. 1924, d. 1933, Gustav, f. 1927, Gudrun, f. 1930, Elsa, f. 1935. Olav dreiv ei tid med blikkmakararbeid, men er no trygdingsinspektør med arbeidstad i Bergen. Han hev havt ymse kommunale yrke og var m a. med i heradstyret 1935 – 37.
Lars Johnsen, f. 1893, overtok skomakarverksemdi etter faren og er busett på bruket. G. 1922 Berta Torsteins dtr. Haugland frå Fana, f. 1897. Born: Torstein, f. 1924, Gudveig, f. 1926, Erna, f. 1928, Bjørn, f. 1930.
OSØYRI 9 (Landboen).
Petter Andreas Jersin bygde upp eit lite hus og busette seg her då han flutte frå Hatvik attende til Osøyri i 1862. I 1864 flutte han til Bergen. Sjå um han under br. 5.
Hans Nikolai Hansen frå Bergen, f. 1816, som i 1864 kjøpte den gamle handelsplassen på Osøyri, s. br. 5, festa ikr. 1865 eit stykke av prestegarden sin grunn av Petter Jersin på Landboen og kjøpte samstundes huset som stod på stykket. Han skipa til fargeri i huset og fekk ein fargar Karl Bautler frå Bergen til å stella med fargingi. Bautler var då 65 år gamall og måtte snart slutta yrket. Han kom so på bygdi tildess han døydde i 1875. Då H. N. Hansen sette upp bakeri på den andre eigedomen sin, flutte han fargeriet dertil og leigde burt huset på Landboen. Sjå um Hans under br. 5.
Ekkja Olina Ols dtr., f. i Lønningdal 1834, som hadde vore gift med Hans Hansson Lyngbø frå Fana, f. 1826, var busett her ei tid. Sjå um henne under Kuven 9.
Ekkja Karen Hansen vart eigar av huset her, då mannen H. N. Hansen døydde i 1889. I 1890 vart jordstykket serskilt skyldsett, og Karen fekk då kjøpe tufti.
Hans Severin Hansen, f. p. Osøyri 1867, kjøpte bruket i 1892 og dreiv snikkarverkstad her. Han selde det att i 1901 til faren Nikolai Hansen, som åtte det so lenge han livde. Sjå um dei under br. 4.
Ekkja Guro Didriks dtr. Økland, f. 1847, som var ekkja etter Nikolai Hansen, fekk bruket ved skifte etter mannen i 1905. Guro var busett her til 1920, (ho døydde i 1924), då ho selde til frk. Wilhelmina Alstad frå Bergen. Mori, fru Trine Alstad som var einaste arving, fekk bruket då dotteri døydde, og ho selde att i 1931 til Lars Hegland som åtte i eigedomen frå farsysteri, Guro Didriks dtr., si tid.
Ingebrigt Bjørø kjøpte bruket i 1931 og er eigar no. Sjå um han under br. 31. Sonen Håkon Bjørø og kona Ruth Bjørø, s. br. 31, bur på bruket.
OSØYRI 10 (Landboen).
Gunnar Nilsson Lunden, f. 1829, festa ikr. 1868 ei tuft av br. 9 og bygde her. Gunnar, som brukte Halseth til etternamn likeins som faren, hadde fyrr vore busett på Lunden og sidan 1860 leigt hus på Landboen. I 1888 vart tufti serskilt skyldsett, og Gunnar kjøpte henne samstundes. G. 1851 Olina Jakobs dtr. Ullestad frå Voss, f. 1827. Born: Olina, f. 1851, d. ug. 1871, Bertina, f. 1853, g. Rasmus Rasmussen, s. n., Anna, f. 1857, i Amerika, Nils, f. 1860, i Amerika, s. O. B. II 45, Henrikka, f. 1863, d. i Os 1901, g. 1896 Lars Haldorson Brathole frå Vossestrand, Maria, f. 1866, g. 1899 Klaus Bendixen, s. Kuven 27. Gunnar dreiv med målararbeid o. a. Han døydde i 1898.
Maria Bendixen, f. Halseth, fekk skøyte på bruket etter faren i 1898, men skøytte det attende til mori, Olina Jakobs dtr., i 1901. Olina døydde i 1903, og ved skiftet etter henne kom bruket til eldste dotteri Bertina, som var gift med kommunearbeidar i Bergen Rasmus Rasmussen Solen. Dei åtte eigedomen til 1912, men var for det meste busette i Bergen der Rasmus hadde arbeidet sitt. Bertina døydde i 1927.
Ingvald R. Rasmussen, som kalla seg Halseth etter bestefaren, skøytte eigedomen etter faren i 1912. Han var agent og hadde arbeidet og bustaden sin i Bergen. Systeri Betzy Halseth fekk skøyte på eigedomen i 1932 og er eigar no. Ho er busett i Bergen.
OSØYRI 11.
Marta Jons dtr. ytre Lekven, f. p. indre Moberg 1808, flutte til Osøyri ikr. 1870 og bygde seg ei liti stova her vestanfyre huset åt Elling Osøyri. Marta, som var ekkja etter Knut ytre Lekven, gjekk under daglegnamnet «Knuta-Marto». Sjå meir um henne under ytre Lekven 1. Ho døydde i 1888.
Karl Andersson Flink frå Sverik, f. ikr. 1840, vart busett i huset etter at Marta fall frå. G. Berta Hans dtr. Guldberg frå Fana, f 1844. Born: Anna, f. 1880, i Amerika, Hans, f. 1883, d. ug. Karl hadde reist tilsjøs i ungdomen og vart i dagleg tale kalla «Karl sjømann». Han dreiv her med anleggs- og jernbanearbeid. Berta døydde i 1901, og Karl reiste over til Austlandet. Huset vart seld og flutt burt.
OSØYRI 12.
Bakar Jon Nielsen («Gamlebakaren») kjøpte i 1874 ei bud og ei bryggja på Osøyri av Lysekloster, samstundes som han festa grunnen som høyrde til indre Moberg. Sjå um Jon under br. 4.
Nikolai Hansson Tøsdal skøytte eigedomen her samstundes som han skøytte br. 4, s. d.
Kristian Johannesson Berg skøytte bruket av verfaren, samstundes som han fekk skøyte på br. 4. Kristian selde eigedomen til Ernst Peder Nielsen i 1890, s. br. 4, men i 1894 kjøpte han bruket att og skøytte det då på sønene sine, Ingolf og Einar Berg. Samstundes kjøpte han grunnen av indre Moberg. Kristian bygde bunadshus på bruket og var dei siste åri busett her. Han døydde i 1902.
Ekkja Johanna Berg var busett på Osøyri til 1930, då ho reiste til sønene i Amerika, der ho enno er. Sjå meir under br. 4.
