HUS OG HEIM
Frå Os Soga I side 226 -278
HUS OG HEIM.
Um me no fekk sjå ein av bustaderne åt den fyrste folkegrein som ferdast i Osbygdi so vilde me korkje rekna han for hus eller heim.
Dei fyrste »bustader« var vel i bergholor og under hildrar. Ein finn merke etter sovorne bustader der folk truleg hev havt sin heim i hundrader av år. Der livde dei, der døydde dei, og der vart dei kannhenda ogso gravlagde. Dei fleste bustader var vel ikkje so »faste« som dei ein finn merke etter no. Dei eldste bumenn i landet var ferdafolk som livde av jagt og fiske. Dei flutte frå eine staden til den andre etter som det var høve til å jaga og fiska, og dei fann seg lett ein ny bustad, ei like god berghola eller hilder på den nye bustaden som den dei hadde der dei kom frå. I hundrader, ja kannhenda i tusund av år livde folket i sovorne bustader, som me no korkje vil rekna for hus eller heimar.
Men smått um senn kom det ogso »hus« som vart laga av menneskjehender. På Jæren hev ein funne merke etter hyttor som truleg var brukte i den yngre steinaldren, for 4-5000 år sidan. Og etter kvart som folket tok til å bruka jordi, halda husdyr og vart mindre ferdafolk so vart ogso bustaderne meire faste og huslydane fekk seg ein »heim«.
Dei fyrste husi var det vel ikkje stor stas med. Det var hyttor av jord og stein, eller av tre og kvistar med jord og leir til tettevyrke. På jordgolvet var ei steingruva. Det hende at ei sovori kvist- og leirhytta brann upp, og då brendt leir vert eit vyrke som kann halda seg gjenom tusund av år, so kann nett ei slik uppbrend hytta syna teikni etter dei fyrste hus i norderlandi.
Etterkvart vart husbygnaden likare. Dei runde hyttorne, som kannhenda var »hustype« gjenom lange tider, vart avløyst av firkanta eller avlange hus. Og i husi kom truleg ogso eit slag husbunad av det mest uvande slag. Ogso til dyr og avling vart laga hus. Dei lange, kalde norske vintrane krov skjol for husdyri, og då ein fekk avling, gras og korn, av jordi måtte ogso denne gjøymast under tak. Ein gresk ferdamann som umlag år 330 f. Kr. gjorde ei ferd til norderlandi fortel, at i landet Thule – som etter alt å døma må ha vore Norig – hadde dei hus der dei treskte kornet sitt. Nordmennerne hadde soleis alt i dei tider fenge seg fjos og lødor, truleg saman med husi som folket budde i.
Det var eit strengt og stridt liv i gamletidi. Mannfolki måtte syta for maten, dei skaut dyr, fiska, rydja skog og dyrka jord. Våpni var i den aller eldste tid av stein eller bein. Ei steinøks og steinkniv, ein boge med pilar av bein eller stein, og eit spjot av same slag vyrke, det var utreidnaden. Og reidskaperne til arbeidet i skog og jord var ikkje likare. Kvinnfolki heldt elden vedlike, laga maten, stjorna beisti og arbeidde på jordi. Dei skar kornet med ein bein- eller steinsigd, turka det og fekk det or halmen, mol det på ein flat stein og stellte elles med avlingi. Og dei måtte saman med mannfolki laga sko og klær åt huslyden.
I dei eldste tider var skinn og huder dei einaste klædevyrke. Skinn var lett å få tak i og vyrket krov ikkje mykje tillaging. Men då sauen vart eit vanlegt husdyr byrja dei ogso å laga klær av ull. I graver frå bronsealdertidi, 2-3000 år f. Kr., hev ein funne rester av einskjefta ullty, og i ei grav i Danmark hev ein funne tvo heile manns. og kvendebunader frå den tidi. Mannen hadde ein tjukk ullkyrtill som rokk frå armane og ned til knei. Rundt livet hadde han eit ullbelte og over akslerne ein kappe av grovt lodent ty. Han hadde ikkje buksor og armane var nakne. På føterne var rester av ty og på hovudet hadde han ei rund ullhuva. Kamb og rakekniv låg ved sida.
Kvinna hadde ei stutt trøya av tvoskjefta ullty med ermar som rokk fram til olbogen, og ein stakk av same slag ty. Stakken var både vid og sid med rukkor, og vart halden upppe av eit belte ikring livet. Elles var klædi haldne saman med nåler og spenner, og det var ogso ymse andre prydnadsting på bunaden.
Både mannen og kvinna var ljosleitte og hadde ljost hår. Kvinna hadde langt hår som var halde saman av ein kamb og nokre snorer. Mannen var snaudraka og hadde som nemnd rakekniven liggjande ved sida. – Fyrst i dei tider då vår tidsrekning byrja tok karmennerne til å bera skjegg.
Klædebunaden hjå nordmennerne var truleg mykje den same som den dei her fann teikn etter i Danmark. Og han var heller ikkje so reint ulik den bunaden som me hev havt her i landet 3-4000 år seinare. Dei side og vide stakkane som var brukt i Osbygdi inntil for 20 år sidan hev kannhenda god tradisjon i bygderne.
Noko visst um den gamle klædebunaden i Os veit me ikkje. Men eit og anna som peikar på tilhøvi i Os kann me likevel finna fram. Me kann soleis sjå at ogso i Os kom ullklædi tidleg i bruk ved sida av skinnbunaden.
Av gravfunn på ymse stader i Osbygdi (sjå bolkenum fornminne i Os) ser me, at alt på 4-500 talet e. Kr. brukte osingane ul1klæde og vart gravlagde i slike. I ei grav på Døso hadde den døde klæde av fint veva ullty, over han var det sveipt eit tjukt og eit tunnare ullteppe, og tilslutt eit teppe av sers fint ty. Ein ser ogso av gravfunni at oskvinnorne i dei tider hadde prydnad på klædebunaden. Dei gjekk med sylgjor, spenner, ringar og armband av bronse, perler av rav og fleirfarga glas, og i ei grav fann ein ogso sylvknappar til klædebunaden og ei sylgja av gyllt sylv. Mannfolki brukte kamb til å kjemba håret med soleis som ein ser det frå funnet på Økland, og frå funnet i Hildershamn ser me at dei ogso brukte gullringar. Dei »fylgde med tid i«.
Då nordmennerne umlag halvtanna tusund år f. Kr. fekk kjennskap til det fyrste metal, bronsen, vart tilhøvi betre for husbygnad enn fyrr, avdi ein då fekk brukande bitjarn og andre arbeidsvelde. Enndå betre vart det då jarnet noko tid f. Kr. vart kjendt og teke i bruk. Dei eldste rester som ein finn etter hus her i landet er frå jarnaldren, dei fyste hundradåri etter Kr. f. På Jæren hev ein funne tufterne etter fleire sovorne hus. Dei er avlange og husveggjerne hev vore jord eller stein. Taket vart halde uppe av stolpar. Husi hadde berre eit rom med ei steingruva midt på det hardstampa jordgolvet. Etter det ein kann skyna var dette vanlege bondehus og ikkje hovdingheimar, som truleg hadde fleire og større rom.
Busetnaden auka og bustaderne vart betre. Osbygdi fylgde ogso med i vokstren. Då kristendomen kom til landet var det, etter det me no kann skyna, rydja og bygt millom 30 og 40 gardar i Osbygdi. På kvar gard var berre eit bruk, men likevel vart det etter kvart mange hus på garden. Det kom stova, bud, stabur, eldhus, fjos, løda, stall, smalehus, gjeithus, smidja, kvern, naust, og gjerne enndå fleire. Dei fleste av desse husi vart bygd i ein krull nær einannan. Dette var tunet på garden.
Tuni vaks seg større etterkvart, um det ikkje gjekk snøgt. Dei største gardar i bygdi vart skift i fleire bruk, og ikring år 1500 var det soleis 5 bruk på Haugland, 4 på Moberg, 3 på Servoll, og 2 bruk på nokre andre gardar i bygdi. I den fyrste tidi etter at garden var skift vart ikkje husbygnaden på tunet onnorleis enn han hadde vore fyrr. Huslydane budde saman i stova, og uthusi vart ogso brukte ihop. Kvart bruk fekk ein bolk i løda og eit visst tal av båsar i Fjoset, gjeithuset og sauehuset. Heime i stova fekk kvar huslyd si krå og ein viss part av golvet. Og når huslydane hadde kvar si gryta og kvar si skjering, so greidde dei seg med ei sams gruva og med eit sams eldhus, sjølv um det stundom kunde »knirka« millom konorne når dei alle samstundes skulde koka middagsmaten over den eine gruva.
Men stovorne vart trange, soleis som dei plar verta når det kvart eller annakvart år kjem ein ny gjest i stova. Og enndå snøggare gjeng det når det ikkje berre kjem ein gjest i kvar stova, men ogso ein i kvar stovekrå. Det førde til at sume av dei nye bruki fekk sitt eige serskilde stovehus. Husi vart likevel bygde nær einannan, anten vegg i vegg med det gamle stovehuset, eller berre so langt ifrå at ein mann kunde gå imillom husi. Og etter som beistetalet auka på garden fekk ogso bruki sitt eige fjos, sauehus, gjeitehus og stall. Løda vart lengst brukt ihop, og me hev døme på at det berre var ei løda på garden, enndå denne hadde vore skift millom 3-4 brukarar i 2-300 år. Ogso eldhuset kunde lenge vera til sams bruk, og smidja, kverni og naustet kunde sjølvsagt enndå lettare brukast ihop av alle på garden. Dei nye husi vart alle bygde heime i tunet, likeins som stovehusi, og det kunde sole is verta 30-40 hus i ein krull på dei større gardane. Berre kverni og naustet var utanfyre tunet, og for å minka eldsfåren for tunet stod gjerne ogso smidja noko burte får dei andre husi.
Um den gamle bygnaden på ymse gardar i bygdi gjev me seinare eit lite utsyn.
Sjølve husbygnaden var mykje den same på gardane, og husi hadde truleg det same skap og utsjånad gjenom mange hundradår. Dette gjaldt i minsto stovehusi. Huset hadde eit stort rom, stova, som vanleg var frå 7 til 10 alner i firkant etter som rådi eller trongi var hjå byggjaren. Attåt eine tverrveggjen vart bygt ein gang. Seinare kom det ogso eit lite rom, koven, ved sida av gangen. Fleire rom var det ikkje i huset.
Stova var vanleg timbra upp av store ukløyvde stokkar. Timbret låg ikkje på mur eller stein, men på ein tjukk svillestokk, »svidla», som låg på sjølve jordi og gjerne enndå lågare enn marki utanfyre. Huset vart soleis tett i grunnen, og det kunde ikkje koma »trekk« inn under svilla. Millom alle veggstokkar vart tetta med myrmose, »bygningsmose«, som ein enno kallar han, og veggjerne vart heilt tette. Stova var opi til mønet, og det var lagt »trod« av tilhogne bord over sperrorne. Over trodet vart tekkt med næver og torv. Nedst på takbruni, »upsi», vart lagt eit trod av tjukkare vyrke, »bruntrod«, som heldt sperrorne og taket. På bruntrodet var ogso festa upsekrokar som heldt nedste rad av nævri og torvi. I mønet var ein opning, »ljoren». Golvet var jordgolv med eit lag av tett og godt ihoptrakka jord.
Midt på golvet låg ei stor steinhella eller fleire mindre hellor ilag. Det var eldstaden, årehella eller åren. Her vart ogso maten kokt. Røyken frå åren lagde seg ikring heile stova, men det meste gjekk upp gjenom ljoren. Ved ei stang, »ljorestangi«, kunde dei ogso stengja ljoren med ei luka eller med ein sjå, som ikkje heilt stengde ljoset ute. Ljoren vart difyr i Osbygdi jamt kalla »sjåen« og ljorestangi var kalla »sjåstangi«.
lnngangsdøri til stova var i eine tverrveggjen, frå gangen. Døri var låg, og det var uråd for vaksne folk å gå gjenom døri utan å luta seg. Langs den andre tverrveggjen stod langbordet. Det var gjerne 4-5 tumar tjukt og so langt at det rokk umlag tvers over stova. I sume bygder hev ein funne merke etter at langbordet, som sjølvsagt tok mykje av romet, vart hengd på veggjen når det ikkje var i bruk. Sovorne merke veit ein ikkje av i Os når det gjeld langbordet, men ein finn merke frå seinare tid etter at mindre bord vart hengd på veggjen.

