ØVRE RØD

Frå OS SOGA III side 758 – 766 


79. ØVRE RØD. 

Namnet er det gamallnorske rud, rydjing, ein ny gard.  Det gamle tunet på garden låg høgare uppe i bakken enn grannegarden, og garden fekk difor namnet øvre Rød. 

Uttale: Rø.  

Skrivemåtar: Rod (1518), Rwdt (1519), Roudt (1563), Roed (1567), Rødt (1591), Rød (1603), Røø, Rødtt, Røed, Røe. 

Garden ligg øvst i Hegglandsdalen under Rødsfjellet, der dalen endar ved Samnangerfjorden.  Øvre Rød var Lyseklostergard tildess brukarane kjøpte i 1874. 

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668:
Saar 3 stadtztønder, afler 10 tdr., god ager og eng, med temmelig fehagge og noget bodtnerskoug i Røersbodtnen som ligger under jorden, tilsagt at forbedre sin jord og at plante homblehagge.  
1723: Ingen sætter, men skoug til brendefang og lidet til husenes forbedring, ingen qvern eller fiskerie, aarvand og tungvunden, ringe.  Har ingen næring uden af gaardens afling.  
1865: Har 8 maal dyrket ager og eng, deraf 4 maal godt, 2 middels og 2 slet, har 63 maal naturlig england, hvoraf 7 maal godt, 30 middels og 26 slet, intet af englandet kan dyrkes.  Har skog til brændefang og lidt til husreparation, har adgang til lyngskjæren, er tungvint at bruge og almindelig drevet. 

Busetnad og buskap.

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16571 11248   
16682 11410  3tun 
17232 11412  4» 
1800210       
18352161121614 8»4tun.
1865212 154918 8»5,5tun.
1900214311212117hl.12hl.
192031831214 49mål3,5mål
193031431128 1 »3»
1939  51237 3 »2»


ØVRE RØD 1. 

Svein og Aslak Rød var brukarar på Rød i 1519, og er dei fyrste menn som me finn namngjevne på garden.  Den eine hadde tvillaust øvre Rød og den andre nedre Rød, men kven som var her og der, veit me ikkje. 

Nils Rød er nemnd som brukar i 1521.  Me veit ikkje um han var busett på øvre eller nedre Rød. 

Peder Rød var brukar i 1563.  Det er då berre nemnd ein mann på Rød, men tvillaust var det tvo då som tidlegare.  Um Peder var busett på øvre eller nedre tunet, veit me ikkje, men det er mest truleg at han hadde øvre Rød. 

Me finn ikkje nemnd nokon brukar på øvre Rød i 1590 åri.  Brukaren på nedre Rød heitte då Endre, men me kann ikkje finna at han hadde noko med øvre Rød å gjera.  Me veit ikkje noko um kven som stjorna garden her i desse åri. 

Ola øvre Rød hadde garden i 1600.  Kannhenda hadde han ogso vore brukar i 1590 åri, utan å vera medteken i skattelistone. 

Nils øvre Rød vart brukar i 1603.  Han sat tolleg godt i det dei fyrste åri, men det gjekk nedover med han, og etter 1620 vart han radt fatigmann.  Kvar han og fyremennene hans var frå, veit me ikkje. 

Albrigt Andersson indre Haugland, f. ikr. 1604, bygsla garden i 1629.  Han vart same året gift med Synneva Taralds dtr., som tvillaust var dotter åt Tarald Røttingen.  Synneva døydde i 1670, og Albrigt gifte seg straks att med ei som heitte Anna, men som me elles ikkje veit noko um.  Albrigt fekk fyrste barnet i 1629, fyrr det var gjenge 40 vikor etter brudlaupet, og for det måtte han leggja ei sver bot.  Av borni kjenner me: Rasmus, f. 1629, s. Mobergslien 2, Brita, f. ikr. 1635, g. ikr. 1665 Lars Lepsøy, s. L. 4, Anders, f. ikr. 1643, s. n., Tora, som var ugift i 1670 åri.  Jens østre (øvre) Rød, som var med i stridene ved Halden 1660 og som ikkje kom heimatt, var truleg son hans og likeins Anders Midtaæter, s. M. 1.  Albrigt sat godt i det.  Då han let garden frå seg i 1670, vart øvre Rød skift i tvo partar, s. br. 2, og sonen fekk største parten, s. n.  Albrigt døydde i 1682. 

