HJELLE
Frå OS SOGA III side 519 – 529

——————–

————————

61. HJELLE.
Upphavet til gardsnamnet er det gamallnorske hjallr, ein hjell eller hylla, ofte brukt um ein liten flate, hjell, i ei lid eller fjellsida. Det gamle gardstunet låg på hjellen under åslidi.
Lille Strømmen er det gamle namnet på straumen millom Storevatnet og Gåssandvatnet, no kalla Storestraumen.
Straumen millom Storevatnet og Tøsdalsvatnet, som no er kalla Hellestraumen, var i gamle dagar rekna som Storestraumen, s. O. B. I 653.
Uttale: Je’dla.
Skrivemåtar: Heldum, Heldenn (1519), Jølle (1563), Hiilde (1567), Jelle (1591), Jeelle, Jelde, Jellde, Jellø (1649), Hielde, Hielle, Geile, Gielle, L. Strømen (1668), Helle, Jelle med Lille Strømmen (1723), Hielløe (1725).
Garden ligg i sørhallet under Borgefjellet austanfyre Borgen. Litlestraumen ligg sunnanfyre Søfteland på neset millom Gåsakilen og Storevatnet. Skogteigen Litlestraumen hev ein gong vore gjeven til Fana kyrkja og var rekna som serskild gard i 1668. Teigen sunnanfyre, Hetleflåten, vart som fyrr nemnt gjeven til Oskyrkja og var ogso rekna som serskilt gard. Det er mest truleg at begge teigane høyrde til garden Ulven i gamall tid, fyrr dei vart gjevne til kyrkjone.
Or gamle matriktar og teljingar:
1668: Gielle: Saar 3½ smale tønder, afler 18 tdr., tynd eng, temmelig agger, ringe femarch, brendeued til garden, med 1 quernested, tilsagt at plante homblehagge. L. Strømen: Ehr en liden ødeplatz, iche tilforn veret sat for landskyld, ehr nu taxerit for forne landskyld smør ½ pund, og den påboende Fabian som den til deel hafe forbedret, og mesten beder sig hielp af andre, at giffue i hans liffs tid bemte ½ pund smør, kand føde 3 nøed og saaer 1 meele korn, med brendeskoug till.
1723: Jelle med Lille Strømmen: Ingen sætter, skoug eller brendefang, intet fiskerie, ingen qvern, men lejlighed til flomqvern, maadelig jordart, men aarvand til kornaufling, ingen houge til fæbete. Aldeles ingen anden næring end af hans gaards aufl.
1865: Gjelle med Lillestrømmen: Har 11 maal dyrket ager og eng, hvoraf 4 maal godt, 5 middels og 2 slet, har 70 maal naturlig england, deraf 14 maal godt, 22 middels og 34 slet, intet af englandet kan dyrkes. Har skog til brendefang og intet videre, føder ½ ungfæ ved lyng men har adgang til mere lyngskjæren, er letbrugt og almindelig drevet. Er udsat for stærke vinde.
Busetnad og buskap.
| Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
| lydar. | skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
| 1657 | 3 | 2 | 10 | ||||||||
| 1668 | 4 | 21 | 4 | tun | |||||||
| 1723 | 2 | 2 | 19 | 12 | 6 | » | |||||
| 1800 | 2 | 18 | |||||||||
| 1835 | 2 | 13 | 12 | 11 | 10 | 1 | 6 | » | 4 | tun. | |
| 1865 | 2 | 15 | 1 | 16 | 42 | 2 | 8 | tun. | 10 | tun. | |
| 1900 | 4 | 25 | 3 | 16 | 29 | 4 | 8 | hl. | 29,5 | hl. | |
| 1920 | 10 | 39 | 3 | 17 | 27 | 5 | 8 | mål | 5,5 | mål | |
| 1930 | 10 | 38 | 3 | 17 | 59 | 3 | 4 | » | 7,5 | » | |
| 1939 | 3 | 21 | 46 | 6 | 4 | » | 8 | » | |||
HJELLE 1.
Arne pa Heldum (Arne Hjelle) var brukar her i 1519 og er saman med grannen Tomas den fyrste mann som me finn namngjeven på garden. Arne og Tomas lagde skatt for kvar sin halvpart av Hjelle, og garden tykkjest alt då vera skift i tvo bruk.