Langs etter dei tri stoveveggjerne var laga moldbenkjer. Det var eit slag lange kassar med ein tilhoggen stokk til framsida og ein breid tilhoggen stokk eller bord til lok. Kassane var fyllte med turr mold, og dei tena soleis til å gjera huset tettare og varmare. Benkjerne som var umlag ei alen i breidd vart umframt til sitjeplass ogso brukte til sengjestader for borni og tenarane um vinteren.
Som nemnd kom det i seinare tid eit nytt rom, koven, attåt gangen. Døri til koven var frå stova ved sida av inngangsdøri, og var enn då lågare og mindre enn denne. Koven vart mest brukt til sengjerom åt mannen og kona i huset, eller til soverom åt gamlefolket um det var sovorne på tunet. Fyrr vindaugo kom i bruk hadde koven ingen annan opning enn døri inn til stova, og romet var soleis heilt myrkt. For at mannen eller kona kunde sjå korlangt notti eller morgenen var liden,
– um surnaren var det ljoset og soli, um vinteren var det månen og stjernorne som sagde tidi,
– so hadde dei jamt i koveveggjen ved sida av sengi laga eit stort navarshol som dei kunde sjå ut igjenom.
For at det ikkje skulde koma trekk inn i koven stengde dei holet med ein tapp, »sengjatappen«. Over koven og gangen var j amt ein lem som var kalla »ramen«. Gangen utanfyre stova vart jamnast kalla »utedøri« eller berre »døri«.
Det kom etterkvart noko umskipnad i stovorne. Eldstaden, det store langbordet og dei breide moldbenkjerne tok mykje av romet, og det vart trangt for huslyden som berre hadde dette eine romet til daglegstova, matstova, sengjestova og arbeidsrom. Dei breide moldbenkjerne vart difyr burttekne og lause langbenkjer kom istaden. Til bruk framanfyre bordet vart laga mindre benkjer, »forsæte». Mange stader heldt likevel moldbenkjerne seg langt fram igjenom tiderne, og i ei stova i Kilen under Berge var moldbenkjerne i bruk radt til 1855. Då dei vart rivne synte dei seg å ha vare ein utifrå velskikka heim for rottor og mus.

Eldstaden vart ogso skipla. Han vart flutt burt i den eine stovekråi, og ein fekk det som ein kallar »røyk-omn«. Det var ei vanleg gruva med ein mura skorstein som ikkje rokk høgre enn jamhøgt med langveggjen inne i stova. Over skorsteinen vart lagt ei stor steinhella til vern for taket, og røyken gjekk under hella ut i romet og gjorde stova til ei retteleg »røykstove«, som ogso namnet vart i seinare tid. Det meste av røyken gjekk upp gjenom ljoren, men den øvste del av stova heldt seg jamt full av røyk når det var eld på gruva. Seinare vart skorsteinen mura heilt upp over taket og røyken vart då noko mindre i stova. I Osbygdi vart desse eldstaderne kalla rett og slett for »grua«.
Desse eldstaderne var gode til koking, men til uppvarming av romi trong dei uhorveleg mykje ved. For å halda betre på varmen vart det sume stader attåt gruva laga småomnar som heldt på gløderne. Hjå storfolk vart desse omnar laga av brend leir, »kakkel«, og namnet »kakkelomnar» gjekk ogso over til malmomnarne då dei sidan kom i bruk.
Budi var i gamall tid eit hus for seg sjølv og var timbra likeins som stova. Elles fann ein i eldre tider ikkje dette hus på alle gardar i Os. Sume av dei fatigste bønder i bygdi hadde ikkje bud og hadde liti råd til å byggja sovorne hus. Etterkvart freista likevel dei fleste å få seg ei liti sengjebud. Budi var gjestestova og bestestova med sengjer, skåp, klædekistor og annan husbunad. Det var ikkje eldstad i budi, og det gjorde at budahuset fyrr enn stovehusi fekk lem eller vart bygd i tvo høgder. Då glaset kom i bruk vart ogso budi den fyrste som fekk vindaugo med glasrutor, og på mange stader fekk difyr budi namnet »glasstova«.
Staburet, som ogso er eit yngre hus, stod gjerne nokre alner frå dei andre husi. Det stod på steinstolpar med ei »kragahella« over, som på alle kantar rokk noko utanum steinstolpane. Dette var for å møta uppgang av rottor og mus. Troppi som Førde upp til stabursdøri gjekk heller ikkje heilt inn til dørstokken. I staburet var kornbingane, »børor« og »kjer«, flatbrødruvorne som etter bakingi um hausten rokk radt til taket, kjøtlår, fleskeskinkor og andre matvaror. Til stabursdøri høyrde altid eit dugelegt lås og ein uvanleg lykjel, då det var staburet som var største freistingi for tjuvane um sovorne fanns i grendi. Stabur fanns heller ikkje på alle gardar i bygdi, og det var enndå fleire som vanta stabur enn dei som vanta bud.

Eldhuset stod ogso gjerne nokre alner frå dei andre husi av umsyn til eldsfåren. Var det fleire bruk på garden og husi stod i ein krins, so var eldhuset gjerne inne i krinsen. Fleire brukarar nytta då eldhuset ihop. I eldhuset vart slagta, røykt og turka kjøtet, turka kornet, bakt og bryggja, og kokt maten sumarsdagen.
Fjoset var lite og lågt. Kjyrne stod tett bundne til veggjen, og i dei trange båsane hadde dei lite råderom. Utan annan ljosopning i romet enn ei liti luka i døri, som elles var stengd storparten av dagen, var fjoset myrkt og svart, og den lange vinter måtte kjennast tungsam for beisti. Rett nok stod ikkje beisti på bås so lenge då som no. Um hausten gjekk dei ute til snjoen og frosten kom, og um våren måtte dei ut so snart som groren synte seg i marki.
I gamle fjos syner enno merke for kvar bås etter kor kyrne gnog i veggjerne når det minka med høyet på vårparten.
Løda stod i nærleiken av fjoset. Ho var ikkje timbra, men var stavbygnad med klædnad utvendes av bord, brakje eller anna vyrke. Inngangsdøri var midt på øvre langsida, og rett for døri gjekk ein låve tvers over løda. På båe sidor av låven var »tufti« med rom åt høy, hå og korn. Over det heile vart lagt »skukk« av kornstaur og hesjestaur, og halmen, lauvet og anna attåtfor fekk rom på skukkane. Soframt ein fann flat stein eller hellor på garden so hadde løda gjerne helletak, men elles hadde ho torvtak likeins som dei andre husi på garden.
Dei andre husi på tunet, stall, sauehus og gjeitehus, var små, trange og myrke. Beisti i desse hadde det jamnast like trangt som kjyrne i fjoset. Då husi var timbra hadde småbeisti det likevel godt og varmt um vinteren.
Tunet låg jamnast på ein turr og lettleg stad. Stovehusi stod vanleg etter lendet med langsida etter dalen eller hallet, og det eine i livd av det andre. Dei andre husi kunde stå i ymse leider, men fjosi stod soleis at hevd og gjødselvatn kunde siga ifrå desse og utover marki. Mottingar og gjødseldungar låg jamt inne i tunet, men altid soleis at siget frå dei gjekk utover bøane og ikkje til stovehusi.
Um livet på gardane i den eldste tid veit me lite. Men skilnaden var ikkje stor frå det eine århudradet til det andre, og me kann av seinare skikkar og arbeidsmåtar ogso finna langt fram til dei gamle. Dei ymse arbeid vart gjort på same måten og til same tider, sjølv om mennerne og ættlederne skifte. Og det var onnerne som var merkebolkar i arbeidslivet på gardane.
Våronni var den vigtugaste arbeidsbolken. Det var åkren som var avgjerande for livemåten, som sagde um huslyden skulde få eta seg mett eller sveila til næste vinter, og difyr vart åkrane stellt sers godt med. Myki var jamnast kjørt ut på vinterføret, ein hadde ikkje kjerror på bondegardane i gamle dager, og lassi var lagt i rekkjor med 10-12 alners millomrom. Eit sovore millomrom vart kalla ein »fære«. Kvar grend i bygdi hadde sin visse dag då vårarbeidet skulde byrja, og berre i sers ulaglege år kunde ein brjota denne tid i.
Då dagen for vårvinna kom gjekk heile huslyden, menn og kvinnor, vaksne og born, på åkren. Det var spaden som gjorde arbeidet, og dei tok kvar fære for seg. Når ein fære var uppspada, so kom husbonden med sådkorgi. Sånaden var eit arbeid som stødt måtte gjerast av husbonden sjølv. Dei andre kom etter og mylda kornet ned med rivor eller hakkor, og til slutt vart myki kasta utover den ferdugsådde færen. Med ein »mykakju«, ei liti trekluft, vart klumpane spreidde og myki jamna soleis ut over åkren at um mogelegt kvart såkorn kunde få gagn av hevdi. Dermed var den fyrste færen fråseggjort, og ein tok til med næste på same måten.
Vårvinna kunde taka 2 til 4 vekor etter som åkrane og folkehjelpi var på garden. Var det meir myk att i mottingi når åkrane hadde fenge sitt, so fekk no bøen resten. Men det var sjeldan mange lass att til engi. Då osingane i slutten av 1700 talet byrja potetavle so tok potetåkren vanleg all myki som vart att etter kornåkren, og det kom då ikkje noko slag hevd på bøane.
Millom vårvinna og slåtten var ymse slag arbeid, og det var nok av det som skulde gjerast. Det var rydjing av bøen, gjerder og grinder måtte setjast istand, hesjane skulde bindast upp og husi måtte vølast. Dei gamle torvtaki var leide til å leka og trekkja vatn, og dei trong jamt noko ny næver her og der. Skulde mannen tena nokre skjeling um sumaren ved anna arbeid, so måtte det ogso gjerast no. Det var kolbrenning, »losting«, riving av bork og næver, og ymse handverksarbeid som måtte gjerast i denne tidi.
Kvinnfolki var heller ikkje gjerandslause. Umframt rydjingi på bøen som mykje var deira arbeid, so hadde dei i denne tidi største balet med beisti fyrr desse endeleg kom på gras. Det var skaving, lyngskjering og lyngbering dagen lang. Den fyrste dag kjyrne skulde av båsen måtte vel ogso karmennerne vera med. Det hende nok jamt at det måtte gå eit menneskje på kvar sida av kui og stydja henne til dei fekk henne burt um bøgjerdet, og ho kunde leggja seg på kne for å bita dei fyrste grasstråi.
Alt millomarbeid måtte vera undangjort fyrr slåttonni, som vanleg tok til 3 vikor etter jonsok. Eit merke på um graset var so vakse, eller rettare sagt so utvakse, at slåtten kunde byrja var, um »mjorten« stod i blom. Når mjorten byrja bløma so var det å taka til. Både karar og kvinnfolk gjekk med ljåen, og kvinnfolki var ikkje kleinare enn karane på slåtteteigen. Det hende ikkje sjeldan at ei hortig taus greidde både husbonden og drengen med stuttorven. Det verste var å halda bitet i ljåen. Dei bruka »tynnsleljå« som ikkje vart slipte, men som attimillom fekk egg ved å bankast tunne i smidja. Sidan måtte brynet gjera resten. Smedane fekk sine karakterar i slåttonni, dei vart anten banna eller signa.
Høyet vart for det meste turka på vollen. Det var rett nok ein del hesjar på gardane,
– likevel mykje mindre i Os enn i ymse andre bygder,
– men soframt det var tollegt turkever so vart alt graset breidd på bakken. Den fyrste kveld vart det raka saman i såtor, næste dag vart det breidd att og teke inn um kvelden. Turrhøyet vart bore på ryggen til løda og både karar og kvinnfolk gjekk med høybyrdorne. På ymse gardar kunde dei kjøra nokre lass heim på »høyslede», ein lett slede eller kjelke med ei slag grind på sidorne, men på dei allerfleste bruki kom alt høyet i hus på manns- og kvinneryggen.
Når slåtten var ferdig so stod jamnast skurden for handi. Det var ingi viss tid for skurdonni, når kornet vart moge eller »skjert«, so måtte det takast. Både karar og kvinnfolk var med i skurden, men etter kvart som kornavlen i den seinare tid minka og potetavlen og meir grasdyrking tok til, so gjekk skurden meir og meir over til å verta berre kvinnfolkarbeid i Osbygdi. Husmannskonor og andre som hadde lite jord sjølv leigde seg gjerne til »skorakonor« i skurdarbeidet. Karane hadde då berre å »staura«, setja kornet på staur. Etter at kornet var kome i hus so var det kvinnfolki og borni sitt arbeid å fara over kornåkrane for å pitla upp kvart kornaks som der kunde liggja att. Ikkje eit einaste aks skulde finnast att på åkren når dei var ferduge med dette. Dei kornknippor som dei fekk ihop på denne måten var kalla »brusar«, og av dette kornet skulde borni få jolelefsorne sine.
Etter skurdonni, og likeins etter kvar av dei tvo fyrrnemnde onner, skulde huslyden ha ein serleg graut. Det var »spadgraut« etter vårvinna, »slåttegraut« etter slåttonni, og »skoragraut» etter skurden. Grauten var rjomegraut eller mjølkegraut, med eit smørauga midt i fatet. Då potetupptakingi etter 1780 ogso vart ei »onn« so kom det enndå ein graut til um hausten når potetorne var komne or åkeren. Men um ei tid kom denne »potetgrauten« heilt burt i Osbygdi.
Etter onnerne var det ymse haustarbeid. Det var håslått, — håi var det elles smått med i dei tider då det ikkje kom hevd på bøen, — og lauv og anna attåtfor måtte i hus. Beisti skulde heim på bøen og sauerne skulde klippast, det var slagting og mykje anna. Hjå »gode« bønder vart det kvar haust slagta eit naut, sume år tvo, 8-10 smaler, nokre gjeiter, attimillom ein gris, og dertil kalvane som var komen til verdi um våren. So var det kjøtarbeid, pylselaging, salting og røykjing dagane til endes. Og alt måtte nyttast av beisti. Talgi vart støypt tilljos, skinni vart reidde og garva, horni vart brukt til skjeier og kambar, tarmane vart laga til rokkesnorer og klokkesnorer, og enndå til klauverne vart nytta. Dei vart kokte til å skaffa »klauvafeitt« til rokkesmurning og anna. Det gjekk fleire vikor fyrr kvinnfolki var ferdug med alt som kom av slagtingi, men so hadde dei då ogso suvl og anna i huset til næste haust.
Kjyrne gjekk jamnast på bøen til snjoen kom. Dei fleste kjyr var vårberde, — det skulde dei ogso vera for å gjeva mest mogeleg avdrått um sumaren, — og som gjeldkyr gjekk dei gjerne ute til jol um marki var tidi og snjoberr. Og beisti hadde heller ikkje noko imot å gå ute når dei berre fekk koma under tak og fekk mat inne kvar kveld. Vinteren vart likevel lang nok for dei i dei trange, myrke fjosi.

