JORDBRUK
Frå OS SOGA I side 155 – 189
JORDBRUK.
Busetnaden i Osbygdi er gamall. Etter gardsnamn og andre tilhøve i bygdi å døma so kann her vera gardar som er upp til 3-4000 år gamle. Og jordbruket er enndå eldre enn gardane.
I dei allereldste tiderne var det vel jagt og fiske som gav folket livemåten. Vart det tunnt um dyr i skogen og minka fisket i elv i eller vatnet, so flutte huslyden til ein stad, der det var meir livande å finna. Bustaderne var heller ikkje soleis laga at det var tungt å skiljast frå dei. Det var jamt hildrar og bergholor, eller jordhyttor som var snøgge å laga ogso på ein ny stad. Under eit sovore flytje- og rekar-liv kunde det ikkje verta noko jordbruk soleis som me i vår tid reknar jordbruk å vera.
Men etterkvart som bustaderne vart betre so vart folket mindre flyttsame og meir fastbuande. Og arbeidet med jordi tok til. Alt i den yngre sieineldren, 2-3000 år fyrr vår tidsrekning byrja, hadde dei gamle nordmenn fenge husdyr. Me kann av beinleivder frå dei tider sjå at dei hadde fenge seg hund og katt, kjyr, sau og gjeit. Det gjaldt då å finna mat åt husdyri, det gjaldt å syta for gras og høy til vinterfor, og det vart turvande å driva jordbruk.
Feavlen vart grunnleggjande for jordbruket. Jordi vart rydja for stuv og stein, og bøen vart inngjerda og utvida for auking av grasvokstren. Villskogen måtte ender og då gjeva eit lite stykke jord frå seg, bøgjerdet vart flutt lenger og lenger utover, og »garden« vaks smått um senn. Soleis gjekk det frå den eldste tid gjenom århundrad etter århundrad.
Ogso i Os hev feavlen vore upphavet til jordbruket. Me hev i bygdi 6-7 gardar som i namnet hev endingi -vin. Dette er av dei allereldste gardar i bygdi, og kunnige folk reknar med at gardar med denne namneending kann vera heilt frå den yngre steinalder, radt upp til 3-4000 år gamle. Ordet »vin«, som er so utgamalt at det var gjenge heilt or bruk i det no kjendte oldnorske målet, tyder ei eng, ei gras-mark, ein stad der det veks gras. Gardsnamni i Osbygdi er soleis ogso vitnemål um, at grasvokstren og med dette feavlen er det upphavelege i jordbruket her.
Men etterkvart som feavlen tok til kom ogso kornavlen. Mykje tyder på at ikring 2000 år fyrr vår tidsrekning byrja var kornavlen teke til her i landet. I Sør-Europa hadde kornavlen vore kjend lenge fyrr, og smått um senn fekk denne avlen ogso fast rot i Norig.
I dei eldste tider kunde her sjølvsagt ikkje verta stort åkerbruk. Skogen vaks stor og tett over heile landet, og med ei steinøks og eit steingrev var det ikkje lett å rydja skog og bryta åker. Kornet måtte skjerast med ein stein- eller beinsigd og malast til mjøl på flate steinar. Og under sovorne tilhøve kann ein ikkje venta noko stordyrking. Betre gjekk det sjølvsagt då ein fekk reidskap av metal, fyrst av bronse og seinare av jarn, til å arbeida med. Men det vara tusund av år fyrr sovorne bitjarn vart ålmenne i bruk her i landet.
At kornavlen ogso hev gamall rot i Osbygi er visst. Me hev i gardsnamnet Kornvin – no Kuven – eit framifrå vitnemål um, at i dei tider då dei eldste gardane i bygdi fekk namn var det ogso drive kornavl i bygdi. Garden Kornvin fekk namnet sitt nett avdi der var dyrka korn og truleg ein sers høveleg stad for kornavl. Det eldste korn-slag som var dyrka her i bygdi var truleg den seksrada bygg, som ogso sidan vart kalla berre »korn«, »kodne«.
I dei eldste tider var ikkje hesten teken i bruk til trekkdyr, men etterkvart kom ogso han med i jordbruket. Han fekk draga timber, trekkja fram lass av ymse slag og truleg ogso draga plogen. Plogen var nok einfeld, det var vel i den fyrste tidi berre ein trestuv med tvo røter. Eine roti grov i jordi og den andre gjorde tenesta som styre. Dei var venteleg ikkje so glupe til å skjera og velta jordi desse trestuvane som ein amerikansk eller Kvernelands plog i våre dagar. Men dei greidde likevel å rota upp åkren betre enn eit stein grev, og det er ikkje heilt utruleg at sume av dei eldste åkrane i bygdi frå fyrst av er laga med eit steingrev og sidan pløgde med ei krokutt furu- eller bjørkerot. Framgangen i jordbruket frå ættled til ættled, frå århundrad til århundrad, var mesta umerkjande. Sjølv um tilhøvi vart betre, sjølv um jarnet kom med sterkare greidor, kvassare bitjarn og høvelegare arbeidsreidskap, so gjekk det berre smått, smått og seint framover. Sonen dreiv jordi på same måte som faren, besstefaren og oldefaren hadde gjort, han brukte den same reidskapen, sådde det same slag såd i dei same åkrane, slog og hausta dei same teigar, og brukte dei same utgamle arbeidsmåtane. Men, framover gjekk det likevel um det gjekk seint. Folketalet auka, og for å greida livemåten måtte det fødast fleire beist, avlast meire korn og difyr måtte det ogso dyrkast meire jord. Gardane vart fleire og større.
Me veit lite um dei serlege jordbrukstilhøvi i Osbygdi i desse tider, men truleg var det her som elles i landet. Etter det me kann skyna var storparten av gardane i Os rydja og bygde fyrr år 1000, men me veit lite um korleis desse gardane kom til og korleis det hadde seg i dei einskilde høve. Heller ikkje frå millomalderen er mykje å finna i den leid, og me lyt radt fram til det 15. århundradet fyrr me finn noko som kann gjeva pålitande upplysningar um jordbrukstilhøvi i Os.
Gardane var enno ukløyvde, på kvar gard var jamnast berre eit bruk. Folketalet i bygdi var ikkje stort, truleg 5-600 menneskje. I vanlege år avla bygdi so mykje korn at ho var sjølvhjelpi. Berre i uår, – men dei var det diverre mange av, – måtte osingane kjøpa korn i Bergen eller frå andre bygder. Istadenfor det gamle »kodne«, byggen, hadde havren no fenge magti i bygdi. Umlag all gjødsel vart brukt til åkeren, bøen fekk lite eller ikkje sovore, og då det jamt var halde mykje beist på gardane vart det nøgdi av gjødsel til kornåkren. Den besste jordi vart teken til åker, og åkren vart vyrdsla og vælstellt på alle måtar so at han kunde gjeva størst mogeleg avle.
Feavlen var likevel framleis hovudnæringi. Feavlen gav osbønderne alle deira salsvaror, smør, kjøtt, feitt, skinn og ull. Skattar og avgifter vart vanleg greidt med desse varor, likeins som heile jordverdet i desse bygder, matrikul, skattar og avgifter var grunnlagt på smør, talg, huder og skinn. Berre tiend til prest og kyrkja vart rekna etter kornavlen.
Det var mykje brukt å fostra beist for andre i desse tider. Frå år 1500 og frametter ser ein soleis at bønderne på Halhjem, Haugland, Lekven, Tuen, Storum, Grindevoll, Moberg, Bø og Tveit fødde stutar um vinteren for lensherren på Bergenhus, som treng mykje kjøt til alle folki sine. Fosterløni for ein stut var vanleg 11 skjeling. Storparten av bønderne fekk elles fosterløni betalt i ty til høgtidsklæde. For eit stutafoster fekk dei 5 alner klæde eller »ferisk vadmel».
Osingane selde ogso kjøt til Bergenhus. I 1567 vart det soleis send slagtenaut til Bergenhus frå Ferstad, Skieie, Hauge og Bø. Prisen for eit vakse naut var 2 daler. Ådne Skjeie hadde det året største nauteslagtet, han fekk 2 daler og 1 ort for det.
Ikring år 1600 byrja gardkleyvingi i Os. Dei fleste gardar vart skift i tvo eller fleire bruk, og dette sette vokster i jordbruket. Då kvart bruk jamt vart forlite etter kløyvingi til å livja ein huslyd, so vart ny jord rydja og lagt til bøen. Nye åkrar vart laga, kornavlen vart større og feavlen auka munaleg. Serleg var tidi 1600-1625 og 1640-1650, etter det me kannskyna, ei uppgangstid for jordbruket i Os.
I 1657 vart halde ei krøterteljing i heile landet. Teljingi synte at det i Os var 52 hestar, 677 vaksne kjyr og stutar, 261 ungbeist, 91 gjeiter og 82 smaler. Desse tali er tvillaust for små. Teljingi vart haldi avdi det skulde leggjast skatt for kvart beist, og det var vel då som elles at ein ikkje tek for høgt til når det gjeld skattelikning. Lysekloster som truleg hadde 50-60 beist er ikkje med i talet, og etter det ein kann sjå hev ogso ymse husmenn sloppe undan skattelista. I smale- og gjeitehuset er truleg berre dei vaksne dyri medrekna. Men sjølv um teljingi hev sovorne veilor so gjev ho likevel ei god rettleiding.