Brørne Ingolf Kristianson, f. 1887, og Einar Kristianson Berg, f. 1889, vart eigarar i 1894. Dei leigde eigedomen burt og reiste til Amerika i 1906 – 07, s. O. B. II 44. Ekkja Anna Midthus, f. 1853, leigde huset og byrja med handel her. Ho hadde fyrr vore gift med handelsmann Nils Midthus, s. br. 19, der ein finn meir um dei. Anna dreiv handelen her til ho døydde i 1927.
Bernhard Nilsson Midthus, f. 1881, kjøpte bruket, som mori fyrr hadde leigt, i 1921. G. I 1902 Agnes O. Kleveland frå Dale i Bruvik, f. 1883, d. 1926, g. II 1930 Anna Torsteins dtr. Haugland frå Fana, f. 1902. Born: Aslaug, f. 1903, g. Victor Nelson, reist til Amerika i 1922, Nils, f. 1906, reist til Amerika 1926, er elektrisk målaravlesar i Chikago, Astrid, f. 1908, g. 1938 Ola Klyve, s. ytre Moberg 22, Olaf, f. 1910, sjømann, i Amerika, død 1931, Betzy, f. 1914, g. røyrleggjar Magnus Matre, b. Bergen, Gerd, f. 1933. Fosterson: Einar, f. 1927. Eit barn døydde i ung alder. Bernhard er bakar og hev vore i arbeid på Os forbruksforening ikr. 40 år.

OSØYRI 13.
Nils Hansson Borgen, f. 1823, flutte ikr. 1878 frå Hatvik, der han fyrr hadde vore busett, og bygde seg eit hus på Osøyri. G. 1859 Anna Nils dtr. Dale frå Fusa, f. 1824. Born: Hans, f. 1859, ug. b. Bergen, Anna, f. 1861, g. maskinist Arne Olai Rasmussen, b. Bergen, Erik, f. 1863, skomakar, g. 1888 Ingeborg Tomas dtr. Heggland, b. Bergen, Marta, f. 1865, g. skomakar Mads Hansen, b. Bergen, Nils, f. 1869, skomakar, d. ug. 1924. Nils var skomakar og dreiv verksemdi si på Osøyri likeins som han fyrr hadde drive i Hatvik. Han døydde i 1886 og kona i 1887.
Gunnar Abrahamson Lunden, f. 1862, kjøpte huset i 1896 og fekk samstundes kjøpa hustufti av indre Moberg 4. G. 1890 Anna Sjurs dtr. Nordstraumen, f. 1866. Born: Abraham, f. 1891, s. n., Petra, f. 1893, g. 1913 gardbrukar Samuel Samuelson Fitjar, Sjur, f. 1894, ug. Gunnar var gardsarbeidar på Molda i mange år. Kona døydde i 1933.
Abraham Gundersen, f. 1891, skøytte bruket etter faren i 1933. Sjå um han og huslyden hans under Kuven 43.
Nils, Olaf og Albert Moberg kjøpte bruket i 1937 og lagde det til sin eigedom, s. br. 7.
OSØYRI 14.
Os forbruksforening festa i 1877 ei tuft på Osøyri og bygde handelshus her. I 1906 kjøpte laget grunnen av indre Moberg. Laget dreiv handel her til 1908, då det kjøpte eit anna bruk på Osøyri og flutte dertil, s. br. 5. Styrarane for handelslaget i dei 30 åri, då det hadde handelsbudi her, var:
Torbjørn Olson Lyssand, styrar 1877 og 1881 – 1895, s. Lyssand 3.
Nils Nilsson Midthus, styrar 1878 – 1879, s. br. 19.
Kristian Nilsson Milde frå Fana, styrar 1880, s. Søvik 4 og 6.
Andreas Engjelson Hauge frå Kvinnherad, styrar 1895 – 1896.
Jørgen Jensson Stang frå Askvoll, styrar 1896 – 1901.
Nils Tomasson Moberg, styrar 1902 – 1906, s. br. 7.
Jon Olson Tøsdal, styrar 1906 – 1914, s. Kuven 1.
A/S Bergen Packing Co., som fyrr hadde drive hermetikkfabrikk i Eikelandsosen, kjøpte bruket i 1910 og flutte fabrikkverksemdi hertil. Laget hev seinare kjøpt fleire eigedomar som grensar upp til den som vart kjøpt i 1910 og hev utvida fabrikken mykje gjenom åri. Upp til 100 menneskje og meir hev sume år havt arbeid i verksemdi. Gerhard Berg hev den lengste tidi vore styrar og han hev framleis yrket. Sjå um han under br. 33.
OSØYRI 15 (Heimen).
Hans Hansson Sandvik (Utskot) frå Samnanger, f. 1812, som fyrr hadde vore busett i Hatvik, flutte i 1880 huset sitt til Osøyri og busette seg der. G. I ikr. 1842 Karolina Kornelius dtr. frå Bergen, f. 1825, d. 1875, g. II 1877 Anna Rasmus dtr. Kjøkkelvik, f. i Strusshamn på Askøy 1847. Born: Kornelia, f. 1845, g. 1867 Nils Jakobson ytre Haugland, i Amerika, Hansina, f. 1847, b. Bergen, Anna, f. 1877, g. 1901 agent Johan Kristianson Tonning frå Stryn. Hans var skreddar og dreiv verksemdi si på Osøyri, likeins som han fyrr hadde drive ho i Hatvik. I dagleg tale gjekk han berre under namnet «Gamleskreddaren». Han døydde i 1900, og kona flutte til Bergen og vart buande der.
Lars Nikolai Nikolaisen, f. 1872, kjøpte huset etter «Gamleskreddaren» og festa tufti av indre Moberg 4. I 1906 vart bruket serskilt skyldsett. G. 1896 Maria Johnsen frå Oslo, f. 1871. Born: Sverre, f. 1898, s. n. Nikolai var snikkar og hadde verkstad, men reiste ogso ei tid som maskinagent. I 1923 flutte han til Stavanger, der han seinare hev drive ein brusfabrikk og onnor verksemd.
Sverre Nikolaisen, f. 1898, overtok bruket etter faren og fekk skøyte på det i 1930. G. 1923 Olina Andreas dtr. Kålås, f. i Hamre 1897. Born: Ågot, f. 1924, Asbjørn (tvilling), f. 1928, Margit, f. 1928. Sverre var snikkar likeins som faren og er no formann i trevarefabrikk.
OSØYRI 16.
Endre Hansson Lundetræ (Lunden), f. 1834, festa ein grunn av indre Moberg på Osøyri og bygde her i 1879. Han hadde fyrr vore busett på Lunden og i Hatvik. G. 1867 Marta Daniels dtr. Halhjem, f. p. Lysekloster 1834. Born: Anders, f. 1864, g. 1888 Synneva Heggland, s. H. 1, Hans, f. 1867, g. 1894 Malena Mads dtr. Reksten frå Florøy, reiste til Amerika i 1904, Berge, f. 1870, bakar, b. ytre Arna i Haus, Sesilia, f. 1874, s. br. 4, Gurina, f. 1877, g. 1899 kommunearbeidar Ola Olson Titlestad frå Fana, b. Bergen. 3 born døydde unge. Endre dreiv med vøling av kjørler og anna arbeid. Han døydde i 1911 og kona i 1914.
