MOLDA
OS SOGA III side 616 – 631

66. MOLDA.
Upphavet til gardsnamnet er det gamallnorske mold, godt jordslag, moldjord. Namnet høver sers godt her. Garden er i gamall tid skild ut frå Bø, og kannhenda hadde jordstykket her det same namnet i den tid det høyrde til Bø-garden.
Uttale: Mø’lla.
Skrivemåtar: a Mollde (1320), Mølle (1519), Mollda, Molde (1563), Moldum (1597), Mulde, Muldum (1610), Mulden (1620), Mullde, Mulle, o.s.b.
Garden ligg frå grensa mot Bø nedover mot sjøen. Molda høyrde i gamall tid til Os kyrkja eller prestebolet, men garden vart ikring 1610 kjøpt av presten Loss, som ogso hadde ein soneson buande der i 1670 åri. Sidan hev eigarar og brukarar på garden vore dei same.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Saar 4 smale tønder, afler 16 tdr., tynd eng, god fehagge, med bielcheskoug og brendeveed, fire små holmer nest uden gaarden, tilsagt at plante homblehagge.
1723: Ingen sætter, skoug til huusenes reparation og brendefang, 1 liden flomqvern iche nær tilstrechelig til auflingens formaling, særdeles tungvunden og aarvand. Denne gaard er særdelis tungvunden, ingen synderlig jordart, til dels aarvand, har størst mangel paa houge eller udmarch til fæbete for creaturene, for hvilken aarsag hand maae leie sætter og fæbete, har ellers ingen handel eller brug uden allene gaardens aufl og dufft.
1865: Molde med 2 pladse: Har 16 maal dyrket ager og eng, hvoraf 4 maal godt, 5 middels og 7 slet, har 150 maal naturlig england, deraf 22 maal godt, 60 middels og 68 slet, 16 maal naturlig england kan dyrkes. Har skog til husbrug og kan sælge af Legangers brug furu for 26 spd. aarlig, det andet brug kan sælge egetræ og haslebaand for 8 spd. aarligen. Brugene har adgang til lyng, løv og skav, og pladsene føder ved disse midler 1 ungfæ og 7 faar, det ene brug er middels og der andet letbrugt, begge er almindelig drevet.
Busetnad og buskap.
| Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
| lydar. | skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
| 1657 | 1 | ||||||||||
| 1668 | 1 | 1 | 16 | 8 | 10 | 4 | tun | ||||
| 1723 | 1 | 2 | 22 | 10 | 8 | » | |||||
| 1800 | 3 | 19 | |||||||||
| 1835 | 3 | 18 | 2 | 19 | 33 | 1 | 8,7 | » | 5,3 | tun. | |
| 1865 | 6 | 30 | 2 | 24 | 34 | 3 | 10 | tun. | 14 | tun. | |
| 1900 | 4 | 19 | 3 | 20 | 27 | 5 | 1 | hl. | 18,5 | hl. | |
| 1920 | 3 | 10 | 2 | 12 | 1 | 3,5 | mål | 2,2 | mål | ||
| 1930 | 3 | 10 | 3 | 24 | 16 | 2 | 2 | » | 5 | » | |
| 1939 | 4 | 26 | 24 | 2 | » | 5 | » | ||||
I 1657 er buskapen her tald med under Os prestegard, då presten brukte begge gardane ihop.
MOLDA 1.
Oluff pa Mølle (Ola Molda) er fyrste mann som me finn namngjeven på garden. Ola var brukar i 1519.
Tørria Molda hadde garden i 1563 og likeins i 1567. Tvo år etter er brukaren her skriven for Torgila, som kannhenda er rette namnet, men det er tvillaust same mannen som fyrr er nemnd for Tørris. Torgils var lagrettemann i Os, og i 1569 var han med og sagde domen i saki um laksefisket i Oselvi, s. O. B. I 217.
Ekkja etter Torgils hadde garden i 1591. Kva ho heitte, veit me ikkje.
Ola Molda vart brukar ikr. 1593. Han var truleg son åt Torgils eller gift med ei dotter hans. I dei fyrste åri etter at presten Loss vart eigar, stend Ola framleis som brukar på garden og lagde skatten, men etter 1616 finn me ikkje meir um han.
Presten Samuel Steffenson Loss, som kom til Os i 1601, vart eigar av Molda ikr. 1610. Som nemnt hadde Ola Molda framleis bruket dei fyrste åri, men frå 1617 vart presten sjølv brukar og lagde skatt av garden. Han stjorna då garden ved hjelp av drengjer, som hadde bustaden sin i ei stova i Moldadalen. I 1620 var 3 drengjene hans, Ola, Mons og Markus Moldadal, med i eit slagsmål og fekk bøter for det. Etter 1640 vart garden jamnast stjorna ved styrarar, eller som dei vanleg vart kalla «rådamenn» og «lutmenn», s. n. Presten brukte ogso garden Nordvik i Samnanger, og ved krøterteljingi i 1657 var buskapen på Molda, Nordvik og prestegarden tald ihop og skriven på Os prestegard. Sjå um Samuel Loss O. B. I 336 – 37, 407 o. fl. st.
