LYSEKLOSTER
Frå Os Soga I side 446 -493
LYSEKLOSTER.
KLOSTERTIDI.
Klosterskipnaden er mesta like so gamall som sjølve Kristendomen. Radt frå den fyrste kristne tidi fanns det folk som vilde liva heilt utanfyre verdi og ikkje verta hindra i si gudsdyrking ved umgjenge med andre. Det kunde henda at sume av desse einebuarar som hadde sams interessor kom saman, busette seg saman og skipa eit brorlag. Dette vart upphavet til klosterskipneden.
Klosterskipnaden som me fyrst finn i Ægyptlandi kom til Vesterlandi ikring år 500 e. Kr. Benedikt av Nurcie skipa i 529 sitt store namngjetne kloster Monte Cessino, og frå dette gjekk den fyrste munkeorden, Benediktinerene, ut i verdi. Etter at Norig var kristna f.ekk ogso denne munkeorden fleire kloster her i landet.
Etterkvart som klostri vart mange og store fekk munkane jamt meir interesse for verdslege ting og gløymde fyremålet med klosterskipnaden. Fleire gudlege menn Freista fram gjenom tiderne å bøta på dette, og ein sovoren freistnad vart upphavet til den munkeorden som sidan ogso skipa eit kloster i Os.
Ein fransk adelsmann Robert var ein av dei som vilde gjera klosterlivet betre, og difyr skipa han i 1098 eit nytt kloster Cistercium ved den franske byen Citeaux. Etter dette klostret fekk den nye munkeorden, som ogso vart skipa av Robert, namnet Cisterciensarordenen.
Robert sette strenge reglar for den nye samskipnaden. Klostri skulde byggjast i øydemarker, skogar, blautmyrar eller på øyar, og munkane skulde arbeida hardt, serleg med jord- og hagearbeid. Men den nye munkeordenen fekk liten framgang. Munkane fann reglane for stride og strenge, det melde seg ikkje nye munkar til klostret, og i året 1113 var abbeden åleine att i Cistercium.

Då kom det ein dag ein mann med 30 karar i fylgje og bad um at dei alle måtte verta upptekne i klostret. Det var den sidan over heile verdi namngjetne Bernhard av Clairvaux, ein av dei beste og gudlegaste menn som nokon tid hev livt. Han pinte og plaga seg sjølv so han mest gjekk frå vitet, og han sette ogso store krav til andre. Bernhard av Clairvaux vart straks styrar av ordenen, som frå den dag vaks med ein snøggleik som ein aldrig hev sett maken til. I alle land vart skipa cisterciensarkloster, eller Bernhardinerkloster som dei ogso vart kalla etter Bernhard, m. a. ogso i England, og frå dette land kom den nye munkeordenen til Norig.
I 1140 åri var Sigurd bisp i Bergen. Bisp Sigurd åtte garden Lyse i Os som han hadde fenge av far sin. Um bispen var frå Lyse er uvisst, men dette er likevel mykje truleg då han fekk denne garden i farsarv.
Lyse er ein gamall gard som ligg upp frå sjøen ved bottnen av Lysefjorden. Namnet tyder den ljose, og som garden ligg med fritt utsyn nedover dalen og utover fjorden mot sud er namnet høvelegt. Men det kann ogso henda at Lyse var det gamle namnet på innste luten av fjorden, på pollen som ligg innanfyr Lysøy, og at garden soleis hev fenge sitt namn etter fjorden.
Lysefjorden stikk beint inn i landet frå den opne Krossfjorden, og der er soleis snøgg veg ut til storhavet. Men Lysøy som ligg midt i fjorden gjøymer vel den innste pollen der Lyse ligg. Garden ligg soleis ikkje langt frå den store farleidi men likevel vel gøymd, og var høveleg bustad åt ein stormann i dei gamle stridstider. Kannhenda hev bisp Sigurd si ætt vore busett på garden gjenom lange tider, tildess at bispen no gav han frå seg til heilagt bruk.
I 1146 var bisp Sigurd på ferd til England og vitja då cisterciensarklostret Fountains ved York. Bispen vart so uppglødd over det han såg i dette klostret, at han sette seg fyre å bruka all sin farsarv til skiping av eit sovore kloster i Norig. Då han fôr heimatt til Norig fekk han med seg nokre munkar frå Fountains for å hjelpa til med byggjearbeidet og for å skipa det fyrste konvent i klostret. Millom munkane var ogso ein nordmann, Ranolv eller Runolv.
Det nye kloster vart bygt på Lyse som bisp Sigurd gav til klostret. Austanfyre garden låg store våte myrar, og skogen stod tjukk og tett heile Lysedalen innover. I blautmyri austanfyre Lysegarden fann dei høveleg tuft åt klostret, som etter cisterciensar-reglane skulde byggjast på ein sovoren stad. Der vilde det liggja vel avgjøymd, lognt og fredelegt. Ingi ferdsla gjekk framum der, ingen granne vilde meinka eller seinka dei i arbeidet. Umframt Lyse sjølv var truleg Drange då einaste garden i Lysefjorden.
Den 10. juli 1146 vart klostret skipa og grunnsteinen lagt. Det fekk namnet Heileg Maria Kloster i Lyse, eller som det vanleg vart kalla, Lyse Kloster.
Klostret vart bygt under tilsyn av munken Ranolv, og han vart ogso den fyrste abbed (styrar) i Lyse Kloster. Ranolv var ein sers merkeleg mann. Han var godlyndt og gudleg, var diktar og sjå-ar og hadde syner og draumar som dei gamle profetar. Fleire hev gissa på at det er han som hev skrive det namngjetne »Draumkvedet«, soleis hev Ivar Mortenson Egnund skrive fleire utgreidingar i den leidi.
Ranolv var styrar av klostret til dette var kome i god gjenge, men fann då ut at han hadde gjort sitt arbeid. Hans hug stod ikkje til magt og æra, og han sagde difyr styrarplassen frå seg og reiste attende til sitt kloster i England. Der tok han si gamle munkekufta på att og livde som ein audmjuk simpel munk tildess han døydde som ein utgamall mann.
I dei fyrste 70 åri stod Lyse Kloster under tilsyn av »morsklostret» sitt, Fountains i England. Sidan kom det under tilsyn av det svenske kloster i Alvastra, tildess at abbeden i Sjælland seinare vart tilsynsmann for alle norske cisterciensarklostri.
Munkane i Lyse Kloster måtte føra eit liv i fatigdom og strengt arbeid. Umframt å vera med i dei mange messor og lange gudstenestor måtte dei ogso kvar dag rydja skog, bryta jord, grøfta myrar og arbeida med vokster dyrking av alle slag. Når Lysekloster no er so stor gard so er dette frå fyrst av munkane sitt arbeid å takka.
Serleg lagde munkane seg etter hagebruk og fruktavle. Det vart lagt store hagar ved klostret, og desse Lyseklosterhagane er tvillaust upphavet til hagebruket og fruktavlen i Hordaland. Klostret lagde ogso hagar på gardar som det åtte ute i bygderne, soleis ein stor hage på Opedal i Ullensvang, og frå desse munkehagane hev sidan fruktavlen i Hardanger vakse seg fram til det han no er.
Munkane skulde ikkje ha eigedom. Dei livde so uvand og einfeld som råd var, og gjekk armodsleg klædde. Klædi var jamnast ull-lita. kvite eller gråkvite, og til skilnad frå andre vart cisterciensarmunkane jamnast kalla gråmunkar eller kvitmunkar. Utanpå hadde dei ei svart grov kufta. Fra den dag dei gjekk inn i klostret vart dei rekna som doøde for hi verdi, og ei kona som hadde mannen sin som munk i klostret vart rekna som ekkja, sjølv um mannen livde.
Um munkane i den fyrste tidi var fatige so vart sjølve klostret snart rikt. Klostret fekk mange og store gåvor, pengar, verdeting og jordeigedomar. Mange var dei som gav til klostret, sume avdi dei vilde gravleggjast i klostret, anere avdi munkane skulde lesa messor for sjælerne deira, og andre gav i eit eller anna serhøve, t. d. når dei vart berga or ei livsfåre, o. l. Sume gav ogso gardane sine til klostret avdi dei sjølv eller einkvan av deira næraste ætt gjekk i kloster. Ymse gardar fekk ogso klostret ved kjøp eller byte.
Lyse Kloster fekk straks mange gardar i Os. Korleis dei i kvart høve kom til klostret veit me ikkje, men truleg kom sume ved gåvor og sume ved kjøp og byte. Me ser soleis at Finn Gautson som åtte halve Haugland gav garden til Lyse Kloster mot at Jon, sonen hans, skulde få bu i klostret eller få si upplæring der. I 1288 bytte Lyse Kloster garden burt til Munkeliv kloster i Bergen, imot å få att garden Nedrehus i Hardanger. Året fyrr, i 1287, hadde Munkeliv kjøpt den andre halvparten av baron Gaute på Ænes og systeri Ulvilde. I 1300 gav Uthyrm Hovland og kona hans Bergljot garden Hovland til Munkeliv for at Sigrid brordotter hennar skulde få hus og heim i klostret. Sidan bytte Lyse Kloster Hovland til seg.
Når Lyse Kloster so snart fekk storparten av Osbygdi i si eiga, — klostret åtte umlag ⅗ av gardane i Os, – so kom det visst ikkje av at osingane var meir gudelege og gavmilde mot klostret enn folket i andre bygder. Sume av gardane fekk vel klostret som gåvor, men storparten eigna det truleg til seg ved kjøp eller byte.
Kor mykje klostret åtte veit me ikkje visst, då det ikkje finns jordebøker att frå den tidi då det var munkekloster. Men av jordlistor frå seinare tid ser me at Lyse Kloster då åtte ikring 200 gardar på ikring 1500 skyldmark tilsaman, og eigedomen var visst ikkje mindre men heller noko større medan munkane rådde grunnen.
Lyse Kloster vart snart eit av dei rikaste klostri i landet. Alt i 1207, berre 60 år etter det var skipa, var det vorte so rikt at det sjølv skipa eit nytt kloster, »dotterkloster«, på øyi Tautra i Trondheimsfjorden. Klostret stod stødt i samband med England og det hadde eigne handelsskip som siglde til og frå England med varor. Skipet Lysebussen er nemnd fleire gonger. I 1212 let kong Jon av England LyseKloster sitt skip få reisa fritt frå England med varor, medan alle andre skipi måtte leggja toll fyrr dei fekk sigla frå landet.

