LAG OG SAMSKIPNAD

Frå Os Soga I  side  688 – 699


LAG OG SAMSKIPNAD.

Radt frå gamall tid hev folk med sams hugmål og sams interessor skipa seg saman i lag.  Frå fyrst av var det vel små private samskipnader, men etterkvart vart mange av dei meir offentlege skipnader som styremagterne tok umsyn til og tok med i samfundsskipnaden.  Dette galdt både vernearbeid, kristendomsarbeid, upplysningsarbeid, og i andre leider.  

Dette let seg lett gjera på dei stader der folk budde tett saman.  Men onnorleis var det i våre grisgrendte bygder.  Gardane var spreidde vida ikring, utan samband ved vegar eller andre ferdslemidlar, folketalet var lite og bygdefolket hadde jamleg lite ans for ting som låg utanfyre det daglege matstrevet.  Fyrst i fyrre hundradåret, då folketalet auka storveges og skulen og upplysningi ogso hadde sett merke etter seg millom bønderne, finn me dei fyrste teikn til at friviljug samskipnad og lagskipnad ogso vinn fram i bygdelivet.  

Den fyrste friviljuge samskipnad i Osbygdi som me kjenner til er leselaget »Os sogns almuebibliotek« som vart skipa i 1828 med 44 medlemer.  Det var presten Andreas Undal Jersin som gjorde upptaket til dette fyrste »lag« i Osbygdi.  Då det ein annan stad i boki er skrive utførleg um boksamlingslaget skal ein her berre syna til det.  

Leselaget var i lang tid det einaste friviljuge lag i Osbygdi.  Fyrst i slutten av 1840 åri kom den næste samskipnaden, eit missjonslag.  Det var brørne Henrik og Ola Synnestvedt som i 1847 gjorde upptaket til missjonsarbeidet i bygdi.  Korleis skipnaden var i missjonslaget veit ein ikkje visst.  Kannhenda var det ikkje noko heilt lag med faste og innskrivne medlemer, men berre samarbeid og samkomor ender og då millom dei som hadde samhug for missjonsarbeidet.  

I slutten av 1860 åri tok brørne Synnestvedt, Ola Nedrebø o. fl. ogso upp indremissionsarbeidet i bygdi.  Kannhenda vart det heller ikkje her skipa noko fast lag for arbeidet frå fyrst av, men frå 1877 var det ein fast samskipnad med lag og lagsmenn.  Namnet vart Os indremissjonsforening.  Då laget hadde dei fleste medlemer på Neset so tok det i 1914, då det vart skipa eit serskilt indremissjonslag på Os, namnet Nessets indremissjonsforening.  Formenn i laget hev vore Lars H. Herevold, sokneprest Wille, Jakob Halhjem og noverande formann Torbjørn Tuen.  Umframt desse kan Jens Moberg, M. Erichsen og fleire nemnast som gode hjelpesmenn i laget.  Samlingshus (bedehus) for laget vart bygt i 1904. 

I 1914 vart skipa Os lokale indremissjonsforening som eit lag for Oskrinsen.  Samlingshus vart bygt same året.  Formann hev heile tidi vore lngebrigt Bjørø. 

Søftelands indremissjonsforening vart ogso skipa i 1914.  Johan Olsen hev heile tidi vore formann.  Laget fekk seg samlingshus i 1915.  

Lysefjordens indremissjonsforening vart skipa i 1920.  Formann vart og er enno Anders Sperrevik.  Laget hev sine møter i det gamle Lysefjorden skulehus som vart kjøpt til samlingshus for krinsen.  

I 1920 vart ogso skipa Øyernes indremissjonsforening.  Formann hev heile tidi vore Engel Bruarøy.  Laget fekk seg samlingshus i 1923.  

Hagevik indremissjonsforening vart skipa i 1919.  Formenn hev vore H. Haldorsen og Engel Sørheim.  Samlingshus vart bygt i 1925.  

Alle dei ovannemnde lag som arbeider for indremissjonen gjekk i 1923 saman i ein samskipnad, Os fællesforening for indremissjonen.  Formann i dette lag hev heile tidi vore I. Bjørø.  Formennerne i dei lokale indremissjonslag er styresmenn i laget.  