Kari Klyvalien var busett her ei tid. Sjå um henne Klyva 4.
Nilsina Nilsen (foreldre skomakar Nils Jensen og kona Brita Bertels dtr. Os), f. 1899, og dotteri Borghild, f. 1922, var busette her nokre år. Nilsina driv med strikking.
Oskar Sigfred Nilsen frå Eidsvoll, f. 1887, hev ogso vore busett her. G. 1919 Marta Engelina Solbjørg frå Samnanger, f. 1885. Born: Helmina, f. 1920, Ingrid, f. 1923, Kristian, f. 1924, Margit, f. 1928. Oskar er steinarbeidar og driv med vegarbeid.
Huset er no rive og flutt frå tufti.
OSØYRI 17.
Hans Hansson Kuven, f. 1844, festa ikr. 1880 ei tuft på Osøyri av indre Moberg 6 og bygde på tufti. Hans var smed og dreiv smidjeverksemd på eigedomen. I 1890 flutte han til Kuven, s. K. 2, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Jakob Jakobson Balland kjøpte bruket i 1895. Sjå um han under br. 18.
Martinus Johannesson Hope frå Masfjorden, f. 1870, leigde eigedomen i 1893 og heldt fram med smedverksemdi. G. Anna Lars dtr. Strømme frå Bruvik, f. 1869. Dei hadde desse borni medan dei var på Osøyri: Inga, f. 1894, Johannes, f. 1897, Kristina, f. 1899. I 1902 flutte Martinus frå Osbygdi att.
Karl Severin Andersen frå Årstad ved Bergen, f. 1878, leigde eigedomen då Martinus flutte og dreiv smidja her. G. 1903 Maria Olsen frå Fana, f. 1885. Dei fekk nokre born, men storparten av dei døydde unge. Karl var på Osøyri til 1912, då han flutte til Odda og vart buande der.
Fru Johanna Berg kjøpte bruket av Jakob Balland i 1909, og i åri frametter kjøpte ho fleire grunnar i nærleiken som bror hennar, Karl Johan Hansen, hadde kjøpt i 1906 av br. 4 og 6 på indre Moberg. Sonen Einar Berg skøytte bruket i 1917 og stend som eigar av grunnen no. Huset er rive og flutt frå grunnen. Sjå um desse eigarane under br. 4 og 12.
OSØYRI 18.
Jakob Jakobson Balland, f. 1851, festa ikr. 1880 ei tuft av indre Moberg 6 og bygde her. I 1895 vart jordstykket serskild skyldsett, og Jakob kjøpte det samstundes. Sjå um Jakob under br. 28.
Ingvald Ottesen frå Stord, f. 1870, kjøpte bruket i 1895. G. 1893 Jorund Kristoffers dtr. Haga frå Stord, f. i Kvinnherad 1868. Born: Otto, f. 1894, møbelsnikkar, g. Matilda Karlsen, b. Fana, Kristoffer, f. 1895, reisesekretær i Misjonsselskapet, g. Gudrun Kjønli, b. Fana, Barbra, f. 1898, b. Fana, Arne, f. 1900, elektromontør, g. Aslaug Nielsen, b. Fana, Inga, f. 1909, b. Fana. Ingvald var utlærd som smed, men dreiv snikkarverksemd og hadde møbelverkstad på eigedomen. I 1909 flutte han til Fana, der han vart handverkslærar på Eikelund skule for åndsveike born. Han døydde i 1913.
Fru Johanna Berg kjøpte eigedomen i 1909 og skøytte den til sonen Einar Berg i 1917 likeins som granneeigedomen br. 17. Sjå um Johanna og Einar under br. 4 og 12.
Karl Leganger leigde huset og var busett her tildess han bygde ein annan stad på Osøyri, s. br. 37. Seinare hev det vore ymse leigebuarar i huset.
OSØYRI 19.
Nils Nilsson Midthus, f. 1853, festa i 1882 ei nausttuft av indre Moberg og bygde same året eit handelshus med bustad på tufti. Han hadde då vore styrar på Os forbruksforening eit par år, s. br. 14. G. 1879 Anna Jakobs dtr. Bruland frå Førde i Sunnfjord, f. 1853. Born: Nils, f. 1880, sjømann, d. i England 1909, Bernhard, f. 1881, s. br. 12. Nils dreiv handel på bruket til han døydde i 1891.
Ekkja Anna Jakobs dtr. Midthus dreiv handelen eit par år etter at mannen døydde. Sjå meir um henne under br. 12, der ho seinare vart buande.
Jon Jonson Moberg (Stølen), f. 1870, som fyrr hadde vore handelsdreng på Os forbruksforening, kjøpte bruket i 1894 og heldt fram med handelen her. I 1898 kjøpte han eit nytt bruk på Osøyri, s. br. 30, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Kjøpmann Didrik Amundsen i Bergen vart no eigar av handelsplassen, som han leigde burt til andre.
Jon Hansson Tøsdal, f. 1876, leigde handelsbudi i 1898 og heldt fram med handelen. G. I 1899 Kristina Lars dtr. Hauge, f. p. Unneland i Haus 1882, d. 1904, g. II 1905 Emma Peders dtr. Husum frå Fana, f. 1883. Born: Lars, f. 1900, d. 1919, Magdalena, f. 1902, g. 1922 Ola Moberg, s. Hauge 5, Hans, f. 1905, styrmann, d. ug. 1933, Per, f. 1907, farmar i Australia, Fridthjof, f. 1908, i Amerika, Sigrid, f. 1910, hushjelp, b. Oslo, Jon, f. 1911, kontormann, g. b. Oslo, Erna, f. 1913, hushjelp, b. Oslo, Odd, f. 1914, driv agentur og kommisjonsverksemd på Osøyri, Kirsten, f. 1915, d. ung, Einar, f. 1917, sjauffør, g. b. Fana. Jon var sersjant ei tid. I 1900 slutta han handelen her, men heldt sidan fram nokre år i faren sin eigedom og ein annan stad på Osøyri, s. br. 1 og 5. Han flutte so frå Os og dreiv seinare handel i Odda, Laksevåg o. a. st. Han er no busett i Fana, der siste kona hans døydde i 1920.
Lars Nilsson Nysæter frå Stord, f. 1865, leigde handelsplassen i 1901 og heldt fram med handelsverksemdi. G. ikr. 1890 Emma Olufina Johannessen frå Øksnes, f. 1864. Born: Anton, f. 1893, fabrikkarbeidar, g. Sigrid Bjerkås, b. Odda., Sverre, f. 1895, kontormann, d. 1938, Nils, f. 1897, elektrikar, g. Agnes Iversen, b. Odda, Leif, f. 1899, maskinist, g. Gudrun Westerlund, Solveig, f. 1901, g. fabrikkarbeidar Gustav Karlsen, b. Odda, Gudrun, f. 1903, g. Birger Hagen, Trygve, f. 1906, kontormann, b. Odda. Lars hadde fyrr han kom til Os vore busett i Bergen og Fana. I 1908 flutte han til Odda, der han ei tid dreiv som bakar, men seinare vart kinematografstyrar.
