LIEN
Frå OS SOGA III side 776 – 783

81. LIEN.
Namnet kjem av at garden ligg i ei åslid.
Uttale: L’io.
Skrivemåtar: Liidt (1591), Lid (1597), Lijd (1600), Liid, Lij, Lien (1614), Lije, Liie, Lii, Li, Lied, Lidt, Lienn.
Garden ligg i ei lid rett overfor Tveit på den sida av åsen som vender mot Fusafjorden. Lien er truleg ein gamali gard som vart liggjande aude etter Mannadauden, og kom fyrst fram att som gard ikring 1590. Garden var då ått av fleire bønder, og brukaren åtte sjølv noko i den. I 1648 selde eigarane garden til Axel Mowatt, og den kom dermed i baroniet Rosendal si eiga. Baroniet åtte garden tildess brukaren kjøpte i 1919.
Or gamle matriklar og teljingar
1668: Saar 2 stadtztønder, afler 7 tdr., ret god agger og eng sampt fehagge som uden gaarden kand vel bebygges dend uden skade, paalagt sin gaard meere at udlegge, hafe homblehagge.
1723: Ingen sætter, har fornøden brendefang og ei videre, ingen qvern eller fiskerie, slet jord og tungvunden. Har ingen næring uden af gaardens aufl.
1865: Har 4 maal dyrket ager og eng, deraf 2 maal godt, 1 middels og 1 slet, har 90 maal naturlig england, hvoraf intet godt, 10 maal middels og 80 maal slet, intet av englandet er dyrkbart. Har skog til brendefang og sælger birk, or og haslebaand for 5 spd. aarlig, føder 2 kjør ved løv og skav, er tungvint at bruge og almindelig drevet. Lider tildels af tørke.
Busetnad og buskap.
| Hus- | Menne- | Hes- | Stor- | Sma- | Gjei- | Svin. | Utsåd | Utsåd | |||
| lydar. | skje. | tar. | fe. | ler. | ter. | korn. | poteter. | ||||
| 1657 | 1 | 8 | |||||||||
| 1668 | 1 | 1 | 10 | 12 | 2 | tun | |||||
| 1723 | 1 | 9 | 4 | 2,5 | » | ||||||
| 1800 | 3 | 13 | |||||||||
| 1835 | 1 | 12 | 16 | 6 | 10 | 4 | » | 2,5 | tun. | ||
| 1865 | 2 | 18 | 13 | 36 | 1 | 4 | » | 5,5 | tun. | ||
| 1900 | 1 | 11 | 1 | 10 | 19 | 1 | 4 | hl. | 6,5 | hl. | |
| 1920 | 2 | 11 | 1 | 7 | 15 | 1 | 2,2 | mål | 2,5 | mål | |
| 1930 | 1 | 6 | 1 | 9 | 28 | 1 | 2 | 0,8 | » | 2 | » |
| 1939 | 1 | 9 | 22 | 1 | 0,8 | » | 2 | » | |||
LIEN 1.
Helje Lien var brukar i 1591, og det er truleg han som tok garden uppatt etter at den hadde vore øydegard i halvtridje hundrad år. Helje lagde skatt som øydegardsmann (rydjingsmann).
Hans Lien bygsla garden i 1611. Han hadde dei fyrste åri bruket saman med Helje, som truleg var far eller verfar hans, men frå 1615 var han brukar åleine. Kvar Hans og Helje var frå, veit me ikkje, og me hev heller ikkje greida på um dei åtte noko i garden eller ikkje.
Eivind Endreson nedre Rød vart brukar i 1624. Han vart likeins som fyremennene rekna som øydegardsmann dei fyrste åri, men kom um ikkje lenge med millom dei vanlege «bønder». Kona hans heitte Marta, og det er det einaste me veit um henne. Av borni kjenner me berre tvo: Rolf, f. ikr. 1634, g. 1660 Kari Ferstad, s. F. 1, Anders, f. ikr. 1636, g. ikr. 1660 Anna Særvoll, s. S. 2. Eivind arbeidde seg fram til ein velstandsmann, og etter å ha vore lagrettemann i mange år vart han i 1654 lensmann «over Sambangen og Egelandsfjord», d. v. s. den luten av Os skipreide som høyrde til Samnanger og Fusasokni, s. O. B. I 550. Han hadde truleg dette lensmannsyrket til han døydde i 1660.
Eivind Lien og brørne hans Nils Midthus og Ola Ferstad åtte Lien, som dei hadde arva etter faren Endre nedre Rød. I 1648 selde Ola Ferstad sin part i garden til Axel Mowatt, og truleg selde dei andre brørne partane sine til same kjøparen straks etter. Dermed kom Lien med millom dei gardane som Ludvig Rosenkrans arva etter verfaren Axel Mowatt, og som i 1678 gjekk inn i Rosendal baroni.
