ØVREDAL

Frå OS SOGA III side 798 – 811


83. ØVREDAL 

Namnet tyder den øvre dalen til skilnad frå dalen nedanfyre vatnet, Lønningdalen.  Truleg hev øvste dalføret havt namnet Øvredalen fyrr det vart rydja og bygd her.  

Uttale: Ø’vredaln.  

Skrivemåtar: Øffredall (1591), Øffredal, Øffredaall, Øffuerdall, Øfredal, Øffredahle, Øfre Dahle, Øffredallen, Øffre Dall o. s. b. 

Garden ligg i eit dalføre austanfyre Lønningdal, ved øvre enden av eit vatn som skil millom desse tvo gardane.  Øvredal var einaste «krongods-garden» i Os, som Kongen eller staten åtte.  Ikring 1660 vart garden seld til nokre bønder i Hålandsdalen og Strandvik, og sidan hev brukarane ogso jamt vore eigarar av Øvredal.  

Or gamle matriklar og teljingar: 
1668: Saar 2¾ stadtztønder, afler 7 tdr., slet ager, tynd eng, god thømmer bielche og tyndebandskoug, med en quernsteed og sedterstøll som bruges af eyeren, og en til leylendingen, tilsagt at plante homblehagge.  
1723: Sætter en ¼ mil fra gaarden, skoug til huusenes reparation og brendefang, saa og stave og botneved. 1 liden flomqvern allene til huusenes fornødenhed, god jordart men aarvand, maadelig letvunden.  Ingen næring uden den for gaardens aufl og temmelig hielp af skougen til dens rettigheders betalling.  
1865: Har 14 maal dyrket ager og eng, deraf intet godt, 6 maal middels og 8 slet, har 127 maal naturlig england, hvoraf 17 maal godt, 36 middels og 74 siet, kan dyrkes 8 maal england og 60 maal af hø udslaatter.  Har skog til husbrug og sælger furu og birk for 16 spd. aarlig, føder 3 kjør og 2 ungnød ved lyng, løv, skav og beit, er middels at bruge og Øvredalstræ er letbrugt, er almindelig drevet.  Af havneleie indbringes 7 spd. aarlig, har oversvømmelse af en elv og er tildels udsat for stærke vinde.  

Busetnad og buskap.

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16572 110     
16682 21610  2,7tun 
17232 21812  3» 
1800318       
1835429220242418,5»4tun.
18653212244427 10»9tun.
19006273212148113,5hl.19hl.
19205214245230 13,5mål4mål
1930522320492837»3»
1939  42659 3 »3»


ØVREDAL 1. 

Klaus Øvredal var brukar her i 1591, og han er tvillaust fyrste mannen som busette seg i Øvredal.  Etter det me kann skyna hadde Klaus havt garden ei tid fyrr 1590, og me kann tru at Øvredal er uppteken som gard i 1570 åri.  Av huslyden åt Klaus kjenner me tvo søner: Paul, s. n., Ola, fekk barn med ei gjenta frå Utskot i 1620 og fekk bot for det.  Klaus let garden frå seg i 1612, men han livde i fleire år etter den tidi. 

Paul Klausson Øvredal bygsla garden etter faren i 1612.  I 1611 måtte han til svenskegrensa saman med dei andre osingane for å vera med i Kalmarufreden.  Paul sat tolleg godt i det.  Han døydde alt i 1622. 

Jon Øvredal vart brukar i 1623 og hadde garden i tvo år.  Han var kannhenda gift med ekkja etter Paul. 

Lars Larsson Øvredal bygsla garden i 1624, og han gav då 5 dalar i «første-bygsel» til Kongen og til «nogle bønder», som kvar åtte ein part i garden.  Kvar Lars var frå, veit me ikkje, men han var kannhenda gift med ei dotter åt ein av fyremennene.  Det kann ogso tenkjast at han vart gift med ekkja etter Paul eller Jon og fekk garden på den måten. 
Kona hans døydde, og Lars gifte seg att i 1628.  Den nye kona hans heitte Marta.  Dei fekk eit barn fyrr det var gjenge 40 vikor etter brudlaupet, og Lars fekk bot for hastverket sitt.  Han døydde alt same året. 

Mons Øvredal gifte seg med ekkja etter Lars i 1629 og fekk bygsla bruket.  Han hadde garden i berre eitt år og døydde truleg i 1630. 

Sjur Øvredal vart brukar i 1631.  Han vart gift med ei som heitte Marta, og ho var truleg ekkja etter fyremannen på bruket.  Av borni kjenner me berre ei dotter Marta.  Sjur sat tolleg godt i det.  Han let garden frå seg i 1651. 