Markus Kristian Olson Mardal frå Vik i Helgeland, f. 1853, som hadde vore leigar her sidan 1908, vart eigar av handelsplassen i 1913 og kjøpte grunnen av indre Moberg 3 i 1929. Han hadde fyrr vore handelsmann på Vik i Helgeland og Onarheim i Tysnes. På Osøyri byrja han handelen under firmanamnet M. K Olsen. G. 1896 Elisa Hans dtr. Bjøru frå Vik i Helgeland, f. 1875. Born: Hilda, f. 1897, g. 1920 Andreas Lyssand, s. Os 23, Gudrun, f. 1899, g. 1936 Ola Hjelle, s. indre Moberg 20, Ågot, f. 1901, g. 1924 Ola Moberg, s. indre Moberg 17, Harald, f. 1904, s. n., Magnus, f. 1916, student. Markus døydde i 1933.
Ekkja Anna Olsen hadde so bruket nokre år.
Harald Mardal, f. 1904, skøytte bruket etter mori og er eigar no. Han driv handel på eigedomen likeins som faren under firmanamnet M. K. Olsen.
OSØYRI 20.
Tomas Tomasson Heggland, f. 1852, festa i 1882 ei tuft ved sjøen på Osøyri og bygde her. Tomas var garvar og skipa til garveri i huset. I 1893 overtok Osbanen eigedomen, og Tomas kjøpte då eit anna bruk på Osøyri, s. br. 26, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Osbanen kjøpte bruket i 1893 og skøytte året etter ei lengre strandlina av indre Moberg. Her vart bygt jernbanestasjon med lokomotivstall og vognhallar, og bunadshus for dei som skulde stjorna med banedrifti. Av tenestemenn som hev vore busette her kann me nemna:
Eivind Grieg frå Bergen var driftsstyrar ved Osbanen frå 1894 til 1896. Han reiste seinare til Amerika, der han var busett i Mexiko.
Johannes Johannesson Væhle frå Evanger, f. 1864, vart driftstyrar ved banen i 1896. Han hadde fyrr vore stasjonsmeistar på Os. G. 1885 lngeleiv Knuts dtr. Opedal frå Ullensvang. I 1898 flutte Johannes Væhle frå Os til Bergen, der han vart tilsett ved Hansa bryggeri, men kom seinare til Notodden og vart buande der.
Emil Anton Svenke, f. i Dverberg 1867, vart driftsstyrar og busette seg her i 1898. G. 1888 Elisa Eriksen, f. i Malvik 1861. Born: Einar, f. i Trondheim 1890. I 1902 vart han tilsett ved Statsbanane og gjekk frå yrket her. Under ein fisketur gjekk han seg i eit vatn i Øysterdalsfjelli og vart burte.
Johan Wilhelm Michelet Heidenreich, f. i Oslo 1873, vart tilsett som driftsstyrar i 1902 og hadde yrket radt til 1917. Han var ei tid busett i Finnebrekka, s. Hauge 7, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Gustav Pettersen, f. 1875, vart driftsstyrar i 1917. Han hadde yrket i berre eitt år og reiste då til valseverket i Simonsvik. Året etter gjekk han attende til sin tidlegare post som maskiningeniør ved Statsbanane.
Kåre Bertelson Os, f. 1867, vart betjent på Os jernbanestasjon i 1894. G. I 1889 Anna Annanias dtr. Rognaldsvåg frå Kinn, f. 1865, d. 1922, g. II 1925 Johanna Hauge, f. i Bergen 1878. Born: Marta, f. 1890, g. sjømann Aksel Madsen, b. Fana, Bertel, f. 1892, agent, g. Ingeborg Bøstrand, b. Bergen, Henrik, f. 1895, tapetserformann, g. Hjørdis Arnesen, b. Bergen, Konrad, f. 1898, handelsreisande, g. Bertha Falck, b. Bergen. I 1900 reiste Kåre til Bergen, der han var kontormann og varekontrollør. Han døydde i 1937.
Ola Olson Kvikne frå Lærdal, f. 1875, vart kontormann på stasjonen i 1899. Han døydde ved eit uhende i 1901.
Alfred Høie frå Bergen, f. 1877, vart kontormann etter Ola Kvikne og tok bustad her, men hadde yrket i berre tvo år. Han reiste so til Amerika.
Sofus Hansen (Eggereide), f. p. Voss 1878, vart kontormann og betjent på Os stasjon i 1903 og stasjonsmeistar seinare. G. 1905 Andrea Andreas dtr. Vadheim frå Kyrkjebø i Sogn, f. 1879. Fosterdotter: Sigrid Ullebø, f. Kyrkjebø i Sogn 1918. Sofus er no forretningsførar for Osbanen sine rutebilar.

OSØYRI 21
Johan Pederson Holm frå Alstadhaug I Nordland, f. 1852, festa ei tuft på Osøyri i 1883 og kjøpte huset som stod på tufti. Dette hadde fyrr vore nytta til fargeri, men Johan bygde det um til bakeri og bunadshus. G. 1882 Herborg Johannes dtr. Selsvoll frå Strandvik, f. 1850. Born: Johanna, f. 1881, g. 1909 Nils Jørgensen, s. Os 13, Albert, f. 1882, s. n. Johan var bakar og hade fyrr han kom til Os vore bakar i Strandvik. Han dreiv brødhandel her og hadde også ei tid handel på br. 5. Johan døydde i 1933 og Herborg i 1911
Albert Johanson Holm, f. 1882, fekk skøyte på huset hjå faren i 1891 og kjøpte grunnen av indre Moberg 3 i 1925. G. 1902 Oliva Larsen frå Skånevik, f. 1882. Born: Peder, f. 1902, Liv, f. 1904, g. konditor Einar Johannsen, Solveig, f. 1911, g. musikar Ivan Thornton, b. Bergen. Albert var busett i Bergen, der han dreiv som bakar. Han er bdød og ekkja Oliva
Holm er no eigar av bruket.
Ola Johannesson Helle frå Bruvik, f. 1871, leigde ein part av huset i 1910, og tok til med manufakturhandel her. Ola døydde ugift i 1925. Ola Olson indre Moberg, f. 1885, som hadde handelen saman med Ola Helle, heldt fram med verksemdi og driv den enno. Paul Paulson Moberg, f. 1914, driv skotyhandel på eigedomen.
OSØYRI 22.