Etter kvart som klostret vart rikt og sterkt so vart det strenge arbeidslivet i klostret mildare. Munkane fekk gode dagar, og dei som skulde sjå etter at dei strenge kloster-reglane vart haldne tok ogso sitt yrke på lettaste måten. Me veit elles lite om livet i Lyse Kloster i det fyrste hundradåret etter skipingi. Klostret låg noko utanfyre den vanlege ferdslevegen, og Norigsoga veit mindre å fortelja frå Lyse Kloster enn frå dei fleste andre klostri i landet. Ein og annan gang kann me finna abbeden i klostret nemnd, og me ser at styrarane i Lyse Kloster jamt er vyrde menn som vart brukte av kongen i sendeferd til andre land og til andre vigtuge gjeremål.
I det fyrste århundrad finn me herre ein gang abbeden i Lyse Kloster nemnd. Det er abbed Jon, som eingang i tidi millom 1170 og 1194 skreiv under eit gåvebrev som vitne.
I 1265 sette paven abbeden i Lyse Kloster til saman med 3 andre klostermenn å velja ny erkebisp i Nidaros. Eit sovore val hadde elles klostri ikkje med å gjera.
I 1280 og 1281 vart abbed Rikard send i ferd til England som sendebod frå den norske kongen Magnus Eirikson. Rikard var truleg engelskmann, og hadde stor vyrdnad i England.
I 1288 var ein Jon abbed i klostret. Han bytte frå seg Haugland mot å få att Nedrehus, soleis som nemnd framanfyre.
Etter Jon vart Aleksander abbed i Lyse Kloster. Han var truleg ogso engelskmann. Aleksander kom i strid med presten i Os um laksefisket i Oselvi. Lyse Kloster som åtte dei fleste gardar langs Oselvi, soleis Hauge, Lunden, Tøsdal, alle Søftelandsgeardane, Bahus, Fielltveit og Haugland i Fana, hadde største fiskeretten og vilde gjerne råda elvi åleine. Men Os prestegard hadde ogso fiskerett, likeins Samdal som var serskilt skattlagd for laksefiske og hadde gamall rett til å få laks upp gjenom elvi til seg. Nonneseter kloster i Bergen hadde ogso eigedom og fiskerett i Oselvi.
Lysekloster hadde laksekjer i Oselvi rett nedanfyre prestegarden. Abbed Aleksander sette då ein laksegard over heile Oselvi soleis at ingen laks kunde koma framum men alt måtte gå i klostret sine laksekjer. Presten i Os, sira Greip, klaga då til bispen i Bjørgvin over dette og bisp Narve sagde dom i saki. Domen som fall i året 1300, eller eit av dei fyrste åri etter, gjekk ut på at den ulovlege laksegarden skulde rivast.
Men abbed Aleksander negta å riva laksegarden, Sira Greip baud då osbønderne å gjera etter bisp Narve sin dom, og laksegarden vart riven soleis at laksen ogso kunde gå i prestegarden sitt laksekjer eller lenger upp gjenom elvi. Og so lenge sira Greip var prest vågde ikkje Lyseklostret å stengja Oselvi meire. Abbed Aleksander døydde ogso straks etter.
I 1306 var Hugo abbed i klostret. Han møtte då i Bjørgvin for å vigsla den nye abbeden i Selje kloster. I 1310 var Gunnar vorten abbed. Han var i 1312 i Oslo og skreiv på som vitne ved eit jordebyte.
Etter Gunnar vart abbed Arne styrar i klostret. Han vart truleg abbed i 1316. I 1326 vart han kalla til å møta på generalkapitlet i moderklostret Cistercium, og bisp Audfinn i Bjørgvin sende med han eit fylgjeskriv til generalkapitlet. I dette skriv sagde bispen at abbed Arne var »ein god og lydig son«. Men bisp Audfinn skulde snart få sanna at abbed Arne var noko heilt anna enn god og lydig mot bispen.
Då presten sire Greip var avliden sette abbed Arne atter klostret sin laksegard tvers over heile Oselvi. Ospresten og dei andre som hadde fiskerett i elv i vart sjølvsagt mykje misnøgde og klagde over dette, men klostret vyrde korkje klagarane eller den fyrr avsagde dom. Laksegarden vart standande i mange år og stengde heilt for fiskeferdsla upp gjenom elvi. Men då abbed Arne i 1328 var komen attende frå Cistercium sende presten i Os, Samdalsmennerne og Nonneseter kloster ein ny klage til bispen og bad han no taka seg dugeleg av saki.
Bisp Audfinn lyste då til ei stemna på Os den 8. juni 1328, og kalla inn til stemna alle som hadde med saki å gjera, abbed Arne i Lyse Kloster, presten sire Håkon i Os, rådmannen på systerne i Nonneseter kloster sine vegne, og Samdalsmennerne. Det vart ført vitne og gjeve vitnemål i saki, og etter dette sagde bisp Audfinn sin dom. Den av bisp Narve fyrr avsagde dom vart i eit og alt stadfest. Lyse Kloster skulde riva burt laksegarden sin frå kyrkjelandet ut til midten avelvi, »so at fiskr, mælte frialslegha ganga millum fjellrz oc fioru. Þui frammer, at alfar vatzsens ok fiska ferð skylldi renna. a. huars tuæggje æighn æighn æftir jarðarmæghni.«
Klagarane hadde soleis fenge sine gamle rettar heilt stadfest og godkjende.
Men abbed Arne vyrde ikkje domen. Men let framleis laksegarden stå og reiv han ikkje ned til den fastsette tid. Bisp Audfinn let då den 11. juli 1328 40 mann av sine eigne folk riva laksegarden, då bygdefolket ikkje vågde seg til å gjera det. Bispen sine folk hadde våpn med til å verja seg mot munkane, um det trongst, men det kom ikkje til nokon strid. So snart bispekarane var reist attende til Bjørgvin sette abbed Arne og munkane hans laksegarden uppatt, men den 28. juli same året let bisp Audfinn laksegarden rivast for tridje gang.
Abbed Arne gav likevel ikkje upp for det, men freista no å få domen umattgjort. Etter lovi kunde kan skjota saki til avgjerd av erkebispen i Nidaros. Han gjorde ikkje dette men skaut istaden saki til avgjerd av dei verdslege domstolane. Han var truleg redd for at den eine bispen vilde stydja den andre, og at erkebispen ogso vilde gjeva Ospresten rett. Abbeden anka difyr saki inn til avgjerd av lagmannen i Bjørgvin og deretter til kongens godkjenning og dom.
Nokon kongedom vart likevel ikkje gjeven i striden, då ein fann at dei verdslege domarar ikkje hadde noko å gjera med dette. Saki vart difyr burtvist. Rettnok fekk abbeden medhald hjå Bård lagmann, men dette var til liti hjelp då lagmannen ikkje var lovleg domar i striden.
No var det ingi onnor råd enn at abbeden måtte gå vegen um bisp og erkebisp. Og abbed Arne var ikkje den mann som gav upp so lenge det fanns von um vinning. Han sende difyr no – i desember 1328 – eit skriv frå seg og konventet i Lyse Kloster, d. v. s. alle munkane på staden, til bisp Audfinn med søknad um at klostret måtte få halda fram med laksefisket i Oselvi soleis som det fyrr hadde gjort ved å stengja heile elvi. »Berre derved vilde det gode venskap som altid hadde vore millom Lyse Kloster og Bjørgvinbispane framleis vara og haldast ved lag«, skreiv han. Han prova ogso sitt krav på heile fisket ved å syna til dei vernebrev og retter som klostret hadde fenge av kong Magnus og av erkebispane Jon, Jørund og den noverande erkebisp Eiliv Arneson. – Men bisp Audfinn heldt fast på sin fyrr avsagde dom um at klostret ikkje åtte heile laksefisket.
Då det soleis ikkje var hjelp å få av bisp Audfinn so anka abbeden saki inn til avgjerd av erkebisp Eiliv i Nidaros. Ankeskrivet måtte fyrst gå til bispen i Bjørgvin som hadde å senda eit fylgjeskriv med saki. I ankeskrivet som abbed Arne sende den 12. januar 1329 klagar han sterkt over den store skade som bisp Audfinn i 2 år hev gjort klostret ved å riva ned laksegarden deira, og han syner atter til klostret sine mange vernebrev og gjevne retter. Serleg syner han til eit skriv frå pave Honorius IV um klostret sine fiskeretter og ymse andre serretter som klostret hev fenge.
Bisp Audfinn som skulde senda ankeskrivet vidare til erkebispen og skriva fylgjeskriv attått negta no å gjera dette, då han fann at klostret hadde misst sin ankerett. Etter lovi skulde anken vera send seinast 10 dagar etter at domen var sagd, men no var over 7 månader lidne. Elles fann bispen at abbeden ikkje hadde nokon ankerett i saki avdi både han og munkane i Lyse Kloster var bannstøytte for brot på ein lovleg avsagd dom. Bisp Audfinn prova ogso at klosteret hadde urett i sjølve saki. Ingen hadde hindra klostret i å fiska, det hadde stødt hatt sin fiskerett umeinka, men det hadde ikkje rett å taka heile fisket. Alle vitnemål og, etterrøkjingar synte dette, og bispen fann at han hadde både rett og pligt til å hindra at klostret braut lovi og gjorde andre folk skade og mein. Bispen lagde heller ingi vigt på dei vernebrev og andre skriv som Lyse Kloster stydja seg til i denne saki, for han trudde ikkje at desse brevi var egte. Abbed Arne hadde heller ikkje synt den rette vyrdnad for bispen, erkebispen og paven, han hadde tala vondt og sagt lastord um dei, og hadde soleis spillt all sin rett hjå desse. Bisp Audfinn sette alt dette fram for abbeden.
Men korkje det eine eller det andre beit på abbed Arne. Han sende straks, – berre 4 dagar etter fyrste skrivet, – eit nytt skriv til bispen og krov atter å få saki fram for erkebispen. Han negta plent å godkjenna ein dom som var gjeven av bisp Audfinn eller hans kapitel, og han vilde ikkje ha meir med bispen å gjera. Derimot sagde han seg viljug til å retta seg etter erkebispen si avgjerd. Han negta å ha tala vondt um paven og erkebispen, iminsto var soverne ord berre sagde i tankeløysa. Elles tok abbeden uppatt alle sine klagemål og heldt fast på sine krav.
No fekk abbed Arne viljen sin fram og saki gjekk til erkebispen. Den 1ste mars 1329 sende bisp Audfinn saki til erkebisp Eiliv i Nidaros med ei lang utgreiding attåt, Bispen gav her eit attersyn i striden, motprova stykke for stykke klostret sine klagemål og krav, og synte at abbeden sin anke var heilt utanfyre lovi. Han skreiv ogso til erkebispen um at dei av klostret framlagde konge- og pavebrev ikkje var egte, og han gav døme på at abbeden hadde tala vondt um paven og erkebispen.
Abbed Arne venta ikkje tildess at erkebispen hadde sagt sitt ord i saki. Um våren 1329 let han munkane setja uppatt den nedrivne laksegarden, stengde heile elvi og tok all fisken i laksekjeri likeins som fyrr.
