HETLEFLÅTEN

Frå OS SOGA III side 484 – 489


57. HETLEFLÅTEN 

Gardsnamnet kjem av staden der garden vart bygd, ein voll eller flate med hatl, hatleflaten.  Då flaten låg på eit eid millom tvo vatn, vart garden jamt i den fyrste tidi kalla med namnet på sjølve eidet, Skogseidet.  

Uttale: Hæ’tlefløten.  
Skrivemåtar: Schougseid (1631), Kiercheteigh (1634), Schouff Eid (1638), Schouffs Eid, Skougsed, Fletleflodt (1668), Hetleflot (1723). 

Garden ligg ved sida av Skogen, på eidet millom Vindalsvatnet og Storevatnet (Hetleflåtvatnet).  Os kyrkja åtte garden, og som namnet frå 1634 syner, er det ein teig som er gjeven eller seld til kyrkja frå ein annan gard.  Teigen vart truleg gjeven frå Ulven, som etter alt å døma åtte utmarki her frå gamall tid.  Godseigar Formann bytte Hetleflåten til seg i 1809, saman med ein part i Grindevoll, og garden vart Lyseklostergard tildess brukaren kjøpte i 1872.  Istadenfor Hetleflåten fekk Trond Samland, som åtte Os kyrkja, att garden Sæverhagen i Jondal. 

Or gamle matriklar og teljingar:

1668: Saar 2½ tønder, afler 8 tønder, brendeskoug till, paalagt at plante homblehagge, brender kull.  
1723: Ingen sætter, men skoug til gaardens reparation og fornøden brendefang, ingen qvern eller fiskerie, tør og skrind agerland, maadelig letvunden.  Har ingen næring uden gaardens aufling, har ellers tilforn nogle aar ligget øde.  
1865: Har 6 maal dyrket ager og eng, deraf intet godt, 2 maal middels og 4 maal slet, har 32 maal naturlig england, deraf 7 maal godt, 16 middels og 9 slet, 6 maal naturlig england kan dyrkes.  Har skog til husbrug og kan sælge furu og birk for 5 spd. aarlig, føder 2 ungnød ved lyng, er meget letbrugt og almindelig drevet.  Har 1 vandfald for en mølle til eget brug. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571  4     
16681 18   2tun 
17231  66  2» 
180016       
183516148  2,5»2tun.
1865212110261624,5tun.9tun.
190031631321 37,5hl.17hl.
192072221316 25mål3mål
193062421125 23,5»4»
1939  22116 23»5»


HETLEFLÅTEN 1. 

Jakob Hetleflåten er fyrste mann som me finn på garden.  Kona hans heitte Anna.  I 1631, då han er nemnd for fyrste gong, stend han skriven for Jacob Schougseid.  I 1634 er han skriven for Jacob Kiercheteigh, i 1638 for Jacob Schouffeid og i 1645 for Jacob Hetleflode.  Ein ser soleis at garden i dei fyrste tider vart kalla Skogseidet, Hetleflåten og Kyrkjeteigen um ein annan.  Jakob var fatig og jamnast skattefri, noko som er skyneleg um det var han som hadde rydja garden. 

Ola Hetleflåten vart brukar i 1657.  Han var då ein gamall mann som hadde vaksne born.  Kvar han var frå og kvar han hadde vore busett fyrr, veit me ikkje.  Det er mykje truleg at han var ekkjemann då han kom til Hetleflåten og vart gift med ekkja etter Jakob.  Av borni kjenner me berre ein son, Bård, f. ikr. 1628, s. n.  Ola døydde alt i 1660. 

Bård Olson Hetleflåten, f. ikr. 1628, bygsla bruket etter faren i 1660.  Han vart straks etter gift med ei som heitte Kari Ols dtr., f. ikr. 1640.  Kvar ho var frå, veit me ikkje, men ho var i ætt med lensmannsfolket på Hauge.  Kari døydde i 1678, og Bård gifte seg att tvo år etter med Marta Fabians dtr. Kuven, f. ikr. 1650.  Bård let so bruket på Hetleflåten frå seg og flutte til Kuven, s. K. 2, der ein finn meir um han og huslyden hans.  Medan han var på Hetleflåten, dreiv han med skogarbeid, og i 1665 vart det uppgjeve at han det året hadde selt timber for 2 dalar til eit skotteskip. 

