KLYVA

Frå OS SOGA III side 632 – 641 


67. KLYVA. 

Namneupphavet er truleg det gamallnorske klif eller kleif, no kleiv, ein stad der vegen gjeng gjenom ei kleiv eller klova.  Etter det me kann skyna, gjekk der i gamle dagar ein stig frå Lyssandbygdi over Klyva til sjøen ved Berge og Hatvik.  Namneupphavet kann ogso vera kljufa, ei kluft, men det fyrst nemnde er mest truleg. 

Uttale: Klyva.  
Skrivemåtar: Klyufua (1427), Kliffwa (1463), Klufa (1480), Klwue (1519), Klvffaa (1563), Kliiffue (1567), Cliffue (1591), Kliffue, Klyffue, Klyfue, Klive, Klyve (1723). 

Garden ligg i åshallet ovanfyre Molda og austanfyre Bø, som den tvillaust er skild ut frå i gamall tid.  Munkeliv kloster åtte Klyva til ikring 1660, då Ludvig Rosenkrants vart eigar.  I 1668 selde Rosenkrantz garden att til Henrik Loss for 160 dalar.  I 1720 vart Klyva kjøpt av oberst Pritzier, som nett då hadde busett seg på Molda, og ætti hans åtte garden og var jamnast busett her til 1835.  Godseigar Formann vart då eigar.  I 1876 vart garden seld på auksjon til dei som sidan vart brukarar her. 

Or gamle matriklar og teljingar:
1668:
Saar 4 smale tønder, afler 15 tdr., god ager og eng, paalagt sin jord at forbedre og at plante homblehagge. 
1723: Ingen sætter, men skoug til huusreparation og fornøden brendefang, ingen qvern eller fiskerie, god jordart og skiels letvunden.  
1865: Klyve med 2 pladse: Har 14 mål dyrket ager og eng, deraf 3 maal godt, 5 middels og 6 slet, har 167 maal naturlig england, hvoraf 18 maal godt, 66 middels og 83 slet, af englandet kan 15 maal dyrkes.  Har skog til husbrug og sælger birk og older for 6 spd. aarlig, føder 2 kjør og 5 ungnød ved lyng, løv og skav, er letbrugt og almindelig drevet. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571  12     
16681 11512  4tun 
17231 21610  5» 
180028       
183542011112 26,5»4tun.
186531922352 17tun.10tun.
190083421535 31hl.16,5hl.
192073121321 35,5mål5mål
19303111732 11,5»1,5»
1939  2417 2 »1,6»

Etter 1920 er storparten av buskapen og åkerviddi teken med under Molda. 


KLYVA 1. 

Bjørn Klyva og Tarand Klyva hadde garden ihop i 1519 og er dei fyrste namngjevne menn på garden.  Me kann trygt rekna med at Bjørn og Tarand var far og son eller far og verson. 

Lars Klyva var brukar i 1563 og 1567.  Korlenge han hadde garden, veit me ikkje. 

Bård Klyva hadde garden i 1591.  I 1603 let han garden frå seg og tok kår.  Han betalte tiend i åri etter til 1614, som er siste året me høyrer um han. 

Ola Klyva vart brukar i 1603.  Kvar han og fyremennene hans var frå, veit me ikkje, men truleg var Ola frå Sund eller Austevoll.  Ola var gift fyrr han kom til Klyva og hadde m. a. med seg sonen Åmund, f. ikr. 1590, s. n.  Han var velstandsmann og ein av dei få bønder i Osbygdi som jamnast hadde vaksen dreng på garden.  Ola var ein vyrd mann i bygdi og var mykje brukt som lagrettemann og domsmann.  M. a. var han domar i saki um Lekven laksevåg i 1632, s. Ferstad 1.  Han døydde truleg i 1633. 

Rolf Klyva lagde skatt for garden i 1633 og 1634.  Etter det me kann skyna, stjorna han garden for ekkja etter Ola. 