Johannes Andersson, f. ikr. 1634, bygsla bruket då Eivind døydde i 1660. Johannes var tvillaust son åt Anders Eide. Han vart fyrst gift ikr. 1660 med Helga Mons dtr. Heggland, f. ikr. 1640. Ho døydde ikr. 1668, og Johannes gifte seg att straks etter med ei som heitte Valborg, f. ikr. 1640. Kvar ho var frå, veit me ikkje. Av borni kjenner me: Marta, f. ikr. 1660, g. 1694 Knut Skogen, s. S. 1, Brita, f. ikr. 1665, g. 1702 Nils Lyssand, s. L. 3, Ola, f. 1670, s. n, Helga, f. 1673, g. 1719 Hans Midtsæter, s. M. 1, Nils, f. ikr. 1678, vart utskriven til soldat i 1700, var med i ufreden 1709 – 1719 og fall etter 1712, Kari, f. 1689, d. 1695. Johannes åtte noko i Reistad saman med Nils Eide, og det tyder sterkt på at dei tvo var brødre. Johannes dreiv med skogarbeid o. a., og i 1665 vart det uppgjeve at han det året hadde selt trevaror for 2 ort og 4 skjeling til eit skotteskip. Johannes døydde i 1712 og Valborg i 1719.
Ola Johannesson Lien, f. 1670, bygsla garden i 1697. G. 1698 Mari Johannes dtr. nedre Rød, f. ikr. 1661. Born: Anna, f. 1700, s. n., Guro, f. 1703, g. 1723 Nils Hjelle, s. H. 2. Ola hadde arva ein part i Reistad etter faren, men han sat tungt i det og måtte selja jordeparten i 1723. Han døydde i 1748 og kona i 1733.
Lars Erikson Øvreide, f. 1701, vart i 1718 gift med Anna Ols dtr. Lien, f. 1700, og fekk bygsla garden etter verfaren. Lars var knapt 17 og Anna var knapt 18 år då dei vart gifte. Dei fekk 11 born, men berre 5 vaks upp: Johannes, f. 1727, var ugift i 1766, Erik, f. 1733, tok borgarskap som kjiparmeistar i Bergen 1779, Ola, f. 1735, s. n., Peder, f. 1737, d. ug. 1766, Lars, f. 1740, g. 1781 Guro Hjelle, s. Valle 1. Sonen Peder døydde nett fyrr han skulde gifta seg med Kari Haldors dtr. Lønningdal og få bruket i Lønningdal med henne. Lars var ein drivande kar og arbeidde seg fram til ein velstandsmann. Han døydde alt i 1741.
Lars Larsson Tøsdal, f. 1714, vart i 1742 gift med ekkja Anna Ols dtr. og fekk bygsla garden. Dei fekk ein son Lars, f. 1743, s. br. 2. Lars dreiv med sjøen likeins som fyremannen, men han sat mykje tyngre i det. Han døydde alt i 1749.
Ekkja Anna Ols dtr. stjorna so garden eit par år. Ein mann frå Fusabygdi gjekk på friing til ekkja våren 1750 og fekk ja, og same sumaren bygsla han garden. Men um hausten sa han bygsla frå seg att, og det stend um det i bygsleboki: «Bygselen ophæves paa begjæring, da han følede sig for svag til at overtage enken og gaarden».
Anders Olson Hafskor frå Fusa, f. ikr. 1722, gifte seg i 1751 med ekkja Anna Ols dtr. og vart brukar her. Anders dreiv med fiske og greidde seg tolleg godt. Han var truleg sterkare enn den andre friaren frå Fusabygdi, men Anna greidde ogso å slita han ut. Anders døydde i 1766 og Anna i 1772.
Ola Larsson Lien, f. 1735, bygsla garden i 1766 etter mori og stykfaren. G. I 1766 Anna Hans dtr. Vinnes frå Strandvik, f. 1744, d. 1772, g. II 1773 Anna Johannes dtr. Tveiterås frå Samnanger, f. 1749. Born: Anna, f. 1767, g. 1786 Mons nedre Rød, s. n. R. 1, Hans, f. 1769, d. ung, Johannes, f. 1774, sjømann, d. ug., Lars, f. 1776, g. 1801 Ingeborg Sørstrønen, s. S. 2, Marta, f. 1779, g. 1798 Bård Sørstrønen, s. Midthus 2, Anna, f. 1782, d. ug. ikr. 1810, Kari, f. 1784, g. 1803 Johannes Midthus, s. M. 1, Mari, f. 1784, d. ug. 1803, Ola, f. 1787, d. ug. Brørne Johannes og Ola Lien vart begge utskrivne til sjøvernet og var med i ufreden 1808 – 1814. Ola gjorde tenesta på kanonbåtane og fall i ein strid i 1812 eller 1813. Johannes var sjømann og vart rekna som «halvbefaren». I 1808 var han med eit norsk skip i Dortrecht, men då skipet vart selt fekk han påbod um å melda seg i sjøvernet heime i Norig. I 1809 var han med ein kanonbåt «Faaborg» og i 1812 med brig «Lolland». Johannes kom ikkje heimatt og truleg fall han i ufreden likeins som broren. Ola sat sverande tungt i det. Han døydde i 1788.
