SPANSTEIGEN (Heggeland)

Frå OS SOGA III side 740 – 745 


77. SPANSTEIGEN (Heggeland) 

Det gamle gardsnamnet tyder eit jordstykke, ein teig, av eit spand i storleik, i dette høve eit spand smør i skyld.  Garden fekk seinare Heggeland som «skrivenamn», då den vart matrikulert som eigen gard.  Det var tvillaust mykje hegg på teigen i dei dagar.  

Uttale: Spa’nnstegen.  

Skrivemåtar: Spangsteigh (1620), Spantzteigh (1624), Kiercheteigh (1631), Pansteig (1645), Hoglannd (1646), Heegland, Hegland øde (1650), Spansteig (1657), Spandsteg (1659), Heggeland (1666).  

Garden er uppteken frå Midthus ikring 1620 og ligg attmed denne garden.  Dei som åtte Midthus ikr. 1600 gav då, av ein eller annan grunn, denne teigen til Os kyrkja, og han vart difor kalla både Spandsteigen og Kyrkjeteigen i dei fyrste åri.  Kyrkja fekk straks den vesle teigen her, likeins som Hetleflåten, s. d., utskild og matrikulert som serskild gard.  Oskyrkja åtte Spansteigen tildess brukaren kjøpte i 1839. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668:
Saar ½ tønde, afler 1½ tdr., 1 lidet støche slet march, foruden fehagge, af ringe verdj.  
1723: Ingen sætter eller ringeste skoug, ingen quern eller fiskerie, slet og ringe jordart, ingen udmarch til fæbete.  
1865: Har 3 maal dyrket ager og eng hvoraf altsammen er slet, har 19 maal naturlig england, deraf 3 maal godt, 6 middels og 10 slet, har intet som kan dyrkes.  Har ingen skog til brændefang eller andet husbehov, føder 1 ungnød ved lyng som kjøbes, er meget letbrugt og almindelig drevet. 

Busetnad og buskap.

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571        
16681  3   0,5tun 
17231  32  0,8» 
180016       
183513 366 1,5»1,5tun.
186514 4137 2,3»2,5tun.
190019 48  1hl.5hl.
192014 43 11mål1,5mål
193018 24 1 »1»
1939   48 4 »2»


SPANSTEIGEN 1. 

Jon Spansteigen er fyrste mann som me finn nemnd her, og det er truleg han som hev rydja garden.  Fyrste gong me høyrer noko um han er i 1620, då han og Lars Rød var saman i eit brudlaup.  Dei kom i håri på einannan, og Lars stakk Jon i låret med tollekniven sin.  Jon var skattefri til 1630 og lagde seinare skatt som øydegards- eller rydjingsmann.  I skatteboki vart han stundom skriven som Jon Spansteigen og stundom som Jon Kyrkjeteigen.  Han hadde bruket til 1644. 

Fabian Pederson Midthus vart brukar her i 1644.  Han hadde fyrr vore busett på Midthus og Gåssand.  Sjå um han under Gåssand 1 og Midthus 2. 
Då Fabian vart gamall, greidde han ikkje stjorna bruket sjølv, men måtte lata andre stella med det.  I 1666 vart det skrive i skattelista at «bruget ligger hos Midthus», med di det då var brukarane på Midthus som stjorna Spansteigen. 

Jakob Johannesson Tveit, f. ikr. 1640, som var brorson åt Fabian, bygsla bruket i 1667.  Jakob hadde fyrr freista å få seg eit bruk på Midthus, men greidde det ikkje, s. Midthus 1.  Han var gift med ei som heitte Magdela, men elles veit me ikkje noko um huslyden hans.  Jakob sat smått i det, og alt året etter bygslingi vilde Henrik Loss jaga han frå bruket, då han resta 2 dalar på bygslepengane og heile landskyldi for 1667, som var 4½ ort.  Han slapp likevel å fara frå bruket då, men ikr. 1683 flutte han.  Kvar det vart av han, veit me ikkje. 

Ola Spanasteigen, f. ikr. 1659, vart brukar då Jakob flutte burt.  Kona hans, som heitte Brita, var fødd ikr. 1646.  Born: Mons, f. 1685, Torbjørn, f. 1690, Brita, f. 1692, g. 1729 Lars Gjemdal, s. Lepsøy 5, Johannes, f. 1694, Nils, f. 1697.  Kvar Ola og Brita var frå, veit me ikkje.  Dei sat sverande smått i det og vart dei fleste åri rekna som reine fatigfolk.  Då foreldri fall frå, måtte sønene reisa ut, og me finn ingen av dei att i Osbygdi.  Ola døydde alt i 1701. 
Ekkja Brita Spansteigen stjorna bruket nokre etter at mannen fall frå, men i 1706 måtte ho lata det frå seg.  Ho døydde i 1709. 

