NAMN OG NAMNESKIKK

Frå Os Soga I Side 708 -718

NAMN OG NAMNESKIKK


Etter god gamall skikk var namni ein ættararv.  Dei same namni gjekk fra ættled til ættled gjenom hundrader av år.  Nar eit namn kom inn i ætti so vart det vanleg verande der og brukt langt ned gjenom tiderne, og ein kann jamt av namnet finna ut kva ætt ein mann er av.  Det er ikkje berre ved utsjånaden, huglynde og ymse eigenskaper at ein mann fortel um sitt upphav og si ætt, ogso namnet hans ber jamt vitnemål um kven forfederne var 

Dei gamle hadde den trui at ein ved namnegjeving kunde »reisa uppatt« dei avlidne forfeder.  Den avlidne som vart attreist ved uppattkalling fekk so å segja liva sitt liv ein gang til, og rettfederne vart på denne måten livande ned gjenom tiderne.  Sambandet millom dei burtfarne og dei livande ættleder vart soleis stødt halde uppe.  Mannen sine dygder og givnader gjekk att hjå han som fekk namnet hans, dei same eigenskapar kom fram att, og dei kunde soleis verta verande i ætti gjenom alle tider. 

Dei avlidne forfeder hadde ogso krav på å verta reist uppatt.  Vart ikkje det rettvise kravet stetta so kunde det føra vanheppa og ulukka over etterkomarane.  Dei døde hadde magt til å gjera skade og ulukka når dei komande retter ikkje synte dei rett heider og vyrdnad.  Difyr vart det ogso til dei unge sin eigen bate og gagn at dei fekk namn etter federne. 

Likevel kunde det vera vanskar ved namnegjevingi.  Det var gjerne fleire forfeder som hadde krav på uppatreising og det var mange umsyn å taka.  Det gjaldt å velja rett, å reisa uppatt dei av forfederne som hadde dei mest rettvise krav og som kunde gjeva borni den største lukka i livet.  Dette kunde vera ei har not å knekkja for foreldri, og dei var jamt i store vanskar når dei skulde gjeva barnet sitt namn. 

Dei som fyrst og framst vart kalla uppatt var besteforeldri og oldeforeldri.  I gamall tid kalla dei likevel ikkje nokon uppatt fyrr dei var døde, og soframt besteforeldri livde so gjekk dei lenger attende i tidi etter namni eller tok namn or ei onnor grein av ætti.  Nar ein kom fram til det 14de og 15de hundradaret tok dei ogso til å kalla livande ættfeder, vanleg besteforeldri, uppatt og denne skikken heldt ved seinare. 

Den same namneskikken som var brukt elles i landet finn ein ogso i Osbygdi.  Besteforeldri vart vanleg fyrst uppattkalla.  Fekk mannen gard med kona og hennar foreldre var busette på garden so vart jamnast fyrste barnet kalla uppatt etter far eller mor at kona.  Elles var det vanleg etter mannen sine foreldre at fyrste barnet fekk namn.  Hadde mannen vore gift fyrr so vart fyrste dotteri i det nye giftarmålet kalla uppatt etter den døde maken, og det same gjaldt fyrste sonen um kona fyrr hadde vore gift.  Me finn fleire døme på at ein mann som var 3 gonger gift og ikkje fekk gjentebarn fyrr i tridje giftarmalet gav dei tvo eldste døtterne namn etter dei tvo avlidne konorne.  På denne måten kom det ogso nye namn inn i ætti.  Avlidne sysken vart gjerne uppattkalla so snart det kunde høva. 

Som nemnd var det vanleg tru at eit barn vilde likjast på han eller ho som det fekk namn etter, og at namneberaren sine dygder og lyte vilde reisast uppatt i barnet.  Ein kann likevel sjeldan finna at ein bestefar ikkje vart reist uppatt avdi han hadde for mange eller store lyte.  Døydde eit barn medan det var lite, – og ein stor part av borni døydde i det fyrste liveåret, – so fekk vanleg neste barnet av same slag namnet. 