Ekkja Anna Johannes dtr. hadde so bruket nokre år. Ho streva hardt for å greida seg, og då ho gifte seg att og det kom nye folk til gards, måtte alle borni hennar reisa ut.
Mons Hansson Gjerdevik frå Fusa, f. 1759, vart i 1791 gift med ekkja Anna Johannes dtr. og fekk bygsla garden. Anna døydde i 1800, og Mons gifte seg att same året med Kari Haldors dtr. Solås, f. p. Leigland i Strandvik 1758. Ho vart fyrste gong gift i 1784 med Ola Olson Solås i Hålandsdalen og hadde 3 born med han: Elna, f. 1785, g. 1807 Nils Berge, s. B. 2, Ola, f. 1787, g. 1807 Marta Anders dtr. Eide frå Hålandsdalen, vart buande på Solås, Kristi, f. 1792, g. 1814 Lars Berge, s. B. 1. Borni fylgde med til Lien. Mons og Kari fekk ei dotter Anna, f. 1802, s. n. Mons sat godt i det då han kom til Lien, og han arbeidde seg endå betre fram etterkvart. Han hadde i huset m. a. ei sylvkanna som var verdsett til 53 dalar, lik verdet av 8 kjyr. Skiftet etter han var på heile 1900 dalar, og det er eit av dei største skifte som hev vore etter nokon bonde i Os. Mons døydde i 1834 og Kari i 1831.
Vinajans Vinsjansson Hauge, f. 1795, vart i 1821 gift med Anna Mons dtr. Lien, f. 1802, og fekk bygsla garden etter verfaren. Born: Kari d. e., f. 1822, d. 1834, Vinsjans, f. 1824, g. 1853 Kristi Hans dtr. Gjerdevik, b. Gjerdevik i Fusa, Mons, f. 1826, s. n., Ingeborg, f. 1829, g. 1850 Ola Sverkeson Eikeland i Fusa, Ola, f. 1832, g. 1883 Kari øvre Rød, s. Bø 11, Kari d. y., f. 1835, g. 1855 Ola Olson Lønningdal, b. Henanger i Strandvik, Marta, f. 1837, g. 1856 Peder Heggland, s. H. 4, Jon, f. 1839, g. 1864 Johanna Tømmernes, s. T. 1. Lars, f. 1842, g. 1871 Elsebet Steintveit, s. Berge 1. Vinsjans vart lensmann for Rosendalgodset i 1840 og hadde yrket til 1856, då det vart ein ny lensmannskipnad i bygdi. Han vart ogso vald inn i det fyrste heradstyret i Os 1837, og med undantak av tvo år sat han i heradstyret radt til 1855. I dei fire siste åri var han varaordførar. Sjå O. B. I 564, der ein finn underskrifti hans. På ei reis over Bjørnafjorden i 1860 kom han burt på sjøen. Kona døydde i 1877.
Mons Vinsjansson Lien, f. 1826, bygsla bruket då faren fall frå. G. 1857 Ingeborg Jørgens dtr. Lyaaand, f. 1834. Born: Anna, f. 1857, g. 1881 Henrik Lyssand, s. L. 2, Vinsjans, f. 1861, s. n., Jørgen, f. 1863, målar, i Amerika, s. O. B. II 48, Ola, f. 1867, g. 1892 Barbru Peders dtr. Åsen, b. Steintveit i Samnanger, s. S. B. 390, (eldste son: Mons Lien, kontorsjef, g. Gudrun Kristofa Torbjørnsen, b. Odda). Mons var smed likeins som fleire av brørne hans. Han hadde fleire kommunale yrke og var med i heradstyret 1870 – 1877, s. O. B. I 592 og 704. I bolken 1872 – 73 var han varaordførar. Mons døydde i 1919 og Ingeborg i 1917.