Som nemnd kom arbeidet for hedningemissjonen igang i 1847, men ein veit lite um korleis arbeidet vart drive i dei fyrste 20-30 åri.  I 1877 vart skipa den fyrste »kvindeforening« i Osbygdi for missjonsarbeidet, rett nok med berre 4 medlemer frå fyrst av.  Men laget vaks og arbeidet vart teke upp i fleire grender.  Og etterkvart vart det skipa missjonslag, helst som »kvindeforeninger«, i alle krinsar i Osbygdi.  Formennerne og styresmennerne i desse lagi hev vore sterkt skiftande, og det vil føra for langt å nemna alle som hev arbeidt i desse.  I 1887 gjekk krinslagi inn i ein samskipnad, Os hedningemissjonsforening for det Norske missjonsselskep.  Soknepresten hev stødt vore formann i samskipnaden og Jens Moberg hev i lang tid vore kassa-styrar.  

I 1891 vart det på Søre Neset skipa eit kvinnelag for Kinamissjonen.  Det kom fleire slike lag til, soleis på Søfteland og Osøyri, og barnelag vart skipa på Haugland, Askvik, Osøyri og i Sørøyane.  I 1896 kom istand ein samskipnad for heile bygdi, Os Kinamissjonsforening av det Norsk Lutherske Kinamissionsjorbund.  Formann i samskipnaden hev heile tidi vore Jakob Halhjem.  

Det fyrste kvinnelag for Santalmissjonen vart skipa i 1918.  Det er no kvinnelag i Lysefjorden og Nordøyane og eit barnelag i Oskrinsen.  Formann i det sisste er Signy Grindevoll.  

I 1924 vart skipa eit missjonslag i Oskrinsen for Finnmarksmissjonen.  Formann hev vore og er Brita J. Moberg.  

For Israelsmissionen arbeider eit lag på Osøyri med I. Bjørø som formann.  Laget vart skipa i 1920.  

I 1872 vart det uppteke arbeid for sjømannsmissjonen etter upptak av klokkar O. Austestad.  I dei fyrste åri var det truleg ikkje noko fast lagsarbeid, men frå 1885 vart skipa lag med innskrivne lagsfolk.  I Hegglandsdalen vart arbeidet teke upp i 1895 med fast lagsarbeid sidan 1903.  I nokre år var det ogso eit lag igang på Haugland, og sidan 1911 arbeider lag i Lysefjorden og Søftelandsbygdi for sjømannsmissjonen.  

Ikring 1850 vart skipa eit måtehaldslag i Osbygdi.  Kven som gjorde upptaket til det og kven som var formann er no gløymd.  Laget fekk fleire hundrad lagsmenn og var i verksemd til ikring 1870 då det stogga upp.  

Det fyrste fråhaldslag i bygdi vart skipa i 1888 på Neset.  Det fekk snart lagsmenn frå heile bygdi og hadde på det høgste over 350 medlemer.  Formenn hev vore lærar Halvard Halhjem, Stein Skjeie, Steffen Grindevoll, Jakob Halhjem, lærar Meberg, lærer Djuvik, Ola A. O. Haugland, Ola T. Lunde, Marta Hegland, Eivind Tuen og sisst lærer Evenstad.  

I 1923 vart skipa serskilt fråhaldslag på Osyri.  Formann hev vore og er R. Østrem.  

Same året vart og skipa fråhaldslag i Søre Øyane.  Formann hev heile tidi vore Anders M. Lunde.  

I 1902 vart i Oskrinsen, etter upptak av handelsmann Lars Nilsen og Nils Falkenger, skipa losje »Midthordland« av L O. G. T.  Lars Nilsen, Jakob Helgesen og Daniel Grindevoll hev vore L. F. i losja.  Til denne høyrer ogso ei barnelosja »God von«, skipa i 1904.  

Losja »Ole Bull« av L O. G. T. vart skipa i Lysefjorden 1909 etter upptak av lærar Løkling. L. F. hev vore Nils F. Nordvik, Arnt Løkling og noverande Ingvald Søvik.  