Når ein mann eller kvinna skulle kallast uppatt so fekk barnet namnet heilt ubrigda.  Heitte bestefaren Knut so vart ogso småguten Knut og vart korkje Karl eller Konrad eller Kristian soleis som det no kann henda.  Og heitte bestemori Marta so vart smågjenta det same og korkje Margit eller Maria eller Martina eller Margreta.  Dei gamle vilde rekna det som ei hænding og ein utilgjevande vanvyrnad mot seg um dei unge brigda namni når dei kalla gamlingane uppatt.  Dei einaste som våga å vøla på namni var presten.  Og mange prestar var ihuga til å vøla på namni, både når dei døypte borni og når dei skreiv i kyrkjeboki. 

Foreldri kalla ikkje borni uppatt etter seg sjølv.  I seinare tid, då ein ogso kunne kalla uppatt livande ættfeder, vart det likevel gjerne so at i heimar der det kom mange born fekk eit eller tvo av dei yngste namn etter foreldri.  Det var rekna som eit teikn på at det snart vart slutt med aukingi av barneflokken når foreldri kalla seg sjølv uppatt.  

Då namni skulde vera ubrigda og dei døde «reisast uppatt« ved uppattkallingi, so fekk sjølvsagt guteborni berre namn etter ein mann og gjenteborni etter ei kvinna. Det einaste undantak var, at um faren døydde fyrr barnet kom til verdi og det vart eit gjentebarn so kunde barnet få eit namn som likna på farsnamnet. Noko døme på at eit gutebarn fekk namn etter mori um ho døydde på barnsengi finn ein ikkje i Osbygdi. I den seinare tid då det vart skikk å venda og vøla på namni vart det onnorleis.  Eit gjentebarn fekk då gjerne namn etter faren eller bestfaren medan gutebarnet kunde få namn etter mori eller bestemori. 

Fra Norigsoga og frå gamle segner og kvad kjenner me mange av dei namni som i eldre tid vart brukte her i landet.  Storparten av dei var truleg brukte frå utgamall tid.  Då kristendomen kom inn i landet kom det mange nye namn i bruk, men dei gamle norske namni heldt seg framleis jamsides dei nye. 

Korleis namnebruket i Osbygdi var i eldre titler veit me altfor lite um.  Det er serleg gamle brev og dokument, »diplomer«, som syner namnebruket og namneskikken i bygderne, men av sovorne som vedkjem Osbygdi finns det få att.  Av dei brevi som enno er att frå gamall tid frer ein likevel den toknad at namnebruket her var som elles i landet, og at dei gamle norske namni ogso hadde råderomet Osbygdi. 

Ein skal nemna nokre døme fra gamallt namnebruk i Os.  Fyrste gang me finn bønder i Os nemnde ved namn ·er i året 1300.  Då heitte mannen på garden Hovland Uthyrm, kona hans heitte Bergljot og dotteri Sigrid.  Mannen på Moberg heitte Bård.  I 1320 heitte mannen på Lepsøy Orm, kona heitte Jorunn og sonen Sigurd.  I 1330 budde Joar og Torstein på Hauge og mannen på Bø heitte Sigurd.  Han selde noko av garden sin til ein mann som heitte Pål Sigurdson og kona hans Astrid.  I 1410 heitte lagrettemennerne i Os skipreide Halldor Amundson og Sigurd Gautson. – Ein ser soleis at det var gamle norske namn som då var brukte i Osbygdi. 

Dei gamle namni heldt seg i bruk.  I 1520 heitte gardbrukarane i Os: Anders, Arne, Aslak, Bård, Bjørn, Brynjulv, Eirik, Endride, Engelbrekt, Gunnar, Hans, Håkon, Haldor, Ingjald, Ivar, Jon, Karl, Lavrans, Magnus, Mons, Nils, Odgeir, Olav, Orm, Per, Råmund, Rolv, Sigurd, Staffan, Svein, Tjarand, Tord, Tore, Tomas, Torgaut og Torstein.  Dei nokre kvinnor som då var nemnde heitte Anna, Brita, Ragnhild og Sunniva.  N okre år seinare finn me ogso desse bønder i Os: Antonius, Bastian, Eivind, Havard, Knut, Mattis, Mikkjel, Sander, Sæfinn, Tørris og Torbjørn.  Fyrr 1600 kjem ogso namni Albrigt, Asbjørn, Dag, Helge, Rasmus, Styrk, Tarald og dei nye namni Klaus og Johannes fram. 