Når slagtingi var ferdug byrja treskjingi. All treskjing var med »tust«, eller »sloga« som sume kalla det. Det var tungt arbeid å slå med tusti heile dagen, og når eit menneskje skulde treskja 20-30 tunnor havre um hausten so kjendest det nok i armane. På dei gardar der dei hadde dreng eller onnor vaksi mannfolkhjelp var treskjingi karmannsarbeid, men på mange stader i Osbygdi var det tausi eller dotteri i huset som måtte treskja det heile. Ein vaksen kar skulde treskja ei tunna um dagen, men det fannst ogso kvinnor som greidde det. På ein gard i Osbygdi treskte tausi, – ho døydde for ikkje lang tid sidan som ei vyrd kona i bygdi, – 30 tunnor på 4 vikar eller 24 arbeidsdagar. Og enndå greidde ho å ta seg ein svingum med grannedrengjene om laurdagskvelden. So det var merg i osgjentorne med.
Um hausten var karmennerne mykje på skogerbeid. Umframt veden til huset skulde dei hogga bandastakar ha skav-ved tilrettes og syta fram treskoemne, stav-ved og anna trevyrke. Og dei skulde mala kornet. Dei fleste gardar hadde ei liti kvern, anten på garden eller ein annan stad i grendi, som kunde mala det korn som vart avla når ein nytta vel kvar regndag um hausten. Og jamt måtte dei taka fyrste korntunna so snart ho var treskt og gå til kverni med. Kvinnfolki vilde gjerne ha mjøl so at dei fekk byrja bakingi. Alt det flatbrød som trongst i året vart bakt um hausten. Seinare vart det flatbrødbaking tvo ganger um året, haust og vår, men jamnare måtte det ikkje bakast. Den kona som fekk forlite og difyr måtte baka fleire ganger vart ikkje haldi for ei dugande matmor.
Fram imot joli fekk kvinnfolki rokkene inn i stova. Etter gamall skikk skulde varpet vera ferdugspunne til jol, og til kyndelsmess skulde heile spinningi vera ferdug og vevingi taka til. Det skulde vevast av alle slag, vadmål, åklær, kvittlar, lereft av lin, stry og hamp, dukar, band, o.s.b. Aldri hadde kvinnfolki det so annsamt som under vevingi. Slagstokken skulde aldri stagga, og gjekk den eine or vevstolen for å få seg mat e. 1., sa gjekk ei onnor upp att i med det same og heldt arbeidet gåande. Både seint og tidleg gjekk vevingi, og berre i ein nokre timar av myrkaste notti stod vevstokken still.
Vika millom jol og nyttår var tenerane si vika. Drengjerne og tauserne gjorde då berre det allermest naudsynte arbeid åt husbondsfolket. Storparten av tidi rådde dei over som dei vilde, og dei kunde då rettleida klær, sko og anna til seg sjølv.

Leid over jol so byrja karane å bu seg til vårsildfisket. Det var gamall sed i Os å reisa i vårsildfisket, og iminsto etter år 1700 var det vanleg skikk at i alle huslydar der det var fleire karfolk reiste minst ein av dei i fisket. Ogso der mannen var åleine kar i huset kunde det jamt henda at han for i dette fisket. Det var mangt som måtte gjerast fyrr karane for. Garni og alle andre fiskegreidor måtte setjast istand, båtar og båtgreidor treng ettersyn, og klær, styvlar og onnor sjøhyra måtte vølast. Det skulde lagast nista og utreidnad for 2-3 månader, og alt måtte vera greidt og reidt til kyndelmessdag. Vika etter kyndelsmess var vanleg utferdsvika, og var det då ein dag lagleg vind og ver so kunde ein sjå mange båtar stemna frå land i Osbygdi og setja kosen nordover. Dei fyrste vikorne var dei jamnast i »norafiske«, og i slutten av februar eller fyrsten av mars kom dei sørover att og var med i »sørafisket«. Det kunde henda at norafisket, vanleg nordanfyre Sognefjorden, byrja alt i januar, og i sovorne høve for dei nordover sosnart dei kunde utan omsyn til den vanlege utferdstid.
Kvinnfolki fekk heller ikkje liggja på latsida medan karane var ute i fisket. Umframt spyting, spinning og veving som tok mykje av vintertidi so hadde dei ogso beisti å stjorna. Og dei var drjuge å stella med i sisste helvti av vinteren. Når det leid fram til kyndelsmess so tok høystålet til å minka, og so bar det til med lyngskjering og lyngbering. Var snjoen for djup so måtte ein driva mest mogeleg med skaving, men var ikkje snjoen verre enn at lyngen stakk upp-or på rabbane og i liderne, – og under trei i fureskogen stakk han lenge upp-or, – so var det å gå etter lyng kvar dag til våren kom. I den ytste luten av Osbygdi tok dei gjerne til med lyngen ogso fyrr joli. Lyngberingi var eit svert slitsamt arbeid, og mangei kona i Osbygdi hev fenge ein helseknekk av den lange og tunge lyngberingi. I dei grender der dei ikkje hadde fureskog og lyngmark kunde dei ha fleire timars veg etter lyngen, soleis i øvre Heglandsdalen der dei gjekk etter lyng i åsane nordanfyre Krokvatnet, og likeins i Lyssand- og Borge-bygdi, der dei gjekk radt til Stokkedalsmarki uppe ved Gåssandvatnet etter lyngbyrdorne.
Karane kom vanleg heim att frå fisket i fyrste vika av april. Kom påskehelgi fyrr so var heimferdi i påskevika. Dei hadde då med seg nokre tunnor sild og gjerne noko fisk, og det vart no å stella sildi, vatna henne ut att, reinska, flekkja og røykja henne. Det gjaldt å ha røykesild til sumarmat.
Både husbonden og matmori måtte tenkja på maten og stella det soleis at dei hadde mat året igjenom. Det var ikkje landhandlaren å springa til då som no. Når dei ikkje hadde meir kjøt, fisk, sild, mjøl eller flatbrød i staburet so måtte dei svelta. I gode vårsildår var det ikkje so ille. Umframt det som vart teke til røykesild vart det då ogso salta nokre tunnor til spikesild og det hjelpte rnykje. Var det smått med sildefisket, so at ein måtte selja alt det ein fiska for å skaffa nokre daler til skatten og andre utlogor, so var det verre. Då måtte dei vona på seifisket og brislingfisket um surnaren. I dei åri seien kom i fjorden var det å vera på sjøen kvar dag um fyresumaren, sjølv um mannen hadde ei mils veg tilsjøs. Og i sovorne år hang det ut på sumaren stenger med turrfisk under upsi på dei fleste tun i bygdi.
Sildi og fisken var heilt turvande for livemåten i Osbygdi. Kjøtroti var jamnast små. Som nemnd kunde gode bønder slagta eit eller tvo naut um haustane, men det var diverre få bønder i Os som hadde råd til det. Dei vanlege leiglendingane måtte jamnast selja alle storfe som dei kunde vera av med, og det var berre nokre småfe som dei kunde taka til eige bruk.
Det var kornet, mjølet, som ogso i eldre tider var grunnlaget for hushaldet. Mjølmat, graut og supa, var mykje brukt. Det gjekk ogso mykje mjøl til flatbrød, lefsor og kakor. Det var difyr sers mykje um å gjera at det vart gode kornår. Vart det uår med lite kornavle so vart det jamnast kleint høyår attåt, og då vart det ogso liten avdrått av beisti. I slike år var det serleg um å gjera at ein fekk nøgdi av sild og fisk i staburet.
Livemåten var elles einfeld. I Osbygdi var mat og måltid nokolunde soleis: Um morgenen fyrr folket gjekk på arbeid, og det var i 5-tidi um sumaren, fekk dei seg ein »bisk«, eller som det seinare ogso vart kalla «fyrefrukost«. Bisken var vanleg ein liten »kling«, eit stykke lefsa eller flatbrød med smør eller ost på. I den seinare tid vart bisken gjerne ei kaka. Attåt bisken var det ein slurk sur mjølk eller mysa. Um vinteren då ein sov lenger ut på morgen-stundi, spara ein gjerne på bisken.
Ikring klokka 8 var det morgonmat, »frukost«. Det var sild, spikjesild eller røykesild, og flatbrød. Att i millom kunde ein skifta sildi med fisk. Hjå »gode« bønder fekk ein sume dagar ogso ein liten kling til frukostmaten. Dei dagar då matmori kjinna, og det kunde vera ein gong annankvar vika, var det viss skikk at folket skulde hava ein kling til frukost eller non. Berre hjå dei allerbeste bønder som ikkje treng selja storparten av smøret kunde det til kvardags ogso vera byte på frukostmaten med lefsa og kaka. — Attåt turrmaten var det sur mjølk eller mysa.
»Dugurden«, middagsmaten, var i den eldre tid kl. 11, seinare vart han framdrygd til kl. 12. Den visse middagsmaten var graut og sur mjølk. Berre um sundagane og einskilde andre dagar, då folket hadde eit sers vigtugt eller vandt arbeid fyre seg, kunde ein skifta med kjøtmat til dugurden. På dei tider av året då ein hadde nøgdi mjølk, og det var berre um sumaren, hadde ein sume dagar dravle eller mjølkesupa istadenfor grauten.

»Non« var upphaveleg klokka 3 um ettermiddagen, men so langt attende som me kjenner skikken i Osbygdi so var nonstidi der rekna millom kl. 4 og 5. Maten var flatbrød og sild, jamnast spikjesild med »supa«, vatsvelling, attåt. Etter at potetorne kom til bygdi var det sild, brød og potetor til nonsmat, men når det ut på vinteren tok til å minka i potetbingen, so vart det »sild og supa, supa og sild« att. Når ein ikkje rekna med dei dagar då matmori kjinna so kom det mesta aldrig smør på bordet til nonsmaten.
For kveldsmaten var det ikkje so viss tid som for dei andre måli. Tidi kunde skifta i dei ymse grender og etter dei ymse årstider. Den vanlege kveldsmaten var graut og mjølk. Um laurdagskvelden var det jamnast eit byte på maten, det kunde vera fisk og smør, dravle, eller »mylja«. Til dei sundagar og andre helgedagar då det var preik i Oskyrkja vart gjerne middagsmaten til sundagen, vanlegt gamallt feitt kjøt, kokt kvelden fyreåt og feittet vart då bruka til mylja same kvelden. Vart kjøtet kokt um sundagen so tok dei gjerne mylja til middagsmat, og kjøtet vart brukt seinare på dagen. Sundagskveldane var det byte på maten likeins som laurdagskveldane.