Jens Samuelson Loss, f. 1604, fekk prestekallet i Os etter faren sin død i 1659 og likeins gardane Molda og Nordvik. Jens hadde m. a. sønene Anders, Henrik og Nils, s. n. Garden vart i hans tid driven som fyrr ved gardstyrarar. Um Jens Loss s. O. B. I 336 – 37, 408 o. fl. st.
Nils Jensson Loss, f. 1648, fekk garden til bruk i 1667 og busette seg der. Han hadde då gjenge fleire år på skular og var student. Faren Jens Loss døydde i 1668, og ved skiftet etter han gjekk ikkje Molda til Nils, men til brørne hans. Nils arva eit hus på Os prestegard og garden Nordvik i Samnanger. Fyrr Nils kunde flytja frå Molda, vart han sjuk, og i 1670 døydde han. Til gravølet etter han gjekk det med 67 dalar, umlag like mykje som heile Molda då var verd.
Anders Jensson Loss, f. 1635, som hadde vore kapellan i Os hjå faren og bestefaren frå 1655 til 1668, busette seg på Molda og stjorna garden nokre år då broren vart sjuk og døydde.
Henrik Jensson Loss, f. 1650, som saman med brørne sine hadde arva Molda, busette seg her då Anders flutte. Henrik var ugift i den tidi han budde her, og dei tvo systerne hans, Ingeborg og Kristina (Kirsten) Loss, stjorna huset for han. Henrik hadde ein dreng Ola Pederson og ei taus Metta Jakobs dtr. på garden. Dei kom i håri på husbondsfolket, og i 1680 måtte dei for retten avdi dei hadde
«udtalet sig om den omgjengelse som fru Susanna von Reichen og den contrafeier Hans Henrichsen Ruus haver havt paa Molde».
I 1675 vart Henrik lensmann i Os, s. O. B. I 551, men alt i 1680 let han lensmannsyrket frå seg, selde garden her og flutte til Bergen, der han sidan vart buande.
Annanias Engelbrektson Wrangell frå Bergen, f. ikr. 1645, kjøpte garden i 1680. Han var son åt presten til Domkyrkja Engelbrekt Jørgenson og hadde teke morsnamnet sitt, Wrangell, til etternamn. Annanias var gift med Søster (Sostrata) Schjelderup, som var dotter åt Bergensbispen Jens Schjelderup, og som fyrr hadde vore gift med kanselliråd Hieronimus Bergholtz. Born: Anna Dortea, f. 1686, d. ug. 1729, Inger, f. 1696, g. 1719 Paul Jakobson Forstenberg. Tvo born, Engelbrekt og Pitter, døydde unge. Annanias var ein rik mann. Umfram Molda åtte han ogso Klyva i Os, Bolstad, Horvei og Vinsand på Voss, og hadde pengar for like stort verde. I 1715 fekk han Molda og Sandholmane fredlyste.
Den mest kjende diktaren på dei tider, Dorotea Engelbrekts dtr., var syster åt Annanias, og ho var jamt i vitjing hjå han på Molda. Annanias døydde her i 1718, og det vart halde eit drustelegt gravøl etter han. Gravølet kosta 127 dalar, og då heile Moldagarden var verdsett til 100 dalar, so fann skifteretten at gravølet var for stort tilteke. Ved skiftet vart ekkja difor berre tilkjend 80 dalar av gravølskostnaden, resten fekk ho ta sjølv. Ekkja selde so Molda og Klyva og flutte attende til Bergen.
Johan Jakob Pritzier, f. i Tyskland 1682, kjøpte gardane Molda og Klyva i 1718 og busette seg på Molda. G. 1710 Gye Hans dtr. Roaenberg, f. Fredericia i Danmark 1685. Av 12 born vaks berre 4 upp: Johan Ferdinand August, f. 1713, s. n., Christopher, f. 1721, g. 1748 Anna Eleonora Jakobi, s. Klyva 1, Gye Maria, f. 1723, g. 1761 Henrik Lexau, prest i Kinsarvik, Johan Jakob, f. 1724, kaptein, g. Elisabet Hollmann, s. O. B. I 529. Johan var dei fyrste åri kaptein ved Oskompaniet og gjekk seinare upp gjenom gradene til oberst, s. O. B. I 527 – 28. Noko av det fyrste han gjorde etter at han kom til Molda, var å byggja nytt bunadshus på garden. Huset stend no på Osøyri og er brukt til heradshus, s. O. B. I 580 og 581. Då Johan kjøpte bruket, vilde Jens Sønderborg, som var gift med systerdotter åt Henrik Loss, ta det att etter odel, men han hadde forlite pengar til odelsløysingi. Johan sat heile tidi tungt i det og måtte låna mykje av pengane til jordkjøpet og til husbyggjingi. M. a. lånte han 580 dalar av presten Leganger. Johan Pritzier heldt strengt på æra si. Då ein son hans fekk eit barn med tausi i huset, tok han tausi for retten, avdi ho hadde «vanæret» sonen hans. Johan døydde i 1751 og kona i 1749.