No vart bisp Audfinn sinna. Den 8. juni 1329, nett årsdagen etter stemna på Os, sende han eit skriv til prestane i dei næraste bygder ikring Lyse Kloster, til sira Håkon på Os, sira Tore på Fana og sira Erling i Birkeland, med påbod um at prestane straks i kvar sine kyrkjor skulde lysa abbed Arne, munkane i Lyse Kloster og alle deira hjelpesmenn i Guds og den heilege kyrkja sitt bann. Dei hadde mange synder å svara for. Umframt det lovbrot som dei hadde synt ved si åtferd med laksegarden og ulydnad mot bispane Narve og Audfinn, so hadde dei ogso skote si sak til avgjerd av dei verdslege domstolar istadenfor kvrkjestyremagterne, tvert imot den pavelege legat Vilhjalm sitt påbod. Dei hadde teke tvo fiskenøter frå presten i Os, dei hadde høyrt skriftemål hjå folk som høyrde til prestane sine sokner og kyrkjelydar, dei hadde utan å spyrgja prestane og mot deira vilje lese messor, vitja sjuke og døyande soknarfolk, hadde gravlagt lik frå sokni på klosterkyrkjegarden, o. s. b.
Straks etter, den 26. juni same året, fall erkebisp Eiliv sin dom i saki. Han stadfesta i alle måtar bisp Narve og bisp Audfinn si avgjerd, og baud at den ulovlege laksegarden straks skulde rivast. Halve elvi, frå kyrkjelandet til midtstraumen, skulde vera opi for fiskeferdsla, og Lyse Kloster fekk berre rett til å setja laksegard i den luten av elvi som vender mot Hauge.
Erkebispen sin dom vart upplesen i Bjørgvin for abbed Arne. Han visste seg ingi råd til å driva saki vidare og gav no upp i laksestriden.
Abbed Arne fekk ein syrgjeleg ende. Nokre år etter den her umskrivne laksestriden, i 1336 eller 1337, gjorde abbeden ei ferd til England, truleg for å vitja moderklostret Fountains. På ferdi vart skipet hans teke av engelske eller franske fiskarar. Desse var verre enn dei argaste sjørøvarar, og her hjelpte korkje konge- elle pavebrev. Abbeden vart teken til fange med heile sitt mannskap, dei vart rana og snøydde like til skjorta, og deretter vart dei allesaman halshogde og liki vart kasta på sjøen. – Soleis enda den stridbare abbed Arne sine dagar.
Abbed Andres vart den usæle abbed Arne sin ettermann. (Etter ei gamall uppgåva skulde det no ha vore ein abbed Rodulf, men um so er må han berre ha vore abbed eit år eller tvo). Abbed Andres var ein mykje vyrd og pålitande mann. Me ser soleis at hertuginna Ingeborg av Sverik gav han mykje gull, sylv og pengar til å gjøyma i Lyse Kloster. Andres var truleg ogso ein god ven av kongehuset, då både kong Magnus Eirikson og den nyvalde konge Håkon Magnusson i denne tidi ga klostret nye og store retter. Lyse Kloster fekk enndåtil rett å halda ei skjenkestova for all slag drykk i eit hus, Saltøydegarden, som klostret åtte i Bjørgvin.
Den store mannadauden i 1349-50 herja ogso i klostret. Det er fleire ting som tyder på at Lyse Kloster likeins som andre kloster og kyrkjor då fekk ein knekk som det tok lang tid å vinna over att. Elles høyrde me lite frå Lyse Kloster i denne tidi. Me finn ein Peter nemnd som abbed i 1360 åri og abbed Torkell er nemnd i 1420 åri.
I 1480 åri var abbed Gyrd styrar i Lyse Kloster. I 1489 var han i Kjøpenhamn, der han med fleire abbedar og andre vyrde menner skreiv under på å velja hertug Kristian som norsk tronfylgjar.
Ettermannen hans var abbed Mikkel. Han var i 1515 vald av erkebispen til domsmann i striden millom bisp Hoskuld av Stavanger og abbed Henrik i Utstein kloster. Abbed Mikkel vart i 1535 saman med bisp Olav av Bergen og fleire andre teken til fange av kong Kristian II, som fyrr var burtjaga frå Danmark men som då kom upp att til Norig med fleire herskip. Bisp Olav vart straks etter frigjeven mot løysepengar, men korleis det gjekk med abbed Mikkel veit me ikkje.
Den sisste abbed i Lyse Kloster var Matias. Han var i 1536 med i Kjøpenhamn og hylla Kristian III som norsk konge. Då fleire granskarar hev meint at abbed Matias av Lyse Kloster var den same Matias som nokre år tidlegare hadde vore abbed i klostri på Tautra og Hovudøy, so skal me fortelja noko meir um denne karen. Det kann ogso syna eit døme på kor langt burt ein klosterstyrar kunde koma ifrå det upphavelege reine og gudlege arbeidsliv i klostri.
Abbed Matias var ein danskfødd mann, som i fyrsten av 1500 åri vart styrar av Tautra Cistercienserkloster ved Trondheim. Etter å ha øydelagt alle klostret sine pengar reiste han til Oslo. Abbeden i Hovudøy Cistercienserkloster ved Oslo var nyss død, og abbed Matias fekk koma seg inn på Hovudøy som ny klosterstyrar. Her stellte han seg soleis at i 1525 måtte bispen setja han ut or klostret. Han reiste so nedover til Danmark, og fekk sidan brev på å verta abbed i Tautra att. Fyrr han tok attende til Tautra gjorde han likevel fleire ferder til Bergen for å njosna etter um det var von for han å verta abbed i det rike Lyse Kloster. Men han fekk ikkje abbed Mikkel burt og reiste difyr attende til Tautra.
Her byrja abbed Matias det same liv som fyrr, og tilslutt måtte erkebispen i Trondheim taka seg av saki. Han sende sine folk inn til Tautra, tok abbed Matias til fange og førde han for retten. Av dei mange klagemåli som då vart reist mot abbeden kann me nemna: Under gudstenesta i kyrkja hadde han jamt slege munkane so blodet rann både or munn og nasa. Han hadde midt under messa kalla presten ei merr. Han hadde i eit heilt år ikkje halde messa, og 3-4 år ikkje halde morgen- eller kveldsguds-tenesta. Han fasta aldri um fredagane eller på andre fastedagar. Han kalla munkane tjuvar og kjeltringar, luterianarar og kjettarar, og dei kalla han det same att. Han førde stødt usørneleg tale ved bordet so alle høyrde på, »og er intet andet hans snak end horeri og skalkhed både morgen og aften«. Han hadde seld alt ut or klostret, teke med seg både alterkalkane og dei heilage ting, slege dei isund eller seld dei. Han hadde stellt klostret soleis at klosterkyrkja rann som eit sålld og klosterjordi var heilt vanstyrd. Og »hans tjener Peder har forklædet sig«.
Ein kann skyna av dette at abbed Matias hev vore ein nokso lettliva klosterstyrar. Kva dom han fekk for missferdi si veit me ikkje visst, men etter det ein kann skyna måtte han leggja store bøter. Desse greidde han lett. Han tok og selde heile klostret til ein dansk adelsmann, pantsette gardane som høyrde til klostret, og fekk soleis pengar til bøterne. Sjølvsagt hadde han ingen rett til å selja klostret, og kjøparen måtte sidan gjeva eigedomen attende. Det vart likevel ikkje noko kloster meir, då eigedornen straks etter ved Reformasjonen kom i staten si eiga. – Men fyrr dette hende var Matias vorten abbed att og denne gang var det i Lyse Kloster um ein skal tru segni.
Visst er det at i 1536 var ein Matias vorten abbed i Lyse Kloster, og han var likeins som Matias av Tautra ein danskfødd mann. Då det er kjend at abbed Matias i fleire år hadde stræva med å få tak i det rike kloster på Lyse, so hev ein meint at Matias frå Tautra og Matias i Lyse Kloster måtte vera ein og same mannen.
Men truleg er det ikkje so. At Matias frå Tautra kunde verta abbed i Lyse Kloster då abbed Mikkel kom burt i 1535 er ikkje heilt utruleg. Men abbed Matias i Lyse Kloster vart nokre år seinare den fyrste luterske prest i Os, og ein kann knapt tru at ein mann som Matias frå Tautra ogso vart tilsett som lutersk prest. Aldren høver heller ikkje vel. Matias av Tautra må ha vore ein noko gamall mann i 1536 og etter annalerne åt Pontoppidan døydde han nokre få år etter den tid. Men abbed Matias av Lyse Kloster døydde som prest i Os millom 1563 og 1565. Me tore soleis tru at den sisste abbed i Lyse Kloster var ein heilt annan og mykje betre mann enn den usæle abbed Matias av Tautra.
Av det som framanfyre er nemnd frå klostret si soga kunde ein lett få den trui, at klosterlivet jamt var lite sømelegt, og at abbedar og munkar ikkje livde som dei Gudstenarar dei skulde vera. Ein hev likevel ikkje rett til å tru dette. Det var vel i klosterlivet som elles i verdi, det er undantaki som stikk lengst fram. Det vonde som hender vert meldt og skrive um, men det gode, det trugne arbeidslivet vert jamnast unemnd og gløymd. Den ting at Lyse Kloster so lite er nemnd i dei 400 åri då det var munkekloster tyder nett på, at livet i klostret gjekk sømelegt og stillt utan serlege uhende eller ulivnad.
Av vitnemåli frå den store laksestriden ser me at munkane i Lyse Kloster ogso i den stridbare abbed Arne si tid var ihuga i sitt religiøse liv. Dei reiste ikring i Osbygdi, vitja sjuke og usæle, gav døyande den sisste olje og hjelpte bygdefolket på ymse måtar. Gudstenestorne i klostret var mange og lange, og at munkane jamt livde eit strengt arbeidsliv hev me enno mange vitnemål um. Me tore vel segja for visst at dei fleste klostermenn, både abbedar og munkar, livde etter si læra og sine reglar.
Lyse Kloster stod vel no på si største høgd. Dei store klosterhusi var vel vyrdsla og stellte, jordi var dyrka vida ikring, og store frukt- og blomehagar låg ikring klostret. Utanum rokk dei store klosterskogane so langt ein kunde sjå, og vida ikring på Vestlandet, frå Boknfjord i sør til Nordfjord i nord, hadde klostret eigedornar.
– Det kann høva at me no ogso ser noko på sjølve klostret, korleis det var då det stod på si største høgd fyrr nedgangstidi byrja.
Alle klosterhusi var bygde av hoggen stein. Steinen var funnen i eit berg nær ved klostret, og som kleber eller vekstein var han sers lett å hogga til. Husi var bygde i ein stor firkant med ein open plass i midten. Den opne plassen, klostergarden, var ogso firkanta med ein låg mur ikring. Midt på plassen låg klosterbrunnen der dei tok vatn til klostret. Vatnet i brunnen kom frå elvi langt uppe og vart ført fram gjenom store uthola timberstokkar. Stokkane låg djupt i jordi i blåleir og heldt seg i hundrader av år. På plassen ikring brunnen var hagesengjer eller det var tilvakse med gras.