Anders Albrigtson øvre Rød, f. ikr. 1643, bygsla dette bruket etter faren i 1670.  G. 1669 Kari Peders dtr. Berge, f. ikr. 1650.  Born: Peder, f. 1669, Ingjerd d. e., f. 1670, d. ug. 1737, Johannes, f. 1675, Ingjerd d. y., f. 1680.  Ei gjenta døydde ung.  Anders greidde seg ikkje på bruket her, og i 1680 flutte han til Hetleflåten og seinare til Lysøy, der ein finn meir um han.  Borni reiste ut, og me finn dei ikkje att i Osbygdi.  På sine gamle dagar kom Anders attende til Rød og døydde her i 1721. 

Johannes Monsson, f. ikr. 1657, bygsla bruket i 1680 då Anders flutte.  Kvar Johannes var frå er uvisst, men kannhenda var han son åt Mons Gjemdal.  Elles er det like truleg at han ikkje var frå Os.  G. 1692 Eli (Elna) Fredriks dtr. Tveit frå Fusa, f. ikr. 1657.  Born: Brita, f. 1692, s. br. 2, Synneva, f. 1694, s. n, Hans, f. 1698, g. 1735 Agneta Berge, s. B. 1.  Fire born, millom desse eit tvillingpar, døydde unge.  Johannes døydde alt i 1705. 

Peder Erikson Øvreide, f. 1679, vart i 1706 gift med ekkja Eli Fredriks dtr. og fekk bygsla bruket.  Eli døydde i 1737, og Peder gifte seg att same året med Marta Nils dtr. nedre Rød, f. 1685, som fyrr hadde vore gift med Mons nedre Rød, s. n. R. 2.  Peder fekk eit barn som døydde tidleg.  Han var ein drivande kar og sat tolleg godt i det.  Då han let bruket frå seg i 1731, vart det teke noko av bruket her og lagt til bruk 2, slik at begge bruki på garden vart jamstore.  Peder og Marta døydde begge i 1748. 

Erik Jørgenson indre Moberg, f. 1703, vart i 1731 gift med Synneva Johannes dtr. øvre Rød, f. 1694, og fekk bygsla bruket etter vermori og siste mannen hennar.  Erik var brorson åt Peder, og dei stjorna bruket ihop so lenge dei livde.  Erik og Synneva fekk 9 born, men berre tvo av dei kom livande til verdi: Johannes, f. 1737, g. 1761 Guro Tveit, s. T. 2, Eli, f. 1744, g. 1770 Hans Midtsæter, s. Spansteigen 1.  Erik hadde vore busett på ytre Haugland, s. y. H. 3, fyrr han kom til Rød.  Han sat tungt i det og streva hardt for å greida seg.  Erik døydde alt i 1748, same året som fyremannen fall frå. 
Ekkja Synneva Johannes dtr. hadde so bruket eit par år.  Ho døydde ikr. 1766. 

Hans Johannesson Tveit, f. 1723, bygsla bruket i 1750.  G. I 1750 Gjertrud Nils dtr. Gåssand, f. 1727, d. 1761, g. II 1762 Kari Kristoffers dtr. Bø, f. 1729.  Born: Nils, f. 1752, d. ug. 1780, Anna, f. 1754, Kristi, f. 1758, Mari, f. 1759, g. 1791 Ingebrigt Sørstrønen, s. S. 1, Kari, f. 1760, d. ug. 1794, Gjertrud, f. 1763, Marta, f. 1768.  Ei gjenta døydde ung.  Hans sat sverande tungt i det og greidde ikkje sitja med bruket.  I 1764 flutte han frå Rød, og nokre år etter finn me han skriven for Hans Haugen.  Kvar han var busett då, veit me ikkje, men det var ikkje i Osbygdi.  Seinare kom han attende til Os og busette seg i Bøkrake, s. Bø 7, der me finn meir um han.  Døtterne, som alle var ugifte i 1784, reiste ut, og me finn berre ei av dei att i Osbygdi. 
Då Hans kom til Rød i 1750, var desse husi på bruket hans: Ei liti røykstova med timbra kove og ei vedskytja attåt, ei sengebud med 3 svaler ikring, eit fjos med skot, hestestall og sauehus.  Den gamle gardstova på tunet, eldhuset og løda hadde begge grannane ihop, men ein timbra kove i gangen attmed gardstova rådde Hans over åleine.  Sume av husi var skrale so at Hans måtte leggja 7 dalar i åbod, og han resta ogso 11 dalar på bygslepengane.  For dei skuldige 18 dalane tok jordeigaren godseigar Formann desse tingi i pant: 4 svart- og kvitrosutte kjyr med horn, verd frå 3 til 4 dalar kvar, ei svart botutt vetrungs kviga 2 dalar og ei stor gryta 2 dalar.  

