VALLE

Frå Os Soga III side 530 -535


62. VALLE. 

Namnet er det same som vollr, ein voll.  Etter den eldste skrivemåten tykkjest namnet ha fleirtalsformi, vollane. 

Uttale: Va’dla.  
Skrivemåtar: af Vollum (1320) Walde (1591), Valde (1597), Wallde, Walle, Valle (1666). 

Valle ligg rett overfor Borgen og Hjelle, sunnanfyre elvi som kjem frå Hegglandsdalen og som skil millom Valle og dei tvo nemnde gardane.  Valle er ein gamall gard, men vart liggjande aude etter Mannadauden tildess han vart uppteken att ikr. 1590.  Os prestebol åtte garden til brukaren kjøpte han i 1834. 

Or gamle matriklar og teljingar 
1668:
Saar 2 stadtztønder, afler 7 tdr., tynd eng, temmelig fehagge, med brendeveed til gaarden, paalagt at plante homblehagge.  
1723: Ingen sætter, allene brendefangskoug, ingen qvern eller fiskerie, tørt og magert sædeland og tungvunden.  Har ingen næring uden gaardens aufl og er en meget slet og tør jord.  
1865: Har 6 maal dyrket ager og eng, deraf 2 maal godt, 2 middels og 2 slet, har 53 mål naturlig england, hvoraf 8 maal godt, 20 middels og 25 slet, 5 maal af englandet er dyrkbart.  Har kun skog til 2/3 brendefang, bruger ikke skav eller lyng, er letbrugt og almindelig drevet.  Har 1 vandfald til en mølle for eget brug.  Bager J. Nielsen har vandfald for en stampe med grund og vei.  

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571 17     
16681 1107  2tun 
17231 183  3» 
180016       
183516 88  3»3tun.
1865151716 14tun.5tun.
190013110  45hl.14hl.
192021031118 67,5mål3,5mål
193021211244317»2»
1939  11823 37»3,3»


VALLE 1. 

Bård Valle var brukar i 1591 og er fyrste mann som me finn namngjeven på garden.  Truleg var det han som hadde teke garden uppatt, etter at den vart lagt øyde ved den store mannadauden.  Bård døydde ikr. 1595. 
Ekkja etter Bård hadde so garden til 1604.  Kva ho heitte, veit me ikkje.  

Ola Valle bygsla garden i 1605.  For ein øydegardsmann å vera sat han tolleg godt i det.  Av huslyden hans kjenner me berre ein son, Steffen, f. ikr. 1608, s. n.  Ola døydde alt i 1614. 

Lars Valle vart brukar i 1615, då han truleg vart gift med ekkja etter Ola.  Kona hans heitte Anna.  Dei hadde truleg ein son Nils, som var ungkar i 1650.  Lars var ogso rekna som øydegardsmann og lagde vanleg husmannskatt, men han greidde seg tolleg godt på bruket.  Han døydde i 1632.  Kvar Lars og fyremennene hans var frå, veit me ikkje. 
Ekkja Anna Valle hadde so bruket i heile 12 år etter at mannen døydde.  I dei fyrste åri lagde ho skatt som andre øydegardsmenn, men frå 1637 vart ho rekna som fatig og var skattefri. 

Steffen Olson Valle, f. ikr. 1608, bygsla bruket i 1645 etter Anna, som truleg var mor hans.  Radt til 1659 stjorna ho elles garden saman med han, og fyrst i 1660 vart Steffen brukar åleine.  Han vart gift ikr. 1640 med Marta Peders dtr., f. ikr. 1620, som kannhenda var dotter åt Peder indre Moberg.  Av borni kjenner me: Anna, d. e., f. ikr. 1640, d. ug. 1719, Ola, f. ikr. 1645, g. 1670 Ingeborg Eriks dtr. Ulven, Sigrid, f. ikr. 1650, Paul, f. ikr. 1655, ug., Ingeborg, f. ikr. 1658, ug., Anna, d. y., f. ikr. 1660, s. n.  I 1645 var det ogso ein husmann på garden, Johannes Valle, og kona hans Brita.  Johannes var kannhenda ein bror åt Steffen.  Me høyrer ikkje meir um han.  Steffen var fatigmann og skattefri i mange år.  Han døydde i 1689 og kona i 1704. 