I Søftelendsbygdi, Lysefjorden, Lyssendbygdi og Hegglandsdalen hadde umlag kvar mann hest. Det kom truleg av at dei i desse grender dreiv skogarbeid um vinteren. På heile Søre og Nore Neset, Mobergsgerdene med, var berre tvo hestar, ein på Moberg og ein på Tuen. I Øyane var det hestar berre på Strønøyi, truleg ogso her for skogarbeidet si skuld.
Av dei 52 hestar i bygdi var 28 hingster og 24 hoppor. Det var sett strengt forbod mot at nokon gardbrukar i Os sokn hadde hoppa, men som ein ser var forbodet brote. I 1666 kom det nytt påbod um at bønderne i Os berre skulde halda hingstar. Soframt nokon hadde hoppa so sprang hingstane galne over åker og eng og gjorde stor skade på avlen. Og dette påbodet stod noko ved lag i over 100 år.
Som ein ser var det mykje ungbeist millom krøteri. Det var truleg storparten ungstutar som vart selde etterkvart dei vart vaksne. Millom dei 677 vaksne storfe var berre ein stut.
Geite- og sauetalet er svert lite i skattelista. Som nemnd var truleg ikkje ungdyri medrekna, og elles vart vel ein og annen saubukken halden utanfyre for å sleppa skatten. I Lysefjorden og Øyane fanns korkje sau eller gjeit, heller ikkje andre stader på Neset enn på Tuen. Gris er ikkje nemnd nokon stad, men me lyt tru at det likevel fanns nokre griser i Osbygdi.
I 1666 finn me nokre upplysningar um kornavlen i bygdi. Utsådet er då uppgjeve til 240 tunnor. Lysekloster er ikkje medrekna, heller ikkje dei andre gardane i Lyse-fjorden som ligg innanfyre Søvik. Då uppgåva gjeld ny matrikul og skattleggjing, so kann me rekna med at uppgåva ogso her er i minste laget. Tek me umsyn til dette og reknar utsådet på Lysekloster og dei andre gardane i Lysefjorden attåt, so vil det samla utsåd truleg verta ikring 300 tunnor.
Utsådet var umlag berre havre. På prestegarden, — og truleg på Lysekloster der uppgåva vantar, – sådde dei ogso nokre tunnor rug og kveite. Rekna me avlen til 4 foll, – fleire granskarar meinar at 2-3 foll var det vanlege i dei dagar, medan andre rekna radt upp til 5 foll, – so skulde avlen verta ikring 1200 tunnor. Dei besste korngardar var prestegarden, Kuven (hugs Kornvin!), Moberg, Hauge og Heggland.
Me kann ogso på ein annan måte freista å finna kor stor kornavlen i Os var i dei tider. Det er etter tiendyiingi. Kvar gardbrukar hadde å betala tiend av kornavlen sin til kyrkja, presten og jordeigaren, og etter tiendstorleiken kann ein ogso døma um kornavlen.
Presten i Os gav upp at han i 1661 hadde ei korntiend av heile prestegjeldet på ialt 67 tunnor. Då presten som nemnd fekk ein tridjepart av tiendi vart den samla tiend 200 tunnor og den samla avle 2000 tunnor. Då utsådet var frårekna so vilde det rekna etter 4 foll avle koma eit tillegg for utsådet av 670 tunnor. Lysekloster betala ikkje tiend, heller ikkje dei gardar som låg nærast klostret, og nokre andre gardar i Os, Fusa og Samnanger var ogso tiendfri. Reknar me ogso eit tillegg for dei tiendfri gardane av 130 tunnor, so vert den samla kornavle då ikring 2800 tunnor.
Dette gjaldt heile prestegjeldet, Os, Fusa, Strandvik, Hålandsdalen og Samnanger. Etter uppgåvor frå seinare tid å døma hadde Ossokni ikring 2/5 av kornavlen i prestegjeldet. Gjeng me ut frå at tilhøvi var likeins i 1661 so skulde kornavlen i Ossokni då, rekna etter tiendytingi, vera millom 1100 og 1200 tunnor. Men dette er tviIlaust for lite.
Det er lett skyneleg at bonden ogso gav upp i minste laget når han skulde gjeva tiend. Rekna me at 8/10 av avlen var uppgjeven, so skulde heile kornavlen i Os vera 1300 – 1400 tunnor. Og då kjem me truleg noko nær til det rette.
Folketalet var i dei tider ikring 800, og det trongst då umlag 1600 tunnor korn for at bygdi skulde vera sjølvhjelpi. Det var ho soleis ikkje i 1661 etter dei framanfyre gjevne utrekningar. Men no lyt det merkjast at folketalet i dei sisste 20-30 åri, frå 1630 og framover, hadde auka mykje. Det var i desse åri upptekne mange nye bruk, storparten av dei gamle gardane var kløyvde, og det er heilt truleg at kornavlen enno ikkje var komen i full sving på alle dei nye bruki.
I 1723 vart samla tilfang til ei ny matrikulering av gardane, og dei måtte då på kvar gard gjeva uppgåva over utsåd, avle og buskap. Uppgåvorne synte at jordbruket i dei sisste 60 åri hadde gjenge munaleg fram. Utsådet vart no uppgjeve til 432 tunnor korn, men avlen var etter måten svert liten, berre 1464 tunnor. Hestetalet var auka til 98 og talet på storfe til 1409. Av dei sisste var umlag tridjeparten ungbeist. Smalehaldet hadde vakse storveges og det var no 436 sauer i bygdi. Gjeiter eller andre dyr var ikkje medtekne i uppgåva, men me veit at gjeitehaldet vaks jamsides med smalehaldet.
Jordbruket gjekk no stødt, men rett nok smått framover. Det vart jamt uppteke ny mark til bø, men noko dyrking av marki som den me no plar gjera var ikkje tale um. Den verste stein og stuv vart rydja burt, det var det heile. Veitegraving og turrleggjing av myrar var sers sjelden å sjå. Eit lag i Bergen, »Dei nyttige selskap«, gav i 1780 og 1790 åri premi for godt dyrkingsarbeid, og då serleg for veitegraving. Umframt paktaren i Lysekloster var det berre ein osing, (han var elles fødd i Hardanger), som fekk premi for sovore arbeid. Det var Salomon Torsteinson ytre Drange, som tappa ut ei myr ved å leggja 516 alner opne veiter, og som braut ny åker til 5 skjeppor utsåd.
Trass framgang og vokster i feavlen gav buskapen liti innkoma. Det gjaldt å fostra mange beist, og då ein jamt hadde lite for vart det svert mykje svolteforing. Um vinteren gjaldt det berre å halda liv i beisti, noko avdrått venta ein ikkje i vinterhalvåret. Det var um surnaren då beisti gjekk ute at bonden fekk innkoma av buskapen. Diverre var det mest skrale hagar i Os, og avdråtten vart difyr liten ogso i sumarhalvåret. I grannebygderne Samnanger og Hålandsdalen med sine gode hagar gav buskapen mykje større vinst.
Som fyrr nemnd fekk åkeren umlag all gjødsel på garden og bøen fekk ingenting. Høyavlen vart ikkje stor, og sjølv med knip i foring heile vinteren og mesta svolteforing på vårparten vart det likevel for lite høy. Det var difyr heilt naudsynleg å skaffa meir for enn det graset som ein avla heime på garden, og dette fann dei i lauv, lyng og skav. Lauvet vart hausta på fleire måtar. Bjørkelauv, olderlauv, lindelauv og fleire andre lauvslag vart teke tidleg um sumaren ved at dei skar kvistane av trei med lauvet på og kippa dei saman til »kjerv« eller »knippe« Askelauv og raunelauv vart teke seinare um hausten ved »logging«. Lauvet vart serleg brukt til smalefor.
Medan lauvingi var sumararbeid so var skevingi vinterarbeid. Ungtre eller greiner av gamal raun, hegg, osp, ask og andre treslag vart hoggde um hausten eller vinteren og borken vart skava av greinerne. Det var eit seinvore arbeid, men so var skavet eit godt beistefôr. Elles hadde dei ymse treslag mykje å segja for godleiken og krafti i skavet. Av det gamle skav-verset kann ein sjå kva slag skav dei gamle sette høgst og kva som var minst vyrd:
Alm gjør (gjøder), raun før (føder),
Hegg set merg i legg,
Ask gjer kui rask,
Selja svelte, vier velte.
Lyng var mykje brukt til kufôr. På mange gardar måtte kvinnfolki kvar dag um vinteren ut på lyngskjering. Surne vintrar kunde det henda at snjoen heilt gøymde lyngen, og då vart mange bondekonor ille ute avdi vårknipa kom for tidleg på dei. Men jamnast var ikkje snjoen høgare enn at dei i skogen og liderne kunde finna lyng heile vinteren. Men mange gardar hadde lang veg til lyngmarki, soleis måtte fleire til setramarki og friskogane etter lyngen, og den iduge lyngskjeringi og lyngberingi var eit syrgjelegt slitsamt arbeid for kvinnfolki, som stødt måtte taka tyngste taket her.
Lyng, lauv og skav var som nemnd eit fast pårekna beistefôr hjå kvar einaste gardbrukar. Soleis hadde det truleg vore frå gamall tid og soleis heldt det ved langt fram i 1800 talet. Me kann nemna, at då det i 1865 vart gjeve uppgåvor over beist og foring av buskapen, so synte det seg at kvar gardbrukar i bygdi fostra 1 til 2, ja sume enndå til 3 og 4 kjyr eller ungbeist med sovore fôr. Det vil segja at på sume gardar var radt upp til tridjeparten av alt beistefôret på garden, lyng, lauv og skav. Når tilhøvi var soleis i 1865 so var dei sjølvsagt ikkje mykje likare på 1700 talet.