Kvar Sjur og fyremennene hans var frå, veit me ikkje. 

Johannes Larsson, f. ikr. 1600, bygsla garden i 1651.  Han let same året tridjeparten av garden frå seg til sonen, som skipa eit nytt bruk, s. br. 2.  Johannes var ikr. 50 år gamall og hadde fleire vaksne born med seg då han kom til Øvredal.  Kvar Johannes var frå er uvisst, men det er mykje truleg at han var frå ei av Fusabygdene.  Han var verja for ei gjenta Boel Lars dtr., som kannhenda var syster hans, og ho fekk ein arv på Henanger i Strandvik.  Det er truleg at Johannes åtte ein part i Øvredal, men noko visst veit me ikkje um det.  Kona hans heitte Guro.  Av borni kjenner me: Anders, f. ikr. 1625, s. br. 2, Lars, f. ikr. 1630, s. n., Jon, f. ikr. 1643, Ola, f. ikr. 1645, Brita, f. ikr. 1650, g. 1670 Ola Anfinson Totland i Samnanger, s. S. B. 709, Johannes, f. ikr. 1652, g. 1674 Gunhild Jons dtr. Høysæter frå Samnanger.  Johannes hadde i 1666 ein husmann, Erik Johannesson, f. ikr. 1620, på garden sin.  Kannhenda var han son åt Johannes Øvredal.  Johannes dreiv med skogarbeid, og etter ei uppgåva i 1665 selde han og andre sonen hans det året 2 tylvter 12 alners stokkar og 100 bandstakar til eit skotteskip.  For det fekk dei ialt 10 ort.  I 1662 kom Johannes for retten.  Ola Gjerevik i Fusa hadde kjøpt seg ein gamall slaktehest for 1 dalar og vilde ha hestekjøtet til nista under vårsildfisket.  Fyrr han slog hesten ihel, fekk Johannes Øvredal låna den til timberkjøring, og so tok Johannes livet av hesten.  Han lånte ei byrsa av Hans Lønningdal til å skjota hesten med.  Johannes slapp lett frå det ved å betala Ola Gjerevik den dalaren som hesten var verd, men Hans Lønningdal, som hadde halde byrsa, måtte bøta ei heil mork sylv for si hjelp.  Johannes døydde ikr. 1665. 

Lars Johannesson Øvredal, f. ikr. 1630, vart brukar her då faren døydde.  Han hadde fyrr havt det andre bruket på garden, s. br. 2.  Lars vart fyrst gift med ei som heitte Brita, f. ikr. 1630.  Ho døydde i 1694, og Lars gifte seg att året etter med Anna Mons dtr. Børdal frå Samnanger, f. ikr. 1660.  Det er fleire ting som tyder på at fyrste kona åt Lars ogso var frå Samnanger.  Av borni kjenner me 5: Lars, f. ikr. 1648, s. n., Knut, f. ikr. 1665, s. br. 2, Sesilia, f. 1674, g. 1692 Peder Larsson Våge i Samnanger, s. S. B. 185, Brita, f. 1695, g. 1736 Jon ytre Lekven, s. y. L. 3.  Ein gut døydde ung.  Lars døydde i 1704. 
Ekkja Anna Mons dtr. hadde so bruket nokre år.  Etter det me kann skyna, var ogso styksonen hennar, Lars Larson Øvredal, f. ikr. 1648, busett på bruket desse åri.  Han vart gift i 1695 med ei som heitte Eli Askilda dtr., som ikkje var frå Os.  Me finn korkje Anna, Lars eller Eli buande i Os etter 1712, og me finn heller ingen av dei døde her.  Truleg flutte dei alle frå bygdi, då det kom ny brukar på tunet. 

