TRU OG TRUDOMSARBEID

Frå Os Soga I side 319 -334

TRU OG TRUDOMSARBEID. 

Korleis gudstrui var hjå dei fyrste busitjarar i Osbygdi, korleis tru og tanke var i dei tider då folket flutte frå den eine staden til den andre, utan faste buplassar og heimar, veit me diverre ikkje noko um.  Men me kann tenkja oss at folket i dei tider ogso hadde eit slag guds tru, sjølv um det ikkje var nokon fast trudomsform.  Kvar mann og kvar huslyd hadde truleg si eigi gudemagt som dei fann i stokk eller stein, jord, luft, vatn, eld, sol, stjernor eller i einkvar tenkjeleg ting.  At det var krefter utanfyre dei synlege som kunde råda for lagnad og hendingar, og at det var magter som ein måtte ottast, var tvillaust tru ogso hjå det fyrste folkeferd i Osbygdi.  

Etterkvart vart trudomsformerne fastare og den gamle Asatrui, soleis som me kjenner ho frå skulebøkerne og Norigsoga, fekk råderom millom folket.  Gudsdyrkingi fekk ein meire fast skipnad.  Det vart på ymse stader skipa heilagdomar, hov og horgjer, der ein ofra til gudemagterne, og det vart tilsett visse menn og kvinnor som hadde å greida med ofringar og gudstenestor i hovi.  Umframt dei store gudehov, fylkeshovi, som vart skipa for kvart fylke eller landslut fekk ogso dei mindre bygder og grender sine serskilde hov og heilagdomar.  

Gudehovi var attimillom skipa pålag som våre kyrkjehus.  Huset var skift i tvo bolkar, eit langhus som skipet i ei kyrkja og eit mindre rom som svara til vårt kyrkjekor.  I koret var ogso eit slag altar der ein slagta offerdyri og samla upp blodet av dei til ofringane.  I koret og på altaret stod ogso gudebilæti um hovet hadde sovorne.  Til ymse tider vart det halde gudstenestor i hovi, og på dei store »høgtider« vart halde festgudstenestor likeins som i vår jol, påske og pinstidhelg.  

I Osbygdi var tvill aust fleire gudehov.  Eit av dei stod på garden Hovland der gardsnamnet enno ber minne etter gudehovet.  Eit hov stod truleg ein stad på Søre Neset.  Gardsnamnet Lunde tykkjest vera minne etter den heilage lunden som jamt måtte finnast ved gudehovet.  Det kann ogso tenkjast at hovet stod på Halhjem.  Fleire granskarar hev meint at navnet Halhjem kjem av »heilagr heimr«, den heilage heimen, gudehovet.  Men gardsnamnet hev truleg ikkje noko med heilagdom å gjera, det kjem vel nærast av det hallande lendet på garden, og hovet stod trulegst på Haugland eller ein stad i nærleiken.  Den austre luten av
Osbygdi hadde ogso sitt hov, truleg på Bø i Lyssandbygdi.  Bø vart tidleg ein storgard, den største i bygdi, og alt tyder på at det i gamall tid var eit gudehov eller heilagdom på garden.  

I heidnetidi tykkjest det soleis ha vore 3 »kyrkjesokner« i Osbygdi med kvar sitt hov og heilagdom.  På Hovland stod hovet for Lysefjorden, Øyane og gardane ikring hovet, på Haugland eller Lunde stod heilagdomen der Nesjabuarane kom saman til si gudsdyrking, og på Bø var hovet og samlingsstaden for den austre luten av Osbygdi.  Soleis var kannhenda tilhøvi gjenom hundrader av år.  

Då hordalendingane i 7 og 8 hundradåri tok til i vikingferder kom dei i samband med kristne folk og vart kjende med ymse ting i Kristenlæra.  Vikingane kom heim att med forteljingar um det dei såg og høyrde, og smått um senn blanda kristne forteljingar og tankar seg inn i Asatrui.  Kristne ord som kross, signing o. s. kom inn i målet og vart brukt av folket.  Den reine Asatrui vart soleis uthola etterkvart.  

Då Håkon den gode vart konge i Norig freista han å kristna landet.  Han fekk prestar frå England til hjelp, men då han fekk sterk motburd let han kristningsarbeidet fara.  Det var fyrst då Olav Trygvason vart konge i 995 at det vart ålvor i kristningsarbeidet.  Der det ikkje gjekk med det gode vart det brukt rnagt, og Norig vart snart eit kriste land, rett nok for det fyrste berre i namnet.  

