POLITIKK OG VAL
Frå Os Soga I side 700 – 707
POLITIKK OG VAL
Det fyrste val i Os vart halde 18. mars 1814. Ved ei kunngjering av 19. februar 1814 hadde prins Kristian Fredrik gjort kjendt at han no var vorten styrar i Norig, og samstundes lyste han til eit møte som skulde avgjerda riksstyreskipnaden i landet. Møtet skulde haldast på Eidsvoll 10. april.
I kunngjeringi vart fastsett korleis Eidsvolls-mennerne skulde veljast. I kvart prestegjeld skulde kyrkjelyden samlast til preik som på ein bededag (helst på ein fredag), og alle skulde då gjera sin eid på å verja Norigs sjølvstende. Etter preika skulde dei røysteføre menn velja 2 mann, – av desse skulde minst den eine vera bonde, – som saman med utsendingane frå dei andre bygder skulde velja Eidsvolls-menn. Dei valde skulde ha fullmagt og ei adressa (til prins Kristian Fredrik med seg.
Fredagen den 18. mars vart halde preik i Os kyrkja. Soknepresten Kristen Larsen var det ikkje skikk på, og den residerande kapellanen Peter Johan Normann som var busett på Fusa tala over den av prinsen fastsette tekst, Davids salma 62, vers 8-9. Etter preika vart halde val, og til utsendingar vart valde tvo av dei mest vyrde menn i bygdi, landhandlar og gardbrukar på Fusa Hans Astrup Krüger og lensmannen for lenet sine gardar i Os gardbrukar Hans Hansson Øvredal.
Fullmagti og adressa vart skrivi av kapellan Normann. Adressa var einfeld og overskrifti stuttare og greidare enn i nokon annan adressa frå Hordaland. Dei adresser som vanleg var ihopsette av prestane, og det var dei fleste, hadde jamnast ei mengd fine talemåtar med smeikjing og sleikjing for prinsen. Overskrifti åleine hadde gjerne ei heil regla med titulaturar og smeikord. Adressa frå Os syner høveleg måtehald i dette.

Adressa lyder soleis:
»Adresse til Kristian Frederik, Norges Regent!
Vi Undertegnede befuldrnægtige, paa egne og samtlige Indvåneres Vegne i Ous Præstegjæld i Bergens Stift, Hr. Hans Astrup Krüger og Lehnsmand Hans Hansen Øvredal at overbringe denne vor Allerunderdanigste Adresse og tillige paa vores Vegne at møde og stemme ved den berammede Forsamling af Nationens oplyste Mænd. – Taknemmelighed, Kjærlighed og urokkelig Hengivenhed ere de Følelser, hvormed vi hylde vor Kristian Frederik, som i det afgjørende Øyeblik, antok sig vor Nød og gav det høytidelige Løvte: aldrig at forlade det Faderløse norske Folk.
Held for vor elskede Regent og vort elskede Fødeland!
Ous Kirke d: 18 Marts 1814.
H.v. Krogh, Major. Mølderup, Capitaine.
Peter Johan Norman, Pastor til Ous.
K. Nyegaard. Lieutenant. Søevig. H. H. Formann.
T. Synnestvedt. W. Hauge, Lensmand. Hans A. Hatvigen.
Anders Hansen Søvigen. H. Krüger. J. Giøen.
Tærbø Ørjansen Hatletvedt.
Wintzentz Mortensen Giærevig. Hans Halvorsen Wig.
Jon Johannesen Rangestvedt. T. Olland. H. Egeland.
Engel Engelsen Frøland. Ole Hansen Havsgaard.»
Den 28. mars heldt dei valde utsendingar frå Hordaland møte på rådstova i Bergen til val på 3 Eidsvollsmenn. Som kjend vart dei sorenskrivar Koren i Hardanger, vossepresten Jersin og vossebonden Brynild Gjereker. Både landhandlar Krüger og lensmann Øvredal møtte på valmøtet. Den sisste skreiv seg i møteboki for H. Egelend -likeins som under den ovannemnde adressa.
