BERGE
Frå OS SOGA III side 660 – 676


71. BERGE.
Namnet er det gamallnorske berg, og er her som vanlegt nytta um ein gard med bratte berg eller lider nedanfyre. Kilen hev namneupphavet i det gamallnorske Kill, ei trong vik, noko som ogso høver her.
Uttale: Bæ’rje.
Skrivemåtar: Berig (1519), Berg (1563), Bierg (1567), Berge (1597), Beerge, Borge, Berøenn (1618), Berring (1638), Berie, Berrie.
Garden ligg på ein hjell eller berglag rett upp for Hatvik med Kilen som landingsplass. Domkyrkja i Bergen åtte garden tildess Engjel Gjøn kjøpte den i 1754. Seinare hev garden vore ått av brukarane.
Or gamle matriklar og teljingar:
1668: Saar 2¼ stadztønder, afler 10 tdr., ringe til eng en liden udsledte, med brendeued og bielche sampt sperreskoug at sælge, nær fiskeriet, god fehagge, paalagt meer sin jord at indgierde og at plante homblehagge.
1723: Ingen sætter, skoug til fornøden huusreparation og brendefang, intet fiskerie, een liden flomqvern iche nær til opsiddernes fornødenhed tilstreckelig, maadelig jordart og tungvunden. Har ingen næring uden af sin gaards aufling og nogen hielp af skougen til hans rettigheders betalling.
1865: Har 12 maal dyrket ager og eng, deraf 4 maal godt, 5 middels og 3 slet, har 84 maal naturlig england, hvoraf 20 maal godt, 36 middels og 28 slet, intet af englandet kan dyrkes. Har skog til husbrug, det ene brug sælger derhos furu, birk og haslebaand for 10 spd. aarlig, føder 3 kjør og 2 ungnød ved lyng, løv og skav, er tungt at bruge og mindre godt drevet. Fra udslaatter faaes 320 voger høe.
Busetnad og buskap.
| Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
| lydar. | skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
| 1657 | 1 | 9 | |||||||||
| 1668 | 2 | 1 | 14 | 12 | 2,3 | tun | |||||
| 1723 | 2 | 2 | 14 | 12 | 4,5 | » | |||||
| 1800 | 5 | 19 | |||||||||
| 1835 | 4 | 22 | 2 | 20 | 24 | 1 | 6 | » | 4 | tun. | |
| 1865 | 7 | 35 | 2 | 26 | 72 | 4 | 9,5 | tun. | 15 | tun. | |
| 1900 | 8 | 35 | 2 | 25 | 48 | 2 | 7,5 | hl. | 18 | hl. | |
| 1920 | 8 | 24 | 3 | 15 | 37 | 3 | 11 | mål | 5,5 | mål | |
| 1930 | 8 | 23 | 2 | 15 | 59 | 4 | 1 | 1 | » | 5,5 | » |
| 1939 | 3 | 19 | 42 | 2 | 1 | 2 | » | 8,5 | » | ||
BERGE 1.
Engilbrekt pa Berig hadde garden i 1519 og er fyrste mann som me finn namngjeven her. Me veit ikkje noko å fortelja um han.
Jon Berge var brukar i 1563. Han hadde garden radt til 1605, då han døydde eller let garden frå seg.
Ola Larsson vart brukar i 1605, då han truleg vart gift med ei dotter åt Jon. I 1607 bygde han ny stova på garden. Stova stend enno på Berge med namnet hans og årstalet innhogge i eine beiteskida, s. O. B. I 266 – 267. I 1611 måtte Ola til svenskegrensa saman med dei andre hermennene frå Os. Han sat nett so medels i det, og stova hans syner korleis ein vanleg Osbonde bygde i dei tider. Ola døydde alt i 1614.
Nils Berge vart brukar i 1615, då han tvillaust vart gift med ekkja etter Ola. Ho døydde ikr. 1640, og Nils gifte seg då att med ei som heitte Ragnhild, f. ikr. 1615. Av borni kjenner me berre sonen Peder, f. ikr. 1616, s. n. Nils sat godt i det dei fyrste 20 åri, men det gjekk so nedover med han etterkvart. Han døydde ikr. 1660, medan Ragnhild livde radt til 1694.
Kvar dei nemnde brukarane var frå, veit me ikkje.
Peder Nilsson Berge, f. ikr. 1616, vart brukar saman med faren i 1645 og fekk garden åleine i 1651. Kona hans heitte Inga (Ingjerd), og meir veit me ikkje um henne. Av borni kjenner me: Samson, f. ikr. 1644, s. n., Erik, f. ikr. 1646, g. 1670 Gjertrud Øvreide, s. Ø. 1, Kari, f. ikr. 1650, g. 1669 Anders øvre Rød, s. ø. R. 1, Nils d. e., f. ikr. 1652, g. ikr. 1672 Ragnhild Lyssand, s. L. 3, Anna, f. ikr. 1655, Nils d. y, f. ikr. 1658, g. 1687 Marta Klyva, s. K. 1. Peder dreiv med fiske og greidde seg tolleg godt. Han var ein vyrd mann i bygdi og sat som lagrettemann i mange år. I 1665 let han halve garden frå seg til sonen, s. n., men heldt att den andre halvparten som no vart nytt bruk, s. br. 2. Han dreiv med skogarbeid, og i 1665 sa han frå på tinget at han året fyrr hadde selt timber til skotteskipi for 3 dalar og 18 skjeling. Peder døydde i 1669.