Hans Johannesson Spansteigen, f. ikr. 1735, bygsla bruket i 1764.  G. 1765 Jørna Nils dtr. Gjemdal, f. 1741.  Av 7 born vaks 5 upp: Mari, f. 1766, s. n., Johannes, f. 1770, d. ug. ikr. 1790, Brita, f. 1773, g. 1804 Arne Kuven, s. K. 2, Nils, f. 1775, gesell hjå Bernt Vedeler, vart utskriven til sjøvernet i 1803 og var med i ufreden 1808 – 1812, b. Bergen, Anna, f. 1778, g. b. Bergen.  Hans sat tolleg godt i det.  I midten av 1780 åri vart han sjukleg og tok gardstyrar, s. n.  Hans døydde i 1793 og Jørna i 1810.  

Jon Olson, f. ikr. 1758, vart gardstyrar hjå Hans ikr. 1785.  Kvar Jon var frå er uvisst.  Ved giftarmålet sitt vart han skriven for Jon Midthus, og truleg tente han på Midthus då.  G. 1781 Barbru Ols dtr. Tveit, f. 1756.  Born: Mari, f. 1781, g. 1812 Ola Morteinson Gjerdevik, b. Bergen, Johannes, f. 1786, g. 1834 e. Dordi Johannes dtr. Tombra, b. Tombra, (son: Johannes, f. 1821, s. Kuven 5), Guro, f. 1792, ug. 1835, Anders, f. ikr. 1794, ug. 1835, Hans, f. 1796, Ola, f. ikr. 1798, g. 1828 Marta Nils dtr. Bjøndal, b. Bjøndal.  I 1792 flutte Jon frå Rød og busette seg i Rennesvik, Hålandsdalen.  Han døydde der i 1834 og kona i 1836. 

Arne Arneson Heggland, f. 1768, vart i 1794 gift med Mari Hans dtr. øvre Rød, f. 1766, og hadde alt året fyrr fenge bygsla bruket etter verfaren.  Mari døydde i 1804, og Arne gifte seg att same året med Guro Mattis dtr. Lønningdal, f. 1763.  Born: Hans, f. 1797, s. n., Arne, f. 1800, Peder, f. 1803, g. 1826 Anna Hans dtr. Opsal frå Fusa, Johannes, f. 1803, g. 1837 Guro Osøyri, s. O. 1, Nils, f. 1805, g. 1831 Mari Bø, s. Lien 2.  Tvo born døydde unge.  Arne dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1851 og Guro i 1829. 

Hans Arneson øvre Rød, f. 1797, fekk bygslesetel på halve bruket i 1823 og bygsla resten i 1830.  G. 1816 Ingeborg Størks dtr., f. ikr. 1782.  Born: Mari, f. 1816, g. 1842 Mons Berge, s. Midtsæter 2, Guro, f. 1819, Sigrid, f. 1822, s. n., Jørna, f. 1828, g. 1855 Tomas Midthus, s. M. 1.  Ingeborg var skrivi for Moberg då ho vart gift, men ho hadde ikkje ætti si der.  Kvar ho var frå, veit me ikkje.  Ho døydde i 1862, og Hans gifte seg att i 1865 med Magdela Nils dtr. Utgjerdet (Tveit), f. p. Øvreide 1825.  Han flutte då til Utgjerdet, s. Tveit 3, der ein finn meir um han. 

Steffen Steffenson Grindevoll, f. 1821, vart i 1852 gift med Sigrid Hans dtr. øvre Rød, f. 1822, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  I 1874 kjøpte han det av Lysekloster for 450 spd.  Born: Kari, f. 1852, g. 1883 Ola Lien, s. Bø 11, Ingeborg, f. 1855, d. ug. 1926, Steffen, f. 1858, s. n., Hans, f. 1862, g. 1906 Engelina Holmefjord, s. Røykenes 2.  Steffen hadde ymse tillitsyrke i bygdi og var medlem av heradstyret 1876 – 1879.  Han dreiv med treskoarbeid o. a. attåt gardsket.  Steffen døydde i 1905 og Sigrid i 1890. 

