ARBEIDSLIV

Frå OS SOGA I side 190 – 211

ARBEIDSLIV.

Jordbruket hev sjølvsagt skapt det meste arbeidsliv i Osbygdi.  Frå den allerfyrste tid då folk tok til med jordarbeid og til idag hev den verksemd som er knytt til jordi skapt arbeid for dei fleste hender i bygdi.  

Det arbeidsliv som vedkjem jordi hev arta seg mykje på same måte i vestlandsbygderne, og det er ingen nem’nande skilnad på dette i Osbygdi og dei ymse grannebygder.  I ein annan bolk er nemnd ymse um jordbruket si soga og framvokster i Os, og ein tarv difyr ikkje taka noko av det upp att her.  Når ein i denne bolken vil nemna eit og anna or arbeidslivet si soga vil det difyr mest gjelda det arbeid som hev vore og er i bygdi utanum den verksemd som er knytt til jordi og gardsdrifti.   

I eldre tider var kvar mann både gardbrukar og handverker.  Alt som skulde gjerast på garden greidde mannen og huslyden sjølv.  Dei laga sjølv sine våpen, reidskap, kjerald, klær, sko og kva som trongst i huset og på garden.  Mannen var sin eigen smed, snikkar, skreddar, skomakar, o. s. b.  Berre når det var retteleg storarbeid på tunet, t. d. husbygnad, måtte mannen ha hjelp, og det fekk han av grannane.  Dei heldt dugnad på arbeidet.  Men for dette hjelpte mannen grannane att når dei hadde storarbeid for seg.  Ein torer soleis segja at kvar mann var sjølvhjelpen på garden.  

Men um kvar mann soleis t. d. var sin eigen smed, so var ikkje alle like gode smedar.  Sume kunde gjera framifrå arbeid, medan andre var lite dugande i smidja.  Det kunde henda at ein mann synte sers givnad til å arbeida våpen.  Han vart namngjeten for dette, og andre som ogso vilde hava gode våpen fekk han til å arbeida åt seg.  Han vart våpnsmed.  Ein annan mann synte sers dugleik i å laga kjerald, ein tridje i å laga husbunad, o. s. b.  Dei måtte ogso arbeida til andre og vart arbeidsfolk, handverkarar.  Smått um senn vaks det på denne måten fram eit arbeidsliv, som femnde vidare enn berre arbeidet for huslyden og på garden.  Det vart eit arbeidsliv som ogso skapa vara for byte og for handel.  

Ein finn ikring i landet mange minne etter dei gamle nordmenner sitt arbeidsliv.  Dei syner jamt eit utifrå godt og vænt arbeid, og mange ting, – ein treng berre nemna Gokstad- og Osebergskipet, – er enno synlege vitnemål um dei gamle sin kunstnargivnad.  Me hev i Os lite og ikkje minne um dei gamle osingar sitt arbeidsliv utanfyre gardsbruket.  Dei ting som enno er att frå gamall tid, frå kyrkja, frå Lysekloster og andre stader, er vel ikkje laga av bygdefolk.  Men me tore likevel tru at det ogso hev vore eit godt gamallt arbeidsliv i Os, sjølv um dei trange tilhøve i bygdi gjorde at arbeidet her ikkje fekk syna sovore resultat og setja sovorne minne etter seg som i mange andre bygder.  

Etter det ein kan skyna var det trearbeidet som serleg vaks fram i Os.  Skogen stod tett og tjukk ikring gardane, so ein slapp gå langt etter vyrke.  Kva ting som vart laga veit me no lite um, men truleg var dei av ymse slag.  Det var ikkje lang veg til Bergen, og byfolket trong mykje og mange slag varor.  Og tvo greiner av dette trearbeidet som hev gamall rot i Osbygdi hev halde seg og er livslivande den dag idag: Båitbygnaden og treskoerbeidet.  

Som ei bygd der mest alle grender ligg til sjøen hev Osbygdi alle dagar havt bruk for båtar.  Og båtar vart då ogso ein av dei ting som osingane arbeidde sjølv, so mange som bygdi trong.  Men ikke berre det.  Osbåtane var gode og det vart spurnad etter dei frå andre bygder.  Dei fekk selja båtar til dei ytste Hordalandsbygderne, der folket dreiv mykje med fiske, og til Bergen.  Me finn soleis at det i fyrsten av 1500 talet vart send båtar til Bergen frå Os.  Og då hollendarar og skottar tok til å henta timber og andre trevaror frå Sunnhordlandsbygderne fekk osingane ogso selja båtar til desse.  

Det var ikkje berre på einskilde gardar i bygdi at dei laga båtar.  Heile Osbygdi tykkjest ha vore med i arbeidet.  


Sjølvsagt vart dei fleste båtar laga i Øyene, Lysefjorden og i grenderne ved Bjørnefjorden, men av gamle skifter o. a. finn me at det ogso var båtbyggjarverkty hjå bønderne på Nore Neset og i Hegglandsdalen.  Ja enndå til i Søftelendsbygdi laga dei båtar.  Um dette berre var til eige bruk eller ogso til sal er uvisst, men truleg bygde dei båtar til sal ikring heile Osbygdi.  