Lyse Kloster. Grunnplan.
A. kyrkja (skipet).
B. Kyrkjekoret.
C. Nordre kapell (med graver).
D. Søre kapell.
E. Sakristiet.
F. Klostergarden
G. Krossgangen,
H. Konventstova.
I. Abbedromet.
K. Utgang.
L. Refektorium.
M. Troppuppgang (upplagsrom).
N. Dormitorium.
O. Kjøken.
P. Eldhus.
Ikring klostergarden, millom denne og sjølve klosterhusi, gjekk ein gang, krossgengen. Gangen var skild frå kloster garden ved den låge steinmuren som fyrr er nemnd. Frå taket på klosterhusi gjekk eit skråtak utover krossgangen so at han var heilt overbygd, og dei kunde difyr gå turrt på gangen i alle slag ver. Skråtaket var på framsida halde uppe av steinsulor som stod på den låge skiljemuren. På framsida mot klostergarden var sulorne rikt pryda og likeins dei runde steinbogar millom sulorne. På dei tri sidorne av krossgangen stod klosterhusi, og på den fjerde sida, mot vest, stod ein høg mur. I muren var dør med hovudinngangen til klostret. Krossgangen hadde golv av raude steinflisor.

Suleverk millom krossgangen og klostergarden. (Restaurert).
På nordre sida av krossgangen attåt denne var klosterkyrkja. Ho var lang og noko smal og bygd umlag etter lengdelina aust-vest med koret i austre enden. Koret var ikkje skild frå skipet ved nokon mur eller vegg, men korgolvet låg nokre stig høgare enn golvet nede i kyrkja. Kyrkja hadde ikkje lem men var opi til sperrorne. Golvet var av raude firkanta steinflisor. Umframt eit altar i koret var det ogso eit altar midt i skipet ved nordre langveggjen.
På kvar sida av kyrkja, attmed koret, var eit kapell. Båe kapelli hadde umlag same skap som kyrkja, og ved ein murvegg som stakk noko fram var ogso kvart kapell skift i skip og kor. Båe kapelli hadde likeins som kyrkja eit altar i koret.
Kyrkja hadde fem inngangar. Ei dør i vestre ende og ei på søre langsida gjekk beint inn frå plassen utanfyre klosterhusi og var truleg rekna som inngang for bygdefolk og andre som ikkje høyrde til klostret. Midt på søre langsida var ei dør frå krossgangen og på båe sida r ved koret var ei inngangsdør frå kvart kapell. Nordre kapellet hadde ogso ei dør ut til fri mark og søre kapell ei dør ut til krossgangen.

Frå eine kapellet mot koret.
Attmed søre kapellet var eit lite sakristi, som berre hadde inngang frå kapellet. Romet hadde truleg steinkvelving til tak.
På søre sida av sakristiet, austanfyre klostergarden og krossgangen, var samlingsromet, konventstova. Denne var stasstova i klostret, med uthogne sulor og andre prydornamenter. Taket var steinkvelv som vart halde uppe av sulor og veggmurane. Samlingsromet var brukt når det vart sett konvent, d. v. s. når alle som høyrde til klostret var samla for å dryfta vigtuge saker, og i andre serlege høve. Konventstova hadde tvo dører ut til krossgangen.
Attmed konventstova var eit mindre rom, ogso med inngangsdør frå krossgangen. Dette var abbeden sitt rom, der han tok mot dei som vilde finna han.
Ved sida av det sisstnemnde romet gjekk ein gang frå krossgangen med dør ut til fri mark austanfyre klostret. Abbeden og munkane kunde soleis koma ut og inn frå markarbeidet utan å gå gjenom hovudinngangen eller kyrkja.
På søre sida av gangen og på søraustre hyrna av husi var eit stort rom som låg nokre stig lågare enn dei andre. Romet hadde steinkvelv til tak og hadde inngangsdør frå gangen attmed konventstova. Det var skift i tvo høgder med tregolv i øvste høgdi. Romet i fyrste høgdi som låg noko djupt nede var truleg gjøymslerom for mat og anna og tente som kjellar. Romet ovanpå var matsalen, refektoriet. Det hadde langsida mot aust og vest med den frie gavlen ut mot sud.
Attmed vestre langsida var eit smalt rom med troppuppgang til dei øvste romi. Ymse ting tyder på at det ogso var brukt til upplagsrom for brennsla og andre varor.
Vestanfyre troppeuppgangen var eit stort firkanta rom med inngang frå tri sidor. Det var truleg soveromet, dormitoriet. Romet tykkjest å ha vore skift i tvo, eit større og eit mindre rom. Soleis som dette store romet ligg til kjøkenet so kunde ein tru at det var matsalen, og at det som ein hev rekna for refektorium var soveromet, dormitorium. Seinare granskingar vil truleg syna um det er soleis.
Attmed soveromet låg eit mindre rom med inngang frå alle fire sidor, frå båe sideromi, frå krossgangen og frå plassen utanfyre klostret. Eit avlaup for spillvann o. 1. gjekk frå romet ut i fri mark. Dette var truleg matlagingsromet, kjøkenet.
Ved sida av kjøkenet, i sudvestre hyrna av klosterbygnaden, låg eldhuset. Det var brukt til bryggjing og baking, til smidja og anna arbeidsrom. – Ovanpå romi i den søre luten av klostret var truleg einskilde rom for munkane.
Til klostret høyrde ogso ein kyrkjegerd. Kor denne låg veit me ikkje visst, men truleg var det nordan, eller austanfyre kyrkja og nordre kapell. Når det gjaldt sers vyrde folk so vart dei ikkje gravlagde på kyrkjegarden men inne i klostret, og ein hev funne fleire sovorne gravstader i kyrkja og andre rom.
I det nordre kapellet var seks gravstader. Steinen som låg på gravi var i same høgd som golvet. Fire av graverne var uthoggde kvar i ei heil veksteinsblokk, og dei tvo andre var mura av same slag stein. Graverne var uthoggde i steinen etter same skap som mannakroppen.
I kyrkjekoret på eine sida av altaret fann ein tvo gravstader som tykkjest vera laga samstundes. Det hev sjølvsagt vore sers høgvyrde folk som vart gravlagde i sjølve kyrkjekoret. I den eine gravi låg beinradi av ein stor sterkbygd mann, minst 1.90 m. høg. Ein gissar på at det kann vera skiparen av Lysekloster, bisp Sigurd av Bjørgvin, som er gravlagd i kyrkjekoret. Bisp Sigurd døydde i 1156.

Graver i klostret.
I konventstova fann ein tri gravstader. I den eine gravi låg beinradi av ein mann med klær av ullty og med sko på føterne. Truleg er det vyrde abbedar som er gravlagde I konventstova.
I krossgangen, utanfyre eine døri til konventstova, var ogso tri gravstader. På den eine gravi låg ei vanleg steinhella, men over dei tvo andre som var laga til ei dubbelgrav låg ei stor hella av vekstein. Liki var lagt i kistor av furetre. Den eine kista i dubbelgravi var 10 cm. stuttare enn den andre, noko som ogso er skynelegt då dette var gravstaden åt ein mann og kona hans.
Kven som er gravlagde i desse graverne veit me ikkje. Berre um dei tvo som vart lagde i dubbelgravi kann gravsteinane fortelja. På den store hella over dubbelgravi var ei innskrift som enno var råd å lesa, trass at steinen i mange hundrad år hadde lege i klostergangen, der største ferdsla i klostret gjekk. Innskrifti var soleis:
SIGURDR. SIGRID.
Her hvila tveu sømeleg hjun Sigurdr bondi a jastaudu ok Sigrid konongs frendkona husþrøya hans Gud signi sal peirra beggia.
(Her kvila tvo vyrde hjon (ektefolk) Sigurd bonde på Jåstad og Sigrid, kongen si frende, kona hans, Gud signe sjeli deira båe).

Frå klostermurane. Bogeprydnad.
Sigurd av Jåstad må ha vore ein vyrd bonde når han kunde få ei kona som var i ætt med kongen. Kva klostret fekk for å gjeva han og kona gravstad i klostret veit ein ikkje, men det er mykje trulegt at klostret hev fenge ein av gardane sine i Hardanger ved dette høve. Etter skrifti å døma er gravsteinen frå tidl ikring år 1300.
Me tore vel tru at det ogso hev vore innskrifter på andre gravsteinar i klostret, men desse er ikkje meire å sjå. Av ei melding frå 1626 fær me vita at det då låg tvo sundslegne gravsteinar med innskrift på »mjølkestova« i klostret. Gravsteinane hadde fyrr stade i kyrkjemuren. På den eine steinen stod:
Her Hvilir Nidri Undir þorgerder Moder Brodor Orms Bidir Pr. Nr. firir – – – O. III idus iulii A MCCCXXX.
(Her nedan under kviler Torgerd, mor åt broder Orm, bed fadervår for – – – Død 12 Juli 1330).
På den andre steinen kunde ein berre lesa ordi Hennar Sal (hennar sjæl). Båe desse hev soleis vore gravstein på kvinnegraver, og gravstaden hev truleg vore i krossgangen attmed kyrkjemuren.

