STEINDALSÆTER

Frå OS SOGA III side 820 – 821


85. STEINDALSÆTER. 

Steindalskogane hev eige gardsnumer og er rekna som serskild gard.  Me tek dei difor med her. 

Os kyrkja åtte frå gamall tid Steindalskogane.  Kyrkjeverjone i Os hadde ei serleg uppgåva:

A vakta og verna desse skogane, som var ein av Oskyrkja sine beste eignaluter.  Ola Tøsdal og Paul Bjånes, som var kyrkjeverjor i slutten av 1600 åri, hadde ikkje vakta skogane her slik som dei skulde, og vart difor tekne for retten i 1705.  Seinare vart Steindalskogane verna og stelt på beste måte. 
Kva tid det vart bygt sæterhus i Steindalen, veit me ikkje.  Truleg var det sæterstølar ikring Steindalsvatnet fyrr Midtsæter vart bygd ikr. 1650, men me veit ikkje noko um kven som då brukte desse stølane anna enn at Heggland hadde støl ein stad i Steindalen.  Gardane Molda, Klyva og Bjånes hadde beiterett i Steindalen, men ingen av desse hadde sæter i 1723.  Deira sæterhus vart soleis bygd seinare. 

I 1813 var det gamle selet til nedfalls, og det året vart det bygt nytt sæterhus.  I 1819 vart det tinglyst ei kontrakt um at dei nemnde gardane framleis hadde beiterett, og det var då kome sæterstøl og sel.  Det vart sett inn i kontrakti at «sæterhuset må ikkje flyttes». 

Dei same som åtte Os kyrkja, åtte til kvar tid ogso Steindalen.  Trond Ingebrigtson Samland i Jondal, som åtte kyrkja sidan 1796, selde det heile i 1834 til godseigar Formann på Lysekloster, og han vart dermed ogso eigar av Steindalskogane. 

I 1859 vart Oskyrkja og Steindalskogane skilde.  Som nemnt i bolken um kyrkja, s. O. B. I 395, vart bygdefolket i Os då eigar av kyrkja si, men Steindalskogane fylgde ikkje med.  Formann heldt Steindalen att ved handelen, og skogane vart ikkje med ved kjøpet av kyrkja.  Då dei andre Lyseklostergardane kom på sal i fyrsten av 1870 åri, vart ogso Steindalskogen fal, og i 1873 vart Steindalen seld for 1100 spd.  Kjøparane var dei tvo brørne på Molda, Nils og Johan Leganger, og dei fire brørne Hans, Nils, Ola og Martin Bjånes. 

I 1871 vart Steindalen serskild skyldsett og fekk serskilt gardsnumer.  Johan Leganger sin part i Steindalen fylgde Moldagarden til 1904, då eigaren av Moldadalen selde parten til dei andre medeigarane.  Nils Leganger selde sin part til dei tvo Bjånesmennene, Hans og Henrik, i 1907, og same året kjøpte dei ogso Martin Bjånes (Lyssand) sin part.  Ola Bjånes (Klyva) selde sin part til Lars Gjemdal i 1901. 

I 1912, då det soleis var tre eigarar, vart Steindalskogen skift og serskild skyldsett i 3 partar.  Dei tvo mennene på Bjånes fekk kvar 3/8 og Lars Gjemdal 2/8.  Sønene deira er eigarar no.  Molda, som ikkje er eigar, har framleis beiterett i Steindalen. 

Sæterhuset frå 1819 var i bruk til ikr. 1892, då stølsdrifti stogga.  I 1939 gav eigarane selet til Os ungdomslag, og Joh. Ludv. Mowinckel hjelpte til med å setja huset istand.  Steindalsæter er no vorten ein mykje nytta utferdstad for ungdomen i Os. 
Berre ein åsrygg skil Steindalsæter frå Bøsæter, gardsnumer 1 i Osbygdi og Osboki.  Stend me på åsryggen so ser me skogane ikring Bøsæter, der me byrja ferdi ikring bygdi. 
Og her byrja og her stoggar me utsynet over dei einskilde gardane.