Samson Pederson Berge, f. ikr. 1644, bygsla halve farsbruket i 1665. G. ikr. 1666 Marta Jens dtr. ytre Moberg, f. ikr. 1635. Born: Ingjerd, f. ikr. 1670 Ola ytre Haugland, s. y. H. 1, Peder, f. 1674, s. n., Kari, f. 1680, g. 1712 Johannes Gåssand, s. Sanden 1. Tvo born døydde unge. Samson dreiv fiske attåt gardsbruket, men sat tungt i det. Han døydde i 1715 og kona i 1709.
Peder Samsonson Berge, f. 1674, bygsla bruket etter faren i 1713. Han hadde fyrr havt bruk 2 på garden, s. d. G. I 1701 Ingeborg Ols dtr. ytre Haugland, f. 1679, d. p. barseng 1721, g. II 1722 Agneta Knuts dtr. Bø, f. p. Øvredal 1692, som fyrr hadde vore gift med Nils Bø, s. Bø 4. Av 12 born vaks 8 upp: Marta d. e., f. 1708, ug., Ingeborg, f. 1711, g. 1733 Lars indre Lekven, s. i. L. 3, Marta d. y., f. 1714, g. 1745 Ola ytre Haugland, s. y. H. 4, Ola, f. 1717, var i hertenesta 1738 og spurdest ikkje meir, Mari, f. 1725, g. 1748 Kristoffer Røttingen, s. R. 2, Ingjerd, f. 1728, s. br. 4, Samson, f. 1730, g. 1753 Gunhild Eide, s. E. 1, Peder, f. 1733 etter faren sin død, g. 1762 Marta Rolfs dtr. Lunde. Peder dreiv med sjøen likeins som faren og arbeidde seg godt fram trass den store huslyden sin. Han var ein vyrd mann og gjorde tenesta som lagrettemann i Osbygdi i mange år. Sonen Peder vart utskriven til hertenesta i 1754 og tente då på Gjemdal. Peder døydde i 1733.
Ekkja Agneta Knuts dtr. hadde bruket eit par år etter at mannen fall frå.
Hans Johannesson øvre Rød, f. 1698, vart i 1735 gift med ekkja Agneta Knuts dtr. og fekk bygsla bruket same året. Agneta døydde i 1741, og Hans gifte seg att året etter med Kari Simons dtr. Eikeland frå Fusa, f. ikr. 1712. Fyrste giftarmålet var barnlaust, men i det andre kom tvo born til verdi og ein son vaks upp: Johannes, f. 1746, g. 1778 Gunvor Engjels dtr. Helland, b. Gangstø i Fusa. Hans dreiv med sjøen likeins som fyremennene og greidde seg godt. Andre kona hans var dotter åt Simon Hauge i Os, s. H. 3. Under Hauge stend det at alle borni åt Simon døydde unge, men det er ikkje rett. Kari vaks upp og var med mori, då ho flutte til Eikeland. Hans døydde alt i 1748.
Torbjørn Jonson Foer frå Fusa, f. 1710, bygsla bruket i 1749, då han vart gift med ekkja Kari Simona dtr. Torbjørn fekk tvo born medan han var på Berge: Hans, f. 1750, d. ung, Jon, f. 1753. Torbjørn åtte saman med Samson Foer eit bruk på Rolfsvåg i Samnanger, men i 1751 selde dei det til brukaren. I 1754 måtte Torbjørn flytja frå Berge, då eigaren sjølv tok bruket, og me veit ikkje kvar det vart av han.
Engjel Engjelson Gjøn, f. 1705, som åtte garden Dalland i Tysnes, makeskifta i 1754 denne garden med Berge i Os og flutte sjølv til Berge. Engjel, som fyrr hadde havt eit bruk i Øvredal, s. Ø. 2, var sidan 1749 busett på Skjørsand i Fusa. G. I 1730 Kari Hans dtr. Vinnes frå Strandvik, f. 1693, d. 1762, g. II 1763 Kari Nils dtr., f. ikr. 1730, som fyrr hadde vore gift med ein Mikkjel, s. n. Engjel åtte og brukte heile Berge. Alt fyrr han flutte til garden krov han heile Berge fredlyst. I 1764 testamenterte han garden til siste kona si, og Berge vart då verdsett til 150 dalar.
Me finn ingen mann i Osbygdi som hev havt so mange saker for retten og møtt so jamt på tinget som Engjel Berge. Me finn meir um dette under Øvredal 2. Sakene gjekk lenge etter at Engjel var død, og både ekkja og ettermannen hans fekk mykje å kava med for hans skuld. Engjel Berge og Knut Vinnes hadde drive krøterhandel saman, og Engjel tok 26 dalar av Knut si fortenesta. Knut krov Engjel for pengane i 20 år, men han fekk dei ikkje fyrr etter Engjel sin død, då han tok ekkja hans for retten. Engjel hogde timber i skogen til sal, men futen tok han for det. Berge hadde vore «benificeret gods», kyrkjegods, og det skulde etter kjøpekontrakti berre hoggast skog til husbruk på garden. Um striden med Hovlandsmennene, s. Hovland 1.
Engjel vart ikkje nokon rik mann trass alle sakene sine. Umframt Berge åtte han saman med nokre andre eit bruk på øvre Boga, men dei måtte selja det i 1769. Han åtte ogso 1/6 i Fusa kyrkja, men då han skulda 200 dalar til Johan Leganger, selde han kyrkjeparten i 1764 til Nikolai Hatvik for 65 dalar. Engjel døydde i 1769.