Som ein ser var matstellet einfeldt og uvandt. Kjøt var lite og ikkje på bordet om kvardagane. Kjøtet var serleg brukt til nista, og det kom vel med at det var nokre kjøtlår att i staburet når matmori skulde reida karane ut til vårsildfisket eller andre ferder. Frå 1600-åri ser me at det var bønder i Osbygdi som kjøpte seg ein gamall hest um sumaren for å ha han til nistemat på utferder um vinteren. Til »vått attåt maten« vart brukt anten sur mjølk eller mysa. Som tyrstedrykk millom måltidi var det »syreblande« eller »blandedrikka«, vatn med iblanda syra, eller som ho vart kalla i Osbygdi »suri«. Dette var mysa som var vorten skarpt sur, og det trongst ikkje mange dropane fyrr det gav smak på vatnet. Husmenn og andre som sjølv hadde lite mjølk kjøpte »surt« hjå bønderne, og radt fram til 1900 åri var »surt« ei vanleg handelsvara på dei større gardar i bygdi. Det som me høyrer frå andre bygder um, at dei hadde øl attåt maten og til drykk millom måtidi, var heilt ukjend i Os. Øl vart berre brukt ved høgtider, i vertskap og i andre serskilde høve, t. d. i dugnader.
Var maten einfeld og uvand so var bordreidnaden det ikkje mindre. I eldre tider åt huslyden beinveges or gryta, men seinare vart ikkje dette halde for god skikk. Soframt matmori ikkje auste upp men let huslyden eta or gryta, so vart dette rekna som teikn på kleint stell, og likeins som teikn på at matmori var lat og ikkje idest vaska upp dei kjørler som trongst. Maten vart sett på bordet i »tryglar», store avlange trefat, som var utgravne or ein kløyvd stokk.

Då svarving (dreiing) kom i bruk vart dei kjørler som skulde brukast til graut, mjølk, supa og annan våtmat gjerne svarva som runde fat og skåler, men kjøt, fisk, sild og sidan potetor kom altid på bordet i tryglar. Bein og anna matrusk vart lagt på bordet. I den seinare tid hadde likevel kvar av huslyden sin »borsk«, ein flat eller svarva borddisk av tre, til å leggja matrusket på. Til å skjera maten brukte husbonden tollekniven, og fyrst etter 1800 vart det vanlegt å ha fleire »bordknivar« på bordet. Matskjeierne var av horn, og serleg verahorn var etterspurd til skjeivyrke. Kvart menneskje i huset hadde si visse skjei, og når folket gjekk frå bordet so sette kvar si skjei i ei liti »grind« som stod på veggjen ved høgste bordenden.
Heile huslyden åt saman i stova. Borni stod gjerne ved bordet, medan dei vaksne sat under måltidet. Solenge dei breide moldbenkjerne stod i stova vart dei jamt nytta til matbord. Kvar fann seg då eit høvelegt matrom på benkjerne, men då desse kom ut måtte heile huslyden åt langbordet.
Då moldbenkjerne kom ut miste ogso borni og tenarane sovestaden sin. Småborni fekk seg framleis ein soveplass i stova eller koven, men tenarane og dei vaksne borni måtte flytja åt budi eller loftet. Det tok på å liggja i den kalde budi um vinteren, og i vinterhalvåret fekk gutane og gjentorne difyr legerstaden sin på fjoslemen og i fjoset. Sumardagen var det uråd å liggja i fjoset for skuld fluga, loppa og anna uty. Foreldre som var redd for at dei vaksne døtterne deira kunde få for mange friarar av ringt slag um dei låg på fjoslemen fann gjerne ogso eit soverom for gjentorne heime i stova. Då det seinare vart skikk at husbondfolket sjølv låg i »storasengji« i stova fekk dei eit sers høvelegt rom åt dei giftande døtterne sine i koven.
Hjå dei fleste vart tenarane haldne like gode som borni i huset. Tenarane var ogso barn av vanlege bønder i bygdi Dei økonomiske tilhøve var soleis i Os, at umlag alle bønder som hadde fleire born måtte senda nokre av dei ut i tenesta so snart dei vart arbeidsføre. Og ein kann ikkje sjå at det ved giftarmål eller i andre høve vart rekna gjenta til noko skam eller mink i vyrdnaden um ho ei tid hadde vare eller var tenestegjenta.
Men um tenarane soleis ikkje vart rekna for eit ringare folkeferd so fekk dei likevel det hardaste arbeidet. Borni måtte jamt ut i ung alder, ja ein finn fleire døme på at gjentungar på 5-6 år måtte i »tenesta«. Det var vel barnegjentor dei skulde vera. Men det var lett å skyna at ei sovori liti gjenta ikkje magta alt det som ei uskynsam matmor venta av ei »taus«, og difyr hadde desse småtauserne det jamt syrgjelegt vondt og ille. Me skal nemna eit døme på ei sovori »tenesta«. I 1758 måtte Torkjell Holen som var husmann under Lysekloster stemna for retten ei kona og ei vaksi taus på Sælo, avdi dei hadde vore for uvyrdne med ei liti fem års gamall dotter hans, som »tente« hjå Sælekona. Det vart prova at den vaksne tausi, som ogso tente hjå Sælekona, hadde dengt smågjenta med eit økseskaft so ho kløyvde augnebruni på henne. Ein dag seinhaustes var tausi atter i tak med smågjenta, og denne vart då so redd at ho sprang tilskogs, berrføtt og med berre ein serk på seg, og låg ute i skogen i over eit døger enndå det var snjoslaps og vallesletta. Matmori visste um det, men gjorde ikkje noko for å berga gjenta. Elles var ikkje matmori mykje likare enn tausi. Enndå det var bitande kaldt so måtte smågjenta gå ute og gjæta smalen alle 3 joledagane tilendes. Ein kann ikkje sjå at dei tvo kvinnfolki fekk noko for det uvyrdne ferdalaget sitt. Truleg stakk dei eit par ort til faren, og han som var ein fatig husmann tok vel då klagen sin attende.
Det var ikkje berre gjentorne som måtte tidleg i tenesta, ogso smågutane måtte ut. Me ser soleis av ei sak i 1654 at Lars Storum då hadde ein »tenestegut« frå Lepsøy som berre var 9-10 år gamall, men som likevel var med husbonden på fiske i fjorden. Og av ymse manntal finn me at det jamt var 11-12 års gamle »drengjer« på gardane. Av vaksne drengjer med full løn finn me sjeldan mange i manntali, dei fleste var drengjer med halv løn eller gutungar. Osbønderne hadde ikkje råd til å halda dyre drengjer.
Elles var ikkje tenarlønerne høge. Umframt dei turvande sko og klær fekk ei taus millom ein halv og ein heil daler um året. Ved eit skifte på Valla i 1710 hadde tausi tilgode tvo års løn, og for dette gav skifteretten henne ein liten stut til eit verde av 1 daler og 3 ort. Drengjeløni var noko ymse etter som drengjerne var dugande, frå 1 upp til 4 daler um året. Hjå »storfolket«, presten, kapellanen o. 1. var løni upp til 5-6 daler, umframt ei ort i hyrepengar. I 1780 åri var drengjeløni soleis i Os for ein dreng som hadde tent på ein stad frå han var 17 år til han var 30 år gamall:
Dei fyrste tvo åri berre maten, sko og klær, dei neste tvo åri fekk han ogso ein daler um året, deretter i tvo år 2 daler i løn, og sidan var årsløni 3 daler, mat, sko og klær.
Husbondsfolket hadde heilt velde over tenarane. Mukka desse imot husbonden so fekk dei både lida og svida for det. Ein vanleg straff for »ulydighed i tjenesten« var i den seinare tid at den ulydige vart sett i gepestokken. Og enndå verre var det um dei reiste uløyves or tenesta, eller ikkje tok tenesta når dei hadde lova henne. Det var jamt sovorne saker for retten og me skal berre nemna eit døme.
Kapellanen til Os Hans Astrup hadde i 1759 hyrd Nils Øvredalen til dreng og hadde gjeve han 28 skjeling i hyrepengar. Men Nils reiste ikkje i tenesta avdi han det året fekk bygsla seg jord på Tuen, og Astrup hadde han difyr for retten. Nils Øvredalen vart dømd til å leggja 8 daler, – umlag 2 års løn, – i bot og godtgjerdsla til Astrup, og attåt vart han dømd til å stå i gapestokken ved Oskyrkja tvo timar fyrr og tvo timar etter preika. So strengt gjekk det vel ikkje ut over tenarane hjå vanlege osbønder, men so var ogso løni so mykje mindre hjå desse.

Klædebunaden som i dei eldste tider mykje var skinnklæde vart i medelalderen som fyrr nemnd meire av ull. På umlag kvar gard heldt dei smaler, og folket var då framleis sjølvhjelpt i klædevegen. Kona i huset klipte sauen, karda og spann ulli, vov veven, stampa vadmålet og laga det til klær. Til »besteklær« og høgtidsbruk fekk ullklædi råderomet, men til sliteklær og kvardagsbruk heldt skinnklædi seg jamsides med ullklædi langt ned gjenom tiderne.
Klædebunaden var einfeld og hadde ikkje mange plagg. I mannsbunaden kunde det vera berre tvo plagg, ei brok og ei kufta. Broki var då ei »leistabrok» med buksa og sokkar i eit stykke. Broki kunde ogso gå berre ned til knei, og det var då særskilde sokkar eller hosor. Soframt leistabroki var av ull måtte mannen ha sko eller styvlar på føterne. Skorne var av ugarva skinn, »hudsko«. Men var leistabroki eller hosorne av skinn so var serskilde sko eller styvlar uturvande. – Det andre mannsplagget var ei kufta. Ho hadde berre opning i halsen og vart trekt på og av som ei skjorta. Kufta vart haldi åt livet av eit ler- eller skinn belte, som ogso heldt slira og handøks i. På hovudet hadde mannen ei liti rund kollhuva. Ullklædi var av grått eller kvitt, ufarga vadmål.
Var mannsbunaden einfeld so var kvinnebunaden det ikkje mindre. Trøya og stakken var i eit stykke og vart trekt av og på som ein kjole. Vyrket var ufarga vadmål. Eit belte, gjerne med noko stas på, heldt bunaden saman um midja. Fotplaggi var ullhosor og hudsko. På hovudet hadde dei gifte konor eit kvitt plagg, hovudlinet eller som det var kalla i bygderne »skaut«, medan dei ugifte kvinnor vanleg gjekk berrhovda med ymselita band i hårflettorne.
Til høgtidsbruk var bunaden meire staseleg. Av skiftebøker o. a., som tek til ikring 1650, kann ein finna eit og anna um dette. Umframt vadmålstrøya og vadmålsstakken som ein frå denne tid jamt farga svart hadde ei vyrd kona gjerne nokre finare plagg, ei svart trøya av kjøpety, »klæde«, og ein same slag stakk. Um dette var eit vanlegt helgedagsplagg, eller det var brudestakken som kvar kona gjøymde solenge ho livde og som gjerne gjekk i arv til dotteri og dotterdotteri, er uråd å segja. Det sisste er mest truleg. Desse stakkane var dyre og var verdsett radt upp til 6 daler stykket. Når ein tenkjer på at dette i dei dagar var verdet av 2 kjyr, so er det lite truleg at ein slik stakk var eit vanlegt kyrkjeplagg.
Umframt trøya og stakk finn ein i skifti jamt nemnd forklæde, vanleg blå, men attimillom ogso kvite. Eit par gonger er overliv namngjeve. Skjorta finn me ikkje nemnd som kvinneplagg, men i eit einskild høve er nemnd ei barneskjorta. Til vanleg bunad finn me skaut som hovudplagg, og sko høyrde ogso til kvinnebunaden.
Karmennerne hadde ogso eit og anna stasplagget. Ei raud ullskjorta er jamt nemnd i skifti, og likeins ei kufta av kjøpety. Elles var mannsbunaden jamt meire einfeld og med færre stasplagg enn kvinnebunaden. Ved skifte i 1670 etter ein vyrd mann på Lyssand var klædi: Ei kufta verd 4 ort, ei vadmålsbrok 3 ort, ei raud ullskjorta 1 daler og ein hatt verd 8 skjeling. Noko liknande var det på dei fleste stader. Ved eit skifte i Sundøy 1695, der det var meir klær enn ved noko anna skifte etter vanlege bønder i Os, hadde mannen: Ei vadmålskufta, ei grå og ei svart klædeskufta, ei raud ullskjorta, ei vadmålskjorta, ei grå klædesbrok, ei grå og ei kvit vadmålsbrok, og ei kollhuva med fôr.
Me hev eit bilæte frå Os som nokolunde syner bunaden på den tidi. (Det er ikkje teke prent av dette bilætet fyrr). På råma um den gamle altertavla i Oskyrkja er teikna bilæte av ein bondemann. Råma er laga i 1719 og gjevi til kyrkja av Ospresten Kristoffer Garmann. Ein tore difyr tru at mannen er teikna i ein bunad soleis som den då var brukt i Osbygdi.