Johan Ferdinand August Pritzier, f. i Holstein 1713, skøytte Molda etter faren i 1752. G. 1763 Elisabet Jakobi Rauff, f. 1740. Born: Johan Jakob, f. 1764, kaptein i Vesterlehnske regiment, Gye Eleonora, f. 1765, d. ug., Maria Kristina, f. 1769, d. ug., Hedvig Sofia, f. 1772, g. I 1789 res. kapellan Christopher Geelmuyden Heiberg, b. Tysnes, g. II Ola Herlofson Volden under Høyland prestegard ved Stavanger, Johan Ferdinand August, f. 1775, fenrik, seinare kjøpmann i Bergen, Elisabet Jakobine, f. 1778, g. løytnant Claus Hartvig Worsøe. Johan Ferdinand gjekk inn i heren likeins som faren, var ei tid løytnant ved Oskompaniet og vart seinare kaptein, s. O. B. I 528. Likeins som faren sat han sverande tungt i det og var i skuld for umlag alt det han åtte. I 1760 bygsla han halve garden burt, men tok den seinare att, s. br. 4. Han lånte 500 dalar av Petter Lexau mot pant i garden og 80 dalar av presten Geelmuyden mot pant i sylvsakene i huset og i beisti på bruket. I 1782 fekk Petter Lexau skøyte på garden, men han selde att same året, s. n. Johan døydde i 1786 og kona i 1781.
Frantz Hendrik Meidell, f. p. Aurland i Sogn 1740, vart i 1782 gift med ei brordotter åt Johan Ferdinand Pritzier og fekk same året skøyte på Molda av Petter Lexau. Eldste son åt fyremannen freista å ta garden att på odel, men han greidde ikkje å skaffa pengar. Frantz lånte 500 dalar til jordkjøpet av Petter og Willum Lexau. G. I 1763 Elisabet Margreta Middelthon, f. 1744, d. 1779, g. II 1782 Gye Johanne Christophers dtr. Pritzier, f. p. Klyva 1749. Born: Isak, f. 1764, skippar, g. 1796 Jane Dorthea Darmont frå England (dotter Elisabet, s. Lepsøy 11), Jakob Gerhard, f. 1765, kaptein, g. I 1792 Anna Rye de Fine, g. II 1799 Karen Marie Geelmuyden Dahl, b. Førde i Sunnfjord (dotter: Anna Rye, s. Ferstad 1), Mette Dorthea, f. 1768, g. 1806 kapellan Johan Cammermeyer i Os, Stefan Barclay, f. 1772, kaptein, d. ug. 1844, Christopher, f. 1783, kaptein, g. 1844 Laurentine Fogh, Ditmar, f. 1785, kaptein, g. 1823 Kirstine Bie Udbye, Frants Hendrik, f. 1790, oberstløytnant, g. 1815 Anna Wilhelmina von Krogh frå Ferstad. Frantz hadde vore busett i Bergen fyrr han kom til Os. Han var ei tid løytnant ved Oskompaniet, gjekk gjenom gradene og tok avskil frå hertenesta som oberst i 1808. Ikr. 1790 vart han postopnar og er soleis den fyrste postopnaren i Os. Um han og borni hans s. O. B. I 423 – 24, 511 – 14, 529 – 32 og 672. Frants døydde her i 1813 og kona i 1810.
Christopher Pritzier Heiberg, f. 1789, som var systerson åt gamlekona i huset, Gye Johanne, skøytte garden etter Frantz Meidell i 1815. G. 1810 Christine Ege frå Bergen, f. 1782. Dei var barnlause. Christopher var fyrst busett på Tolo i Kvam, men flutte seinare til Bergen og vart kjøpmann der. Han kom ikkje til Molda, men dreiv garden ved leigehjelp og selde alt i 1818. Christopher døydde i 1825 og kona i 1854.
Nils Johanson Leganger, f. p. Ferstad 1787, kjøpte Molda i 1818 for 7500 spd. og busette seg her. Um ætti hans s. O. B. I 413 – 14. G. 1813 Marianne Nils dtr. Hertzberg frå Kinsarvik, f. 1788, som var dotter åt den kjende presten Nils Hertzberg. Born: Elisa, f. 1814, s. Bø 13, Nils, f. 1816, s. br. 6, Johan, f. 1822, s. n. Nils var ein mykje vyrd mann i bygdi. Han var soleis valmann i mange år og var med i heradstyret frå fyrste dag det vart skipa, til han døydde.