Beisteslagi var gamle i bygdi. Kjyrne var små og av liti slagtevigt. Som eit serhende er nemnd at i grannebygderne Samnanger og Hålandsdalen, der det var sers gode hagar, fekk dei stutane so store og feite at dei halvtridje år gamle kunde vera opp til 7-8 voger, (120-140 kg.). I Os med sine skrale hagar vart dei ikkje stort meir enn halvparten, 4-5 voger, i den aldren.
Hestane var små, vanleg frå 4 til 8 stolpar, men dei var likevel større i Os enn i grannebygderne. Dette kom av at det i Os vart halde hingstar medan det i Fusa og dei andre sokner berre var hoppor. Det fyrr nemnde påbodet um berre hingstehald i Ossokni vart halde uppe, og ikring 1800 fanns der berre hingstar i bygdi. Etter den tid tok ein og annan til å halda vallaker. Hestene hadde lite arbeid på gardane, det meste var skogkjøring um vinteren. Korkje i våronn eller haustonn hadde hestane mykje å gjera. Storparten av åkrane vart spadde, ikkje pløgde, og både høy og korn vart bore i hus på manns- og kvinneryggjen.
Smalen var av det gamle norske slaget med lang men strid og hard ull. Dei gardar som hadde gode hagar fekk god vinning av smaleavlen. Dyri gjekk ute den største part av året, so dei gjorde liten skade på høystålet.
Gjeiter vart ikkje halde på alle gardar i bygdi. Gardane var for det meste leiglendingsgods, og eigaren var ikkje alltid blid på gjeiterne, som gjorde stor skade på ungskogen. Ute i Øyane og på sume andre garder gjekk gjeiterne ute heile året utan onnor føda enn det dei sjølv fann. Gjeldbukkane var umlag aldrig i hus.
Svinehaldet var lite. Berre ein og annan av dei fremste og mest tiltøkne bønder heldt gris. Dette kom vel mykje av at gardane var små og kornavlen difyr ikkje større enn at alt korn og mjøl vel trongst til folkemat. Flesket var lite brukt heime i hushaldet, men vart seld til Bergen. Etter 1820 vart det ein snunad i svinehaldet, og dei fleste gardbrukarar, ja enndå til husmennerne, tok då til å halda gris.
Kornavlen auka i bygdi, men folketalet auka etter måten enndå meir frå 1750 og framover, og bygdi vart mindre sjølvhjelpi med korn enn ho fyrr hadde vore. Frå 1785 til ikring 1800 slog fisket godt til og gardbrukarane lagde seg difyr, som ventande var, rnykje etter fisket. Gardsarbeidet vart no forsømt, og kornavlen gjekk mykje attende i denne tidi. I åri etter 1800 då fisket vart ringare og serleg i ufredsåri 1807-1814 tok kornavlen seg mykje uppatt. I gode år greidde no bygdi å berga seg sjølv med korn. Men det kom ogso noko av at ein annan matvokster gjorde det mogelegt for bønderne å spara på kornbruket.
Det var potetorne som hadde halde si sigersinnferd i bygdi. Kva år dei fyrste gang kom til Os veit me ikkje, men visst er det at i 1770 åri var avlen byrja so smått ikring på ymse gardar i Os. I fyrstningi vart dei nærmast dyrka som eit slag »luksusvokster« for sal til byfolket, men avsetnaden var so ymse.

.
.

Ein mann frå Os som i fyrsten av 1780 åri reiste til Bergen med 2 tunnor potetor fekk ikkje selja ei einaste potet. Byfolki skulde ikkje ha dei.
Etterkvart lærde bønderne sjølv å skyna kva potetorne verkeleg var verd, og dei tok potetavlen upp for sin eigen part. I uåri, »grønåri«, som det var so mange av, var potetorne til overlag stor hjelp for livemåten, og i ufredsåri og uåri 1807-1814 var det mykje potetorne å takka at osingane ikkje svalt radt ihel. Den besste jordi vart teki til potetåker, åkrane vart sers godt stellte, og dei rekna med at potetorne gav 10-16, ja upp til 20 foll på ei besste stader i bygdi. Det vara ikkje lenge fyrr potetavlen kom nær uppunder kornavlen, og sidan den tid hev potetorne hevda sitt rom som ein av dei allerbesste matvokstrar i bygdi.
Potetavlen øydelagde likevel nokre andre gamle avlsgreiner. Frå gamall tid vart det på kvar gard dyrka humle. Ved bryggjing av øl, som i gamle dagar var ei sers naudsynleg vara, trongst det humle, og humleavlen vart stydja på ymse måtar. Riksstyret fann ogso humleavlen so turvande at det ender og då, soleis ved matrikuleringi i 1667, gav strengt påbod um at dei gardar som ikkje hadde humlehagar skulde skipa sovorne straks. Men då potetavlen kom i sving og gav so framifrå resultat so kasta bønderne både i Os og grannebygderne humleavlen og tok til med potetdyrking som svara seg mykje betre.
Det same gjaldt avling i av hør, hamp og lin som ogso var dyrka på ymse garder, um langtfrå ikkje på alle. Potetorne gjorde ogso ende på denne avlen. Rett nok vart det i ufredsåri 1807-14 på mange stader steke uppatt dyrking av desse vokstrane, men då fredsåri kom att minka avlen straks og fall tilslutt heilt burt. I 1817 var det berre ein mann i Os som dyrka hør, og ingen som dyrka lin, hamp eller humle.
I 1835 vart det halde ei jordbruksteljing for landet. Ho synte at det i Os då var 89 hestar, 1128 storfe, 1414 smaler, 318 gjeiter og 86 svin. Hestetalet hadde minka sidan 1723, noko som var ventande avdi det som krov mest hestearbeid, skogdrifti, var minka mykje i det sisste hundradåret. Talet på storfe hadde ogso minka, men då ungbeisti ikkje tykkjest vera medrekna ved sisste teljingi, so hadde truleg storfeavlen auka i røyndi. Smalehaldet var gjenge mykje fram. Utsådet av korn var auka frå 432 tunnor i 1723 til 550 tunnor no. Dette var svert liten vokster etter folkeauken, men so var det no komen med ein ny avle, potetavlen, med 362 tunnor utsåd. Jordbruket hadde soleis gjenge noko fram etter sisste teljing.
Ein ting som gjorde det radt umogelegt å driva godt jordbruk var sameiga og teigblandingi. Mykje av eigedomane låg i sameiga. Heimebøen var skift i mange små teigar, upp til eit halvt hundrad på ein gard. Kvar brukar kunde ha bøen og åkrane sine skift i 20-30 teigar på like mange ymse stader, med grannane sine bøteigar og åkrar inn imillom. Ein mann hadde gjerne ein liten åkermole midt i grannen sin bøteig, medan grannen kunde ha ein liten bøteig i storåkeren åt den fyrste. Under sovorne høve kunde det sjeldan vera tale um veitegraving, tapping av myrar o. l., då teigblandingi og sameiga gjorde at alle grannar måtte vera samde, um eit sovore arbeide skulde gjerast. At drifti av ein gard som var so spreidd og sundskoren ogso vart tungvindt er lett å skyna.
Frå 1830 åri og utover byrja godseigar Formann so smått å halda utskifting på ymse av dei gardar som høyrde Lysekloster til. Bruki vart meir samla og gardsdrifti vart lettare. Då det leid fram til 1860 åri var heimebøen skift ut på mange av Lyseklostergardane.
No byrja interessa for jordbruket å veksa. Både styremakterne og folket i bygderne tok til å få meire skyn på kva eit betre jordbruk vilde segja. Jordbruksskular vart skipa. Den fyrste »Landbruksskule« i Hordaland vart skipa på Sandvik i Kvinnherad 1848. Ein gut frå Os, Hans Engjelson Hatvik, gjekk jordbruksskulen medan han var på Sandvik.
Då fylkestinget vedtok at Sandvikskulen skulde leggjast ned og ny jordbruksskule skipast på eigen gard kom mange gardar på tale som høvelege skulegardar. Styraren av skulen på Sandvik, August Rolfsen, hadde kjøpt garden Kuven i Os, med det fyremål å skipa ein jordbruksskule på garden. Fylkestinget sette ei nemnd til å peika ut høveleg gard for den nye jordbruksskulen, og m. a. var ordføraren i Os, Johan Legenger, med i nemndi. I 1860 var nemndi på Kuven for å sjå på tilhøvi der, men ho fann ikkje garden høveleg, og jordbruksskulen vart lagd på Stend i Fana der han framleis er.
Ein ting som i lange tider hadde gjort stor skade for gardbrukarane var skabbsykja på smalen. I 1850 tok styremakterne upp eit sterkt arbeid for å drepa sjukdomen, og saki vart ogso uppteki i Os. Bygdi vart skift i vaskekrinsar, det vart tilsett ein tilsynsmann, »smalevaskar» i kvar krins, det vart kjøpt hestelass med tobakk, og år etter år vart kvart einaste beist vaska i tobakslaug. I sume bygder, t. d. Samnanger, sette bønderne seg imot, men i Os gjekk det greidt. I 1865 var ein komen so langt, at dyrlækjaren då berre fann ein skabbsau att i Osbygdi, nernleg i Gjeiterøv. Ein torde likevel ikkje sleppa den saki då sykja lett kunde ta seg uppatt, og radt til 1888 valde heradstyret skabb tilsynsmenn i krinsane.