Ola Hjelle var brukar i 1563. Han stjorna heile Hjelle og hadde tvo vaksne drengjer, Mons og Ola, på garden.
Ivar Hjelle var brukar i 1567 og hadde heile garden likeins som Ola fyrr han. Av borni kjenner me sonen Peder, s. Bø 2, og ein son eller ei dotter som sidan fekk bruket, s. n. Ivar var brukar radt til han døydde i 1596. Kvar Ivar og fyremennene hans var frå, veit me ikkje.
Ekkja etter Ivar hadde garden frå 1597 nokre år utetter.
Bård Hjelle vart brukar i 1603. Han var anten son åt Ivar eller gift med ei dotter hans. Garden var no skift att i tvo bruk, s. br. 2. Bård sat tolleg godt i det dei fyrste åri, men det gjekk nedover med han, og tilslutt vart han rekna som rein fatigmann. I 1629 fekk han og grannen ein dom på seg avdi dei ikkje vilde skyssa futen, og dei måtte leggja bøter. Bård døydde same året.
Ekkja etter Bård hadde so bruket til sonen Ivar vart vaksen og kunde ta mot det.
Ivar Bårdson Hjelle, f. ikr. 1615, bygsla bruket etter mori i 1638. G. ikr. 1640 Agata Eriks dtr. Gjemdal, f. ikr. 1615. Av borni kjenner me berre tvo: Hans, f. ikr. 1640, s. n., Anna, f. ikr. 1650, g. 1686 Ola Johannesson. I 1644 måtte Ivar leggja ei bot av heile 3½ dalar (umlag 2 kuverd) for slagsmål med ein av grannane. Heile tunet brann upp i 1652, og Ivar vart då fatigmann. Han var likevel mykje vyrd i bygdi og var lagrettemann i mange år. Ivar døydde i 1660.
Ekkja Agata Eriks dtr. hadde so bruket saman med sonen til ho døydde i 1673.
Hans Ivarson Hjelle, f. ikr. 1640, bygsla bruket då faren fall frå, men brukte det saman med mori so lenge ho livde. G. ikr. 1665 Brita Nils dtr. Bø, f. ikr. 1645. Born: Ivar, f. 1666, g. 1687 Marta Knuts dtr., s. Bø 5, Lars, f. 1669, g. 1692 Guro Søfteland, s. S. 1, Barbru, f. 1674, g. 1699 Hans Bjånes, s. Molda 1, Agata, f. 1682, s. n., Anna, f. 1688, ug. Tvo born døydde tidleg. Hans dreiv med sjøen og sat godt i det. Han døydde i 1707.
Ekkja Brita Nils dtr. hadde so bruket eit par år. Ho døydde i 1717.
Nils Halvardson Tøsdal, f. ikr. 1685, vart i 1709 gift med Agata Hans dtr. Hjelle, f. 1682, og fekk året etter bygsla bruket etter vermori. Av 9 born finn me 3 som vaks upp: Kari, f. 1713, g. 1736 Størk Sælen, s. S. 1, Mons, f. 1714, ug., Hans, f. 1715, s. n. Tvo born til, Anna, f. 1725, og Halvard, f. 1729, vaks kannhenda ogso upp. Nils dreiv med sjøen likeins som faren. Han døydde i 1741 og kona i 1762.
Hans Nilsson Hjelle, f. 1715, bygsla bruket då faren fall frå. Han hadde fyrr i 7 år vore busett på Tømmernes, s. T. 1. G. I 1734 e. Barbru Jons dtr. Tømmernes, f. ikr. 1685, d. 1759, g. II 1760 Guro Ols dtr: Søfteland, f. 1730. Born: Ola, f. 1761, ug., Nils, f. 1764, s. n., Hans, f. 1774, g. 1797 Anna Bjoarvik, s. B. 1. Tvo born døydde unge. Hans var ein vyrd mann i grendi. Han sat godt i det og var ein av dei likaste bønder i bygdi på si tid. Hjelle måtte svara skatt for Litlestraumen som um det var eit rydja og dyrka bruk, men i 1788 møtte Hans og grannen på tinget og fekk skatten nedsett. Sjå um Litlestraumen br. 7. Hans hadde bruket på Hjelle radt til han døydde i 1791 og hadde då vore gardbrukar i heile 58 år. Guro døydde i 1806.
