MIDTHUS

Frå OS SOGA III side 728 – 739 


76. MIDTHUS. 

Namnet tyder dei midtre husi, tunet i midten, i dette høvet garden midt millom Gjemdal og Tveit.  Midthus er bygd seinare enn dei tvo grannegardane og hev fenge namnet som eit tun millom dei. 

Uttale: Mø’s.  

Skrivemåtar: Medhus (1519) Midhus (1563), Medhuus (1567), Mehuus (1591), Meehus, Mehus, Møes, Møs, Meehuus, Meehuss, Meehusz, o. s. b. 

Garden ligg ved sida av Tveit, som han er uppteken frå i gamall tid.  Midthus er ein av dei 2 – 3 gardane i Os som i den kjende tidi hev vore åtte av Osbønder.  Jamt var brukarane på garden ogso eigarar. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668:
Saar 3 stadtztønder, afler 11 tdr., god agger og eng sampt fehagge, med brendeued till gaarden, tilsagt at plante homblehagge.  
1723: Ingen sætter, knap brendefang, intet fiskerie, 2 smaa flomqverne allene til gaardens aufls formaling, slet jordart og tungvunden.  Haver ingen næring uden allene gaardens aufl.  
1865: Har 12 maal dyrket ager og eng, deraf 6 maal godt, 5 middels og 1 slet, har 97 maal naturlig england, hvoraf 28 maal godt, 32 middels og 37 slet, har intet at dyrke.  bHar kun skog til 2/3 brændefang, føder 4 ungnød ved lyng som kjøbes, er meget letbrugt og almindelig drevet. 

Busetnad og buskap.

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16573 115     
16683 22020  3tun 
17232 12012  5» 
1800316       
18352191141818 7»4tun.
186542222354  9,5»9»
190042441929 17,5hl.17hl.
192052331726 29,8mål4,5mål
193031331949 13,5»3,5»
1939  22247 41»3»


MIDTHUS 1. 

Anna Midthus hadde garden i 1519, og ho er den fyrste som me finn nemnd som brukar her. 

Tord Midthus hadde garden i 1563, men han let den frå seg straks etter. 

Ola Midthus var brukar i 1567 og hadde garden til ikr. midten av 1590 åri.  Um han og fyremennene hans åtte noko i Midthus, veit me ikkje. 

Svein Midthus var brukar i 1597, og han åtte sjølv halvparten av garden.  Umframt han var det då berre 2 – 3 sjølveigarar i bygdi. 

Ola Midthus vart brukar i 1600, men likeins som fyremannen hadde han garden berre eit par år. 

Januss Meehus (Jens eller Johannes Midthus) fekk garden i 1603.  Han var heller ikkje brukar meir enn i tvo år. 

Gregorius Midthus lagde skatt for garden i 1605, men same året betalte Lars Midthus tiend her.  Korleis hopehavet var millom desse tvo karane, veit me ikkje. 

Lars Midthus vart brukar etter Gregorius.  Han er truleg den same som lagde tiend i 1605.  I 1611 måtte Lars saman med dei andre osingane til svenskegrensa for å vera med i Kalmarufreden.  Han sat tolleg godt i det, men hadde likeins som fyremennene garden i stutt tid.  Alt i 1614 let han garden frå seg.  Kvar han og fyremennene hans var frå, veit me ikkje.

Midthus vart no skift i tvo like store partar. 