Sumaren 996 heldt kong Olav Trygvason ting på Moster i Sunnhordland med rogalendingar og hordalendingar og baud dei å taka kristendomen.  Bønderne sagde nei, men då kongen gav stormennerne gilde gåvor og lova Erling Skjalgson kongssysteri til kona so gjekk stormennerne med og bønderne måtte gjeva seg.  Ut på sumaren vart det på Gulatinget vedteke kristenlov og påbod for vestlandsfylki, og vestlandsbygderne var med dette kristna.  

Frå året 996 kann me soleis rekna Osbygdi som kristenbygd. Då kristendomen vart innførd berre ved eit kongebod utan nokon personleg påverknad so vart det sjølvsagt ikkje nokon snøgg skilnad å sjå i folkelivet.  Folket freista å passa dei kristne påbod inn i dei gamle truer og skikkar, og livde og trudde elles pålag som fyrr.  Fyrst då det kom kyrkjor og prester i bygderne byrja skilnaden å koma.  

Kva tid Osbygdi fekk prest og kyrkja er noko uvisst, men av fleire grunnar kann me setja tidi til ikring 1050.  (Sjå meir um dette i bolken um kyrkjorne).  Kyrkja vart då bygd på garden Os og garden sjølv vart prestegard.  Likeins vart det ei kyrkja på Bø.  Kannhenda var det det gamle gudehovet som her vart umskipa til kyrkja, likeins som det vart gjort andre stader, og Bøkyrkja kann då ha kome i bruk like tidleg som kyrkja på Os.  Då Lysekloster vart skipa i 1146 vart det ogso bygd kyrkja ved klostret, og fyrr 200 år var gjengne sidan kristenlæra kom til Os hadde bygdi soleis fenge 3 kyrkjor.  

Korleis livet i bygdi arta seg i dei tider hev me liti greida på.  Sjølvsagt kvarv ikkje dei heidne skikkar og truer med ein gong.  Mange gamle skikkar heldt seg framleis i kristentidi, og ymse truer og skikkar som truleg hev sitt upphav i heidnetidi hev halde seg radt fram til våre dagar.  Livet var framleis villt og hardt i mange måtar.  Ymse grove skikkar kom likevel burt etter kvart.  Medan det i heidnetidi var vanleg skikk at mange nyfødde born vart sett ut, og at berre dei born som faren fann påsetjande vart uppfostra, so fekk no alle velskapte småborn liva og vera hjå mori.  Trælane som i heidnetidi jamt vart handsama som dyr, det hadde soleis vore skikk å ofra ein træl på altaret attimillom, vart no medfarne som menneskje.  Og etterkvart vart heile folkelynnet mildare, sederne betre og det kom ein meire kristen dåm over livet.  

Kyrkja og prestane sitt arbeid var sjølvsagt mest å takka for dette.  Kyrkja vart midtpunktet i bygdi, og i katolsketidi hadde presten og kyrkja meir å segja i alle livsens tilhøve enn det vart seinare i Luthertidi.  Ved dei 6 sakramenter, som katolikane rekna dei for å vera, dåp, konfirmasjon, skriftemål, altargang, ekteskap og den sisste olje til døyande, kom dei katolske prestane i nært samband med kvart menneskje heile livet igjenom.  Serleg skriftemålet som kvart menneskje, frå det var 7 år gamallt til døden, måtte gjera for presten minst ein gong um året førde folket i samband med kyrkja og hadde mykje å segja for folkelivet.  Etter skriftemålet baud presten folket gjera bot for syndi, og for grove brot kunde broti vera stor og botstidi sverande lang.  Botstidi for hor var soleis heile 14 år.  I det fyrste året fekk syndaren korkje vaska eller lauga seg, og i 40 dagar fekk han berre vatn og brød.  I det andre året måtte han kvar preikesundag stå utanfyre kyrkjedøri.  I 3dje og 4de botsåret fekk han ikkje gå til nattverden og måtte jamt fasta og svelta seg.  I dei 3 næste åri fekk han kvar måndag og onsdag berre eta turrmat og måtte sume dagar fasta attåt.  I dei 7 sisste botsåri måtte han jamt bruka berre vatn og brød og jamt eta berre turrmat.  På kvar høgtidsdag måtte han kasta seg 50 gonger på kne i kyrkja, og attåt måtte han gjeva ei stor pengebot til bispen.  Ogso for andre brot var det store kyrkjebøter.  