Ved valet til umfram-Stortinget hausten 1814 vart godseigar Formann, Lysekloster, og gardbrukar Johannes Askvik valde som valmenn frå Os prestegjeld. Ein kann ikkje sjå at det var nokon strid um valmennerne.
Ved dei vanlege val frå 1815 og seinare hadde Os prestegjeld 4 valmenn. Det fyrste val vart halde etter nyttår 1815, og det vart då valde tvo frå Os, ein frå Fusa og ein frå Strandvik. I 1817 vart ogso valmennerne skift millom soknerne med tvo frå Os, ein frå Samnanger og ein frå Hålandsdalen. Etter den tid tykkjest det verta meire meiningsskilnad ved valet. Det var likevel, etter det me kann skyna, ikkje politisk syn og heller ikkje stand eller klasseumsyn som skilde. Striden stod millom soknerne, serleg millom hovudsokni og dei andre.
Vali vart haldne i Oskyrkja, og osingane hadde difyr betre høve til å få sine menn fram enn dei andre soknerne. I 1820 tok Ossokni alle fire valmennerne. I 1823 vart det tri osingar og ein frå Strandvik, og i 1826 atter tri frå Os og ein frå Samnanger. I 1829 vart vald fire osingar og ein frå Fusa som hadde 14 røyster likeins som sisstemann frå Os. Dei andre osingar hadde upp til 27 røyster. Men ved valet i 1832 tok dei andre soknerne det att og fekk alle valmennerne. Dei valde hadde frå 21 til 17 røyster, osingane berre 11. Det var soleis på jamnen lite frammøte til vali desse åri.
Ved valet i 1835 vart dei samde um å velja tvo frå Os og tvo frå dei andre soknerne, men alt ved næste val i 1838, vart det skilnad att. Ossokni tok då alle valmennerne med frå 53 til 18 røyster, dei andre hadde under 18. Men ved valet i 1841 tok dei andre sin mun att og fekk alle fem valmenner. Dei hadde frå 40 til 26 røyster, osingane berre 17. Det same hende i 1844, det vart ein valmann frå Os, – han fekk alle røyster, – medan dei andre soknerne tok resten.
Det hadde til dessar vore lite frammøte til vali, jamnast berre 40-60 av ikring 400 røysteføre. Den politiske interesse var enno ikkje vekt hjå bønderne. Men ved valet i 1847 tykkjest det verta ei liti uppkveikjing. Serleg frå Ossokni møtte veljarane mannsterkt fram, og det vart vald fem osingar med upp til 73 røyster kvar. Dette var i bondevakningi si tid, på Stortinget 1845 hadde bønderne meir enn fyrr synt at dei var ei serleg stand, og det var ogso i det året at Jåbæk kom på tinget. Ein kann soleis ha grunn til å tru at det gode frammøtet i Os ved valet 1847 ogso hadde sin grunn i ei politisk vekkjing i bygdi.
Men um det var so at den politiske interessa i bygdi vakna i 1847 so sovna ho likevel snart att. I 1850 var frammøtet svert lite ved valet, tvo mann frå Os og tri frå dei andre soknerne vart valde med 27-13 røyster, og i 1853 var det ikkje betre. Fusa og Strandvik fekk då alle valmennerne med 22 røyster.
I 1855 vart Fusa, Strandvik og HåIandsdalen skilde ut som eige prestegjeld, og Os og Samnanger vart deretter åleine um valet. Interessa kvarv for det fyrste heilt burt. I 1856 møtte berre 16 mann av 211- røysteføre, – valmennerne vart valde med 9 til 6 røyster kvar, – og i 1859 var det ikkje stort likare. Det såg ikkje ut til at osingane brydde seg dusti um politikken.
Men ved næste val kom snunaden. Stathaldarsaki og striden med Sverik skapte rørsla ogso utover bygderne, og dette synte seg ved valet i 1862. I Os vart uppsett tvo listor. Presten, klokkaren og lensmannen vart valde med 34 og 27 røyster kvar, medan ei bondelista med tri bondekandidatar fekk 24 røyster. Bondelista si fyreloga var tvillaust å hjelpa fram Jåbæk sitt spareprogram.