Nils Hansson Hjelle, f. 1764, bygsla bruket då faren døydde i 1791. G. 1792 Marta Morteins dtr. Bjoarvik, f. 1768. Born: Guro, f. 1794, g. 1819 Ola indre Drange, s. i. D. 1, Hans, f. 1796, d. ug. 1825, Mortein, f. 1798, s. n., Mari, f. 1802, g. 1845 Halvard Lunde, s. L. 5, Brita, f. 1805, g. 1829 Gabriel Heggland, s. Bjoarvik 1, Marta, f. 1809, d. ug. 1879. Ei gjenta døydde ung. Nils greidde seg på bruket, men sat ikkje so godt i det som faren. Han døydde i 1833 og kona i 1825.
Mortein Nilsson Hjelle, f. 1798, bygsla farsbruket i 1830. Han hadde fyrr vore postdreng på Søfteland og slapp hertenesta. G. I 1831 Ingeborg Ols dtr. Nordstrønen, f. 1812, d. 1842, g. II 1843 Ingeborg Steffens dtr. Hetleflåten, f. 1815. Born: Hans, f. 1831, s. n., Marta, f. 1834, g. 1858 Tomas Heggland, s. H. 2, Ola, f. 1836, s. br. 3, Nils, f. 1839, g. 1860 Malena Kuven, s. K. 4. Mortein dreiv treskoarbeid og anna yrke og greidde seg godt. I 1866 vart bruket skift millom dei tvo eldste sønene hans, s. br. 3. Mortein var ein vyrd mann og hadde ymse tillitsyrke i bygdi. Han døydde i 1880 og siste kona i 1879.
Hans Morteinson Hjelle, f. 1831, kjøpte halve farsbruket for 400 spd. då det i 1866 vart skift i tvo partar. G. I 1859 Marta Knuts dtr. ytre Lekven, f. 1838, d. 1875, g. II 1876 Brita Klaus dtr. Lunde, f. 1847. Giftarmåli var barnlause. Hans dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1904 og Brita i 1902.
Lars Olson Hjelle, f. 1868, skøytte bruket etter farbroren i 1902 og vart brukar her. Han hadde fyrr havt eit bruk på Midtsæter, s. M. 1. G. 1894 Brita Nils dtr. Midtsæter, f. 1872. Born: Brita, f. 1895, s. n., Kari, f. 1897, g. 1920 Johannes ytre Moberg, s. Kuven 24, Ola, f. 1899, g. 1925 Ingeborg indre Moberg, s. i. M. 20. Lars var trearbeidar og bygningsmann dei fyrste åri, men tok seinare til med ein skifabrikk, som han hev drive fram til ein av dei største i landet. Sjå um han O. B. I 204 – 206. Lars hev havt mange kommunale tillitsyrke og var m. a. med i heradstyret 1920 – 25.
Ingvald Larsson Lyssand, f. 1895, vart i 1918 gift med Brita Lars dtr. Hjelle, f. 1895, og skøytte i 1919 bruket etter verfaren. Born: Kristi, f. 1920, hushjelp, Borghild, f. 1923, Laura, f. 1926, Lars, f. 1929. Ingvald driv trearbeid attåt gardsbruket.
HJELLE 2.
Tomas pa Heldum var brukar her i 1519 då Arne hadde det andre bruket, s. br. 1.
Ola Hjelle, som hadde br. 2, stjorna ogso dette bruket i 1563.
Ivar Hjelle og ekkja hans etter han hadde bruket frå 1567 til 1603. Sjå um dei under br. 1.
Sjur Hjelle vart brukar her då Hjelle vart skift att i 1603. Um Sjur var son åt Ivar eller i ætt med han på annan måte, veit me ikkje visst. Men det er mykje som tyder på at Sjur var son åt gamle Ivar, eller gift med ei dotter hans, og at unge Ivar, s. n., atter var son åt Sjur. Sjur døydde alt ikr. 1609.
Mons Hjelle vart brukar ikr. 1610, og truleg vart han då gift med ekkja etter Sjur. Kvar Mons var frå, veit me ikkje. I 1612 måtte han saman med nokre andre osingar fara til Svinesund for å slåst med svensken, men kom straks heim att. Mons hadde ein mykje mindre part av garden enn grannen på br. 1, og han vart vanleg rekna som husmann eller øydegardsmann. Av borni hans kjenner me berre ei dotter, Abelona, som døydde ugift i 1683. Peder Særvollsvik, s. S. 1, var truleg ogso son hans. Mons hadde bruket til 1624.