Nils Hansson Lundarvik frå Fusa, f. 1746, vart i 1770 gift med ekkja Kari Nils dtr. og fekk heile Berge med henne. Same året som han var gift, kom Nils upp i ei stor sak for fyremannen si skuld. Sjå um det under Øvredal 2. Nils fekk gjenom åri fleire saker på seg frå folk som hadde krav på pengar eller andre ting hjå den avlidne Engjel Berge, og Nils måtte stødt betala eller gjera forlik. Nils var elles ikkje nokon kastekjepp. Då sersjant Synnestvedt på Lyssand ein dag kom til Berge med ei stemning, gav Nils sersjanten pryl. Det vart ei rettsak av dette, men fyrr domen fall var Nils avliden. Han døydde i 1777.
Ekkja Kari Nils dtr. hadde so bruket eit par år. Kari var ei drivande kvinna, og m. a. tok ho til med ølbryggjing og ølsal. Husmannen hennar, Jakob Kilen, selde øl for henne i sitt hus, og Johannes Osøyri, s. O. 1, gjorde likeins. Jakob Kilen og drengjene åt Kari førte øldunkane i båt ut til Osøyri um notti og la dunkane i naustet åt Johannes. I 1781 vart ho sett under tiltale for ølsalet, og etter at saki hadde gjenge i 3 år, vart Kari dømd til å leggja ei bot av 20 dalar og svara 5 dalar i sakskostnader. Det vart ei utloga på meir enn 7 – 8 kuverd. Det gjekk nedover for Kari, og skuldi hennar til Johan Leganger på Ferstad auka frå 200 til 400 dalar. Kari døydde i 1784.
Johannes Mikkjelson Berge, f. ikr. 1755, som var son åt Kari frå fyrste giftarmålet hennar, «bygsla» bruket hjå mori i 1779 og vart brukar saman med henne. Johannes hadde ogso ein bror, Jens Mikkjelson, og desse tvo karane hjelpte mori so godt dei kunde med å øydeleggja det heile. Alt i 1776 hadde Johannes, som då berre var unggut, vorte dømd for eit eller anna brot til å gjeva 20 dalar til dei fatige, og fram gjenom 1780 åri kom det eine pengekravet etter det andre på Johannes. I 1783 vart han soleis dømd til å svara 40 dalar til madam Müller, og i 1785 måtte han etter ein dom leggja 50 dalar til Salomon Vinnes. Ved skiftet etter mori vart Berge skift millom brørne Johannes og Jens. Jens selde straks sin part av garden for 200 dalar til Mons Larsson Nordnes i Bergen, og Johannes selde parten sin til Amund Olson og Ola Olson Tynnevik i Sund. Jens busette seg i Klepsvik i Austevoll, som truleg ogso var fødestaden hans, men Johannes vart verande på Berge og livde godt for pengane. Han fekk då namnet «Kake-Jons’n», eller «Kake-Johans’n», eit namn som minnest enno. I 1787 fann Johannes på å kjøpa heile garden att, og betalte 300 dalar for den eine og 312 dalar for den andre parten. Til dette lånte han 600 dalar av Hillebrand Hermans i Bergen. Johannes greidde ikkje skuldi, og han måtte straks selja att. Sjå meir um han under br. 2.
Lars Rolfson Lunde, f. 1747, bygsla dette bruket i 1784 av Mons Larsson Nordnes i Bergen, som då var vorten eigar. Lars hadde vore skulehaldar i Osbygdi frå 1779, men let no yrket frå seg, s. O. B. I 366. G. 1779 Margreta Jakobs dtr. Ferstad, f. 1753. Born: Kristi, f. 1779, g. 1806 Mons indre Drange, s. i. D. 2, Brita, f. 1781, ug., Lars, f. 1783, s. n. Ei gjenta døydde ung. Lars dreiv fiske attåt gardsbruket og greidde seg tolleg godt. Han døydde i 1806 og kona i 1827.
Lars Larsson Berge, f. 1783, kjøpte farsbruket i 1807 for 500 spd. av Mons Larsson Haugen, som då var eigar av bruket. Truleg er han den same som fyrr var skriven for Mons Larsson Nordnes. Lars vart gift i 1814 med Kristi Ols dtr. Lien, f. p. Solås i Hålandsdalen 1792. Born: Lars, f. 1816, d. 1836, Kari, f. 1818, g. 1839 Jon Øvredal, s. Ø. 1, Ola, f. 1820, s. n., Mons, f. 1823, g. 1854 Ingeborg Bø, s. Lyssand 4. Lars vart skyss-skaffar i 1810 etter Hans Hatvik, som fyrr hadde havt yrket. Lars vart ein vyrd mann i bygdi og var mykje nytta som skyns- og takstmann. Han var ogso valmann i 1817 og vart dermed medlem av den fyrste skule-kommissjonen i Os. Lars døydde i 1864 og Kristi i 1876.
Ola Larsson Berge, f. 1820, skøytte bruket etter faren i 1848 for 400 spd. G. 1852 Guro Jørgens dtr. Lyssand, f. 1821. Dei fekk ei dotter som døydde tidleg. Ola dreiv berre med gardsbruket. Han hadde ymse tillitsyrke i Osbygdi og var m. a. medlem av heradstyret 1854 – 57 og 1866 – 69. Ola døydde i 1892 og Guro i 1883.
