HAUGE

OS SOGA III side 536 – 562


63. HAUGE 

Namnet er det gamallnorske haugr, haug, ei høgd.  Gardar som låg noko upp frå sjøen på haugar eller høgder fekk gjerne haug-namn i gamletidi.  Det same galdt gardar med gravhaugar o. 1.  Her høver begge desse namneupphavi. 
Orrebakken er olderbakken, ein stad tilvaksen med older. 

Uttale: Hau’e.  
Skrivemåtar: i Haugi (1332), firir Hawghi (1410), Haughr (1427), i Haughe (1463), Hougher (1480), Howg (1519), Houg (1563), Houffue (1591), Hoffue, Haffue, Hauffue, Houge (1612), Houghe, Houue, Houstad (1634), Houffwe, Huge, Hage, o. s. b. 

Garden ligg på ei liti høgd millom Oselvi og fjorden, ikkje langt frå elveosen.  Elvi skil millom Hauge og prestegarden.  Garden er gamall og var Lyseklostergard tildess brukarane kjøpte i 1873. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668:
Saar 6 stadtztønder, afler 20 stadtztønder, god ager og eng, med brendeued till gaarden, temmelig udhagge, en laxe vaag som brugges og it laxe kar under gaarden i Oss elfuen, for slig herlighed paaleiges 1/6 løb smør.  
1723: Knap brendefang og ei videre, ingen qvern, laxevaaget skal dernest anmeldes. Maadelig god og letvunden jord, haver ingen næring uden af gaardens aufling.  Ellers ligger under denne gaard een laxevaage (ei lina stend opi) og en til.   
1865: Har 21 maal dyrket ager og eng, deraf 9 maal godt, 7 middels og 5 slet, har 136 maal naturlig england, hvoraf 37 maal godt, 51 middels og 48 slet, af englandet kan 19 maal dyrkes.  Har skog til brendefang, det ene brug har dog kun 2/3 brende, føder 2 ungnød ved lyng og har adgang til askeløv og skav, Rasmus’s brug er middels letbrugt, de øvrige er letbrugte, gaarden er almindelig drevet.  Eieren Formann har af laxefiske 25 spd. aarlig og af vandfald 1. spd. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16573 12761   
16682 2301010 6tun 
17233 3268  8» 
1800323       
183532233257 216»10tun.
186552633565 616tun.20tun.
190082873046 511,5hl.42,5hl.
19202814363341 1211mål8,1mål
19303514644266 65»13»
1939  105174 183»17»


HAUGE 1

Joar Hauge og Torstein Hauge er nemnde som brukarar på garden i 1332, og er dei fyrste menn som er namngjevne her.  Paalsmesse-aftan, den 24. jan. 1332, kunngjorde Sigurd Bø på tinget for Os at han gav Paul Sigurdson tvo øres bol og kona hans, Astrid, eitt sakarøyre i Hauge, og dei tvo mennene Joar og Torstein Hauge vitna at gaava var gjevi.  Sigurd Bø var soleis eigar, og Joar og Torstein var brukarar på Hauge i denne tidi.  På tinget vart det sett upp eit brev um gåva, underskrive av lagrettemennene Tolfvor Steinson, Gunnar Torkjellson og Roar Torsteinson.  Lagrettemennene var truleg ogso bønder frå Os, men kvar dei budde i bygdi, veit me ikkje. 

Sigurd Ivarson var brukar på Hauge ikr. 1400.  I 1409 måtte han gjeva 3 mamatabol jord i Seifall på Stord til Munkeliv kloster i husåbod for Hauge.  Munkeliv kloster i Bergen var då vorten eigar av garden, og Sigurd Ivarson måtte leggja åbod til eigaren avdi husi var vanstelte.  Haldor Åmundson og Sigurd Gautson, som det året var lagrettemenn i Os, skreiv under til vitne på dette.  Kva gardar Haldor og Sigurd var frå, veit me ikkje.  Sigurd Ivarson var truleg ein velstandsmann, då han åtte jordegods på Stord.  Kannhenda var han ættling etter Sigurd Bø som åtte Hauge i 1332. 

Lyse kloster vart eigar av Hauge ein gong på 1400 talet.  Truleg bytte klostret garden til seg frå Munkeliv. 

Ulf Hauge var brukar på garden i 1519.  Han hadde bygsla garden av Lysekloster. 

Lars Hauge var brukar i 1563 og hadde garden radt til 1609.  Lars sat tolleg godt i det.  Kvar han var frå, veit me ikkje. 

Frå 1610 til 1616 finn me ingen brukar nemnd på Hauge.  Etter det me kann skyna, dreiv Lysekloster garden sjølv desse åri ved tenarar eller gardstyrarar.  Når klostret dreiv garden sjølv, slapp det ogso å leggja skatt for garden, og difor finn me heller ikkje Hauge nemnd i skattelistone desse åri. 

Morits Busk (Boested), som var fut i Lysekloster, vart brukar her i 1617.  Um han var busett på Hauge eller berre dreiv garden med tenarhjelp, veit me ikkje visst.  Det er mest truleg at han berre hadde drengjer på garden dei fyrste åri, og at han flutte til Hauge sjølv etter 1633, då han vart avsett som Lyseklosterfut.  I 1632 – 33 stend det i skattelista at ein Peder Hansson lagde skatten, og året etter er på same måten nemnd ein Elias.  Dette er tvillaust gardstyrarane åt Morits.  I dei siste åri finn me jamt Morits Busk skriven i skattelistone for Morits Hauge, og det tyder på at han då var busett her.  Morits vart gift i 1610 med Margreta Stranges dtr., som var dotter åt den fyrre Lyseklosterfuten Strange Jørgenson.  Sjå elles um Morits og um huslyden hans under indre Tuen 1, der han ogso hadde eit bruk, og O. B. I 130 – 31 og 478.  Morits døydde i 1640. 
Ekkja Margreta Stranges dtr. hadde bruket i 3 år etter at mannen fall frå.  Ho flutte so til Bergen, der ho døydde i 1658.  Det er fleire ting som tyder på at tunet brann upp fyrr Margreta flutte. 
Garden vart no skift i tvo like store bruk, s. br. 2. 

Lars Olson ytre Haugland, f. ikr. 1619, bygsla eine halvparten av garden og vart brukar her i 1643.  Han vart dei fyrste åri rekna som fatigmann og var nærast skattefri.  Dette tyder sterkt på at husi var burte då Lars tok mot bruket.  Han vart gift ikr. 1644 med ei som heitte Marta Jons dtr., f. ikr. 1623.  Av borni kjenner me: Jon, f. ikr. 1644, g. 1662 Kari Nordstrønen, s. N. 1, Ola d. e., f. ikr. 1646, s. br. 2, Kari, f. ikr. 1648, g. 1665 Johannes Hatvik, s. H. 1, Anna, f. ikr. 1651, g. 1669 Lars Kuven, s. Berge 2, Brita, f. ikr. 1654, g. 1670 Ola Økland, s. Ø. 1, Lars, f. 1657, s. n., Ola, d. y., f. 1660, d. 1676. 

Lars vart lensmann i 1656 og arbeidde seg fram til ein velhalden mann, s. O. B. I 551.  Han hadde ogso ein husmann, Johannes Knutson, som i 1660 åri var ein gamall mann, og som då saman med dotteri gjekk ikring bygdi og bad seg.  Johannes vart vanleg kalla «Johannes på Berget», og det, tyder på at plasset hans låg på berget ovanfyre Solstrand, eller kannhenda på berget heilt nede ved sjøen.  Son åt Johannes, Gregorius Hauge, var med i ufredane i 1660 åri og vart sendt til Danmark i 1670 for å gjera tenesta der.  Lars sa lensmannsyrket frå seg i 1675.  Han spurte då bygdefolket på tinget um han hadde skikka seg vel som lensmann, og dei svara alle som ein at han «havde opført sig som en god ærlig mand», og dei vilde gjerne ha han lenge som lensmann.  Um vinteren dreiv han med skogarbeid, og i 1664 selde han bjelker for 4 dalar til eit skotteskip i Hatvik.  Lars døydde i 1706 og kona i 1707. 