Andre gamle namn kom i bruk seinare, soleis Eiliv, Grim, Guttorm, Halvard, Kolbein, Sæbjørn og Torgeir.  Men smått om senn kom det ogso nye namn i bygdi, t. d. Edis, Fabian, Gregorius, Henning, Henrik, Jakob, Kristoffer, Simon, Villum og Vinsjans.  Dei gamle norske namni gjekk etter 1600 meir og meir or bruk med undantak av mannsnamnet Ola (Olav).  Umframt Ola var det Nils, Lars, Per og Johannes som var mest brukt, og i 1645 hadde helvti av alle karane i Os eit av desse fem namni.  Kvar 6te karmann i bygdi heitte Ola.  Av dei eldre mannsnamn var ogso Mons, Anders, Rasmus, Jon og Mikkjel mykje brukte. 

Av kvinnenamni var Kari, Marta, Anna og Brita mest i bruk.  I 1645 hadde mykje over helvti av Oskvinnorne eit av desse fire namni.  Kvar 5te kvinna i bygdi heitte Kari og 6te kvar heitte Marta.  Av andre kvinnenamn var ogso Magdela, Synneva, Kristi og Ingeborg mykje brukte. 

Når dei gamle norske namni minka so sterkt og snøgt so var det truleg mykje prestane si skuld.  Dei vilde beintfram ikkje døypa borni med dei gamle namni.  Eidfjordpresten Paul Schnabel skriv soleis i 1743:  »Presterne har nu fast i eet seculi ntiid ( 100 år) ei villet døbe bøndernes børn med de gamle hedenske nafne, hvorfor de næsten ere udryddede og uddøde.« Når namni i Osbygdi vart so mykje brigda berre på eit hundrad år so tyder dette på at ogso Osprestane hev hjelpt til på same måten som Eidfjordpresten. 

Frå 1668 til 1700 vart det døypt 773 bondebom i Oskyrkja, 381 guteborn og 392 gjenteborn.  Av kvar 100 gutar fekk dei 14 namnet Ola, 12 vart kalla Nils, 8 vart Lars og 7 vart Johannes.  Av Anders, Hans og Per vart det kvar 5, Jon og Mons kvar 4, Eivind 3, Daniel, Erik, Jens, Pål og Størk kvar 2, og av Amund, Abraham, Arne, Gjert, Henrik, Ingebrigt, Jakob, Jørgen, Kristen, Kristoffer, Mattis, Mikjel, Rasmus, Steffen, Svein og Vinsjans kvar 1.  Resten av gutane, 7 av kvart hundrad, fekk eit anna namn kva det no kunde vera. 

Av kvar 100 gjentor fekk 20 namnet Anna, 17 vart Kari, 11 vart Brita og 9 vart Marta.  Av Ingeborg vart det 5, Kristi, Magdela og Maria kvar 4, Guro 3, Elsebet, Gjertrud, Helga, Ingjerd, Ragnhild og Synneva kvar 2, og av Agata, Agneta, Barbra, Dordi, Eli, Herborg, Lisbet, Margreta, Sigrid og Sissela kvar 1.  Berre eit av kvar hundrad gjentebarn fekk eit anna namn enn dei her nemnde. 

Det næste hundradåret gjekk nokolunde i same leid og namni vart mykje dei same i Osbygdi.  Frå 1700 til 1800 vart det døypt 3016 bonbeborn i Oskyrkja, 1554 gutar og 1462 gjentor.  Av kvart hundrad guteborn vart det 16 Ola’er, 11 Nils’ar og 8 Lars’ar.  Av Anders, Jon og Johannes vart det kvar 6, Hans og Per kvar 5, Mons 3, Jakob og Pål kvar 2 og av Åmund, Arne, Bård, Daniel, Eivind, Erik, Halvard, Henrik, lngjald (Engel), Ivar, Jørgen, Knut, Kristen, Kristoffer, Mikkjel, Rasmus, Simon, Steffen, Størk, Svein, Tomas, Torstein, Villum og Vinsjans kvar 1.  Til resten, 6 av kvart hundrad, vart teke eit av dei andre 50 gutenamni som i det hundradåret attimillom vart brukte i Osbygdi.  Av desse kan ein nemna: Abraham, Albrigt, Alf Asbjørn, Bagge, Balentin, Bernt, Didrik, Einar, Elias, Elling, Endre, Fredrik, Håkon, Håvard, Haldor, Haugne  Helje, Ingebrigt, Isak, Jan, Jens, Kåre, Ludvig, Magne, Martinus, Mattis, Morten, Niklas, Olaus, Rolf, Salmej, Samuel, Samson, Sander, Sjovat, Sjur, Stein, Sæbjørn, Søren, Torbjørn, Torkel, Tormund, Tørris, Vigleik, Zakarias. 