Ivar Hjelle bygsla bruket i 1625 etter Mons, som kannhenda var stykfar hans. Ivar var truleg son åt Sjur Hjelle, s. o. Kona hans heitte Kristi. I 1629 fekk Ivar likeins som grannen ei bot avdi han ikkje vilde skyssa futen. Ivar sat tungt i det, og han streva hardt for å greida seg på bruket. Han døydde alt i 1630.
Nils Hjelle vart i 1631 gift med ekkja Kristi Hjelle og fekk bygsla bruket etter Ivar. Kristi døydde nokre år etter, og Nils vart då gift med ei som heitte Marta. Kvar Nils var frå, veit me ikkje. Han fekk auka bruket sitt so at det vart halve Hjelle, men han vart framleis rekna som husmann og øydegardsmann. Nils sat likeins som fyremannen sverande tungt i det. Han døydde i 1649.
Ola Hjelle vart brukar i 1650, og truleg vart han då gift med Marta Hjelle, som var ekkja etter Nils. Ola hadde vore gift fyrr han kom til Hjelle, og m. a. hadde han i fyrste giftarmålet ein son som var vaksen i 1658. Ola og sonen var då med og kjørte fram timberet som Ola Lyssand hadde hogge uløyves i prestegardskogen, s. Lyssand 1. Ola greidde seg godt dei fyrste tvo åri, men som nemnt brann tunet i 1652, og han vart då fatigmann nokre år. Han miste likevel ikkje motet, men tok til på nytt, og i slutten av 1650 åri hadde han arbeidd seg so godt fram at han atter lagde skatt som andre vanlege bønder i bygdi. Ola døydde alt i 1660.
Arne Tomasson Hjelle, f. ikr. 1630, bygsla bruket då Ola fall frå. Arne var ikkje osing, men kvar han var frå, veit me elles ikkje. G. I ikr. 1660 Ragnhild Eivinds dtr., f. ikr. 1640, d. p. barseng 1669, g. II 1670 Kari Nils dtr. Bø (syster åt grannekona), f. ikr. 1642, d. 1688, g. III 1690 Marta Anders dtr. indre Haugland, f. 1651. Av 9 born, som me veit um, vaks 6 upp: Anna, f. 1661, g. 1683 Johannes ytre Tuen, s. y. T. 1, Brita, f. 1663, g. 1689 Bård Kuven, s. K. 2, Tomas, f. 1665, s. n., Ingeborg, f. 1676, Eivind, f. 1677, g. 1706 Kari Hauge, s. Kuven 2, Anders, f. 1691, g. 1712 Brita Lars dtr. Arne var ein drivande kar og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1691 og siste kona nokre år etter.
Tomas Arneson Hjelle, f. 1665, bygsla bruket då faren døydde. G. 1692 Brita Nils dtr. Tøsdal, f. 1667. Av 8 born vaks berre 3 upp: Arne, f. 1692, g. 1720 Ingjerd Lyssand, s. L. 3, Ola, f. 1694, g. 1715 Barbru Tveit, s. T. 2, Nils, f. 1700, s. n. Tomas sat ikkje so lett i det som faren. Då han let bruket frå seg til sonen i 1723, fylgde det ogso ein teig eller eit jordstykke, Korsteigen, med bruket. Tomas døydde i 1733 og kona ikr. 1740.
Nils Tomasson Hjelle, f. 1700, bygsla farsbruket i 1723. G. 1723 Guro Ols dtr. Lien, f. 1703. Born: Tomas, f. 1724, s. n., Brita d. e., f. 1728, g. 1750 Peder Søfteland, s. S. 2, Brita d. y., f. 1730, g. 1757 Jakob Rein, s. indre Haugland 4, Mari, f. 1731, g. 1761 Ola Bø, s. Bø 1, Valborg, f. 1734, g. 1763 Peder Lunde, s. L. 2, Kari, f. 1736, g. 1762 Mattis Heggland, s. Lønningdal 3, Guro, f. 1742, ug. 3 born døydde unge. Nils sat tungt i det og streva hardt for å greida seg. Då han heldt brudlaup i jonsokhelgi 1757 for andre dotteri si, hadde han tinga Johannes Skogen til spelemann i gjestebodet. For dette måtte Nils for retten, då Hans Gjøn og Johannes Øvredal påstod at dei hadde einerett til å spela i alle brudlaup. Nils døydde i 1762 og Guro i 1772.