Mons Olson Midthus, f. ikr. 1585, fekk bruket her, då garden vart skift i 1614.  G. 1615 Anna Ols dtr., f. ikr. 1585.  Av borni kjenner me: Hans, f. 1615, g. Kari Lønningdal, s. L. 1, Nils, f. ikr. 1630, tente på Eide i 1660 åri og var då med i stridene ved Halden o. a. st.  Ola Eikhaug, s. Søfteland 4, var truleg ogso son hans.  Kvar Mons og kona var frå, veit me ikkje, men kannhenda var han ein son eller ho ei dotter åt Ola Midthus, som hadde garden i 1580 åri.  Mons åtte ein part i Midthus og sat godt i det, men i 1637 vart han snøgt fatigmann.  Truleg brann tunet hans upp det året.  Han arbeidde seg snart fram att, og då han døydde, var han nær på ein velstandsmann.  Mons var ein mykje vyrd mann i bygdi og gjorde tenesta som lagrettemann i mange år.  I 1632 var han med og sagde domen i saki um Lekven laksevåg, s. Ferstad 1.  Mons døydde i 1666 og kona i 1670. 

Brørne Johannes Tveit og Fabian Spanateigen åtte dette bruket i 1640 åri.  I 1654 selde Fabian sin part for 30 dalar til son åt bygslemannen, Hans Monsson Midthus, som då var busett på Lønningdal, s. L. 1.  I 1663 vilde son åt Johannes Tveit, Jakob Johannesson, ta heile bruket her etter odel og jaga bygslemannen burt.  Men Hans Lønningdal, som åtte i bruket og som langt ute var i ætt med Johannes Tveit, hadde ogso odelsrett, og det vart no ein stor strid millom Jakob og Hans um kven av dei som hadde beste odelsretten.  Dei møtte begge på tinget og rekna upp ættfederne sine 2 – 300 år attende i tidi.  Det vart etter dette skrive i tingboki, at «Hans er beslegtet til Jacob i det 5te led, og Jacob til Hans i det 7de led».  Jakob vann og vart tilkjendt odelsretten, men då han skulde leggja løysingsumen for bruket, 30 dalar, på bordet, hadde han berre 8 dalar 2 ort og 6 skjeling. Hans Lønningdal fekk difor retten til bruket, og same året vart son hans brukar, s. n. 

Ola Hansson Lønningdal, f. ikr. 1644, som var soneson åt Mons, bygsla bruket etter bestefaren i 1663.  Han var fyrst gift med ei som heitte Mari, og då ho døydde, gifte han seg att ikr. 1690 med ekkja Marta Lunden, f. ikr. 1656.  Då han vart gift andre gongen, flutte han til Lunden, s. L. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Ola Bårdson Bjånes, f. 1670, som åtte bruket, flutte til Midthus og busette seg her då fyremannen reiste til Lunden.  Ola hadde kjøpt bruket for 40 dalar av den fyrre eigaren Lars Olson i Solheimsviki, og skøytet var skrive av lensmannen på Holmefjord den 20. juni 1690.  Ola var gift I 1691 Marta Nils dtr. Eide, f. 1670, d. 1734, g. II 1735 Sigrid Sjurs dtr. Bru frå Strandebarm, f. 1704.  Born: Brita, f. 1691, d. 1709, Marta, f. 1693, g. 1721 Lars Tøsdal, s. T. 2, Anders, f. 1696, Magdela, f. 1698, d. ug. ikr. 1730, Guro, f. 1700, d. ug. 1765.  Ola var ein velstandsmann, og umframt sitt eige bruk åtte han ogso ein part i Sørstrønen og Reistad i Samnanger.  Dei siste jordepartane hadde han fenge med fyrste kona si.  I 1736 skøytte Ola det han åtte i Reistad til Anders, sonen sin, og Anders freista då å ta resten av Reistadbruket etter odel.  Han greidde ikkje å skaffa nok pengar til odelsløysingi, og Reistadmannen fekk ha bruket sitt.  Ola døydde i 1750 og Sigrid i 1748. 

Paul Jonson Bjånes, f. 1719, som var brorson åt Ola, fekk skøyte på bruket i 1748 og busette seg her då Ola fall frå.  G. 1749 Kari Rasmus dtr. Søvik, f. 1730.  Born: Barbru, f. ikr. 1740, g. 1761 Anders Haugland, s. Mobergslien 1, Brita, f. 1751, g. 1775 Ola Grindevoll, s. G. 1, Jon, f. 1753, ug., Lars, f. 1756, g. 1789 Brita Gåssand, s. G. 1, Kristi, f. 1757, g. 1781 Peder Grindevoll, s. Lysekloster 5.  Tre born døydde unge.  Paul åtte bruket sitt og sat godt i det.  I 1759 vart bruket teke frå han etter odel, og Paul flutte då til Molda, s. M. 4, der ein finn meir um han.  Paul var tambur i heren. 