Kor mange båtar det i gamall tid vart bygd um året i Os, og kor mange av desse som vart seld utanfyre bygdi, er uråd å segja.  Av tollrekneskapi ser me at skip frå Skottland lasta trevaror i Os og andre Sunnhordlandsbygder radt frå 1520-åri.  Ein fær liti greida på kva slag trevaror dei henta i den fyrste tidi, men det tykkjest mest vera timber og bord.  Fyrst for året 1577 fær me nærmare greida på varorne.  Det lasta då 9 skip i Os, og av dei tok eit skip inn båtar.  Elles lasta dei små bjelkar, sperror, innved til farty, tunnestav, og alle 9 skipi tok inn bandestakar.  I 1597 fekk 3 skip tilsaman 11 båtar i Os.  7 av båtane vart lasta inn i Lindholmsund attmed Sundøy og resten i Ulfsund.  I 1610 vart det seld 46 båtar frå Osbygdi til skotte- og hjelteskip, og frametter til 1640 vart det kvart år seld båtar til skotteskipi, likevel ikkje so mange som i 1610.  I 1664 vart det ikkje seld båtar til skotteskip frå Osbygdi.  

Umframt Os var det Tysnes som selde mest båtar til skottane.  Noko fekk dei ogso frå Fusa, Strandvik og Samnanger.  Prisane var ikkje høge.  I 1664 var prisen 2 daler for ein færingsbåt og 3 daler for ein trikjeiping (seksæring).  Og desse prisar heldt seg nokolunde ubrigda radt fram til 1750 åri.  


Treskoarbeidet hev visstnok ogso gamall rot i Osbygdi.  Ei segn vil vita at treskolagingi hev sitt upphav i Tysnes, og dette er ikkje utrulegt.  Det var fiskarar og andre som ferdast mykje i båt som kjøpte tresko.  Elles var dei brukte under arbeidet heime i husi.  Av gamle skifter o. a. finn me at det på mange gardar i Osbygdi var verkty til treskolaging, stabbe, krakk, treskojarn, skjera, skjylp, o. s. b., og truleg var treskolagingi eit vanlegt vinterarbeid på dei fleste gardar i bygdi.  Etter det ein kann skyna gjekk det meste av treskorne til øybygderne i Hordaland, der dei hadde mest bruk for tresko og der dei ikkje sjølv hadde skog til treskovyrke.  

Umframt båtar og tresko vart det ogso laga ymse andre slag trevaror i Os, reidskap, kjørler, o. a.  Det var sjølsagt mest til bruk i bygdi, men noko vart ogso seld utanfyre.  I rekneskap i for 1664 finn me at Johannes Midthus det året hadde seld treskjeier, ausor og ei tylft treskuflor til eit skotteskip, og seinare finn me at det frå Osbygdi vart seld kjørler, kjipor, skuflor og andre reidskap til Bergen.

Det var ikkje berre ferduge trevaror som vart seld frå bygdi.  Det meste arbeid og største handel var truleg med uferdugt trevyrke, kol og ved.  Kolbrenning var eit gamalt handverk ute i bygderne, og på ferdi til byen haust og vår var det jamnast nokre sekkjer kol i båten.  Dei mange kolmileplassar som me finn på mesta kvar gard i bygdi, syner at kolbrenning hev vore eit vanlegt arbeid i Os.  Lauvskogvyrket, likeins skatet og toppane av furetimbret vart nytta til kolbrenning.  Mykje skog gjekk ogso til ved, som vart seld til Bergen og til skotteskipi.  

Meir å segja enn kolbrenning og vedhogst hadde likevel arbeidet med anna trevyrke.  Skottane kjøpte timber, bjelkar, sperror, bord, innved til skip og båtar, stav til tunnor og mindre kjerald, bandestakar, o. a.  Eiketimber var overlag mykje etterspurd av utlendingar til skipsbygnad, og eikeskogane minka øgjelegt.  Gang etter gang lyste kongen og riksstyret forbod mot å hogga eikeskog, og i 1560 åri vart det sett strenge forbod mot å selja noko slag timber, bord, stav, ved eller bandestakar til utlendingar.  Men som ein vil sjå nedanfyre hjelpte forbodi ikkje eit grand.  
I 1500 åri hadde Osbygdi enno mykje skog og kunde selja mykje trevyrke.  Det var rett nok ikkje bønderne som åtte skogen, mesteparten av pengane for vyrket gjekk til skogeigaren.  Lysekloster, kyrkja og dei andre jordherrar.  Men bønderne som kjøpte skogen på rot og arbeidde trevyrket fram fekk ogso ein nokre skjeling solenge det var skog å hogga.  Og både skogeigaren og gardbrukaren var glade når dei ein dag i april månad fekk høyra at no var det fyrste skotteskip kome under landet.  