Erik Olson Gjemdal, f. 1677, bygsla bruket i 1706.  Han vart gift i 1702 med Marta Torgeirs dtr., og hadde sidan 1698 vore brukar på Tømmernes, s. T. 1.  Erik greidde seg noko betre enn fyremannen, men han sat ikkje lett i det.  Han let bruket frå seg ikr. 1725 og døydde i 1737. 

Nils Sanderson Gangstø frå Fusa, f. 1695, bygsla bruket ikr. 1725.  G. I 1724 Marta Lars dtr. nedre Rød, f. 1798, d. 1733, g. II 1733 Synneva Rasmus dtr. Trengereid frå Haus, f. ikr. 1697, d. p. barseng 1734, g. III 1735 Anna Ols dtr. Gangstø frå Fusa, f. 1705.  Born: Lars, f. 1730, Dordi, f. 1734, Mons, f. 1738, Gjertrud, f. 1742, Marta, f. 1745.  Tvo born døydde unge.  Nils sat tungt i det likeins som fyremennene, og i uåret 1743 måtte han få ei halv tunna korn av «Kongens nådegave til de fattige» for ikkje å svelta ihel.  Han greidde seg ikkje på bruket, og i 1747 flutte han frå garden og frå Osbygdi.  Kvar det vart av han og huslyden hans, veit me ikkje. 

Johannes Hansson øvre Boga frå Fusa, f. 1698, bygsla bruket då Nils flutte burt.  G. 1730 Brita Johannes dtr. Tysse frå Samnanger, f. 1698.  Born: Johannes, f. 1730, g. 1756 Magdela Røttingen, s. R. 1, Hans, f. ikr. 1735, g. 1765 Jørna Gjemdal, s. øvre Rød 1, Kari, f. ikr. 1737, g. 1773 Tomas Lyssand, s. L. 3.  Johannes sat betre i det enn fyremennene og greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1762 og kona i 1776. 

Johannes Knutson vart brukar her i 1756.  Um han hadde bruket på Johannes Hansson si bygsla, eller um han hadde feste på det sjølv, er uvisst.  Det fyrste er mest trulegt.  Kvar Johannes var frå, veit me ikkje, og me kjenner heller ikkje til um han var gift eller ungkar.  Han flutte frå bruket i 1774. 

Hans Nilsson Midtsæter, f. 1746, bygsla bruket i 1774 og busette seg her.  G. 1770 Eli Eriks dtr. øvre Rød, f. 1744.  Hans greidde seg ikkje på bruket, og i 1784 let han det frå seg.  Han busette seg då i Ølskoro under Lien, s. L. 2, der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Torstein Haugneson Jarland frå Samnanger, f. 1757, bygsla bruket i 1785.  G. 1782 Brita Johannes dtr. Haug frå Samnanger, f. 1754.  Born: Johannes, f. 1787, s. n., Haugne, f. 1789, g. I 1828 Anna Nils dtr. Hope, g. II 1834 Ragnhild Engjels dtr. Tysse, b. Tysse i Samnanger, s. S. B. 765, Torstein, f. 1795, skulehaldar, g. 1833 Agata Eivinds dtr. Jarland (syskinborn), b. Gaupholm i Samnanger, s. S. B. 791, Magdela, f. 1798, g. I 1827 Haugne Eivindson Jarland i Samnanger (syskinborn), g. II 1838 Jon Vinsjansson Holmefjord, g. III 1841 Peder Vinsjansson Holmefjord, b. Jarland, s. S. B. 660.  3 born døydde unge.  Torstein dreiv med fiske o. a. og sat tolleg godt i det.  Han døydde i 1809.  
Eldste sonen åt Torstein, Johannes, vart utskriven til hertenesta i 1807 og måtte ut i ufreden 1808.  Han var 64 tumar høg og vart «befunden dygtig» til soldat utan merknad.  Broren Haugne, som var ein tume høgare enn Johannes, vart utskriven i 1810 og måtte til grensa året etter.  Begge var med til ufreden enda i 1814.  Yngste broren Torstein skulde utskrivast i 1815, men då han same hausten vart skulehaldar etter Nils Hjelle, slapp han hertenesta.  Under bolken «Lærarar», s. O. B. I 366, stend at han slutta læraryrket i 1819.  Dette er eit mistak, då han heldt ved til 1825. 
Ekkja Brita Johannes dtr. hadde bruket eit par år etter at mannen fall frå.  I 1812 let ho bruket frå seg til sonen, men ho livde radt til 1835. 