Lars Larsson Hauge, f. 1657, bygsla bruket etter faren ikr. 1680.  G. I 1680 e. Kari Lars dtr., f. ikr. 1658, d. 1695, g. II 1697 Marta Nils dtr. Eide, f. 1675.  Born: Ola, f. 1681, g. 1706 Brita Ferstad, s. F. 5, Kari d. e., f. 1683, g. 1704 Elling indre Lekven, s. i. L. 3, Lars d. e., f. 1687, var med i ufreden 1709 – 18 og døydde der, Jon d. e., f. 1693, ug., Kari d. y., f. 1698, g. 1727 Ola Olson Skår frå Strandvik, Anna, f. 1703, g. 1728 Mons indre Drange, s. i. D. 2, Lars d. y„ f. 1705, g. 1731 Agata Grindevoll, s. Nordstrønen 1, Jon d. y., f. 1713, tambur ved Pritziers kompani, g. 1741 Sesilia Hans dtr. Holdhus i Samnanger, s. S. B. 242.  5 born døydde unge.  Lars vart lensmann for Lysekloster gods etter Peder Lekven og hadde yrket til han døydde i 1715, s. O. B. I 553.  I bolken um lensmennene i Os stend at han vart lensmann ikr. 1680, men truleg fekk han yrket mykje seinare.  Han var kyrkjeverja i Os, og tok m. a. Ola Tøsdal og Paul Bjånes for retten avdi dei ikkje hadde verna skogteigane åt kyrkja, s. Tøsdal 1.  Lars fall frå i 1715. 

Vinsjans Engjelson Ballesheim frå Strandvik, f. 1697, vart i 1716 gift med ekkja Marta Nils dtr. og fekk bygsla bruket.  Marta døydde i 1748, og Vinsjans gifte seg att året etter med Magdela Samuels dtr. Utskot frå Samnanger, f. 1723.  Born: Marta, f. 1750, s. n., f. 1753, g. 1771 Ola Alvson Skår, b. Svinestein i Strandvik.  Eit barn døydde tidleg.  Vinsjans vart lensmann i 1733, likeins som fyremannen hadde vore, og vart ein velstandsmann, s. O. B. I 554.  Han hadde ikkje so lite pengar ute på renta og åtte m. a. jord i Ballesheim og i Gjemdal.  Vinsjans døydde i 1773 og Magdela i 1768. 
Vinsjans hadde mange hus på bruket sitt: Ei gardstova med skot og 3 timbra kover attåt, ein «øllkleve» attåt gardstova, ei gamall og ei ny sengebud med svaler ikring og ein kove millom budene, ei vedskytja attåt budi, stabur, fjos, sauehus, svinehus, eit gjeitehus ved bøgjerdet, smidja, kvernhus, fiskesjå og naust.  Løda hadde bruket saman med grannebruki, likeins ei utløda ved sjøen og eit eldhus, men ein stall inne i løda og ei vedskytja attåt rådde Vinsjans over åleine. Eit naust på Haugsneset hadde bruket saman med bruk 2.  Vinsjans åtte sjølv staburet, smidja, kvernhuset og nausti, men dei andre husi fylgde garden. 

Hans Hansson Utskot frå Samnanger, f. 1740, vart i 1768 gift med Marta Vinsjans dtr. Hauge (syskenborn), f. 1750, og hadde alt året fyrr bygsla halve bruket etter verfaren.  Resten fekk han bygsla då verfaren døydde.  Hans fekk 10 born, men berre 4 vaks upp: Vinsjans, f. 1769, s. n., Hans, f. 1771, Engjel, f. 1776, Metta, f. 1785, g. 1814 Svein Lunden, s. L. 2.  Hans vart ikkje lensmann, men han var ein vyrd mann som hadde fleire tillitsyrke i bygdi.  Han og kona døydde mesta samstundes i 1787, og det vart halde auksjon etter dei.  Det gjekk heile 80 dalar (3 – 4000 kroner i vårt pengeverde) med til skifte- og auksjonskostnader, og det vart lite og ikkje att til borni. 
Hans var i si tid uppe i fleire strider med grannane og andre.  I 1785 slepte han kyrne sine, 12 beist ialt, uløyves i Tøsdalsmarki og fekk Tøsdalsmennene på nakken for det.  Same året tok godseigar Formann han for retten avdi han stengde Oselvi og hindra Rasmus Lunden i laksefisket hans.  Likeins kom han i strid med grannane um bruk av kverni.  Det var då berre ei kvern på Hauge og ho var gamall. 

Vinsjans Hansson Hauge, f. 1769, bygsla bruket då faren døydde.  G. 1788 Ingeborg Jons dtr. Hauge frå Strandvik, f. ikr. 1768.  Av 11 barn vaks 7 upp: Jon, f .1790, s. n., Hans, f. 1793, g. 1812 Marta Borgen, s. B. 1, Vinsjans, f. 1795, g. 1821 Anna Lien, s. L. 1, Marta, f. 1798, g. 1818 Lars Bø, s. Bø 4, Agata, f. 1801, g. 1820 Jørgen Lyssand, s. L. 1, Engjel, f. 1809, g. 1833 Gunhild Gjemdal, s. G. 3, Hans, f. 1814, handelsmann i Bergen, s. O. B. II 58.  Vinsjans vart lensmann likeins som farfaren og fleire av fyremennene, og hadde yrket frå 1809 so lenge han livde.  Han var ogso valmann og medlem av den fyrste skolekommisjonen i Osbygdi.  I 1821 kom han upp i ein stor strid med Mobergsmennene, som han skulda for å ha flutt laksenoti på Hauge, s. indre Moberg 1.  Vinsjans døydde i 1823 og Ingeborg ikr. 1830. 

Jon Vinsjonsson Hauge, f. 1790, bygsla farsbruket i 1818.  G. 1820 Kristi Nils dtr. Bjånes, f. p. Hope i Fusa ikr. 1798.  Born: Guro, f. 1822, g. 1858 Peder Jonson Høyspolen, b. Bahus i Fana, s. F. B. 510, Vinsjans, f. 1828, lærar, g. II 1858 Emilie Bernhardine Andersen, b. Bergen, Marta Kristina, f. 1836, g. 1866 e. Peder Jonson Bahus, s. F. B. 510.  5 born døydde unge.  Jon dreiv med laksefiske og anna fiske.  Han døydde alt i 1837. 

Rasmus Pederson Svensdal frå Samnanger, f. 1801, vart i 1838 gift med ekkja Kristi Nils dtr. og fekk bygsla bruket.  Kristi døydde alt i 1840, og Rasmus gifte seg att same året med Anna Jons dtr. Holdhus frå Hålandsdalen, f. 1813.  Ho vart heller ikkje gamall, då ho døydde alt i 1847, og Rasmus gifte seg att året etter med Guro Kåres dtr. Skjelbreid frå Hålandsdalen, f. 1821.  Born: Kristi, f. 1841, d. ug. 1862, Anna, f. 1849, s. br. 5, Marta, f. 1852, g. 1875 Lars Nilsson Unneland i Haus, Peder, f. 1854, s. n., Karl, f. 1857, snikkar, g. 1878 Anna Anders dtr. indre Moberg, Akselina, f. 1862, s. br. 27.  Tvo born døydde unge.  Rasmus dreiv mykje med sjøen, og var ogso ein av dei mest interesserte gardbrukarar i bygdi på den tidi.  Han døydde i 1876 og siste kona i 1915. 
Bruket vart no skift att i tvo partar, s. br. 5. 

Peder Rasmusson Hauge, f. 1854, skøytte halve farsbruket då det vart skift, og kjøpte det av Lysekloster i 1873 for 820 spd.  G. 1875 Anna Eivinds dtr. Hovland, f. 1853.  Born: Rasmus, f. 1875, s. n., Øyvind, f. 1876, s. br. 19, Gurina, f. 1878, hushjelp, Peder, f. 1882, s. n.  Peder hev drive laksefiske og anna fiske attåt gardsbruket.  Han hev vore med i skule- og fatigstyre og havt ymse tillitsyrke i bygdi.  Kona døydde i 1913. 

Peder Pederson Hauge, f. 1882, skøytte farsbruket i 1910 og vart brukar her.  Han hadde bruket berre nokre år.  Sjå um han under br. 26. 

Rasmus Pederson Hauge, f. 1875, overtok bruket etter odelsløysing og fekk tinglese skøyte på det i 1917.  G. 1898 Amanda Nistad.  Born: Randi, f. 1899, s. n.  Rasmus hev drive laksefiske o. a. attåt gardsbruket. 