Anders Albrigtson øvre Rød, f. ikr. 1643, vart brukar då Bård flutte burt.  Han hadde fyrr havt farsbruket sitt på ovre Rød, s. ø. R. 1.  G. 1669 Kari Peders dtr. Berge, f. ikr. 1650.  I 1683 flutte Anders frå Hetleflåten att og vart ei tid buande i Lysøy.  Seinare flutte han attende til øvre Rød, der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Ola Bårdson Kuven, f. p. Hetleflåten 1662, bygsla bruket her, som elles var farsbruket hans, då Anders flutte.  G. I 1685 Anna Ols dtr. indre Moberg, f. ikr. 1664, d. 1686, g. II 1688 Kristi Nils dtr. ytre Lekven, f. 1670.  Born: Anders, f. 1695, g. b. Ulgenes i Kinsarvik, Kari, f. 1697, g. 1730 Johannes Skjeie, s. S. 2, Gjertrud, f. 1701, s. n., Ingeborg, f. 1704, ug., Hans, f. 1707, ug., Ola, f. 1711, g. 1742 Elsebet Åsen, s. Å. 1.  3 born døydde unge.  Ola dreiv med fiske o. a., men sat tungt i det.  I 1691 vart han stemnd til tings, avdi han ikkje hadde betalt landskyld for nokon av dei 8 åri som han hadde havt bruket.  Han hadde heller ikkje betalt leiga for ei ku, som kyrkja åtte, og som Ola då hadde havt i 5 år.  Ola døydde i 1733 og Kristi i 1741. 

Ola Gudmundson ytre Tuen, f. 1714, vart brukar i 1733 saman med ekkja Kristi Nils dtr.  I 1736 vart han gift med ei dotter åt fyremannen, Gjertrud Ols dtr. Hetleflåten, f. 1701, og fekk då bygsla bruket etter vermori.  Born: Ola, f. 1738, Guro, f. 1741.  Ei gjenta døydde tidleg.  Borni reiste ut og me finn ingen av dei att i Osbygdi.  Ola døydde i 1741, same dag som broren på Tuen, og truleg kom dei då burt på sjøen. 

Eivind Olson Tveit, f. 1716, vart i 1742 gift med ekkja Gjertrud Ols dtr. og hadde alt bygsla bruket hausten fyrr, då han vart trulova med ekkja.  Gjertrud døydde i 1749, og Eivind gifte seg att året etter med Herborg Bagges dtr. nedre Vågen frå Strandvik, f. 1720.  Born: Gjertrud, f. 1751, g. 1790 Sjovat ytre Drange, s. y D. 4, Barbru, f. 1757, g. 1789 Ola Haugen frå Samnanger, s. ytre Tuen 3, Ola, f. 1763, g. b. Teige i Opdal.  Tvo born døydde unge.  Eivind sat sverande tungt i det og streva hardt for å greida seg.  Han døydde i 1770 og Herborg i 1781. 

Endre Eliasson Storevik frå Strandvik, f. 1741, vart i 1770 gift med syster åt Eivind, Kari Ols dtr. Tveit, f. 1745, og då Eivind døydde same året, fekk Endre bygsla bruket etter verbroren.  Endre og Kari fekk 8 born, og av dei vaks 4 upp: Elias, f. 1770, g. b. Glesvær i Sund, Ola, f. 1772, g. 1796 Kari Tomas dtr. Dale, b. Dale i Fusa, Kristi, f. 1774, g. Ola Ellingson Skjørsand, Kari, f. 1785, d. ug. 1811.  Endre greidde seg ikkje på bruket, og i 1779 flutte han til Engevikhamn i Strandvik, der han døydde i 1787.  Ekkja Kari Ols dtr. gifte seg att i 1790 med e. Hans Andersson Øpstad i Fusa. 

Lars Johannesson Borgen, f. 1743, bygsla bruket då Endre flutte til Strandvik.  G. 1778 Ingjerd Steffens dtr. Bø, f. 1746.  Born: Johannes, f. 1779, g. 1810 e. Kari Ols dtr. Heggland, s. Heggland 4, Steffen, f. 1782, s. n., Brita, f. 1785, g. 1810 Ola Skogen, s. S. 1, Marta, f. 1788, g. 1838 Jens Kristofferson som tente på Sanden.  Ei gjenta døydde i ung alder.  Lars dreiv med fiske og båtbyggjing, men sat tungt i det likeins som fyremennene.  Han døydde i 1808. 
Ekkja Ingjerd Steffens dtr. hadde so bruket eit par år.  Ho døydde i 1834. 

Steffen Larsson Hetleflåten, f. 1782, bygsla farsbruket i 1810.  G. 1809 Kari Lars dtr. Nordstrønen, f. 1783.  Born: Brita, f. 1810, d. ug. 1881, Ingeborg, f. 1813, g. 1843 Mortein Hjelle, s. H. 1, Lars, f. 1818, s. br. 2, Ingjerd, f. 1820, s. n, Henrik, f. 1823, g. 1853 Synneva Anders dtr. Sørstrønen, b. Stendadalen i Fana, Johannes, f. 1826, g. 1861 Brita Sanden, s. S. 2.  Steffen dreiv fiske og båtbyggjing likeins som faren.  Han vart som «dygtig» og 63½ turnar høg utskriven til hertenesta i 1808 og måtte ut i ufreden same året.  Steffen døydde i 1855 og kona i 1864. 

Lars Arneson Kuven, f. 1813, vart i 1845 gift med Ingjerd Steffens dtr. Hetleflåten, f. 1820, og bygsla bruket etter verfaren.  Born: Jakob, f. 1845, s. n.  Lars var båtbyggjar likeins som fyremennene og hadde ymse tillitsyrke i bygdi.  Han døydde i 1900 og kona i 1898. 