Ved gudstenestorne i katolsketidi var det songen og messa som hadde råderomet.  Alt var på latin, og i den fyrste tid var det ogso utlendske prestar som ikkje skyna folkemålet.  Etterkvart kom det norske prestar i kyrkjorne, jamnast vanlege bondegutar som fekk si upplæring hjå presten i bygdi, og dei kunde då ogso som prestar skyna og tala med folket.  Prestane fekk påbod um å halda preikor i kyrkja og læra kyrkjelyden barnelærdomen, som var trudomsartiklane, fadervåret og Ave Maria, og mange prestar var ogso gode preikarar.  Etter den store mannadauden i 1350 då storparten av prestane døydde vart det i lang tid vandt å få dugande prestar, og det vart sidan lite preikor å høyra i kyrkjorne.  Det vart den latinske songen og messa som no atter fekk råda grunnen åleine.  

Det var ikkje berre prestane ved kyrkjorne på Os og Bø som arbeidde for kristenlivet i Ossokni.  Ogso munkane i Lysekloster arbeidde millom bygdefolket.  Frå ymse skriv ikring år 1300 ser me at munkane reiste ikring i Osbygdi, vitja sjuke og gav dei døyande sakramentet.  Og at ogso munkane sitt arbeid i bygdi sette merke etter seg tore me tru, sjølv um me ikkje hev noko serlege vitnemål um det.  

Ein ting som me serleg merkjer oss hjå bygdefolket i katolsketidi er at dei gjerne gav gåvor.  Kyrkjorne vart bygde og haldne i stand ved gåvor, og klostret vart rikt ved gåvor som strøymde inn frå alle kantar.  Sjuke og fatige fekk god hjelp.  Attåt ætti som hadde fyrste pligt til å syta for dei fatige hjelpte alle i bygdi til med friviljuge gåvor.  Bygdefolket synte ogso godhug for prestane sine ved gåvor i mange høve.  

Prestane hadde sjeldan grunn til å klaga over innkomorne.  Umframt prestegarden hadde dei faste innkomor av ymse andre gardar som »høyrde til prestebolet«, og fjerdeparten av all tiend i bygdi.  Ved bryllaup, gravferd og ved innleiding av barselkonor skulde presten ha serleg godtgjerdsla.  Når ein vyrdande bonde eller kona hans døydde skulde presten soleis ha ei livande ku for gravfestingi.  Dertil skulde presten ha offer på kvar av dei 17 høgtidsdagane i året og elles i mange andre høve.  

Romarkyrkja kom meir og meir burt frå det grunnlaget som ho var bygd på, og dette synte i alle land.  Ogso i Norig kom kyrkja på nedgangsvegen.  Prestane vart late og likesæle, det vart mykje ulivnad, drykk og sedløysa utover landet, og då den store kyrkjeumboti kom med Luther fann ein ogso eit kaldt og likesælt folk i dei norske bygderne.  

Fredrik 1 som vart konge i Danmark-Norig i 1524 hadde fenge samhug med Lutherlæra, og det vart no høve til å gjera denne læra kjend ogso i vårt land.  I 1520 åri preika ein munk Antonius Lutherlæra i Bergen, men noko serlege merke sette han ikkje etter seg, korkje i byen eller bygderne ikring.  Dei største hendingar var at ymse griske stormenner nytta denne uppløysingstidi til å rana til seg mest mogeleg av kloster- og kyrkjegods.  Soleis rana Vincents Lunge, som då var lensherre på Bergenhus, til seg alle Nonneseterkloster sine eigedomar og det meste av Dominikanarklostret sitt gods.  Samstundes nytta tyskarane i Bergen høvet til å jaga burt dei norske prestane og setja tyskarar i staden. – Dette var den fyrste frukt av Reformasjonen.   

Etter at Kong Fredrik I var død i 1533 såg det ei tid myrkt ut for Lutherlæra i Danmark og Norig.  Men då sonen, Kristian III, etter mykje motburd vart konge i 1535 var saki avgjort.  Den nye kongen var luteranar på sin hals, og ved statskupet 13. august 1536 fekk den katolske kyrkja i Norig dødsdomen.  Dei katolske bispane vart avsette, soframt dei ikkje straks tok Lutherlæra vart dei sett i fengsel attåt og døydde der, munkar og nonner vart ut jagde or klostri, kongen tok bispe- og klostereigedomane til seg, og prestane fekk påbod um å byta tru og preika Lutherlæra.  For ikkje å øsa folket for mykje upp so baud kongen likevel, at dei gamle katolske kyrkjeskikkane skulde halda ved framleis.  I det skriv som kongen sende ut um desse ting tok han ogso med, at Norig frå den dag berre skulde vera ein provins av Danmark og ikkje eit serskilt land.  