På Søre Neset vart losja »Nesjabuen« av L O. G. T. skipa i 1913 av sekretær Peder Svendsen.  Losja hadde på det høgste 60 lagsmenn.  L. F. hev vore lærar Arne Skjeie og den lengste tidi Ola A. O. Haugland.  

Losja »Øyværingen» vart skipa i 1913 i Søre Øyane av Peder Svendsen, men stogga etter nokre års arbeid.  Leidarar var lærar Stafsnes, og Engel og Hans Bruarøy.  

I Søftelandsbygdi vart i 1918 skipa losja »Solglytt« av D. N. G. T. O. med Nils Gåssand som L. F.  I 1919 hadde losja 45 lagsmenn.  Arbeidet stogga i 1920.  

Barnelosja »Dølavon« vart skipa i Hegglandsdalen 1928 med Henrik Lien som L. F.  

Os sanitetsforening vart skipa i 1913 med 25 lagsfolk etter upptak av M. Erichsen.  Talet på lagsmenn vaks snøgt og er no nær 400.  I fleire krinsar i bygdi er skipa sanitetslag som greiner av hovudlaget.  Laget si hovuduppgåva er strid mot tuberkulosen og å skaffa sjukehjelp i bygdi.  Laget held tvo sjukesystrer som gjer tenesta kvar det trengst i bygdi Fyrste formann var fru Holtermann, deretter i nokre år fru Lolla Berg og i dei sisste 13 åri hev fru Signy Grindevoll vore formann.  

Det fyrste ungdomslag i Osbygdi vart skipa hausten 1890 på Osøyri.  Det var lærarane ved Nordhordland fylkesskule Leonhard Næss og Olaus Alvestad som skipa laget og stjorna dette.  Både dei som gjekk på fylkesskulen og bygdeungdom stod i laget.  Då Leonhard Næss reiste frå Os i 1891 stogga laget upp.  

I 1894 skipa kandidat W. Meyer eit ungdomslag på Osøyri, og det fekk løyve av heradstyret til å ha møti i heradshuset.  Laget gjekk berre ei liti tid.  

Etter upptak av fru Anna Moberg tok eit ungdomslag til att på Osøyri i 1903.  Det gjekk i 3-4 år, men stogga so upp.  I 1909 kom laget atter igang, men gjekk berre i eit par år.  I 1916 vart so skipa eit nytt ungdomslag etter upptak av sokneprest Åmot som ogso vart fyrste formannen i laget.  Talet på lagsfolk hev vore radt uppe i 140.  Formennerne hev jamt skift kvart år.  Sisste formenn er Anders Hauge, Nils Bjånes og Paul E. Moberg.  

I Hegglandsdalen vart ungdomsarbeidet teke upp vinteren 1890-91.  Vinsjans Lien skipa då eit songlag og same året vart etter upptak av Nils T. Midthus skipa eit ordskiftelag.  I 1894 slog desse tvo lagi seg ihop til Hegglandsdalens ungdomslag.  Fyrste formann var Jon Anderson Rød.  Formenn i lengere tid var Nils H. Midthus, Nils Tveit og Olaf Hanssen.  Seinare hev formennerne jamt skift.  Dei sisste hev vore Bernhard Berge, Henrik Lien og Fredrik Heggland.  Laget bygde seg hus i 1924.  Talet på lagsfolk hev vore millom 40 og 50.  

Ungdomshus i Osbygdi.

Ungdomslaget »Vårvon« i Søre Øyane vart skipa i 1907.  Upptaket vart gjort av lærar Johan Austbø som ogso var formann tildess han i 1912 reiste frå bygdi.  Laget tok seg då eit par års kvild til 1915, då det atter kom igang med lærar Hans Bøthun som formann.  Bøthun hev sidan med undantak av eit par år havt formannsyrket.  Laget fekk seg eige hus i 1917.  I den fyrste tidi var ogso mange eldre med i laget og talet på lagsfolk hev vore uppe i 65.  Laget hev ogso skipa fleire serlag, songlag, musiklag og idrettslag.  