Randi Rasmus dtr. Hauge, f. 1899, fekk skøyte på farsbruket i 1927, men skøytte det attende til faren i 1930.  G. 1932 Jørgen Jørgenson Risøen frå Bremnes, f. 1897.  Born: Ruth. f. 1933, Bernt, f. 1938.  Jørgen hev vore fiskar.  Han bur no på bruket her. 


HAUGE 2. 

Ola Hauge vart fyrste mann på dette bruket då Hauge i 1643 vart skift i tvo partar.  Kvar Ola var frå, veit me ikkje.  Kona hans heitte Gjertrud.  Ola vart likeins som grannen på br. 1 rekna som fatigmann dei fyrste 4 – 5 åri, truleg avdi at tunet var brent og garden huslaus.  Ola arbeidde seg fram etterkvart og sat tolleg godt i det tilslutt.  I 1655 vart bruket hans skift att i tvo partar, og han hadde frå den tidi berre fjordeparten av garden.  Ein son hans, Anders, stod i hertenesta i 1660 og 1670 åri.  Ola døydde i 1659. 
Ekkja Gjertrud Hauge hadde so bruket nokre år.  Det ser elles ut som um grannen Jon på br. 3 ogso stjorna med dette bruket i midten av 1660 åri.  Kannhenda var Gjertrud død då. 

Jens Hauge bygsla bruket i 1668, og truleg vart han då gift med ei dotter åt Ola og Gjertrud.  Kvar Jens var frå er uvisst, men kannhenda var han son åt Jørgen indre Moberg.  Av borni kjenner me berre tvo: Jørgen, f. 1670, Anna, f. ikr. 1670, g. 1703 Isak indre Tuen, s. i. T. 2.  Jens døydde alt i 1672. 

Ola Larsson Hauge, f. ikr. 1646, vart gift med ekkja etter Jens i 1673 og fekk bygsla bruket.  Kona døydde ikr. 1678, og Ola gifte seg att i 1680 med Guro Lars dtr. Nordstrønen, f. ikr. 1659.  Av 9 born vaks 4 upp: Kari, f. 1683, g. 1706 Eivind Hjelle, s. Kuven 2, Brita, f. 1686, ug., Marta, f. 1688, g. 1722 Arne Lyssand, s. L. 3, Ola, f. 1701, g. 1729 Kari Søfteland, s. S. 3.  Ola dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1701. 
Ekkja Guro Lars dtr. hadde so bruket eit par år. 

Paul Olson Ulven, f. 1680, vart i 1704 gift med ekkja Guro Lars dtr. og fekk bygsla bruket.  Dei fekk ein son, Steffen, f. 1704, s. n.  I 1709 måtte Paul ut i den store ufreden og var burte fleire år, men han kom heilskinna heimatt.  Paul døydde i 1733 og Guro i 1746. 

Steffen Paulson Hauge, f. 1704, bygsla farsbruket i 1730.  G. 1731 Katrina Jens dtr., f. ikr. 1688, som var uppfostra på Heggland.  Katrina var ikkje Osgjenta, men ætta truleg frå Bergen.  Attimillom vart ho ogso skrivi for Katrina Jakobs dtr.  Av 6 born vaks 3 upp: Kari, f. 1732, g. 1759 Ola Sjøbøen, s. S. 1, Marta, f. 1734, g. 1763 Lars ytre Moberg, s. y. M. 5, Paul, f. 1739, s. n.  Steffen dreiv fiske attåt gardsbruket, men sat likevel tungt i det.  Han var ein vyrd mann og gjorde tenesta som lagrettemann i Osbygdi i mange år.  Steffen døydde alt i 1752. 

Ola Bårdson Skogen, f. p. Kuven 1695, flutte til Hauge i 1753 og gifte seg att med ekkja Katrina Jens dtr.  Han fekk same året bygsla bruket.  Ola hadde fyrr havt bruk i Skogen, s. S. 1, og vart fyrste gang gift i 1721 med Nils dtr. ytre Moberg, f. 1689, d. 1751.  Ola hadde bruket til styksonen vart vaksen og let det frå seg i 1763.  Han døydde i 1769 og Katrina i 1768. 
Då Ola kom til Hauge, hadde bruket hans berre rådvelde over ei røykstova, ein stall, ei matbud med sval attåt og eit fjos med timbra kove, sval og skot.  Den gamle gardstova med tvo timbra kover attåt, ei vedskytja og eit sauehus ved bøgjerdet hadde bruket ihop med bruk 3.  Løda, eldhuset og ei utløda hadde alle 3 grannane ihop, soleis at bruket her rådde over fjordeparten av kvart hus.  Eit naust på Haugsneset åtte Ola saman med grannen på bruk 1.  Den parten av husi som dette bruket skulde halda vedlike, var skrale og kleint stelte. 

Paul Steffenson Hauge, f. 1739, bygsla bruket etter mori og stykfaren i 1763.  G. 1762 Brita Eivinds dtr. Sjøbøen, f. 1736.  Born: Steffen, f. 1762, s. n., Magdela, f. 1765, g. 1797 Lars Særvoll, s. S. 2, Eivind, f. 1768, g. ikr. 1810 Kristi Solbjørg, s. Hovland 3, Guro, f. 1773.  Paul var 68 turnar høg og vart utskriven til heren i 1761.  Då han fekk ein skade i låret, slapp han å gjera tenesta.  Paul dreiv mykje med sjøen.  I 1780 åri hadde Haugemennene sak med presten Sandberg um laksefisket i Oselvi, og Paul var den drivande karen i saki.  Haugemennene hadde då stengt heile Oselvi med laksekari sine, so at presten fekk ikkje fisk i sine kar.  Prestefolket gløymde ikkje dette, og då Mikael Sandberg skreiv spelstykket sitt frå Os, s. Osøyri 1, so eigna han boki til Paul Hauge og kona hans slik:
«Hans Exellence Hr. Paul Hauge, Hendes Naade Frue Christie Øvenman, Pillere under den aabne Ærligheds og Hulde Sagtmodigheds Tempel, Mønstere paa Fromhed og Dyd, Helliges dette Drama».  
Paul døydde i 1824 og Brita i 1807. 

Steffen Paulson Hauge, f. 1762, bygsla farsbruket i 1792.  Faren dreiv det elles saman med han ei tid utetter.  G. 1796 Katrina Ols dtr. Sjøbøen (syskenborn), f. 1768.  Born: Kari, f. 1798, ug., Brita, f. 1801, g. 1832 Ola ytre Haugland, s. Klyva 1, Ola, f. 1803, s. n., Katrina, f. 1808, g. 1846 Anders Søfteland, s. S. 3, Vigleik, f. 1811, g. 1838 Magdela Lyssand, s. S. 3.  3 born døydde unge.  Steffen dreiv med sjøen likeins som faren og sat tolleg godt i det.  I 1816 var han på fiske og fann då rekande ei eiketunna, som han tok med seg heim.  For det måtte han for retten, samstundes som Sjur ytre Lekven og fleire måtte svara for sidertunna, s. ytre Lekven 2.  Steffen slapp etter måten godt frå det den gongen.  Han hadde nokre bøker i huset, og det var sjeldsynte ting hjå Osbøndene i dei dagar.  Steffen og kona døydde mesta samstundes ved joletider 1827. 

Ola Steffenson Hauge, f. 1803, bygsla bruket etter faren i 1828.  G. 1829 Kari Eivinds dtr. Sjøbøen (syskenborn), f. 1801.  Dei hadde ikkje born.  Ola dreiv med sjøen og greidde seg godt.  Han døydde alt i 1848. 
Ekkja Kari Eivinds dtr. hadde so bruket nokre år. 

Ola Tomasson Reigstad frå Samnanger, f. 1823, vart i 1851 gift med ekkja Kari Eivinds dtr. og fekk bygsla bruket.  Dei var barnlause.  Ola dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket.  Han døydde i 1881 og kona i 1888. 

Lensmann Claus Nieuwejaar fekk bruket etter Ola og kjøpte det av Lysekloster i 1873 for 650 spd.  Lensmannen var busett på Lyssand, s. L. 7, der ein finn um han og huslyden hans.  Han døydde i 1897. 
Ekkja Gjertrud Nieuwejaar hadde so bruket nokre år. 

Ragnvald Pederson Øren frå Kyrkjebø i Sogn, f. 1864, kjøpte bruket i 1904.  Han hadde fyrr vore busett på Ferstad, s. F. 1, og ein finn meir um han og huslyden hans der.  I 1907 selde han bruket her og flutte atter til Ferstad, som han hadde ei stutt tid.  Han vart seinare busett på Eidsvåg i Åsane. 