Frå klostermurane. Sulor.
Alle klosterhusi er ikkje bygde på same tid. Kyrkja er tvillaust den eldste bygnaden og vart vel påbyrja ved skipingi i 1146. Truleg var ho ferdugbygd fyrr bisp Sigurd døyd de i 1156. Sidan vart det eine romet bygt etter det andre, og kannhenda gjekk det eit hundrad år fyrr heile klostret stod ferdugt. Ymse ting tyder på at dei yngste romi kann vera bygde so seint som i tidi millom 1220 og 1250.
Som ein vil skyna av det som her er nemnd og av dei leivder som enno er att at av husi var Lyse Kloster ein stor og prydeleg bygnad, ein av dei mætaste i Norig. Med sine høge murar og kvelvingar, bogar og sulor som var pryda med ornamenter av ymse slag var klostret eit byggverk, som i sitt slag kunde stå ved sida av sjølve Nidarosdomen som eit minne um Norigs stortid. Og det var ikkje noko i vegen for at klostret kunde stade radt til vår tid. Gjøymt inne i skogen i den logne fredsame dal og sterkt bygt av stein kunde det stade like trygt og like heilt århundrad etter århundrad, utan sers merke av tidi, soframt dei som sidan vart sette til å verna klostret verkeleg hadde synt seg som vernarar og ikkje som ransmenn og øydeleggjarar av det som dei skulde verna og verja.
Nokon uppgåva over Lyse Kloster sine eigedomar hev me ikkje frå klostertidi. Klostret sine jordebøker finns ikkje att. Men me hev ei uppgåva over jordeigedomane frå 1670, og då me ikkje kann sjå at det i tidi frå 1536 til 1670 er kjøpt eller seld nokon eigedorn frå klostret, so kann uppgåva ogso gjelda for tidi ikring 1536. Lysekloster åtte då desse gardane:
I Os: Lysekloster hovudgard, Tveitane, Holen, Lien, Kalvetræ, Sjøbøen, Buena, Nordstraumen, Sørstraumen, (alle desse høyrer enno til hovudgarden), Åsen, Sperrevik, Søvik, Salbuvik, Bjoarvik, indre og ytre Drange, Forstrøno, Nordstrøno, Sørstrøno, Økland, Askvik, Grindevoll, Skeie, ytre og indre Tuen, ytre og indre Lekven, Lunde, Mobergslien. ytre og indre Moberg, Ulven, Skogen, Tøsdal, Eikhaug, Søfteland, Sanden, Sælo, Haukeland, Tømmernes, Røykenes, Gåssand, Lund, Borgen, Bø, Hauge, Eide, Øvreeide, Tveit og øvre Rød. Dertil Moberg laksevåg, Hatvik laksevåg, Ferstad laksevåg og Lunden laksekjer, som ogso var serskilt skyldsette.
I Fana: Krokeid, Rød, Nordvik, Kismul, ytre og indre Hamre, Valle, Hatlestad. øvre og nedre Sandven, Stigen, Almeland, Kaland, Austevoll, Fortun, Bahus, Haugland, Fjelltveit og Fjellbyrkjeland,
I Fusa: Kolle, Holmefjord, Helland, Bakke og Gjerdevik.
I Samnanger: Haugen, indre og ytre og midt-Hisdal, Ulland, Jarland og Tysseland.
I Hålandsdalen: Ragnhildstveit, Høghilder og Berhovde.
I Strandvik: Djupevik, Kleppe, Svinestein og Skår.
I Tysnes: Dalsgard, øvre og nedre Gjelland, Elholm, store Heie, Mevatne, Økland og Singelseter.
I Fitjar: Helland, Nesbø, Vespestad, Skålevik, Gloppen og Blenes.
I Austevoll: Hufthamar, Storebø, Bjånes, Bjelland, Søreide, Nordeide og Våge.
I Sund: Kleppe, Førde, Forland og Høyland.
I Mæland: Bjørnestad, øvre og nedre Sagstad,
I Alversund: Skår.
I Sæbø: Haukeland og Storheim.
I Austrheim: Litlelindås.
I Haus: Øvre og nedre Romslo.
I Bruvik: Vik.
I Kvinnherad: Eikeland, Hjorteland, Bringedal og Skarvetun.
I Strandebarm: Sjurseter, store og litle Haukås, store og litle Fosse, Koltveit, Ugletveit og Ljones,
I Jondal: Mælen, Sævarhagen, Tveit og Lysen.
I Kvam: Netteland.
I Granvin: Øvre og nedre Seim.
I Ulvik: Opheim, Hydle og Nesheim.
I Eidfjord: Sæbø.
I Kinsarvik: Indre Djønne, Åkre under ytre Djønne, Langeseter, Råen, Utne, Ulgenes, Lussand, Beggevik, ytre Bjotveit, Ringøye og Urheim.
I Ullensvang: Indre, ytre og midt-Bleie, Åkre, Kråkevik, Villure, Sekse Trappetun, øvre og midt-Sekse, Bratespe, Frøynes med Åsen, Århus med øvre Hagen, Opedal, Helleland, Lofthus, Ernes og Vandvik.
l Odda: Hildal, Sandven, Bustetun og Eide.
I Bremnes: Meling og Rubbestad.
I Etne: Mo.
I Sveio: Nordre og søre Tjernagel,
I Skåre: Rossebø.
I Avaldsnes: Sørvåg og Velle.
I Strand, Ryfylke: Bjørheim og Lekvam.
I Høyland, Rogaland: Trones.
I Balestrand: Øvre Rud og Eiken.
I Kyrkjebø: Fitje i Åkreviken.
I Aurland: Li og Holum.
I Hafslo: Hauge.
I Luster: Hauge, Skildeim, Sørheim og Leirdalen.
I Eid, Nordfjord: Tjørstad, Smørdal, Dalset og Myrold.
Lyse Kloster åtte soleis over 200 gardar. Av desse var ikring 50 i Os og ikring 50 i Hardanger. Rekna etter vårt skyldverde var den samla eigedom ikring 1500 skyldmark og hadde eit samla pengeverde av 7-8 millioner kroner i våre dagar.
ETTER KLOSTERTIDl.
I 1536 vart Lutherlære innførd i Danmark-Norig ved eit kongebod, og ho tolde ikkje munkar og klosterliv. Den danske kongen (staten) rekna no klostri for å vera sin eigedom, mange stader vart munkane beint fram ut jagde or klostri, og klostereigedomane vart gjevne til danske adelsmenn utan omsyn til dei som fyrr hadde ått dei og som fyrr hadde havt heimen sin her.
Me hev liti greida på hendingane i Lyse Kloster. Truleg vart ikkje munkane her utjagde med ein gong, men dei reiste burt noko etter kvart. I 1537 var abbed Matias framleis styrar av klostret, men det var truleg ogso siste året.
I 1538 gav den danske kongen ein av klostereigedomane, Saltøydegarden i Bergen, til slottskrivar Jens Sørensen på Bergenhus, og dette syner at klostret med sine eigedomar då var kome i kongeleg eiga.
Abbed Matias tok ved den luterske læra og vart prest i Os. Ein dansk mann Nils Berildsøn som hadde lånt danskekongen 500 dalar vart styrar av Lysekloster. Nils Berildsøn hadde fyrr vore fut hjå stormannen Eske Bilde på Valland, men i 1541 var han vorten styrar av klostret og frå 1546 fekk han klostret med alle tilhøyrande eigedomar i pant for dei 500 dalane som kongen skulda til han. Og frå no av gjekk Lysekloster i over 100 år som ein kastekjepp frå den eine danske adelsmannen til den andre.
Nils Berildsøn hadde ikkje klostret lenge som pant. Alt året etter, i 1547, fekk Aksel Urne til Søgård løyve til å innløysa pantet og taka godset i bruk. Han hadde det til 1560 då lensherren på Bergenhus, Erik Ottesøn Rosenkrants, fekk rett til å innløysa det att frå Aksel Urne. Samstundes fekk Erik Rosenkrants kongebod um å riva ned ymse hus i klostret og føra timberet og steinane til Bergen for å byggja på Rosenkrantstårnet (Valkendorfstårnet) som enno stend der. – Dermed var øydeleggjingsarbeidet byrja i klostret.

Lysekloster i vinterbunad.
Husi er bygde i 1723-24 av Hans Henriksøn Formann og kona Karen Rasmus dtr Lindgård.
Ein trong ikkje beda Erik Rosenkrants tvo gong er når det gjaldt å riva ned klosterhusi. Han tok det han trong, både til tårnet i Bergen og til anna bruk. Då han i 1562 skulde gravleggja ein liten sonen sin, tok han ein gravstein frå Lysekloster og sette over gravi hans i Bergens Domkyrkja. I 1565 fekk han kvittingsbrev frå kongen for »bo, boskab, kirkeornamenter, fæ, kvæg og andet inventarium som findes udi Lysekloster.« Me ser soleis at han då hadde gjort reint bord og rydja klostret for alt som fanns i husi. Og i dei 11 åri då han hadde Lysekloster fekk Erik Rosenkrants gjort mykje og grundigt øydeleggjingsarbeid i klostret.
I 1571 fekk Emmike Kås Lysekloster. Han hjelpte ogso godt til med riving av klosterhusi. I 1577 sende den danske kongen ein steinhoggar Herman upp til Norig for å riva stein or eit steinbrot i nærleiken av Lysekloster og taka stein or klostermurane. Steinen vart kjørt til sjøen ved Buene, og um våren 1578 vart han førd til Danmark til bygnad av Kronborg slott.
Etter at Emmike Kås var død fekk Morten Skinkel, »kongl. mej.s skibshøvedsmand», Lysekloster i 1584. Dei andre hadde havt eigedornen fritt, men Skinkel skulde gjeva 100 dalar um året i avgift til kongen.
Morten Skinkel hadde klostret berre eit par år, då det vart gjeve til adelsmannen Henning Sperre. Han fekk ogso vera med å riva på klostret. Kristian den fjorde som nett var vorten konge gav Henning Sparre påbod um å senda ei heil skiplast med stein frå Lysekloster sørover til kongen sin morfar, hertug Ulrik av Meklenburg, då han hadde bruk for sovoren gild stein. Og so vart gjort. Tyskaren fekk ein heil skipfarm med stein frå klostermurane.
Henning Sparre døydde i 1594, og Gabriel Skinkel til Sjøholm fekk no godset for ei årleg avgift av 200 dalar. Han hadde det berre i 6 år då han ogso døydde. (Det ser ut til at adelsmennene sjeldan vart gamle etter at dei fekk Lysekloster). Ditlev Holck til Høygård fekk det no for same avgift som fyremannen lagde, men han vart heller ikkje gamall i klostret. Han hadde det berre eit år og godset kom so til Melchior Ulfstand til Axelsvold.