Ein stor part av dei mannsnamni som vart sjeldan brukte kom frå andre bygder, og for mange av dei kann ein ogso finna kvar Osbygdi fekk dei ifrå.  Namnet Fredrik kom soleis frå Fusa, Magne og Martinus frå Fana, Bagge, Torbjørn og Stein frå Strandvik, Didrik og Kåre frå Hålandsdalen, Samuel frå Samnanger, Håkon, Sjovat og Tormund frå Hardanger, o. s. b.  Fleire av namni kom ogso med innflytjarar frå Bergen. 

Av kvar hundrad gjenteborn vart i same hundradåret 14 døypt Marta, likeins vart 14 døypt Kari, 12 vart Anna og 10 vart Brita.  Nett helvti av alle gjentorne fekk soleis eit av desse fire namni.  Av Guro vart det 6, Maria 5, Kristi og Magdela kvar 4, Gjertrud og Ingeborg kvar 3, Agata, Barbra, Eli, Lisbet og Ragnhild kvar 2, og av Dordi, Gunvor, Helga, Herborg, Ingeleiv, Ingjerd, Johanna, Margreta, Sigrid, Sissela og Synneva kvar 1.  Til resten, 4 av kvar hundrad gjenteborn, vart teke eit av dei andre 25 kvinnenamni som elles var brukte i bygdi.  Av dei kann nemnast: Abelona, Agneta, Asseli, Bårni, Boel, Botilla, Elsebet, Frida, Gunhild (Gunla), Jørna, Katrina, Lussi, Malena, Margit, Metta, Olina, Randvei, Sofia, Sygni, Torbjørg, Unna, Valborg, Velina og Øllegård. 

Ogso fleire av kvinnenamni kom inn frå andre bygder.  Soleis kom Frida og Metta frå Samnanger, Lussi og Velina frå Strandvik, Boletta, Randvei og Sygni frå Hardanger, Katrina, Margit og Sofia frå Bergen, o. s. b.  Dei framande namni vart elles lite brukte i Osbygdi. 

Kvart barn hadde berre eit namn.  Ikring 1750 tok ein og annan til å »herma etter dei store« som bygdefolket sagde og gav gjenteborni sine tvo namn.  Upp til 1800 var det likevel berre ei av kvar femti gjentar som fekk tvo namn, og ingen bonde fann enno på å gjeva nokon av gutane sine meir enn det eine namnet. 

Ogso i den fyrste tidi etter 1800 var namneskipnaden mykje den same, men smått um senn kom det ting inn i bygdi som seinare brigda sterkt på dei gamle namneskikkane.  Det var fyrst og framst hugen til å vøla og »forbedra« dei gamle namni, og so den nye skikken å kalla gjenteborn upp etter mannsnamn, i dei fleste høve ved å setja endingi -ina eller -ine til mannsnamnet.  

Nokre år fyrr 1800 finn me dei fyrste teikn til vøling av namni.  I 1785 kalla Hans Hatvik som var postbonde, medhjelpar og noko av ein prokurator ei dotter si for Kari Kristine istadenfor Kristi.  Dette var upptaket til Kristine-namnet i bygdi.  Mange av osbønderne som kalla dotteri Kari hengde Kristinenamnet attåt, etterkvart vart det ogso brukt til andre namn enn Kari, og i tidi frå 1800 til 1850 hadde fjordeparten av alle gjenteborni som var døypte med tvo namn Kristine som andre namnet.  Det vart lenge brugt berre som attåtnamn, men i 1822 fann ein mann på å bruka det som fyrste og einaste namn på dlotteri.  Og etterkvart vart fleire og fleire gjenteborn kalla Kistine istadenfor Kristi som no var gamalldags og avlegs.