Bård Olson Øvreide, f. 1734, fekk bruket ved odelsløysing i 1759 for 114 dalar og flutte hertil.  Bestefar åt Bård var ein rett bror åt gamle Ola Midthus, medan far åt Paul berre var halvbror hans, og Bård hadde difor betre odelsrett til bruket enn Paul.  Bård vart gift i 1760, men då kyrkjeboki er burte for det året, veit me ikkje kven kona hans var.  Det finns ikkje noko i bøkene um denne kona, korkje um giftarmål, død eller skifte.  Dei hadde ikkje born.  Bård måtte låna 90 dalar av Engjel Gitleson Kolle for å løysa bruket og skulde leggja 2½ prosent renta for pengane.  I 1770 åri fekk han spillesykja og i 1777 vart han lagt inn på «Spetalen» i Bergen, etter han hadde selt bruket, s. n.  Same året døydde han. 

Anders Olson Øvredal, f. 1725, som var gift med syster åt Bård, skøytte bruket i 1777.  Han lånte 200 dalar av Johan Leganger på Ferstad til å greida kjøpesumen.  Anders hadde eit bruk i Øvredal, s. Ø. 1 og 2, der ein finn meir um han og huslyden hans.  Han hadde bruket på Midthus i berre tvo år, og alt i 1779 selde han her og flutte attende til Øvredal. 

Jan Johannesson Linga frå Strandebarm, f. 1751, kjøpte bruket i 1779.  G. 1774 Anna Nils dtr. Solbjørg frå Strandebarm, f. ikr. 1747.  Born: Johannes, f. 1779, s. n., Mari, f. 1781, g. 1820 Rasmus Nordstrønen, s. N. 8, Nils, f. 1782, kjørar, g. 1803 Sylvia Anfins dtr., b. Bergen, Herborg, f. 1784, g. ikr. 1814 Ola Nordstrønen, s. N. 3, Sjur, f. 1787, var som «dygtig soldat» og 63 tumar høg med i ufreden 1808 – 1814, kom burt på sjøen medan han tente på Berge ikr. 1820, Anna, f. 1792, g. 1820 Jan Eikeland, s. Øvredal 4.  Jan måtte låna noko pengar til jordkjøpet, men han var ein drivande kar og arbeidde seg godt fram.  Han hadde ogso ei jakt som han sigla med.  Jan var ein vyrd mann og var jamt nytta som skyns- og takstmann.  Han døydde i 1830 og kona i 1834. 

Johannes Janson Midthus, f. 1779, skøytte farsbruket i 1811.  G. 1803 Kari Ols dtr. Lien, f. 1783.  Johannes hadde ikkje born, men han fostra upp ei brordotter si, Anna Margreta Nils dtr., f. 1804, som var einaste barnet åt Nils Janson Midthus og kona Sylvia Anfins dtr., s. n.  Johannes hadde jakt likeins som faren.  Han døydde i 1845 og kona i 1860. 