Jon Jonson Storum, f. 1658, vart i 1683 gift med Anna Steffens dtr. Valle, f. ikr. 1660, og fekk bygsla garden etter verfaren.  Av 7 born vaks 4 upp: Kari, f. ikr. 1683, g. 1722 Johannes ytre Tuen, s. y. T. 2, Jon, f. 1691, g. 1720 Brita Balland, s. Hovland 2, Marta, f. 1693, g. 1717 Ola ytre Tuen, s. y. T. 1, Synneva, f. 1695, g. 1728 Svein Bjørnen, s. B. 1.  Jon sat smått i det likeins som fyremennene.  Han døydde alt i 1699.  Ekkja livde radt til 1738, men ho let bruket frå seg då mannen fall burt. 

Presten Kristoffer Garmann tok no sjølv garden i bruk eit par år.  I 1701 stend det i skattelista: «Valle bruges af presten».  Os prestebol åtte Valle, og presten kunde då gjera med garden som han vilde. 

Nils Andersson indre Haugland, f. 1673, fekk bygsla garden hjå presten i 1702.  G. 1702 Marta Størks dtr. Heggland, f. 1680.  Dei fekk 5 born, men berre ei dotter vaks upp: Kari, f. 1702, g. 1733 Knut Søfteland, s. S. 5. (Under Søfteland stend det ved eit misstak at Kari var frå Hjelle).  Nils sat sverande smått i det, og då han fall frå, skulda han pengar til dei fleste av grannane.  Tausi hadde til gode 2 års løn med ialt 1½ dalar, og for dette fekk ho ved skiftet «en gra stud».  Nils døydde alt i 1710. 
Ekkja Marta Størks dtr. hadde bruket eit par år etter at mannen fall frå.  Då dotteri vart gift på Søfteland, flutte ho til henne og døydde der i 1745. 

Ola Nilsson Gåssand, f. 1682, bygsla garden i 1712.  G. 1712 e. Eli Hans dtr. Heggland, f. 1681, som fyrr hadde vore gift med Ola Hatvik, s. Bø 5.  Born: Ragnhild, f. 1714, Anna, f. 1718, g. 1745 Hans Borgen, s. Lunden 1, Marta, f. 1719, g. 1746 Jørgen Tøsdal, s. T. 2, Ola, f. 1722, s. n.  Ola dreiv med sjøen, men vart ikkje rik av strevet.  Han sat sverande tungt i det, og skuldi hans var mykje større enn det han åtte.  Ola let garden frå seg i 1750, men dreiv han saman med den nye brukaren i 4 år etter.  Han var ein vyrd mann og var m. a. stemnevitne i Osbygdi.  Ola døydde i 1759 og Eli i 1754. 

Ola Olson Valle, f. 1722, vart brukar saman med faren i 1748.  G. 1748 Kari Anders dtr. Lyssand, f. 1719.  Ola døydde barnlaus alt i 1749, og ekkja vart gift att året etter med Alv Søvik, s. S. 1.  

Rasmus Olson Boga frå Fusa, f. ikr. 1725, bygsla Valle i 1750.  I dei fyrste 4 åri brukte han garden saman med fyremannen Ola Nilsson, s. o.  Rasmus vart gift i 1750 med ei Kari Lars dtr., som då tente på Valle, men som me ikkje veit meir um.  Ho døydde på barseng året etter, og Rasmus gifte seg att i 1752 med Ingeborg Anders dtr. Skåtun frå Strandvik, f. ikr. 1701.  Ingeborg døydde i 1777, og Rasmus vart gift att i 1780 med ei Anna Jens dtr. som tente på Tøsdal.  Han hadde ein son, Ola, s. n., som kom til verdi i 1751 då mori døydde.  Rasmus sat ikkje lett i det, men greidde seg likevel noko betre enn fyremennene.  Det låg eit utmarkstykke millom Valle og grannegarden Lyssand, og Rasmus rekna med at det høyrde til Valle.  I 1764 fekk ein mann bygsla noko av stykket og busette seg der, s. Lyssand 5, men Rasmus gjorde stødt krav på at Valle skulde ha stykket.  Då det kom ein ny bygslemann på stykket i 1776, vart det vedteke at Rasmus skulde få setja eit gamallt stabur, som han hadde kjøpt til kårstova, upp her.  Eit par år etter flutte han til kårstova si, og stykket fekk no daglegnamnet Rasmusbakkane, s. Lyssand 5.

Ola Rasmusson Valle, f. 1751, bygsla farsbruket i 1778.  G. 1778 Anna Ols dtr. Borgen, f. 1756.  Dei fekk tvo born medan dei var på Valle, Kari, f. 1778, og Ingeborg, f. 1781.  Det var sverande smått for Ola, og han greidde ikkje sitja med bruket.  I 1781 flutte han frå Valle med huslyden, og me veit ikkje kvar det vart av dei.  Kannhenda var det Ola som fekk styrarplassen på Molda det året, s. M. 1. 