Ivar Larsson Tvedt frå Hamre, f. 1855, bygde ikr. 1880 eit hus på Osøyri og festa i 1886 hustufti av indre Moberg. Ivar var fargar og byrja no med eige fargeri på Osøyri. Han hadde sidan han i 1874 kom til Os, vore fargar hjå H. N. Hansen, s. br. 5. Ivar var styrar av Os folkeboksamling og hadde ogso boksamlingi i huset sitt. I 1908 selde han her og kjøpte eit anna bruk på Osøyri, s. br. 35, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Jakob Hægland kjøpte eigedomen i 1908 og bygde trevarefabrikk her. Sonen Peder Hægland overtok fabrikken, Hæglands høvleri og trevarefabrikk, i 1925, og driv den no. Ikring 20 mann hev no arbeid i verksemdi. Sjå um Jakob Og Peder under Lunden 2 og 7, og O. B. I 202 – 203.
OSØYRI 23.
Mons Knutson Ferstad, f. 1850, festa i 1888 ei tuft av indre Moberg 1 og bygde på tufti. Han hadde fyrr leigt eit innreidt rom i den store stallen som høyrde til br. 4 og fekk difor daglegnamnet «Mons i stallen». G. 1883 Guro Ols dtr. ytre Moberg, f. 1855. Fosterdotter: Nilsina, f. 1877, g. Karl Moberg, s. indre Moberg 13. Born: Karina (tvilling), f. 1883, s. n., Gurina, f. 1883, g. slaktehusvegar Laurits Rasmussen, b. Bergen, Anna, f. 1885, g. 1909 lagerarbeidar Kristian Martinusson Borge, b. Bergen, Olina, f. 1887, g. postbud Sigurd Pedersen, b. Bergen, Karl, f. 1890, s. n. Mons var murar og steinarbeidar. Han døydde i 1925 og kona i 1929.
Karl Monsen, f. p. Osøyri 1890, kjøpte bruket, som samstundes vart serskilt skyldsett, i 1913 av indre Moberg 1. Karl var busett i Bergen og flutte ikkje til eigedomen sin i Os. G. 1918 Åsina Lars dtr. Røysland frå Kvinnherad, f. 1890. Born: Åse, f. 1919, Gerd, f. 1921, Solveig, f. 1923. Karl er maskinpussar på jernbanen.
Karina Mons dtr. Osøyri, f. 1883, skøytte bruket av broren i 1928 og er eigar no. Ho var ogso busett i huset medan broren var eigar. Karina hev pedellarbeid ved heradshuset på Osøyri.
OSØYRI 24.
Kari Engjels dtr. Osøyri, f. p. Tveit 1849, festa ikr. 1888 ei tuft av indre Moberg 7 og bygde seg hus her. Kari vart gift i 1884 med murar Tore Jonson Bævre frå Surndalen på Nordmør, f. 1845, men han døydde alt i 1885. På ein heimtur frå Vinnes saman med Nils Lunden kom han burt på sjøen. Born: Engjel, f. 1883, i Amerika, der han driv som handelsmann. 3 born døydde unge. Kari døydde i 1922, og huset vart seld og flutt til Søfteland, der det no stend på br. 25.
OSØYRI 25 (Nystegen, Bergtun).
Ernst Peder Nielsen skilde i 1892 ut ein part av bruket sitt, br. 2, og bygde sidan eit nytt hotell her. Han hadde fyrr eit hotell på br. 4. Sjå meir um han der.
Agnes Nielsen, f. 1861, skøytte bruket etter faren i 1906 og stjorna hotellet saman med han til han døydde i 1915. Ho reiste seinare til Oslo, der ho sidan var busett.
A/S Bergen Packing Co. kjøpte eigedomen i 1919 og tok hotellet til arbeidarbustad. Sjå um eigarane under br. 14. Av dei som hev vore busett her i mange år, og som me ikkje hev med andre stader, kann me nemna:
Magdela (Malia) Engjels dtr. Haug, f. p. Ragnhildstveit i Hålandsdalen 1882, hev vore busett her i mange år. Ho er ekkja etter Rognald Pederson Haug frå Samnanger, f. 1878. Born: Margit, f. 1901, s. br. 38, Magdalena, f. 1903, g. 1922 steinarbeidar Valentin Danielson Kråkenes frå Førde, Sigurda, f. 1904, g. 1928 Martin Olson Nordstraumen, i Amerika. Ein gut døydde ung. Malla er tilsett ved Bergen Packing Co.
Karianna Hansen, f. i Fusa 1869, hev ogso vore busett her lenge.
Kristi Lars dtr. Berge, f. 1872, som i mange år hadde leigt nedste høgdi av huset til matstova, kjøpte eigedomen i 1938 og gav samstundes bruket namnet Bergtun. Ho driv framleis matstova og herbyrge her.
OSØYRI 26 (Store Grundstykket)
Tomas Tomasson Heggland, f. 1852, som fyrr hadde havt ein eigedom ute ved strandi, s. br. 20, kjøpte i 1893 eit stykke på Osøyri av indre Moberg 3 og flutte huset sitt frå br. 20 hertil. G. 1901 Inga Hansen frå Bergen, f. 1869. Born: Tomas, f. 1902, g. Sigrid Steine, b. Odda, Ingrid, f. 1904, Borghild, f. 1908, b. Ålvik i Kvam, Kamilla, f. 1909. Tomas, som fyrr hadde vore garvar, dreiv no lerhandel og skomakarverkstad på bruket. Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var med i heradstyret 1902 – 1904. I 1913 flutte han til Odda, der han var busett til han døydde i 1927.
Mons Hansson Eide, f. 1885, kjøpte saman med Mons Hauge, s. H. 8, eigedomen i 1916. G. 1913 Erikka Olsen frå Bergen, f. 1886. Born: Finn, f. 1914, d. 1935, Elna, f. 1922. Mons, som hev vore kontormann i Bergen sidan 1909 og hadde bustaden sin der, flutte ikkje til Osøyri, men leigde eigedomen burt til ymse bruk. M. a. vart det ogso bygd ein mekanisk verkstad på bruket.
Peder Sveinson Tveit, f. 1895, kjøpte bruket i 1927 og byrja sportshandel her. Han er busett på Hauge, s. H. 29, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Marius M. Mortensen, f. i Bergen 1870, var i fleire år busett her. G. 1913 Marta Johannes dtr. ytre Moberg, f. 1881. Born: Erling, f. 1913, fotograf, Håkon, f. 1914, d. 1926, Gunnar, f. 1919, fotograf, Tor, f. 1920, trearbeidar, Elsa, f. 1922, Margreta, f. 1924. Marius var assistent hjå fotograf Berg i mange år og overtok fotografverksemdi i 1916. Han døydde i 1936, og sonen Erling Mortensen driv no som fotograf på Osøyri.
Hanna Kuven, s. K. 8, driv matstova på eigedomen, Jakob Styve, s. Hauge 36, driv handel her, og Håkon Askvik, s. indre Moberg 23, hev mekanisk verkstad på bruket.
OSØYRI 27.
Johan Nilsson Leganger, f. 1822, kjøpte i 1894 ei tuft av indre Moberg 3 og bygde på tufti. Johan var busett på Molda, s. M. 1, der ein finn meir um han.