Fleire kvinnenamn fekk vøling seinare.  Guro vart til Gurine (fyrste gang i 1818), Brita vart til Berta og når det var retteleg fint til Birgitte, Dordi vart til Dorte, Eli til Eline, Ingjerd til Inga eller Ingerine, Kari til Karen og Karine, og Marta vart utvida til Martine.  Ogso sume av mannsnamni fekk ein »finare« svip: Anders vart til Andreas, Eivind til Even, Kristen til Kristian, Jon til Johan og Ola til Olai eller Olaus.  Fyrr 1850 vart likevel desse vølingar og c berre undantak, og fyrst i sisste luten av hundradåret vart namnevølingi vanleg i bygdi. 

Snøggare gjekk det med den nye skikken, å kalla gjenteborni uppatt etter mannsnamn.  I 1791 kalla Ola Haukeland ei dotter si Oline.  Ho vart gift til Gåssand og vart ættarmor til ei mengd Oliner.  Det er elles lett å skyna at Olinenamnet vaks fram, so mange Ola’er som det var i bygdi for uppattkalling.  I 1827 kom den fyrste Larsine, i 1831 den fyrste Nilsine, i 1833 kom ogso Hansine, og sidan fylgde gjentenamni som hadde sitt upphav i mannsnamn i rekkja og rad:  Andrea og Andriette, Albertine, Engeline, Gjertine, Jensine og Jørgine, Henrikke og Henriette, Pauline Pernille og Petrine, o. s. b.  Frå fyrst av vart storparten av desse namni påhengde som attåtnamn, men smått um senn vann dei seg ogso fram til fyrste romet. 

Som fyrr nemnd hadde det radt frå 1750 hendt at ein og annan hadde gjeve ei dotter si tvo namn.  Etter 1800 hende dette jamnare, men radt til 1840 lyt ein rekna det som undantak.  Det var berre sume av dei »beste« bønder og so husmennerne som gav borni sine tvo namn.  Etter 1840 tok fleire etter skikken og ikring 1850 hadde 8de kvar gjenta fenge tvo namn.  Berre lensmannen i Øvredalen og ein husmann hadde so god råd at dei gav dotteri tri namn.  Gutane måtte lenge lita sig med berre det eine namnet, men i 1811 kalla ein husmann på prestegarden sonen sin for Nils Paulus, og året etter kalla husmannen i Kilen sonen sin Nils Martinus.  Sidan hendte det ender og då at eit gutebarn fekk tvo namn ved dåpen, men fyrr 1850 var det berre 51 gutebarn, d. v. s. 23de kvar gut, som hadde fenge tvo namn.  Av desse hadde helvti fenge Olai og ein fjordepart Johan som andre namnet.  

Storparten av namni var elles dei same som fyrr.  Gutane vart enno Ola, Nils og Lars, og av kvinnenamni var framleis Anna, Marta, Kari og Brifa i brodden.  Av namn som meir og meir vart brukte i bygdi kann nemnast mannsnamni Hans og Engel (av dei «fine» folk i bygdi vart elles Engel brukt som gjentenamn), og kvinnenamni Ingeborg og Oline.  Frå 1800 til 1850 vart det døypt 2276 born i Os, kyrkja, 1169 gutar og 1107 gjentor.  Av kvar hundrad gutar vart 16 kalla Ola, 10 Nils, 8 Lars og 8 Hans.  Av Jon og Johannes vart det kvar 6, Anders 5, Engel, Mons og Per kvar 3, Jakob og Knut kvar 2,, og kvar 1 av desse: Annanias, Arne, Bård, Daniel, Eivind, Haldor, Henrik, Isak, Jørgen, Kristen, Kristoffer, Pål, Rasmus, Steffen, Stein, Svein, Tomas, Torbjørn, Torkel, Villum og Vinsjans.  Resten, 7 kvart hundrad, fekk eit av dei andre 51 namni som i denne tid ogso var brukte i bygdi.  Av kvar hundrad gjentor fekk dei 14 namnet Anna, 12 vart Marta, 11 Brita og 10 Kari.  Av Ingeborg og Kristi vart det kvar 6, Guro 5, Magdela 4, Maria 3, Eli, Gjertrud, Ingjerd, Johanna, Olina, Ragnhild og Synneva kvar 2, og av Agata, Barbro, Dordi, Helga, Herborg, Ingeleiv, Jørna, Larsina, Malena, Margreta og Sissela vart det kvar 1.  Til dei andre gjenteborni, 4 av kvart hundrad, vart teke eit eller anna av dei andre 28 kvinnenamni som ogso var i bruk i den tidi. 