Lars Larsson Lien, f. 1740, bygsla garden då Ola flutte burt.  G. 1781 Guro Tomas dtr. Hjelle (syskenborn), f. 1757.  Av 7 born vaks 4 upp: Helga, f. 1785, g. 1819 Nils Hansson Os, Erik (tvilling), f. 1786, s. n., Anna, f. 1788, g. 1820 Ola Sundøy, s. Osøyri 3, Guro, f. 1791, g. 1837 Johannes øvre Rød, s. Osøyri 1.  Lars sat smått i det dei fyrste åri, men han var ein drivande kar og arbeidde seg fram etterkvart, so at han sat tolleg godt i det tilslutt.  Lars døydde i 1817 og Guro i 1829. 

Erik Larsson Valle, f. 1786, bygsla farsbruket i 1813 og kjøpte det av prestebolet i 1841 for 300 spd.  G. 1818 Marta Johannes dtr. Bahus frå Fana, f. ikr. 1795.  Born: Kari, f. 1819, d. ug. 1856, Guro, f. 1820, s. n., Lars, f. 1824, g. 1869 Guro Bjånes, s. B. 2, Brita, f. 1826, g. 1851 Jon Kuven, s. indre Moberg 6, Johanna, f. 1836, g. 1862 Lars Osstølen, s. Os 9.  Erik vart utskriven til hertenesta i 1808, men trass at han var 67 turnar høg, so vart han som «spedlemmet og sygelig», friteken for å vera med i ufreden.  I 1811 måtte han ut med dei andre soldatane, men faren som då var over 70 år, søkte um å få einaste sonen heimatt, og i 1812 slapp han heim.  Erik døydde i 1867 og kona i 1856. 

Lars Olson Sælen, f. 1813, vart i 1842 gift med Guro Eriks dtr. Valle, f. 1820, og skøytte same året bruket etter verfaren.  Born: Ola, f. 1844, s. n.  Lars døydde i 1885 og Guro i 1899. 

Ola Larsson Valle, f. 1844, skøytte farsbruket i 1873.  G. 1876 Boletta Abrahams dtr. Lunden, f. 1852.  Born: Lars, f. 1876, s. n., Gurina, f. 1878, g. kontorist Handeland, b. Bergen, Anna, f. 1880, s. Osøyri 1, Vilhelmina, f. 1883, i Amerika, Olina, f. 1884, d. ug. 1934, Ingeborg, f. 1886, g. 1917 Ola Kuventræ, s. Kuven 19, Maria, f. 1888, s. Osøyri 1, Ola, f. 1890, g. Anna Skåtøy, s. indre Moberg 7, Marta, f. 1892, g. 1918 Johan Fretheim, s. indre Moberg 27, Henrik, f. 1896, i Amerika, s. O. B. II 43.  Ola dreiv skogarbeid attåt gardsbruket.  Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var i 1877 med å skipa Os forbruksforening, s. O. B. I 599.  I 1880 kjøpte han eit bruk på indre Moberg, s. i. M. 7, og då han let Valle frå seg til sonen, flutte han sjølv til Moberg og vart sidan buande der.  Ola døydde i 1920 og Boletta i 1931. 

Lars Olson Valle, f. 1876, vart brukar etter faren, og garden vart i 1910 skøytt på borni åt Lars. vG. 1905 IngeborgvJakobs dtr. frå Haus, f. 1883.v Born: Bergljot, f. 1905, hushjelp, Guro, f. 1906, barneheimstyrar, Madli (tvilling), f. 1910, g. 1933 lagermann Mons Rønhovde frå Hamre, b. Bergen, Olea, f. 1910, hushjelp, Olav, f. 1912, s. br. 3, Einar, f. 1915, agronom, Alf, f. 1920, gardsarbeidar, Frida, f. 1922, hushjelp, Jakob, f. 1927.  Ei gjenta døydde ung.  Lars gjorde saman med Olaf Hanssen upptaket til reising av bautasteinen på Osøyri. 


VALLE 2. 

Ingeborg Mons dtr. Bø, f. 1866, kjøpte eit hus på Bjånes i 1908 og sette det upp her.  Ho hev drive med spinning og anna arbeid.  Dotteri Maria Hans dtr., f. 1897, som fyrr hev vore hushjelp i Bergen, er no busett hjå mori. 


VALLE 3. 

Olav Larsson Valle, f. 1912, skøytte i 1937 ein part av farsbruket som var skild ut i 1929 og busette seg her.  G. 1934 Marta Johans dtr. Midtsæter, f. 1913.  Born: Lars, f. 1935, Paul, f. 1938.  Olav er sjauffør og driv kjøring med lastebil.