Hadde det sisste hundradåret i katolsketidi vore ei nedgangstid for folket og kyrkja, so vart ikkje det fyrste hundradåret etter reformasjonen stort likare.  Reformasjonen kom i landet – likeins som kristendomen, – ved eit kongebod, ikkje ved personleg påverknad, og difyr gjekk det som ein kunde venta.  Folket miste si gamle tru som vart teki frå dei ved kongebod, bønderne klaga over at styremagterne tok frå dei den rette trui, »den helgia christelighe troo som vare fforeldre haffwe haffth ffor oss«, og nokon ny tru magta ingen å gjeva dei.  Dei fyrste lutherske prestar var jamt lite skikka til å gjeva rettleiding um den nye trui då dei vanta kunnskap og utdaning, og deira liv og åtferd skapte heller ikkje altid vyrdnad for den nye læra.  

Tidi og sederne var rå og upplysningi liti.  Istadenfor trui på jomfru Maria og dei heilage menn og kvinnor i katolskelæra vaks no fram ei tru på hekser og trolldom, forgjering og djevlemaning, og på alt vondt likeins som i heidnetidi.  Det vart ei sterk tru på trollmenn og trollkjeringar som kunde mana og gjera vondt på folk og fe, livande og daudt, og trui på trolldom vart like sterk hjå styremagterne som hjå dei ukunnige bønder.  Heksebåli loga upp, den eine »trollkona« etter den andre vart livande brend, dei mistrudde vart pint og ille medfarne til dess dei »tilstod« og gav upp namn på fleire »trollkunnige«, og ingen var trygg for at dei ikkje kunde verta misstenkt, fengsla og gjerne brend for ting som dei ikkje hadde dusti kjennskap til.  Ogso i bygderne ikring Bergen vart reist trolldomssaker.  I det heile var tidi ei uhugleg tid, full av råskap, vankunna og overtru, og det såg lenge ut til at »Den reine lære«, som Lutherlæra vart kalla, berre hjelpte til å gjera livet enno myrkare og verre enn det var.  

Heller ikkje i Osbygdi sette reformasjonen noko merkje etter seg i den fyrste tidi.  Lysekloster vart nedlagt i 1537 og munkane måtte då fara sin veg.  Abbeden i klostret, Matias Hansson, vart deretter sett til sokneprest i Os og skulde soleis vera den som fyrst lærde osingane den nye trui.  Det er ikkje noko som tyder på at abbed Matias hadde fenge nokon lutersk vekkjing, og truleg hadde han som prest i Os umlag det same syn og same tru som då han var abbed i klostret.  Ein katolsk abbed var vel heller ikkje rette mannen til å venda osingane sin hug burt frå deira gamle katolske truer og skikkar til ei heilt ny læra.  Og soframt abbed og sokneprest Matias var den same som Matias av Tautra, (sjå meir um dette under Lysekloster), so tore ein heller ikkje venta at han lagde mykje ålvor i presteyrket og umvendingsarbeidet.  

Det er heller ikkje likt til at dei prestane som fyrst kom etter abbed Matias sette noko merke etter seg i kyrkjelivet.  Um presten Jens Pedersøn som var prest i Os frå 1597 segjer Absalon Pedersøn, som livde samstundes med han og hadde vore læraren hans, at han »hadde små åndsgåvor men hadde godt handelag med snikkararbeid og dilikt«.  Av ein sovoren prest kann ein heller ikkje venta stort arbeid med utbreidsla av dei nye tankane og det nye kristensynet i sjølve reformasjonen.  

I 1601 vart Samuel Loss sokneprest i Os.  Som nemnd i andre bolkar av denne boki var Loss ein dugande prest med sterke hugmål for upplysning og alt kristelegt arbeid.  Han var uppglødd for dei nye tankar og den nye læra, og ein tore tru at det var i hans og sonen Jens Loss si prestetid at reformasjonstankane fekk heilt tak i osingane.  Umframt presten arbeidde no ogso klokkaren, degnen, som religionslærar for ungdomen.  Me hev fleire vitnemål um at folkelivet i bygdi vart mildare og betre i denne tid.  Det minka med drykken som hadde vore overlag stor i bygdi og sederne vart betre i det heile.  