Nikolai Akselson Kobbeltvedt frå Årstad, f. 1874, kjøpte bruket i 1907 og busette seg her.  G. 1906 Berta Ols dtr. Kvamme frå Haus, f. 1884.  Born: Marta, f. 1906, g. 1927 målar Hans Hansson Skagen frå Vinnes i Strandvik (born: Marta, f. 1927, Bjørg, f. 1929, Henning, f. 1931, Normann, f. 1932), Ola, f. 1909, gardsarbeidar, fall i striden på Voss 25. april 1940, Aksel, f. 1912, blekkmakar, g. 1939 Hjørdis Husavåg frå Sør-Vågsøy, Nikolai, f. 1914, sjauffør, g. 1939 Ingeborg Anders dtr. Særvoll, Maria (tvilling), f. 1920, hushjelp, Ragna, f. 1920, hushjelp.  Nikolai er utlærd murar og hev drive med stein- og murarbeid. 


HAUGE 3. 

Jon Nilsson, f. ikr. 1628, fekk bygsla bruket her då det vart skilt ut frå br. 2 i 1655.  Kvar Jon var frå, veit me ikkje, men det er ting som tyder på at han kann vera son åt Nils indre Moberg.  Kven kona var, veit me heller ikkje, men ho var i ætt med lensmannen på Hauge, og det var truleg for hennar skuld at Jon fekk bygsla bruket her.  Kona døydde ikr. 1675, og Jon gifte seg att straks etter med Anna Asbjørns dtr. Borgen, f. ikr. 1656.  Av borni kjenner me: Nils, f. 1660, d. i hertenesta 1693, Ola, f. 1662, Arnold, f. 1673, Gjertrud, f. 1675, g. 1694 Ola Bø, s. Bø 1.  Jon døydde i 1681. 

Amund Simonson Hovland, f. ikr. 1650, vart i 1682 gift med ekkja Anna Asbjørns dtr. og fekk bygsla bruket.  Av 5 born vaks 3 upp: Simon, f. 1683, s. n., Lars, f. 1685, g. 1716 Kristi Klyva, s. K. 1, Nils, f. 1692, g. 1725 Brita Eide, s. E. 2.  Amund dreiv med sjøen likeins som grannane.  Han døydde i 1702. 
Ekkja Anna Asbjørns dtr. hadde so bruket nokre år.  Kva tid ho fall frå, veit me ikkje. 

Simon Åmundson Hauge, f. 1683, bygsla bruket etter mori i 1707.  G. 1708 Johannes dtr. Hatvik, f. 1678.  Dei fekk 3 born, men alle døydde unge.  Simon dreiv mykje med sjøen og sat tolleg godt i det.  Han døydde alt i 1715. 

Isak Andersson Eikeland frå Fusa, f. ikr. 1690, gifte seg med ekkja Anna Johannes dtr. i 1716 og bygsla bruket.  Dei fekk ein son Simon, f. 1717, som vaks upp og reiste frå Hauge med foreldri.  I 1729 flutte Isak attende til Eikeland og tok farsbruket sitt der.  Han døydde ikr. 1760 og kona i 1744. 

Ola Andersson Eikeland, f. ikr. 1700, bygsla bruket her då broren flutte.  G. 1729 Anna Jons dtr. Kvåle frå Fusa, f. ikr. 1705.  Born: Gjertrud, f. 1734, g. 1753 Jon Hovland, s. H. 2, Ingjerd, f. 1741, g. 1765 Jon Johannesson Kvåle i Fusa, Anders, f. 1743, s. n.  3 born døydde unge.  Ola var ein drivande kar som arbeidde seg fram til velstandsmann og var mykje vyrd i bygdi.  Radt til sine gamle dagar gjorde han tenesta som lagrettemann.  Han døydde i 1783 og kona i 1765. 
I Ola si tid var desse husi på bruket: Ei røykstova med sval attåt og tvo timbra kover, eit stabur og eit fjos med timbra sauehus attåt.  Saman med bruk 2 åtte bruket den gamle gardstova, ei sengebud, ei vedskytja og eit sauehus (gjeitehus) ved bøgjerdet.  Attåt dette hadde bruket fjordeparten i dei sams husi, løda, utløda og eldhuset, og åtte eit naust på Haugsneset saman med Hans Bø.  Ola hadde bygt upp eit skur over mottingi, det einaste av det slaget som då fanns i Osbygdi. 

Anders Olson Hauge, f. 1743, bygsla farsbruket i 1762.  G. I 1766 Ingjerd Johannes dtr. Dalland frå Strandvik, f. 1742, d. 1784, g. II 1786 Ingjerd Lars dtr. Bø, f. 1746.  Av 6 born vaks berre tvo upp: Ola, f. 1767, d. ug. 1836, Anders, f. 1777, s. n.  Anders dreiv laksefiske og anna fiske og sat tolleg godt i det, men var sjukleg i mange år.  Han var so liten, berre 60 turnar, at han slapp gjera hertenesta.  Anders og grannen på br. 1 var jamt i håri på einannan.  Då Anders og kona hans hadde skulda grannefolket for tjuvri, måtte dei ta ordi attende og leggja 4 dalar i bot.  Anders tok so ein dag gamle-lensmannen for seg og gav han dugeleg pryl.  Lensmannen freista å få Anders tiltalt for «overfald», men måtte lata saki fara.  Anders og siste kona døydde begge ikr. 1810. 

Anders Andersson Hauge, f. 1777, vart brukar etter faren i 1805.  G. 1806 Marta Anders dtr. Øvredalen, f. 1774.  Born: Anders, f. 1806, s. n., Johannes, f. 1808, g. 1838 Synneva Bjånes, s. B. 2, Engjel, f. 1813, g. Anna Nils dtr. Haugland i Fana, s. F. B. 500, Ingjerd, f. 1817, g. 1842 Ola Jonson Lundetræ, b. Håland i Fana.  Ei gjenta døydde ung.  Anders dreiv med sjøen likeins som fyremennene.  Um vinteren 1810 var han på sildefiske ved Glesvær saman med grannane Steffen og Eivind Hauge og ein dreng på br. 1.  Dei kollsigla, men vart berga av nokre karar frå Sundøy.  Anders og kona døydde begge i 1849. 

Anders Andersson Hauge, f. 1806, bygsla bruket etter faren i 1835.  G. 1836 Brita Johannes dtr. Gaugstad frå Fusa, f. 1804.  Born: Anders, f. 1838, s. n., Johannes, f. 1841, jakteførar, g. 1875 Dortea Maria Eriks dtr. Hillestad frå Bergen, Engjel, f. 1845, fargar, g. 1873 Kari Ols dtr. Lyssand, b. Kvinnherad, Annanias, f. 1848, g. 1881 Eli Skogen, s. indre Moberg 6, Ola, f. 1851, sjømann, g. 1878 Kari Elias dtr. Indre Moberg, b. Moberg.  Ein gut døydde i ung alder.  Anders var gardbrukar og fiskar.  Han døydde alt i 1855. 
Ekkja Brita Johannes dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho døydde i 1884. 

Anders Andersson Hauge, f. 1838, bygsla bruket etter mori i 1865 og kjøpte det av Lysekloster i 1873 for 700 spd.  G. 1864 Anna Mons dtr. Eide, f. 1839.  Born: Brita, f. 1865, hushjelp, d. ug. 1939, Anders, f. 1867, s. n., Mons, f. 1869, s. br. 8, Johannes, f. 1871, bygningsmann, g. Nilla Ols dtr. Volledalen, b. Fana, Annanias, f. 1878, sjømann i utanriksfart og hev ikkje vore heime sidan 1909.  Anders dreiv fiske attåt gardsbruket likeins som fyremennene.  I 1903 kom han burt på sjøen.  Kona livde radt til 1932. 

Anders Andersson Hauge, f. 1867, skøytte farsbruket i 1903.  G. 1902 Anna Nils dtr. Bjånes, f. 1878.  Born: Anders, f. 1903, s. n., Nils, f. 1907, s. br. 32, Barbra, f. 1909, hushjelp.  Anders hev drive med laksefiske likeins som faren og fyremennene.  Han hev havt mange kommunale tillitsyrke, han var soleis i mange år formann i likningsnemndi og seinare i likningsrådet, og var medlem av heradstyret 1914 -1925.  I bolken 1920 – 22 var han varaordførar.  Han hev ogso i mange år vore med i Nordhordland fiskeristyre.  Kona døydde i 1940. 