Lars Vinsjansson Lien, f. 1842, som var syskinbarnet åt Ola, vart brukar her i 1872. G. 1871 Elsebet Bårds dtr. Steintveit frå Samnanger, f. 1852. Born: Kristi, f. 1872, s. Osøyri 25, Vinsjans, f. 1873, s. n., Ola, f. 1875, s. n., Bernhard, f. 1878, lærar, d. 1898, Alfred, f. 1888, g. Milla Rud, i Amerika, s. O. B. II 47. Lars var snikkar og dreiar, og dreiv ogso med smedarbeid. Han hadde mange tillitsyrke i bygdi og var m. a. med i heradstyret 1882 – 1889. Lars døydde i 1919. Kona liver enno.
Vinsjans Larsson Berge, f. 1873, fekk skøyte på bruket av Ola Larsson i 1888 og vart eigar av farsbruket. Han vart likevel ikkje gardbrukar her. Då han var 20 år gamall, reiste han til Amerika og vart handelsmann der, s. O. B. II 47.
Ola Larsson Berge, f. 1875, vart brukar etter faren i 1901 og skøytte bruket etter broren i 1905. G. 1901 Barbra Annanias dtr. Tveit, f. 1881. Born: Bernhard, f. 1902, s. n., Annanias, f. 1905, målar, g. 1932 Inga Hanssen, Tveit, (born: Bjørg, f. 1934, Odd, f. 1938), Lars, f. 1909, kafevert, b. Osøyri. Ola er snikkar og trearbeidar. Kona døydde i 1939.
Bernhard Olson Berge, f. 1902, skøytte farsbruket i 1936 og hev det no. G. 1928 Hanna Lars dtr. indre Moberg, f. 1901. Born: Birgit, f. 1929, Ingebjørg, f. 1932, Ola, f. 1938. Bernhard er snikkar og trearbeidar likeins som faren.
BERGE 2.
Peder Nilsson Berge, f. ikr. 1616, heldt halve garden att, då han let den andre halvparten frå seg til sonen i 1665. Sjå um Peder under br. 1.
Lars Fabianson Kuven, f. ikr. 1640, bygsla bruket då Peder døydde i 1669. G. 1669 Anna Lars dtr. Hauge, f. ikr. 1651. Av 10 born vaks berre 3 upp: Hans, f. 1773, Kari, f. 1675, g. 1713 Anders Særvoll, s. S. 3, Synneva, f. 1679, d. ug. 1747. Lars dreiv med fiske, men sat smått i det. Han var elles ein vyrd mann i grendi. Lars døydde i 1699 og kona i 1696.
Peder Samsonson Berge, f. 1674, bygsla bruket i 1700. Då faren vart gamall og klein, flutte Peder til br. 1 og tok mot farsbruket der. Sjå um han under br. 1.
Mattis Olson Sørstrønen, f. 1685, som var verbror åt Peder, fekk bygsla bruket her i 1712 då Peder flutte. G. 1713 Guro Samsons dtr. Berge, f. 1682. Born: Kari, f. 1714, g. 1735 Ola Heggland, s. H. 2, Marta, f. 1720, g. 1754 Henrik Halhjem, s. Kuven 4, Anna, f. 1723, g. 1749 Nils Gjemdal, s. G. 3, Samson, f. 1726, s. n. Ei gjenta døydde ung. Mattis dreiv med fiske likeins som fyremennene. Han døydde i 1752 og kona i 1748.


Samson Mattisson Berge, f. 1726, vart brukar etter faren i 1750. G. 1751 Brita Ols dtr. Tøsdal, f. 1720. Då jordeigaren vilde ha bruket sjølv i 1754, måtte Samson flytja, og året etter fekk han bygsla eit bruk på Ulven, s. U. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Engjel Engjelson Gjøn, som kjøpte heile Berge i 1754, tok bruket same året og hadde det til han døydde i 1769. Sjå um han under br. 1.
Nils Hansson Lundarvik, som vart gift med ekkja etter Engjel dreiv likeins bruket saman med br. 1. Sjå um han der.
Ekkja Kari Nils dtr. hadde so bruket eit par år saman med grannebruket. Sjå um henne under br. 1.
Johannes Mikkjelson Berge, f. ikr. 1755, vart brukar saman med mori og busette seg på dette bruket. Kvar Johannes var fødd, veit me ikkje, men det er mykje truleg at det var ein stad i Sund eller Austevoll. Som nemnt under br. 1 vart broren buande i Klepsvik, og fleire ting tyder på at foreldri deira ogso hadde vore busette der. Johannes var gift med ei som heitte Marta Ols dtr., men som me ikkje veit meir um. Dei fekk 6 born, men av dei var berre 3 livande då Johannes flutte frå Berge. Det var Mikkjel, f. 1783, Ola, f. 1784, Salmej, f. 1787. Som nemnt gjekk det nord og ned med Johannes, og segni fortel at «Kake-Johans’n åt upp Berge tvo gonger». I 1787 måtte han selja garden og flutte burt. Kvar det vart av han og huslyden hans, veit me ikkje.