I fyrsten av 1700 talet kom pietisme inn i kyrkja.  Ho lagde mest vigt på vekkjing av den einskilde og at dei vakte heldt saman.  Då pietistane soleis skilde lag med den luten av kyrkjefolket som ikkje var heilt samde ideira meiningar, so fekk ikkje kyrkja so mykje gagn av deira arbeid som ho burde og kunde fenge.  Dei gjorde elles godt arbeid for kristeleg upplysning og moralsk framgang i bygderne.  Kongane Fredrik IV og Kristian VI som hadde styret frå 1700 til 1746 var pietistar begge tvo og hjelpte til i arbeidet med lover og »forordninger«.  Kongen gav serlege tilskot til dei prestar som vilde studera i Halle, der pietisma hadde sitt upphav frå Spener og Francke.  I 1736 vart Konfirmasjonen innførd, og i 1739 vart den fyrste skuleskipnad vedteken.  Det var ein rein religionsskule med bibel, salmebok, katekisma og forklaring som skulebøker.  Det vart vedteke ein »sabatsforordning« som sette bot og gapestokk for alle som ikkje gjekk i kyrkja kvar sundag, og alle gjestebod på laurdagskveldar, sundagar og høgtidsdagar vart forbode.  Kyrkjesøknaden vart no mykje betre enn fyrr, men um det kom av at folket fekk meire hug til kyrkjegangen enn fyrr eller av otte for bot og gapestokk er noko uvisst.  

Kva verknad pietisma hadde i Osbygdi veit me diverre lite um.  Ymse ting tyder likevel på at det ogso synte etter rørsla i Osbygdi, umframt den auka kyrkjesøknaden.  Det vart vanleg skikk i bygdi å halda husandagt.  Det var få av bønderne som kunde lesa i bok, men dei nytta katekismestykke og salmar som dei hadde lært utanboks av presten og klokkaren.  Salmebøker var komne i bruk.  Hans Thommessøn si alt i 1569 og Kingoboki i 1699.  Prestane i bygdi hjelpte ogso til det dei kunde, og då Erik Pontoppiden vart bisp i Bergen 1747 fekk rørsla ogso sterk studnad av bispen.  

Livet i Osbygdi vart likevel ikkje stort betre i denne tidi.  Den svere drykken som fyrr hadde vore til so stort mein, men som hadde minka noko sidan midten av 1600 talet, tok seg no uppatt.  I alle hus ikring kyrkja vart seld øl på preikesundagane, og mange hadde øldunkar med seg til kyrkja og tappa og selde øl på kyrkjebakken eller på Osøyri.  Då brennevinet straks etter tok til å koma i bruk vart stoda sjølvsagt ikkje betre.  I bryllaup og andre gjestebod gjekk det hardt til med drykk og turing, og etter det presten Geelmuyden fortel i 1750 åri, so hende det jamt at dei fleste bryllaupsgjester var fulle då dei kom i kyrkja bryllaupsdagen.  Attimillom rauk ein og annan ihop og det kunde henda at det vart rettelege slagsmål i kyrkja.  At mange hadde mykje trubbel med å finna vegen rundt altaret då dei skulde ofra til prest og klokkar er lett skyneleg.  Og når kyrkjeferderne var soleis, so er det greidt at det ikkje vart likare når gjesterne kom heim att i gjestebodsstova.  Det vart jamt eitkvart ille etter eit sovore gjestebod, og av tingbøkerne ser me at uvinskap og sak millom grannar og andre jamt hadde sitt upphav i eit gjestebod då dei lite hugsa til kva dei sagde eller gjorde.  

Umframt ølkaggen var det ogso andre ting som hefte kyrkjefolket um sundagane.  Soldatøvingi gjekk då fyre seg på Osøyri kvar preikesundag, og folket vilde gjerne sjå på dette.  Ospresten klagde over, likeins som prestane ymse andre stader, at kyrkjefolket synte meir interesse for soldatøvingi enn for gudstenesta når dei var til kyrkja um sundagen.  

Noko seinare enn pietistane kom hernhutarane med i arbeidet.  Dei tolde ikkje drykk, dans og sovorne ting og fekk difyr mykje motburd ute i bygderne.  Hernhutarane arbeidde ved ferdatalarar, emissærar og uppbyggjande møte, umlag som indremisjonen i våre dagar, og dei gjorde eit godt arbeid.  Dei arbeidde ogso ei tid godt ilag med pietistane, men etterkvart som desse kom til magti og fekk kongen og styremagterne med seg so skildest vegane.  For å stogga hernhutarframgangen gav so kongen i 1741 den namngjetne »konventikelplaket«, som sette forbod mot alle uppbyggjande møte ved lækmenn og mot alle ferdatalarar o. s. fr.  Denne plakat som stod ved lag i over 100 år, radt til 1842, vart sjølvsagt til mykje mein for det religiøse vekkjingsarbeidet i bygderne, og plakaten var ogso skuld i at ein mann som Hans Nilssen Hauge vart negta å tala, leid vondt og måtte gå i fengsel for arbeidet sitt.  Ved konventikelplakaten var soleis pietistane diverre med og reiv ned att mykje av det som dei tidlegare hadde freista å byggja upp i folket.  