Steffen Steffenson øvre Rød, f. 1858, skøytte bruket i 1884 etter faren.  G. I 1884 Kari Tomas dtr. Midthus, f. 1861, d. 1910, g. II 1913 Dordi Lars dtr. Heggland, f. 1861.  Born: Steffen, f. 1886, s. n., Tomas, f. 1890, i Amerika, s. O. B. I 48, Jørgen, f. 1893, i Amerika, Severin (tvilling), f. 1902, g. 1929 Ragnhild Hanssen (Tveit), b. p. Karmøy, Ingvald, f  1902, målar, g. 1936 Berta Rødne frå Samnanger, b. Søfteland.  5 born døydde unge.  Steffen dreiv med treskoarbeid o.a. trearbeid attåt gardsbruket.  Han døydde i 1939. 


Steffen Steffenson øvre Rød, f. 1886, skøytte bruket etter faren i 1916 og vart busett her.  G. 1911 Inga Johannes dtr. Ådland f rå Fusa f. 1881.  Born: Kari, f. 1912, hushjelp, Steffen, f. 1914, s. n., Johannes, f. 1916, trearbeidar, Marta, f. 1821, hushjelp.  Steffen er målar og hev ogso vore vegvaktar i mange år. 

Steffen Steffenson øvre Rød, f. 1914, skølytte farsbruket i 1936 og hev det no.  G. 1939 Anna Holvik frå Selja i Nordfjord, f. 1911.  Steffen er trearbeidar. 


ØVRE RØD 2 

Ola Hansson Ådland frå Fusa, f. ikr. 1643, fekk bygsla dette bruket, då øvre Rød i 1670 vart skift i tvo partar.  Bruki vart ikkje jamstore, og Ola fekk til å byrja med berre ein fjordepart av garden.  G. I 1671 Anna Mons dtr. Gaugstad frå Fusa, f. ikr. 1648, d. 1687, g. II 1688 Ragna Ols dtr., f. ikr. 1655.  Born: Kristi, f. ikr. 1675, g. 1704 Paul ytre Haugland, s. y. H. 4, Lars, f. 1682, g. 1715 Barbru Lunden, s. L. 2. Hans, f. 1685, Anna, f. 1689.  Det er mykje truleg at anten Ola eller fyrste kona hans var i ætt med den nye kona på br. 1 og fekk difor bygsla her.  Ola døydde i 1695 og Ragna i 1693. 

Ola Nilsson Ådland frå Fusa, f. ikr. 1656, bygsla bruket i 1696 og busette seg her.  G. I 1697 Anna Hans dtr., f. ikr. 1640, d. 1704, g. II 1704 Anna Ols dtr. Gjemdal, f. 1674.  Av 7 born vaks 4 upp: Marta, f. 1705, Hans, f. 1708, s. n., Anders, f. 1711, var kjipar (bøkkar) i Bergen, Nils, f. 1716, g. 1743 Anna Haukeland, s. H. 1.  Kvar fyrste kona var frå er uvisst, men me kann tru at ho var frå Strandvik, då trulovingi gjekk fyre seg der.  Ola sat tolleg godt i det.  Han døydde i 1747 og siste kona i 1748. 

Hans Olson øvre Rød, f. 1708, bygsla farsbruket i 1731.  Han fekk samstundes bygsla so mykje av br. 1 at begge bruki vart jamstore.  G. 1731 Brita Johannes dtr. øvre Rød, f. 1692.  Dei fekk tvo born, som begge døydde unge.  Hans var ein drivande kar og arbeidde seg fram til ein velstandsmann.  Då han døydde, hadde han mykje pengar og sylvsaker, og attåt det hadde han 11 kjyr, 3 kviger, 1 stut og ein god slump småfe standande på båsen.  Hans døydde i 1771 og Brita i 1772. 
Hans hadde desse husi på bruket sitt: Ei liti røykstova, sengebud, fjos med ei stor sval attåt, stall, sauehus og ei vedskytja attåt stallen.  Den gamle gardstova på tunet, løda og eldhuset hadde begge bruki ihop.  Eldhuset stod for nær dei andre husi, og Hans og grannen fekk påbod um å flytja det lenger upp i bakken.  Løda var for liti, men grannane fekk no påbod um å byggja ut ei sval som stod på vestre sida og setja «årgeved», skiljevegg, etter mønet langs heile løda.  Hans fekk vestre halvparten av løda og grannen den austre parten.  Begge bruki hadde naust, men dei var til nedfalls og ubrukande i 1750 åri. 
I grensa millom øvre Rød og Lien var skiftegjerde som gjekk radt til sjøen.  Skiftet mot Gjemdal gjekk ikkje etter visse merke, men berre «efter kand og sagn».  I skiftet millom øvre og nedre Rød var skiftemerke på bøen, men utmarki var sams for begge gardane og kjyrne gjekk ihop. 
Kvar brukar hadde likevel sine visse skog- og vedteigar i marki.  