Os folkeboksamling stjorna han all sin dag frå boksamlingi kom istand 1828. Sjå O. B. I 563, 569, 679 – 80 o. fl. st. Nils døydde i 1853 og Marianne i 1874.
Johan Nilsson Leganger, f. 1822, skøytte farsbruket i 1856. G. 1856 Anna Torbjørns dtr. Mel frå Kvinnherad, f. 1828. Born: Karl, f. 1860, g. 1883 Rosa Teresia Olsen, s. Osøyri 37, Marianne, f. 1863, g. 1898 Hans Klyva, s. K. 5, Ninna, f. 1866, s. br. 2, Ivar, f. 1870, s. br. 2. Tvo born døydde unge. Johan var likeins som faren ein vyrd mann i bygdi og hadde mange tillitsyrke. Han var soleis formann i matrikulkommissjonen 1863, sat i heradstyret 1858 – 61 og var same åri ordførar i Os, s. O. B. I 166, 579, 590 o. fl. st. I 1865 selde han hovudbruket og var alt i 1861 flutt til Moldadalen, s. br. 2, der han sidan vart buande. Han tok likevel bruket attende på odel i 1868 og åtte det til han i 1883 selde til Mowinckel, s. n. Bruket vart i desse åri stjorna ved paktarar eller gardstyrarar.
Gullsmed Michael A. Tvedt frå Bergen kjøpte bruket i 1865 for 1250 spd., og sonen Hans Marius Tvedt flutte hertil og overtok bruket. Då Johan Leganger tok eigedomen etter odel på eldste sonen i 1868, flutte Hans Tvedt til Klyva, s. K. 1, og kjøpte seinare Hatvik, s. H. 1, der ein finn meir um han.
Johan Anton Mohr Mowinckel frå Bergen, f. 1843, kjøpte bruket i 1883 og bygde dei husi som no stend på eigedomen. I 1910 kjøpte han ogso br. 2 og fekk dermed heile Molda. G. 1869 Magdalena Margreta Müller, f. 1851. Born: Johan Ludvig, f. 1870, s. n., Magdalon, f. 1871, kjøpmann i Bergen, g. 1901 Inga Georgine (Inni) Lorange frå Bergen (eldste son: Johan Anton Mowinckel, f. 1902, varaformann i styret for Osbanen og Osbilane). Johan Mowinckel var av ei gamall kjøpmannsætt i Bergen og dreiv handel og skipsreiding likeins som forfederne. Han var busett i Bergen og nytta Molda mest som sumarbustad. Johan døydde i 1918. Kona var død alt i 1871, og Klara Maria Pladt frå Stavern, f. 1835, stelte huset. Ho døydde i 1906.
Johan Ludvig Mowinckel, f. 1870, skøytte bruket etter faren i 1918. I 1921 kjøpte han ogso hovudbruket på Klyva, s. K. 1, og driv sidan dette saman med Molda. G. I 1894 Karolina Andrea Stabell, f. 1871, d. 1898, g. II 1902 Sigfrid Sundt, f. 1882, g. III 1917 Julie Gran, f. 1882. Born: Johan Ludvig, f. 1895, orkesterdirigent, g. 1920 Vivi Kildal, Jens, f. 1918, kontormann, i Amerika, Magda, f. 1920. Johan Ludvig er skipsreidar i Bergen, og var m. a. ordførar i Bergen 1902 – 06 og 1911 – 13. I 1906 vart han stortingsmann, det han sidan mesta stødt hev vore, var statsråd 1921 – 23 og statsministar 1924 – 26, 1928 – 31 og 1933 – 35. For Osbygdi hev han gjort mykje godt, og m. a. er det serleg han å takka at bygdi fekk gamleheim, s. O. B. I 649 – 50. Han hev ogso skipa «Moldegaardsfondet» til bate for gode fyremål i Os sokni og hev hjelp til at denne bygdeboki kunde verta røyndom.

Umframt dei nemde eigarane he det ogso vore mange andre som hev havt med gardsbuket på Molda å gjera, anten som gardsstyrarar, paktarar eller arbeidarar. Fleire av desse var av Os-ætt eller kom i ættesamband med osingane, og me nemner dei difor her. Me kjenner lite til sume av dei, men kannhenda vil me finna ved seinaare gransingar.
Ola Molda var gardstyrar for Samuel Loss i 1640 åri. Kona hans heitte Kari.
Rasmus Molda vart styrarog lagde skatt i 1649. Året etter tok presten sjølv stjorningi og hadde ein dreng Torstein til å stella med garden.