Åmund Olson Klyva, f. ikr. 1590, fekk farsbruket i 1635.  G. ikr. 1625 Kristi Ols dtr., f. ikr. 1600.  Av borni kjenner me: Ola, f. ikr. 1625, s. n., Nils, f. ikr. 1630, var med i ufreden 1658 – 60 og kom ikkje att.  Åmund sat godt i det likeins som faren, og han var ein av dei 6 bøndene i Os som hadde so mykje pengar, at dei i 1637 måtte leggja ein dalar i umframskatt «for at schibe prester til Findmarchen».  Åmund dreiv Lekven laksevåg saman med Ola Sørstrønen og Ingebrigt Kleppe og kom i strid med Ferstadmennene um laksevågen, s. Ferstad 1.  Åmund døydde i 1679 og kona i 1680. 

Ola Åmundson Klyva, f. ikr. 1625, vart brukar etter faren ikr. 1670.  G. ikr. 1670 Marta Bårds dtr. Røttingen, f. ikr. 1648.  Marta var truleg andre kona hans.  Av borni kjenner me berre ein son, Bård, f. 1862.  Som 16 års gamall gut vart Ola trulova med ei gjenta, men slog upp med henne.  Gjenta fekk eit barn, og Ola fekk ei bot på heile 12 dalar (5 – 6 kuverd), som faren måtte betala.  Ola døydde i 1686. 

Nils Pederson Berge, f. ikr. 1658, gifte seg i 1687 med ekkja Marta Bårds dtr. og vart brukar her.  Born: Anna, f. 1687, g. 1704 Kristen Heggland, s. H. 1, lngeleiv, f. 1688, g. 1719 Anders Johannesson Spildo frå Granvin, Kristi, f. 1690, s. n., Ragnhild, f. 1693, g. 1717 Hans Gjemdal, s. nedre Rød 1, Marta, f. 1695, g. 1718 Knut Olson frå Voss, som då var i arbeid på Berge.  Nils døydde i 1728 og kona i 1729. 

Lars Åmundson Hauge, f. 1685, vart i 1716 gift med Kristi Nils dtr. Klyva, f. 1690, og vart brukar etter verfaren.  I 1718 kjøpte Johan Pritzier garden, og tvo år etter tok han stjorningi sjølv.  Lars flutte då til ytre Moberg, s. y. M. 4, der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Johan Jakob Pritzier kjøpte Klyva i 1718.  Han var busett på Molda, s. M. 1, og dreiv Klyvagarden ved gardstyrarar og tenarar.  Gardstyrarane er nemnde under Molda 1.  Av drengjer, som tente på Klyva, kann nemnast Arne Kvernevik, s. Sørstrønen 5. 

Christopher Pritzier, f. p. Molda 1721, skøytte Klyva etter faren i 1752.  G. 1748 Eleonora Jakobi, f. 1719.  Born: Gye Johanne, f. 1749, g. 1782 Frantz Hendrik Meidell, s. Molda 1, Dorthea Amalie, f. 1752, g. 1788 Andreas Sevrin Heiberg, b. Tolo i Kvam, Johan Jakob, f. 1755, skippar, d. ug., Hedvig Sofia, f. 1757, s. n., Otto Christopher, f. 1760, løytnant, d. ug. 1778.  Ei gjenta døydde ung.  Christopher tok militærvegen likeins som faren og brørne og gjekk gjenom gradene, tildess han som oberst tok avskil i 1789.  Han var ein vyrd mann i Osbygdi og vart den fyrste forlikskommissær i Os, s. O. B. 528 og 545.  Christopher stelte garden godt og fekk heile Klyva fredlyst i 1762.  Då han kjøpte garden i 1752, lånte han 500 dalar til gardkjøpet av consistorialråd Haberdorph i Bergen, og i 1782 var skuldi betalt.  40 dalar, som han lånte av presten Geelmuyden mot pant i beisti på Klyva, var betalt attende fyrr.  Christopher døydde i 1806 og kona i 1781. 