Anders Andersson Hauge, f. 1903, er brukar saman med faren.  G. 1935 Klara Ols dtr. Koltveit frå Fjell, f. 1909.  Born: Anders, f. 1936, Synnøva, f. 1938.  Anders hev ymse tillitsyrke i grendi. 


HAUGE 4 (Orrebakken) 

Anders Olson Øvredalen, f. 1796, festa i 1830 eit utmarkstykke på Hauge, Orrebakken, og busette seg her.  G. 1828 Kari Ols dtr. Kuven, f. 1794.  Born: Kari, f. 1829, s. n.  Anders dreiv med fiske o. a. arbeid.  Han vart innskriven til hertenesta i 1812, men slapp vera med i ufreden då han berre var 16 år gamall.  Anders døydde i 1842. 
Ekkja Kari Ols dtr. hadde bruket etter at mannen døydde i nær 20 år.  Ho fall frå i 1869. 

Andreas Pederson Grung, f. p. prestegarden 1836, vart i 1857 gift med Kari Anders dtr. Orrebakken, f. 1829, og fekk festa bruket etter vermori.  Av 3 born vaks tvo upp: Andreas, f. 1859, d. ug., Annanias, f. 1861, bakar, g. 1883 Mari Magdalena Mons dtr. Haugland frå Sund, b. Austevoll.  Andreas døydde alt i 1861, berre 25 år gamall. 
Ekkja Kari Anders dtr. hadde so bruket nokre år. 

Tomas Olson Reigstad frå Samnanger, f. 1844, vart i 1868 gift med ekkja Kari Anders dtr. og fekk bygsla bruket.  I 1873 kjøpte han det av Lysekloster for 40 spd.  Kari døydde i 1901, og Tomas gifte seg att i 1902 med e. Guro Lars dtr. Lunden, f. p. ytre Haugland 1847.  Born: Karl, f. 1870, s. n.  Tomas var kyrkjetenar og fast tilsett gravar i Os.  Han døydde i 1926 og Guro i 1914. 

Karl Tomasson Orrebakken, f. 1870, skøytte bruket etter faren i 1894.  G. 1891 Anna Anders dtr. Bø, f. 1864.  Born: Tomas, f. 1893, snikkar, d. ug. 1916, Anders, f. 1894, s. n., Johan, f. 1906, s. br. 39.  Karl vart gravar og kyrkjetenar etter faren og hadde dette yrket i mange år.  I dei siste åri hev han stjorna vedlikehaldet av hovudvegen Os – Hatvik.  Kona døydde i 1933. 

Anders Karlson Orrebakken, f. 1894, hev vore brukar saman med faren.  G. 1917 Anna Lars dtr. Borgen, f. 1894.  Born: Astrid, f. 1918, g. båtbyggjar Hans Askvik, Lars, f. 1919, bygningsmann, Karl, f. 1927, Arne, f. 1930, Harald, f. 1933.  Anders er trearbeidar. 


HAUGE 5. 

Haldor Haldorson Lønningdal, f. 1839, vart i 1871 gift med Anna Rasmus dtr. Hauge, f. 1849, og fekk kjøpa helvti av verfaren sitt bruk for 820 spd., då det i 1873 vart skift i tvo partar, s. br. 1.  Dei hadde ikkje born, men tok til seg eit par av systerborni åt kona, Lars Larsson Unneland, f. 1880, d. ug., og systeri Kristina Lars dtr., f. 1882, g. 1899 Jon Tøsdal, s. Osøyri 19.  Då Kristina døydde i 1904, vart ogso dei tvo borni hennar uppfostra hjå Haldor.  Det var Lars, f. 1900, d. 1919, og Magdalena, f. 1902, s. n.  Haldor dreiv laksefiske attåt gardsbruket.  Han livde radt til 1936, då han fall frå over 97 år gamall.  Kona døydde i 1927. 

Ola Eivindson indre Moberg, f. 1900, vart i 1922 gift med Magdalena Lars dtr. Hauge, f. 1902, og fekk same året skøyte på bruket etter fosterfaren åt kona.  Born: Torborg, f. 1923, Kirsten, f. 1925, Øyvind, f. 1927, Anna Margreta, f. 1930.  Ola driv laksefiske likeins som fyremannen.  Han hev ymse tillitsyrke i bygdi og hev vore medlem av heradstyret frå 1938.  Frå januar 1941 er han ordførar i Os.  Magdalena døydde alt i 1933. 

HAUGE 6 (Haugstræ, Solstrand). 

Ola Johannesson Heggland
, f. p. Totland i Samnanger 1836, festa eit stykke utmark «Haugstræ» på garden og busette seg her i 1869.  I 1873 kjøpte han bruket av Lysekloster for 120 spd. G.  1862 Guro Lars dtr. Storlid frå Fusa, f. 1821.  I 1875 flutte dei til Hatvik, s. H. 5, der dei sidan vart buande og der ein finn meir um dei. 

Landhandlar Hans Nikolai Hansen på Osøyri kjøpte bruket i 1875 for 725 spd.  Sjå um han Osøyri 5.  Han testamenterte eigedomen til brordotteri Inger Sofia Hansen, og ho vart eigar då Hans døydde i 1889. 

Ingeniør Hans Påsche Schrøder frå Bergen, f. 1828, festa bruket i 1882 og vart busett her.  I 1892 leigde han noko av eigedomen burt att til H. Reusch og Adolph Christensen frå Bergen.  Schrøder døydde her i 1894. 

Statsministar Chr. Michelsen kjøpte bruket av Inger Sofia Hansen i 1895 for 12000 kroner og bygde her Solstrand hotell.  Barclay Meidell vart styrar av hotellet.  I 1903 vart lutlaget Solstrand hotel & bad skipa med Chr. Michelsen som formann i styret, og dette fekk då skøyte på eigedomen for 60 000 kroner.  Jens Sylvester Jensen frå Kjøpenhamn, f. 1876, dreiv hotellet i desse åri.  Han vart gift i 1907 med Berta Anders dtr. Teigen frå Havslo i Sogn, f. 1880. 

Torstein Bårdson Lunde frå Voss, f. 1865, kjøpte eigedomen i 1908.  G. 1898 Ragna Siverts dtr. Moltu frå Herøy på Sunnmør, f. 1873.  Born: Jorunn, Ingeborg, Bård, Andreas, d. ung.  Torstein hadde fyrr vore gardstyrar på Solstrand og tilsynsmann ved hotellet, og Ragna hadde vore kjøkensjef her.  I 1917 selde Torstein eigedomen att, men var framleis gardstyrar og tilsynsmann, radt til han døydde i 1937.  Sjå ogso Lyssand 10.  Kona og borni er busette i Bergen. 

Lutlaget Solstrand hotell & bad kjøpte atter eigedomen i 1917 og dreiv hotellet nokre år ved ymse styrarar.  Direktør Jens Blomquist frå Bergen kjøpte so eigedomen i 1926 og dreiv hotellet eit par år nærast som eit underbruk av Hotell Norge i Bergen. 

Restauratør Ludvig Larsen frå Halden, f. 1879, kjøpte Solstrand i 1929.  G. 1903 Maria Schou frå Hobbøl i Austfold, f. 1872.  Born: Astrid, f. 1905, d. ug. 1929, Bjarne, f. 1907, d. ug. 1928, Sverre, f. 1912, Rolf, f. 1915, d. 1920. Ludvig Larsen døydde i 1931, og sonen Sverre Schou Larsen er no styrar av eigedomen og driv hotellet saman med mori. 


HAUGE 7 (Villa Sana). 

Sokneprest Albert Henrik Mowinckel frå Bergen, f. 1830, festa eit jordstykke her i 1883 og bygde på eigedomen.  Han var son åt kjøpmann Johan Ludvig Mowinckel og kona Augusta Mohr.  G. 1870 Johanna Jakobina Meyer, f. 1849, var dotter åt Ospresten Arnold Meyer, s. O. B. I 429 – 30.  Dei hadde ei dotter Augusta, f. 1871, g. 1890 fabrikkstyrar Torvald Wetlesen, b. Horten.  Mowinckel var sokneprest til Sandvikskyrkja i Bergen og døydde i 1892. 
Ekkja Johanna Jakobina Mowinckel kjøpte jordstykket av uppsitarane på Hauge i 1893, og selde heile eigedomen same året til Micaline Arnesen, som var ekkja etter kjøpmann L. Arnesen i Bergen.  Eigedomen vart for det meste ta som sumarbustad. 