Nils Johannesson Tveiterås frå Samnanger, f. 1794, vart i 1824 gift med Anna Margreta Nils dtr. Midthus, f. 1804, og fekk skøyte på bruket etter fosterfaren åt kona.  Nils var syskinbarn åt gamlekona i huset og var likeins som ho av den gamle Tysseætti, s. S. B. 734 – 752.  Anna Margreta døydde i 1836, og Nils gifte seg att i 1840 med Barbru Haldors dtr. Boga frå Fusa, f. 1820.  Born: Johannes, f. 1824, s. br. 5, Nils d. e., f. 1826, sjømann, kom burt på sjøen ikr. 1860, Kari, f. 1829, g. 1850 Johannes Johannesson Tveiterås i Samnanger, s. S. B. 518, Tomas, f. 1831, s. n., Anna, f. 1835, g. 1860 Peder Andersson Åsen (Steinsland) i Samnanger, s. S. B. 482, (born m. a.: Anna, g. Henrik Lyssand, s. L. 2), Haldor, f. 1841, g. 1870 Marta Vik, s. Åsen 5, Engjel, f. 1844, handelsmann, g. 1873 Kristianna Presthus frå Arstad, b. Bergen, seinare i Amerika, s. O. B. II 47, Annanias, f. 1847, g. 1875 Maria Lyssand, s. Tveit 1, Peder, f. 1850, g. 1878 Maria Nordvik, s. Søvik 4, Nils d. y., f. 1853, g. 1879 Anna Bruland, s. Osøyri 19, Anna Margreta, f. 1858, g. 1882 Ingebrigt Haldorson Toften frå Strandvik, b. Fusa, (born: Elen, g. ordførar Hans Chr. Ekeberg, Hanna, b. Skipenes i Fana).  Tvo born døydde unge. 
Nils var rosemålar likeins som faren og farfaren på Tveiterås.  Attåt dette var han spelemann og spela i alle brudlaup i Os og bygdene ikring.  Han hadde mange tillitsyrke og var m. a. med i heradstyret 1837 – 1841, s. O. B. I 564, der ein ser underskrifti hans.  Ved skiftet etter fyrste kona åt Nils fekk eldste sonen halve bruket, men far og son dreiv det heile ihop til 1863, då kvar part vart serskilt skyldsett, s. br. 5.  Nils døydde i 1875 og Barbru i 1903. 

Tomas Nilsson Midthus, f. 1831, skøytte faren sin part av bruket i 1863 for 150 spd. og vart brukar her.  G. 1855 Jørna Hans dtr. øvre Rød, f. 1828.  Born: Nils, f. 1856, s. n., Kari, f. 1861, g. 1884 Steffen øvre Rød, s. ø. R. 1, Ingeborg, f. 1866, d. ug. 1894.  Tomas var smed og trearbeidar og dreiv ogso med arbeid i horn og bein.  Han hadde mange tillitsyrke i bygdi.  Tomas døydde i 1922, over 91 år gamall, og Jørna i 1908. 

Nils Tomasson Midthus, f. 1856, skøytte farsbruket i 1888.  G. 1887 Kristi Engjels dtr. Bjøndal frå Hålandsdalen, f. 1862.  Born: Jørgina, f. 1888, g. 1915 Torbjørn Gjemdal, s. G. 2, Marta, f. 1891, s. n., Engelina, f. 1894, syerske, b. Bergen.  Nils hadde sagbruk og var ogso bygningsmann og snikkar.  Han hadde mange kommunale tillitsyrke og var m. a. formann i liknings- og overlikningsnemndi, fatigstyret, arbeidsnemndi for småbrukbanken o. a., s. O. B. I 618, 692 og 698.  Nils døydde i 1931 og Kristi i 1901. 

Kriatian Larsson Hjemdal (Gjemdal), f. 1892, vart i 1918 gift med Marta Nils dtr. Midthus, f. 1891, og fekk i 1924 skøyte på bruket etter verfaren.  Samstundes fekk han ogso skøyte på br. 5, s. d.  Born: Lars, f. 1918, Nils, f. 1923, d. 1931, Frithjof, f. 1930.  Kristian er byggmeistar og hev havt mange store byggearbeid i Bergen, der han ogso hev vore busett dei siste åri. 


MIDTHUS 2. 