Frå 1770 åri kom den sokalla »rasjonalisme«, fornuftkristendomen, inn i kyrkja.  Det var serleg dei unge prestane som førde denne læra fram, men Os fekk ikkje nokon prest av den nye skulen.  Presten Geelmuyden var gamall, og um ettermannen hans, presten Sandberg, segjer dr. Bang: «Blandt geistligheden støder man endnu paa mænd som ikke blot forkynder sandheden rent, men ogsaa med liv og kraft.  Nogle af disse har et herrnhutisk præg, andre fremviser en mere luthersk type, som f. eks. den i sit liv skrøbelige, men i sin lære dygtige Gerhard Sandberg i Os«, o. s. fr.  

I 1790 åri kom den store vekkjing i landet med Hans Nilssen Hauge.  I mange bygder skapte Hauge og hans folk ei rørsla som sette store og varande merke etter seg.  Hauge reiste ogso gjenom Osbygdi, men det er ikkje teikn som tyder på at det vart noko rørsla i Os.  I ei melding frå 1804 segjer sokneprest Sandberg: »I hele Ous prestegjeld, bestående af 5 sogne, findes ikke en eneste af Hans Hauges tilhængere, som nu i 22 år har forsøgt ved prædiken at udbrede enten ret tro eller overtro eller fanatisk lære blandt almuen i prestegjeldet».  Sandberg gjev elles eit råd um korleis ein kann halda Hauge og hans folk burte: Prestane skal berre preika den rette luterske læra etter katekisma.  Soleis er det gjort i Os, segjer han, og difyr »har ingen uretmæssig prædikant fordristet sig at sætte foden i Ous prestegjeld«. 

Etter at presten Sandberg var død kom ei nedgangstid i bygdi.  Den nye presten Kristen Larsen var ein glup talar men eit skralt menneskje som ingen hadde vyrdnad for, og bygdefolket fekk snart vanvyrdnad både for presten og kyrkja, og mange med dette for sjølve religionen.  Kristen Larsen måtte etter 10 års »arbeid« i Os slutta som prest, og den nye presten, »Gemle-Jersin«, freista lenge fåfengt å skapa samhug for kyrkja att.  Jersin var ein godmeint mann, men makleg av seg utan den kraft og glod som trongst i ei sovori nedfallstid, og det skulde meir til enn det Jersin magta for å vekkja uppatt den kyrkjelege og kristelege interesse i bygdi.  

Hadde mange av bygdefolket fyrr havt lite gagn av kyrkjeferderne sine, so vart det ikkje betre no.  Ved lov av 1. juli 1816 var brennevinsbrenningi gjevi fri, og alle som kunde det brende og drakk brennevin.  I gjestebod, bryllaup, barnsøl og gravøl flaut brennevinet både heime og ved kyrkja.  

Brudevigsla var vanleg på preikesundagar, um fyremiddagen fyrr preika tok til, og då bryllaupslagi altid hadde brennevinsdunken med seg til kyrkja og skjenkte alle kjenningar, so kann ein skyna at ikkje alle kyrkjefolk kom fastande i kyrkja.  Attåt dette stod gjestgjevaren i Kvalesund på kyrkjebakken og selde øl-og brennevin til kyrkjefolket.  Soleis var tilhøvi fram gjenom 1820 og 1830 åri.   

Det var lite og ikkje lesing i bygdi. Lesekunsten var ikkje vanleg millom eldre folk fyrr fram imot 1820 åri, og det var få bøker i Osbygdi.  Hjå »gode« bønder kunde det finnast ein huspostil og ei salmebok, det var det heile.  Bibelen var ikkje vanleg i bygdi.  Etter at Det norske bibelselskap var skipa i 1816 kom det vel einskilde bolkar av Bibelen utover, men skifti syner at til langt upp i 1850 åri var Bibelen ei sjeldsynt bok i Osokni.  

Ikring 1850 tok ei religiøs vekkjing til utover landet, og det vart ogso teikn til åndeleg vokster i Osbygdi.  Den svere brennevinsflaumen vart noko stogga ved ei ny lov, i 1845 vart skipa Den norske forening mot brændevinsdrik, og tilhøvi i bygderne vart etterkvart likare.  I 1842 vart skipa Det norske misjonsselskap, og straks etter, i 1847 vart ogso misjonsarbeidet uppteke i Osbygdi.  Dei som gjorde upptaket til misjonsarbeidet var dei tvo brørne på Lyssand, lensmann Henrik Synnestvedt og klokker Ola Synnestvedt.  Kannhenda var ogso fleire med i upptaket.  Um det vart skipa noko fast lag, misjonsforening e. d. er uvisst.  Truleg gjekk arbeidet i den fyrste tidi ved lause samkomor av dei som hadde samhug med saki.  