Karl Johanson Leganger, f. 1860, som fyrr hadde vore i Amerika, busette seg på eigedomen som faren hadde kjøpt og dreiv matstova og herbyrge i huset. I 1918 festa han ei onnor tuft på Osøyri og bygde der i 1923, s. br. 37, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Kjøpmann Herman Steensæth i Bergen kjøpte eigedomen i 1902 av dødsbuet etter Johan Leganger. Han flutte ikkje til Osøyri, men leigde bruket burt til Karl Leganger, s. o. Seinare vart dotter åt Herman Steensæth, fru Hellesø, busett her.
Gustav Bahus kjøpte bruket i 1917. I åri frametter kjøpte han fleire jordstykke som grensa til bruket og bygde upp ein større møbelfabrikk her. I 1934 selde han det heile til sonen Ingolf Bahus, som driv verksemdi her no. Sjå um Gustav og Ingolf Bahus under Kuven 36 og 37.
OSØYRI 28.
Jakob Jakobson Balland, f. 1851, festa i 1895 nokre grunnar på Osøyri av indre Moberg br. 4 og 6, og skipa ein båtbyggjarverkstad her. I 1907 og 1911 kjøpte han tuftene av eigarane på Moberg. Han var fyrr busett på br. 18, og i 1894 kjøpte han eit bruk på Bø og flutte dertil. Då han selde på Bø i 1912, busette han seg på bruket her, der han døydde i 1924. Kona fall frå i 1930. Sjå meir um huslyden hans under Bø 3.
Maria Jakobs dtr. Balland, f. 1886, skøytte bruket etter faren i 1923 og var busett her saman med mori. I 1932 reiste Maria til Amerika og døydde straks etter.
Sigurd Ivarson Bugge, f. i Etne 1902, kjøpte bruket i 1935 og skipa ein trelasthandel her. Han hadde fyrr vore styrar av Os forbruksforening, s. br. 5. G. 1931 Ingeborg Knuts dtr. Rossnes frå Herdla, f. 1904. Born: Bjørg, f. 1931, Kjell, f. 1935, Rolf, f. 1938.
OSØYRI 29.
Bertel Abrahamson Lunden, f. 1858, kjøpte ei tuft av br. 25 i 1896 og busette seg her. G. 1883 Henrikka Kristoffers dtr. Ferstad, f. 1860. Born: Abraham, f. 1885, bakar, g. 1906 Anna Vikøren frå Sogn, b. Bergen, Maria, f. 1886, g. 1911 steinarbeidar Johan Fjell frå Yndestad i Sunnfjord, Anna f. 1892, g. 1917 sjømann Paulus Mortensen, b. Bergen, Henrietta, f. 1894, g. 1920 bakar Ola Olson Ulvatne frå Manger, b. Bergen, Kristoffer, f. 1899, g. 1919 Gunda Grønås, s. Søfteland 15, Karl, f. 1897, radiohandlar, g. 1920 Margit Ålvik, b. Bergen, Henrik, f. 1900, s. n., Gunhild, f. 1903, g. 1924 politibetjent Rudolf Bugge, b. Bergen. 4 born døydde unge. Bertel dreiv med treskoarbeid og anna trearbeid. Kona døydde i 1933.
Henrik Bertelsen, f. 1900, skøytte bruket etter faren i 1934. G. 1923 Solveig Marie Laua frå Bergen, f. 1901. Born: Petra, f. 1924, Elna, f. 1925. Henrik er sjauffør på Osbanen sine rutebilar.
OSØYRI 30 (Netland).
Jon Jonson Moberg, f. 1870, og kona Kristina Lars dtr. Bjelland, f. Husnes i Kvinnherad 1867, kjøpte i 1898 eit stykke av prestegarden og bygde her. Dei var gifte i 1892 og hadde fyrr drive handel ein annan stad på Osøyri, s. br. 19. Born: Brita, f. 1893, g. 1915 elektrikar Hans Bendikson Henriksbø, b. Bergen, Johan Arnt, f. 1895, g. 1915 Alvilda Petersen, s. Hauge 34, Karl, f. 1896, handelsmann, g. 1924 Ivarna Ols dtr. Moberg, b. Bergen, Agnes, f. 1903, Anna f. 1905, g. 1926 politibetjent Frithjof Bugge, b. Minde i Fana. Ein gut døydde ung. Jon og Anna er handelsfolk og driv manufakturhandel på eigedomen. Jon hev havt ymse tillitsyrke i bygdi. Han hev m. a. vore kyrkjeverja, medlem av likningsrådet, og var med i heradstyret 1926 – 28.
OSØYRI 31 (Fagerheim).
Jakob Andersson Bjelland frå Stord, f. 1872, kjøpte i 1898 ei tuft av prestegarden, der han bygde og busette seg. G. 1896 Kari Ols dtr. Meland frå Evanger, f. 1868, som fyrr hadde vore gift med Johannes Horvei frå Evanger. Born: Johannes, f. 1896, journalist, b. Oslo, d. ug. 1920, Anders, f. 1898, driftsstyrar, g. 1926 Ester Møllerup, b. Vaksdal i Bruvik, Olav, f. 1900, revisor, g. 1930 Odlaug Giæver, b. Bergen, Gudrun, f. 1902, kjøkensjef og husstyrar på Stend landbruksskule, Vilhelm, f. 1904, fabrikkarbeidar, b. Stord, Joakim, f. 1906, politimann, b. Dale i Bruvik, Judit, f. 1909, g. 1931 handelsdreng Anton Hesjedal, b. Bruvik, Øystein, f. 1910, styrmannn, b. Oslo, Bergljot, f. 1914, g. 1936 lagermann Henrik von Mehren, b. Bruvik, Jakob var snikkar og hadde ei tid drive verksemd på Osøyri saman med Ingvald Ottesen, s. br. 18. Han tok seinare namnet Guldberg og vart i 1904 snikkarlærar på Ulfsnesøy skuleheim i Bruvik. I 1934 tok han avskil som lærar og er no busett i heimbygdi si Stord.
Ingebrigt Jakobson Bjørø frå Austevoll, f. 1879, kjøpte bruket i 1907. G. 1902 Helena Henriks dtr. Moldøy frå Lindås, f. 1878. Born: Anna, f. 1903, g. sekretær for finnemissjonen Adolf Steen, b. Kristiansand, Håkon, f. 1905, s. n., Hjalmar, f. 1907, lærar, b. Austevoll, Olav, f. 1908, d. 1914, Inger, f. 1919, hushjelp. Ingebrigt kom til Os i 1902 og hev sidan drive blikkmakarverksemd på Osøyri. Han hev havt ymse kommunale yrke, hev i fleire år vore medlem av soknerådet og var med i heradstyret 1926 – 28 og 1932 – 37. M. a. er han no formann i styret for Os sparebank.
Håkon Ingebrigtson Bjørø, f. 1905, hev i mange år arbeidt saman med faren og overtok verksemdi i 1939. G. 1938 Ruth T. Onarheim frå Tysnes, f. 1907. Born: Reidun, f. 1940. Sjå ogso under br. 9, der dei er busette.