Mange utlendske skip tok inn last av trevyrke i Os.  Som nemnd gjev ikkje rekneskapi full greida på tilhøvi fyrr i 1577.  Det året henta 19 utlendske skip trevyrke i Sunnhordland, og av desse tok heile 9 eller umlag helvti av skipi lasti si inn ein stad i Os.  Lasteplassane som vert nemnd då og seinare er mange.  I den innste luten av bygdi var det Hatvik, Sandholmane og Klyve (truleg Moldevågen), og i den ytste luten var det Ulfsund, Sundøy, Lindesund,
Lindholmsund, Skjellekroken, Kollekroken, o. fl. st. Skotøysundet hev vel ogso fenge namnet sitt avdi det var lasteplass for skotteskip.  Hatvik med sin framifrå gode hamn vart etterkvart den mest nytta lasteplassen.  Som nemnd tok alle 9 skipi i 1577 bandestakar og dei fleste tok inn sperror attåt.  Tvo fekk full last med tunnestav attått bandestakane, eit fekk innved til farty, eit fekk båtar, og eit hadde med seg eit tilhogge stovetimber.  
 
I 1597 vart det seld til utlendske skip dette trevyrket: I Hatvik til eit tysk skip 71 famner ved.  Ved Klyva til eit hjelteskip 13 tylfter bjelkar, 14 tylfter bord, 6 famnar ved og noko bandestakar.  I Ulfsund, likeins til eit hjelteskip, 8 tylfter bjelkar, 24 tylfter sperror, 4 famnar ved, 4 båtar og noko bandestakar.  I Lindesund og Lindholmsund til eit skotteskip og tvo hjelteskip 13 tylfter bjelkar, 19 tylfter bord, 12 tylfter sperror og spiror, 2 famnar ved, 7 båtar og ein god slump bandestakar.  
Salet av trevyrke frå Osbygdi til utlendske skip var like stort til fram i 1620 åri.  Det tok då til å minka noko, men handelen heldt likevel ved gjenom heile hundradåret.  So seint som i 1751 lasta det tvo skotteskip i Hatvik.  Dei fekk med seg 130 tylfter bjelkar, sperror og annan rundlast, og 206 tylfter tunnestav, bandestakar og bjørkestykke.  Båtar fekk dei ikkje og heller ikkje bord. 

I fleire Hordalandsbygder kom det sagbruk. igang i fyrsten av 1500 åri.  Vatssagi var då vorti kjend.  I Osbygdi kom ikkje noko sagbruk.  Skulde ein ha bord so måtte stokkane kløyvast og bordi tilhoggast med øks.  Det var soleis eit seigt arbeid å laga bord.  Difyr vart det ogso seld lite bord til skotteskipi frå Os, medan andre bygder som hadde fenge vatssager jamt hadde mykje bord å selja.  

Etter 1700 minka det med båtbygneden i Os.  Grunnane til dette var fleire.  Det minka med storskogen i bygdi og det vart vandare å få tak i dei store stokkane som trongst til båtvyrket.  Formanns-ætti som no hadde fenge Lysekloster var heller ikkje so viljug til å selja skog som dei fyrre styrarane av Lysekloster hadde vore.  Båtvyrket vart soleis dyrare enn fyrr, og då prisane på ferduge båtar var mykje dei same som dei hadde vore i hundrad år so vart det no svert liti arbeidsfortenesta.  Osingane bygde nok båtar til sitt eige bruk og kannhenda vart ogso ein og annan båten seld til fiskarbygderne.  Men elles var salet lite. 
I 1751 vart det frå Tysnes seld 40 båtar til skotteskip og likeins 6 båtar frå Strandvik.  Ogso etter 1800 gjekk det båtar frå Tysnes til England og Skottland; men frå Os vart ikkje seld ein einaste båt til skottane i denne tidi, det me veit då.  

Det vart etterkvart færre og færre osingar som bygde båtar.  I kring 1770 var det berre dei tvo mennerne på Tøsdal, Lars og Jørn, og sønerne deira som dreiv noko nemnande med båtbygnad.  Dei hadde sine naust standande på Osøyri, eller «i elvi» som bygdefolket nemnde det.  Tøsdalsmennerne hadde halde kunsten vedlike, dei laga framifrå gode båtar og det vart spurnad etter båtane frå Tøsdalsnaustet.  Dette gjorde at fleire tok etter.  Den fyrste var Lars Kuven og sønerne hans, Lars og Arne.  Nokre Mobergsmenner gjorde det same, og Nils Drange og Anders Nordstrøno lærde ogso kunsten i naustet ved Oselvi.  Båtane som kom frå Tøsdalsnaustet vart etter byggestaden kalla oselvarar, og dette namn hev osbåten havt til den dag idag.  


Osbåten hadde no atter fenge godt ord på seg og det vart sterk spurnad etter han.  Den eine etter den andre tok til med båtbygnad.  I Lysefjorden var det Nils Drange med sønerne sine, Mons Drange og Daniel Sjøbøen som gjekk i brodden.  Det gjekk ikkje mange år fyrr det var båtbyggjarar på umlag kvar gard i Lysefjorden.  I Øyane gjorde Anders Nordstrøno upptaket, og både i Lepsøy, Sundøy og Strøno kom mennerne straks etter.  På Neset var Johans Lekven og Ola Haugland dei fyrste til å læra kunsten att, og fleire kom straks med.  Ogso elles i bygdi tok båtarbeidet til, og «Oselvaren» hev sidan vore ei fast salsvara i bygdi. 