Endre Molda vart «lutmann» (gardstyrar) då Jens Loss vart eigar i 1659 og hadde yrket solenge Jens livde. Endre var gift med ei som heitte Kristi.
Kolbein Molda vart gardstyrar då Annanias Wrangell tok garden i 1680. Han hadde yrket til ikr. 1696
Bård Bårdson Bjånes, f. 1676, vart gardstyrar etter Kolbein. I 1704 fekk han seg eit bruk på Øvreide, s. Ø. 1, der ein finn meir um han.
Hans Paulson Bjånes, f. 1680, som fyrr hadde vore dreng på garden, vart styrar då Bård flutte. G. 1699 Barbru Hans dtr. Hjelle, f. 1674. Born: lngeleiv, f. 1700, Paul, f. 1705, g. 1730 Anna Jons dtr. Bjøndal, b. Mjånes i Strandvik, (son: Jon, s. Søfteland 5), Marta, f. 1712, g. ikr. 1740 Arne Midtsæter, s. Heggland 3, Brita, f. 1715, g. 1739 Anders Søfteland, s. S. 1, Anna, f. 1719. I 1714 var Hans so uheppen at han fekk eit barn med ei gjenta på Hauge, og han måtte leggja alt det han åtte i bot for misferdi si. Heile eiga hans var elles ikkje meir verd enn 4 dalar. Gjenta måtte bøta 12 lodd sølv eller sitja i «Spinnehuset» i 2 – 4 år. Ikr. 1720 flutte Hans til Bjøndal i Hålandsdalen og var buande der til han døydde i 1731.
Jokum Ivarson, f. ikr. 1690, fekk yrket etter Hans. I 1734 flutte han og bygsla eit bruk på indre Moberg, s. i. M. 2.
Frå 1735 til 1755 er ingen styrar nemnd på garden.
Ingebrigt Ingebrigtson Skjeie, f. 1736, vart styrar i 1756, og i 1764 fekk han same yrket på Klyva. Sjå um han Lepsøy 1, der han sidan var busett. I 1761 er han skriven for Ingebrigt Moldaneset, og likeins då fyrste kona hans døydde i 1765. Kannhenda var drengjene og gardstyrarane busette på Moldaneset.
Torbjørn Andersson vart gardstyrar etter Ingebrigt. Kona hans heitte Guro. Dei fekk ei dotter, Marta, i 1765, men same året flutte dei.
Nils Sjurson var styrar på Molda i åri 1766 – 1775. Me kjenner ikkje noko til han.
Anders Haugneson Skjeie, f. 1748, fekk yrket i 1776. G. 1778 Mari Jons dtr. Lunden, f. 1745. Born: Guro, f. 1777, g. 1807 Johannes Nordstrønen, s. N. 6, Ingeborg, f. 1780, ug. Anders døydde alt i 1781.
Ola Rasmusson Valte, f. 1751, vart styrar i 1781. Han hadde fyrr havt farsbruket sitt på Valle, s. V. 1. G. I 1778 Anna Ols dtr. Borgen, f. 1756, d. 1782, g. II Anna Botolvs dtr., som ikkje var frå Os. Dei fekk ein son, Nils, i 1785, og same året flutte dei frå Molda. Me veit ikkje kvar det vart av dei.
Anders Nilsson Rolfsvågfrå Samnanger, f. 1750, fekk styrarplassen i 1785. I 1788 flutte han til Kilen under Berge, s. B. 4, der ein finn meir um han.
Ola Johannesson, f. ikr. 1755, vart gardstyrar etter Anders. Han var ikkje frå Osbygdi. G. 1802 Ingeborg Sveins dtr. Tysse, f. 1764. Dei var truleg barnlause.
Kristoffer Molda fekk yrket i 1810. Han var truleg ikkje gift, då han i 1812 fekk ei dotter, Sesilia, med ei gjenta frå Holsund. Kvar Kristoffer var frå, veit me ikkje.
Nils Leganger, som kjøpte Molda i 1818, stjorna bruket sjølv og brukte ikkje serskild styrar på garden. Kristoffer flutte då frå Osbygdi.
Ola Engjelson Os, f. 1846, pakta bruket, då den gamle brukaren tok det att ved odelsløysing i 1868. G. 1877 Raghild Nils dtr. Klyva, f. 1850. Ola var paktar til 1876 og var sidan arbeidar på garden. Ragnhild døydde i 1880, og året etter flutte Ola til Sundøy, s. S. 1, der han vart gift att, og der ein finn meir um han og huslyden hans.
Nils Andersson Klyva, f. 1819, pakta bruket i 1876. Sjå um Nils under Klyva 3. Då Molda fekk ny eigar i 1883, flutte Nils til Bø, der han sidan vart buande, s. Bø 12. ( 11 ?? )
Svein Pederson Kuven, f. 1849, vart gardstyrar på Molda hjå den nye eigaren og hadde yrket til han døydde i 1900. Sjå um han og huslyden hans under Kuven 10.