Anders Knutson Øvredal, f. 1693, fekk i 1712 bygsla bruket, som ogso bestefaren hadde havt, s. o.  G. 1712 Ingjerd Steffens dtr. Borgen, f. 1692.  Born: Lars, f. 1714, g. 1740 Anna Sævild, s. Bø 4, Steffen, f. 1716, g. 1745 Brita Bø, s. Bø 3, Brita, f. 1719, g. 1751 Jakob Kuven, s. K. 4, Marta, f. 1723, g. 1751 Ola Frøland, s. ytre Moberg 5, Knut, f. 1725, g. 1751 Brita Engjavik, s. ytre Moberg 3, Agata, f. 1728, g. 1764 Lars Haugland, s. Særvoll 2, Nils, f. 1731, g. 1760 Unna indre Tuen, S. i. T. 1, Kristoffer, f. 1734, g. 1760 Helga ytre Haugland, s. y. H. 7, Hans, f. 1738, g. 1764 Sesilia Bø, s. Bø 5.  Tvo gjentor døydde unge.  Anders dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt trass den store huslyden sin.  Han døydde i 1742. 
Ekkja Ingjerd Steffens dtr. var busett her og stod skrivi som brukar i 10 år etter at mannen fall frå.  Men truleg var ho berre brukar i namnet, då jordeigaren busette seg på bruket straks etter at mannen hennar døydde, s. n.  Ingjerd sat framleis med bygsla, og difor vart kannhenda hennar namn og ikkje namnet åt den røynlege brukaren skrive i skatteboki. 

Ola Engjelson Gjøn, f. 1693, flutte til Øvredal og busette seg her i 1742.  Han hadde fyrr vore busett på Foer i Fusa.  G. 1716 Kari Ols dtr. Foer, f. 1695.  Born: Engjel, f. 1716, d. ug. 1777, Anna, f. 1721, ug., Ola, f. ikr. 1722, g. 1753 Kari Skjørsand, s. Storum 3, Anders, f. 1725, s. n., Jon, f. 1730, s. n.  Ola var vorten eigar av bruket her i 1720 åri, og i 1728 lånte han m. a. 40 dalar av broren Engjel Gjøn og Engjel Henanger til å greida kjøpesumen med.  Ola sat ikkje lett i det.  Han og dei andre brørne hans hadde gjort ei semja um at dei skulde gjeva 3 dalar kvar um året til livemåte åt systeri Marta Håvik, men Ola greidde ikkje leggja pengane.  Dei andre brørne tok han difor for retten i 1663.  Ola sa seg viljug å ta systeri til seg ei tid, men det gjekk ikkje.  Retten sa at Marta var for gamall til å reisa ut, og Ola måtte leggja dei 3 dalane.  Ola og kona døydde i 1765 eller 1766. 

Anders Olson Øvredal, f. 1725, skøytte farsbruket i 1755.  G. I 1753 Brita Anders dtr. Særvoll, f. 1733, d. 1763, g. II 1764 lngeleiv Ols dtr. Øvreide, f. 1737.  Born: Engjel, f. 1767, s. br. 2, Gjertrud, f. 1768, g. 1794 Johannes Lyssand, s. L. 4, Kari, f. 1770, s. br. 3, Marta, f. 1774, g. 1806 Anders Hauge, s. H. 3, Ola, f. 1777, g. 1808 Kari nedre Rød, s. Lønningdal 4.  Då det andre bruket på garden vart falt i 1765, selde han her og kjøpte det andre bruket, s. br. 2, der ein finn meir um han. 

Jon Olson Øvredal, f. 1730, kjøpte farsbruket for 95 spd., då broren flutte i 1765.  Han lånte pengane mot 4 prosent renta hjå Halvard Taranger.  G. 1767 Kristi Hans dtr. Tveita frå Hålandsdalen, f. 1735.  Born: Kari, f. 1768, ug., Ola, f. 1770, s. n., Hans, f. 1772, g. 1806 e. Sigrid Hans dtr. Haga i Samnanger, s. S. B. 491, Kristi, f. 1776, d. ug. 1796.  Ei gjenta døydde ung.  Jon dreiv med sjøen attåt gardsbruket og sat godt i det.  Han døydde i 1803 og kona i 1804. 

Ola Jonsson Øvredal, f. 1770, skøytte bruket etter faren.  G. 1804 Kristi Johannes dtr. Henanger, f. p. Tombra i Hålandsdalen 1767.  Av 10 born vaks 8 upp: Jon, f. 1806, s. n., Ola, f. 1809, d. ug. 1854, Gitte, f. 1810, s. n., Kristi, f. 1812, g. Jon Askvik, s. A. 5, Hans, f. 1813, bøkkar, s. Berge 3, Eli, f. 1816, g. 1847 Nils Nilsson Berge, b. Kolle i Fusa, Johannes, f. 1818, g. 1851 Kari Berge, s. B. 2, Heine, f. 1820, murar, b. Markhus i Strandvik.  Ola var ein drivande kar og vart velstandsmann.  Han døydde i 1834. 
Ekkja Kristi Johannes dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho fall frå i 1837. 