Asbjørn Pederson Sævild frå Samnanger, f. 1745, kjøpte bruket i 1787 for 415 dalar og busette seg her. Til kjøpesumen lånte han 200 dalar hjå Hedvig og Amalia Pritzier. Han vart i 1780 gift med Marta Vinsjans dtr. Gjerdevik frå Fusa, f. 1738, som fyrr hadde vore gift med Nils Torgilsson Gaupholm i Samnanger, s. S. B. 778. Asbjørn fekk eit bruk på Gaupholm med kona og var ei tid busett der, men då ein stykson åt Marta vaks upp og vilde ha bruket, måtte Asbjørn flytja. Marta hadde 4 born frå fyrste giftarmålet med seg til Berge: Brita, f. 1763, g. 1789 Kristen Eide, s. E. 1, Vinsjans, f. 1764, g. 1795 Marta Jons dtr. Holmefjord frå Fusa, b. Holmefjord, Magdela, f. 1770, g. 1798 Ola Tøsdal, s. T. 1, Anna, f. 1774, d. ug. 1848. Asbjørn og Marta fekk ein son Nils, f. 1781, s. n. Asbjørn var ein velstandsmann som hadde pengar ute på renta, og m. a. lånte han 40 dalar til brørne Hans og Nils Røttingen, då dei kjøpte Sundøy i 1787, s. S. 3. I sine unge dagar reiste Asbjørn ikring bygdene og kjøpte upp slaktebeist. Det var forbode for «løse og ledige karle» å driva handel, og Asbjørn måtte bøta 3 dalar til dei fatige i Samnanger og svara 1 dalar i kostnader for handelen sin. Han døydde i 1808 og kona nokre år seinare.
Nils Asbjørnson Berge, f. 1781, skøytte bruket etter faren i 1800. G. 1807 Elna Ols dtr. Lien, f. p. Solas 1785, som var syster åt kona på br. 1. Av 11 born vaks 8 upp: Asbjørn, f. 1808, s. n., Ola, f. 1812, s. br. 5, Mons, f. 1813, g. 1842 Mari øvre Rød, s. Midtsæter 2, Marta, f. 1815, ug., Nils, f. 1818, g. 1847 Eli Ols dtr. Øvredal, b. Kolle i Fusa, s. Heggland 5, Hans, f. 1823, g. 1856 Anna nedre Rød, s. n. R. 2, Kari, f. 1823, s. n., Haldor, f. 1825, g. 1867 Guro Johannes dtr. Heggland, b. Austevoll i Fana, s. F. B. 517. Nils sat godt i det likeins som faren. Han døydde alt i 1832.
Ekkja Elna Ols dtr. fekk bruket då mannen døydde. Ho skifte no bruket millom dei tvo eldste sønene sine, og den eldste sonen fekk sin part for berre 50 dalar, då det meste var lagt ut på han fyrr ved skiftet etter faren. Elna døydde i 1866.
Asbjørn Nilsson Berge, f. 1808, skøytte denne parten av farsbruket i 1833. G. 1835 Gjertrud Johannes dtr. Steinestø frå Hamre, f. 1809. Born: Nils, f. 1836, Marta, f. 1840. I 1853 reiste Asbjørn til Amerika og hadde huslyden med seg, s. O. B. II 37. Det var den fyrste huslyden frå Os som tok den vegen.
Johannes Olson Øvredal, f. 1816, kjøpte bruket, då verbroren for til Amerika, for 500 spd. og vart brukar her. G. 1851 Kari Nils dtr. Berge, f. 1823. Born: Nils Olai, f. 1854, s. n., Johan, f. 1860, s. br. 8, Asbjørn, f. 1862, bøkkar, d. ug. 1904. Fosterdotter: Anna Ols dtr., f. 1869, s. br. 5. Johannes hadde smidja og dreiv smedarbeid attåt gardsbruket. Han hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var med i heradstyret 1858 – 61. Johannes døydde i 1900 og kona i 1912.
Nils Olai Johannesson Berge, f. 1854, skøytte farsbruket i 1885. G. 1884 Anna Jons dtr. Kilen (Berge), f. 1853. Born: Johannes, f. 1885, s. n., Hans, f. 1888, gullsmed, g. Matilda Tomas dtr. Nordvik frå Samnanger, b. Oslo, Karl, f. 1891, s. br. 9, Brita, f. 1894, driv kafé i Bergen, Berit, f. 1896, g. 1919 målar Ivar Knutson Skorve, b. Bergen. Nils Olai dreiv smedarbeid likeins som faren. Han døydde i 1911 og kona i 1938.
Johannes Nilsson Berge, f. 1885, fekk skøyte på bruket etter faren i 1908. G. 1911 Maria Gustavs dtr. Hellstrøm frå Voss, f. 1883. Born: Nils, f. 1911, steinarbeidar, Borghild, f. 1917, hushjelp. Johannes hev bruket no.
BERGE 3 (Kilen).
Mattis Olson Kilen, f. ikr. 1606, var husmann her i 1663 og er fyrste mann som me finn nemnd i Kilen. Sonen Torstein var med i herferdene 1656 – 60 og fall ved Halden i 1660, s. O. B. I 498. Kor lenge Mattis var busett her, veit me ikkje.
Sjur Kilen vart brukar etter Mattis. Kvar Sjur var frå er uvisst, men han tykkjest vera frå Hatvik eller Berge. Han var gift og fekk i 1693 ein son, Johannes, som døydde ung. Meir veit me ikkje um huslyden hans. Sjur flutte burt eller døydde i 1694.