Johan Wilhelm Michelet Heidenreich, f. 1873, som var gift med Betty Arnesen og som hadde vore busett her, skøyt bruket etter vermori i 1916.  Dei hadde borni Hjørdis g. avdelingssjef Karl Oskar Munthe, b. Oslo, og Evy, som driv skjønhetssalong i Oslo.  Heidenreich, som var ingeniør, vart tilsett som driftsstyrar ved Osbanen i 1902 og hadde yrket 1917.  Han reiste seinare til Oslo, der han hev drive ein større bilforretning.  Kona døydde i 1937. 

Osbanen kjøpte eigedomen i 1922 for å nytta den til driftsstyrarbustad. 

Ingeniør Jonas Rein Landmark, f. 1882, vart tilsett som driftssyrar ved Osbanen i 1918 og fekk bustad her då banen kjøpte eigedomen.  G. 1915 Laura Jakobs dtr. Berg frå Oslo, f. 1885.  Born: Ellen, f. 1916, g. Olaf Olaison Åsen, b. Bergen, Rolf, f. 1918, student, Laura, f. 1919, Jonas, f. 1924.  Då Osbanen stogga drifti, reiste Landmark til Oslo og fekk plass ved Statsbanane, der han ogso hadde vore fyrr han kom til Os.  Han døydde i 1940. 

Lensmann Bjarne Dahl, f. p. Stord 1895, kjøpte bruket i 1934 og er busett der no.  G. 1933 Sigrid Homsvich frå Halse ved Mandal, f. 1901.  Fosterborn: Hans, f. 1935, Grete, f. 1937.  Sjå um Dahl O. B. I 559 – 560.  Kona døydde i 1940. 


HAUGE 8 (Finnebrekka). 

Ola Olson Austestad, f. 1823, festa eit jordstykke på Hauge og busette seg her då han slutta som klokkar i Os i 1883.  Sjå um han og huslyden hans under Os 8.  Ola døydde her i 1899 og kona i 1900. 

Mons Andersson Hauge, f. 1869, kjøpte huset då Austestad døydde og skøytte bruket av mori i 1904.  G. 1897 Maria Lars dtr. indre Moberg, f. 1872.  Born: Agnes, f. 1898, g. 1928 Nils Midtsæter, s. Lyssand 19, Laura, f. 1900, g. 1927 snikkar Johannes Jonson Skåtun frå Strandvik, Anders, f. 1902, bankmann, g. 1933 Johanna Sæbø, b. Bergen, Magnus, f. 1909, gartnar, g. 1939 Anna Pauls dtr. Moberg, b. Oslo, Astrid (tvilling), f. 1912, sjukesyster, Margit, f. 1912, sjukesyster, g. 1939 Henrik Monsson Lyssand.  Mons hev vore bakar på Os forbruksforening i meir enn 40 år.  Han hev havt ymse tillitsyrke og var medlem av heradstyret 1905 – 1907.  Kona døydde i 1940. 


HAUGE 9 (Glitre) 

Kjøpmann Conrad Kroepelien frå Bergen kjøpte i 1898 ein part av br. 6 og bygde ein liten sumarbustad her.  Han selde att i 1904 til konsul Joachim Grieg frå Bergen, og han bygde husi som no stend på eigedomen.  Etter hans død fekk ekkja Henriette Juliane Grieg, f. Lemkuhl, bruket, og ho selde i 1933 til kjøpmann E. Galtung Døsvig frå Bergen som er eigar no.  Han brukar eigedomen til sumarbustad. 


HAUGE 10 (Lyngheim). 

Kjøpmann August Wallendahl frå Bergen kjøpte ein part av br. 6 i 1898 og bygde sumarbustad på eigedomen.  Han døydde i 1923, og ekkja Augusta Wallendahl skøytte bruket tre år etter til dotteri Kathe, som er eigar no.  Kathe Wallendahl er gift med direktør i Standard Oil Co.  Johan Ameln Mowinckel frå Venedig, og hev vore busett i Paris.  Dei hev amerikansk borgarrett og er no busette i Amerika. 

Ole Olson Fagerbakke, f. i Bergen 1894, hev vore styrar og gartnar på bruket i mange år.  G. 1922 Anna Stensaker frå Breim i Nordfjord, f. 1894.  Born: Astrid, f. 1923, Håkon, f. 1926, Ole, f. 1935.  Ein gut døydde tidleg. 


HAUGE 11 (Norde Orrebakken) 

Ola Andersson indre Lekven, f. 1873, kjøpte i 1902 ei tuft av br. 4 og bygde på tufti.  G. 1896 Maria Lars dtr. Klyvalien, f. 1869.  Born: Anna, f. 1898, g. 1925 gardsarbeidar Einar Henriksen frå Helgøy, (born: Malvin, f. 1927, Johannes, f. 1929), Lars, f. 1899, d. ug. 1922, Kristi, f. 1903, g. fabrikkarbeidar Herman Hansson Tysse, b. Haus, Ovidia, f. 1904, fabrikkarbeidar, Kari, f. 1906, g. møbelarbeidar Edvard Våge, b. Hosanger, Nils, f. 1908, fiskar og motorbåtførar, Anders, f. 1910, fabrikkarbeidar, Ola, f. 1912, fabrikkarbeidar.  Ein gut døydde tidleg.  Ola er stein- og jordarbeidar. 


HAUGE 12 (Østerhaug, Bråten). 

Elisa Nieuwejaar, f. 1873, skøytte i 1904 eit stykke av mori sitt bruk, s. br. 2, og gav det namnet Østerhaug.  Ho selde i 1917 til lækjar Hilmar Werner Bøe frå Bergen, som berre hadde bruket eit års tid.  I 1918 vart eigedomen kjøpt av skipsreidar Ingolf Hysing Olsen frå Bergen, som samstundes kjøpte ein større part av hovudbruket, Bråten, og bygde eit stort sumarhus her.  Han hadde eigedomen til 1929. 

Fabrikkeigar Nils Nilsson Lekven frå Bergen, f. i Os 1886, kjøpte bruket i 1929 og er eigar no.  G. 1916 Randi Arnesen frå Uskedal i Kvinnherad, f. 1887.  Born: Kåre Anker, f. 1918, fabrikkstyrar, g. 1940 Anna Meyer Johnsen frå Bergen.  Nils driv ein stor fabrikk i Bergen og hev havt bustaden sin der, men i dei siste åri hev han mest vore busett her på bruket.  Sjå um han O. B. II 66. 


HAUGE 13 (Hardenberg). 


Rasmus Walle og kona Harriet Nieuwejaar Walle fekk i 1904 utskilt og skyldsett ein part av br. 2.  I 1913 fekk dei skøyte på bruket.  Sjå um dei under Osøyri 32. 
 
Torstein Torkjellson Lien, f. p. Holelien (Holen) 1855, kjøpte ein part av bruket og bygde her.  Han hadde fyrr han kom hertil vore farmar i Amerika i mange år.  G. II 1916 Kristianna Lars dtr. Sørstrønen, f. 1876.  Born: Torvald, f. 1916, kontormann, b. Bergen, Karl, f. 1918, snikkar, Torstein, f. 1921.  I fyrste giftarmålet sitt i Amerika hadde han 7 born, som alle var fødde og vart verande i Amerika.  Torstein hev eigedomen enno. 

Bernt Kristiansen frå Haugesund, f. 1884, hev i mange år vore busett her og andre stader på Haugsneset.  G. 1911 Hansina Johnsen, f. p. Osøyri 1886.  Born: Asbjørn, f. 1912, trearbeidar, Kåre, f. 1913, sjømann, Lars, f. 1915, dreiar, Knut, f. 1917, sjømann, Arne, f. 1923, trearbeidar.  Bernt er dreiar. 


HAUGE 14 (Elverhøi). 

Lensmann Harald Othar Svenke, f. 1870, kjøpte i 1906 eit jordstykke av br. 3 og bygde på eigedomen.  Han hadde fyrr havt eit bruk på Lyssand, s. L. 3.  Sjå um han og huslyden hans O. B. I 558 – 559.  I 1910 reiste Svenke til Bergen, der han sidan hev vore buande.  

Distriktslækjar Svein Ruud Holtermann vart busett på bruket då lensmann Svenke flutte til Bergen.  Sjå um han O. B. I 633. 