Jon Olson Øvredal, f. 1818, skøytte bruket etter mori i 1837 for 250 spd.  G. 1839 Kari Lars dtr. Berge, f. 1818.  Dei fekk ein son som døydde tidleg.  Jon fekk spillesykja og døydde alt i 1855.  
Ekkja vart året etter gift med Vinsjans Lyssand, s. L. 1. 

Gitle Olson Øvredal, f. 1810, skøytte bruket, då broren døydde, for 300 spd. og vart buande her.  G. 1857 Guro Johannes dtr. Gaupholm frå Samnanger, f. 1823.  Born: Ola, f. 1858, d. 1864, Johannes, f. 1861, s. n., Kristi, f. 1864, sjukesyster, b. Bergen, fekk Kongens fortenstmedalje for langt og truge arbeid.  Gitle dreiv skogarbeid attåt gardsbruket.  Han og kona døydde nær etter einannan i 1901. 

Johannes Gitleson Øvredal, f. 1861, skøytte farsbruket i 1891.  G. 1897 Brita Annanias dtr. Øvredal, f. 1869.  Born: Guro, f. 1897, hushjelp, Andreas, f. 1900, s. n., Ola, f. 1902, asylvakt, b. Bergen, d. ug. 1927, Karl, f. 1906, gardsarbeidar, Anna, f. 1910, hushjelp.  Johannes dreiv skogarbeid attåt gardsbruket.  Han døydde i 1934 og kona i 1938. 

Andreas Johannesson Øvredal, f. 1900, skøytte bruket etter faren i 1932 og hev det no.  G. 1939 Alida Sanden frå Herdla, f. 1915.  Born: Jimmy Bjarne, f. 1940. 


ØVREDAL 2. 

Lars Johannesson Øvredal, f. ikr. 1630, fekk bygsla tridjeparten av farsbruket og skipa nytt bruk her, då br. 1 vart skift i 1651.  Ikr. 1665 let han broren få dette bruket og flutte sjølv til bruk 1 då faren fall frå.  Sjå um han og huslyden hans under br. 1. 

Anders Johannesson Øvredal, f. ikr. 1625, bygsla bruket her då broren flutte til br. 1.  Anders var gift og hadde vore busett utanfyre Osbygdi fyrr han kom til Øvredal.  Kven kona var, veit me ikkje.  Det einaste me veit um huslyden hans er at han hadde ein son Lars, f. ikr. 1659.  Anders døydde ikr. 1675. 

Ivar Øvredal vart gift med ekkja etter Anders ikr. 1676 og vart brukar her.  Dei fekk ein son, Anders, i 1677.  Kvar Ivar var frå, veit me ikkje.  Ivar greidde seg ikkje på bruket, og i 1688 flutte han frå Øvredal.  Me veit ikkje kvar det vart av han. 

Knut Larsson Øvredal, f. ikr. 1665, bygsla bruket då Ivar flutte og vart buande her på farsbruket sitt.  G. ikr. 1686 Mari Hans dtr. Ådland frå Fusa, f. ikr. 1665.  Av 10 born vaks 6 upp: Marta, f. ikr. 1687, s. n., Brita, f. ikr. 1688, g. 1711 Jon Pederson Sævild i Samnanger, s. S. B. 823, Hans, f. 1690, g. 1720 Magdela Øvreide, s. Ø. 2, Agneta, f. 1692, g. 1715 Nils Bø, s. Bø 4, Anders, f. 1693, s. br. 1, Anna, f. 1696, g. 1728 Peder Bogstrand, s. Særvoll 2.  Knut var ein vyrd mann i bygdi og gjorde tenesta som skyns- og lagrettemann i mange år.  Han døydde i 1717 og kona i 1740. 

Lars Knutson Eikeland frå Fusa, f. 1680, vart i 1708 gift med Marta Knuts dtr. Øvredal, f. ikr. 1687, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Dei hadde 8 born, men 5 av dei døydde i ung alder.  Då Lars flutte frå Osbygdi, hadde han desse borni med: Anna, f. 1720, Mari, f. 1722, Knut, f. 1725.  Lars åtte saman med Mons og Lars Hafskor eit bruk i Eikeland, men i 1722 fekk Ola Eikeland kjøpa bruket.  I 1725 vilde jordeigaren sjølv ha bruket i Øvredal, og Lars måtte då flytja frå garden.  Kvar det vart av Lars og huslyden hans seinare, veit me ikkje. 