Fabian Pederson vart fyrste mannen på dette bruket, då det vart skift ut frå br. 1 i 1614.  Kvar Fabian var frå er uvisst, men det er mykje truleg at han var ein stad frå Hålandsdalen.  Johannes Tveit, s. T. 1, var bror hans, og dei åtte ihop noko av Midthus, s. br. 1, og noko av Gjøn i Hålandsdalen.  Dei hadde ogso ei syster, Marta, som var gift med Ola Ferstad, s. F. 2.  Fabian var gift med ei som heitte Anna, og som truleg var dotter åt Endre Rød.  Um huslyden hans elles, s. Gåssand 1.  Fabian tente på Tøsdal i 1612, og han vart då sendt nedover til Svinesund saman med andre osingar for å vera med i Kalmarufreden.  Fabian og Mons Heggland, s. H. 1, rymde heimatt straks, og for dette fekk Fabian ei bot på 4 dalar (4 – 500 kroner i vårt pengeverde), og Mons ei på 5 dalar.  I 1623 let Fabian bruket frå seg og flutte til Gåssand, s. G. 1, men kom seinare attende til Hegglandsdalen og busette seg på Spansteigen, s. S. 1. 

Nils Endreson nedre Rød vart brukar i 1623, då Fabian flutte.  Nils åtte bruket her saman med brørne sine Eivind Lien og Ola Feratad, og Fabian, som truleg var gift med syster deira, åtte ein part av det andre bruket på garden.  Nils var gift tvo gonger, men me veit ikkje namnet på fyrste kona.  Han vart gift andre gongen ikr. 1640 med Anna Mons dtr. Heggland, f. 1613.  Av borni kjenner me berre tvo: Johannes, f. ikr. 1626, s. n., Guro, f. ikr. 1640, g. 1670 Ola Lunde, s. L. 2.  Nils sat godt i det dei fyrste åri, men etter 1637, då tunet truleg brann upp, vart han fatigmann.  Han døydde i 1657.  

Johannes Nilsson Midthus, f. ikr. 1626, vart brukar her då faren fall frå.  G. ikr. 1658 Eli ytre Lekven, som fyrr hadde vore gift med Endre ytre Lekven, s. y. L. 1.  Av borni kjenner me: Johannes, f. ikr. 1660, Nils, f. ikr. 1662, s. n., f. ikr. 1665.  Kona hadde ogso borni sine frå fyrste giftarmålet, Ola og Brita, med seg til Midthus.  Johannes rekna med å ha odelsrett til br. 1, og i 1690 vilde han ta bruket etter odel til eldste sonen sin som då var i hertenesta.  Men sonen kom ikkje heimatt, og odelsaki fall burt.  Johannes dreiv med skog- og trearbeid, og i 1664 vart det uppgjeve at han det året hadde selt treskjeier, auser og ei tylvt treskuflor til eit skotteskip som låg i Hatvik.  Johannes døydde i 1701 og Eli i 1699. 

Nils Johannesson Midthus, f. ikr. 1662, vart brukar ikr. 1690.  I 1702 flutte han til nedre Rød, s. n. R. 1, der han vart buande, og der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Ola Andersson Særvoll, f. 1665, bygsla bruket då Nils flutte burt.  G. 1696 Dordi Størks dtr. Heggland, f. 1672, som var brordotter åt ei tidlegare kona i huset, s. o.  I 1711 flutte Ola til Bø, s. Bø 6, og ein finn meir um han og huslyden hans der. 

Mons Larsson Gjemdal, f. 1675, vart brukar etter Ola.  Han var gift 1698 med Marta Lars dtr. Gåssand, f. 1670, og hadde fyrr vore busett på Gåssand, der han fekk verfaren sitt bruk i 1698.  Sjå um han og huslyden hans under Gåssand 1.  Mons døydde alt i 1719. 
Ekkja Marta Lars dtr. stjorna so bruket nokre år. 