Osbåten er vel den lettaste av alle norske båtar.  Båtbordi som er av fura er berre halvtumen tjukke, men hev likevel ei breidd på 16-18 tumar.  Vyrket må difyr vera av beste slag, seigt og fritt for kvistar.  Kjøl, stomner, band og kjeiper er vanlegt av eik, kne og æsingar av fura, men alt er so tunnt og lett som det kann vera.  Båten vert difyr ogso sers lett og ledug, fløyter seg godt i sjøgang, siglar godt og er framifrå lettrodd.  Han er difyr mykje etterspurd av fiskarane.  Det vert no levert båtar frå Os ikring heile landet, noko til fiskebåtar, men kannhenda mest som sportsbåtar til roklubbar og andre.  Det er ogso levert Osbåtar til dei fleste land i Europa, jamvel til bruk på sjøane i Sehweitz, og i dei sisste åri er det ogso sendt båtar til Amerika.  

Osbåten hev ogso fenge si påskyning alle stader der han er framsynt.  I 1868 vart halde båtutstilling og kappsigling i Stavanger.  Fylket og Os heradstyre uppmoda båtbyggjarane i Os til å møta fram med sine båtar og vilde gjeva pengestudnad til ferdi, men ingen melde seg.  Lister- og Hardangerbåtane vart framsynt og fekk etter dette stor avsetnad, ogso i dei bygder der Osbåten fyrr hadde råderomet åleine.  Fyrst ved utstillingi i Bergen 1898 vart Osbåten framsynt og var med i tevlingi.  


Ole Drange, soneson åt Mons Drange, fekk då sylvmedalje og Jon Kuventræ fekk bronsemedalje for båtane sine.  I 1910 fekk Nils Søvik og Daniel Søvik sylvmedalje, og ved utstillingi i Oslo 1914 fekk Nils Søvik gullmedalje, og tvo andre osingar sylvmedalje for båtar.  Ved utstilling i Bergen 1928 fekk 3 osingar, Nils Søvik, Nils og Even Drange gullmedalje og tvo andre sylvmedalje for dei framifrå båtane sine.  Og på Trøndelagsutstillingi, Nidaros 1930, fekk Nils Søvik og Henrik Askvik høgste utmerkjing, gullmedalje, for kvar sin oselvarbåt.  Truleg hev båtbyggjarkunsten heller aldrig stade so høgt i Osbygdi som no. 
Talet på båtbyggjarar i Os minka noko i slutten av 1800 åri.  Tunnearbeid og anna trearbeid tok folk burt fra båtbygnaden.  Men nokre vart likevel att i båtnaustet.  I 1890 var det umlag 30 båtbyggjarar i bygdi.  Dei laga tilsaman ikring 300 færingsbåtar, 30 trekjeipingar og 10 storbåtar um året.  I 1920 var det 36 osingar som bygde båtar, og storparten av desse held enno ved i handverket.  


Då båtbygnaden minka i 1700 åri fekk treskoerbeidet ein sterk framvokster i bygdi.  Det var mykje lettare å skaffa vyrke til tresko enn til båtar, og til treskoarbeidet trongst ikkje serlegt hus eller arbeidsplass.  Treskorne vart arbeidde inne i stova, og kvar gong mannen hadde ei liti fristund frå gardsarbeidet so var det snøgt for han å triva til treskojarnet.  Etter 1800 var det kome so langt at stabben og treskokrakken stod i kvar manns stova i Osbygdi.  Mannen, sønerne og drengen, alle sat dei med treskoarbeidet um vinterkveldane.  Det var stor spurnad frå dei ytre bygderne og frå handelsmenner i Bergen etter tresko frå Os og avsetnaden var god.  Prisane var rett nok ikkje høge, 2-3 skjeling for paret var det vanlege, men då ein dugande mann kunde arbeida 8-10 par um dagen, so vart det likevel ei liti dagløn av det.  Kostnaden av trevyrket kunde ein rekna til en femtepart av salsprisen. 


Treskoarbeidet stod i bløming gjennom heile århundradet.  Det minka noko i 1880 åri og 1890 då framgangen i jordbruket tok meire til og gardsdrifti difyr krov meire arbeid.  Men framleis hadde treskoarbeidet mykje å segja for bygdi.  Skogforvalter Skadsem som granska desse ting fann i 1891 at det då vart seld umlag 80000 par tresko um året frå Osbygdi.  Skadsem rekna sers varsamt, og når ein legg til det som vart seld og bruka i bygdi so kjem ein upp i ein samla tilverknad av 100000 par um året.  Prisen var då 20-25 øre paret.   