Urbanus Giesmann Møllerop, f. i Kvinnherad 1755, vart i 1789 gift med Hedvig Sofia Pritzier, f. 1757, og fekk skøyte på garden då verfaren døydde i 1806.  Dei hadde ikkje born.  Urbanus var løytnant ved Oskompaniet frå 1789 til 1802, og i 1807 vart han kaptein for kompaniet, s. O. B. I 503, 505 og 534 – 35.  I 1809 tok han avskil som offiser, men vart buande på Klyva til han døydde i 1829.  Kona fall frå i 1843. 

Godseigar Formann på Lysekloster kjøpte Klyva i 1835 for 2000 spd.  Han dreiv garden ved paktarar, likeins som ekkja etter Urbanus Møllerop hadde gjort sidan mannen døydde.  Paktarane skifte jamt, og sume av dei hadde garden berre eit års tid. 
Av slike som pakta i fleire år nemner me: 
Bagge Johannesson Lyssand, f. 1798, pakta bruket då kaptein Møllerop døydde i 1829.  Han hadde fyrr vore paktar på Molda o. fl. st., s. M. 1.  G. 1826 Gjertrud Johannes dtr. Klosteret, f. 1793.  Born: Johannes, f. 1827, sjømann, g. 1855 Fredrikka Sofia Peders dtr. Bø, b. Bergen, Nils, f. 1829, ug., b. Bergen, Ingjerd, f. 1835, tente i Hålandsdalen, Ola, f. ikr. 1840, portnar på Oslo børs, b. Oslo.  I 1835 flutte Bagge til Bahus i Fana og nokre år seinare til Bergen.  Han døydde der ikr. 1860. 

Ola Andersson ytre Haugland, f. 1794, vart paktar i 1835.  G. 1832 Brita Steffens dtr. Hauge, f. 1801.  Av tvo born vaks sonen Steffen, f. 1833, upp.  Ola døydde alt i 1837 og kona fall frå året etter. 

Nils Sjurson Steinsland frå Samnanger, f. 1804, vart paktar etter Ola.  G. ikr. 1835 Ingeborg Ols dtr. Øvstun frå Fana, f. ikr. 1803.  I 1846 slutta han som paktar her og vart seinare busett i Bergstø på Søfteland, s. S. 6, der ein finn meir um han og huslyden. 

Tomas Olson Reigstad frå Samnanger, f. 1819, pakta bruket då Nils flutte og hadde det i 3 år.  Han bygsla so eit bruk på Heggland, s. H. 5, der det vert nemnt meir um han og huslyden hans. 

Lars Samsonson Ulven, f. 1830, vart paktar ikr. 1858.  Seinare kjøpte han seg eit bruk i Hatvik, s. H. 4, og ein finn meir um han og huslyden hans der. 

Hans Marius Tvedt frå Bergen, f. 1837, som var brukar på Molda, s. M. 1, pakta her i 1868.  I 1872 flutte han til Hatvik, s. H. 1, der han sidan vart buande og der det vert nemnt meir um han. 

Lars Monsson Sørstrønen, f. 1834, pakta bruket i 1872.  I 1876 kjøpte han halve bruket av Lysekloster for 1255 spd.  Den andre halvparten gjekk til eit nytt bruk, s. br. 5.  G. 1861 Synneva Elias dtr. Myklebust frå Gloppen, f. 1831.  Born: Mens, f. 1863, bokprentar, bladstyrar av «Arbeidet» m. fl. blad, g. I 1894 Maria Johannes dtr. Lavik frå Eksingedalen, g. II 1931 Maria Helena Peders dtr. Nordstrøm frå Bergen, b. Bergen, seinare Oslo, Elisabet, f. 1864, g. typograf Frans Edsvold, b. Bergen, Johan, f. 1867, kontormann i Bergen, d. ug.  I 1880 selde Lars garden og flutte til Bergen, der han ogso hadde vore busett fyrr han kom til Klyva.  Han dreiv som byggmeistar i Bergen og døydde der i 1922. 

Distriktslækjar Daniel Schumann Krüger, f. 1845, kjøpte bruket i 1880 og bygde husi som no stend på garden.  Sjå um han O. B. I 603, 632 – 33, 665 – 67, 707 o. fl. stader.  Han tok avskil som distriktslækjar i 1912 og døydde i 1914. 
Ekkja flutte so til Bergen, der ho døydde ikr. 1920. 