Karl Svendsen, f. p. Kuven 1884, vart gardstyrar her etter faren. Sjå um han under Bø 22. Karl døydde i 1932.
Kriatian Sjurson Aksnes frå Kvam, f. 1884, som i mange år hadde vore gartnar på garden, vart styrar då Karl døydde. G. 1917 Elisa Gulbrandaen frå Horten, f. 1885. Born: Eldbjørg, f. 1918, g. 1940 kontormann Johannes Monsson Lyssand, Sverre, f. 1921, Kari Margreta, f. 1929.
MOLDA 2 (Moldadalen).
Dei fyrste som me finn nemnde og buande her, er drengjene på Molda i 1620, Ola, Mons og Markus, s. br. 1. Markus vart sidan brukar på Særvoll, s. S. 1.
Mattis Molda og kona Anna er skrivne som husmannsfolk på Molda i 1645. Truleg hadde dei plassen sin her.
Jakob Bårdson vart husmann her ikr. 1760. G. 1765 Brita Lars dtr. indre Haugland, f. 1745. Born: Nils, f. 1767. Kvar Jakob var frå, veit me ikkje. Truleg fall han frå i 1770.
Ekkja gjekk i arbeid på Molda og døydde her i 1827.
Hans Hansson Tveit frå Strandvik, f. ikr. 1730, festa bruket her i 1769. G. 1767 Kristi Amunds dtr. Opsal frå Fusa, f. 1744. Born: Hans, f. 1767, Amund, f. 1770, g. 1804 Anna Lyngbø, s. Askvik 5, Mons, f. 1772, g. 1807 Kari Åsen, s. Å. 1, Marta, f. 1775, s. br. 3, Anders, f. 1779, Ola, f. 1784, g. 1813 Petriche Henriche Meyer i Bergen, Jørgen, f. 1786, ug., Maria, f. 1790, g. 1816 Johannes Andersson Rolfsvåg i Samnanger, s. S. B. 181. Hans var fiskar og dreiv med sjøen. Han døydde i 1796. Fire av sønene hans vart utskrivne til sjøvernet og måtte gjera tenesta i ufredsåri. Hans vart utskriven i 1800 og gjorde tenesta i 1801 på «blokskibene». Mons og Anders vart utskrivne og kom i tenesta samstundes som broren, men Anders vart sjuk i 1801 og fekk fritt nokre månader. Han hadde då 4 dalar tilgode, som han hadde spart på mat og klær. Ola vart utskriven i 1808 og kom umbord på kanonbåten «Nordnæs».
I 1810 var han med i eit slag og kom på sjukehuset. Året etter var han atter med på kanonbåten, men kom på sjukehuset att i 1812 og slapp fri. Kvar det vart av desse karane, veit me ikkje.
Ekkja Kristi Amunds dtr. hadde so bruket til ho døydde i 1808.
Sjur Larsson Plassen frå Kvam, f. ikr. 1777, vart paktar på bruket i 1817. Han hadde fyrr vore dreng hjå Christopher Heiberg på Tolo som åtte Molda, s. br. 1. G. 1817 Anna Ols dtr. Tolo frå Kvam, f. ikr. 1785. Born: Eli, f. 1818, Lars, f. 1821, g. 1855 Kari Lien, s. Klyva 4, Ola, f. 1825, s. n. Sjur var fiskar og dreiv ogso med stein- og tre-arbeid. Han døydde i 1860 og kona i 1849.
Ola Sjurson Molda, f. 1825, vart paktar etter faren i 1852. G. 1856 Marta Mons dtr. Eide, f. 1824. I 1862 flutte han til Heggland, s. H. 6, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Nils Steffenson Bø, f. 1821, busette seg her og vart rekna som husmann i 1852. G. 1852 Magdela Ols dtr. Kuven, f. 1826. Born: Steffen, f. 1857, Ola, f. 1858. Tvo born døydde unge. I 1860 flutte Nils med huslyden til Lindås i Valestrand, der dei sidan var busette.
Vinajans Hansson Borgen, f. 1829, pakta i 1860 – 61. Sjå um han under Lysekloster 7.
Johan Nilsson Leganger, f. 1822, som åtte heile Molda og som fyrr hadde vore busett på hovudbruket, flutte hertil i 1861. Sjå um han under br. 1. Johan døydde her i 1900 og kona i 1912.
Ivar Johanson Leganger, f. 1870, skøytte saman med verbroren bruket etter faren i 1898. G. 1900 Kristina Eivinds dtr. ytre Tuen, f. 1878. Born: Johan, f. 1900, g. 1925 Ragnhild Lars dtr. indre Tuen, i Amerika. Ivar døydde alt i 1901, og ekkja vart gift att i 1914 med Ola Lunde, s. L. 2.