Bonde frå tidi kring 1700. Bilæte frå råma um den gamle altertavla i Os kyrkja. (Bilætet i same storleik som på råma).
Mannen gjeng i knebrok av myrkfarga ty. På føterne hev han grå sauelita ullsokkar og lange styvlar eller hudsko. Overplagget er ei sid brun kufta som rekk heilt ned til knei, og til hovudplagg hev han ein rund hatt. Mannen er snaudraka og gjeng med langt hår. Ein ser soleis at bunaden er den gamle og mykje den same som framanfyre nemnd.
Det einaste »nye« er her at ikkje berre kufta men ogso broki er farga.
Mannsbunaden heldt seg mykje ubrigda ned gjenom tiderne. Av meldingar og bilæte frå midten av 1700 talet ser me at ogso då er bunaden mykje den same som her er nemnd. Bispen Pontoppidan fortel ikring 1750 at vossingane då gjekk i svarte klær, hardingane hadde ogso svarte klær med raude kantar og band, men strilane ikring Bergen gjekk likeins som fyrr i sine kvite eller grå sauelita klær. Men dei hadde då fenge svarte kantar på kuftorne, segjer Pontoppidan.
Kvinnebunaden fekk etter kvart meire umbrøyte. Den gamle heilbunaden vart skift i fleire stykkje, i trøya med overliv og stakk. Overlivet hadde stutte ermar og gjekk heller ikkje saman i brystet. Underklædi synte soleis i bringa og armane, og skjorta vart difyr eit klædeplagg som fekk mykje å segja for kvinnorne. Det vart lagt mykje arbeid på skjorta, med utsauming på halskragen og handkragane. I brystet kom bringeklui »brystduk«. Han var vanleg utsauma med ymse slag rosor og gjerne etter utgamle mynster. Bringekluten, overlivet og stakken vart no lita i ymse fargar, og saman med den kvite skjorta vart kvinnebunaden sers prydeleg. Til helg- og høgtidsbruk høyrde ogso eit forklæde og eit belte med sylvstølar og nålarspjeld som hekk ned over fanget.
Til overplagg og vinterbruk hadde kvinnorne ei svart trøya. Ho fall godt åt livet um midja, men hadde i nedste luten innsett laskar med utfaldningar, og denne trøya er radt til slutten av 1800 talet brukt og kjend i bygdi som »laskatrøya«.
Hovudplagget var framleis skautet. Os-skautet var mykje lik det skautet som enno er brukt i Fana med den skilnad at framkanten ikkje var bøygd upp men fall etter panna. Hyrni var ogso litevetta mindre enn på Fanaskautet. Men i det 17de århundradet kom det inn i bygdi eit nytt hovudplagg som skubba skautet mykje tilsides. Det var »svarthuva«. Byfruor og embættsmannskonor brukte i dei tider ei svart huva til hovudplagg, og millom anna kann me sjå salmediktaren Dorotea Engelbrigts-dotter avbilda med ei sovori huva.

Denne huva fekk inngang i Osbygdi. Dorotea Engelbrigts-dotter var jamt heime i Os hjå bror sin, som åtte og budde på garden Molda, og kannhenda var det ho som fyrst kom med svarthuva til Os. Oskonorne tok svarthuva i bruk, og um stutt tid var svarthuva viss konehuva i heile Os prestegjeld. Dei hadde »valk« i huva likeins som i skautet, so at huva stod høgre på hovudet. Når dei ikkje brukte valk seig huva meir saman, og vart det som dei kalla »kuglehuva«. Det kvite huvelinet gjekk då heilt rundt huva til attanum øyro. Skautet vart framleis brukt um sumaren. Ogso i høgtid, bryllaup og gjestebod gjekk konorne gjerne med skaut, som trass svarthuva framleis vart halde for det gjævaste hovudplagget.
På eit bilæte frå ikring 1800 ser me nokolunde korleis klædebunaden i Osbygdi var på slutten av 1700 talet. Kona på bilætet gjeng med huva utan valk, kuglehuva, som elles er noko knipnare enn huva vanleg vart seinare. Trøya er stutt og hev enno ikkje fenge den rette skapnaden som laskatrøya. Ein ser likevel tydeleg korleis ho, når ho vert sidare med laskar, vil få den rette skapnad som ho fekk seinare. Stakken er umlag som fyrr. Då ein ikkje ser kona frå framsida fær me ikkje sjå skjorta eller brystduken, men forklædet som høyrer til høgtidsbunaden syner og likeins eit stølebelte av ty. Den kvite duken over akslerne er ukjend no i Osbygdi. Sokkane er myrklita, og skorne er dei vanlege øyreskor med spenner. Ein legg merke til at alle stykke i kvinnebunaden er lita, noko som ikkje er tilfelle i mannsbunaden.
Mannen gjeng med stutt buksa, »knebrok«. Buksa er farga, medan sokkane er kvite og ulita. På føterne hev han vanlege øyreskor med reimar. Eit stykke av livreimi som held lyklane syner. Sokkane vert haldne uppe av raude sokkeband. Mannen gjeng med raud vampe som er kanta med grøne band, og til overplagg hev han ei ufarga og sauelita kufta. Den kvite skjorta med utsauma halskrage og sylvknappar i brystet syner. På hovudet hev han ein låg hatt. Mannen gjeng med langt hår, soleis som det var vanlegt i Osbygdi til langt fram i 1800 talet.
Det var skifte i mannsbunaden fram mot 1800, og han vart då mykje soleis som bilætet syner. Til kvardagsbruk var det ei skinnbrok utan noko plagg under. Seinare vart det vadmålsbuksor med skinn på knei og i bakenden. Til høgtidsbruk var det buksor av svartlita vadmål. Fyrr 1850 var det berre knebrok, men etter den tid kom langbuksorne i bruk. Buksa vart haldi uppe ved ei «livgjord« av ler, som ogso heldt knivslira og lyklane. Underklædnaden var berre ei stryskjorta. Til sundags- og høgtids-bruk var det gjerne ei lerefts- eller linskjorta med utsauma halskrage. Ein mann kunde ogso bruka »buling«, ein laus utsauma halskrage, istadenfor skjorta. Utanpå skjorta hadde mannen ei ulltrøya, »vampe«, som vart trekt over hovudet som dei gamle kuftorne. Vampen var vanleg lita. Utanpå vampen hadde han ei kufta av ulita vadmål. Kufta hadde frå fyrst av ikkje krage, men seinare vart det ein sovoren nedliggjande. Brudgomskuftorne fekk ein høg uppstandande krage, og kufta, eller trøya som ho vart kalla i seinare tid, vart lita likeins som buksorne. Vestar var ikkje brukt fyrr fram mot 1820. Vesten som var av ymsefarga vadmål fekk jamnast sylvknappar um mannen hadde råd til det, og trøya fekk stundom det same. Sokkane var kvite, men hadde gjerne innspyta myrkare ottebladsrosor. Dei vart haldne uppe av vovne eller »brigda« sokkeband av fleirfarga tråd med duskar i enderne. På føterne var det tresko til kvardags, men til utferdsbruk og arbeid i skog og mark hadde dei låge lersko og styvlar. På hovudet var det vanleg ei liti kollhuva, »pikhuva«, eller ein flat hatt, men inne i huset gjekk dei gjerne med ei rund »spytahuva». Til høgtidsbruk hadde mannen ein høg svart »skorsteinshatt«, som elles seinare vart noko lågare og då vart kalla »blankhatt«. Desse hovudplaggi var i bruk til fram i 1860-åri, då det kom hattar og huvor av det skap som ein no hev. Serskilte halsklutar, sjal, vart ikkje brukt fyrr fram mot 1850. Halskluten vart etter den tid eit fast mannfolkplagg inntil stivetyet tok råderomet i slutten av hundradtalet.

I dei siste halvhundrad åri hev det ogso vorte andre brigde i mannsbunaden. Langbuksa heldt seg, men istadenfor »brokalok« fekk ho no attlatet framme. Istadenfor livgjordi kom selar i bruk. Sokkebandi vart gjøymde av buksa, lerskor og lerstyvlar kom istadenfor skinnskor. Både buksa, trøya og vest vart laga av same slag ty, vanleg av svartlita vadmål. I dei sisste åri, etter at ulli vart sendt til spinning på fabrikken, hev ogso det svarte gjenge or bruk, og blått, grått eller brunt kjøpety er no vanleg å sjå. Og i ein sovoren kjøpebunad, og med stivety um halsen og frakk på armen, er osbønderne no å sjå til i klædevegen nett som presten og lensmannen.
Som nemnd gjekk dei unge gjentorne jamnast berrhovda med håret i flettor. Til kvardags gjekk dei med flettorne lause, men når dei skulde or tunet gjekk dei med »rogger«, d. v. s. flettorne vart sveipt med raude eller blå band og bundne um panna. Det var mykje um å gjera for gjentorne å ha væne »roggeband«, fletteband. På tinget i 1662 fortalde ei taus frå Lønningdal, at ho hadde fengje eit blått fletteband hjå husbonden for at ho skulde tegja still um at han hadde stole 4 bukkar frå grannen sin, og gjenta totte visst at det var ei gild gåva ho fekk for den vesle beina som ho gjorde husbonden.
Smått um senn tok ogso gjentorne etter den nye skikken åt konorne, å bruka huva på hovudet. Gjentehuva vart ikkje av svart ty eller vadmål som konehuva men var blålita, og til enndå meire skilnad brukte gjentorne blå huvekvarding og blått band til å halda huva på hovudet istadenfor det svarte bandet som konorne brukte til svarthuva. Gjentehuva fekk difyrr ogso namnet »blåhuva«, og gjenteborni måtte taka henne i bruk frå dei var 3-4 år gamle. Um sumaren brukte gjentorne ogso eit slag skaut. Det var ein kvit hovudduk av lereft, påsett med valk men utan hyrner og med duksnippen hangande laust ned over nakken.
Huva hev halde seg som hovudplagg radt fram til våre dagar. Fram mot 1880-åri lagde gjentorne blåhuva tilsides og tok »klut« på hovudet, um sumaren ein kvit linduk og um vinteren ein brun eller svart ullduk. Etterkvart fylgde ogso dei unge oskonorne fyredømet og tok kluten istadenfor svarthuva. Dei eldre konorne heldt fast ved huva, og enno kan ein um sundagane sjå konor i kyrkja med svarthuva på hovudet, men talet på dei minkar stødt, og um nokre år er svarthuva si soga ute i Os. Likeins tykkjest det gå med skautet. Det heldt seg i bruk ved høgtid og andre høve til ikring 1850, men no er det diverre kome heilt burt.
Ogso dei andre klædeplagg i kvendebunaden hev skift. Som nemnd kom »laskatrøya« med sin rette skapnad i bruk i fyrsten av 1800 talet. Trøya var av svart vadmål med ymse liter på kvardingane. Ho gjekk saman over midja, men var opi i bringa so at skjorta synte, og denne var difyr sauma i kvitsaum. Dei som ikkje hadde væn nok skjorta brukte eit utsauma hals- og bryststykke, »buling«. Til bunaden høyrde ogso »brystduken« som fyrr er nemnd.

Bonde og bondekona frå Os. (Bilæte frå tid i kring 1800).
Han var sauma i fleire fargar, men i seinare tider fekk han jamt perlestas istadenfor trådsaum. Stakken var av svart vadmål, vanleg 5-6 vevbreiddor i vidd og tett rykkt i øvste luten. Sokkane var spyta og raudlita, men kunde til vanleg bruk ogso vera svarte. På føterne var det små låge lerskor utan reimar, »pampussar«, og til høgtidsbruk øyreskor.
Kva som retteleg høyrde til ein vanleg kvinnebunad i Os finn me av og til nemnd i fatigstyret sine papirer frå fyrsten av 1800-åri. Soleis skulde fatigkassen i 1818 kosta klær på prestedotteri Helchie Larsen, som kom på kassen då faren døydde og ikkje åtte noko slag klær. Fatigstyret vedtok at ho skulde få full bunad, »alt efter bøygdens brugelige dragt«, og ho fekk då:
Ei skjorta, ei trøya, ein stakk eit par ullsokkar og eit par sko. Noko underklær umframt skjorta var det ikkje tale um.
Etter 1850 kom skiftingi. Smått om senn gjekk laskatrøya or bruk og istaden kom att stutt-trøya med belte um livet som i eldre tider. Til overplagg vart gjerne bruka »jakke« ei svart sid trøya som likna noko på ei karmannstrøya. Stakkane vart sidare enn fyrr, og då dei framleis hadde den svere viddi vart dei tunge å bera. Etter århundradskiftet vart det likevel knipe noko inn både på breiddi og lengdi.