Engjel Engjelson Gjøn frå Hålandsdalen, f. 1705, som åtte bruket her og noko i bruk 1, flutte hertil og tok bruket sjølv i 1725.  Bruket fekk no so mykje tillegg at det vart største bruket på garden.  Engjel vart gift i 1730 med Kari Hans dtr. Vinnes frå Strandvik, f. 1693.  Kari var ekkja og vart fyrste gong gift i 1723 med Ola Sjurson Sørtveit frå Strandvik.  Engjel hadde ein son Johannes, f. ikr. 1730, som på tinget i 1755 fekk tinglese eit løyve frå stadsmusikant i Bergen, S. Johan Gedenschrager, til at «opvarte med spil ved de forefaldende bryllopper og verskaber her i distriktet», sjå Skogen 1 og Hjelle 2.  Engjel var ei tid ein velstandsmann, som åtte både jord og pengar.  Umframt Øvredal åtte han eit bruk i Boga og garden Dalland i Tysnes.  Dalland makeskifte han med Berge i Os, s. B. 1.  Då han selde bruket her, let han 200 dalar stå i garden mot 6 prosent renta.  Den vanlege renta var då 3 – 3½ prosent.  I 1749 flutte han til Skjørsand i Fusa og kom i 1755 til Berge.  Kona døydde der i 1762, og Engjel gifte seg att året etter, s. Berge 1. 


Som nemnt under Berge hadde Engjel fleire rettsaker enn nokon annan osing.  Nett etter at Engjel kom til Øvredal i 1725 tok han Jørgen Boga for retten.  Dei hadde havt eit basketak i eit brudlaup på Boga.  Sidan møtte Engjel på tinget mesta kvart år, og det galdt jamt pengesaker.  Ein gong tok Nils Skjelbreid han for retten, avdi Nils ikkje fekk att 4 dalar som Engjel hadde lånt av han.  Engjel fekk det slik til at han hadde lånt pengane «på sin moders vegne», og fekk dermed storparten av skuldi over på syskini sine.  I 1729 tok han kårkona si for retten med krav um, at ho skulde leggja 1 dalar (ikr. 100 kroner i vårt pengeverde) um året for husvære for seg og kårkui si.  Tausi tok han for retten avdi ho ikkje kom snøgt nok i tenesta, og med ein dreng gjekk det likeins.  Engjel var jamt i håri på Lønningdalsmennene, m. a. um nausttuftene, s. Lønningdal 1.  I 1742 fekk han fredlyst noko av Øvredalsmarki, «Baggeskår» og «Groonlierne», for at han kunde ta Lønningdalsbeisti heim og setja dei inn når dei kom over markeskiftet.  Mange av rettsakene åt Engjel var ikkje ferdige då han døydde, og både ekkja hans og den nye mannen hennar fekk mangt å greida med for Engjel si skuld.  Sumt av det er nemnt under Berge 1, og me skal her berre nemna ei sak. 
Engjel vilde selja Øvredal i 1663, og Torkjell Hamre frå Tysnes gjorde kjøp på garden.  Torkjell lagde 10 dalar i handpengar ved gardkjøpet, men tok det atterhald at soframt elvi gjorde skade på jordi i Øvredal, so vilde han ikkje ta bruket og ha dei 10 dalane sine att.  Torkjell kom ikkje til Øvredal, og han krov handpengane att.  Saki kom for retten, men vart ikkje teken upp til avgjerd fyrr etter at Engjel var død og ekkja hans var gift att med Nils Berge, s. B. 1.  Torkjell sa at Øvredalen ikkje var buandes i for folk og førde vitne på det.  Ola, Jon og Engjel Øvredal vitna, at ingen stad i heile Sunnhordland tok vind og ver slik som i Øvredalen, elvi gjekk jamt so høgt at vatnet stod ei alen upp på høystålet i lødone, vinden bles ned både hus og tre, o. s. b.  Nils Berge førde Gjemdalsmennene til vitne på, at det hadde vore folk i Øvredal minst eit par hundrad år, og at det ikkje hadde hendt noko serlege ulukkor der.  
Retten sa slik dom: Øvredal er lite og ikkje buandea på for folk, og Nils Berge skal gjeva handpengane att og leggja 6 dalar i sakskostnad attåt. 