Vinsjans Monsson Lien, f. 1861, bygsla farsbruket i 1883. G. 1883 Anna Torbjørns dtr. Lyssand, f. 1861. Born: Ingeborg, f. 1884, g. 1915 Ola Sverkeson Eikeland i Fusa, b. Eikeland, Mons, f. 1885, s. n., Kristina, f. 1887, g. 1920 Lars Heggland, s. H. 3, Torbjørn, f. 1890, målarmeistar, b. Fana, August, f. 1895, lærar, g. 1932 Laura Joakims dtr. Silset, b. Jøssund i Trøndelag, Andreas, f. 1899, i Amerika, s. O. B. II 48, Henrik, f. 1905, g. 1929 Nilsina Midtsæter, s. Lønningdal 8. Ein gut døydde ung. Vinsjans var smed likeins som faren og dreiv ogso med dreiing og anna trearbeid. Han hadde mange tillitsyrke i bygdi og var i fleire år formann i fatigstyret, liknings- og overlikningsnemndi o. a., s. O. B. I 618, 649, 692 o. fl. st. I åri 1894 – 98 og 1908 – 10 var han med i heradstyret. Vinsjans døydde i 1918.
Mons Vinsjansson Lien, f. 1885, kjøpte farsbruket av Rosendalgodset i 1919 og er brukar no. G. I 1911 Maria Annanias dtr. Tveit, f. 1888, d. 1926, g. II 1930 Guro Haktors dtr. Skorpen frå Kvinnherad, f. 1905. Born: Vinsjans, f. 1912, trearbeidar, Aslaug, f. 1914, gartnar, Annanias, f. 1916, trearbeidar, Harald, f. 1931, Magne, f. 1932, Astrid, f. 1934, Audun, f. 1939. Mons er snikkar og driv ein møbelverkstad på bruket. Han hev vore med i skule- og fatigstyre, likningi o. a.
LIEN 2 (Ølskoro).
Johannes Lien var husmann på Lien i 1645. Kona hans heitte Jorilda, og det er det einaste me veit um huslyden hans. Kvar han budde på Lien, veit me ikkje, men kannhenda var han busett i Ølskoro, der det kom folk hundrad år seinare. Johannes døydde truleg fyrr 1666, då me ikkje finn han medteken i manntalet det året.
Lars Larsson Lien, f. 1743, bygde og busette seg i Ølskoro ikr. 1770. Han var einaste son åt Lars Lien, men mori hadde fleire søner frå fyrste giftarmålet sitt, og ein av dei fekk garden, s. o. Lars vart gift 1769 med Kari Torbjørns dtr. nedre Rød, f. 1743. Dei fekk ein son som døydde tidleg. Lars gjekk i arbeid hjå andre og dreiv ogso med fiske. Kari døydde alt i 1773, medan Lars livde til 1805.
Hans Nilsson Midtsæter, f. 1746, flutte i 1784 hertil frå Spansteigen, der han fyrr hadde vore brukar, og busette seg i huset hjå Lars Ølskoro. Då Lars fall frå i 1805, fekk Hans plassen. G. 1770 Eli Eriks dtr. øvre Rød, f. 1744. Born: Marta, f. 1771, g. 1804 Lars Engjelson Kvernes frå Samnanger, Brita, f. 1772, g. 1801 Hans Kristofferson Barmen frå Samnanger, Synneva, f. 1777, var på lægd i 1803, Erik, f. 1778, Helga, f. 1784. Ein gut døydde ung. Hans dreiv fiske og gjekk i anna arbeid. Han døydde i 1814 og kona i 1816.
Plassen låg no ubrukt ei tid og husi vart til nedfalls.
Nils Arneson øvre Rød, f. 1805, festa plassen her i 1840 og bygde nye hus på bruket. Vinsjans Lien søkte høgtidsamt Os heradstyre um løyve til å setja ein husmann i Ølskoro fyrr Nils fekk festesetel. G. I 1831 Mari Nils dtr. Bø, f. 1811, d. 1868, g. II 1870 Kari Arnes dtr. Heggland, f. 1824. Av 7 born vaks 4 upp: Guro, f. 1834, g. 1869 Ola Gåssand, s. Hatvik 1, Kari, f. 1836, g. 1855 Lars Molda, s. Klyva 4, Nils, f. 1840, g. 1866 Gitlina Sævild, s. Molda 3, Mari, f. 1871. Nils var dreiar og dreiv ogso med fiske o. a. Han døydde i 1889 og Kari i 1902.
Hans Vinsjansson Borgen, f. 1851, var uppfostra i Ølskoro og stjorna plassen då Nils vart gamall. G. 1887 Anna Guttorms dtr. Rolfsvåg frå Samnanger, f. 1863. Born: Isak, g. Emma Lars dtr. Rosvoll, b. Bogstrand, Einar, g. Kari Midtsæter, s. Os 36. Hans kjøpte eit bruk på Bogstrand i Fusa og busette seg der.
Bruket fall no attende til hovudbruket. Huset vart flutt burt og stend no på Tveit.