I dei sisste åri hev kvinnebunaden fenge ein heilt annan skapnad og nærmar seg no sterkt bybunaden. Gjentorne gjeng i brodden og konorne fylgjer etter. Bunaden ogso ute i bygdi er jamt no stutt kjole, ljose sokkar og høghæla skor likeins som i byen. Enno hev vel storparten av osgjentorne sin nasjonalbunad som dei brukar i høgtid og festlege stunder, men ogso denne bunad kjem burt etterkvart, og um stutt tid er vel heile det sermerkte ved klædebunaden i Os gjenge over i soga.
Den gamle husbygnaden heldt seg mykje ubrigda ned gjenom tiderne. Radt til hundradårsskiftet (1800) stod røykstovorne, eller »rotstovor« som dei var kalla i Os, på kvart tun i bygdi. Sume av dei hadde likevel fenge ein annan utsjånad, avdi budi som fyrr stod for seg sjølv var flutt attåt stova på den andre sida åt inngangsdøri. Stova og budi kom då under ei toka. Budi, som framleis hadde sitt gamle namn, fekk gjerne tvo høgder og denne luten av huset var difyr jamt høgre enn den andre luten med rotstova og berre ei høgd.

Det kom ogso vindaugo med glas og ljos i stovorne. Hjå mange bønder i Os kom ikkje desse i bruk fyrr ikring 1800. I ein »husbesigtigelse« på gardane i Os 1750 er berre nemnd tvo hus i bygdi som då hadde vindaugo. Det var eit budahus på det gamle lensmannstunet på Indre Moberg med tvo vindaugo, og ei liti »glasstova« på Indre Drange.
I dei gamle røykstovorne var det jamt ein glugg i veggen som slapp luft og vind inn i stova, og gluggen hadde difyr namnet »vindauga«. Gluggen vart utvida til ljosopning med sjå fyre og seinare med innsette små glasrutor, men namnet vindauga vart standande og er i bruk den dag i dag.
Som nemnd i fyrste luten av denne bolken hadde mennerne på ein gard som vart skift i tvo eller fleire bruk jamt husi saman i den fyrste tidi. Men smått um senn fekk kvart bruk sine eigne hus. Det fyrste hus som måtte bygjast på eit sovore utskift bruk var vanlegt fjoset. Deretter kom stabburet, um mannen hadde råd til å ha sovore. Desse husi vilde gjerne kvar mann ha åleine for seg sjølv. Etterkvart fekk ogso dei nye bruki fleire serskilde hus, stova, løda, stall og alle dei småhus som høyrer til på ein bondegard.
Det kunde likevel gå lang tid fyrr eit nytt bruk fekk alle dei hus som trongst til bruket. Me skal nemna eit par døme på korleis framvokstren i denne leid kunde vera på gardane i Osbygdi.
Kuven, som er ein av dei eldste gardar i Os, vart skift i tvo bruk ikring 1560. Ikring år 1700 vart atter kvart av desse bruki skift i tvo, og det vart 4 buande menn på garden. Men i lang tid etter hadde desse 4 brukarane ei stova ihop. Sjølve klokkaren som budde på garden, – han var elles ein fatig mann, – skifte si stova saman med ein annan. Då bygselmannen på det eine bruket i 1802 sette upp ei ny rotstova selde han sin fjerdepart i gamlestova for 5 daler til ein ny mann som då hadde fenge seg eit nytt bruk på garden. Han flutte inn i stova, i det nordvestre hyrna, som var det som han hadde kjøpt for dei 5 dalerne.
Løda hadde ogso alle 4 brukarane ihop. Dei 4 høyståli var skilde frå einannan ved eit ope rom, der det ikkje skulde leggjast høy eller halm. Fjoset var sams for heile garden i fyrstningi, men seinare var det bygt eit fjos til so at kvart fjos hadde beisti frå tvo bruk. Eldhuset hadde ogso heile garden ihop. Inngangsdøri som stod midt på langsida skifte det i tvo halvpartar, og då garden fekk 4 bruk vart kvar halvpart atter skift i tvo etter lengdi, soleis at kvar av dei 4 konorne fekk eit hyrna i eldhuset til kokestad. Budi var sams for tvo og tvo bruk. – Denne skipnad på garden stod ved lag til etter år 1800.
Garden Indre Haugland var eit bruk til 1620 då garden vart skift i 3 partar. Frå 1701 vart det 4 brukarar. Men alle brukarane på garden nytta ei og den same løda, og denne skipnad stod ved lag i meir enn halvtannahundrad år. Fjoset var ogso sams frå fyrst av, men seinare fekk kvar brukar sitt eige fjos. I 1779 flutte den eine brukaren fjoset sitt inn i løda, og derved vart det forlite høyrom åt dei andre. Det vart ei rettssak av dette, men ho enda med eit forlik. Fjoset vart standande i 1øda, men då denne løda ikkje kunde byggjast større, -ho var utvida i 1760-åri, men då det nye tilbygget kom for nær eldhuset so vart det straks nedrive att for skuld eldsfåren, – so vart det bygt ei ny løda til bruk for halve garden. Hadde ikkje den eine mannen funne på å flytja fjoset sitt inn, so hadde truleg skipnaden med ei sams løda for garden halde seg like lenge på Haugland som han gjorde på Kuven.
Korleis husbygnaden elles var på gardane i bygdi frå gamall tid vil ein besst skyna ved at me tek nokre døme. Og me tek då døme frå ymse grender i bygdi.
På Storum, som var ått av utanbygds bønder, var bygnaden soleis på bruki: Ei timbra rotstova med utedør og kove, ei liti sengjebud, eit timbra fjos, eit timbra sauehus, ei løda av standerverk (stav-bygnad), og eit lite standerverks eldhus. Stova, budi og eldhuset hadde næver og torvtak, dei andre husi var tekt med hellor.
Husi på Heggland var: Ei liti rotstova, eit budahus (sengjebud), stabur, løda, fjos og sauehus. Alle husi hadde torvtak, og med undantak av løda var alle husi timbra. Kvart bruk hadde sovorne hus fyrr 1800.
På Sundøy som vart sjølveigerbruk i 1764 var husi då: Rotstova, sengjebud, stabur, eldhus, løda med fjos, sumarfjos, smidja og naust. Ein legg merke til at her var fjoset flutt inn i løda. Berre stova og staburet hadde torvtak, dei andre husi var helletekt. Stova, budi, staburet og fjoset var timbra. Kvart bruk hadde si eigi løda og eigne småhus.
Kuven var kyrkjegods, og frå 1691 var det eine bruket klokkargard. Som nemnd var det sams stova, eldhus og løda for heile garden, dertil tvo budahus og tvo fjos. På det eine bruket var budi 6 x 6 alner og fjoset 8 x 7 alner, på det andre bruket var fjoset større, 10 x 8 alner. Kvart bruk hadde sauehus med hestestall attåt, og på garden var ogso tvo sumarfjos, 6 x 5 alner. Dei fleste av husi hadde næver- og torvtak, men då kvar brukar hadde sin part av dei sams hus å halda vedlike, so vart både veggjer og tak so ymse. I åri etter 1800 hadde soleis løda på Kuven torvtak på dei tvo, helletak på det tridje og bordtak på det fjorde hyrna. Taket på eldhuset hadde like mange bøter.
I åri millom 1800 og 1820 hadde tvo av brukarane på Kuven flutt ut or gamlestova, som då var mykje til nedfalls, og hadde bygd seg kvar si ny rotstova. Den eine var 7 x 7 og den andre 8 x 8 alner i storleik, med gang attåt. I den same tid var ogso tilkome stabur og tvo vedskytjor på garden.
Garden Lepsøy, som var ått av lensherren på Bergenhus og etter 1720 av presteætti Legenger, var ein av dei best bygde gardane i Os. Fyrr 1800 var det sovorne hus på det største bruket: Ei røykstova, ei sengjebud med loft, eit stabur med loft, eit sauehus, ein stall, alle desse timbra, eit eldhus, ein mura kjellar, ei løda med innbygd timbra fjos, ei vedskytja, ei notbud og eit naust. Alle husi var torvtekt med undantak av løda, stallen og notbudi. I åri millom 1800 og 1820 fekk fleire av husi pannetak. Husi hadde fyrr vore sams for alle brukarane på Lepsøy, men berre eldhuset, notbudi og naustet var sams etter 1800.
Tilslutt kann me nemna bygnaden i Hatvik. Garden var prestegods og lagt ut til ekkjesæte for Os prestekall. Det kom likevel ikkje nokon presteekkja til Hatvik fyrr i 1808, og garden var tidlegare bygsla burt. I Hatvik sat vanleg den likaste bonden i bygdi, og garden som berre var eit bruk var ogso den best bygde bondegarden i Os. Ikring 1800 var det desse husi på garden: Ei vanleg rotstova, mange hundrad år gamall, Ei rotstova med attåtbygd bud og loft over budi, heile huset 14 x 8 alner. Huset var truleg bygt etter 1700. Ei liti »glasstova«, ei sengjebud og eit stabur, alle husi gamle og timbra. Eit eldhus, ei vedskytja og ei løda 17 x 10 alner, bygd på 1600 talet. Langs løda gjekk ei sval. Eit timbra utgamallt fjos med mottingskut ved eine enden. Eit sauehus 6 x 6 alner, eit sumarfjos 8 x 7 alner og ein stall, alle desse husi gamle og timbra. Eit nothus og eit naust, ei smidja og ei utløda. I det heile var det 17 hus på bruket.
Dette var nokre døme på husbygnaden på dei gardar som var sjølveigarbruk, prestegods, kyrkjegods og stormannsgods. På dei gardar som høyrde til Lysekloster, og det var storparten av gardane i Os, var bygnaden og skipnaden på tun i mykje den same. Me kann likevel betre fylgja utviklingi av skipnaden på ymse av desse gardane, og me skal difyr ogso nemna litt um dei.
På desse tuni var det ogso upphaveleg berre ei stova, som alle brukarar på garden budde i. På Skjeie var det fyrr 1650 tri brukarar som alle budde i ei og same stova. Då det i 1656 vart tvo bruk til på garden bygde den eine av dei nye brukarane seg eigi røykstova, men den andre flutte inn til dei 3 som var der fyrr, so at det då vart 4 huslydar i gamlestova. Alle 5 brukarar hadde ei og same løda, men dei andre husi med undantak av eldhuset og sengjebudi hadde kvar mann for seg sjølv. På ytre Moberg med sine 6 bruk budde det 3 mann i kvar stova, på indre Moberg budde det 2 mann i kvar, likeins på Lekven, Tuen, Grindevoll, Lunden, Borgen, Hauge, Eide, Tveit og Rød. På Bø budde det 3 mann i ei og 2 mann i ei onnor stova, medan 6te-mannen hadde sett seg upp eige bunadshus.
Denne skipnaden stod truleg ved lag århundradet ut. So byrja ein og annan å byggja seg eigi stova på bruket, sjølvsagt ei røykstova som jamt var svert liti, og i næste halvhundradåret hadde dei fleste av Lysekloster-leiglendingane bygt seg eigne stovehus. I 1750 var det berre på eit Lysekloster-tun fleire buande menn i same stova. På Skjeie, der enno alle 5 brukarar hadde sams løda, sat det framleis 3 mann ihop. På Tuen, yttre og indre Moberg, Lunden, Eide og Tveit sat det framleis ein mann att i gamlestova, elles hadde alle dei andre leiglendingar då fenge upp sine eigne små røykstovor.
Men um brukarane soleis flutte ut or gamlestova so vart ikkje denne nedrivi. Ho vart standande på tunet som ei sams stova for garden, og brukarane måtte framleis halda »gardsstova«, som ho vart kalla til skilnad frå dei andre røykstovorne, vedlike som dei andre husi på garden. Kvar måtte taka vedlikehaldet etter storleiken av den part som han fyrr hadde havt i stova, og dei fekk då vanleg det hyrna som dei sjølv hadde budd i å halda istand med tak, upplengjer, bordklædnad o. a. Vedlikehaldet vart likevel jamnast måteleg, soleis som det plar verta når 3-4 mann skal skifta ansvaret for ein ting, og det var ikkje lenge fyrr gardsstovorne vart til nedfalls. Etter 1800 var det få av desse gamlestovorne att i Osbygdi. På Kuven stod likevel »gardsstova« til burt imot 1860.