Kamin Lysekloster. Frå 1613.
Melchior Ulfstand hadde Lysekloster til 1612. Det vart då lagt til lensherren på Bergenhus Nils Vindt, men alt året etter vart det gjeve til danskekongen sin »kammerjunker og hofskjænk» Ernst Normand til Palsgård og Selsø. Han fekk godset kvitt og fritt utan avgift, og fekk attåt femteparten av den uvisse innkoma, bøter o. 1., truleg avdi han hadde skjenkt kongen so mangein god tår.
Ernst Normand vart heller ikkje gamall i Lysekloster, og i 1615 kom klostret til ein annan danske, Thomas Nold til Magelev, som fyrr hadde vore styrar på Kronborg slott. Han fekk halvparten av den uvisse innkoma kvitt og fritt, og for den andre halvparten gav han kongen 192 dalar um året. Han hadde klostret radt til 1634 då han døydde.
Då Nold døydde fekk jægermeistaren åt kongen Otto Thermou til Hohenfinow eigedomen. Thermou var ein strid herremann som heldt leiglendingane i streng age og krov mykje av dei. Serleg gjekk det ut over leiglendingane i Os som hadde å gjera arbeid til klostret. Då dei negta å gjera meir arbeid enn dei var van å gjera so fekk han fleire domar på de i, og i 1636 fekk han ogso kongen til å senda Osbønderne eit serlegt kongebrev med trugsmål um mykje vondt, soframt dei ikkje lydde Otto Thermou og gjorde alt det arbeid som han krov av dei.
Både Thomas Nold og Otto Thermou hadde vore stride på Lyseklosterskogane, so kongen fleire gonger fann det turvande å halda skyn over skogen. I 1636 hadde Thermou hogge mykje eiketimber i skogen. Dette spurdest i Kjøpenehamn, og kongen gav påbod til lensherren på Bergenhus um å taka timberet frå Thermou og senda det nedover til Kjøpenhamn eller selja det i Bergen. Thermou fekk soleis ikkje gagn av eikestokkane.
Då Otto Thermou døydde i 1640 fekk ein annan dansk adelsmann, Oluf Brokenhus til Hjulerød, Lysekloster. I hans tid herja dei ogso svert på klostermurane. I 1642 vart det etter kongebod sendt ein vaktmeistar, ein soldat og ein steinhoggar upp til Norig, for at dei saman med «Peter Negelsen biltsnider» skulde riva stein or murane på Selja og Lysekloster. Desse karane reiv i det heile 518 steinar or klostermurane, saga og hogde steinane til, og sende dei i eit av danskekongen sine skip nedover til Danmark.
Oluf Brokenhus hadde klostret til 1647 då ein av kongen sine skrivarkarar, Kjeld Krag til Trundsholm, fekk eigedomen. Han vart ikkje gamall i klostret. Alt i 1650 gjekk klostret til ein annan dansk adelsmann, Bjørn Ulfeldt. Han døydde i 1657 og Kristofer Urne til Åsmark fekk no klostret for tvo år. Kristofer Urne, som ogso fekk Halsnøy kloster og Hardanger len, var den sisste som hadde Lysekloster i »forlening«.
I dei 120 åri som var gjengne etter Reformasjonen hadde Lysekloster havt 17 styrarar eller lensherrar. Alle var dei danskar, og dei hadde kvar etter si evna hjelpt til med å riva og rydja dei gamle storfelde klosterhusi. Rett nok hadde kongen, kvar gong kan gav klostret til ein av dei danske adelsmennerne, det skilord med i festebrevet at dei skulde halda klostret »ved god hevd og bygning». Men desse ordi tykkjest ikkje ha vore so sers ålvorsamt meinte. Kongen var sjølv den verste kloster-rivaren, og det var då ikkje å venta at tenarane skulde syna seg å vera betre enn herren.
Det er skynelegt at dei danske adelsmennerne som fekk klostret i forlening freista å få mest mogeleg ut av eigedomen i dei nokre åri dei hadde han kvar. Flestalle av dei hadde futar til å styra og stella, og att imillom pakta dei ogso eigedomen burt til andre. Det er lett å skyna at både futar og paktarar gjorde kva dei kunde for å tena mest mogelegt og skrapa inn alt som kunde skrapast. Dei som fekk svida for alt var dei stakars fatige leiglendingar ikring i bygderne.
Den fyrste fut i klostret som me kjenner til var Nils Lauritsøn. Han vart fut i fyrsten av 1560 åri då Erik Rosenkrants hadde Lysekloster. Nils Lauritsøn vart i 1565 gift med Kristine Finns dotter, ei dotter åt Finn Hanssøn av Krukov-ætti og kona Marta som ogso var av norsk adels-ætt. (Ei halvsyster åt Kristine var gift med presten i Os, Jens Pedersen). Etter det ein kann skyna var ogso Nils Lauritsøn av god ætt, og i bryllaup og andre lag i Bergen vart Nils Lauritsøn og kona sessa millom dei aller fremste, ved sida av bispen, lensherren på Bergenhus og andre stormenner.
Nils Lauritsøn kom i strid med Ospresten og andre um laksefisket i Oselvi. Han vyrde korkje domar eller skynsavgjerder og tykkjest etter si åtferd i laksestriden å ha vore ein sjølvrådug og strid mann. Men kannhenda gjorde han berre det som herren hans, Erik Rosenkrants, baud og var berre ein lydig tenar hjå den griske husbonden.

Løda frå 1595. Grindverket set frå langsida.
I 1571 slutta han som fut i klostret og vart sidan rådmann i Bergen. Han åtte fleire gardar og hadde millom anna bytt til seg garden Hetteberg som han var eigar av då denne brann upp i 1572.
Strange Jørgensøn vart fut i klostret i 1572, og hadde yrket til fram i 1590 åri. Strange var ein drivande kar. Medan han var i klostret tok han til med saltbrenning, truleg i Salbuvik (Saltbudvik) og kom for dette i strid med ein Hans Skøtt som meinte seg å ha einerett på saltbrernningi her. I 1591 fekk han kongelegt løyve til å setja upp ei vindmylna i nærleiken av Bergen. I 1595 bygde han ei drusteleg løda på Lysekloster. -Løda som hadde Strange sitt namn og årstalet innhogge på eine tverrbiten stod radt til 1917 da ho brann ned. Ho var då truleg den eldste løda i landet, og professor Johan Meyer hev gjeve ei utgreiding um henne i ei av bøkerne sine.
Strange Jørgensøn tykkjest å ha vore ein av dei gode futane. Det var i hans tid mykje nyrydjing og bureising på Lysekloster-gardane, og alt tyder på at det vart sett gode vilkor for nyrydjing. Strange vart ein rik mann som åtte fleire eigedomar. I 1591 fekk han ogso garden Bø i Os som han brukte til 1597. Då han slutta som klosterfut vart han borgar og rådmann i Bergen, og Stranges fattighus som han skipa der stend enno til minne um han. Sjå også um Strange Jørgensøn i gardssoga under Bø.

Løda frå 1595. Mot gavlen.
Løda frå 1595. Namnet på biten.
Herluf Lauritssøn vart fut etter Strange. Han var fødd i Bergen og tok til å studera, men måtte gjeva seg på dette då han hadde liti råd. Han tykkjest vera klosterfut alt i 1592 då han i eit skriv frå den tid vart kalla Henning Sparres tenar, men korleis tilhøvi var millom han og Strange Jørgensøn der som klosterfut bygde løda i 1595 er uråd å segja. Herluf tok borgerskap i Bergen 1598, men han var ogso fut i Lysekloster dei næraste åri etter 1600. Herluf var gift med Anne Kristens dtr. som seinare er kjend under namnet »Herlufs-Anne«.
Herluf er vorten mest kjend avdi det er han som hev skrive »Bergens Fundats», (innteke i Norske Magasin I). Som kjøpmann i Bergen vart han ein rik mann og åtte fleire eigedomar i Bergen og Sunnhordland. I sitt testament gav han 200 dalar til Nykyrkja i Bergen for gravstaden, 100 dalar til presten og dei andre som fylgde han til gravi, og 3 tunnor mjøl til dei fatige. Han døydde ikring 1628 og ekkja gifte seg uppatt med Jens Jensøn Varbjerg. Men »Herlufs-Anne« fekk ein syrgjeleg lagnad. I 1632 vart ei »heks« i Bergen teki avdi ho ved trollkunster »havde faaet borgermester Rasmus Lauritsens skib at forgaa«. Då »heksi« vart pint »bekjendte« ho på Herlufs-Anne som difyr vart teki og sett fast. Men då dei um morgenen skulde sjå til Anne i fengslet fann dei henne død og »med halsen omdreiet«. Det var den vonde som hadde teke henne straks for at ho ikkje skulde fortelja noko vart det sagt. Den andre »heksi« vart halshoggi og den døde Herlufs-Anne vart brend på Nordnes i Bergen 20. juli 1632.
Etter Herluf vart Kristian Matzøn fut i klostret. Han kom upp i ein strid med Strange Jørgensøn og nokre andre um trollkjeringar. Kristian hadde fenge tak i ei kjering som han mistenkte for trollkunst, hadde kasta henne i vatnet og fare ille med henne på ymse måtar. Han hadde på denne måten fenge kjeringi til å nemna på fleire trollkjeringar, m. a. ogso konorne åt Strange Jørgensøn og fleire andre vyrde menn. Kristian Matzøn vart stemna til tinge for å svara for sine skuldingar, men han møtte aldri og saki fall burt.
Etter at eigedomen ei tid var driven med paktarar vart versonen åt Strange Jørgensøn Morits Busk fut i klostret. Han var ein streng kar mot dei fatige leiglendingane, og enndå stridare vart han sidan som fut i Munkeliv kloster. Morits Busk fekk i 1617 garden Hauge i Os som han hadde til 1630. Sjå meir um han der og i bolken um dei økonomiske tilhøvi i bygdi.
I 1620 åri var Albert Berner fut i Lysekloster. Berner som sidan vart gift med ei dotter åt Morits Busk var ein bondeplagar av verste slag og snytte og lurde bønderne på alle måtar. Han krov jamt, utan å ha rett til det, store bøter og skatt av bønderne, og då han eingong på klagemåli frå dei fekk kongebod um å gjeva dei uretteleg tekne skattane attende so slapp han undan ved å segja at han hadde mist pengane på sjøen. Tilslutt vart likevel klagemåli so mange og store at han i 1633 av kongen vart avsett som klosterfut, men fekk samstundes posten som stiftsskrivar i Sunn- og Nordhordland. I 1628 fekk han garden NordStrøno som han hadde til 1638, og han vert nærmare umtala der.
Sjå ogso meir um klosterfutane i bolken um økonomiske tilhøve i bygdi.