Kristoffer Kristofferson Austestad frå Fusa, f. 1723, bygsla bruket her i 1749, då Engjel flutte til Skjørsand.  G. 1749 Anna Jons dtr. Skjørsand frå Fusa, f. 1727.  I 1762 sa Kristoffer upp bygsla og flutte til ytre Haugland, s. y. H. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Engjel Hansson Gjøn frå Hålandsdalen, f. 1732, bygsla bruket i 1762.  Han hadde fyrr vore busett på Holdhus i Hålandsdalen og på Kaldestad i Kvam.  G. I 1758 Kristi Hans dtr. Gjøn, f. 1723, d. p. Mjånes 1766, g. II 1767 Guro Arnes dtr. Hatletveit frå Strandvik.  Engjel hadde borni Herborg, f. 1760, og Hans d. e., f. 1761, med seg då han kom til Øvredal, og fekk sonen Hans d. y., f. 1764, medan han var her.  Seinare fekk han 5 born, men berre sonen Engjel, f. ikr. 1765, og dotteri Kristi, f. 1776, vaks upp av dei.  Engjel flutte frå Øvredal i 1765 og tok bustad på Mjånes.  Seinare var han busett på Revna og i Øvrevågen. 

Anders Olson Øvredal, f. 1725, som var busett på br. 1, kjøpte bruket av Engjel Berge i 1765 for 430 dalar og busette seg her.  Av kjøpesumen vart 200 dalar standande i bruket, og attåt lånte Anders 99 dalar av Halvard Taranger.  Nikolai Hatvik, som var brorson åt Engjel Berge, sa at han hadde odelsrett til Øvredal og vilde løysa Anders ut.  Nikolai hadde fyrr bode Engjel 500 dalar for Øvredal, men det vart ingen handel av.  Anders fekk ha bruket og odelspursmålet fall burt.  Sjå um Anders og huslyden hans under br. 1. 
Då Engjel Berge selde bruket til Anders, sette han m. a. som vilkår at han vilde ha rett til å beita 16 beist i Øvredalsmarki.  Det gjekk greidt nokre år, men etter 1770 vilde ikkje Anders ha alle kjyrne frå Berge i marki si.  Det vart ei stor sak um dette, med vitneprov frå heile Indregardane, og det kom fram at Nils Berge hadde havt 19 kjyr i beitet.  Domen fall i 1774, og etter den fekk Nils Berge rett til å ha 16 gjeldbeist, men ikkje ei einaste mjølkeku i beitet.  Anders sat tungt i det, noko som er lett skynelegt.  Ein kjøpesum av 430 dalar i dei dagar var uhorveleg stor, og me veit ikkje kvifor dette bruket kom upp i slike sumar.  Det må ha vore buandes for folk i Øvredal likevel, trass den domen som sa noko anna.  Men skuldi vart alt for stor for Anders, og renta av kjøpesumen, som var sett til 6 prosent, gjorde byrda endå tyngre.  Anders døydde i 1796 og kona i 1812. 

Engjel Andersson Øvredal, f. 1767, skøytte bruket etter faren i 1788 for 400 dalar.  G. 1804 Jørna Johannes dtr. Henanger frå Strandvik, f. 1780.  Born: lngeleiv, f. 1805, g. 1833 Nils Isakson Solbjørg i Samnanger, s. S. B. 161, Johannes, f. 1807, var lensmannsdreng i Os og døydde ugift i 1840.  Det gjekk med Engjel som med faren, skuldi og rentone tyngde for mykje, og Engjel greidde ikkje påkjenningi.  Han døydde alt i 1809. 

Hans Hansson Eikeland frå Fusa, f. 1771, vart i 1810 gift med ekkja Jørna Johannes dtr. og fekk skøyte på bruket same året.  Born: Hans, f. 1812, s. n., Engjel, f. 1813, g. 1846 e. Sesilia Lars dtr. Sædal frå Bakholmen i Sund, b. Rosvoll, seinare i Amerika, s. O. B. II 27, Haldor, f. 1816, g. ikr. 1847 Ingeborg Lars dtr. Sædal frå Sund, b. Holsund i Fusa, Gjertrud, f. 1820, g. 1839 Hans Olson Eikeland i Fusa, Gudmund, f. 1823, i Amerika, s. O. B. II 27, Johannes, f. 1825, i Amerika.  Hans vart i 1803 utnemnd til lensmann, likeins som faren hadde vore, og han hadde yrket i heile 48 år, s. O. B. I 552.  Han var ein mykje vyrd mann i bygdi, og vart m. a. vald som utsending frå Os til å velja representantar frå Hordaland til Eidsvollsmøtet 1814.  Sjå O. B. I 700 – 702, der ein finn underskrifti hans nederst på adressa frå Os: H. Egeland.  Hans døydde i 1853 og kona i 1856. 