I 1858 vart det fyrste fesjå i Hordaland halde på Voss. Hausten etter, den 5. oktober 1859, vart det fyrste fesjå i Os halde på Kuven. Det var framsyning av kyr, hestar og jordbruksvara, og der vart halde premipløgjing. Premilista frå fesjået finns diverre ikkje meir, og me veit ikkje kor stor framsyningi var eller kor gode dyr det var framsynt. Fylkesmannen skriv at »de udstillede dyrs antal var ikke ringe og dyrskuet var talrigt besøkt«. Det som fanga mest interesse var truleg premipløgjingi, der ein fekk sjå fleire slag nye plogar i arbeid.
I 1850 åri tok fylket til å senda agronomar og dyrlækjarar ut i bygderne for å rettleida folk i jordbruk og krøterstell. I 1862 reiste fylkesagronomen for fyrste gang i Os. Han fann mykje skralt stell, men det var ogso ymse ting som synte framgang i jordbruket, sa han.
Frå 1860 var det kome meir kveik i jordbruksdrifti. Med åkeren som ogso fyrr hadde vore væl stellt og vyrdsla var det ikkje stor skilnad å sjå. Men arbeidet elles på garden synte vokster. Nye og lettare reidskap vart tekne i bruk, hestane vart meir nytta til gardskjøring og haustarbeid, bøane vart betre rydja og vyrdsla, og fleire tok til med utveiting av myr og våt mark. På mange stader vart utmark lagt til heimebøen og nye åkrar tekne i bruk. Det gjekk framover. Gardane vaks og avlen auka.
Men vart noko gjort so stod likevel meir att å gjera.
Av fylkesagronomen og dyrlækjaren sine meldingar frå ferderne i Os 1862, 1867, 1869 og 1872 kann me sjå stellet på gardane i den tidi. Berre ein og annan var teke til med veitegraving. I Os var dei no likeins som i Fana byrja so smått å gjeva engi gjødsel, og i dette stykke var Os komen lenger enn dei fleste av grannebygderne. Men åkren fekk framleis storparten av gjødslingi og han fekk ogso rikeleg utsåd. Det hende at dei sådde ut ei heil tunna korn på målet og gjødsla det med 30-40 kjerrelass kumyk. Det var soleis ingi »vårknipa« på åkren.
Krøterstellet var kleint. Beisti stod i myrke og trange, kjøvde rom, og svoltefôring var jamt å sjå. Dyrlækjaren rekna ut at Osbygdi hadde 33 for mange beist etter fôrmengdi, og han gjev døme på grov svoltefôring. Det var ei vanleg tru at kjyrne måtte ha ring fôring um vinteren so at dei då ikkje »mjølka av seg«. Likeins som plantorne måtte dei kvila um vinteren, og fyrst um våren og surnaren gjorde næringi rett gagn. Vinterfôr til ei ku var rekna til 50-60 veger høy og til ein hest umlag 100 veger, men hjå mange vart fôringi mykje ringare. Ein rekna at det gjekk 6 smalefoster på eit kufôr. Høyprisen var rekna til 24 skjeling vogi, umlag 4 øre pr. kg. Mjølkestellet var heller ikkje å skryt a av. Mjølki stod i stova der alle gardsfolki arbeidde og heldt seg, og ho vart difyr lett urein. Dette var likevel betre i Os der dei enno hadde sine gode røykstovor enn i Fana der lemstovorne no var komen i bruk. Dyrlækjaren fann likevel trass alle veilor framgang frå år til år. Som ein av dei som hadde det besste krøterstell i Os nemner han Rasmus Hauge, og han nemner ogso Per Hegglend som ein interessert gardbrukar.
Nokon uppgåva over avdrått og vinning av buskapen hev ein ikkje frå tidi fyrr 1860. Fylkesmannen i Hordaland rekna i 1860 mjølkeavdråtten av kvar ku til 500-1000 liter. Ein rekna elles i den tid med at ei ku gav 4-5 bismarpund smør um året, og det svarar til 600-800 liter mjølk. Med ein smørpris av 10 skjeling morki som det då var, gav ei ku smør for 30-40 kroner um året. I Fana, der dei fekk selja mjølki til Bergen for 5 skjeling kanna, kom den samla avdrått av ei ku upp i 50-60 kroner um året. Av ymse upgåvor elles kann ein sjå, at ei »god« ku skulde mjølka 500 liter um året og gjeva for 6 daler (24 kroner) i smør.
Me hev ei uppgåva over mjølkemengdi i 1850 åri frå jordbruksskulen på Sandvik. I 1855 hadde skulen 19 kjyr. Av desse mjølka 3 millom 500 og 600 liter, 3 600-700, 4 700-800, 4 800-900, 2 900-1000 og 3 1000-1100 liter. Buskapen på jordbrukskulen var sjølvsagt ein mynsterbuskap, og i vanlege buskapar var avdråtten mykje mindre.
I 1871 vart det halde fjosettersyn i Osbygdi, og 6 gardbrukarar fekk tridje premi for, sitt krøterstell. Det var Lars Valle, Torbjørn S. og Torbjørn O. Lyssand, Jon Mobergslien, Johannes R. Søfteland og A. O. Arnesen på Lepsøy. Nokon fyrste- eller andrepremi vart ikkje gjevi.
Den 29. mai 1872 vart halde fesjå på Osøyri. Det vart framsynt 7 stutar, 65 kjyr og 30 smaler frå Osbygdi og Fana. Dei som stjorna med fesjået sagde at storfesamlingi var god, men den framsynte smalen var lite verd. Lysekloster fekk premi for ein stut, Arnesen på Lepsøy, Lars Moberg og Jon Mobergslien fekk premi for kvar si ku. Hans Drange fekk premi for 2 kjyr, og Eilef Lund og A. O. Arnesen fekk premi for smaler. Ved fesjået på Søfteland 8. oktober 1874 fekk Nils Kuven, Sjur Nordstraumen og Johannes Søfteland premi for kvar si ku, og Anders Søfteland og A. O. Arnesen fekk premi for kvar tvo. Det var den dagen eit svert ruskaver so frammøtet var lite.
Fesjåi og fylkesagronomane sitt arbeid skapte no sterk interesse for jordbruket. Fylkesagronomane heldt foredrag på ymse stader i bygdi og jamt melder dei um godt frammøte og attimillom um overfyllt hus. Då fylkesagronom Jåstad i 1878 reiste for fyrste gong i Os, so fann han rettnok ikkje alt so godt som han hadde venta det. Men mykje var gjort likevel. Serleg nemner han Hegglendsdelen som den grendi som gjeng i brodden. Elles rekna han Ola Valle for å vera fremste gardbrukaren i dei tider.
Det var serleg krøterstellet som var besna, og sveltefôringi minka. Då det i 1865 vart halde krøterteljing var beistetalet auka frå sisste teljing meir enn noko tid fyrr. Talet av storfe var 1880, smaler 4346 og gjeiter 698. Vokstren i sjølve jordbruket var ikkje på langt nær so stor etter måten som auken i beistetalet, og tidi ikring 1865 var truleg noko av den verste svolteforingstid i heile Osbygdi si jordbrukssoga. Det fyrr nemnde upplysningsarbeid tok difyr serleg sigte på betring av krøterstellet, og dette besna storleg i 1870 og 1880 åri.
Folk tok no til å skyna at det var ikkje beistetalet som gav innkoma, men avdråtten, og det vart spurnad etter gode beist. Foringi vart betre og det gjorde at beistetalet minka. Mjølkestellet besna ogso, og frå 1880 reiste »husholdningslærarinnor» tilsette av fylket, soleis Barbra Ones og Margreta Utne, ikring i bygdi og synte konorne korleis dei skulde stella mjølki, laga smør og ost o. a. Det var stor interesse millom oskonorne for denne upplæringi, og denne interesse var ogso med å skapa grunnlaget for det seinare mest tidhøvelege mjølkestell i bygdi gjenom meieriskipnaden.
Når interessa for feavlen auka etterkvart, so kom det ogso av at avdråtten og vinningi av buskapen auka, sjølv um det ikkje på langt nær gjekk so storveges fram som ein skulde tru etter ymse uppgåvor frå Os i 1880 og 90 åri. Lensmannen i Os som kvart femte år skulde gjeva »embedsmæssige indberetninger« til fylket um jordbruket si stoda og framgang i bygdi gav i 1865 melding um, at i Osbygdi var mjølkemengdi av kvar ku jamt over 500 liter (potter) um året. I Fusa hadde dei det året halde serlegt mjølkerekneskap på ein gard med 12 kjyr, og mjølkemengdi i den buskapen var 736 liter for kvar ku jamt over. I 1885 gav lensmannen i Os femårsmelding for tidi 1881- 85, og han skreiv i denne, at mjølkemengdi av kvar ku
jamt over i Os var 1600 liter um året, og hjå »mere fremskredne gårdbrukere« 2000 liter um året! Samstundes gav Fusa-lensmennen melding um at i same tid hadde kvar ku i Fusa jamt over berre mjølka 300 liter um året, og hjå »fremskredne gårdbrukere« 450 liter! For næste femår, 1886 – 90, gav Oslensmannen upp at mjølkemengdi hjå vanlege folk i Os var 1300 liter pr. ku og hjå dei »fremskredne« 1700 liter um året, medan Fusalensmannen for same tid gav upp 600 og 900 liter. Truleg var Fusalensmannen si uppgåva rettast, og ein lyt tru at dei rette tali også for Ossokni låg millom 800 og 1000 liter, soleis som det ogso vart uppgjeve av Oslensmannen i meldingane hans seinare, i 1895 og 1900.