Ola Hansson ytre Moberg, f. 1872, vart i 1898 gift med Ninna Johans dtr. Leganger, f. 1866, og skøytte bruket etter verfaren same året ihop med Ivar Leganger. Frå 1904 vart han eigar åleine. I 1910 selde Ola bruket og flutte til Kuven, s. K. 20, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Johan A. Mowinckel som hadde br. 1, s. d., kjøpte Moldadalen i 1910 og lagde det til sitt bruk. Heile Molda er seinare drive under eitt, s. br. 1.

Bø øvst til vinstre. Molda med Klyva attanfyre. Moldadalen med Hatvik i bakgrunnen
MOLDA 3 (Vågen, Smievågen).
Ola Johannesson Vågen busette seg her ikr. 1710 og er fyrste mann som me finn buande her. Kvar han var frå, veit me ikkje. Han vart gift ikr. 1700 med Kristi Anders dtr. Lyaaand, f. 1672, men dei fyrste åri etter giftarmålet var han ikkje busett i Os. Av borni kjenner me berre tvo: Nils, f. ikr. 1700, s. n., Sesilia, f. 1713, ug. Kva tid Ola og Kristi fall frå, veit me ikkje. Me kann ikkje finna at dei er døde i Osbygdi. Ola var smed, og plassen fekk namn etter det.
Nils Olson Vågen, f. ikr. 1700, vart buande her etter faren. Han vart gift utanfor Osbygdi med ei som heitte Marta Sveins dtr., f. ikr. 1710, og hadde ein son som heitte Lars, f. ikr. 1730, s. n. Nils dreiv med fiske og var smed attåt. Han døydde i 1763 og kona i 1780.
Lars Nilsson Vågen, f. ikr. 1730, bygsla bruket etter faren i 1761. G. 1759 Brita Mikkjels dtr. Kuven, f. 1734. Born: Peder, f. 1761, ug. Nils, f. 1764, g. Brita Arnes dtr. Engjavik, Lisbet, f. 1772, d. ug. 1808, Kristi, f. 1774, ug., Mikkjel, f. 1776, s. n. Lars var smed likeins som faren og farfaren hadde vore det, og plassen vart både skriven og kalla Smievågen. Lars var namngjeten i bygdi for den svere styrken sin, men han sat smått i det. Han døydde i 1808 og kona i 1818.
Mikkjel Larsson Vågen, f. 1776, festa bruket etter faren. G. 1801 Marta Hans dtr. Molda, f. 1775. Born: Hans, f. 1801, Brita, f. 1802. Tvo born døydde unge. Mikkjel var smed likeins som faren. Han døydde alt i 1803. Borni måtte tidleg ut, og me finn dei ikkje att i Osbygdi.
Ekkja Marta Hans dtr. vart buande på bruket etter at mannen fall frå.
Ekkja Marta Mikkjels dtr., f. p. Midthus 1781, flutte hertil ikr. 1728 og busette seg her. Ho var gift ikr. 1810 med Lars Gulleikson Svensdal frå Samnanger, f. 1785. Han var paktar på Fusa og døydde der i 1827. Born: Knut, f. 1811, s. n., Bårni, f. 1813, ug., Brita, f. 1817, d. ug. 1858, Gulleik, f. 1823, d. ug. 1849. Marta døydde i 1849, og same vika døydde ogso sonen Gulleik og grannekona Anna Moldadalen, s. br. 2.
Knut Larsson Vågen, f. 1811, vart brukar her i 1840. G. 1842 Kari Ols dtr. Midtsæter, f. 1808. Born: Marta, f. 1843, b. Bergen, Anna, f. 1844, d. ug. 1865, Kristi, f. 1847, Bårni, f. 1847, s. n., Gulleik, f. 1850, arbeidar, g. 1873 Johanna Johans dtr. Kuven (indre Moberg), b. Bergen. Knut var fiskar og dreiv ogso med ymse trearbeid. Han døydde i 1879 og kona i 1878.
Nils Nilsson Lien, f. 1840, vart i 1877 gift med Bårni Knuts dtr. Moldavågen, f. 1847, og vart brukar her etter verfaren. Han vart fyrste gong gift 1866 med Gitlina Eriks dtr. Sævild frå Samnanger, f. 1845, d. p. Tveit 1876. Bårni døydde alt i 1884, og Nils gifte seg att året etter med Anna Nikolais dtr. Røttingen, f. 1846, som fyrr hadde vore gift med Ola Hansson Ulven, s. U. 7. Born: Anna Maria, f. 1866, g. 1891 sjømann Engjel Johan Knutsen frå Tysnes, b. Bergen, Olina d. e., f. 1870, d. ug. 1929, Gitlina, f. 1878, hushjelp, Olina d. y., f. 1886, d. ug. 1905. Ein gut døydde ung. Siste kona hadde med seg frå fyrste giftarmålet sitt ei dotter, Hansina, f. 1879, g. 1906 Kristian Bjørnavik, s. Bjørnen 2. Nils var arbeidskar på Molda. Han døydde i 1934, over 93 år gamall. Siste kona døydde i 1917.