Paul Dagson Halhjem, f. 1666, vart brukar etter Sjur. G. 1693 Marta Daniels dtr., som truleg var frå Søfteland. Kannhenda var ho ekkja etter Sjur. Born: Anders, f. ikr. 1695, g. 1732 Ragna Brynjulfs dtr. Henanger, Anna, f. 1697, s. n., Marta, f. 1699, d. ug. 1719, Ingeborg, f. 1704, Guro, f. 1708, g. 1738 Engjel Haldorson Uglehus frå Hålandsdalen. Ei gjenta døydde ung. Paul var fiskar og dreiv med sjøen. Han døydde i 1733.
Ekkja Marta Daniels dtr. hadde so bruket nokre år.
Peder Olson Boga frå Fusa, f. 1701, vart i 1737 gift med Anna Pauls dtr. Kilen, f. 1697, og fekk bruket etter vermori. Born: Paul, f. 1738. Peder dreiv fiske likeins som fyremannen. I 1756 flutte han frå bruket, og me veit ikkje kvar han tok vegen.
Størk Kristenson Heggland, f. 1705, vart brukar i 1756, og kjøpte då husi av Peder for 10 dalar. Kjøpesumen lånte han av Engjel Berge. Størk hadde fyrr vore busett på Heggland, s .H. 3, og på ytre Moberg, s. y. M. 1 og 5. G. 1731 Kari Lars dtr. ytre Moberg, f. 1693. I 1761 flutte dei frå Kilen, og me finn dei ikkje att i Osbygdi seinare.
Bård Åmundson Lunde, f. 1723, vart brukar her i 1761. G. 1748 Kornilska Gulleiks dtr. Dei hadde fyrr vore busette på Mobergslien, s. M. 1, der ein finn meir um dei og huslyden deira. Bård og Kornilska flutte frå Kilen i 1784, og me veit ikkje kvar det vart av dei.
Nils Martinusson Ruus frå Bergen, f. ikr. 1743, bygsla bruket i 1784. G. 1783 Helena Ols dtr., f. ikr. 1760, som truleg var frå Bergen. Born: Ingeborg, f. 1783, g. 1807 Lars Larsson, som då var busett i Kilen, Martinus, f. 1785, g. 1810 Kari Ferstad, s. Hatvik 2, Olaus, f. 1794, s. n. Nils dreiv som skomakar og var ogso noko av ein kjøkmeistar. Han døydde i 1801.
Ekkja Helena Ols dtr. hadde so bruket i heile 15 år. Ho døydde i 1815.
Olaus Nilsson Kilen, f. 1794, bygsla bruket etter mori i 1816. G. 1816 Berta Alberts dtr. Mehn frå Holsund i Fusa, f. 1785. Born: Nils, f. 1819, g. 1862 Ingeborg Ols dtr. Storum, b. Våge, s. S. B. 193, Kari, f. 1821, g. 1874 e. Sjur Johannesson Våge i Samnanger, s. S. B. 191, Albrigt, f. 1824, g. 1868 Brita Torgils dtr. Våge, b. Solbjørg i Samnanger, s. S. B. 162. Tvo gjentor døydde unge. Olaus dreiv fiske o. a. I 1832 flutte han med huslyden til Våge i Samnanger og vart buande der på plassen Vatshaugen, s. S. B. 193. Olaus døydde i 1875 og kona i 1868.
Ola Andersson Lid frå Samnanger, f. 1797, busette seg her då Olaus flutte burt. Kven fyrste kona hans var, veit me ikkje, men ho fekk eit dødfødt barn i 1844 og døydde sjølv straks etter. Ola gifte seg att i 1845 med Sigrid Steins dtr. Haug frå Samnanger, f. ikr. 1810. Straks etter giftarmålet flutte Ola og kona frå Kilen, og me veit ikkje kvar det vart av dei.
Ola Nilsson Berge, f. 1812, vart busett her då Ola flutte. G. 1843 Gunvor Fredriks dtr. Vafet frå Fusa, f. 1816. I 1855 fekk Ola halve farsbruket og flutte då heimatt til Berge, s. br. 5, der ein finn meir um han og huslyden hans.
Hans Olson Øvredalen, f. 1813, busette seg her då Ola flutte til Berge. Hans hadde berre hus utan noko jord attåt. Han var ugift og dreiv med bøkkararbeid. Hans døydde her i 1884, og det kom ikkje folk att på bruket.
BERGE 4 (Kilen).
Rasmus Kilen var husmann her i 1760 åri. Han var fiskar og hadde berre ei stova i Kilen utan jord attåt. Rasmus var gift, men kven kona hans var, veit me ikkje. Dei hadde ein son, Anders, som i 1775 vart gift med Ingeborg Peders dtr., som då tente på Røykenes. Me finn ikkje at nokon av huslyden er døde eller gravlagde i Os, og truleg flutte dei frå Osbygdi ikr. 1770.
Jakob Jonson Lunde, f. 1728, flutte hertil i 1773 og busette seg her. Han hadde fyrr havt farsbruket sitt på Lunde. G. 1754 Ingjerd Peders dtr. Berge, f. 1728. Sjå um huslyden hans elles under Lunde 1. Jakob fekk festa noko jord av br. 1, men han tente ikkje på det å verta husmann hjå Kari Berge. Som nemnt dreiv Kari med ølbryggjing, og Jakob måtte selja øl for henne og føra øl ut til Johannes Osøyri, s. O. 1. Jakob var ikkje mykje huga på arbeidet, men Kari truga med å jaga han or Kilen, soframt han ikkje heldt ved med ølsalet. Det gjekk godt i 5 år, men i 1781 vart både Kari Berge og Jakob tekne for retten. Saki gjekk i 3 år, og då Jakob ikkje hadde råd til å ta sakførar for seg, slik som Kari Berge hadde, so fekk dei lagt største skuldi på han. Jakob vart dømd til å leggja 20 dalar (6 – 7 kuverd) i bot og svara 5 dalar i sakskostnad, og han vart etter dette radt fatigmann. Han greidde ikkje den tunge støyten, og alt året etter, i 1785, døydde han. Kvar det vart av kona, veit me ikkje.