Løda frå 1595. Stav, bite og band,
Ufreden med Sverik i slutten av 1650 åri valda store utlogor for den dansk-norske staten. Kongen fann no at han ikkje lenger hadde råd til å gjeva dei store Lyseklostereigedomane i løn til skjenkesveinar og jægermeistrar, og han freista no å tena nokre skjelingar på Lysekloster. I 1659 pakta han burt klostret for eit år til den søkkrike Hermann Garmann i Bergen, far åt Ospresten Kristofer Garmann. Han måtte leggja 1000 dalar i avgift for dette eine året. Men det var ogso den sisste årsinnkoma danskekongen hadde av Lysekloster.
Kongen var i ufredstidi komen i stor skuld, m. a. hadde han lånt mange pengar hjå borgarmeistaren i Helsingør, Nils Hanssøn Smidt. Den 13. mai 1660 måtte han setja Lysekloster i pant til Smidt for skuldi, som i det heile vart 28675 dalar. Smidt fekk rett til å taka den pantsette eigedomen i bruk og då han i 1661 vart skiftsskrivar i Bergen flutte han upp til Norig og busette seg på Lysekloster. Kongen greidde ikkje å løysa eigedornen inn att, og den 23. august 1670 fekk Nils Hansøn Smidt skøyte på Lysekloster, som frå den dag hev vore i privat eiga. Skøytet galdt heile eigedomen som han var og hadde vore, med hovudgarden, skogar, laksevågar, fiskeretter, og dei 200 gardane i Os-bygdi og andre bygder som me fyrr hev nemnd.
Då klosterhusi etterkvart var so øydelagt av dei fåtenkte ransmennerne at dei ikkje meir var brukande til bunadshus, so vart det under ein av dei danske klosterstyarane sett upp hus heime på Lyse, i nærleiken av den gamle Lysegarden, der dei hadde fritt utsyn over fjorden og bygdi. Nils Hanssøn Smidt bygde no desse husi um att. På ein kamin i huset stend enno namnet hans og årstalet 1661. Likeins sette han upp eit kapell på garden til bruk for seg og huslyden. Kapellkyrkja, som vart innvigd av bisp Skjelderup Mikjelsmessdag 1663, stend enno i same laget og er brukt til gudstenestor. Likhuset som stend attmed kapellet vart ikkje bygt av Smidt, men er uppsett umlag 100 år seinare av Henrik Formann.
Smidt fekk ikkje lang hugnad av Lysekloster. Han døydde alt i 1670, same året som han vart rett eigar av klostret, og ekkja Else Peders dotter fekk no eigedomen. Då ho døydde gjekk godset til borni hennar Peder Smidt og Else Katrine Smidt som var busett i Danmark. Dei selde i 1699 det heile til ein kjøpmann i Bergen Jakob Andersøn Widing og kona hans Anna Mikkels dotter.
Jakob Widing var ein drivande kar. Det segjest at det er han Ludvig Holberg hev teikna bilæte av i sin »Bergens beskrivelse«, um mannen som ikkje tolde sjå nokon stå gjerandslaus på gata. Jakob Widing fekk likevel ikkje yrkja mykje i Lysekloster. Han døydde alt i 1701 eller 1702, og ekkja og sønerne hennar Johan og Jakob Widing hadde so eigedomen tildess dei selde i 1722, og godset kom inn i Formannsætti, der det stødt sidan hev vore.
Hans Henriksen Formann var kjøpmann i Bergen. Han var av ei gamall kjøpmannsætt som radt frå 1550 hadde kjøpmannskap i Bergen. Hans Formann var fødd i 1672. Den 4de april 1722 kjøpte han Lysekloster av huslyden Widing for 17000 dalar og ætti hans hadde sidan eigedomen,

Kamin i Lysekloster frå 1661.
Den nye eigaren tok straks til med husbyggjing. Den gamle hovudbygnad vart riven og nytt hus uppsett på same stad. Ymse ting frå det gamle hus, t. d. kaminane, vart standande i nybygnaden. Dei tvo fløybygnader vart truleg bygde heilt frå nytt, då det visst ikkje var sovorne på gamlehuset.
Hans Formann var ikring 1700 gift med Karen Lindgård, dotter åt kjøpmann i Bergen Rasmus Lindgård. Dei hadde 6 born: Henrik, som vart busett på Lysekloster, Modesta, gift med syskenbarnet sitt kjøpmann Berent Madtsøn Formann i Bergen, Maren, gift med skippar og fabrikkeigar Didrik Jansøn Fasmer i Alvøyi, og Karen ugift. Dei andre tvo borni døydde unge.
Det gjekk med Hans Formann som med so mange andre av klostret sine eigarar og brukarar: han vart ikkje gamall i Lysekloster. Fyrr dei nye husi var ferduge og berre eit år etter kjøpet av eigedomen døydde han. Husi som vart ferduge i 1724 hev difyr ogso denne innskrift over hovuddøri: »Sal. Hans Henrichsøn Foormen, Karen Rasmusdatter Lindgaard, Anno 1724«.
Hans Formann var ein rik mann. Kona sat etter hans død i uskift bu tildess ho døydde i 1760 og den samla eiga som vart skift millom dei 3 attlivande borni var 23216 dalar.
Henrik Hansøn Formann, fødd 1703, vart eigar av Lysekloster etter mori. Han var student, men då faren døyd de måtte han reisa heim til Lysekloster og taka styret av eigedomen. I 36 år stjorna han den store eigedomen for mori, og fyrst i 1759 fekk han skøyte på godset for 15200 dalar.
Henrik Formann bygde eit likhus attåt den kapellkyrkja som Nils Smidt hadde bygt eit hundrad år tidlegare. I dette gravkapell eller likhus stend kistorne åt Henrik Formann og kona hans Anna von Erpecom Formann den dag i dag. Fleire av ætti er ogso seinare gravsette i likhuset.
Henrik Formann var gift tvo ganger. Fyrste gong i 1725 med Margreta Geelmuyden, dotter åt presten i Kvam Peder Geelmuyden. Mor hennar var dotter åt Ospresten Kristoffer Garmann. Margreta som var fødd på prestegarden i Os 1699 døydde barnlaus i 1728. Henrik Formann vart so i 1730 uppatt gift med Anna von Erpecom, dotter åt kjøpmann i Bergen Abraham von Erpecom.

Hovedhuset på Lysekloster set frå gardsplassen
Med sisste kona hadde Henrik Formann 4 born:
l. Hans, som fekk Lysekloster,
2. Abraham, rådmann i Bergen, gift med syskenbarnet sitt Gierche Marie Didriks dir. Formann,
3. Rasmus Lindgård, forvaltar på Lysekloster og sidan kjøpmann i Bergen, gift med Lydia Henrikke Ridder, og
4. Henrik, kjøpmann i Bergen og seinare gardbrukar på Lillebergen i Alversund, gift med Janikke Ridder.
Henrik Formann døydde i 1773. Han tykkjest å ha stjorna eigedornen godt. Enndå det fyrr var halde eit skifte so var det ved skiftet etter siste kona då ho døydde i 1787 umlag 80 år gamal, 8 945 dalar å skifta millom borni.
Eldste sonen Hans Henriksen Formann vart no eigar av Lysekloster. Han var fødd 1730, vart student, tok juridisk eksamen og vart borgarmeistar i Bergen 1765. Same året fekk han skøyte på Lysekloster etter faren for 15000 dalar.
Som borgarmeistar i Bergen måtte Hans Formann bu i byen, og den store Lyseklostereigedomen vart driven ved leigde forvaltarar. Stjorningi vart nok ikkje so god som ho burde vera, garden gjekk attende, og då eigaren attåt førte eit stort hus både i Bergen og på Lysekloster sette han seg i mykje skuld. Då han døydde i 1783, fire år fyrr mori, var eigedornen mykje hefta med panteskuld, og det tyktest tungt for ettermannen å taka byrdi.
Hans Formann var gift 1766 med Johanne Cathrine van der Velde, fødd 1730, død 1780, dotter åt oberstløytnant Jan van der Velde, Bergen. Ho hadde fyrr vore gift med ein skottlendar William Alexander, som var kjøpmann i Bergen. Hans Formann og Johanne Cathrine hadde berre eit barn, dotteri Wilhelmine. Då faren døydde fekk ho Lysekloster. Ho var då berre 15 år garnall. I 1796 vart ho gift med ein tremenning av seg, Henrik Formann, og dei vart buande på Lysekloster.
Henrik Henriksøn Formann, som no fekk Lysekloster med kona si, var son av skippar og kjøpmann Henrik Jansøn Formann og andre kona hans Cathrine Abradams dir. Formann. Faren hadde fyrr vore gift med Cetharina von Erpecom. Henrik var fødd 1758 som nr. 14 av 18 sysken. Hans bestefar på farsida, Jan Formann, og likeins hans oldefar på morsida, Willats Formann, var brør til den fyrste av Formannsætti på Lysekloster, Hans Henriksøn Formann, og han var soleis i dubbel ætt med Wilhelmine.
Henrik Formann var student og tok juridisk eksamen i Kjøpenhamn. Det fortelst, at då han ein gong skulde reisa frå Bergen til Kjøpenhamn for å taka sisste eksamen fekk skipet som han fylgde ein skade straks etter at det gjekk frå Bergen. Skipet lagde inn til Bukken for å vøla skaden. Medan vølingi stod på reiste Henrik, som var leid av å liggja i Bukken, inn til Lysekloster for å helsa på skyldfolket sitt i klostret som han lite var kjend med. Der fekk han sjå den unge og fagre Wilhelmine, og fyrr skipet var vølt og han gjekk umbord att var han trulova med gjenta og hadde fenge husbondsretten på Lysekloster.