Hans Hansson Øvredal, f. 1812, skøytte bruket etter faren i 1852 for 700 spd. og vart brukar her.  Han hadde fyrr vore busett i Bakken under Lønningdal, s. L. 5.  G. 1839 Magdela Haldors dtr. Lønningdal, f. 1814.  Born: Hans, f. 1839, Haldor, f. 1841, Jon, f. 1844, Stein, f. 1846.  Det vart tungt for Hans å greida seg på bruket, og i 1859 selde han her og reiste til Amerika med huslyden, s. O. B. I 27. 
 
Nils Knutson Unneland frå Haus, f. p. Dale i Bruvik 1826, kjøpte bruket for 1550 spd. då Hans reiste til Amerika.  G. 1845 Anna Peders dtr. Garnes frå Haus, f. 1815.  Born: Knut, f. 1845, s. n., Peder, f. 1849, s. br. 5, David, f. 1851, i Amerika, s. O. B. II 49, Magdela, f. 1854, g. 1877 Torgeir Guttormson Rolvsvåg i Samnanger, s. S. B. 177, Brita, f. 1855, d. ug. 1936, Nils, f. 1857, g. 1883 Monsina Hans dtr. Lid, b. Rolvsvåg i Samnanger, s. S. B. 174.  Foreldri åt Nils, Knut Nilsson Dale frå Bruvik, f. 1806, og kona Brita Bastes dtr. Stokke frå Bruvik, f. 1796, fylgde med til Øvredal og vart busette her.  Knut døydde i 1896 og Brita i 1871.  I 1890 lot Nils bruket frå seg og skifte det samstundes millom dei tvo eldste sønene sine, s. br. 5.  Nils døydde i 1914 og kona i 1908. 

Knut Nilsson Øvredal, f. 1845, vart brukar her, då farsbruket i 1890 vart skift i tvo partar.  G. 1876 Ingeborg Hans dtr. ytre Haugland, f. 1851.  Born: Anna, f. 1877, g. 1899 Nils Midthus, s. Åsen 4, Nils, f. 1878, s. n., Marta, f. 1880, g. 1903 Kristian Midtsæter, s. ytre Moberg 5, Johanna, f. 1882, g. 1920 Abraham Lunden, s. L. 1, Hans, f. 1884, s. br. 5, Dortea, f. 1886, g. 1904 Ola Lønningdal, s. L. 6, Kristina, f. 1887, g. 1916 Jens Lunden, s. Borgen 3, Annanias, f. 1891, g. 1919 Nilla Rolvsvåg, s. ytre Moberg 17.  Tvo born døydde unge.  Knut dreiv med skogarbeid attåt gardsbruket og hadde sagbruk.  Han døydde i 1913 og kona i 1928. 

Nils Knutson Øvredal, f. 1878, skøytte farsbruket i 1905 og hev det no.  G. 1907 Ida Ols dtr. Kolle frå Fusa, f. 1885.  Born: Ingeborg, f. 1908, hushjelp, Knut, f. 1909, er brukar saman med faren, Ola, f. 1911, i Amerika, s. O. B. I 49, Einar, f. 1913, har møbelfabrikk i Lønningdal, g. 1934 Marta Mons dtr. Lønningdal, (born: Ingvild, f. 1934, Mildrunn, f. 1937, Magnar, f. 1939), Fredrik, f. 1916, trearbeidar, Haldor, f. 1922, trearbeidar, Marta, f. 1926.  Nils hev drive med skogarbeid o. a. likeins som faren. 


ØVREDALEN 3 (Øvredalstræ). 

Ola Tomasson Hjelle, f. 1758, bygde og busette seg her i 1795 på ei tuft som han festa av verbroren sitt bruk.  I 1811 fekk han bygsla eit større utmarkstykke attåt og rydja her.  G. 1794 Kari Anders dtr. Øvredal, f. 1770.  Born: Anders, f. 1796, g. 1828 Kari Os, s. Hauge 4, Tomas, f. 1798, g. 1837 Barbru Skard, s. Os 7, Nils, f. 1800, s. n., lngeleiv, f. 1802, g. 1831 Anders Lyssand, s. L. 4, Helga, f. 1805, g. 1833 Samuel Olson Kismul, b. Bergen, Engjel, f. 1812, g. 1844 Guro Mobergslien, s. Osøyri 6.  Tre born døydde unge.  Ola sat godt i det for ein ryrdjingsmann å vera.  Han døydde i 1838 og kona i 1830.  