Johan Daniel Stub Irgens, f. i Bergen 1868, kjøpte bruket av Svenke i 1915.  G. 1897 Marie Tellefsen frå Bergen.  Born: Johanna, f. 1899, g. 1923 avdelingsjef Magnus Gunn frå Oslo, b. Dale i Sunnfjord.  Johan døydde i 1924. 
Ekkja Marie Irgens hadde so bruket eit års tid etter at mannen døydde.  I 1925 selde ho her og flutte til Bergen.  Ho er busett i Oslo. 

Wilhelm Ruland frå Oslo, f. i Tyskland 1869, kjøpte bruket i 1925.  G. 1914 Ragna Rasmussen (Halseth), f. 1882.  Born: Rolf, f. 1916, g. 1940 Ester Bahus, b. Oslo, Ulf, f. 1922.  Ruland hadde fyrr han kom til Os vore restauratør i Oslo.  Bruket her er fru Ragna Ruland sin eigedom. 


HAUGE 15 (Lybakken). 

Jakob Pederson Heggland, f. 1861, kjøpte i 1908 eit jordstykke av br. 2 og bygde på bruket.  Sjå um han under Lunden 2 og O. B. I 202. 

Kristian Larsson Lyssand, f. 1893, vart busett på bruket og skøytte det av verfaren i 1925.  G. 1915 Elen Jakobs dtr. Heggland (Lunden), f. 1896.  Born: Bjarne, f. 1915, trearbeidar, Leif, f. 1920, trearbeidar, Jakob, f. 1926, Kjell, f. 1933.  Kristian er snikkar og er eigar av Os dørfabrikk, som han hev bygt på eigedomen. 


HAUGE 16 (Nordly). 

Edvin Andersen, f. i Tromsø 1873, kjøpte ei tuft av br. 15 i 1909 og busette seg her.  G. 1901 Petra Cecilia Nilsen frå Tromsø, f. 1879.  Born: Agnes, f. 1902, g. sokneprest Olav Langhelle, b. Alversund, Hildur, f. 1903, kontorbetjent i Bergens byrett, Johannes, f. 1906, målar, d. ug. 1928, Einar, f. 1908, målarmeistar, g. Ellinor Sivertsen, b. Bergen.  Edvin var målarmeistar.  I 1913 flutte han til Bergen, der han dreiv målarverksemd til han døydde i 1935. 

Lensmann Ivar Bugge, f. 1865, kjøpte bruket i 1913.  Sjå um han O. B. 1 547, 559 – 60 o. fl. st.  Han døydde her i 1935. 
Ekkja Ingeborg Bugge, f. 1869, hev eigedomen etter at mannen døydde.  Sonen Erik Ivarson Bugge, f. 1906, er ogso busett på bruket.  G. 1934 Ingrid Olea Andreas dtr. Kålås, f. 1909.  Born: Åse Karin, f. 1934.  Erik er trearbeidar. 


HAUGE 17 (Utsikten). 

Eilef Nilsson Lund, f. p. Lunden 1885, kjøpte i 1909 ei tuft av br. 2 og bygde på tufti.  G. 1907 Olina Mons dir. Bø, f. 1885.  Born: Nils, f. 1908, sjømann, Magnus, f. 1909, maskinvakt, g. 1936 Lilly Ols dtr. Moberg (Kuven), Gustav, f. 1911, snikkar, g. 1939 Ruth Østrem, s. Os 38, Einar, f. 1913, snikkar, s. Os 29, Maria, f. 1916, hushjelp, Leif, f. 1918, målar, Alfred, f. 1920, trearbeidar, Gudrun, f. 1923, hushjelp.  Eilef er snikkar og trearbeidar. 

HAUGE 18 (Berglund). 

Ola Olson Hjelle, f. 1886, kjøpte eit jordstykke av br. 2 i 1909 og busette seg her.  G. 1908 Ingeborg Jakobs dtr. Røtttingen, f. 1882.  Born: Borghild, f. 1909, s. br. 33, Maria, f. 1910, g. 1937 Bernhard Moberg, s. i. M. 26, Olav, f. 1915, sjømann, Jakob, f. 1916, treskjerar, Hildur, f. 1918, Inge, f. 1920, snikkar, Magne, f. 1922, snikkar, Jorunn, f. 1926.  Ola er treskjerar og møbelsnikkar, og hev i mange år vore styrar av Os arbeidskule for gutar, s. O. B. I 210 – 211.  Han hev vore med i liknings- og overlikningsnemndi, skulestyret o. a. 


HAUGE 19 (Utsikten). 

Øyvind Pederson Hauge, f. 1876, skøytte i 1913 eit stykke av farsbruket.  G. 1899 Martelena Tomas dtr. Mjelde frå Haus, f. 1871.  Born: Per, f. 1900, arkitekt, b. Bergen. Øyvind var snikkarmeistar og hadde sitt arbeid og bustad i Bergen. 

Peder Rasmusson Hauge, f. 1854, skøytte jordstykket attende av sonen i 1913 og busette seg her, etter at han hadde gjeve hovudbruket frå seg.  Sjå um han og huslyden hans under br. 1.  Dotteri Gurina bur no hjå faren. 


HAUGE 20 (Fagerdal). 

Ingebrigt Olson Bø, f. 1866, kjøpte i 1914 ein part av br. 12 og bygde på bruket.  Han hadde fyrr vore busett på Berge, s. B. 5, og tidlegare på Bø, s. Bø 3, der ein finn meir um han og huslyden hans.  I 1919 selde han her og flutte attende til Bø, s. Bø 24. 

Ola Sveinson Tveit, f. 1893, kjøpte bruket i 1919 saman med broren Peder, s. br. 29, og skipa ein tunnefabrikk på eigedomen.  Ola vart gift 1924 med Elna Johans dtr. Haga frå Samnanger, f. 1894.  Born: Odd, f. 1925, Solveig, f. 1926.  Ola driv no sagbruk og kloggefabrikk på bruket. 


HAUGE 21 (Sjøvoll). 

Lars Olson Sørstrønen
, f. 1880, kjøpte eit stykke av br. 12 i 1914 og busette seg her.  G. 1912 Hansina Jakobs dtr. Balland (Bø), f. p. Osøyri 1886.  Born: Leonard, f. 1914, Olga, f. 1917.  Lars var sjømann.  I 1925 selde han bruket her og reiste til Sørlandet. 

Ivar Endreson Medas frå Granvin, f. 1878, kjøpte bruket i 1925.  Han hadde fyrr vore busett i Odda og kom til Os i 1924.  G. I 1902 Ingeborg Nils dtr. Kvarme frå Voss, f. 1878, d. 1915, g. II 1917 Anna Anveds dtr. Bolstad frå Evanger, f. 1879.  Born: Endre, f. 1903, student, d. 1923, Nils, f. 1904, gardbrukar, g. 1937 Jenny Kristians dtr. Røttingen, b. Alvær i Alversund, David, f. 1907, farmar i Kanada, Amerika.  Ivar hev vore løytnant i heren og tok avskil i 1936.  I Odda var han medlem av heradstyret o. a., og i Os hev han havt ymse tillitsyrke, m. a. var han ei tid heradsrevisor og med i styret for Os privatbank.  Han var medlem av Os heradstyre 1935 – 37.  Han hev gjeve ut bøkene «Underoffiserer ved Nordre Bergenhus Infanteriregiment 1910 – 1930», og «Hardanger bataljon i tidi 1. januar 1867 til 1. januar 1911». 


HAUGE 22 (Urly). 

Nils Engjelson Særvoll, f. 1882, kjøpte i 1914 ei tuft av br. 12 og bygde på tufti.  G. 1903 Kari Haldors dtr. Lysøy, f. 1879.  Born: £gi7, f. 1904, sjømann, Håkon, f. 1906, sjømann, Sverre, f. 1909, sjømann, Åsta, f. 1912, g. 1937 Nils Johannesson Halseth (Lunden), Karla, f. 1916, butikkgjenta, Salmund, f. 1920.  Nils er maskinist og reiser i utanriks fart.  I 1919 selde han her og flutte seinare til Bø, s. Bø 14. 

Bøkkarmeistar Ole Modahl frå Bergen kjøpte bruket i 1919.  Han nytta eigedomen til sumarbustad. 