Tomas Nilsson Hjelle, f. 1724, fekk i 1754 bygsla farsbruket, som han dreiv saman med faren til denne døydde. Det var elles truleg noko ugreida med bygsla til Tomas. I 1755 vart det tinglese bygslekontrakt til han for heile bruket, i 1763 vart tinglese ei kontrakt vedkomande halve bruket, og i 1764 vart det atter tinglese ei ny kontrakt um det same. G. 1755 Helga Mons dtr. Bogstrand frå Fusa, f. 1732. Av 8 born vaks 6 upp: Guro, f. 1757, g. 1781 Lars Lien, s. Valle 1, Ola, f. 1758, g. 1794 Kari Øvredal, s. Ø. 3, Kristi, f. 1761, s. n., Nils, f. 1763, ug., Gunvor, f. 1766, g. 1794 Ola Borgen, s. B. 2, Anna, f. 1776. Tomas vart utskriven til soldat i 1751, men slapp fri då han tok garden nokre år seinare. Tomas dreiv fiske, men sat likeins som faren sverande tungt i det. Han døydde i 1804 og kona i 1784.
Lars Nilsson Gjemdal, f. 1754, vart i 1786 gift med Kristi Tomas dtr. Hjelle, f. 1761, og fekk bygsla bruket etter verfaren. Born: Nils, f. 1787, s. n., Helga, f. 1788, g. 1825 Stein Lepsøy, s. L. 2, Anna, f. 1790, g. 1818 Ola Søfteland, s. S. 1, Tomas, f. 1791, g. 1825 Kari Balland, s. Hovland 2, Peder, f. 1794, utskriven til soldat i 1814, g. 1828 Anna Søvik, s. S. 1, Brita, f. 1795, g. 1814 Johannes Søfteland, s. S. 5, Ola, f. 1797, var postdreng på Søfteland og slapp hertenesta, d. ug. 1843, Guro, f. 1799, g. 1821 Rasmus Haukeland, s. H. 1, Lars, f. 1802, var postdreng på Søfteland, g. 1829 Kari Sundøy, s. S. 1. Ei gjenta døydde ung. Lars dreiv sterkt med sjøen, og trass den store huslyden sin greidde han seg mykje betre enn forfederne. Han døydde i 1810.
Ekkja Kristi Tomas dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen fall frå. Då ho døydde i 1850, var ho nær på 90 år gamall.
Nils Larsson Hjelle, f. 1787, bygsla bruket etter mori i 1816. G. 1817 Agata Nils dtr. ytre Drange, f. 1790. Dei fekk tvo gutar som begge døydde i ung alder. I sine unge dagar var Nils med i vårsildfisket og var på båt med Ola Skogen o. fl., då dei berga eit båtlag, s. Skogen 1. Nils var skulehaldar i Ossokni frå 1819 til han fall frå i 1821, s. O. B. I 367. I militærrulla stend at han vart skulehaldar alt i 1803 og slapp hertenesta for det. Ein dag skulde han ta eit vidjeknippe ned frå stovetaket, og medan han tøygde seg etter knippet heldt han seg i ufsekroken. Kroken var gamall og rauk av, og Nils datt attlenges og slog hovudet so meinsleg i steinhella at han døydde. Han var då berre 34 år gamall.
Ekkja Agata Nils dtr. hadde so bruket nokre år. Det var tungt for henne å driva garden, då ho hadde stor skuld etter mannen å dragast med.
Jon Olson Heggland, f. 1793, som sjølv var son åt ein skulehaldar, gifte seg med skulemeistarekkja Agata Nils dtr. i 1825 og fekk bygsla bruket. Dei fekk ikkje born. Jon døydde alt i 1830, og Agata sat atter som barnlaus ekkja på Hjelle.