Jakob Larsson Hetleflåten, f. 1845, vart brukar etter faren og kjøpte bruket av Lysekloster i 1872 for 600 spd.  G. 1876 Brita Kristens dtr. Skogen, f. 1850.  Dei hadde ikkje born.  Jakob var smed og røyrleggjar, og dreiv mykje med kjøring o. a. attåt gardsbruket.  Han døydde i 1921 og kona i 1929. 

Jakob Martinson indre Moberg, f. 1907, skøytte bruket i 1921.  G. 1935 Gyrid Lars dtr. Askvik, f. 1912.  Born: Jakob, f. 1936, Leif, f. 1937.  Jakob driv med sanddrift og biltransport.  Han er med i jordstyret o. a. 


HETLEFLÅTEN 2. 

Lars Steffenson Hetleflåten, f. 1818, fekk i 1846 bygsla ein part av farsbruket og busette seg her.  Han fekk seinare kjøpa bruket.  I 1842 hadde han festa plassen Grindstølen under Skogen, s. S. 2, men let han som hadde plassen ha den so lenge.  G. I 1844 Gunvor Engjels dtr. Skåtun frå Strandvik, f. 1804, d. 1880, g. II 1885 Johanna Nils dtr. Gjeitarøy (Lepsøy), f. 1842.  Born: Steffen, f. 1848, sjømann, sendte siste gong brev heim frå Holland, Marta, f. 1852, s. n.  3 born døydde unge.  Andre kona hadde med seg ei dotter Anna Johans dtr., f. 1878, g. 1905 Ivar Kuven, s. Bø 21.  Lars var treskoarbeidar og dreiv fiske attåt gardsbruket.  Han døydde i 1902 og Johanna i 1914. 

Anders Jørgenson Vatshelle frå Hosanger, f. 1852, vart i 1879 gift med Marta Lars dtr. Hetleflåten, f. 1852, og skøytte bruket etter verfaren same året.  Dei hadde ikkje born.  Anders kom til Os som bygningsmann og dreiv yrket radt til han vart gamall.  Han var jamt ute på arbeid, og kona stelte då bruket, kjørde mjølk og andre varor til Bergen og greidde dette arbeidet likeso godt som nokon kar.  Anders døydde i 1931. 

Johannes Nilsson Nipen frå Hosanger, f. 1892, som tente hjå Anders og var i ætt med han, skøytte bruket i 1916 og hev det no.  G. 1916 Kari Ols dtr. Skåtun frå Strandvik, f. 1883.  Born: Anders, f. 1917, møbelsnikkar, Marta, f. 1919, hushjelp, Orlaug, f. 1922, hushjelp. 


HETLEFLÅTEN 3 (Eikevik). 

Hans Pederson Ulven, f. 1847, busette seg her i 1898, då han fekk festa ei tuft og flutte huset sitt hertil frå Tøsdal, der han fyrr hadde havt det standande.  G. I 1878 Anna Johannes dtr. Osøyri, f. 1850, d. 1900, g. II 1901 Brita Ols dtr. Skorpen (Nordstrønen), f. 1850.  Born: Olina, f. 1880, g. 1906 Peder Bahus, s. Ulven 5, Peder, f. 1882, g. 1901 Pernilla Peders dtr. Myrland frå Samnanger, b. Fana, Johan, f. 1886, g. b. Fana.  Hans var treskoarbeidar og dreiv med skogarbeid o. a.  Han døydde i 1927 og Brita i 1933. 

Hans Bertelson Os, f. 1876, busette seg her då Hans Pederson døydde.  Han hadde fyrr vore busett i Hagevik, der han hadde arbeid ved Kysthospitalet, og hadde ei tid vore ekspeditør ved Ulven jernbanestasjon.  G. 1915 Birgit Elias dtr. Stølsvik frå Solund i Sogn, f. 1887.  Born: Gudrun, f. 1916, g. sjømann Alf Ingebrigtsen, b. Bergen, Elias, f. 1917, sjømann, Birger, f. 1920, anleggsarbeidar, Synneva, f. 1924.  Hans driv no som vegarbeidar. 


HETLEFLÅTEN 4 (Hauglund). 

Fru Karen Hansen kjøpte i 1904 ei tuft av br. 2 og bygde på tufti.  Sjå um henne under Osøyri 5. 

Mons J. Lilletvedt frå Bergen kjøpte bruket i 1917, men selde det alt året etter til handelsmann Lars Strønen frå Fana.  Han selde att same året til lærar Jakob Olson Kolrud frå Fana, som hadde eigedomen i 3 år.  Broren Georg Kolrud vart då eigar i 1921, men selde alt året etter til Gudrun Helene Halvorsen frå Bergen som hev bruket no.  Ho er gift med Ansgar Sporstøl frå Nordmør. 


HETLEFLÅTEN 5. 

Martinus (Mattis) Larsson Tøsdal festa i 1936 ein holme av br. 1 og bygde sumarbustad her.  Martinus er fargehandlar på Nesttun i Fana.