I Søftelandsbygdi vart ungdomslag skipa i 1903 med Lars Kalandseid som fyrste formann.  Det stogga upp i 1909.  I 1912 vart det uppatt teke med skogskulelærar Sølvberg som formann, men tvo år etter tok det seg atter ei kvild.  I 1915 vart det nyskipa for tridje gang etter upptak av Kr. Bertelsen og det fekk då heile 66 lagsmenn.  Sidan hev det vore i verksemd.  Av serlag hev det skipa idrettslag og spellag.  I 1918 fekk laget seg eige hus, noko som skogforvaltar Blytt hjelpte godt til med.  Sisste formenn er Jørgen H. Søfteland og Nils Gåssand.  

Lysefjorden ungdomslag vart skipa i 1919 med lærar Nils H. Midthus som fyrste formann.  Laget hev på det høgste havt 60 lagsfolk.  Det hev hus saman med ymse andre lag i krinsen sitt samlingshus (det gamle skulehuset).  Formennerne hev vore skiftande og dei sisste hev vore lærar Ola Bønes og Albrigt Søviknes.  

På Nore Neset vart ungdomslag skipa i 1916 etter upptak av lærar Knut Horvei.  Han var ogso formann i laget tildess han i 1919 reiste frå bygdi.  I 1920 bygde laget seg eige hus på tuft som det fekk av Kr. lrgens.  Talet på lagsfolk som på det høgste var vel 60 er no ikring 50.  Sisste formenn er Steffen Irgens Hagevik og Olaf L. Askvik.  

Ungdomslaget »Havglimt« i Nordøyane vart skipa i 1917.  Upptaket vart gjort av lærar Trygve Johannessen som ogso var fyrste formann.  Annanias Strønen var god hjelpesmann i den fyrste tidi.  Formenn seinare hev vore Peder Madsen, Johs Hellevang og Johan Skorpen.  Laget fekk seg eige hus i 1924.  

På Søre Neset vart Nesets kristelige ungdomsforening skipa i 1920 etter upptak av lærar Arne Skjeie og Jakob Halhjem, som ogso vart dei fyrste formenn.  Talet på lags folk gjekk upp i over 80.  Formenn i den seinare tid hev vore Marta Hegland, Eivind Tuen og Engel A. Lunde.  

I 1920 vart ogso skipa eit frilynd ungdomslag på Søre Neset men det stogga etter eit par års arbeid.  Det vart teke uppatt i 1931 med Nils Lekven som formann.  

Os mållag vart skipa i 1920 med 34 lagsmenn og Hans H. Bjånes som fyrste formann.  Det stogga i 1924 men tok arbeidet uppatt i 1930 etter upptak av lærar Magnus Askvik som ogso fekk formannsyrket.  Talet på lagsmenn er no ikring 70.  

I 1922 gjekk alle ungdomslagi i bygdi, Os bondelag og Os mållag saman i Os ungdomssamskipnad.  Fyremålet var å fremja godt samarbeid millom desse lagi og millom ungdomen i bygdi og arbeid for sams interessor.  Samskipnaden hev halde årvisse sumarstemnor som vanleg hev samla mykje folk, og hev m. a. gjeve studnad til arbeidet med bygdesoga for Os og til idrottsarbeidet.  Fyrste formann var lærar Olav Skorpen.  Seinare hev Olaf Johnsen, Bernhard Berge, Lars Sælen og lærar Ola Bønes havt formannsyrket.  

I ymse krinsar er skipa boksamlingslag.  Um desse syner ein til bolken um boksamlingar.  

Songlag vart tidleg skipa i bygdi.  Ymse lærarar freista å få songlag istand i krinsane sine, men sjølv um lagi kom igang so vart dei sjeldan liveføre.  Dei stogga jamnast upp um eit år eller tvo.  Haldor Midthus fekk i slutten av 1870 åri eit lag igang i Lysefjorden og freista seinare ogso med eit songlag i Søftelandsbygdi.  Laget i Lysefjorden gjekk i mange år og gjorde godt arbeid.  