Størk Monsson Søfteland, f. 1698, vart i 1722 gift med ekkja Marta Lars dtr. og fekk bygsla bruket.  Størk var brorson åt den kona i huset, som flutte til Bø i 1711, s. o.  Marta døydde i 1744, og Størk gifte seg att året etter med Mari Mons dtr. Gjemdal, f. 1723.  Dei fekk ei dotter Marta, f. 1746.  Størk var ein drivande kar og greidde seg tolleg godt. 

Bård Olson Sørstrønen, s. S. 4, vart eigar av dette bruket i 1708, då han arva det etter verfar sin Jon Nordstrønen.  Då Bård døydde i 1731, arva 3 av borni hans bruket her, og i 1746 fekk Størk uppsegjing på bygsla si frå tvo av dei nye eigarane, Ola Bårdson Sørstrønen og verbroren Mons Nordstrønen.  Ola gav upp på tinget at syster hans Marta Bårds dtr., som var medeigar i bruket, då skulde gifta seg og flytja til Midthus.  Marta fekk samstundes skøyte på heile bruket for 53 dalar.  Det gjekk eit par år fyrr det vart alvor av saki, men i 1748 måtte Størk flytja frå garden.  Kvar det vart av Størk og huslyden hans, veit me ikkje. 

Knut Mikkjelson Midthus, f. p. Åse i Hålandsdalen 1727, vart i 1748 trulova med eigaren av bruket, Marta Bårds dtr. Sørstrønen, f. 1720, og kom same året til Midthus som brukar her.  I 1750 vart dei gifte.  Born: Mikkjel, f. 1753, s. br. 4, Jon, f. 1759, g. 1784 Brita nedre Rød, s. Gjemdal 4.  Tre born døydde unge.  Knut greidde seg ikkje på bruket, og i 1762 måtte han skøyta det attende til verbroren Ola Sørstrønen, s. S. 4.  Knut fekk likevel stjorna bruket til 1792.  Han døydde i 1800 og kona i 1803. 

Steffen Olson Sørstrønen, f. 1768, som hadde fenge skøyte på bruket hjå faren i 1788, flutte til Midthus og tok bruket sjølv i 1792.  Steffen var ungkar.  Nett fyrr han skulde gifta seg med Anna Nils dtr. Berge i 1798, sprang han på sjøen frå eit berg ved Lialandet og vart burte. 

Bård Olson Sørstrønen, f. 1773, fekk skøyte på bruket og flutte hertil då broren fall burt.  G. 1798 Marta Ols dtr. Lien, f. 1779.  Born: Brita, f. 1799, g. 1827 Nils indre Tuen, s. i. T. 2, Ola, f. 1802, s. n., Mons, f. 1806, g. 1829 Anna Haldors dtr. Boga frå Fusa, b. Boga, Anna, f. 1810, d. ug. 1833, Bård, f. 1813, g. I 1838 Kari Knuts dtr. Sævild, g. II 1868 Kristi Haldors dtr. Nordvik, g. III 1882 Eli Johannes dtr. Sandvik, b. Sævild i Samnanger, s. S. B. 833, Marta, f. 1818, g. 1857 Peder Spansteigen, s. S. 1, Olaus, f. 1820, g. 1857 Bårni Sandvik, s. Berge 6, Steffen, f. 1822, d. ug. 1846.  4 born døydde unge.  Bård dreiv med fiske o. a. attåt gardsbruket.  Han døydde i 1854 og kona i 1856. 

Ola Bårdson Midthus, f. 1802, skøytte bruket etter faren i 1839 for 200 spd.  G. I 1834 Ingjerd Engjels dtr. Gjemdal, f. 1812, d. p. barseng 1851, g. II 1852 Anna Ols dtr. Lønningdal, f. 1813. Born: Bård, f. 1835, g. 1880 Kristi Raudlidi, s. Bøsæter 1, Engjel, f. 1837, kom burt på sjøen medan han tente i Gjerdevik, Marta, f. 1839, g. 1878 Nils Larsson Krokeid i Fana, s. F. B. 614, Ola, f. 1842, s. n. Anna, f. 1845, b. Fana, d. ug., Jens, f. 1848, sjømann, d. ug.  Eit barn døydde tidleg.  Fleire av desse syskeni vart gamle folk, soleis vart Bård 97 år, Marta 93, Ola 91 og Anna 84 år.  Ola Bårdson døydde i 1874 og siste kona i 1900. 