Johannes Torsteinson Spansteigen, f. 1787, bygsla bruket etter mori i 1812.  G. I 1812 Anna Ols dtr. Os, f. ikr. 1775, d. 1832, g. II 1834 Marta Engjels dtr. Gjemdal, f. 1800.  Born: Anna, f. 1835.  Johannes dreiv med sjøen likeins som faren, men sat mykje tyngre i det enn han.  Johannes døydde alt i 1836. 
Ekkja Marta Engjels dtr. hadde so bruket eit par år. 

Peder Bergeson ytre Haugland, f. 1792 på Fet i Kvinnherad, vart gift med ekkja Marta Engjels dtr. i 1838 og kjøpte bruket i 1839 for 50 spd. kontant og 5 skjepper bygg i årleg avgift.  Peder hadde fyrr havt eit bruk i Skogen, s. S. 2, og vart fyrste gong gift i 1820 med Magdela Ols dtr. Os, f. ikr. 1797, som var syster åt fyremannen si fyrste kona. 
Marta Engjels dtr. døydde i 1856, og Peder gifte seg att året etter med Marta Bårds dtr. Midthus, f. 1818.  Born: Berge, f. 1821, g. I 1851 Gjertrud Jakobs dtr. indre Tven, g. II 1867 Ingeborg Jons dtr. Ådland, b. Matland i Fusa, Johannes, f. 1824, b. Torvastad ved Haugesund, Marta, f. 1839, g. Anders Larsson Smådalen i Fana, s. F. B. 531, Johanna, f. 1844, g. Hans Hansson Lunden, b. Bergen.  Siste kona hadde med seg til Spansteigen sonen Ola, f. 1846, s. n.  Peder døydde i 1875 og Marta i 1887. 

Ola Olson Tveit, f. 1846, skøytte bruket i 1871 etter mori og stykfaren og vart buande her.  G. 1872 Anna Engjels dtr. Gjemdal, f. 1849.  Born: Engjel, f. 1872, gjekk i isen på Tveitavatnet og drukna 1884, Peder d. e., f. 1874, drukna samstundes med broren, Martin, f. 1876, s. n., Lars, f. 1877, s. n., Severin, f. 1878, arbeidsformann og entreprenør for grunnarbeid, g. b. Stavanger, Anna, f. 1882, hushjelp, b. Bergen, Engelina, f. 1885, g. 1915 Hans Knutson Berland frå Hålandsdalen, b. Berland, Peder d. y., f. 1887, s. n., Engjel d. y., f. 1890, målar, d. ug. 1919.  Ola var murar og steinarbeidar og hadde mange store arbeid.  Han hadde ymse kommunale yrke og var m. a. med i heradstyret 1882 -1885.  Ola døydde i 1929 og Anna i 1939. 

Lars Olson Spansteigen, f. 1877, var busett her ei tid.  Han reiste til Amerika i 1907 og var der til 1912, då han kom att til Bergen og byrja med matstova der.  Etter storbranden i 1916 tok han til att som smed, det han ogso fyrr hadde vore.  I 1923 reiste han attende til Amerika. 

Martin Olson Spansteigen, f. 1876, som hadde fenge skøyte på bruket alt i 1893, tok bruket sjølv i 1924.  G. Gurina Frøyset frå Masfjorden.  Born: Olaf, f. 1914, Edvard, f. 1917, Harald, f. 1926, Erling, f. ikr. 1929.  Martin var murar og vegarbeidar.  I 1926 let Martin bruket frå seg til broren og huslyden flutte attende til Masfjorden.  Martin døydde i 1939 og kona ikr. 1936. 

Peder Olson Spansteigen, f. 1887, kjøpte bruket av broren i 1927 og busette seg her.  G. 1917 Severina Lars dtr. Hatvik, f. 1896.  Born: Alf, f. 1918, trearbeidar, Signe, f. 1919, butikkgjenta, Liv, f. 1921, hushjelp, Olaf, f. 1924, Erling, f. 1929.  Peder dreiv i mange år som anleggsgartnar og er no vegvaktar på bygdevegane i Os.  I åri 1909 – 1912 var han i Amerika.  Peder og huslyden brukar etternamnet Heggeland.