Gabriel William Bruenech, f. i Trondheim 1864, kjøpte bruket i 1915. G.  1891 Signe Konow frå Bergen, f. 1865.  Born: Signe, f. 1895, agronom, b. Voss, Elisabet, f. 1898 Wilhelmine (Minni), f. 1900.  Eit barn døydde i ung alder. Gabriel Bruenech hadde fyrr han kom til Os vore damskipekspeditør i Berge, men let denne verksemdi fra seg i 1912.  Han dreiv mykje med genealogisk arbeid og hev m. a. gjeve ut ættartavlor vedkomande ættene Bruenech og Konow.  I 1919 selde han noko av utmarki til Anders Hatvik, og i 1921 selde han brukert elles til eigaren av Molda, s. n.  Bruenech flutte so til Ljan ved Oslo, der han døydde i 1939. 

Johan Ludvig Mowinckel, som åtte Molda, kjøpte bruket i 1921 og er eigar no.  Sjå um han under Molda 1.  Bruket vert no drive saman med eigedomen på Molda, s. d.  Fru Maja Schultze, f. 1883, driv pensjonat i huset. 


KLYVA 2. 

Helje Mikkjelson Kuven, f. 1727, fekk i 1752 bygsla ein tridejepart av Klyva for 10 år og busette seg her.  I 1762 fekk han bygslapå nytt for 7 år.  G. I 1755 Ingeborg Ols dtr. ytre Haugland, f. 1723, d. 1756, g. II 1757 Kari Nils dtr. Hovland, f. 1730.  Born: Mikkjel, f. 1757, Lisbet, f. 1761, g. 1794 Jon Joson Koldal frå Fusa,Ola, f. 1764, sjømann, g. b. Bergen, var med i sjøvernet 1801 og slapp or tenesta i 1804 «paa grund af ulægelig svaghed», Kari, f. 1767, g. 1794 Nils Ferstad, s. F. 1.  I 1771 tok eigaren bruket sjølv og lagde det attende til hovudbruket, s. br. 1.  Helje døydde i 1774 og kona straks etter. 


KLYVA 3 (Gjeilane). 

Anders Olson Sandvik frå Samnanger, f. 1775, pakta eit jordstykke her i 1822.  I 1826 fekk han bygsla stykket av br. 1 mot å svara 6 dagsverk um året ved arbeid på hovudbruket.  Anders hadde fyrr vore paktar på Kuven, s. K. 3.  G. 1816 Ragnhild Nils dir. ytre Moberg, f. 1782.  Born: Nils, f. 1819, s. n.  Ein gut døydde ung.  Anders dreiv med fiske og anna arbeid.  Han døydde i 1846 og kona i 1842. 

Nils Andersson Klyva, f. 1819, bygsla bruket etter faren.  G. 1843 Guro Ellinga dtr. ytre Lekven, f. 1821.  Born: Ragnhild, f. 1850, g. 1877 Ola Os, s. Molda 2, Anders, f. 1852, g. 1892 Ingeborg Ferstad, s. Bø 12 (11?), Anna, f. 1856, g. 1886 Engjel Gjemdal, s. indre Moberg 11, Kristina, f. 1859, d. ug. 1939, Elina, f. 1867, g. 1906 Nils Drange, s. Bø 18.  Ei gjenta døydde tidleg.  Nils flutte til Molda i 1876 og vart paktar der, s. M. 1.  I 1883 flutte han til Bø, s. Bø 12(11?), der ein finn meir um han. 