Ola Olson Midthus, f. 1842, skøytte farsbruket i 1866 og vart brukar her.  G. I 1867 Magdela Nils dtr. Lunden, f. 1837, d. 1870, g. II 1871 Anna Jens dtr. Gjemdal, f. 1843.  Born: Nils Olai, f. 1868, s. n., Inga, f. 1870, g. 1894 vegvaktar Kristian Olson Natland frå Fana, b. Natland, Agata, f. 1872, g. 1905 Nils Øvredal, s. Ø. 3, Jens, f. 1876, g. 1905 Synneva Gjemdal, s. Bø 1, Malena, f. 1877, meierske, b. Osøyri, Engjel, f. 1879, g. 1922 Gurina Bø, s. Hauge 25, Anders, f. 1884, g. Lisa Haga, i Amerika, s. O. B. II 47, Annanias, f. 1886, i Amerika, Marta, f. 1890, g. verkstadarbeidar Konrad Vetås, b. Bergen.  Ola dreiv med mur- og steinarbeid attåt gardsbruket.  Han døydde i 1933 og Anna i 1899. 

Nils Olai Olson Midthus, f. 1868, skøytte bruket etter faren i 1904 og hev det no.  G. 1897 Karina Johannes dtr. Kvittingen frå Samnanger, f. 1876.  Born: Magnus, f. 1897, d. 1918, Maria, f. 1904, hushjelp, Anna, f. 1908, g. 1933 bygningsmann Bernt Haldorson Rød, b. Bergen, Johannes, f. 1912, d. 1921, Sofia, f. 1914, g. 1940 trearbeidar Sverre Leikvoll frå Austrheim, Ovidia, f. 1917, hushjelp, Magnhild, f. 1919, g. 1941 Øystein Olavson Nøss.  Nils Olai hev vore murar og steinarbeidar likeins som faren. 


MIDTHUS 3 (Stølen). 

Johannes Bårdson Midthus, f. ikr. 1610, var i 1652 busett på plassen «Stølen» her.  Han var rekna som husmann, men hadde so mykje av garden at han i 1657 fostra tvo vaksne kjyr på plassen.  Johannes var kannhenda son åt Bård Hjelle.  Han hadde bruket i 1666, men seinare høyrer me ikkje noko um han.  Kva tid han døydde, veit me ikkje visst, men truleg var det ikr. 1685. 

Nils Danielson Søfteland, f. ikr. 1645, busette seg her ikr. 1685.  Han hadde fyrr vore busett på Haukeland, s. H. 1.  G. I Kari Haukeland, d. 1669, g. II 1671 Brita Lars dtr., f. ikr. 1653, d. 1683, g. III 1690 Sesilia Lars dtr.  Me kann ikkje finna at han hadde born i nokon av giftarmåli.  Kor lenge Nils og Sesilia var busette på «Stølen», veit me ikkje. 

Ola Paulson vart brukar etter Nils, og hadde plassen til han døydde i 1751.  Han var gift, men me veit ikkje noko um kona som var død fyrr 1750.  Dei hadde ei dotter, Brita, som var busett hjå foreldri «på husmandspladset på Møs», etter som det stend skrive um henne i skifteboki.  Ola sat godt i det, og ved skiftet etter han fekk dotteri større arv enn borni åt «gode bønder» i Os vanleg fekk etter foreldri sine.  Då Ola døydde, fall plassen attende til hovudbruki. 


MIDTHUS 4 (Stykket). 