Elles var lensmennerne si uppgåva lite sætande. Lensmannen i Askøy gav soleis upp at mjølkemengdi der var 2000 – 2500 liter um året pr. ku! Det rette var truleg mindre enn det halve.
Det var ikkje berre kui som fekk betre stell, ogso hesten, sauen og gjeiti fekk større vyrdnad og betre livekor. I 1840 åri hadde godseigar Formann på Lysekloster teke til med smalehald av eit betre seuesleg, og sume av dei fremste bønder i Osbygdi tok etter dette. Men desse sauer var dyre, – fylkesmannen fortel soleis i ei melding 1865 at bønderne bytte burt stut i sau utan millomlag, – og dei fekk liten inngang hjå dei vanlege bønder. I dei fleste smalehus i bygdi hadde det gamle norske smaleslaget framleis råderomet åleine. Men stellet og foringi vart betre, og sjølv um ‘sauetalet minka etter 1860 åri so vart ikkje vinningi av sauehaldet mindre enn fyrr.
Det fyrste Fealslag i bygi galdt smalen. Den 2. juni 1876 møtte Stein Skjeie fram i Os heradsstyre og framlagde til godkjenning av heradsstyret »statutter for foreningen på Nordre Nesset til fårerasernes forbedring«. Um det synte stor verknad etter laget sitt arbeid veit me diverre ikkje.
Ogso svinehaldet tok seg upp. Medan det i 1835 berre var 86 svin i bygdi so var det i 1865 heile 216, og i 1900 var talet auka til 319. Grisen hadde vore lite vyrd som husdyr. Føda hans var matrusket som fall frå stovebordet etter måltidi, attåt litt lauv og gras um sumaren og lyng um vinteren. Av mjølvara fekk han berre ein neve havremjøl morgen og kveld på drikkans-bytta. Livemåten tedde ogso på grisen, han vart lang og svang, med godt kjøt, men med svært lite flesk og feitt på knokane. Med dei låge prisar på mjølvara og etter måten betre fleskeprisar, serleg i 1880 og 1890 åri, vart det ein snunad. Attåt lyng og lauv fekk han no mjøl og graut som ein herremann, det synte att på feittet og flesket, og bygdefolket fekk vyrdnad for grisen. Flesk tok til å verta ei god salsvara frå bygdi.
Framgangen i kornavlen heldt ikkje lag med Framvokstren i feavlen. Som nemnd tok åkerbruket seg upp i Osbygdi etter krigsåri 1807-14. I 1835 var utsådet i bygdi 550 tunnor korn og 360 tunnor potetor, med ein pårekna avle av umlag 2000 tunnor korn og 1700 tunnor potetor. Umlag heile kornavlen var havre. Då folketalet no var 1750 vart det for liten avle til det bygdi treng, sjølv um potetorne hjelpte godt på. I 1865 var utsådet auka mykje, av korn vart sådd 800 tunnor og av potetor over 1000 tunnor. Det tilsvarar ein avle av nær 3000 tunnor korn og 4500 tunnor potetor. Etter folketalet som i 1865 var 2170 var bygdi noko meir sjølvberga enn i 1835, og i 1860 åri stod truleg kornavlen på høgdi av det som han noko tid hev vore i Osbygdi inntil krafttaket i 1918.
Etter 1870 gjekk kornavlen attende i Osbygdi. Kornet fall i pris so det vart lettare å kjøpa utanfrå, feavlen tok etterkvart meire av arbeidet og arbeidshugen, og i sjølve åkerbruket gjekk det enno meir enn fyr over frå kornavle til potetavie. I 1900 var soleis utsådet 643 hl. korn og 1983 hl. potetor, og sjølv i eit godt år avla då bygdi ikkje meir enn helvti av det korn som ho trong. Derimot var bygdi sjølvberga i potetvegen og kunde i gode år ogso selja noko potetor.
Jordbruket og gardsdrifti hadde til denne tid vare tufta på gamall grunn. Som nemnd hadde det i sisste hundradåret vore framgang i bygdi også i dei ting som vedkom jordbruket, men denne utvikling hadde ikkje gjort noko brot på det gamle og tilvande. Det var framleis dei gamle driftsformer og dei gamle arbeidsmåtar som vart nytta i stor mun. Og den gamle livemåien hadde halde seg. Det ein avla på garden vart mykje nytta i hushaldet, og det vart kjøpt so lite som mogelegt utanfrå. Det var enno ikkje tale um noko som kunde kallast handelsjordbruk i Osbygdi.
Fram i 1880 åri kjem varslingi um ei ny tid. I Fana og andre bygder nær Bergen hadde bønderne i lang tid seld si mjølk og sine andre varor til Bergen og gjerne kjøpt fisk og anna istaden. Ogso i Os, der berre ei grend hadde freista med ein grand mjølkesal, tok ein til å dryfta sovore. I fleire Hardangerbygder var skipa meieri for tilverknad av smør og ost, og tankar om meieridrift kom ogso upp i Osbygdi. Dei fyrste tankar um handelsjordbruk var soleis nådd fram til Os i midten av 1880 åri.
Men alt nokre år fyrr hadde det fyrste merke på »den nye tid« synt seg i bygdi. Det var ved skiping av eit jordbrukslag. Truleg etter upptak av skulestyrar Wilson på Stend vart det i 1879 skipa eit jorbrukslag »Fana og Os landmandsforening» med fyremål å fremja jordbruket og feavlen i dei tvo grannebygderne. Formannen i laget var skulestyrar Wilson og varaformann Torbjørn Steffenson Lyssend i Os. Nokre år seinare vart laget skift og Osbygdi fekk sitt eige jordbrukslag med forpaktar Joakim Skedsem på Lysekloster som formann. Dei andre styresmenn var Johannes Haukeland, Henrik Lyssend og Stein Skjeie. Jordbrukslaget sitt fyrste arbeid var å få ein framifrå avlsokse til bygdi, og stuten »Bismark« vart innkjøpt frå Fana. Det vart ogso uppteke arbeid for eit betre smalehald og det vart kjøpt gode verar åt bygdi. Likeins fekk laget skipa fesjå og i 1887 vart det halde fjosettersyn, »fjøsskue«, i heile heradet etter upptak av jordbrukslaget.
I fleire grender av bygdi vart det no skipa feavlslag eller oksehaldslag. Det vart innkjøpt premiera stutar frå andre bygder og det vart ogso kjøpt gode kjyr. Fleire fekk ogso kalvar frå Stend jordbruksskule eller frå andre gode buskapar.
Det fyrste meieri i bygdi vart skipa i Heglandsdalen sumaren 1892 etter upptak av Nils T. Midthus. Det var eit »smørmeieri« med separator og kjirna, og bønderne fekk skuma-mjølki heim att. Frå fyrst av stod mange tvilande overfor den nye måten å venda mjølki på, og fleire heldt seg attende i den fyrste tidi. Ei truverdug bondekona i dalen gret då mannen melde seg inn i meierilaget, og då ho straks etter selde det sisste smør stykke som ho sjølv hadde kjirna og stellt, so sa ho i sorg og i fullt ålvor: »Ja no er det sisste gong at det kjem pengar for smør til vårt hus«. – Ho vart ikkje sannspådd.
Då ein såg at meieriet gjekk godt melde alle bønder i grendi seg inn i meierilaget. I dei fyrste 20 åri gjekk meieriet som smørmeieri, men tok so til med mjølkesal til Bergen, og gjekk inn i samskipnaden Hordaland meieri. Den største mjølkemengde til meieriet vart levert i 1926 med 220000 liter.
I Oskrinsen drygde bønderne lenger fyrr dei skipa meieri. Fleire kjøpte, anten åleine eller nokre grannar saman, små separatorar til bruk heime på garden og dei skuma mjølki si sjølv. Ein og annan hadde um sumaren seld litt mjølk til Ulven. Fleire slog seg no ihop um dette, dei tok imot mjølki på Moberg og sende henne derifrå samla til Ulven. Det var då berre eit lite stig att til meieri, og i 1898 var det ogso skipa eit sovore i Oskrinsen. Det dreiv fyrst som smørmeieri, men gjekk snart over til mjølkesal og vart med i Bergens meieribolag. Ogso ein stor part av gardbrukarane på Neset kom med i Os meieri. I 1926 tok det mot 446000 liter mjølk.
Ogso i Lysefjorden kom dei med i meieriarbeiet. Alt i 1895 freista dei å få eit meieri igang der, men det vart ikkje ålvor av fyrr i 1899. Dei skipa då eit smørmeieri for krinsen. Meieriet stogga upp i 1906. Heile krinsen var ikkje med avdi sume sende mjølki til Lysekloster som stod utanfyre meieriet, mjølkemengdi var liti og drifti for dyr. I 1914 vart arbeidet teke uppatt og det vart skipa nytt meieri. Dette gjekk inn i Hordaland meieri og sende mjølki til Bergen. Mjølkemengdi til meieriet var i 1926 37000 liter.
I Søftelandsbygdi hadde sume av gardbrukarane seld mjølk til Bergen radt frå slutten av 1870 åri. Ein eller tvo gonger um vika kjørte bønderne til byen med ymse varor og dei hadde då ogso nokre bytter surmjølk på kjerra. I 1898 vart skipa eit »mjølkelag« eller meieri for sending av mjølk til Bergen. Det var vandt å halda janm sending heile året, og laget stogga um stutt tid. Då Eikhaug plenteskule tok til med garsbruk kom mjølkelaget atter igang og har sidan vore i verksemd. Laget melde seg inn i Bergens meieribolag og leverte i 1925 til dette 104000 liter mjølk.