Ved valet i 1865 vart det ikkje uppsett nokon serleg bondelista. Presten Greve og lensmann Nieuwejaar vart valde på lag samrøystes. Då talet på røysteføre dette året gjekk under 200 fekk bygdi berre tvo valmenner.
Bønderne tok no til å vakna so smått. Ved valet i 1868 kom rett nok lensmannen med, men dei andre tvo valmenn og alle varamennerne var bønder. Det same hende ogso ved valet i 1871. For fyrste gang møtte umlag halvparten av dei røysteføre ved valet, 106 av 213. Samningane sette denne gang upp eigi lista som fekk 23 røyster.
Partigrensorne tok no til å snu seg. I Stortinget hadde partiskipnaden teke fastare form, vinstrepartiet var ei røynsla, og rørsla gjekk no ut gjenom bygderne. Valet i 1873 var soleis eit reint politisk val. Tri vinstrebønder, Vinsjans Lyssand og Mons Lien frå Os og Bård Tvedt frå Samnanger vart valmenn, medan lensmannen som var høgremann berre vart varamann. Politikken hadde dermed for alltid teke magti ved vali.
Ved dei tvo næste vali gjekk det som i 1873. Det vart vald berre vinstrebønder, og korkje prest eller lensmann rokk fram. I 1882 kvesste den politiske striden seg til og frammøtet til valet auka. Høgre og vinstre stod like på valdagen. Det vart vald ein av kvart parti, høgremannen likevel etter lutdraging med sisste vinstremann. I 1885 halla det meir til vinstre sida, og tri vinstremenn vart valde med frå 105 til 80 røyster. Presten som var høgremann fekk berre 28 røyster.
No vaks interessa for politikken og ved valet i 1888 møtte heile 177 mann. Vinstrepartiet hadde då kløyvt seg i det radikale (reine) vinstre og dei moderate. Flokkane var jamsterke i Os. Det vart valde tvo reine vinstremenn med 89 og 88, og ein moderat med 87 røyster. Ved valet i 1891 hadde vinstre det same røystetalet og fekk valmennerne, medan dei moderate då berre møtte med 54 mann.
Den politiske striden vart kvassare etterkvart, og i 1894 møtte 364 av dei 396 røysteføre ved valet. Det vart vald fire moderate med 191 røyster, vinstre hadde 170. Ved næste val, i 1897, nådde frammøtet høgstemålet i Osbygdi. Av 445 røysteføre møtte då 422 ved valet. Denne gang tok vinstre dei fem valmennerne med 224 røyster, høgre og dei moderate hadde 197.
I 1900 var røysteretten utvida og det var dette året 980 røysteføre. Av desse røysta 755 ved valet. Vinstre fekk alle ti valmennerne med 411 røyster, høgre og moderate hadde 341. I 1903 vann derimot høgre og moderate med 358, vinstre hadde 323 røyster. Dette var sisste gang at valmannsskipnaden var brukt. Same skipnaden hadde no vara i 90 år.
Den 13. august 1905 vart halde folkeavrøysting um unionsuppløysingi. Det vart gjeve 899 ja-røyster og ingen nei-røyster i Os. Den 12 og 13. november same året vart halde folkeavrøysting um ein var samd i å velja prins Karl av Danmark til norsk konge. 713 røysta ja, 68 røysta nei.
I 1906 byrja ein ny valskipnad med einmannskrinsar og beinveges val på stortingsmann. Frammøtet var heller lite denne gang, av 1048 røysteføre møtte berre 420. Vinstre fekk 305, høgre 75 og sosialistane, som for fyrste gang synte sin styrke i Os, fekk 42 røyster. Då ingen fekk halvparten av røysterne i krinsen vart det halde umval. Resultatet i Os vart då V. 306, H. 166 og S. 71.
Ved valet i 1909 gjekk noko av høgre og noko av vinstre saman um attval av den fyrre tingmannen Kloster som sisst var vald av vinstre. Kloster fekk 143, V. 121, H. 53 og S. 67. Ved umvalet vart Konow på Stend sett upp istaden for Kloster, og høgre og storparten av vinstre røysta då på han. Konow fekk 525, V. 100 og S. 99. Os røysta ved dette val for fyrste gang åleine, då sokni i 1907 var skild frå Samnanger.