Hovudbygnaden med søre fløy.
Henrik og Wilhelmine vart gift i Lysekloster kyrkja 1796. Den nye eigaren sette straks alt inn på å berga eigedomen, og ved klok og dugande drift greidde han å løysa inn det eine pantebrevet etter det andre. Av ymse skriv frå han kann ein sjå, at dei som hadde lånt den fyrre eigaren pengar mot pant i Lysekloster mislikte mykje at dei no fekk pengane sine att. Truleg hadde dei heller sét at den nye eigaren hadde auka skuldi, so at dei som panthavarar sjølv ein gong kunde fenge tak i den store eige domen. Men fyrr Henrik Formann døydde i 1815 var alle pantebrevi innløyste og Lysekloster var skuldfri.
Henrik Formann dreiv eigedomen godt fram, dyrka, grøfta og rydja ny jord, freista med nye kornslag, betre buskap og nye smaleraser, og sytte for tidhøvelege reidskaper til si eigi gardsdrift og til leiglendingane. Han fekk bygd veg frå Lysekloster sørover til Ulvenvatnet og austover gjenom Langedalen til hovudvegen ved Søfteland.
Han var godgjerande og hjelpte leiglendingane sine mykje i dei trange krigsåri so at dei fekk sitja på gardane og greidde skyldnaderne sine.

H. H. Formann. (1758-1815).
Henrik Formann vilde gjerne hevja Lysekloster upp til makt og æra. Han søkte difyr um å få Lysekloster gods skipa til eit baroni, likeins som Hoff Rosenkrone hadde fenge Rosendalsgodset, eller iminsto at eigarane måtte få ein høveleg titel og rang.
– Det er sagt at han i dette høve vilde ha namnet baron Lysekrone, likeins som herren i
Rosendal var baron Rosenkrone. Og det er ting som tyder på at det var soleis.
Det vart likevel ikkje noko av baroniet Lysekloster. Riksstyret fann at Formann hadde like stor magt og rett over sine 200 gardar og sine 5-600 leiglendingar som ein verkeleg baron, og ein trang ikkje skipa noko baroni for dette. Ein titel av kammerråd e. l. var riksstyret gjerne viljug å gjeva han, men det brydde Formann seg ikkje um. Spursmålet um baroni fall med dette heilt burt.
Henrik og Wilhelmine Formann hadde 11 barn. Av desse vart tvo vaksne, dei andre døydde unge eller var dødfødde. Dei tvo som vaks upp var dotteri Johanne Cathrine, gift med konsul Nagell, og sonen Henrik som vart busett på Lysekloster.
Ved skiftet etter Henrik Formann i 1815, (kona var død fem år fyrr) , var den samla eiga 62186 dalar, derav jordeigedomane 57035 dalar. Av dette fekk sonen tvo tridje-partar, hovudgarden og alle eigedomane i Os, Fana og Vågs tinglag, og dotteri fekk resten.
– Ein lyt merkja at i 1815 hadde pengane mykje mindre verde enn ved dei tidlegare skifter, difyr den store sum no.
Den nye eigaren av Lysekloster, Henrik Henriksen Formann, var berre 15 år då faren døydde. Han stogga straks upp med sin skulegang, og då hans hug stod meir til jordbruket enn til boki reiste han ned til Vestfold for å læra jordbruk hjå overlærar Sverdrup, som då stjorna den store Jarlsberg hovudgerd. Etter eit par års læretid på Jarlsberg reiste han heim til Lysekloster og tok sjølv styret av eigedomen som etter farens død var stjorna av ein forvaltar. Han brukte ogso sidan å ha ein eller tvo forvaltarar til hjelp ved stjorningi av dei store eigedomane sine.

H. H. Formann. (1800-1871).
Henrik Formann heldt fram med gardsdrifti i same leid som faren, og då han hadde god utdaning i jordbruk dreiv han eigedomen godt fram. I 1833 kjøpte han den store herregarden Stedje i Sogndal. Her byrja han fruktavl i stor stil, og frukthagane på Stedje vart truleg dei største i landet. Um sumaren heldt Formann seg på Stedje, medan han um vinteren vanleg var på Lysekloster. Elles reiste han ogso jamt ikring i utlandi.
Då konsul Nagell, som med kona si Johanne Cathrine Formann hadde fenge tridjeparten av det gamle Lyseklostergodset, var død i 1854 vilde Henrik Formann gjerne få heile godset samla att. Han gjorde difyr kjøp på alle Nagell sine eigedomar for 70000 dalar. Dette var ein sver sum og Formann hadde vanskar med å greida kjøpesumen. Han søkte difyr um å lata kjøpet falla burt, og systeri, ekkja etter Nagell, var beinsam nok til å gjera som han ynskte.
Formannsætti hadde ikkje minka på Lyseklostereigedomane, og godset var enno like stort som då klostret stod på sitt høgste. Den sisste eigaren hadde ogso auka det munaleg, soleis ved kjøpet av Stedje. Han kjøpte ogso fleire andre gardar, m. a. Hovland, Hetleflåten, Hatvik, Klyva, Midtsæter, halve Hegglend og noko av Røttingjo i Os, og ymse gardar i andre bygder. Likeins kjøpte han Os kyrkja og dei gardar som kyrkja åtte. Lysekloster hadde soleis no ¾ av Osbygdi.
Henrik Formann var ugift. I sitt testament hadde han fastsett at all hans eigedom skulde skiftast millom hans systerborn Nagell. Henrik Formann døydde snøgt i Bergen 187l.

Nicolay Nicolaysen. Anna Dorothea Nicolaysen, f. Nagell,
Systeri Johanne Cathrine Formann var som nemnd gift med konsul Hans Nagell i Bergen. Hans Nagell var av ei gamall kjøpmannsætt som i lange tider hadde vore busett i Bergen og indre Sogn. Hans Nagell og Johanne Cathrine hadde 12 born, men av desse var berre 6 attlivande då morbroren på Lysekloster døydde i 1871 og etla til dei heile sin eigedom.

Frå Lysøy i Ole Bull si tid.
Ervingane etter Formann vart straks samde um å selja alle gardane utanfyre Osbygdi og likeins dei gardar i Os som ikkje høyrde til sjølve hovudgarden. Spursmålet vart då um kven som skulde taka hovudgarden, Lysekloster, som dei fann at ætti framleis burde ha. Dei tvo brørne hadde stort gardsbruk fyrr, Hans Johan på Njøsgård i Sogn og Henrik på Frøslunda i Sverik, Systerne Wilhelmina og Georgine var ugifte, og det måtte soleis verta ei av dei tvo andre systerne Anna Dorothea eller Henriette som måtte taka garden. Anna Dorothea var eldst av alle syskeni, og det vart ho som no fekk Lysekloster.

Ole Bull-heimen på Lysøy.
Den nye eigaren av Lysekloster, Anna Dorothea Nagell, var fødd i 1822. I 1843 vart ho gift med kjøpmann Nicolay Nicolaysen i Bergen. Han var av ei gamall kjøpmannsætt og hadde fyrr vore gift med Wibecke Janson. I sitt fyrste giftarmål hadde han fleire born.
Nicolaysen og kona flutte straks til Lysekloster og tok styret av garden, som dei fekk etter takst. Berre dei bruk som frå fyrst av var tekne av sjølve Lyseklostereigedomen og grensa inn til denne fylgde no med hovudgarden. Alle dei andre eigedomane i Os og andre bygder vart selde. Dei fleste bruk vart kjøpt av bygselmennerne sjølv, likevel vart i Os umlag 40 bruk kjøpt av Staten som kom bygselmennerne i fyrevegen. Dei store »Friskogane« vart ogso kjøpt av Staten. Lysøy vart seld til ein bygselmann som atter selde øyi til Ole Bull. Han bygde seg heim på øyi.

Frå Ole Bull-heimen på Lysøy. Musikhallen
Nicolay Nicolaysen fekk ikkje bu lenge på Lysekloster, då han døydde alt i 1875, umlag 71 år gamall. Kona måtte no taka styret. Ho hadde lenge vore sjukleg, men etter at ho kom .til Lysekloster vart ho likevel so bra, at ho greidde å styra eigedomen ved hjelp av ein gardsstyrar eller paktar. I 1874, fyrr mannen døydde, vart eigedomen skøytt til dotteri Wibecke, einaste barnet i ekteskapet med Nocolaysen, og ho hjelpte mori i arbeidet. Anna Dorothea Nicolaysen døydde i 1905.

Wibecke Nicolaysen.
Wibecke Nicoleysen fekk som nemnd eigedomen i 1874 og vart styrar åleine då mori døydde. Ho var ugift og dreiv for det meste eigedomen ved paktarar. Husi vart haldne godt vedlike i den garmle stil, og alt vedkomande hovudhusi både ute og inne stend difyr framleis som det stod i 1700 åri. Den gamle løda brann diverre upp i 1917 so ny løda måtte byggjast.
I 1917 selde frk. Nicolaysen Lysekloster til skipsreidar Georg von Erpecom, Bergen. Ho tok undan hovudhuset, hagen og kyrkja som ho hadde solenge ho livde. Lysekloster hev i Wibecke Nikolaysen si tid vore i gode hender, og ho hev på beste måte verna dei gamle og gode minne frå framfarne tider. Wibecke Nicolaysen døydde i 1930.

Georg von Erpecom
Georg von Erpecom vart som nemnd eigar av Lysekloster i 1917. Hans besstefars oldefar var bror åt Katarina Formann som i 1731 vart gift med Henrik Henriksøn Formann, og han er soleis ogso av Formannsætti. Georg von Erpecom er fødd i 1889. Som 15 års gamall gut reiste han til sjøs, arbeidde sidan i England på skipsmeglarkontor, utdana seg vidare i Tyskland og Frankrike, og vart sidan skipsreidar i Bergen som parthavar i det store reidarfirmaet Vestfal Larsen & Co. A/S.

Sumarhuset åt den nye eigaren på Lysekloster.
Eigedomen hev gjenge godt fram under den nye eigaren, som hev synt seg som ein sers interessert gardbrukar. Han hev alt dyrka ein stor part av eigedornen, grøfta dei blaute myrane og planta mykje skog. Ialt hev han planta 3-400 000 tre på eigedornen. Han hev ogso synt stor interesse for dei gamle klosterminni, og ved hjelp av tilskot frå han hev no «Laget til vern om våre forntidsminnesmerke« fenge sett leivderne av dei gamle klostermurar so mykje i stand, at ein no greidt kann sjå korleis det gamle munkekloster var skipa. Han hev ogso gjeve god studnad til utgjeving av bygdeboki for Os likeins som Lysefjordens folkeboksamling er ei gåva frå han.
Georg von Erpecom vart i 1912 gift med Birgit Bühring, dotter åt oberstløytnant Bühring. Dei hev 3 born, Georg, Ellen og Anna.