Ola Hansson Bjånes, f. 1838, kjøpte bruket av Lysekloster i 1876 for 600 spd. og busette seg her.  G. 1877 Ragnhild Hans dtr. ytre Drange, f. 1848, som var ekkja etter Haldor Sørstrønen, s. S. 1.  Born: Gurina, f. 1878, g. 1902 Knut Røen, s. Bø 13, Haldor, f. 1881, s. n., Kari, f. 1883, g. arbeidsformann Tomas Johannessen, b. Bergen, Hans, f. 1885, styrmann, s. ytre Moberg 21, Jon, f. 1887, ug., i Amerika, Ola, f. 1892, g. 1938 Astrid Midthus, s. ytre Moberg 22.  Ei gjenta døydde ung.  Ola dreiv med skogarbeid attåt gardsbruket.  Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret 1878 – 81.  Ola døydde i 1892. 
Ekkja Ragnhild Hans dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho døydde i 1929. 

Haldor Olson Klyva, f. 1881, skøytte bruket etter mori i 1908.  G. 1909 Olina Hans dtr. Markhus frå Strandvik, f. 1882.  Born: Ragnhild, f. 1910, hushjelp, Anna, f. 1920, hushjelp.  Haldor dreiv fiske attåt gardsbruket.  Han døydde alt i 1939. 
Ekkja Olina Hans dtr. hev stjorna bruket etter at mannen fall frå. 


KLYVA 4 (Klyvalien). 

Lars Sjurson Molda, f. 1821, festa ein part av br. 1 i 1860.  G. 1855 Kari Nils dtr. Lien, f. 1836.  Av 8 born vaks 5 upp: Anna, f. 1858, d. ug. 1886, Ola, f. 1862, d. ug. 1890, Nils, f. 1867, s. n., Maria, f. 1869, g. 1896 Ola Lekven, s. Hauge 11, Kristina, f. 1873, d. ug. 1900.  Lars var fiskar og dreiv med sjøen.  Han døydde i 1880. 
Ekkja Kari Nils dtr. stjorna bruket etter at mannen fall frå.  Ikr. 1915 flutte ho til Osøyri, der ho døydde i 1930, ikr. 94 år gamall. 

Nils Larsson Klyva, f. 1867, var brukar saman med mori etter at han vart vaksen.  G. 1891 Elen Johannes dtr. Biskopshavn frå Strandvik, f. 1867.  Born: Nilsina, f. 1893, g. 1916 Jonas Moberg, s. Os 17.  Ei gjenta døydde tidleg.  Nils var gardsarbeidar på Klyva.  Han døydde alt i 1893.  Då Kari flutte frå bruket, fall det attende til bruk 1, som det var skilt ut frå, s. o. 


KLYVA 5. 

Isak Olson Sørstrønen, f. 1835, kjøpte halvparten av br. 1 for 1260 spd., då Lysekloster selde Klyva i 1876.  Han hadde fyrr havt eit bruk i Sørstrønen, s. S. 2.  G. 1864 Maria Hans dtr. Tøsdal, f. 1838.  Born: Synneva, f. 1865, g. 1890 Karl Røttingen, s. R. 4, Hans, f. 1866, s. n., Ola, f. 1872, smed, g. 1897 Sofia Magnesen frå Laksevåg, b. Bergen, Isak, f. 1876, s. br. 7.  Isak var smed og dreiv smedverksemd attåt gardsbruket.  Han døydde i 1918 og kona i 1905. 

Hans lsakson Klyva, f. 1866, skøytte farsbruket i 1903.  G. 1898 Marianne Johans dtr. Leganger, f. p. Molda 1863.  Born: Isak, f. 1900, gardsarbeidar.  Ei gjenta døydde ung.  Hans dreiv ei tid smedarbeid saman med faren.  Han døydde i 1936. 
Ekkja Marianne Klyva stjorna so bruket eit par år. 

Ragnvald Sveinson Tveit, f. 1897, skøytte bruket i 1939.  G. 1935 Maria Isaks dtr. Klyva, f. 1900, som var brordotter åt den fyrre brukaren.  Born: Svein, f. 1936, Ingrid, f. 1938, Rigmor, f. 1938, Erling, f. 1940.  Ragnvald er sjauffør og driv kjøring med eigen lastebil. 


KLYVA 6 (Midtklyva). 