OSØYRI 32 (Roarheim).
Rasmus Jakobson Walle frå Alversund, f. 1860, kjøpte i 1898 eit stykke av prestegarden og busette seg her. G. 1895 Harriet Krüger Nieuwejaar, f. p. Lyssand 1868. Born: Rhoar, f. 1898, postekspeditør på Bergensbanen. Ein gut døydde ung. Rasmus var ei tid fullmekt hjå verfaren lensmann Nieuwejaar og vart seinare kasserar i Os landmannsbank. I nokre år var han ogso heradskasserar. Han var med i Os heradstyre 1911 – 13 og var varaordførar i same bolken. Rasmus Walle døydde i 1926.
Ekkja Harriet Walle kjøpte bruket, som i 1925 vart seld til frk. Edith Berg, attende same året og hev det no. Harriet var postopnar i Os frå faren døydde i 1897 til ho tok avskil i 1928.
OSØYRI 33 (Trudvang).
Gerhard Berg frå Bergen, f. 1870, kjøpte eit jordstykke av prestegarden i 1898 og bygde her. Han hadde fyrr ein annan eigedom på Osøyri, s. br. 2. G. 1895 Lorentze Carstens frå Bergen, f. 1872. Fosterdotter: Edith, f. 1903, s. n. Berg var fotograf og hadde fotografisk atelier på Osøyri i mange år, men vart seinare disponent for A/S Bergen Packing Co., det han enno er, s. br. 14. Han arbeidde fabrikken fram til å verta ei av dei største verksemder i bygdi. Berg hev havt ymse tillitsyrke i bygdi, og hev m. a. vore styreformann i Os forbruksforening. Han var i fleire år styremedlem i Osbanen og er framleis med i styret for rutebilane.
Edith Berg skøytte bruket av faren i 1916 og hev sidan vore eigar av bruket. G. 1926 Olaf Johnsen, som er disponent for A/S Bergenhus Canning Co. Born: Eldrid Berg, f. 1928. Dei er busette i Bergen, og Gerhard Berg brukar framleis eigedomen.
OSØYRI 34 (Åheim).
Anders Olson Engen, f. 1840, kjøpte i 1898 eit stykke av prestegarden og busette seg her, då han i 1909 tok avskil som klokkar og lærar i Oskrinsen. Sjå um han og huslyden hans under Os 8. Han døydde her i 1922 og kona i 1918.
Sofia Anders dtr. Engen, f. 1876, fekk i 1923 skøyte på bruket av syskeni sine, som hadde arva det etter faren. Sofia døydde i 1925, og systeri Borghild Engen, f. 1872, skøytte bruket i 1927. Borghild var lærar på Dale i Bruvik og tok avskil i 1937. Ho er no busett på bruket her.
OSØYRI 35 (Fagerstrand).
Ivar Larsson Tvedt frå Hamre, f. 1855, kjøpte i 1908 ei tuft på prestegarden og bygde her, då han flutte frå det fyrre bruket sitt på Osøyri, s. br. 22. G. 1879 Anna Hans dtr. Kuven, f. 1845. Born: Hans, f. 1880, verkstadformann, g. 1904 Sofia Skare frå Bergen, b. Haugesund, Lars, f. 1882, g. 1911 Brita Særvoll, s. Os 12, Gustav, f. 1884, s. n., Ingeborg, f. 1888, g. Lars Hansson Særvollsvik, i Amerika. Ivar dreiv fargarverksemd på Osøyri, s. br. 5 og br. 22. Frå 1897 til 1912 var han heradskasserar i Os, og frå 1898 var han ogso kasserar i Os privatbank. Det sistnemnde yrket hadde han til 1922, då han døydde. Kona fall frå i 1909.

Bautasteinen på Osøyri vert avduka 17. mai 1914.
Gustav Ivarson Tvedt, f. 1884, vart brukar og overtok fargarverksemdi etter faren. G. 1911 Synneva Johannes dtr. Hjelmevoll frå Ulvik, f. 1886. Born: Ivar, f. 1912, s. n., Johannes, f. 1917, kontormann. Gustav driv no bensinstasjon på Osøyri. Han hev havt ymse kommunale yrke og er med i heradstyret frå 1935.
Ivar Gustavson Tvedt, f. 1912, fekk skøyte på bruket av bestefaren i 1914 og er framleis eigar. G. 1940 Augusta Saure, f. 1914. Ivar er no kasserar i Os sparebank.
OSØYRI 36.
Paul Jonson Sælen, f. 1867, festa i 1914 ei tuft av Staten på Osøyri og sette upp smidja og bunadshus her. Osøyri var gamall eksisplass, og militærstellet, som rekna seg som eigar av plassen, festa burt tufti til Paul Sælen. Det synte seg sidan at prestegarden åtte eksisplassen, og Os kommune festa den av Kyrkjedepartementet i 1918. Paul Sælen dreiv smedverksemd i huset på Osøyri, men hadde framleis garden og bustaden sin på Sælen. Sjå meir um han og huslyden hans under Sælen 6.
Jon Paulson Sælen, f. 1894, arbeidde saman med faren og overtok seinare saman med brørne smedverksemdi på Osøyri. G. 1920 Engelina Anders dtr. Heggland, f. 1901. Born: Marta, f. 1920, Anders, f. 1922. Jon driv framleis verksemdi og er busett på bruket.
Bernhard Paulson Sælen, f. 1897, dreiv arbeidet saman med faren og broren og er busett her. G. 1921 Karen Karls dtr. Totland frå Tysnes, f. 1903. Born: Paul, f. 1922, Karl, f. 1927, Klara, f. 1932, d. ung. Bernhard er no trearbeidar.
Paul Paulson Sælen, f. 1899, er smed likeins som brørne og bur på bruket. G. 1925 Hilda Karls dtr. Totland frå Tysnes, f. 1898. Born: Paul, f. 1926, Karen, f. 1933. Paul driv no med trearbeid.
Svein Paulson Sælen, f. 1905, arbeidde ei tid i smidja saman med brørne og var busett her. G. 1929 Laura Ols dtr. ytre Haugland, f. 1906. Born: Ingeborg, f. 1929, Solveig, f. 1933, Ola, f. 1934, Olina, f. 1937. Ei gjenta døydde ung. Svein driv no mekanisk verkstad på Osøyri.
OSØYRI 37.