Ola Samsonson Gjemdal, f. 1801, vart i 1831 gift med ekkja Agata Nils dtr. og bygsla bruket. I 1874 kjøpte han det av Staten for 600 spd., men han døydde straks etter at kjøpet var gjort, og ekkja fekk skøyte på bruket. Ola og Agata fekk ein son Nils, f. 1831, s. n. Agata døydde i 1870, og Ola gifte seg att året etter med Marta Knuts dtr. Skåtun frå Strandvik, f. ikr. 1824. Ola dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1874 og Marta i 1875.
Nils Olson Hjelle, f. 1831, skøytte farsbruket i 1875. G. 1858 Kari Johannes dtr. Søfteland, f. 1834. Av 10 born vaks 8 upp: Agata (tvilling), f. 1859, g. 1885 sjømann Kristian Larsson Sperrevik, b. Bergen, Ola, f. 1860, s. n., Johannes, f. 1864, s. br. 4, Samson, f. 1867, g. 1890 Brita Lyngbø, s. Kuven 15, Anna f. 1871, g. 1890 Rasmus Haukeland, s. H. 2, Marta, f. 1874, strikkerske, b. Bergen, Lars, f. 1877, snikkar, ordførar i Odda, g. 1904 Ragnhild Nilsina Nordvik frå Fana, Brita, d. ug. Nils dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket. Han døydde i 1899 og kona i 1912.
Ola Nilsson Hjelle, f. 1860, skøytte bruket etter faren i 1882. G. 1885 Larsina Jakobs dtr. Bø, f. 1858. Born: Kari, f. 1886, s. n., Marta, f. 1888, g. barber Alexander Nilsen, b. Bergen, Johanna, f. 1894, s. br. 5. Tvo born døydde unge. Ola dreiv med treskoarbeid og var bygningsmann. Han døydde i 1929 og kona i 1925.
Jens Ellingson Bjørnarøy (Lepsøy), f. 1881, vart i 1908 gift med Kari Ols dtr. Hjelle, f. 1886, og skøytte bruket etter verfaren i 1924. Born: Elling, f. 1908, g. 1934 Borghild Olea Hegvik frå Fana (born:Anna, f. 1935, Jens, f. 1939), Ola, f. 1910, g. 1932 Helena Karls dtr. Solsvik frå Fjell, (born: Kari, f. 1932, Karl, f. 1934, Jenny, f. 1936), Lilly, f. 1918, hushjelp, Gunnar, f. 1924. Jens er smed og hjulmakar og driv ein reidskapsfabrikk på eigedomen. Sønene Elling og Ola driv verksemdi saman med faren.
HJELLE 3.
Ola Morteinson Hjelle, f. 1836, kjøpte dette bruket for 400 spd. i 1866, då farsbruket vart skift i tvo partar, s. br. 1, og busette seg her. G. 1864 Brita Hans dtr. Kuven, f. 1841. Born: Hans, f. 1867, s. n., Lars, f. 1868, s. br. 1, Ingeborg, f. 1871, g. 1892 Ola Lundetræ, s. Lunden 3, Marta, f. 1877, g. 1901 Nils indre Moberg, s. i. M. 2, Ola, f. 1886, g. 1908 Ingeborg Røttingen, s. Hauge 18. Ein gut døydde i ung alder. Ola var snikkar og bygningsmann og hadde ogso kvernbruk. Han var ein mykje nytta skyns- og utskiftningsmann og hadde fleire tillitsyrke i bygdi, s. O. B. I 599. Ola døydde i 1915 og Brita i 1933.
Hans Olson Hjelle, f. 1867, skøytte bruket etter faren i 1903. G. 1895 Ingeborg Johannes dtr. Sanden, f. 1871. Born: Olina, f. 1896, Johannes, f. 1899, s. n., Brita, f. 1902, g. 1922 sjauffør Jørgen Steinson Våge frå Samnanger, f. 1893, d. 1933, b. Hjelle, (born: Birgit, f. 1922, Ingrid, f. 1927). Hans var snikkar og bygningsmann likeins som faren og dreiv ogso kvernbruket. Saman med broren Lars skipa han ein ski- og kjelkefabrikk, s. O. B. I 205, som seinare gjekk over til dreieverkstad. Han hev skipa til mange kvernar og sagbruk i bygdene, og ei tid stjorna han eit større mylnebruk i Nordhordland. Både han og broren Lars er kjende reveskyttarar. Hans hev vore mykje nytta som skyns- og takstmann i bygdi.