I 1890 skipa Olav Engen eit songlag på Neset.  Både eldre og yngre frå Nore og Søre Neset var med, soleis var det fleire 50-åringar med i laget.  På Søre Neset fekk Olav Engen ogso igang eit songlag med berre kvinnesongarar.  Husrom til øvingane fekk dei ikring på gardane.  På Søre Neset hadde dei soleis jamt husrom hjå Jon Hansson Haugland.  

Ogso i Oskrinsen fekk Olav Engen istand eit songlag og i åri medan Osbanen var under arbeid vart det skipa eit mannskor der fleire jernbanearbeidarar var med.  Lagi sovna då Olav Engen ikkje kunde vera med lenger.  

I Hegglandsdalen skipa Vinsjans Lien eit songlag i 1891.  Nokre år etter vart laget som nemnd umskipa til ungdomslag og songøvingane gjekk seinare fyre seg i ungdomslagsmøti.  

Etter 1900 vart det, jamnast av lærarane, freista med songlag i dei fleste skulekrinsar.  Men på fleire stader vart det berre ein freistnad då lagi stogga upp um eit år eller tvo.  

I 1925 vart Os mannskor skipa på Osøyri med Bernhard Midthus som formann.  I laget stend no ikring 30 songarar.  Mons H. Lyssand hev den lengste tidi vore songstyrar i laget.  Noverande songstyrar er Torleif Åmot og formann er Torbjørn Tveit.  

Os musiklag vart skipa 1901 etter upptak av Nils O. Moberg og L. N. Nikolaisen m. fl.  Nils O. Moberg var fyrste formann.  Styrarar (instruktørar) hev vore Hans Bertelsen, Nils O. Moberg, Ola Tøsdal og Mons H. Lyssand, den sisste radt frå 1911 til no.  Formann i laget er no Sigurd Bugge.  

Musiklag er ogso skipa i Lysefjorden, likeins med Mons H. Lyssand som styrar.  I dei sisste åri er det ogso skipa musiklag i Øyene og i Hegglandsdalen.  

I fleire grender i bygdi er no skipa speidarleg.  Upptaket til desse vart gjort i 1929 av lærar Torbjørn Vik som framleis er leidar for Os-troppen.  Annanias Skorpen og Magnus Askvik er leidarar for tropperne i Hegglandsdalen og Søre Neset.  Lærar Anna Såkvitne stend i brodden for gjentetroppen.  I Osbygdi stend no umlag 150 gutar og gjentor i speidarlag.  

Det eldste idrottslaget i bygdi er Os skyttarlag som vart skipa i 1891 med 22 lagsmenn av fylkesskulelærar Olaus Alvestad.  Han var ogso fyrste formann i laget.  Laget vaks sterkt so det i 1910 hadde 151 lagsmenn og, i 1919 då det hadde 246 skyttarar var laget vorte det største skyttarlag i Norig utanum Oslo og Bergen.  Os-skyttarane vart kjende over heile landet, og ein av dei, Nils D. Drange, hev ogso vore »skyttarkonge«, d. v. s. besste skyttar i Norig.  Lengste styringstid i laget hev Nils Tveit og Jon O. Søfteland som kvar hev vore formann i 10 og styresmann i 20 år.  Sisste formenn er Peder J. Hegland og Johannes Hellevang.  

Os turnforening vart skipa i 1905 med 9 lagsmenn etter upptak av Bernhard Midthus som ogso vart fyrste formann i laget.  Talet på lagsmenn auka storveges, og i 1910 bygde laget saman med Os musiklag turn- og musikhuset »Fjellheim« som etter siste utviding i 1926 er eit av dei største hus i sitt slag innan Hordaland.  Umframt mannstroppen hev laget skipa tropper for vaksne gjentor, smågjentor og gutar.  Formenner og instruktørar hev vore sterkt skiftande.  Av dei som hev gjort framifrå arbeid i laget kann umframt skiparen nemnast Andreas Lyssand, Sverre Nikolaisen, Sverre Bugge og Elias Søfteland.  