Alt i 1895 kom det upp tankar um å skipa eit stort meieri i Bergen. Det kom då spursmål fra Fana heradsstyre um Os vilde vera med på skiping av eit meieri for dei næraste bygder nordanfor og sunnanfor Bergen. Os heradsstyre svara ja, men det vart ikkje meire av planen.
Då meieribruket kom i sving fekk bønderne meir innkoma av fjosdrifti enn noko tid fyrr. Dette sette kveik i arbeidet, og ikkje noko tiltak hev soleis som meieridrifti skapt vokster og framgang i jordbruket.

Dette synte seg på fleire måtar. Bøen fekk no gjødsel likeins som åkeren: Det vart teke vare på gjødsli, bygt skur over gjødselplassane, og laga kummar til det flytande frå Fjos og stall. Dei gamle utpinte åkrane vart attlagde og tilsådde med grasfræ og nye åkrar tekne i bruk. Det vart uppteki ny jord, myrar og våtlend mark vart grøfta og dyrka, dei gamle vollar og bakkar vart umsnudde og gjort tenleg for bruk av maskinor. Bøen vart heller ikkje soleis utpint som tidlegare. Beisti som fyrr gjekk ute til snjoen kom vart no sette på båsen i rimeleg tid, og det minka med den svere snaubeitingi på bøane haust og vår.
Me hev diverre ikkje noko greida på nydyrkingi i bygdi fyrr 1900. Ved matrikuleringi i 1865 var den samla dyrka jord, åker og eng, i Ossokni uppgjevi til 1430 mål. Av dette var 475 mål rekna som »god« jord, 605 mål som »middels« og 350 mål som »slet«. Kormykje som var åker av dette er ikkje uppgjeve, men etter utsådet å rekna so skulde umlag 1100 mål av den dyrka jordi vera åker. Det var soleis berre vel 400 mål dyrka eng i bygdi, umlag 1½ mål på kvar gardbrukar.
Ved jordbruksteljingi i 1900 vart det heller ikkje teke med uppgåvor over nydyrkingi. Men me finn at den dyrka jord i bygdi hev auka i dei 35 åri med umlag 700 mål, 20 mål um året. Storparten av denne nydyrking er tvillaust gjort i 1890 åri, og i fyrste luten av denne 35 års-bolken var nydyrking i kannhenda ikkje meir enn eit par mål um året i heile Osbygdi.
Fyrst etter 1900 fær me full greida på nydyrkingi. I sju-årsbolken 1901-07 vart det dyrka 514 mål umlag 75 mål um året. Av den nydyrka jordi var 98 mål utmark, 33 mål myr og 383 mål innmark.
Det kom etterkvart enndå større framskot i nydyrkingi. Etter teljingi i 1917 var det i ti-årsbolken 1908-17 dyrka 1540 mål, vel 150 mål um året. Av dette var 213 mål rydja av utmark. I næste bolk, tolv-årsbolken 1918-29, er dyrka 3500 mål, umlag 300 mål um året. Ei orsak til den svere dyrkingi i sisste bolken er at staten i denne tid hev gjeve tilskot til nydyrking. Etter jordstyret sine bøker er det i åri 1921-29 godkjend planar for dyrking av 1377 mål med statstilskot. Av dette var 765 mål Ferdugdyrka til 1929.
Ein ting som attåt hev gjort denne store nydyrking mogeleg er kunstgjødsli. Det vert år um anna bruka mykje kunstgjødsel, serleg til bøen og nydyrkingi. Etter uppgåvor ved teljingi 1929 vart det i det året kjøpt kunstgjødsel til Osbygdi for 30100 kroner.
Utsåd, dyrka jord og bruk av jordi i Osbygdi 1657-1929:

Som det syner hev kornavlen gjenge jamt attende etter 1865. Eit undantak syner 1917, då det teikna til matnaud ogso her i landet og det vart teke upp eit sterkt arbeid for å auka kornavlen. Året etter, i 1918, vart teke eit ennda større krafttak for å gjera landet sjølvberga, og aldrig hev det vel vore so mykje kornåker i Osbygdi som det året. Men kornåkrane tok straks til å minka att, og i det sisste er visst ikkje utsådet av korn stort meir enn tridjeparten av det som det var i 1918.

Potetavlen hev derimot halde seg upppe. Rotfruktavlen elles hev ogso gjenge fram, men ikkje på langt nær sa mykje som i ymse andre bygder, t. d. i Fana. Den dyrka jordi er brukt mest til eng og høyavl, og høymengdi hev auka storveges. På dei fleste gardar i bygdi er vel fôrmengdi auka til det duble sidan 1880, og dette syner ogso på dei mange store løor som er bygde i dei sis ste åri. Då det på dei fleste gardar er kome slåmaskinor, hesterivor og andre tidhøvelege reidskap fell likevel onnearbeidet lettare no enn tidlegare.
Etter oversynet å døma tykkjest det ikkje ha vore serleg framgang i feavlen i det sisste halvhundradåret. Talet av kjyr, sauer og gjeiter var større i 1865 enn nokon tid seinare. Men desse tal syner ikkje dei røynlege tilhøve, og det hev vore stor framgang i feavlen, sjølv om beistetalet hev minka. Som fyrr nemnd var tidi ikring 1865 noko av den verste svolteforingstidi i bygdi si soga. Radt upp til 1/3 av fôrmengdi var lyng, lauv og skav, og mykje skraphøy vart henta or utslåttor, skorer og lider. Solenge det var nøgdi arbeidsfolk på gardane kunde ein skrapa fôr isaman på denne måten, men då folkestraumen byrja gå ut or bygdi og arbeidsløni vart høgare so minka det med lyngberingi,
og mykje skrapfôr fekk ogso stå i fred. Då svolteforingi attåt kom burt måtte beistetalet minka. Det auka hestehaldet den seinare tid hev ogso gjort sterkt skor i høystålet.
Krøterhald m. v. i Osbygdi 1657-1929:

Framgangen i feavlen syner besst på avdråtten. Etter dei upplysningar som fyrr er nemnd kann ein i 1865 rekna avdråtten av kvar vaksi ku til 600 liter um året. Tilsaman vert det ikring 800000 liter for heile bygdi. I 1926 vart det levert 755000 l. mjølk til dei ymse meieri i Osbygdi, og soframt ein reknar med at helvti av mjølki kom til meieri so skulde den samla mjølkemengdi då vera ikring 1½ mill. liter.
Men dette er truleg noko snaudt rekna. Etter 1300 l. pr. ku, og ein tore vel rekna med dette jamt over, skulde den samla mjølkemengde i Os no vera ikring 1 800000 liter um året.
Som fyrr nemnd vart det lagt mykje arbeid på betring av buskapen, og dette hev ogso vore jordbruks- og feavlslagi si største uppgåva. Ein hev freista å nå målet ved kjøp av gode kalvar og kjyr, ved bruk av framifrå stutar, og ved tevling og døming på fesjå og utvalsmøter. I den fyrste tid vart det kannhenda lagt sers mykje vigt på utsjånaden, men seinare er mjølkeevna og mjølkeyting vorti det avgjerande. Utvalsmøter vert vanleg haldne kvart tridje år, og større fesjå hev vore haldne i Os 1904, 1910, 1919 og 1929.
Frammøtet til desse hev vore godt, og serleg var svartfesjået hausten 1929 ei sers god framsyning. Det svarte hornutte vestlandsfe er umlag einerådande i bygdi. Det hev vore gjort ymse små freistnader med raudkollor, og andre feslag, men svartfeet hev halde romet til dessar.

Etter utfallet av fesjåi og utvalsmøti å døma so er storfeavlen i Os no komen nokolunde på høgd med dei besste bygder i fylket. Ein tek med eit oversyn for dei sisste utvalsmøter i triårsbolken 1925-27. I Os møtte fram 858 dyr, umlag 55 prosent av dei vaksne storfe i bygdi.

I 1922 vart skipa eit kontrollag i bygdi som i 1929–30 hadde 30 lagsmenn. Ein kann gå ut frå at dei 30 buskaper som vert kontrollert i laget er dei besste i bygdi eller millom dei besste, og det kann difyr vera av interesse å sjå kva dei hev nådd til. 175 kjyr vart kontrollert. Dyri var mindre i Os enn i dei andre kontrollagi, med undantak av eit par i Sunnhordland. Kropsvigti var 289 kg. i medeltal. Med ei fôring av 38% turt stråfôr, 14% saftigt fôr, 18% kraftôr og 30% beite, ialt 1565 fôrverd, gav kvar ku i medeltal 2090 liter mjølk i året. Den høgast mjølkande buskapen gav 2866 liter mjølk for kvar ku i rekneskapsåret.

Den store framgang i feavlen hev sjølvsagt kosta arbeid, umtanke og pengar. Innkjøp av gode dyr er fyrr nemnd. Fjosi er laga meir trivlege, det vert lagt meir arbeid på fjosstellet og fôringi er lagt mykje um. Umframt eit større bruk av høy og rotfrukter vert det no ogso brukt mykje kraftfôr. Etter uppgåvor vart det i tidi 20/6 1928 – 20/6 1929 kjøpt kraftfôr til bygdi for 120800 kroner. Noko av dette gjekk til hest, svin og det sterkt auka fjøfehaldet i bygdi, men storparten av kraftfôret gjekk tvillaust åt fjoset og måtte betalast av mjølkepengane.