Mikkjel Sveinson Tombra frå Hålandsdalen, f. 1698, festa ikr. 1735 eit utmarkstykke av Midthus ved grensa mot Lien og busette seg her.  Han var gift i 1726 med Guro Ols dtr. Åse frå Hålandsdalen, f. 1699, og dei hadde med seg til Midthus ein son, Knut, f. 1727, s. br. 2.  Mikkjel sat godt i det.  Han døydde i 1753. 
Ekkja Guro Ols dtr. stjorna bruket etter at mannen fall frå.  Ho døydde i 1765. 

Knut Mikkjelson Midthus, som hadde bruk 2, stjorna bruket etter at mori døydde til son hans vart vaksen.  Sjå um Knut under br. 2. 

Mikkjel Knutson Midthus, f. 1753, festa bruket hjå faren og busette seg her.  G. ikr. 1780 Brita Lars dtr. Haukeland, f. 1751.  Born: Marta, f. 1781, g. ikr. 1810 Lars Gullakson Bruabotn (Svensdal) frå Samnanger, b. Fusa.  Mikkjei tok foreldri til seg, då dei let bruket på Midthus frå seg i 1792, og dei døydde her.  Kona åt Mikkjel døydde ikr. 1816, og ei tid etter flutte Mikkjel frå plassen som vart nedlagt.  Mikkjel busette seg hjå dotteri, som då var komi til Molda, s. M. 3, og han døydde der i 1836. 


MIDTHUS 5. 

Johannes Nilsson Midthus, f. 1824, fekk ved skiftet etter mori i 1836 helvti av br. 1 for 350 spd.  I 1863 vart det nye bruket serskilt skift ut og skyldsett.  G. 1848 Ragnhild Engjels dtr. Gjemdal, f. 1813.  Born: Nils, f. 1850, s. n., Johan, f. 1856, g. Sofia Dankerts dtr. Skagen frå Årstad, b. Bergen.  Tvo gjentor døydde unge.  Johannes var bygningsmann og trearbeidar.  Han døydde i 1888 og kona i 1906. 

Nils Johannesson Midthus, f. 1850, skøytte bruket etter faren i 1880.  G. 1874 Agata Hans dtr. Sandvik frå Samnanger, f. 1846.  Born: f. 1874.  Nils var bygningsmann og trearbeidar likeins som faren.  I 1917 selde han bruket til framande, men dotteri Anna er framleis busett her.  Nils døydde i 1917 og Agata i 1910. 

Karl Olson Manger (Lid) frå Manger, f. 1888, kjøpte bruket i 1917 og busette seg her.  G. I 1912 Anna Nils dtr. Storum, f. 1885, d. 1927, g. II 1931 Elida Johannes dtr. Kårbø frå Herdla.  Born: Anna f. 1914, d. ug. 1930, Randi, f. 1916, g. 1937 Karl Sælen, s. Halhjem 5, Olga, f. 1918, hushjelp, Aslaug (tvilling), f. 1923, Kari, f. 1933, Marta (tvilling), f. 1935, Johannes, f. 1935, Anna f. 1938.  Tvo gutar døydde unge.  I 1920 let Karl bruket frå seg og reiste attende til Manger, der han seinare hev kjøpt seg gard på Vågenes i Hordabø. 

Nils Tomasson Midthus, som hadde br. 1, overtok bruket etter odelsløysing i 1920.  Sjå um Nils under br. 1. 

Kriatian Larsson Hjemdal skøytte bruket saman med bruk 1 i 1924 og er eigar no.  Sjå under br. 1. 

Johannes Mikalson Haugsvær frå Masfjorden, f. 1900, vart paktar på bruket her og på br. 1 i 1931.  G. 1930 Margit Arnes dtr. Bauge frå Masfjorden, f. 1902.  Born: Målfrid, f. 1933, Gerd, f. 1934, f. 1938, Magne, f. 1939.  Johannes hadde fyrr han kom til Os vore paktar på Rå i Fana.  I 1940 flutte han til Hope i Masfjorden for å ta mot farsbruket åt kona.  Jon Solheim frå Sæbø er no styrar på bruket her.