I dei fyrste åri etter 1850 vart namneskikken mykje den same.  Etterkvart fekk likevel fleire av borni tvo namn, og i 1870 åri gav storparten av foreldri i Osbygdi borni sine tvo namn.  Frå 1850 til 1900 vart det døypt 3307 bygdeborn i Oskyrkja.  Av dei 1761 guteborni fekk berre 847 eit namn og av dei 1546 gjenteborni fekk berre 463 det eine namnet.  33 bygdebarn fekk tri namn kvar, men av desse var berre tvo-tri gardbrukarborn. 

Husmennerne var dei likaste til å finna dei fleste og »finaste« namni på borni sine.  Storparten av dei barn som fekk tri namn var husmanns, eller plassmannsbarn, og ingen fekk so mykje vølte og tilstasa namn som dei.  

Ola og Nils var framleis gjævaste gutenamni, og av kvar hundrad guteborn vart 10 heitande Nils og 10 heitande Ola.  Elles minka det etterkvart med Olamamnet i denne tidbolken.  Att i staden fekk mange gutar Olai påskøytt som attåtnamn, og Nils Olai var jamt å høyra i kyrkjekoret.  Lars, Mons og Per vart sjeldnare å høyra enn fyrr.  Derimot vart Johannes og dei gutenamn som stod i samband med dette, Jon, Johan og Hans, mykje vanlege i bygdi og tevla jamvel sterkt med dei tvo gamle Osmamni Ola og Nils. 

Anna var ogso i denne tidbolken likaste gjentenamnet og av kvar hundrad gjenteborn vart heile 15 døypte for Anna.  Deretter kom som fyrr Marta med 10, Brita med 7 og Kari med 6 av kvart hundrad.  Dei gamle Os-namni Guro, Gjertrud, Kristi, Magdela og Synneva minka etterkvart og kvarv tilslutt mesta heilt burt.  Att i staden kom det i denne tid fram ei mengd nye gjentenamn, og ein stor part av desse fekk endingane –  ine –  ane –  elle –  ette  o.s.b.  Dei fleste av andre- og tridjenamni vart av det slaget, og fram mot århundradskiftet fekk storparten av gjenteborni anten eit eller fleire namn med ei sovori ending. 

Etter århundradskiftet (1900) finn ein lite att av den gamle namneskikken i Osbygdi.  Bestefaren og bestemori, og kannhenda ogso andre i ætti, vart framleis uppattkalla men namni vart jamt soleis vølte eller umskapa at ætti kanna dei ikkje.  Mange tok ogso alle namn heilt utanfyre ætti, og det fortelst at det var foreldre som tok namni etter som dei fann dei i almanakken, anten på fødedagen eller dåpsdagen åt barnet.  Men det sisste er truleg ikkje rett. 

Eit stort framstig er likevl markande etter århundradskiftet: dei gamle norske namni kjem meir og meir i bruk att.  Dette gkjeld både gutenamni og gjentenamni, og både bønder, handverkarar, arbeidarar og andre gjev no borni sine norske namn.  I kyrkjekoret kann me soleis no jamt høyra gjentenamn som Aud, Aslaug, Astrid, Bergljot, Borghild, o.s.b., og gutenamn som Alv, Bård, Bjørn, Erling, Einar, o.s.b. vert ogso meir og meir vanlege å høyra. 

I den sisste tidi er det ogso vorte meir vanleg å gjeva borni berre eit namn.  Tvo og tri-namneskikken frå det fyrre århundrad kverv burt etterkvart.  Vøling av namni vert no jamnast gjort på høveleg måte, og dei gamle vanskapningar av -ine, og -ane-namn vert sjeldnare å høyna.  Barnet fær no vanleg eit stutt greidt namn som det kann bera med vyrdnad. 

Namnegjevingi gjeng soleis i norsk leid i bygdi.  Men nokon serleg »skikk« ved namnegjeving kann ein knapt tala um meire, og heller ikkje um nokon serlege »Osmamn«.  Snart er den gamle namneskikken i Os-bygdi kvorven burt som so mange andre skikkar frå gamall tid.