Johannes Hansson Hjelle, f. 1899, skøytte farsbruket i 1938 og er brukar no. G. 1929 Maria Steins dtr. Våge frå Samnanger, f. p. Bø i Os 1902. Born: Ingebjørg, f. 1930, Hans, f. 1931, Bernhard, f. 1933, Johannes, f. 1936, Eli, f. 1938. Johannes driv dreieverkstad og reidskapsfabrikk.
HJELLE 4 (Spansteigen).
Erik Olson Lid frå Samnanger, f. ikr. 1814, busette seg her i 1840. Han var gift 1838 med Kristi Jons dtr. Indre Moberg, f. 1812, og hadde ein son Ola, f. 1839, då han kom til Hjelle. Medan han var her, fekk han borni Marta, f. 1841, og Jon, f. 1844. Brørne åt Erik, Anders og Ola Lid, var ogso busette hjå han. I 1846 flutte dei alle frå Hjelle og festa øyi Skorpo under Nordstrønen, s. N. 11 og 12, der ein finn meir um dei.
Johannes Nilsson Hjelle, f. 1864, fekk eit stykke av farsbruket i 1889 og busette seg her. G. 1888 Nilsina Ivars dtr. Lepsøy, f. 1861. Born: Kari, f. 1888, d. ug. 1931, Nils, f. 1889, s. n. Johannes var murar og steinarbeidar. Han døydde alt i 1890.
Ekkja Nilsina Ivars dtr. hadde so bruket nokre år.
Anders Olson Halhjem, f. 1856, gifte seg i 1895 med ekkja Nilsina Ivars dtr. og vart brukar her. Born: Johanna, f. 1896, hushjelp, b. Bergen, Ivar, f. 1899, lastebileigar, Karl, f. 1902, asylvakt, g. Gunhild Vabekk, b. Bergen, Kristian, f. 1905, målar, g. Kristina Skurtveit. Anders var arbeidar i teglverket på Vinnes. Han døydde i 1910.
Nils Johannesson Hjelle, f. 1895, skøytte bruket etter mori og stykfaren i 1914 og hev det no. G. 1911 Maria Hans dtr. Skjeie, f. 1888. Born: Johannes, f. 1912, s. br. 6, Harald, f. 1913, trearbeidar, Nils, f. 1915, trearbeidar, g. 1939 Jenny Nils dtr. Hagevik, Alfred, f. 1918, trearbeidar, Karl, f. 1920, Nelly, f. 1926. Nils er snikkar og trearbeidar. Kona døydde i 1937.
HJELLE 5 (Solli)
Mons Gitleson Havsgård frå Fusa, f. 1887, fekk i 1924 eit stykke av verfaren sitt bruk, br. 2, og bygde her. G. 1912 Johanna Ols dtr. Hjelle, f. 1894. Born: Malena, f. 1914, g. 1936 Normann Abrahamson Lunden, Olav, f. 1917, trear*beidar. Mons er snikkar og trearbeidar.
HJELLE 6 (Brattlid).
Johannes Nilsson Hjelle, f. 1912, fekk i 1939 skøyte på ein part av farsbruket, der han bygde og busette seg. G. 1934 Agnes Kristofa Hellestveit frå Lindås, f. 1912. Born: Nils, f. 1935, Alf, f. 1937. Johannes er trearbeidar.
HJELLE 7 (Litlestraumen).
Fabian Litlestraumen er nemnd som brukar her i 1668 og er både fyrste og siste brukar her som me veit namnet på. Då bruket vart matrikulert for fyrste gong i 1668, vart det skrive, at Fabian kunde fostra 3 kjyr og så ein mæle korn. Bruket var uppteke fyrr Fabian kom her, men det vart skrive at Fabian hadde «forbedret» det. Fabian sat sverande smått i det og måtte attimillom gå ikring bygdi og be seg. Han flutte burt ikr. 1700. Det kom ikkje folk etter Fabian på bruket, trass at plassen vart utlyst som fal. Då dei tvo Hjellemennene møtte på tinget i 1788 og bad um at Litlestraumen måtte verta stroke som bruk or skattelista, var det ikkje hus att her, og det synte ikkje merke etter åkrane. Det heile var grodd over med lyng og brake. Fyrst etter 1900 er det kome hus att på Litlestraumen, s. Søfteland br. 43 – 45.