Bud med loft samanbygd med røykstova frå tidi millom 1750 og 1800. Budi er lågast. Vindaugo er frå sein are tid.
Sume av dei eldste stovorne var ikkje timbra men var bygde av stavverk. Radt til fram i 1700 talet stod det på fleire gardar att ei gamall gardsstova som var bygd med »grindverk«, stavar og stavleior. Attåt desse stovorne vart det jamt seinare bygd ein timbra kove eller kleve. Attimillom kunde det ogso bygjast fleire kover attåt ei stova, soleis hadde t. d. lensmannen på Hauge heile 4 kover attåt gardsstova si, 3 vanlege kover og 1 »øllkleve«.
Elles vart det ogso bygd timbra »klever« til lægerrom og matrom attåt andre hus på gardane, attåt budi, staburet og eldhuset, ja på Lunden og Hauge var det enndå til bygd ein kleve attåt fjoset. Dei gamle timbra gjerne upp ein kove der dei fann høvelegt rom åt han i eit skot eller ei sval.
Me tek ogso med ein nokre døme frå husbygnaden på Lyseklostergardane i ymse grender av bygdi frå tidi fyrr 1750.
På Straumen i Lysefjorden var husbygnaden: Ei liti røykstova utan kove, ei sengjebud, eit eldhus med vedskytja attåt, løda, fjos og smalehus. Det sisste stod ved bøgarden,
På Lunden i Borgebygdi var desse husi: Gardsstova med skot men utan kove, sengjebud, eldhus, vedskytja, fjos, løda, stall og smalehus. Alle husi med undantak av dei tvo sisste var sams for begge brukarane på garden.
På Tveit i Hegglandsdalen var husbygnaden soleis på dei tvo bruki: Ei gamall gardsstova med lang sval attåt, kove i skotet (gangen) og vedskytja attåt det andre stovebrystet, ei sengjebud med kove, eldhus, fjos, løda, stall, eit smalehus heime i tunet og eit ved bøgarden, og kvernhus. Av desse husi brukte grannane ihop stova, skytja, eldhuset løda og kvernhuset.
Tilslutt nemner me husi på lensmennsbrukei på Hauge: En stor gardsstova med skot, 3 timbra kover og 1 timbra »øllkleve», ei gamall og ei ny sengjebud med svaler rundt og ein kove millom buderne, ei vedskytja attåt eine budi, stabur,eldhus, fjos, løda med innbygd hestestall og ei vedskytja attåt, eit smalehus i tunet og eit ved bøgarden, grisehus, smidja, fiskeskjå, kvernhus, utløda og 2 naust. Løda, eldhuset, det eine naustet og utløda hadde lensmannen ilag med hine grannane på garden.
Um husbygnaden på dei ymse gardar i bygdi vil det elles verta gjeve meir utgreiding i soga um gardane.
Dei gamle husi på gardane er no burte, og me ser lite att av den gamle bygnaden. Berre nokre leivder er å finna. Det eldste hus som no finnst i bygdi er den gamle »Borgstova« på Os prestegard, og me lyt difyr nemna litevetta um henne.
Borgstova er det gamle bunadshuset åt Ospresten. Ho er etter det kunnige folk meiner frå tidi ikring 1350 og er soleis eit av dei eldste trehus i landet. Prestane livde då som vanlege bønder, og prestestova i Os skil seg heller ikkje mykje ut frå dei vanlege bondestovorne. Stova er timbra upp av runde veggjer med 7 umfar under upsi, og er opi til sperrorne som ei vanleg rotstova. Storleiken er 10 x 9½ alner innvendes med ei høgd av 4 alner 4 tumar under bitane. Medan vanlege bondestovor hadde 2 vaglebitar tvers over huset er det 3 i prestestova. I taket er vanleg ljore. Det er ikkje merke etter røykomn eller skorstein, og kannhenda var det åre på golvet til dess det kom vanleg omn i stova. Sjølvsagt kom det tidleg omnar på prestegarden. Det er no 2 vindaugo i stova, eit på kvar lang vegg, og etter det ein kann sjå er vindaugo soleis som dei hev vore heile tidi frå det fyrste gong vart sett inn vindaugo.

1. Stova med tregolv. 2. Aren. 3. Steingolvet, 4. Gangen. 5. Koven. a. Inngang frå tunet, b. Inngang til stova, c. Inngang til koven, d. Dør ut til den seinare bygde prestestova, e. Moldbenkjer.
Riss over borgstova i Os.
Då ein i 1930 tok burt dei gamle tregolvi i stova, – det var gjenom tiderne lagt 4-5 slike på einannan, – so fann ein under desse den gamle eldstaden, åren, og det upphavelege golv. Åren låg ikkje heilt i midten av stova, men noko nærare inngangsdøri og høgre langveggen. Han var ein avlang firkant, 2½ alner i lengd og l alen 9 tumar breid. På eine sida av åren, frå inngangsdøri til framum årehella, var steingolv. Elles var det no gamallt tregolv over jordgolvet. På dei tri sidorne av stova synte enno leivder av moldbenkjerne som hadde gjenge langs med veggjerne. – Skipnaden i stova syner elles av teikningi på hi sida.
Stova stend etter lengdi sudaust-nordvest. Inngangen til stova er gjenom ein gang i sudaustre ende. Inngangsdøri som stend midt på tverrveggen er 57 tumar høg og 34 tumar breid med vanleg halvrunding uppe. Då det seinare, truleg ikring 1650 vart bygd ei ny tvohøgda prestestova som berre var skild frå gamlestova ved ein gang langs nordvestre tverrvegg, vart det i denne tverrveggjen laga ei dør so at ein kunde koma frå den eine stova til den andre utan å gå ut på tunet. Denne døri som er sett inn ved nordre hyrna av tverrveggjen er både liti og låg, berre 50 tumar høg og 27 tumar breid.
I gangen ved den upphavelege inngangsdøri er laga ein liten kove, berre vel 3 alner i vidd. Døri inn til koven gjeng ikkje, som vanlegt i bondehusi, frå stova men frå gangen. Gangen er bygd samstundes med stova, då øvste stokken, »stavleia«, gjeng i eitt langs heile huset, men koven er yngre og timbra upp i gangen seinare. Dette er vel ogso grunnen til at døri inn til koven gjeng frå gangen og ikkje som valeg frå stova.
På Berge stend eit hus frå 1607. Det hev vore ei vanleg stova, men er seinare flutt og er no bruka til verkstad. På eine beiteskida stend innhogge namnet OLVF LAVRITSØN 1607.

Ola Larson Berge som bygde dette huset vart gift til Berge i 1605. Tvo år etter giftarmålet hev han soleis bygd seg ny stova. Etter den skatt han betalte var han nett ein vanleg bonde, korkje rik eller fatig, og ein tore difyr tru at den stova som han bygde og som enno stend på tunet er eit godt døme på ei vanleg bondestova frå dei tider.
Stova er timbra upp av halvrunde veggjer i 6 umfar, og timbret er nova på vanleg måte. Innvendes er stova 8 alner 4 tumar lang og 7½ alner breid. Høgdi under vaglebitane er 3 alner 4 tumar, til mønet 6 alner. Sperrorne ligg på øvste veggstokken. Tvo par sperror er krota, medan dei andre er hogne i vanleg firkant. Dei krota sperrorne stend no i midten, men um det upphaveleg var so er uråd å segja då huset er flutt. Trodbordi er lagt kant i kant. Døri er etter måten høg, 58 tumar, breiddi er 32 tumar. Beiteskidorne er tjukke og 15 tumar breide stokkar. Då huset vart flutt i 1870 åri fekk det 3 vindaugo, men etter det ein kann sjå må vindauga i tverrveggen med 8 små glasrutor vera det eldste. Noko teikn til kove er det ikkje, heller ikkje til gang, men kannhenda er gangen komen burt då huset vart flutt.
Frå same tid eller kannhenda nokre år yngre, (årstalet som synte fyrr er no kome burt), er eit fjos som ogso stend på Berge. Det er timbra upp av 5 stokkar og høgdi er snaude 3 alner under upsi. Bjelkane som låg eit umfar lågare var berre 54 tumar over grunnsteinen. Fjosskukken der ungdomen hadde sitt soverom var so høg under mønet at ei gjenta kunde gå rett. Døri er liti og låg, berre 38 tumar over dørstokken, nett so mykje at ei ku kann gå ut og inn. Storleiken på fjoset er 8 x 8 alner.

Då det kom skorsteinar i stovorne, og seinare ogso omnar, vart ein kvitt røyken. Der rotstovorne var høge nok kunde ein då laga lem i stova. Det vart likevel sjeldan gjort i Osbygdi, berre i nokre få stovor vart laga ein »halvlem«, soleis at lemen rokk frå den eine tverrveggen til fyrste vaglebiten eller fram til midten av stova. Til desse halvlemer som vart nytta til sengjerom åt born og tenarar var uppgangen frå sjølve stova ved ein stige som vart burtteken um dagen.
I 1830 og 1840 åri heldt godseigar Formann utskifting på mange av dei gardane som høyrde til Lysekloster. Sume av brukarane måtte flytja husi etter utskiftingi, og storparten av desse bygde då upp lemstova istadenfor rotstova, »hvad der dog neppe er til sundhedens befordring«, skriver fylkesmannen i ei melding frå den tid. Ein tok då ogso til med helletak på stovehusi istadenfor torvtak.
Då gruva kom burt i stova måtte storkoking, vask o. 1. gjerast i eldhuset. Men som nemnd var dette huset jamt sams for heile garden, og då det ogso var meire brysamt å gå til eldhuset med kokingi laga mange seg ei gruva i gangen attmed stova. Der budi stod under same toka vart vanleg gruva med skorstein sett attåt budaveggen. Her vart då kokt og bakt, bryggja, turka korn, røykt kjøt o. a. nett som det fyrr var gjort i eldhuset. Dette huset fekk soleis mindre å segja enn fyrr, og på mange tun kom difyr eldhuset tilslutt heilt burt.
Dei timbra husi var ikkje bordklædde utvendes. Seinare då det minka med timberskogane i Os og då det kom vatssager i bruk tok dei til å bordklæda timberhusi på drivsida. Godseigaren på Lysekloster heldt elles hardt på at husi måtte vera bordklædde, og so tidleg som i 1750 krov han at alle hus skulde ha bordklædnad. Men fyrst langt fram i det 19de århundradet fekk husi bordklædnad på alle sidorne.
,I 1830 åri byrja det å koma jarnomnar i bondestovorne. Gruva heldt seg likevel lenge sume stader, heime på garden Lønningdal fekk dei soleis omn i 1843, men på plassen Sandbrekka under same garden hadde dei gruva i stova til 1870. Dei gamle langbordi fekk ha romet sitt i stova, men attåt langbenkjerne og forsæti kom det no ogso krakkar og stolar. Istadenfor dei gamle moldbenkjerne i stova kom det sengjer til liggjestader. Det var elles berre husbondsfolket og dei mindste småborni som fekk ha sengji si i stova, for dei andre måtte det sytast soverom andre stader.
I eine stovekråi stod vanleg eit skåp, jamnast krota eller rosemåla. Den store hylla med mjølkekollor, matfat, kåler og tryglar stod i stova som fyrr. Som ny ting kom ei klokka på veggen. Dei fyrste klokkor i bondestovorne i Os kom ikring 1830, (til Lønningdal kom soleis den fyrste klokka i 1837), men so seint som i 1850 vanta det enno klokkor på mange tun i Osbygdi. Ljosgreidorne var dei same som dei hadde vore i århundrader. Lysekole med sine tvo »båtar« og sev-veik var brukt til ikring 1870. I ei større stova var vanleg tvo kolor i bruk. Den eine hang på kolestongi som var fest i vaglebiten og kunde svingast ikring til 3 kantar, den andre var vanleg fest på veggen ved gruva for å gjeva ljos åt dei som kokte og stelte med maten. Ei lysekola gav lite ljos og det var dimt i stova um kveldane. Fyrst i 1870 åri kom det lampar, små flatbrennarar på gardane. Dei skapa eit heilt anna ljos i stova, men ogso dette var dimt imot det me no er vand med. Ikring 1890 kom det betre lampar, rundbrennarar, som skapte mykje sterkare ljos. Dei var i bruk til dess det elektriske ljoset lyste upp i bygdi i november 1914.
Etterkvart fekk ogso uthusi ein annan utsjånad. Som nemnd var uthusi, fjos, løda stall, sauehus, gjeitehus o. s. b. kvar for seg. I slutten av 1700 talet tok ein og annan til å flytja fjoset inn i løda soleis som fyrr er nemnd, og etterkvart vart dette vanleg skikk ogso stallen, sauehuset, gjeitehuset og grisehuset flutt åt løda, som difyr fekk mykje mindre høyrom enn fyrr. Lødorne måtte då utvidast, og dette vart jamnast gjort ved tilbygg av svaler og halvtekkjor attått husi. Desse fekk difyr alle slag skap.