Etter sisste århundradskiftet er treskoarbeidet minka i Osbygdi.  Rett nok driv mange eldre osingar enno med det i vinterhalvåret, men av ungdomane er det få som no tek til med treskoarbeid.  Etterspurnaden er vel ogso knapt so stor som fyrr.  Det er fleire stader skipa treskofabrikar som tevlar med handarbeidarane.  Ogso i Osbygdi er skipa tvo treskofabrikar, Os treskofabrik i Hatvik og Nils Haukelends treskofabrik ved Søfteland.  Desse lagar ikring 20000 par tresko um året.  Ola Tveit og Torbjørn Moberg hev skipa kloggefabrikar, og kloggorne tevlar ogso med treskorne.  I 1920 var det væl 70 mann i Osbygdi som arbeidde tresko på den gamle måten, ved handarbeid.  Av desse hadde storparten yrket som attåtarbeid.  Kor mange par tresko desse vanlege treskomakarane laga um året er uvisst, men um me reknar 500 par på kvar mann so vert talet millom 30 og 40 tusund par.  Og til ein pris av kr. 1.00 til 1.50 for paret vert det framleis ei liti innkoma for bygdi av treskoarbeidet.  

Kolbrenningi som fyrr er nemnd heldt ved til fram i 1870 åri.  Det var mange som um fyresurnaren låg ute i skogen og brende kolmilor.  Det var ein kunst å brenna gode kol, og dei som hadde rette laget til å stella kolmilorne fekk god fortenesta av arbeidet.  Etter 1880 stogga det mykje med kolbrenningi.  Derimot auka det på med vedhogsten.  Serleg i dei siste 20 åri er det drive fram mykje ved or skogane i Os.  

Som nemnd i ein annan bolk byrja osingane tidleg å reisa som handverkserbeidarar i andre bygder, serleg på stein- og byggjearbeid.  Og dette heldt ved.  Ein stor part av gardbrukarane var murarar eller timbermenn som gjerne var burte halve året.  Kvinnfolki fekk stella heime på garden.   I 1880 og 90 åri kunde det henda at det millom onnerne knapt var ein vaksen kar å finna heime i Hegglandsdalen, alle var dei ute i eit eller anna arbeid.  Og umlag likeeins var det i sume andre grender.  
Radt til no hev osingane halde seg mykje til murar- og timbermannsarbeidet.  I 1920 hadde soleis 128 osingar steinarbeid anten til hovudyrke eller attåtarbeid, og 73 osingar var i byggjearbeid på same måten.  Sjølvsagt vert umlag alt stein- og timbermannsarbeidet i bygdi gjort av bygdefolk, og attåt hev osingane framleis mykje sovore arbeid utanfyre heradet.  

I dei ytste grender i bygdi var det fisket som hadde mest å segja.  I dei fleste bolkar i året var det eit eller anna fiske som ein freista med.  Dette var serlegt turvande avdi gardane her vanlegt var mindre enn i den austre luten av bygdi, og folket måtte difyr syta seg mest mogeleg innkoma utanfyre garden.  Dei fiske som hadde mest å segja var brislingfisket um surnaren og vårsildfisket um vetteren.  Vårsildfisket var elles storparten av gardbrukarane i Os med i, radt fram til 1870 åri.  Etter 1880 minka det mykje med desse ferder frå sume grender i bygdi, og i dei sisste 20 åri er det berre i Øyane, Lysefjorden og Søre Neset at gardbrukarar hev reist i vårsildfisket.  Og talet på dei som hev reist er minka etterkvart.  Det same gjeld brislingfisket.  Medan det fyrr var notlag ute um sumaren frå mange grender i bygdi er det no berre frå Søre Øyane, der dei hev nokre snurpenotlag, at folket er ute i brislingfiske.  Heimefisket hev heller ikkje det å segja for bygdi som det hadde fyrr.  I 1920 var det ikring 100 osingar som dreiv fiske ei stuttare eller lenger tid av året.  Um fisket vil ein elles finna meire i ein annan bolk.  


Tunneerbeid var eit vanlegt yrke i Osbygdi.  I dei eldste skiftebrev som me hev frå Os, frå 1660-70 åri finn ein rett som det er nemnd «teksla» og anna verkty til tunnearbeid.  Radt frå 1700 åri kann me finna at osingar var i Bergen på tunnearbeid, eller som bygdefolket sagde »dei kjipra i bydn«.  I 1880 åri vart det fleire av desse som arbeidde tunnor hjå kjiparmeistrar i Bergen eller i dei ytre Hordalandsbygderne.  Smått um senn tok ogso ein og anan til med tunnearbeid heime på gardane, og fram mot sisste hundradårsskifte dunka dei på tunnor i dei fleste gender i bygdi.  I dei næraste åri fyrr heimskrigen og i sjølve krigstidi gjekk mange frå treskoarbeidet og anna yrke til tunnearbeidet.  Serleg på Søre og Nore Neset tok ungdomane mykje til med kjipring.  Etter krigsåri hev tunnearbeidet minka atter i Osbygdi, då spurnaden etter tunnor hev vore liten og arbeidsfortenesta likeins.  