Roleget »Kamp« vart skipa i Hagevik 1921 etter upptak av Andreas Hellesøy og Elias Haldorsen.  Ved kapproingar i Bergen gjenom mange år hev »Kampe-gutane stødt halde seg i fyrste rekkja..  Henrik Askvik hev som båtbyggjar vore laget til stor studnad.  Olaf L. Askvik er no formann i laget.  

I nokre år var ogso eit rolag »Fram« igang i Lysefjorden.  Nikolai Søvik var upptaksmann og formann.  Laget hev teke seg kvild i sisste åri.  

I dei sisste åri er det skipa idrottslag av ymse slag, fotball-lag, skilag o. a. i fleire grender i bygdi.  Dei fleste av lagi vantar kunnige rettleidarar og dei er difyr ikkje komne langt fram i arbeidet enno.  Det vil taka for mykje rom her å nemna dei alle.  

Det fyrste handelslag i Osbygdi er Os forbruksforening som etter upptak av H. M. Tvedt vart skipa i 1877.  Um laget er fortald meire i bolken um handel og pengestell og ein syner til dette.  Dei som i lengste tid hev vore formenn i laget er M. Erichsen, Vinsjens Lien og John O. Tøsdal.  Noverande fotmann er Gerhard Berg.  

Osørens handelsforening vart skipa i 1906 etter upptak av John H. Tøsdal som ogso vart forretningsstyrar.  Laget skipa ogso ein filial i Lysefjorden men det heile stogga um eit par år.  Eit handelslag i Søftelandsbygdi hadde likeins stutt livetid.  

I 1916 vart skipa Os kooperative handelslag med Olai Rosvoll som formann.  Laget stagga etter 2-3 års arbeid.  

Lysefjorden handelsforening vart skipa i 1908 etter upptak av Nils og Lars Søvik og Gjert Haugsvær.  Lars Søvik og Daniel Søvik hev i mange år vore formenn i laget.  Formann no er Ingvald Søvik.  

Øyernes handelsforening vart skipa i 1919 etter upptak av Jens og Jakob Røttingen m. f.  Anders Lepsøy hev umlag heile tidi vore formann i laget.  

Um dei tvo sisstnemnde lagi vil ein finna meire i bolken um handel og pengestell.  Ogso um dei tvo banklagi Os privatbank og Os sparebank er fortald i same bolken.  

Det fyrste jordbrukslag som me kjenner i Os er »Foreningen på Nordre Nesset til fårerasernes forbedring» som vart skipa i 1876.  Sovidt me kann skyna var Stein S. Skjeie upptaksmann og formann i laget.  

I 1879 vart skipa »Fana og Os landmandsforening« med skulestyrar Wilson på Stend som formann og Torbjørn S. Lyssand som varaformann.  Nokre år seinare vart laget skift i tvo og Osbygdi fekk seg eige jordbrukslag med Joakim Skadsem på Lysekloster som fyrste formann.  Laget fekk medlemer frå alle grender i bygdi og stod som samlande jordbrukslag for Os i lang tid.  

Ei av jordbrukslaget sine hovuduppgåvor var arbeid for feavlen.  I 1890 åri vart dette ført vidare ved at det ogso vart skipa feavlslag (i den fyrste tidi vart dei jamt kalla okseholdsforeninger e. 1.) ikring i grenderne.  Det er no slike lag i Søftelandsbygdi, Lysefjorden, Nordøyane, Sørøyane, Nore Neset, Søre Neset, Oskrinsen og Hegglandsdalen.  

Eit hesteavlslag hev vore igang sidan 1917.  Av dei som hev gjort mykje arbeid der kann nemnast Haldor Rød og Anders E. Lunde.  

I åri etter 1900, kannhenda mest i krigsåri, vart det skipa fleire serskilte lag, jordbrukslag, landmannslag, innkjøpslag, treskjelag, reidskapslag o. a. ute i krinsane so at hovudlaget ogso vart fri for fleire greiner av arbeidet.  Formenn og styresmenn i alle desse lagi hev vore sterkt skiftande og det er uråd å nemna dei her.  Hovudlaget er enno til men hev no minka arbeidet sitt.  Sisste formenn i dette hev vore Tomas Lekven og Ole E. Moberg, Hauge.  