Smalehaldet hev vore mykje skiftande. Som lista syner var det i 1865 eit stort smalehald. Sauen gjekk då ute storparten av året og den stutte vinterfôringi var skral. Fleire tilfelle av grov svoltefôring gjeld nett sauerne. Då interessa for mjølkebruk vakna minka smalehaldet, og då meieribruket tok til for ålvor var det mange gardbrukarar bygdi som heilt øydde sauerne sine.
Seinare hev interessa for sauerne vakse att. Det hev i lang tid vore lag som hev arbeidd for eit betre smalehald,
– soleis vart det alt i 1900 kjøpt fleire verar frå Stavanger,
– og desse lagi hev halde fram med arbeidet. I 1919 vart halde eit fylkessjå for sau på Os, og sidan hev det kvar haust vore halde bygdesjå, anten for berre Osbygdi eller ogso for grannebygderne. Det største vart halde i 1926 då det var innmeld 150 nr. til sjået. Smalehaldet tykkjest soleis vera i framgang, men skort på gode Fjellbeiter i bygdi hindrar den store vokstren.
Gjeiti hadde ei tid mykje å segja for ymse luter av bygdi. I 1865 var det soleis ikring 700 gjeiter. Men etter 1880 fekk gjeitehaldet ein knekk. Dei jordbrukskunnige som skulde rettleida bønderne hadde lite å segja um gjeiti, men dei skogbrukskunnige hadde so mykje meir. Og det var ikkje godord. Gjeiti fekk skuldi for alt vondt som hende. i skogen, og etterkvart vart ho heilt øydd. Berre i Øvredalen finn ein no gjeiter, når ein ikkje reknar med ei og onnor tjoregjeit som enno finns på ymse gardar i bygdi.
Svinehaldet i Os hev halde seg jamt sidan 1890 åri. Talet på svin var på det høgste i 1907. Det vanlege hev vore at kvar mann hadde ein slagtegris eller tvo um året til eige bruk. Avlen av smågriser hev berre vore til bruk i bygdi, og det vert sjeldan seld smågriser frå Os til andre bygder.
Hesteavlen hev vore i jamn um ikkje nett i snøgg vokster. Det er skipa hesteavlslag og kjøpt inn gode hingstar til bygdi. Det er ogso kjøpt alvshoppor frå framande bygder, serleg frå Nordfjord. Avlen hev likevel mest vore til eige bruk og noko nemnande sal til andre bygder hev det lite vore. Hestane er vanleg større enn fyrr, og fjordhesten er mest etterspurd i bygdi. Hestane hev det no godt i Os, fær god fôring og er vælstellte. Bilane tek det meste av tungkjøringi etter vegane, skyssing med hest er »ein saga blott», og snart tek vel motoren også det meste av gardsarbeidet frå hestane.

Fjørfeheldet hev teke seg mykje upp i den seinare tid. Småflokkane på 3-4 eller 7-8 hønor hjå ein gardbruker er jamt auka til 30-40 dyr. Fleire hev bygt tidhøvelege hønsehus med rom til hundrader av høner. Dei fleste fjørfehaldarar i Os hev meldt seg inn i samskipnaden Bergen og omegns eggcentral og i 1924 vart det frå Osbygdi levert 371 221 egg til eggcentralen. Dei hadde ei samla vegt av 21 580 kg. – 21½ tonn – og vart betalt med 63655 kroner. Sjølvsagt vart det ogso seld mykje egg utanfyre centralen. I dei sisste åri hev kannhenda fjørfehaldet minka noko, men det hev framleis ikkje lite å segja for bygdi. Ved teljingi i 1929 var det umlag 9000 høns i Osbygdi, halvårgamle kjuklingar medrekna.
Hegebrukei og fruktavlen som i mange vestlandsbygder hev so stort verd for bonden og bondenæringi hev havt lite å segja for Os. Det hev vel vore drive hagebruk i bygdi,
men ikkje i den mun at det hev sett serlege merke etter seg i bygdi si økonomiske soga.
Som nemnd i bolken um Lysekloster vart det i klostret drive stort hagebruk, og det er grunn til å tru at ein i Lysekloster finn upphavet til fruktavlen på Vestlandet. Frå klostret spreidde det seg ut til andre bygder og landsluter, t. d. til Hardanger, som seinare hev teke førarskapen i fruktavlen vestanfjells. Me lyt ogso tru at klostret og munkane der skapte noko interesse for hagebruket i klostret si eigi bygd, men me veit diverre for lite visst um det til å setja det upp som sannferdug soga.
Truleg var det ved fyredøme eller påbod frå klostret lagt ein liten hage på dei gardar som klostret åtte i Os. Som kjent åtte klostret meir enn 3/5 av gardane i bygdi. Me kan soleis finna at det på fleire gardar var apalltre. Ein «aldugard», apallhage, var vel det som klostret vanleg freista å få istand på gardane sine. »Apellheugen» og »Apellbrekke» er namn som ein finn på mange gardar i bygdi. Når dei gardar som høyrde til Lysekloster fekk »aldugardar« so kom sjølvsagt andre gardar etter. På Lio, Berge, Klyva og fleire gardar som ligg mot Bjørnefjorden hev det vore aplar og apallhagar i hundrader av år. Ogso på andre gardar er merke etter gamle apallhagar.
Umframt aplane var det kirsebertrei som tok største romet i hagen. Dei var mindre kravsame og treivst i mesta alle slag jord. På gardane i Øyene, der ein finn færre merke etter apallhagar, hadde dei i vissa kirsebertre på tuni. Soleis kann ein finna at dei i 1655 hadde kirsebertre på fleire bruk i Røttingjo. Det vart det året ein strid millom grannane avdi kona og borni åt Per Røttingjo hadde teke beri av dei kirsebretre som stod på Anders Røttingio sitt bygselbruk. Denne kirseberstriden vart opphavet til ei rettssak millom grannane.
Berhager finn me lite nemnd i gamall tid, men ein lyt tru at det ogso fanns nokre berbuskor på gardane. Det var vel stikkelsber og rips. Ripsberi er i Os kalla for »vinber«, og det er vitnemål um at det var gamall skikk å laga vin av desse beri.
Um dyrkingi av kål og rotfrukter veit me lite, og det er heller ikkje merke etter gamle kålhagar. Ein kann likevel finna at det på sume gardar hev vore avla næpor, og truleg hev det ogso vore freista med dyrking av andre grønsake. Men kva slag som vart dyrka og um det var mannjamt på gardane veit me diverre ikkje noko um.
Um humleavlen i bygdi er nemnd noko ein annan stad. Humlen var ein turvande ting for bryggjing av øl, og etter det ein kann skyna var det frå gamall tid humlehagar på dei fleste gardar i Osbygdi. Men mange av humlehagane kom burt,
– osingane hadde liti råd å bryggja øl,
– og riksstyret gav då påbod um at humlehagane måtte takast upp att.
I 1667 var det humlehagar på desse gardar i Osbygdi: Halhjem, Hauge, Bjånes, Hatvik, Eide, Heggland, Lio og Lønningdel. Ved matrikulering i det året vart gjeve påbod um at dei gardar i bygdi som ikkje hadde humlehagar straks skulde laga seg ein sovoren. Berre gardane Salbuvik, Bjørnen, Spensteig og Midtsæter fekk ikkje påbod um å leggja humlehage. Humleavlen var elles mindre i Os enn i grannebygderne. Medan det i 1667 som nemnd var humlehagar på 8 gardar i Os hadde 17 gardar i Fusa og 10 gardar i Samnanger humlehage.
Hagebruket låg nede i Osbygdi radt til sisste helvti av 1800 talet. Humleavlen kom heilt burt fyrr krigsåri 1807 – 14. Nokre utgamle aplar og kirsebertre stod vel ikring på gardane, og kannhenda fann ein ogso andre berbuskor sume stader, men noko hage var sjeldan å sjå i Ossokni. Gjeiterne hjelpte ogso til med å halda styr på hagebruket. Etter 1870 vart det meir vanleg å sjå ein liten hage med nokre stikkelsber- og ripstre, kannhenda ogso ein solberbusk, utanfyre husi. Fylkesmannen nemner soleis i ei melding frå 1865 at dei var byrja i Os med planting av berbuskor.
Fram imot sisste århundradskifte tok ogso fleire til med planting av frukttre, aplar, pære-, plomme. og kirsebertre. På dei fleste gardar i bygdi finn ein no nokre sovorne. Men nokon retteleg fruktavl hev det ikkje vorte av. Det ser elles ikkje ut til at frukttrei likar seg i Os, anten det no er treslagi, jordkyndet eller stellet som ikkje er som det skal vera. Enndå til på dei gamle fruktgardar i bygdi, Lio, Berge o. fl. tykkjest aplane lika seg mindre no enn fyrr. Berre kirseber- og morelltrei trivst, og berbuskorne som det vert fleire av for kvart år finn seg tilrette på kvar gard. Ved teljingi 1929 var det 2240 frukttre og 10700 berbuskor i Osbygdi.
Grønsaker var fyrr lite brukt i bondehushaldet. Som nemnd var det avla litt næpor på einskilde gardar, men elles var det smått med grønsakerne. Bønderne »åt ikkje gras« sa dei.