Anders Nilsson Rolfsvåg frå Samnanger, f. 1750, festa bruket i 1788. Han hadde fyrr vore gardstyrar på Molda. G. 1785 Anna Johannes dtr. Osøyri, f. 1754. Born: Johannes, f. 1790, b. Rolfsvåg, Ragnhild, f. 1793, g. Johannes Nilsson Rolfsvåg, s. S. B. 177, Nils, f. 1797, g. 1827 Ingeborg Nils dtr. Skjelåen, b. Trengereid i Samnanger, s. S. B. 208. Tvo gutar døydde unge. Eldste barnet kom til verdi berre eit halvt år etter brudlaupet, og Anders måtte leggja ei stor bot for det. I 1796 flutte Anders med huslyden til Utskot i Samnanger, der dei sidan vart buande, s. S. B. 844.
Ola Olson Storum, f. 1762, busette seg her då Anders flutte. G. I 1796 Margreta Abels dtr. ytre Tuen, f. 1755, d. 1810, g. II 1811 Kari Lars dtr. indre Haugland, f. 1771. Born: Herborg, f. 1796, d. ung. Ola dreiv fiske likeins som fyremennene og sat etter måten godt i det. I 1817 kom han burt på sjøen.
Zakarias Krispinusson Stendatræ frå Fana, f. ikr. 1776, vart i 1818 gift med ekkja Kari Lars dtr. og festa bruket her. Han var fyrste gong gift med Klasje Olufina Klaus dtr., som døydde på barseng i 1817, og han hadde fyrr vore busett på Buena, s. Søvik 4. Kari døydde i 1824, og året etter gifte Zakarias seg att med Kari Isaks dtr. Skåtun frå Strandvik, f. 1789. Zakarias fekk ikkje born medan han var i Kilen. Han dreiv mykje med sjøen og greidde seg godt til han døydde i 1828.
Ekkja Kari Isaks dtr. vart buande her etter at mannen fall frå. Syskeni åt mannen hadde arva det han åtte, og det vart sverande smått for Kari. Ho døydde i 1837. Bruket fall no attende til hovudbruket.
Jon Nilsson Dale frå Fusa, f. 1822, bygde her att i 1854. Han hadde fyrr vore paktar på prestegarden. G. 1851 Brita Knuts dtr. Lyssand, f. 1826. Born: Anna, f. 1853, s. br. 2, Nils, f. 1856, sjømann. Tvo born døydde unge. Jon var skomakar og dreiv yrket til han døydde i 1888.
Ekkja Brita Knuts dtr. var busett her nokre år etter at mannen fall frå. Ho flutte so til Berge og døydde der i 1907. Huset i Kilen vart flutt burt, og det vart ikkje fleire folk busette her.
BERGE 5.
Ekkja Elna Ols dtr. Berge, f. 1785, fekk denne parten av br. 2, då bruket i 1833 vart skift i tvo partar ved skiftet etter mannen. Elna fekk sin halvpart ved skiftet for 190 spd., medan eldste sonen fekk parten sin for 50 spd., s. br. 2. Elna døydde i 1866.
Ola Nilsson Berge, f. 1812, skøytte bruket etter mori i 1855 for 300 spd. og vart buande her. Han hadde fyrr vore busett i Kilen, s. br. 3. G. 1843 Gunvor Fredriks dtr. Vafet frå Fusa, f. 1816. Born: Nils, f. 1848, s. n., Elna, f. 1851, g. 1874 Ola Nilsson Kolle i Fusa, Fredrik, f. 1854, i Amerika, s. O. B. II 46, Asbjørn, f. 1856, i Amerika, Brita, f. 1860, g. 1886 Johan Nilsson Kolle, b. Haga i Samnanger, s. S. B. 493, Hansina, f. 1864, s. n. Tvo born døydde unge. Ola dreiv med sjøen. Han døydde i 1875 og kona i 1897.
Nils Olson Berge, f. 1848, skøytte bruket etter faren i 1876. G. I 1876 Anna Johans dtr. Litlekjerringvåg frå Hitra i Sørtrøndelag, f. 1853, d. 1901, g. II 1902 Anna Kristoffers dtr. Nordstrønen, f. 1854. Born: Berit, f. 1876, d. 1896, Olina, f. 1879, g. 1901 Haldor Rød, s. n., Ola, f. 1882, i Amerika, s. O. B. II 46, Johan, f. 1887, i Amerika, Bernhard, f. 1900, i Amerika. Nils var sjømann og hadde skøyta. I mange år sigla han på Nordland og Finnmarki. Etter at siste kona døydde i 1914, flutte han til Rød, der han fall frå i 1927.
Ingebrigt Olson Bø, f. 1866, kjøpte bruket av verbroren i 1904. G. 1888 Hansina Ols dtr. Berge, f. 1864. Ingebrigt hadde fyrr vore busett på Bø, s. Bø 3 og 20, der ein finn meir um han og huslyden hans. I 1913 selde han Berge og flutte seinare attende til Bø, s. Bø 24, der han no er buande.