Som nemnd var timbermennsarbeideit eit gamallt og mykje utbreidd yrke i Osbygdi.  Storparten av timbermennerne var ogso snikkarar som kunde reida inn husi og laga dei bunadsting som trongst i heimane.  Det vart ogso arbeidd møblar som gjekk til framande bygder.  Frå 1860 åri og burt imot århundradskiftet vart det soleis arbeidd mykje husbunad, kistor, sengjer, skåp, bord og stolar, korgjer, tinor o. a. som gjekk til Fjell, Sund og Austevoll.  Det var serleg i Nordstrøno og nokre andre gardar desse bunadsting vart laga.  Arbeidet gjekk fyre seg heime i stova og det var sjeldan at nokon hadde serlegt arbeidsrom.  Storparten av møblane vart ogso rosemåla fyrr dei gjekk frå Osbygdi. 


Gamle Per Heglend var bygningsmann og snikkar, og sønerne, Vinsjans og Jakob fylgde faren i arbeidet.  I slutten av 1880 åri sette so Jakob Hegland upp ein liten verkstad ved Heglandselvi, der han fekk dreiebenken og sagi drivne med vatskraft.  Verkstaden ved Heglandselvi stod berre nokre år då han brann upp, og i 1892 flutte so Jakob frå Hegland og sette upp ein ny verkstad ved Lundefossen.  
Der var vatn til drivkraft og han fekk seg ein stor verkstad med tidhøvelege maskinor.  Han laga fyrst ymse slag husbunad, men gjekk etterkvart over til å laga dører, vindaugo og tropper, og det vart bruk for mange arbeidsfolk på verkstaden.  Det var attimillom for lite vatn i elvi til drift av dei mange maskinor som no var turvande, og i 1910 flutte difyr Jakob Hegland verkstaden sin til Osøyri i eit nytt uppsett fabrikhus (Os dørfabrik).  Sonen Peder Hegland dreiv framleis fabriken i Lundefossen, og då Jakob Hegland døydde heldt versonen Kristian Lyssand fram med fabriken på Osøyri, til han i 1929 bygde seg ein ny fabrik på hi sida Oselvi.  Millom 20 og 30 mann hev no sitt arbeid i desse fabrikane.  

Som nemnd var jamnast kvar mann sin eigen smed, og det var smidja på dei fleste tun i bygdi.  Men etterkvart vaks det ogso fram eit serlegt smedhandverk.  Den fyrste retteleg utlærde smed i Osbygdi var Hans Johnsen, son åt Jon Anderson Bø.  Han sette i 1830 åri upp ei smidja på Osøyri.  Ogso ymse bygdesmedar fekk godt ord på seg og fekk mykje å gjera i smidja.  Ein kann soleis nemna gamle Vinsjens Lien og dei tvo sønerne hans, Mons Lien og Jon Tømmernes, som dugande bitjarnsmedar, og dei 3 ættledar i Salbuvik, faren Per, sonen Jan og sonesonen Per, som framifrå lås-smedar.  Elles finst det no utlærde smedar i fleire grender, og på Osøyri hev det stødt i dei sisste 40-50 år vore ein eller fleire smedar.  Storparten av dei driv ogso hjul. og vognarbeid.  

Fyrr 1800 kann ein ikkje sjå noko merke etter målarar i Osbygdi.  Ikring 1750 reiste ein eller fleire målarar frå Hallingdal ikring i bygderne her, og ein og annen lærde av desse.  Ein kann likevel ikkje finna at nokon osing lærde målarkunsten.  I Samnanger tok dei derimot lærdomen, soleis på Tveiterås, der det sidan vart ei ætt av rosernålarar.  

Nils Johannesson Tveiterås kom til Os i 1820 og fekk seg gard på Midthus.  Han var rosemålar likeins som faren ¹) og farfaren og tok upp målararbeidet i Osbygdi.  Han reiste på kvar gard og i kvart hus og måla kistor, skrin, skåp, korgjer, tinor, skåler, kjengjor o. a.  Ola Vinjanson Lien, eller Midtbø som han sidan kalla seg, lærde kunsten av han og dreiv målararbeidet til han var 90 år.  *) Sjå kista og skåp måla av han sida 270 og 276. 

Son åt Nils Midthus (Tveiterås) Annanias Tveit førde kunsten vidare fram.  Han arbeidde ikkje berre i Osbygdi, men like mykje i grannebvgderne, og frå 1890 byrja han å senda rosemålte ting til byen.  Han måla i ein noko annan stil enn faren og farfederne, og »Osmålingi« som den nye stil vart kalla vann fram.  På utstillingar i Bergen, Trondheim, Paris o. fl. st. i åri 1898-1905 vart måling i kjend og arbeidet løna med medaljer.  Det vart frå alle kantar av landet og likeins frå utlandet stor spurnad etter rosemålte ting frå Os.  Annanias Tveit lærde upp over 20 nye rosemålarar, og mange bygdefolk elles hadde vinterarbeid med å laga alle trevarorne som skulde rosernålast.  Ved hundradårsskiftet og fram til krigsåri var rosemålingi og trearbeidet til denne ei stor arbeidsgrein i bygdi.  Sidan hev det minka og fleire rosemålarar driv no berre vanlegt målararbeid.  Det var i 1920 umlag 30 mann i Osbygdi som dreiv målarhandverket.  Osmålarane hev eit godt ord på seg og hev mykje arbeid utanum bygdi, både i Bergen og i framande bygder.  