I 1870 og 1880 åri tok fylkesagronomar og fylkesgartnar til å reisa gjenom bygderne, og dei freista ogso å gjeva bønderne eit anna syn på »graset«. Kålroti kom no i bruk, ho tok det gamle romet åt næpa, og det vart skikk på dei fleste gardar å laga ei liti hageseng til kålrot. Sume laga ogso ei gulrotseng. Etter 1900 tok avlen av rotvokstrar til. Næpa vert no avla til kufor, og dei fremste gardbrukarane hev no ikkje berre ei liti hageseng men heile åkrar til avl av kålrot, gulrot, hovudkål o. a. I bondehushaldet hev grønsakerne fenge fast rom, og dei som ikkje hev noko sjølv kjøper hjå dei som avlar til sal. I 1929 var 57 mål åker tilsådd med næpa (turnips) og 58 mål med kål, gulrot og andre grønsaker. Dertil var det 61 mål hagejord som var brukt til jordber, bringeber, eller tilplanta med berbuskor.
I 1928 vart skipa eit hegebrukslag for Osbygdi, med fyremål å fremja interessa for hagebruket. I 1901 og 1928 hev det saman med husflitsjå ogso vore framsyning av frukt og grønsaker, og i 1929 sette hagebrukslaget igang eit grønsakkurs på Osøyri. Det er soleis no teikn til vaknande interesse for hagebruket i Osbygdi.
Var hagebruket i Osbygdi av mindre verd i gamall tid, so hadde skogbruket so mykje meir å segja. Skog var det nok av i alle grender. Jamvel um bønderne ikkje åtte skogen sjølv, men måtte kjøpa timber og større trevyrke av skogeigaren, so var det ein stor fyremun at det låg skog til gardane. Leiglendingane kjøpte trei på rot etter utmerkjing. Skogmerkjaren var stundom ein leigd mann, futedreng e. 1., men jamnast var det ein pålitande bygdemann som skogeigaren sette til å merkja. Lysekloster hadde jamt ein fast skogmerkjar millom bygslemennerne sine. Han var sjeldan knipen når det gjaldt utmerkjing til grannane og bygdefolket, og dei fekk både mykje og billegt vyrke. I den skog som høyrde til garden fekk bygslemannen taka det han trong til gardsdrifti, og lauvskogen og annan vedaskog rådde han vanleg fritt over. Bygslemannen rekna soleis den skog som høyrde til garden som »sin eigen skog«.
Um bruket av fureskogen er nemnd noko andre stader. I bolken um arbeidslivet er nemnd litt um sal av timber og trevyrke til skotteskipi, og likeins um vyrket til båtbygnad og treskoarbeid. Fura var det mest etterspurde treslag, og ved sal og bygsel av garden, ved matrikulering o. a. var det fureskogen som gav garden auka verd.
Men lauvskogen hadde ogso mykje å segja for dei som budde på garden. Fyrst og framst bjørki, som vart nytta til alle slag bruk, frå vyrke til husbunad og kjørereidskap til vidjor og tæger. Ved til sal, »Famneved«, var ogso for det meste bjørk. Hatleskogen var ogso verdfull Sal av hatleband var ei god innkoma for bygdi, og bandsmidjing var eit vanleg arbeid um vinterkveldane. Eiki vart umframt til fartybygnad ogso nytta til større kjerald, stampar og kjer, og ospi vart nytta til stavar i byttor, kollor og mindre kjerald. Almen var det mest verdifulle tre, det gav beistefôr og i naudi ogso folkeføda. Asken vart nytta til kjøregogner, reidskap, skaft og kiler, medan raun, hegg og selja serleg var brukt som skav-ved. Sjølv »brakien«, eineren, vart nytta til naglar. ufse- og byttekrokar o. l. Olderi var ringaste treslaget, men gjorde god tenesta som brennsla i heimen.
Skogane i Osbygdi minka og tynntest ned gjennom tiderne. Som nemnd under Lysekloster hogde sume av kloster-herrane sterkt i skogane, og leiglendingane fylgde fyredømet. Skotte- og hjelteskipi drog avstad med mykje timber, bjelkar, sperror, o. a., og kolbrenningi tok ogso mykje av skogen. I ymse grender, soleis i Borgebygdi og Hegglendsdelen, kom Fureskogen mesta heilt burt. Ogso i andre grender, t. d. Neset og Sørøyene, tynntest han sterkt, og dei gardar som framleis hadde skog måtte jamt taka serlege rådgjerder for å berga skogen sin for pågang av andre. Å knipa ei fura til tresko- eller gjerdevyrke eller berga seg ei gagnsbjørk hjå grannen rekna bygdefolket vanleg ikkje for noko tjuvri. Rett som det var kom det saker til tinge um »ulovlig skovhugst». Attimillom måtte jordeigarane ruska litt upp i sakerne for å setja ein støkk i skogkniparane, og eit sovore rusk hende m. a. i 1741. Presten Nils Legenger i Os som åtte Lepsøy kalla då for retten alle garbrukarane på Nore Neset og Søre Øyane for å svara for »ulovlig skoghugst« i Lepsøyskogen. Og dei fleste hadde små synder på samvitet. Sundøymennerne hadde teke vyrke til båtbygnaden sin, Strønemennerne hadde teke treskovyrke, stavved, byttekrokar, o. a., ein Lepsøymann hadde teke tre til svillestokkar under røykstova si, Røtting- og Servollsmennerne hadde teke ein grand ved, o. s. fr. Men dei fleste fekk det likevel til soleis at det dei hadde knipe or skogen hadde vorte dei til »helt lidet eller aldeles intet til nøtte», og dei fekk ogso berre ei skrapa av retten for naskingi.
I den nyare tid har skogen halde seg bra i Osbygdi. Då dei fleste av bygslemennerne fekk kjøpa gardane sine i 1870 åri måtte sume av dei hogga noko sterkt i skogen for å greida avdragi i dei fyrste åri. Men seinare hev brukarane fare varsamt fram og stellt vel med skogane sine. Staten som kjøpte storparten av Lysekloster-skogane hev hogge sterkt i den seinare tid, men det hev ogso vore planta mykje i statsskogane. Det hev i lenger tid vore serskild skogforvalining for skogane i Os og dei vert drivne på kunnig måte. Ogso prestegardsskogen ligg under skogforvaltaren sitt tilsyn. Frå 1924 er Os skogforvaltning lagt saman med skogforvaltningi i Sogn og Fjordane, og skogforvaltar Reidar Blytt, som hev stjorna Os skogforvaltning sidan denne vart skipa, er vorten styrar av det heile.
Som nemnd er det planta mykje i statsskogane. Etter 1911 er det soleis planta ut over 300000 planter og dette hev sjølvsagt gjort mykje til å auka og skunda på skogtilveksten. På ymse stader, t. d. Tuen- og Lifjellet, hev det likevel ikkje lukkast å »klæ fjellet«. Ogso av private skogeigarar er planta mykje, soleis hev t. d. Engel Tveit planta over 40000 tre i si utmark. Um plantingi i Lyseklostermarki er nemnd ein annan stad.
Då staten i 1870 åri vart eigar av Ulven skipa den ein plenteskule der. I femåret 1880-85 vart det frå denne planta ut i statsskogane 150000 planter, og i næste femår gjekk det ut ikring 50000 planter um året frå Ulven planteskule. Skulen stogga upp i 1890 åri.

I 1899 tok Bergens skogselskep planteskulearbeidet upp att. Selskapet kjøpte då garden Eikhaug i Søftelandsbygdi, og skipa der ein planteskule med J. Kaurin som styrar. I dei næraste åri etter vart det ogso kjøpt partar av tvo bruk på Søfteland, umlag 20 mål dyrka jord, og i 1906 – 08 vart dei tvo bruki på garden Sanden kjøpt til planteskulen. Av desse eigedomane med tilsaman 150 mål dyrka jord er umlag 80 mål brukt til planteskule.
Det er i tidi 1899 – 1929 sendt ut frå Eikhaug planteskule ialt 54½ million planter. I fyrsten av 1920 åri var produksjonen 2 – 2½ mill. planter um året, men sidan hev det minka noko. I 1923 skipa skogselskapet ein ny planteskule på Brandsøy ved Flora avdi det vart altfor mykje å stella med på Eikhaug. Det vert no sendt ut derifrå ikring 1½ mill. planter um året.
Kaurin var styrar av planteskulen ei stutt tid, og etterfylgjarane, L. Fladseth og M. Thujord, hadde ogso yrket berre eit års tid kvar. Frå 1902 til no hev H. M. Skinstad vore styrar av skulen, og det er han som hev storparten av æra for den store framgangen. (Sjå um Skinstad under ordførarar).
I 1912 vart skipa Statens skogskule på Eikhaug. Det vart bygt stort internat med lærarbustader, som vart ferdugt i 1919, medan skulerom vart leigd av planteskulen.
Skogforvaltaren for Os skogforvaltning vart ogso styrar av skogskulen. Etter 1920 minka det med søknaden til Os skogskule likeins som til dei andre skogskular i landet, og i 1923 stogga skulen upp.
Etter skogteljingi 1920 – 21 hadde bygdi 74911 mål skogmark. Av den samla landvidd i bygdi 124130 mål er dette umlag 60 prosent. Derav var 57664 mål produktiv skogmark med 45033 mål barskog (fureskog) og 12631 mål lauvskog.
Av den produktive skogmarki åtte staten 20681 mål, Rosendal stamhus (no Universitetet) 575 mål, og 4 utanbygds eigarar ihop 3080 mål. Ialt var soleis 24336 mål eller 42 prosent av skogen ått av utanbygds eigarar. Resten 33328 mål er skift på 178 innanbygds eigarar. Storparten av desse skogane er små, soleis er 111 skogar mindre enn 100 mål kvar. Av den uproduktive skogmarki er fjordeparten eller umlag 4000 mål i staten si eiga.