MOLDA 4.
Paul Jonson Bjånes, f. 1719, bygsla halvparten av hovudbruket på Molda i 1760 og busette seg her. G. 1749 Kari Rasmus dtr. Søvik, f. 1730. Paul hadde fyrr havt eit bruk på Midthus, s. M. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans. Paul døydde i 1763.
Mons Halvardson nedre Rød, f. 1735, vart i 1764 gift med ekkja Kari Rasmus dtr. og fekk bygsla bruket same året. Born: Mons, f. 1765, smedmeistar i Bergen, tok borgarskap der i 1800. Mons døydde alt i 1765.
Ekkja Kari Rasmus dtr. stjorna so bruket i seks år. Ho døydde i 1807.
Anders Hansson Stend, f. p. Såkvitne i Granvin 1749, g. 1771 Alhed (Alet) Anders dtr. vart brukarar etter Kari i 1770 og festa bruket året etter. Alet var taus på prestegarden i Fana då ho vart gift. Dei fekk 4 born medan dei var busette her: Hans, Ingeborg, Anders og Anna. Anders og kona kom i ein kvass strid med eigaren av bruket, Johan Pritzier, i 1776. Alet hadde kome med «ukvemsord og brugt en skidden mund» mot fru Pritzier, og då Anders var soldat i Pritziers kompani, måtte han gjeva upp i striden. Tvo år etter tok gardstyrar Fredrik Rå på Lysekloster Anders for retten «til sin kones æres forsvar», so det ser ut til at Anders og Alet hev vore noko lause i munnen. Anders måtte straks etter flytja frå bruket, og me veit ikkje kvar det vart av han.
Eigaren stjorna no sjølv bruket til 1827.
Bagge Johannesson Lyssand, f. 1798, pakta bruket i 1828 og hadde det eit år, då han flutte til Klyva alt i 1829. Sjå um han og huslyden under Klyva 1.
Ola Larsson Ferstad, f. 1784, pakta bruket i 1830. I 1833 flutte han attende til Kuven, der han kom frå, s. K. 1.
Lars Monsson nedre Rød, f. 1803, vart paktar etter Ola. G. 1833 Ingeborg Sveins dtr. Lunden, f. 1815. Born: Mons, f. 1833, g. 1865 Synneva Moberg, s. Bø 6. Ikr. 1855 flutte han til Nyhavn i Laksevåg, der han sidan vart buande.
Kristen Olson Osøyri, f. p. Ambla i Sogndal ikr. 1836, pakta bruket etter Lars. G. 1860 Ingjerd Ols dtr. Rennesvik (Bjøndal) frå Hålandsdalen, f. 1831. Dei fekk 3 born, Ola, Erik og Vendel, medan dei var busette på Molda. I 1865 flutte dei frå Osbygdi, og me veit ikkje kvar dei tok vegen.
Under Osøyri 6 stend at Kristen vart bakar i Strandvik, men det er eit mistak. «Gamlebakaren» i Strandvik var ein bror åt Kristen, Ingebrigt Olson, f. i Bergen 1824, g. ikr. 1848 Gurina Johannes dtr. frå Bergen. Ingebrigt er gløymt medteken millom borni åt «Glasmakaren» under Osøyri 6. «Glasmakaren», som var gift ikr. 1820, var gjestgjevar i Sogndal då Kristen kom til verdi.
Hans M. Tvedt som kjøpte Molda i 1865, s. br. 1, tok ogso mot dette bruket då Kristen flutte. Seinare hev det fylgt hovudbruket.
MOLDA 5.
Anders Gundersen Wagner frå Bergen festa ein husmannsplass på garden i 1772, og lånte 39 dalar av Asgaut Lyssand til byggjing av hus på bruket. Plassen vart i tingboki kalla «Bøe-Weitte». Korlenge Anders budde på plassen, og kvar plassen var, veit me ikkje.
MOLDA 6 (Moldaneset).
Nils Hertzberg Nilsson Leganger, Molda, f. 1816, festa ei tuft av farsbruket og busette seg her. G. 1858 Brita Mons dtr. Eide, f. 1828. Born: Nils d. e., f. 1860, d. 1866, Nils d. y., f. 1867, d. 1888. Nils var snikkar og dreiv med ymse trearbeid. Han døydde i 1907 og kona i 1914.