Skåp frå Os prestegjeld (Samn.) Frå 1821. Bg . Museum.
Arbeidet i løda vart ogso meir tungvint enn fyrr, ved at ein måtte kasta høy og halm upp på alle skukkar for å finna rom åt foret.
Då ein fram mot 1880 åri tok til å byggja låvebruer i lødorne vart tilhøvet betre og arbeidet lettare. Høyet vart no kjørt heim og ein spara den tunge beringi. Men fyrst etter århundradskiftet, då ein byrja å byggja lødorne i tvo høgder, med fjos, stall, sauehus, svinehus, gjødselhus og landkum under og øvste høgdi i eit einaste stort fôr-rom, hev ein fenge det heilt lettvint og som det bør vera. Og med vindaugo i fjos og stall, opningar for eim og tilføring av frisk luft. og med god foring og godt stell elles hev ogso beisti no fenge det soleis at dei knapt kann ynskja det betre.

I den sisste tid hev det ogso kome ein annan svip på stovehusi. Som nemnd tok ein og annan til å byggja lemstovor i 1830 og 1840 åri. (Bisp Neumann fortel at dei alt ikring 1820 var byrja å byta rotstovorne burt i lemstovor. i Os, men dette må tvillaust ha vore eit einskild tilfelle). Men radt til 1860 vart det ogso sett upp nye rotstovor. Lemstovorne vann likevel fram etterkvart, og frå 1870-åri fekk dei råderomet umlag heilt åleine. Dei vanlege bondehusi vart no bygde med ei stova i kvar ende og ein breid gang i midten. Det største romet »stova« gjekk tvers over huset og var brukt til daglegstova, matstova og arbeidsrom. Attåt det andre romet som framleis fekk namnet »budi« var vanleg eit kammers, som var brukt til matrom eller sengjerom. Budi vart bestestova og gjestestova som fyrr. Skorsteinen vart sett upp i gangen, vanleg attåt stoveveggjen. Seinare vart gangen skift i tvo ved ein millomyegg, og det romet der skorsteinen stod vart då »kjøken«. Over kvar av stovorne var ein lem som vart nytta til sengjerom åt husfolket. På sume av husi vart ogso bygt eit »ark« på framsida. Husi var timbra upp av liggjande plank og fekk bordklædnad utvendes. Det kom no vanleg heil kjellar under husi.

Ikring 1890 tok ei onnor takform på husi, «schweizer-takstilen« til å vinna fram. Etter hundradårskiftet kom det ogso ymse brigde med romi. Gangen som gjekk tvers over huset kom burt, og det vart bygde tvo eller tre stovor etter einannan. Gangen og kjøkenet kom attåt stovorne på baksida av huset. Lemane vart skifte i fleire rom, og sume av husi fekk utsval (altan) på framsida. Husi var jamnast timbra, men i den sisste tid vert ogso mange bygde som »standerverk», av standande vyrke med ymse papplag millom trevyrket. Kjellaren vert no jamt laga til arbeidsrom åt karane soframt det ikkje er serskild verkstad på tunet. I kjøkenet er det kome komfur istadenfor gruva og skorstein, og i stova er det kome »magasinomn« istadenfor den gamle, lange og låge kokeomnen. Sengjerne finn ein jamt flutt frå stova til eit serskilt »sengjekammers« eller loft, og det vert difyr romslegt i stovorne. Dei fleste tun i bygdi er no godt upphyste, og det er stor skilnad på tilhøvi no imot det dei var for eit halvt hundrad år sidan.
I dei sisste 30 år er det ogso bygd ei mengd småhus i bygdi, dei fleste ved heradstrygd og lån i småbrukbanken. Storparten av dei er bygde nokolunde like, tvo stovor etter ein annan med kjøken og gang attanfyre, med heil kjellar under og tvo rom i øvste høgdi. Det minkar stødt med talet av huslydar som lyt leiga seg rom hjå andre, og bustadstilhøvi i Os lyt ein no rekna som gode. I 1920 var det 659 bunadshus i bruk i bygdi, medan talet på huslydar (med minst 2 menneskje i huslyden) var 712, og dei einsleg buande var 92.
Nedanfyre set me upp ei lista som syner storleiken på husi i Osbygdi samanlikna med husi i andre luter av landet, og me reknar då etter talet av bunads rom. Lista gjeld for året 1920, og husi er skift i 3 gruppor etter eigarane sitt yrke.

Som lista syner hev gardbrukarane i Os store og romslege hus. Medan berre 12 prosent av gardbrukarhusi i Os er so små som tvo-roms hus, og heile 38 prosent hev fem eller fleire rom, so hev 23 prosent av gardbrukarhusi i Nordhordland tvo rom eller mindre og berre 21 prosent av husi hev fem rom eller meir. Ogso samanlikna med Hordafylket samla og alle bygderne i landet under eit er gardbrukarhusi i Os større enn det vanlege.
Husi i den andre gruppa, embætts- og tenestemannshus m. v., er noko mindre i Os enn i bygderne elles. Det er likevel ikkje stor skilnad på Osbygdi og Hordafylket samla. Ser ein på kor mange folk det bur i kvart rom so stend Osbygdi besst i denne gruppa.
Arbeidarane og fiskarane i Os bur umlag som dei gjer elles i landet. Husi er ein liten grand mindre i Os, og det er vel so trangt i husi her, men skilnaden er svert liten. Soframt dei mange arbeidarhus som er bygde etter 1920 og som jamnast er bygde større og meir romslege hadde vore medrekna, so hadde truleg ogso Oshusi i denne gruppa halde medeltalet.

Dei gamle arbeidsmåter og skikker som fyrr er nemnd heldt seg heilt ned igjenom 1800 talet. Dei eldre såg vel etter at dei nye ættleder gjekk fram i arbeid og åtferd som dei gamle hadde gjort. Og dei unge retta seg etter dei eldre. Det høyrde til god skikk å syna vyrdnad og æra for dei gamle og forfederne.
Elles høyrde det ogso til god bygdeskikk å syna vyrdnad for alle i det daglege samkverne. Ein mann gjekk aldrig fram um ein annan utan å helsa. Når tvo møttest på vegen so sagde den fyrste »Vel møtt« eller »Velkomen til«, og svaret var »Takk, sjølv velkomen« eller »Takk, deg det same«. Gjekk ein mann etter vegen og han nådde ein annan att so var helsing i »Velfaren fyre«, og den andre svara »Takk, velkomen etter». Kom ein mann til tuns so helsa han altid »God morgen», »God dag« eller »God kveld« etter som dagen leid, og likeins etter som tilhøvi var »Signe arbeidet«, »Signe kvildi« eller »Signe laget«. Avskilshelsingi var vanleg » Velfar« eller »Farvel«, og um det leid på kvelden »God natt«.

Heime på garden, sjølv um denne var eit stort tun med mange bruk, gjekk gardsfolki til einannan som um dei budde i same stova. Husi på gardane stod ogso soleis i krullar at heile tunet kunne reknast som ein heim. Gjekk mannen derimot ut or tunet, sjølv um det berre var til næraste granne garden, so skikka han seg som um han skulde på langreis og »hama« seg. Han gjekk ikkje or tunet i dei skitne arbeidsklædi utan at det var noko serlegt som stod på. På framandgarden stogga han vanleg ute i tunet til dess nokon av gardsfolket såg han og kom ut. Når det kom framande til gards vart dei vanleg innbedne, og so framt dei kom inn i stova skulde dei gjevast mat, sjølv um dei var frå næraste grannegarden. Av dette kjem ogso det gamle ordtøkje som ein enno brukar i Osbygdi når ein gjest vert boden mat og han segjer at han ikkje treng det: »Jauvist skal Du ha mat, det er mat-rekkje frå Lyssand til Bø«. Det var i samhøve med gamall og god bygdeskikk at når ein Lyssandmann kom til Bø so skulde han få mat, sjølv um han berre var eit par steinkast frå heimen. Dette gjaldt for alle som hadde råd å gjeva framande mat. Skikken gjaldt ogso når det kom framande til fatigfolk, men då måtte gjesten syna god skikk ved å gjera ærendet frå seg ute på tunet og ikkje gå inn, sjølv um fatigmannen bad han åt stova.
Livemåte og matstell heldt seg mykje ubrigda ned gjenom tiderne. Då potetorne kom til bygdi ikring 1770 vart det noko snunad. I den fyrste tidi rekna bonden ikkje noko med potetorne, men det vara ikkje lenge fyrr synet skifte og potetorne fekk snart den same vyrdnad som kornet. Dei vart heilt turvande for hushaldet og kom på bordet ved alle måltid der det var sild, fisk, kjøt eller smør. Istadenfor det gamle »sild og supa« vart det no »sild og potetor, potetor og sild«. I sume grender av bygdi tok dei no og bytte turrmatmåli um viterhalvåret, soleis at turrmaten vart teken til middag og kveldsmaten, og grauten og mjølki kom til frukost og non. I sumarhalvåret heldt dei på den gamle skikken, då var mjølkematen god å ha til middagsmålet.

Kista frå Os prestegjeld (Samn.) Frå 1808. Eg. Museum.
Storparten av matvarorne vart avla heime på garden. I vanlege tider kjøpte bonden ei tunna bygg haust og vår. Byggmjølet vart mykje brukt til kakor, som serleg etter at potetorne kom i bruk fekk eit stort rom i hushaldet. Til nista var kakor og lefsor serleg tiltekne, og kakorne heldt sitt rom i hushaldet inntil kjøpebrødet i dei sisste tider hev teke luven frå dei på dei fleste gardar i bygdi.
I 1839 kom den fyrste bakaren til Osøyri og i 1850 den fyrste handelsmannen. Men ingen av desse fekk noko serlegt å segja for bondehushaldet i Os, og det gjekk 30-40 år fyrr bakaren fekk selja brød til bygdefolket for bruk i det daglege hushaldet. Det kunde nok henda at ein bygdemann kjøpte eit par »løsebrød« eller nokre »strilakakor« til ei helg, men dei heimelaga kakorne og lefsorne var framleis den visse kvardags- og helgedagsmaten.
I slutten av 1860 åri vart det fleire handelsmenn på Osøyri. Det vart no høve til å få alle slags varor på krambudi, tevlingi gjorde ogso at vareprisane vart lågare, og etterkvart vart bygdefolket faste gjester hjå handelsmannen. Det tok likevel enno ei tid fyrr det vart større avsetnad på brød. Fyrst i 1870-80 åri då mjølprisane fall og sigtemjølet tok til å tevla med den gamle »godsvara«, byggen, byrja osbonden å sjå på bakaren med andre augo. Han tok no til å kjøpa eit og anna »tolvskjelingsbrød« til hushaldet og dette gav meirsmak. Bakaren fekk større og større umsetnad, og etter hundradårsskiftet er bakaren vorten like turvande for ei bondekona i bygdi som han fyrr var det for preste- og lensmannsfrua.
Korleis livemåten i Osbygdi var i sisste hundradåret kann ein ogso få ein toknad av gjenom meldingar um dette. I ei melding frå 1855 segjer lensmannen at maten var soleis hjå vanlege bønder i Os:
Frukost: Sild, flatbrød, potetor, velling »supa«, eller kaffi.
Middag: Havregraut (sume stader bygg-graut) med sur mjølk.
Nonsmat: Som frukosten.
Kveldsmat: Som middagen.
Laurdagskveld: Fisk, brød og smør.
Sundagsmat: Smør, brød og kjøtmat med potetor.
I 1878 skriv doktor Krüger soleis um livemåten i Osbygdi: »Sild, fisk og grød er almindelig kost. Kjød bruges kun til høitiderne. Drikfældigheden er liden.« Og i 1883 skriv han: »Man lever fremdeles hovedsagelig av havregrød med tyk melk, spegesild (brisling) med poteter og havrefladbrød, tildels, især ved høitidelige anledninger, har man fisk, sjeldnere kjød og flesk. Folket synes at klare sig godt med denne kost og er både sundt og kraftigt. Edrueligheden er upåklagelig.«
Til samanlikning tek me med noko av ei melding frå seinare tid. I 1913 skriv distriktslækjar Holtermann um tilhøvi i Os:
»Befolkningen lever i tarvelige kår, er nøisom og arbeidsom. Kosten er noget ensformig og kalkfattig. En gang daglig nytes kokt salt kjøt eller fisk, til de øvrige måltider nytes poteteskaker og fint brød fra bakeriene, samt flesk, margarin, kaffe og sirup. Fladtbrød brukes væsentlig kun til kjøt og fisk. Tandsygdomme er sørgelig almindelige, Ædrueligheden står i det hele høit. I Os og Fana er der dog endel leilighetsdrik. Bruken av sild som før var meget almindelig tar sterkt av, da hermetikfabrikkernes store forbruk har bragt prisen til at stige sterkt«.