I 1912 vart resultatet ved fyrste val: V. 229, H. 217, S. 137, og ved umvalet: V. 466, H. 275 og S. 168.
I 1915 ved fyrste val V. 276, H. 166, S. 170, og ved umvalet V. 515. H. 90 og S. 233.
I 1918 fekk H. 399, V. 234 og S. 164. Det vart ikkje umval i det året.
Den 5. oktober 1919 vart halde folkeavrøysting um det fyrebils vedtekne brennevinsforbod skulde verta lovfest og varande. Av dei 1533 røyste føre røysta 871. 551 svara ja og 320 nei.
I 1921 byrja den noverande valskipnad med beinveges val på tingmenn for heile fylket under eit. Ved valet fekk vinstre 406, høgre 348, bondepartiet 178, arbeidarpartiet 160, sosialistane 29 og ei fiskarlista 1 røyst. Det røysta då 1142 veljarar, det største frammøte som hev vore i Os ved noko val. I 1924 røysta berre 892. Vinstre fekk 341, høgre 289, kommunistane 118, bondepartiet 99, sosialistane 32 og arbeidarpartiet 3 røyster.
Den 18. oktober 1926 vart halde folkeavrøysting um det brennevinsforbod som var sett i 1919 skulde vara ved eller takast burt. 657 røysta for forbod og 596 var mot forbodet.
Ved valet i 1927 var 1890 røysteføre og av desse røysta 1032. Vinstre fekk 345, bondepartiet 286, høgre 151, kommunistane 135 og arbeidarpartiet 115 røyster.
I 1930 var det 1934 røysteføre i bygdi. Av dei gjevne 1284 røyster fekk vinstre 568, bondepartiet 360, arbeidarpartiet 176, høgre 151 og kommunistane 28 røyster.
I dei 90 åri då valmannskipnaden stod ved lag hev desse osingar vore valmenn:
Henrik Formann 1814,
Johannes Askvik 1814, 15,
Lars Berge 1817,
Torbjørn Synnestvedt 1820,
kaptein Møllerup 1820,
Vinsjans Hauge 1817,20.
Nils Leganger 1820, 23, 26, 38.
Major Krogh 1823,
Anders Sovik 1823, 26, 29,
sokneprest Jersin 1826,
Henrik Formann d. y. 1829,
Lars J. Bø 1829,
Nikolai Hjemdal 1829,
Henrik Synnestvedt 1835, 38, 47,
Stein Lepsøy 1835, 38,
Torstein Jersin 1838, 47,
Jon Mobergslien 1844, 47, 50, 56,
Ola Synnestvedt 1847, 50,
Ole Hansen, Kvalesund 1847,
Lensmann Nieuvejaar 1856, 59, 62, 65, 68, 71,
Johan Leganger 1859, 71,
Ola Austestad 1859, 62, 68,
sokneprest Greve 1862, 65,
Vinsjans Lyssand 1868, 71, 73,
Mons Lien 1873,
Ola Eide 1876, 79,
M .Erichsen 1879, 82, 85, 94, 1903,
sokneprest Meyer 1882,
Annanias Tveit 1885, 88, 91,
Haldor Midthus 1885, 88, 91, 97, 1900,
A. O. Engen 1888,
Nils Kuven 1891,1900,
Jens Fjærestad 1894,
Major Hægland 1894,
Hans Eide 1897, 1900,
doktor Krüger 1897, 1900,
Henrik Søfteland 1900, og H. O. Svenke, Henrik Lyssand, Lars J. Haugland, Jon Kr. Røttingen og Nils Øvreeide, alle 1903.
Det hev ikkje i dei gjengne 118 år etter 1814 vore vald nokon stortingsmann frå Os. Nils Tveit hev vore varamann frå 1922 og hev møtt på Stortinget i åri 1924, 25, 28, 29, 30, 31 og 32.