Eit arbeid som er meire nytt i Osbygdi er ski- og kjelkearbeidet.  Lars Olson Hjelle som var av ei gamall handverkarætt og som sjølv var bygningsmann og snikkar flutte i 1894 til Midtsæter der han kjøpte seg ein liten gard.  Gamle Nils Midisæter og Annenias Øvredal hadde freista med skiarbeid, og då Lars Hjelle kom til Midtsæter tok ogso han til å laga ski og kjelkar.  Skierne vart ikkje dyre.  Furuski for born vart selde for 50 øre paret og for vaksne frå 70 øre til 2 kroner.  Det vart stor spurnad etter ski frå Lars Hjelle, og då han nokre år etter flutte til Hjelle sette han der, saman med broren Hans Hjelle, upp ein liten ski- og kjelkefabrik.  I 1919 kjøpte han det gamle Os meieri og laga dette til ein større fabrik som han sjølv driv, medan broren held fram med fabriken på Hjelle.  Dei lagar no 5-6000 par ski, 1-2000 kjelkar og mange tusund skaft um året, og 15-20 mann hev arbeid med dette.
– Jens Hjelle hev ogso ein liten fabrik som lagar kjelkar, skaft, rivor, ljåsorv o. a. sovorne ting.


Det er sagerne og andre maskinor som hev gjort det mogelegt å driva bygnings- og snikkararbeidet soleis som det no vert drive.  Vats-sagi kom i bruk på Vestlandet i det 16de århundrad.  I dei fleste Hordalandsbygder vart sett upp sager, soleis ogso i Fusa, Strandvik og Samnanger, men ein kann ikkje sjå at det kom noko sagbruk i Os.  Bønderne i Osbygdi åtte ikkje jordi eller skogen og dei hadde ikkje noko å skjera.  Lysekloster hadde truleg sitt eige sagbruk; men då klostret slapp leggja skatt og gjeva rekneskap for sagi soleis som andre måtte gjera, so er det ikkje nemnd noko um Lyseklostersagi i dei gamle sagbrukslistor.  Os-presten skar sitt timber på Koldal i Eikelandsfjorden og på Tysse i Samnanger.  Bønderne laga mest bord på den gamle måten ved å kløyva stokkane og hogga bordi til, men attimillom kunde ogso dei reisa til andre sager med timberet. 

Ikring 1775 kom endeleg den fyrste bygdesagi i Os.  Det var mennerne på Skjeie som sette upp ei sag på Skieisleiro eller Sagebakken som namnet då vart.  Sagi fekk liten skurd.  Det var lite vatn til drivkraft, og dei osingar som hadde noko å skjera for framleis til andre bygder, helst til Samnanger, med skurdtimberet.
Det kom etterkvart fleire sager i bygdi, og i slutten av 1800 talet var det sagbruk på Gåssand, Drange, Lysekloster, Kuven, Tøsdal, Berge, Midthus o. fl. st.  Då den elektriske kraft kom til bygdi i 1914 stod det ikkje meir um vatn og fossekraft til sagbruki, og ein kunde byggja sagerne kor ein vilde.  Det kom då ogso sidan sager på Haugland, Askvik, Hjelle, Eide, og fleire i nærleiken av Osøyri.  

Då Jakob Hegland slutta med tilverking av møblar var det fleire andre som tok arbeidet upp.  Dei som no driv arbeidet mest er Gustav Bahus og Johannes Moberg ved Osøyri og Karl Gåssand på Søfteland.  Dei hev tilsaman 60 – 70 mann i arbeidet.  Umframt desse er det mange ikring bygdi som driv arbeidet åleine eller med eit par hjelpesmenn.  Treskjerar Ola Hjelle hev verkstad for treskjering og finare husbunad.  

I dei sisste 20 åri hev motoren vunne fram både på land og sjø.  Dette hev gjort at det ogso i Osbygdi er skipa verkstader for arbeid eller vøling av motorar.  Gustav Klyve hev soleis ein verkstad på Osøyri for vøling av motorar og bilar, H. Haldorsen i Askvik, Nils Bratholmen og Kvinge & Haugland hev motorverkstader med slipp.  På Osøyri er ein hermetikfabrik, Bergen Pecking Co., som vert driven med dampkraft.  Upp til 40 arbeidarar, mest kvinnor, hev stundom fenge arbeide der. 

På næste sida set ein upp ei lista over folk i dei ymse arbeidsgreiner i 1920.  Til lista er å merkja at talet på mur- og steinarbeidarar her er noko større enn i vanlege tider, avdi det i åri ikring 1920 var sers mykje husbygnad med grunnarbeid og planeringsarbeid i Os.  Att i staden var tunnearbeidarane og treskoarbeidarane færre i dei same åri enn vanlegt.