Nils Olson Øvredal, f. 1800, bygsla bruket etter faren.  G. 1829 Anna Ols dtr. Midtsæter, f. 1805.  Born: Engjel, f. 1833, g. 1861 Ingjerd Tuen, s. Midtsæter 3, Ola, f. 1835, sjømann, g. 1862 Guro Hans dtr. Sævild frå Samnanger, b. Bergen, Anders, f. 1838, g. 1860 Marta Gåssand, s. Bøsæter 2, Annanias, f. 1841, s. n., Nils, f. 1845, kystlos, g. 1871 Anna Birgitta Israels dtr. frå Hval i Bjugn, b. Bergen (dotter: Jenny Songatad, s. indre Moberg 18), Kari, f. 1849, g. 1876 Jørgen Os, s. Os 7.  Tvo born døydde unge.  Nils gjekk i arbeid hjå grannane i grendi.  Han døydde i 1883 og kona i 1885. 

Annanias Nilsson Øvredal, f. 1841, kjøpte Øvredalstræ av br. 2 i 1865 og festa noko av br. 1 året etter.  G. 1866 Kari Mons dtr. Eide, f. 1834.  Born: Nils, f. 1866, s. n., Brita, f. 1869, s. br. 1.  Annanias dreiv med skiarbeid og gjekk mykje på veiding.  Han døydde i 1903 og kona i 1917. 

Nils Annaniasson Øvredal, f. 1866, skøytte farsbruket i 1895.  G. I 1894 Kristianna Hans dtr. Ådland frå Fusa, f. 1867, kom burt på sjøen i 1904, s. Midtsæter 1, g. II 1905 Agata Ols dtr. Midthus, f. 1872.  Born: Annanias, f. 1895, g. 1924 Lina Bakke, s. Hauge 22, Seselina, f. 1897, g. 1932 Knut Berland frå Hålandsdalen, b. Berland, Hans, f. 1900, s. n.  Nils hev vore bygningsmann og trearbeidar. 

Hans Nilsson Øvredal, f. 1900, skøytte farsbruket i 1937 og hev det no.  Hans hev vore sjømann og førar av motorbåt. 


ØVREDAL 4 (Brennhaugen). 

Gitle Johannesson Tombra frå Hålandsdalen, f. 1768, festa ei tuft av verbroren sitt bruk ikr. 1820 og busette seg her.  G. 1817 Marta Jons dtr. Gjemdal, f. p. Midthus 1789.  Dei var barnlause.  Gitle var bror åt kona på br. 1 og gjekk på skogarbeid o. a. hjå verbroren.  Gitle og Marta døydde nett etter einannan i 1834. 

Jan Hansson Eikeland frå Fusa, f. 1788, bygsla ikr. 1822 eit utmarkstykke av br. 1 og busette seg på Brennhaugen.  Han hadde fyrr vore lensmannsdreng i Os og slapp difor hertenesta i 1808 – 1814.  G. 1820 Anna Jans dtr. Midthus, f. 1782.  Av 7 born vaks 6 upp: Gjertrud, f. 1820, g. 1852 Anders Håland, s. Bø 1, Anna, f. 1822, g. 1867 Anders Skjeie, s. S. 6, Hans, f. 1824, g. 1866 Sigrid Rødne, s. Bjånes 4, Jan, f. 1827, i Amerika, s. O. B. II 49, (han stend der skriven for Jon Jonsson), Malena, f. 1829, vart spillesjuk og døydde i 1859, Margreta, f. 1836, g. 1867 Elling Bø, s. Bø 10.  Jan var bror åt lensmannen på br. 2 og hjelpte broren med lensmannsarbeidet, s. O. B. I 252.  Jan døydde i 1814 og kona i 1858.  Plassen fall attende til hovudbruki. 


ØVREDAL 5. 

Peder Nilsson Øvredal, f. 1847, fekk denne parten av farsbruket, då faren skifte br. 2 i 1890 millom dei tvo eldste sønene sine.  Peder var gift i 1887 med Guro Jons dtr. Holmefjord frå Fusa, f. 1844.  Dei hadde ikkje born.  Peder dreiv skogarbeid og hadde sagbruk saman med broren.  Han døydde i 1917.  Kona reiste til Fusa, der ho døydde nokre år seinare. 

Hans Knutson Øvredal, f. 1884, skøytte bruket etter farbroren i 1913 og hev det no.  G. 1912 Anders dtr. nedre Rød, f. 1888.  Born: Ingebjørg, f. 1913, s. n. Hans er bøkkar og hev drive tunnearbeid attåt gardsbruket. 

Henrik Monsson Midtsæter, f. 1904, vart i 1934 gift med Ingebjørg Hans dtr. Øvredal, f. 1913, og er brukar saman med verfaren.  Born: Astrid, f. 1936, Magne, f. 1937, Harald, f. 1939.  Henrik er bøkkar og trearbeidar.