Gerhardius P. Gullaksen, f. i Bergen 1858, kjøpte eigedomen i 1922 og busette seg her.  Han hadde fyrr drive Godøysund hotell i Tysnes.  Gullaksen var ugift, og Guri Åmot, f. i Eidfjord 1868, og Brita Stakseng, f. 1878, var husstyrar og hushjelp hjå han i mange år.  Han døydde i 1939. 

Annanias Nilsson Øvredal, f. 1895, kjøpte bruket i 1939.  G. 1924 Nikolina Nils dtr. Bakke frå Strandebarm, f. 1894.  Born: Norvald, f. 1925.  Annanias er sjømann og fører motorfarty. 


HAUGE 23 (Lanning). 

Hogne Isakson Eide, f. 1890, kjøpte i 1921 eit jordstykke av br. 5 og bygde på bruket.  G. 1917 Inga Ingebrigts dtr. Bø, f. 1894.  Born: Isak, f. 1918, snikkar, Ingolf, f. 1920, sjømann.  Hogne er snikkar og driv trevarefabrikk på eigedomen. 


HAUGE 24 (Bjørkelid). 

Marta Ols dtr. Bø, f. 1870, kjøpte ei tuft av br. 2 i 1922 og busette seg her.  Marta dreiv med strikking og stryking.  Ho døydde i 1936. 

Brita Johannes dtr. Bø, f. 1891, som var brordotter åt Marta, kjøpte bruket i 1936 og er busett her no.  Brita er syerske. 


HAUGE 25 (Fagerbakke). 

Engjel Olson Midthus, f. 1879, kjøpte eit jordstykke av br. 1 i 1923 og rydja og bygde her.  G. 1922 Gurina Ellings dtr. Bø, f. 1876.  Engjel var mange år i Amerika fyrr han kom til Hauge, s. O. B. II 47.  Han driv no med treskoarbeid o. a. 


HAUGE 26 (Haugsmark). 

Peder Pederson Hauge, f. 1882, skøytte i 1923 eit stykke av faren sitt nye bruk «Utsikten», s. br. 19, og bygde på stykket.  G. 1913 Anna Magnus dtr. Hellesøy frå Hjelma, f. 1885.  Born: Per, f. 1916, bygningsmann, b. Bergen, Magne, f. 1922.  Peder er gards- og jordarbeidar. 


HAUGE 27 (Retiro) 

Frk. Margit Samdal frå Bergen kjøpte i 1923 ein part av br. 1 og bygde sumarbustad her.  Ho er praktiserande lækjar på Minde i Fana.  Foreldri, lærar Lars Hansson Samdal frå Fana, f. 1861, g. 1888 Akselina Rasmus dtr. Hauge frå Os, f. 1862, hev ogso vore busette på eigedomen. 


HAUGE 28 (Lurane). 

Konsul Joachim Grieg, som åtte br. 9, skilde ut eit stykke av bruket sitt og bygde på det i 1920.  Dotteri fru Frida Shetelig og mannen hennar professor Håkon Shetelig frå Bergen fekk sumarbustad her.  I 1933 skøytte ekkja etter Joachim Grieg det nye bruket til dotteri Frida Shetelig, som ogso fekk skøyte i 1938 av broren Einar Grieg på ein part som faren hadde kjøpt av br. 5 i 1932.  Professor Shetelig og kona brukar eigedomen til sumarbustad. 


HAUGE 29 (Solvang). 

Peder Sveinson Tveit, f. 1895, kjøpte eit jordstykke av br. 5 i 1931 og bygde på bruket.  G. 1925 Dortea Kristoffers dtr. Sollesnes frå Jondal, f. 1901.  Born: Haldis, f. 1926, Sigurd, f. 1928.  Peder driv sportshandel på Osøyri, s. O. 26, og hev ymse tillitsyrke i grendi. 


HAUGE 30 (Haugsheim). 

Karl Andreas Olsen, f. i Bergen 1898, kjøpte i 1932 eit stykke av br. 5, der han bygde og busette seg.  G. 1925 Borghild Kristians dtr. Berge, f. 1901.  Born: Kate, f. 1926, Knut, f. 1928, Gunnar, f. 1932, Joar, f. 1937.  Karl er sjauffør på Osbanen sine rutebilar. 


HAUGE 31 (Friheim). 

Torbjørn Hallgrimson Vik frå Kvam, f. 1898, kjøpte ei tuft av br. 5 i 1932 og vart buande her.  G. 1924 Hjørdis Kvale frå Samnanger, f. 1898.  Born: Harald, f. 1925, Eldbjørg, f. 1927, Knut, f. 1929, Norvald, f. 1931, Magne, f. 1933.  Torbjørn er lærar ved folke- og framhaldskulen i Os, s. O. B. 368 og 376.  Han hev ogso vore kassastyrar i Os sparebank og er formann i styret for Os forbruksforening. 


HAUGE 32 (Solheim). 

Nils Andersson Hauge, f. 1909, skøytte i 1933 ein part av farsbruket og bygde her.  G. 1933 Borghild Ols dtr. Hjelle, f. 1909.  Born: Arne f. 1936.  Nils er snikkar og treskjerar. 


HAUGE 33 (Bjørnetun). 

Olav Olson Lepsøy, f. 1905, kjøpte ei tuft av br. 1 i 1933 og busette seg her.  G. 1931 Jenny Jons dtr. Røttingen, f. 1906.  Born: Ingeborg, f. 1933, Ove Jarl, f. 1937.  Olav er trearbeidar. 


HAUGE 34 (Bjørnestuen). 

Johan Arnt Jonson Moberg, f. p. Osøyri 1895, bygde og busette seg på eit stykke som han kjøpte av br. 5 i 1935.  G. I 1915 Alvilda Johanna Petersen frå Honningsvåg, f. 1892, g. II 1919 Josefina Alvilda Larsen frå Bergen, f. 1895, g. III Emma R. Elgren frå Varmland i Sverik, f. 1900.  Born: John Henry, f. 1929.  Johan Arnt har kommisjonslager av tre- og murmaterial. 


HAUGE 35 (Sjøli). 

Fru Bruntvedt frå Tysnes kjøpte eit stykke av br. 5 i 1935 og bygde på bruket.  Mannen Anton Bruntvedt er sjømann og reiser på innsjøane i Amerika.  Agent Johan Årvik med huslyd hev vore busett på eigedomen. 


HAUGE 36 (Styvebakken). 

Jakob Nilsson Styve frå Evanger, f. 1902, kjøpte i 1936 ei tuft av br. 4 og bygde på tufti.  G. 1929 Dagny Danielsen frå Gjeilo i Hallingdal, f. 1905.  Born: Bjørg, f. 1932.  Jakob hadde fyrr han kom til Os vore på Voss, Finse, o. a. st.  Han hev bygt slaktehus og røykjeri på eigedomen her og driv kjøthandel på Osøyri, s. O. 26.  


HAUGE 37 (Heimly). 

Brita Johannes dtr. Lundetræ, f. p. Bø 1901, bygde i 1936 på ei tuft som ho då kjøpte av br. 1.  Brita vart gift 1925 med snikkar Johan Olson Lundetræ (Lunden), f. 1897, men han døydde alt i 1934.  Born: Johanna, f. 1928, Ågot, f. 1930.  Brita gjeng på gardsarbeid o. a. 


HAUGE 38 (Fredheim). 

Harald Kristiansen, f. p. Osøyri 1913, kjøpte i 1936 ei tuft av br. 5 og busette seg her.  G. 1936 Kirsten Hodneland frå Tysnes, f. 1910.  Born: Annlaug, f. 1937.  Harald er trearbeidar. 


HAUGE 39 (Nybakken). 

Johan Karlson Orrebakken (Hauge), f. 1906, skøytte i 1937 eit stykke av farsbruket og bygde på stykket.  G. 1933 Matilda Helges dtr. Flaterås (Kuven), f. p. Gjeiterøy 1901.  Born: Kåre, f. 1933, Karen, f. 1937.  Johan var vegarbeidar.  Han døydde alt i 1938. 
Ekkja Matilda Helges dtr. hev bruket no.  Broren Nikolai Flaterås, s. Os 19, hev ogso vore busett her. 


HAUGE 40 (Ljosheim). 

Svein Sveinson Tveit, f. 1905, kjøpte i 1938 ei tuft av br. 5 og busette seg her.  G. 1934 Sofia Abrahams dtr. Heggland, f. 1911.  Born: Sigmund, f. 1934, Per, f. 1936, Jorunn, f. 1939.  Svein hev vore sjauffør og er no trearbeidar.