Daniel Sunde frå Jølster i Sunnfjord, kjøpte bruket i 1913 og busette seg her. Han selde bruket alt i 1919 og flutte or bygdi att.
Haldor Andersson nedre Rød, f. 1880, kjøpte no bruket som verfaren hadde havt i si tid. G. 1901 Olina Nils dtr. Berge, f. 1879. Haldor flutte ikkje til Berge, men var framleis busett på Rød. Sjå um han under nedre Rød 2.
Sjur Olson Heggland, f. 1865, vart brukar her i 1924, då son hans kjøpte bruket, s. n. G. 1895 Anna Ola dtr., som var uppfostra på Berge, f. i Fusa 1869. Born: Olaf, f. 1898, s. n., Sigurd, f. 1902, sjømann, no gardsarbeidar, Jenny, f. 1903, g. 1921 Tomas Fredrikson Krokeid frå Fana, Astrid, f. 1907, hushjelp. Sjur hev vore maskinist tilsjøs og reist i langfart.
Olaf Sjurson Heggland, f. 1898, kjøpte bruket av Haldor Rød i 1924 og er eigar no. Han hadde fyrr vore arbeidar på Molda og er no brukar på Berge saman med faren.
BERGE 6 (Holo).
Olai Bårdson Midthus, f. 1820, festa i 1864 eit lite jordstykke på Berge og bygde her. Han hadde fyrr vore busett i Lønningdal og på Bjånes. G. 1857 Bårni Jakobs dtr. Sandvik frå Samnanger, f. 1829. Born: Marta, f. 1858, g. 1882 mylnar Anders Erikson Eide, b. Tysse i Hosanger, Agata, f. 1862, g. 1892 Hans Rasmusson Straume frå Gulen, Jakob, f. 1866, i Amerika, Anna, f. 1870, g. 1892 kjørar Mads Brendshaug frå Gaular. Ein gut døydde ung. Olai dreiv med treskolaging og anna trearbeid. Han døydde i 1891.
Ekkja Bårni Jakobs dtr. var busett her nokre år etter at mannen fall frå. Ho døydde ikr. 1910.
Kristian Danielson ytre Drange, f. 1867, festa bruket i 1895 og vart buande her. Han hadde fyrr vore busett i Hatvik, s. H. 2. G. 1890 Kristina Ols dtr. Holsund, f. 1861. Born: Gurina, f. 1891, s. n., Daniel, f. 1895, d. 1915, Borghild, f. 1901, g. 1925 Karl Olsen, s. Hauge 30, Larsina, f. 1904, g. 1933 Lars Larsson Henne i Fana, b. Fana, Astrid, f. 1907, g. 1925 Magnus Karlson Reinertsvik frå Askøy, b. Gaugstad i Fusa. Kristian var gardsarbeidar, og både han og kona var i arbeid på Molda. Kristian døydde i 1935 og Kristina i 1938.
Gurina Kristians dtr. Berge, f. 1891, kjøpte eigedomen av br. 2 i 1919 og er eigar og brukar no.
BERGE 7 (Kilen).
Johannes Johannesson Matland frå Fusa, f. ikr. 1807, sette upp eit lite hus her ikr. 1890 og busette seg her på sine gamle dagar. Han hadde fyrr havt garden på Matland. Johannes døydde ikr. 1895.
Nils Johannesson Matland, f. 1849, bygde seg eit hus attåt faren sitt og busette seg her. Han var gift med Kristi Tores dtr. Botnen frå Kvam, f. 1852. Nils hadde farty og sigla på Nordland. Han døydde her i 1895, og ekkja flutte til Voss.
Engjel Nilsson Midtsæter, f. 1833, kjøpte Johannes Matland sitt hus i 1895 og flutte hertil. Han hadde fyrr havt eit bruk på Midtsæter, s. M. 3, der ein finn meir um han og huslyden hans. Engjel døydde her i 1908.
Ekkja Gurina Lars dtr. var busett i Kilen til ho fall frå i 1921.
Aksel Olaison Hatletveit frå Strandvik, f. 1876, kjøpte huset etter Nils Matland i 1896 og busette seg i Kilen. G. 1896 Karina Jons dtr. Øvreide, f. 1876. I 1898 kjøpte han eit jordstykke på Øvreide og flutte huset sitt dertil, s. Ø. 4, der ein finn meir um han og huslyden hans.
BERGE 8.
Johan Johannesson Berge, f. 1860, bygde seg eit hus på broren sitt bruk og vart buande der. Han var ugift. I 1890 åri var han ein tur over til Amerika. Johan var bygningsmann og snikkar. Han døydde i 1938.
BERGE 9 (Bergheim).
Karl Nilsson Berge, f. 1891, kjøpte i 1935 eit stykke av broren sitt bruk og bygde på stykket. G. 1920 Aletta Johanna Ols dtr. Helland frå Fitjar, f. 1885. Born: Margreta, Karen, Knut og Sidsel. Karl er overstuert på turistbåten «Stella Polaris» og er vanleg busett i Bergen. Eigedomen her vert mest nytta til sumarbustad.
BERGE 10 (Bergly).
Ola Larsson Berge, f. 1875, tok undan eit stykke då han let br. 1 frå seg til sonen i 1936 og bygde her. Sjå um Ola under br. 1. Sønene Annanias og Lars Berge fekk skøyte på bruket hjå faren i 1940 og er eigarar no. Annanias er målar og Lars driv kafeverksemd på Osøyri.