Eit bondelag som er knytt til Norges bondelag arbeider ogso i Osbygdi.  Frå 1925 er dette skild ut frå Bondepartiet og arbeider som faglegt lag.  Sisste formenn i dette hev vore Torbjørn Lyssand og Lars Sælen.  

Det fyrste meierilag i bygdi vart etter upptak av Nils T. Midhus skipa i Hegglandsdalen 1892.  Dei fyrste formenn var Nils Øvreide og Annanias Tveit.  Os meieri vart skipa i 1898 etter upptak av Peder Hauge og Henrik Lyssand som ogso vart fyrste formenn.  I 1898 vart ogso Søfteland meieri skipa.  Johannes Haukeland gjorde upptaket og Henrik Søfteland vart fyrste formann.  I 1899 vart skipa Lysefjorden meieri etter upptak av Mons Søvik og Tormund Drange.  Då laget etter lang tids stopp vart skipa pånytt i 1914 var Daniel M. Søvik upptaksmann og formann.  På Nore Neset vart ogso skipa meierilag (det gjekk seinare inn i Os meieri) etter upptak av Steffen Grindevoll. – Um meierilagi er elles skrive meir i bolken um jordbruk og ein syner til det.  

Os heste- og kvægessuranseforening vart skipa i 1898 med Hans O. Eide som formann.  I dei fyrste tvo åri vart 51 hestar og 347 kjyr trygda i laget.  Forretningsstyrar hev næsten heile tidi vore Anders Hauge.  

Av faglege lag utanum jordbrukslagi er skipa mange i Os, men dei fleste hev havt ei stutt livetid og det vert uråd å nemna dei alle.  Det fyrste var truleg eit lag av jernbanearbeidarar som vart skipa då Osbanen vart bygd i 1891-94.  men som sjølvsagt gjekk inn då banearbeidet slutta.  

Eit hermetikarbeidarlag vart skipa på Osøyri i 1914 med Johan Fosse som formann.  Laget stogga etter eit par års arbeid.  Os trearbeiderforening vart skipa i 1917 med umlag 20 lagsmenn og Hogne Eide som formann.  Laget stogga i 1921, men arbeidet er no uppatt-teke.  Eit bakarlag for bygdi vart skipa i 1925 med Kr. Bertelsen som formann og er framleis igang.  

Ikring 1910 vart etter upptak av Ola N. Drange og Jon J. Kuventræ skipa eit båtbyggjarlag for Osbygdi.  Laget er enno i gang.  Sisste formenn hev vore Daniel M. Søvik og Nils O. Drange.  

Av dei politiske lag i bygdi er Os vinstrelag det eldste.  Det vart skipa i 1885 etter upptak av brørne Haldor Midthus og Annanias Tveit.  Haldor Midthus var formann i laget i 16 år og deretter Nils Tveit i 20 år.  Umframt desse hev Nils T. Midthus, Jon O. Søfteland og Didrik Hegland vore formenn i laget.  

Etter 1900 vart ogso skipa eit høgrelag i Osbygdi, men ein vantar nøgnare upplysningar um dette.  

Os arbeidarparti vart skipa i 1913 etter upptak av Jakob J. Fagertun som ogso vart fyrste formannen.  Ivar Skorve er sisste styrar av laget.  I 1923 vart laget kløyvt og det vart skipa eit nytt lag Os sosialdemokratiske forening med Olaf Holmås som formann.  Odd Rosvold er no formann i dette.  Då Norges bondelag skipa seg som eige politisk parti, Bondepartiet, vart ogso bondelaget i Osbygdi knytt til dette.  Formenn i Os bondeparti hev, sidan dette og det faglege laget vart skilde, vore Lars Vadla og Torbjørn Hjemdal.  

Umframt dei nemnde lag og samskipnader finns det mange smålag av ymse slag i Osbygdi, men det vil føra for langt å taka desse med her.  Det som her er nemnd tore likevel vera nok til å gjeva eit bilæte av lagsarbeidet i bygdi.