Stol frå verkstad i Os etter eigi                    Skåp frå verkstad i Os etter eigi
teikning.                                                       teikning.

Når ein til dessar berre hev nemnd noko um mannsarbeidet so er ikkje dette avdi, at det berre var karmannsarbeid i bygdi.  Tvertimot, kvinnorne var like trugne arbeidsfolk som karane, og det var mykje kvinnfolki å takka for at karmennerne fekk tid og høve til å arbeida som dei gjorde utanfyre gardsbruket.  Kona og dotteri arbeidde heime når mannen var ute i arbeid, og det vilde ikkje vera rett å skriva um arbeidslivet i bygdi utan å nemna den lut som kvinnorne hev i dette.  

Ein stor part av tidi for kvinnorne gjekk sjølvsagt til det daglege strev og stell på garden, stjorning i stall og fjos, matlaging og anna arbeid i huset.  Men dei fekk ogso tid til mykje anna.  Klædearbeidet var kvinnorne sitt visse vinter-arbeid.  Kona i huset og døtterne klipte sjølv smalen, karda og spann ulli, spøta eller vov tråden, farga vadmålet og laga det til klær.  Dei spann stry til skjortor o. a., og dei spann hamp til tråd for nøter og garn, og dei vov hampelerret.  Dei vov kvitlar og åklær av fleire slag, og på alle tun der dei hadde råd til det skulde kvar vaksi kvinna ha ei kista full med heimelaga sengklær. 

Kvinnfolki måtte vera med på utearbeidet tilliks med karane.  Dei stod med langorven eller stuttorven, spaden, greipi, grevet og sigden jamsides med mannfolki, og det tyngste og mest trøyttande av alt haustarbeid, treskjingi med tust, og likeins lyngskjering og lyngbering heile vinteren igjenom, var i Osbygdi for det meste reint kvinnfolkarbeid.  Når bønderne i Os trass dei jamt tunge og trange kår hev greidd seg gjenom tiderne so er det kannhenda allermest dei strevsame konorne og gjentorne deira å takka. 

Det hev minka noko med spinning og veving i dei sisste åri.  Fabrikane gjorde arbeidet snøggare og lettare, og truleg kjem dei framleis til å gjera det meste av spinningi.  Men vevingi veks no framatt i bygdi.  I fleire og fleire hus kjem gogni (vevstolen) inn att, og jamt fylgjer spinnerokken ogso inn att med gogni.  Det vert atter laga vadmål og lerret, ty og teppe til daglegt bruk, til pryd, og i den aller sisste tid ogso til sal.  Og i dei fleste hus kann ogso kona eller dotteri sjølv laga storparten av dei klær som huslyden treng.  For dette er mykje arbeidsskulane å takka.  

Den fyrste arbeidsskule for gjentor i Osbygdi vart sett igang i 1905, og sidan hev skulen vore årviss.  Det vert kvart år halde tvo kurs i dei ymse grender i bygdi, kvart kurs på 12 vikor.  Umlag 450 gjentor hev på denne måten fenge upplæring i klædearbeid, sauming, veving o. m. – Malena Rød hev frå fyrste dag til no vore lærar ved skulen og halde 36 kurs ialt. 
Medan arbeidsskulen for gjentor soleis er gamall etter måten er erbeidsskulen for gutar mykje yngre.  Det vart i fyrsten av 1900 talet halde eit par trearbeidskurs på Osøyri og desse skapte stor interesse.  Men nokon skule vart det ikkje av.  I 1913 og 1916 vart atter halde trearbeidskurs i Os med lærarar frå Bergens husflidsforening, men ogso då vart det gjort med upptaket.

Fyrst i 1922 vart det ålvor i saki, og det hev sidan vore ein fast arbeidsskule for gutar på Osøyri med Ola O. Hjelle som lærar.  Kvart kurs varar 7 månader og gutane fær upplæring i å stella verkty, i snikkring, teikning og gjerne ogso i treskjering.  Umlag 100 gutar hev til dessar fenge upplæring på skulen, derav 6 frå andre bygder.  Det er på dei 8 kurs m. a. arbeida 1588 bunadsting til eit samla verde av umlag 55000 kroner.  Desse ting er vorten verande i bygdi og hev ogso hjelpt til å skapa stil og hyggje i heimane.

Ved slutten av kvart kurs på arbeidsskulane vert halde framsyningar av skulearbeidet.  Umframt desse framsyningar hev det ogso i 1904, 1911 og 1927 vore halde vanlege arbeidsutstillinger for Osbygdi.  Dei framsynte arbeid hev fenge sers god umtale av kunnige folk frå andre bygder og frå Bergen.  På landsuistillingi i Bergen 1928 var ogso framsynt ymse arbeid frå Os, m. a. båtar, ski og kjelkar, høvlebenkjer og andre trevaror, rosemålte kistor og annan husbunad, ymse slag vevnad, åklær, saum, spinning og anna.  Det var tilsaman 24 utstillarar frå Os.  Av desse fekk 3 gullmedalje for sitt arbeid, 5 fekk sylvmedalje, 10 bronsemedalje og 4 fekk heidrande umtale.