I 1855 vart skipa det fyrste indremisjonsleg i landet.  Då konventikelplakaten vart burtteken i 1842 var det ikkje noko i vegen for at lækmenn kunde tala i bygderne, og på mange stader vart dette arbeid no uppteke.  Dei same som gjorde upptaket til misjonsarbeidet i Os tok ogso upp arbeidet for indremisjonen i bygdi. 

Ola J. Nedrebø.

Dei som stod i brodden var brørne Henrik og Ola Synnestvedt, Ola Nedrebø og kona hans, jordmor Brita Mæland, Kari og Marta Lyssand, Brita Hauge og kannhenda fleire.  I slutten av 1860 åri fekk dei arbeidet igang.  Talarar kom frå Bergens indremisjon.  Det kann nemnast at Henrik Synnestvedt kvart år gav 10 daler og Ola Nedrebø 5 daler til arbeidet.  

Noko fast lag var enno ikkje skipa.  Folk samlast til møte når det kom talarar, elles var sambandet laust.  Fyrst i slutten av 1870 åri kom ein fastare skipnad.  Johannes Lundetræ reiste som talar ikring i Osbygdi 1877-78.  Det vart då ei sterk religiøs vekkjing, serleg på Søre og Nore Neset, og det vart skipa eit indremisjonsleg for Os.  I 1885 hadde laget 69 innskrivne medlemer. 

Arbeidet for heidningmisjonen som var uppteke i 1847 hadde halde fram, truleg utan nokon fast skipnad for arbeidet.  I 1877 vart so det fyrste misjonslag skipa i bygdi.  Det var ogso det fyrste kvinnelag, eller »kvinneforening» som det vanleg vart kalla.  Talet på medlemer var ikkje stort, det var frå fyrst av berre dei fire: Jordmor Brita Nedrebø, Marta Lundetræ, Ingeborg Lunde og Pauline Grindevoll.  Men laget vaks snøgt og det fengde i fleire krinsar.  Det vart skipa kvinnelag ikring i bygdi, soleis at det no er lag i Lysefjorden, Nordøyane, Sørøyane, Nore Neset, Søre Neset, Oskrinsen (Prestegarden), Borgabygdi og Hegglandsdalen.  I 1887 kom istand ein samskipnad av desse lag som alle høyrer til Det norske misjonsselskap.  Presten hev vanleg vare formann i samskipnaden. 

I 1891 vart skipa eit kvinnelag på Haugland til arbeid for Kinamisjonen, og ein samskipnad for heile Osbygdi vart skipa i 1896.  For Kinamisjonen arbeider no kvinnelag på Søfteland, Haugland og Osøyri, og barnelag i Sørøyane, Askvik, Haugland og Oskrinsen.  Jakob Halhjem hev heile tidi vore formann i samskipnaden.  

Jakob Halhjem

For Santalmisjonen arbeider kvinnelag i Drangsbygdi og Nordøyane, og eit barnelag i Oskrinsen.  
Til dei 3 nemnde misjonsgreiner vert det år um anna gjeve 5-6 tusund kroner frå Osbygdi.  

Som nemnd var det Bergens indremisjon som sytte for talarar til indremisjonsarbeidet i Os den fyrste tidi.  Då presten Wille kom til bygdi fekk han laget til å melda seg under Lutherstiftelsen i Oslo og bygdi fekk då talarar derifrå.  Ein av desse, Arne Linde, vitja umlag kvart hus i heile Os og skapa mykje vekkjing i bygdi.  Trass det gode arbeid frå Lutherstiftelsen fann osingane seinare at det vilde ha fyremunar å høyra til ein vestlandsk samskipnad, og laget i Os gjekk difyrr inn i Sunnhordland, Hardanger og Voss fellesforening for indremisjon.  I denne samskipnaden stend laget framleis.  

Prestane i bygdi stod i den fyrste tidi noko framand for indremisjonsarbeidet.  Presten Wille som kom til Os i 1884 vart interessert i saki, og sidan hev alle prestar vore med i arbeidet.  Kyrkja var likevel lenge stengd for lækmenn og det kann nemnast at emissær Torvund som arbeidde i Os i 1883 og som skapte sterk vekkjing i bygdi ikkje fekk koma i kyrkja, men måtte tala frå altanen hjå handelsmann Hansen på Osøyri.  