Karl Johanson Leganger, f. p. Molda 1860, festa i 1918 ei tuft av eksisplassen på Osøyri og bygde her i 1923. Han hadde fyrr vore busett ein annan stad på Osøyri, s. br. 27. G. 1883 Rosa Teresia Olsen frå Bergen, f. 1864. Born: Torvald, f. 1883, sjømann, g. Ingeborg Eldor frå Moss, b. Moss, Johan, f. 1885, sjømann, d. ug. 1918, Anna f. 1886, g. 1906 konduktør Karl Andreas Monsson Songstad frå Haus, b. Bergen, Klara, f. 1889, g. 1911 garvar Johannes Johnsen frå Bruvik, Olgar, f. 1893, sjømann, g. 1918 Elisa Anders dtr. Heggland, b. Bergen, Bjarne, f. 1895, s. n., Valborg, f. 1899, g. fabrikkarbeidar Randolf Paulsen, b. Bergen, Finn, f. 1902, fiskar, Teresia, f. 1904, g. 1930 Anders Grøneng, s. Kuven 34, Ivar, f. 1906, frihandlar, g. 1937 Ingeborg Hans dtr. Moberg frå Bergen, (born: Turid, f. 1934). Tvo born døydde unge. Karl dreiv matstova på eigedomen. Han og kona døydde begge i 1934.
Bjarne Karlson Leganger, f. 1895, overtok eigedomen då faren fall frå. G. 1935 Marta Kristina Haugen frå Fusa, f. 1908. Born: Reidar, f. 1935, Karin, f. 1940. Bjarne driv matstova likeins som faren, og driv skyssing med motorbåt attåt.
OSØYRI 38.
Ivar Olson Lepsøy, f. i Bergen 1885, festa ei tuft av prestegarden i 1922 og bygde her. G. 1907 Mary Tors dtr. Osnes frå Hosanger, f. 1884. Born: Olav, f. 1908, s. n., Helge, f. 1909, skomakar, g. Ingeborg Lars dtr. Lønningdal, Ingeborg, f. 1911, b. Bergen, Guro, f. 1913, g. mekanikar Trygve Nilsen, b. Bergen, Toralf, f. 1915, sjauffør, Benjamin, f. 1918, Mary, f. 1920, b. Bergen. Ivar var skomakar og hadde eigen verkstad på bruket. Han døydde alt i 1930.
Olav Ivarson Lepsøy, f. 1908, kjøpte huset etter faren i 1931 og er busett her. G. 1933 Margit Rognalds dtr. Haug, Osøyri, f. i Fusa 1901. Born: Evelyn, f. 1933, Ragnhild, f. 1934, Ivar, f. 1935. Olav er skomakar likeins som faren og driv verkstaden etter han.
OSØYRI 39.
Ingeborg Jons dtr. Kuventræ (Kuven), f. 1889, festa i 1923 ei tuft på Osøyri av Os kommune (eksisplassen) og bygde her. Ho byrja med handel på eigedomen, men selde alt i 1925.
Andreas Larsson Kålås frå Hamre, f. 1867, kjøpte eigedomen i 1925 og heldt fram med handelen. Han hadde då i 12 år vore styrar av Os forbruksforening, s. br. 5, og hadde fyrr vore handelstyrar i Hamre. G. I 1888 Magdela Steffens dtr. Øfstegård frå Hamre, f. 1867, d. 1906, g. II 1907 Kristina Ingebrigts dtr. Vatne frå Alversund, f. 1882. Born: Sigvard, f. 1889, kontormann, g. Emma Dahl, b. Bergen, Lovisa, f. 1893, g. Oliver Bergman, i Amerika, Olina, f. 1897, s. br. 15, Agnes, f. 1899, telefondame, Harald, f. 1901, i Amerika, Maria, f. 1903, hushjelp, b. Bergen, Gustav, f. 1908, kontormann, b. Bergen, Ingrid, f. 1909, g. 1934 trearbeidar Erik Bugge, Ingvald, f. 1911, trearbeidar, Alfred, f. 1913, sjømann, Trygve, f. 1917, kontormann, Sverre, f. 1926. Andreas slutta med handelen her i 1929 og flutte til Bergen, men er no busett på Osøyri.
Rognald Larsson Hylland frå Aurland i Sogn skøytte eigedomen i 1929 og er eigar no. G. 1917 Josefina Lohne frå Fana, f. i Haus 1887. Born: Leif, f. 1918, bankassistent, Johannes, f. 1919, d. ung, Ragnhild, f. 1921, Inga, f. 1923, Reidar, f. 1925. Rognald driv handel på bruket likeins som fyremannen. Han hadde fyrr vore busett i Fana og på Askøy.
OSØYRI 40.
Torgeir Arneson Kaldestad frå Kvam, f. 1891, festa ei tuft av Os kommune (eksisplassen) i 1931 og bygde her. G. 1921 Olea Vik frå Trysil, f. 1891. Born: Gjertrud, f. 1922, Arne, f. 1924, Olaf, f. 1927, Alf Kjartan, f. 1930. Torgeir er elektrikar og driv installasjonsverksemd og handel med elektrisk matriell på eigedomen. Fyrr han kom til Os i 1921, dreiv han som elektrikar i Oslo og bygdene der ikring.
OSØYRI 41.
Os Privatbank kjøpte i 1933 ei tuft av br. 5 og bygde nytt bankhus her. Sjå um banken O. B. I 603. Os privatbank hev no under rådvelde ikr. 2 600 000 kroner. Den fyrre kasserar Ole L. Moberg er adm. direktør og Tomas Rødne er no kasserar.
Kristian Valaker frå Utvik, f. 1906, har vore busett i huset og ført tilsynet med eigedomen. G. 1933 Matilda Jakobs dtr. Heggland, f. p. Lunden 1908. Born: Kjellaug, f. 1935, Anders, f. 1939, d. ung. Kristian er trearbeidar.
Lars Olavson Skorpen, f. p. Tveit 1908, hev kontor og driv si tannlækjarverksemd her. G. 1936 Ingebjørg Knuts dtr. Mosafinn frå Voss, f. 1913. Born: Liv, f. 1937. Lars er tannlækjar. Han er medlem av ljosverkstyret og ymse andre styre, og hev vore med i heradstyret frå 1935.
OSØYRI 42.
Magdalena Schjelderup frå Bergen, f. 1897 skøytte i 1936 ei tuft av indre Moberg 4 og bygde her. Ho hadde vore gift med John Røst Schjelderup, f. i Bergen 1896, som døydde i Amerika. Born: Jack Gerhard, f. 1926, John Røst, f. 1927. Fru Schjelderup er frisør og driv frisørforretning på eigedomen.
OSØYRI 43.
Postopnar Arne Hjermann frå Lærdal i Sogn, f. 1901, festa i 1937 ei tuft av prestegarden og bygde på tufti. G. 1929 Turid Øye frå Lærdal, f. 1901. Born: Per, f. 1931, Tore, f. 1938, d. ung, Jan Olav, f. 1940. Arne er postopnar på Os sidan 1936 og hev postkontoret på eigedomen. Han hadde fyrr vore postekspeditør i Høyanger o. a. st.
Hans Larsson Bakketeig frå Ambla i Sogndal, f. 1915, driv urmakarverksemd på bruket og er busett her. G. 1937 Berly Karen Haugland frå Ytre Arna i Haus, f. 1917. Born: Leiv Sigmund, f. 1938. Hans hadde fyrr han kom til Os i 1936 vore urmakar i Ytre Arna.