Eivind Eivindson Kolle frå Fusa, f. 1747, bygsla bruket i 1774.  I 1796 fekk han serskilt bygslesetel på eit stykke, «Bjøndalsneset».  G. I 1773 Eli Halvards dtr. Holmefjord frå Fusa, f. 1744, d. p. barseng 1774, g. II 1775 Anna Anders dtr. Hauge frå Strandvik, f. 1747, d. 1796, g. III 1797 e. Brita Pauls dtr. Ørnes, f. ikr. 1760.  Born: Engjel, f. 1776, d. 1792, Anders, f. 1779, sjømann, g. 1806 Anna Birgitte Aksels dtr., b. Bergen, (eldste son deira Eivind, f. p. Rød, vart busett på Drage i Selja), Eli, f. 1792, s. n.  Eivind dreiv som eit slag dyrlækjar og var hesteskjerar.  I 1787 tok Stein Lønningdal han for retten, avdi han hadde hogge langt aust um skiftet, men Eivind greidde seg.  Eivind Rød er ein av hovudpersonane i det spelstykket som Mikael Sandberg skreiv ikr. 1800, s. Osøyri 1.  Eivind døydde i 1815, og ekkja Brita Pauls dtr. gifte seg att i 1818 med ein ekkjemann Daniel Arneson Sund.  

Johannes Olson Haukeland, f. 1788, vart i 1811 gift med Eli Eivinds dtr. øvre Rød, f. 1792, og fekk bygsla bruket etter verfaren same året.  Eli døydde på barseng i 1812, og Johannes gifte seg att året etter med Marta Ols dtr. Eide, f. 1792.  Born: Ola, f. 1813, g. 1851 Marta nedre Rød, s. n. R. 1, Mons, f. 1817, d. ug. 1883, Magdela, f. 1820, g. 1846 Torbjørn nedre Rød, s. n. R. 1, Eli, f. 1822, g. 1859 Anders Larsson Vinnes frå Strandvik, Brita, f. 1825, d. ug. 1869, Eivind, f. 1828, g. 1859 Kari Sveins dtr. Eikhaug (Søfteland), b. Skåtun i Strandvik, Marta, f. 1832, d. ug. 1857, Anna f. 1834, s. n.  Johannes fekk spillesykja og døydde alt i 1842. 

Peder Engjelson Søfteland, f. 1809, vart i 1843 gift med ekkja Marta Ols dtr. og fekk bygsla bruket same året.  I 1874 kjøpte han det av Lysekloster for 500 spd.  Peder dreiv treskoarbeid attåt gardsbruket.  Han døydde i 1886 og kona i 1880. 

Nils Johannesson Bø, f. 1847, vart i 1876 gift med Anna Johannes dtr. øvre Rød, f. 1834, og fekk same året skøyte på bruket etter vermori og siste mannen hennar.  Born: Peder, f. 1878, s. n.  Nils var murar og bygningsmann.  Han døydde i 1924 og kona i 1909. 

Peder Nilsson øvre Rød, f. 1878, skøytte farsbruket i 1903 og hev det no.  G. 1901 Anna Annanias dtr. Tveit, f. 1878.  Born: Anna, f. 1902, meierske, b. Bergen, Maria, f. 1905, g. 1937 Hans Eide, s. E. 1, Inga, f. 1908, meierske, b. Bergen, Nils, f. 1910, målar, g. 1941 Ingeborg Hammer frå Strandebarm, Annanias (tvilling), f. 1913, målar, Hilda, f. 1913, gartnar.  Peder er målar og driv med rosemåling og onnor målarverksemd.