Tanken um å byggja serskilde hus for indremisjonen kom upp, og i 1904 vart det fyrste bedehus bygt i Osbygdi.  Det var Neset bedehus, som då samla indremisjonsfolket frå heile sokni.  

Neset bedehus.

Det kom fleire vekkjingsbolkar som skapte liv og vokster i arbeidet, soleis i 1904, 1914 og 1920.  Ymse krinsar kom med og det vart skipa fleire lag i bygdi.  Det gamle lag i bygdi gjekk over til å verta eit lag for Søre og Nore Neset og fekk namn etter krinsen, og i 1914 vart skipa serskilde lag for Oskrinsen og Søftelandsbygdi.  Begge dei nye lagi fekk seg straks bedehus.  Sidan er ogso skipa lag i Lysefjorden, Øyane og Hagevik.  I Lysefjorden er det gamle skulehuset kjøpt til samlingshus, og i dei tvo andre krinsar er bygt nye bedehus.  

I 1921 gjekk alle indremisjonslag i Os saman i ein ny samskipnad, Os fellesforening for indremisjonen, som no er samband millom lagi.  Formenn i det gamle laget for heile Os
hev vore Lars Herevoll, presten Wille og Jakob Halhjem.  Formann i den nye samskipnad hev vore og er I. Bjørø.  

Lars Herevoll og kona

I 1872 vart det etter upptak av klokkar Austestad uppteke arbeid for sjømannsmisjonen.  Frå fyrst av var det spreidd arbeid, men i 1885 vart det skipa eit fast lag til arbeid for saki.  I dei fleste krinsar i bygdi hev det sidan vore lag som arbeider for denne misjonsgreini, og samhugen for misjonen hev vakse etterkvart.  I dei sisste åri er i Osbygdi kome inn ikring 1400 kroner årleg til sjømannsmisjonen.  

På Osøyri er med Brita Moberg som formann ogso skipa eit lag som arbeider for Finnemisjonen.  Ogso for lsraelsmisjonen arbeider sidan 1920 eit lag på Os med I. Bjørø som formann.   

Ein bolk av Det norske bibelselskep vart skipa i bygdi fyrr hundradårsskiftet.  Arbeidet stogga upp men vart teke uppatt av presten Aamot i 1917.  

Som fyrr nemnd vart arbeidet mot brennevinsdrykk uppteke i 1840 åri.  Det vart m. a. skipa måtehaldslag som krov heilt fråhald frå brennevin og varsamt bruk av øl og vin.  Ogso i Os vart skipa eit sovore lag som fekk fleire hundrad lagsmenn.  Måtehaldslaget gjorde godt arbeid med å få burt ymse av dei verste drikkeskikkar, soleis fekk laget brennevinet mykje burt i gravøli, og når tilhøvi i bygdi vart betre etterkvart i 1850 og 1860 åri so var det ogso måtehaldslaget noko å takka.  

I 1888 vart Os avholdsforening skipa med 19 medlemer og med lærar Halvard Halhjem som formann.  Laget vaks snøgt so at medlemstalet 7 år etter var 200, og i 1910 hadde det vakse til 363.  Laget hev seinare minka noko, då det er skipa serskilde fråhaldslag på Osøyri og i Sørøyane, likeins som goodtemplarlosjerne hev fenge sume av medlemerne til seg.  Formennerne i laget gjenom dei 40 åri hev vore mange og skiftande.  

Den fyrste goodtemplarlosje i bygdi vart skipa i 1902.  Losjen hadde til å byrja med 12 lagsmenn, men alt i 1904 var talet auka til 64.  I dei gjengne 25 åri hev laget havt over 500 møter.  Dei berande krefter hev vore J. Helgesen og Daniel Grindevoll.  I Lysefjorden, Søftelandsbygdi og på Søre Neset er ogso skipa losjer, likeins som ein barnelosje arbeider i Oskrinsen.  

Avhaldslagi og losjerne hev, gjort eit godt arbeid til betring av ædrugskapstilhøvi som no er jamt gode i bygdi.  

Arbeidet for sjukehjelp vart uppteke i 1913 av M. Erichsen m. fl., og det vart då skipa eit sanitetslag med fyremål å arbeida imot tæringi og syta for tilsyn og hjelp for sjuke.  Laget hev gjort eit stort arbeid.  Det held 2 sjukesystrer som arbeider kvar det trengst i bygdi, og hev hjelpt mange tæringssjuke til upphald på helseheimar og på andre måtar.  Den drivande kraft i arbeidet hev vore fru Signy Grindevoll som ogso hev vore formann i dei 14 siste åri.