Torstein Hoel Jersin, f. 1805, festa ei tuft av br. 5 i 1876 og bygde her.  Torstein hadde ei tid vore kapellan i Os og seinare prest i Dverberg og i Finnøy, s. O. B. I 426 – 27 o. fl. st.  Han døydde i 1879. 
Ekkja Elisa Helena Jersin, f. 1817, vart buande her etter at mannen døydde.  Ho fall frå i 1900. 

Fredrik von der Lippe, f. 1833, kjøpte eigedomen av br. 5 i 1900.  Han var son åt bisp Jakob v. d. Lippe i Kristiansand, var fyrst arkitekt i Stavanger, og vart seinare stadskonduktør i Bergen.  G. 1859 Johanna Karolina Voigt frå Darmstadt i Tyskland, f. 1837.  Dei hadde fleire born.  Statskonduktør Lippe døydde på Klyva i 1901. 

Ingeborg von der Lippe, f. 1860, fekk bruket etter faren.  G. 1887 Fredrik Konow frå Bergen, f. 1843.  Ingeborg hev skrive fleire ungdoms- og barnebøker og hev umsett meir enn hundrad bøker frå framande mål.  Ho busette seg seinare på Lofthus i Hardanger, der ho døydde i 1929. 

Dr. phil. Just Johan Bing, f. 1866, kjøpte bruket i 1933.  G. 1900 Marie (Mimi) Grieg frå Bergen, f. 1872.  Just Bing var statsarkivar i Bergen frå 1903 til 1933.  Han hev gjeve ut mange bøker, m. a. Norges, Europas og Verdens litteraturhistorie.  Just Bing flutte herfrå i 1941. 


KLYVA 7 (Solli). 

Isak Olson Klyva, som hadde br. 5, tok undan eit stykke av bruket sitt då han selde det til sonen i 1903 og bygde hus her.  Sjå um han under br. 5. 

Isak Isakson Klyva, f. 1876, skøytte bruket etter faren i 1917.  G. I 1900 Sara Ottesen frå Stord, f. 1874, d. 1911, g. II 1918 Engelina Arnes dtr. Heggland, f. 1885, som fyrr hadde vore gift med Johannes Kristiansen frå Bærum, f. 1887, d. 1913.  Born: Maria, f. 1900, s. br. 5, Otto, f. 1901, g. 1925 Barbra Ystås, s. Røttingen 4, Barbra, f. 1903, g. elektrikar Sandov Toresen, b. Odda, Isak, f. 1905, g. Anna Anderson Østrå, i Amerika, Gudrun, f. 1907, g. Edmund Pallas, b. Paris, Olav (tvilling), f. 1909, d. p. Skjeie 1925, Sigrid, f. 1909, g. 1934 målar Sigurd Småbrekke, b. Jondal, Hans, f. 1910, sjømann, g. 1939 Ida Johnsen, Røttingen, Håkon, f. 1921, Sigmund, f. 1925.  Tvo born døydde i ung alder.  Siste kona hadde tvo born frå fyrste giftarmålet sitt: Johannes, f. 1911, bilreparatør, g. 1931 Lilly Lilletvedt frå Fana, b. Fana, Harald, f. 1913, g. 1936 Kirsten Hodneland, s. Hauge 38.  Isak driv med vegarbeid o. a., og er no busett på Osøyri. 

Hans Isakson Klyva kjøpte bruket i 1926, men selde det alt tvo år etter.  Sjå um han under br. 5. 

Ola Arneson Heggland, f. 1873, som er verbror åt Isak, kjøpte bruket i 1928 og er eigar no.  Ola hev vore sjømann og er busett i Amerika, s. O. B. II 47. 

Einar Henriksen frå Helgøy, f. 1898, hev i fleire år vore busett her.  G. 1925 Anna Ols dtr. Orrebakken (Hauge), f. 1898.  Born: Malvin, f. 1927, Johannes, f. 1929, Ingebjørg, f. 1932.  Einar er gardsarbeidar på Molda. 


KLYVA 8 (Klyveleite). 

Harald Bratland frå Bergen kjøpte eit jordstykke av br. 5 i 1919 og bygde på bruket.  Eigedomen vert nytta til sumarbustad.