BØKER OG BOKSAMLINGAR
Frå Os Soga I side 678 – 687
BØKER OG BOKSAMLINGAR
Um ein vilde telja dei bøker som fanns i Osbygdi i det 17de og 18de hundradåret so vart det ikkje mange. Den einaste mann i bygdi som ein med vissa veit hadde nokre bøker var presten. Sume av prestane hadde ogso store og gilde boksemlinger, men det var umlag alt vitskaplege og kyrkjelege bøker som berre presten sjølv kunde ha gagn av.
Ein lyt ogso tru at klokkaren i bygdi hadde nokre bøker. Han skulde læra ungdomen kristendomskunnskap og gjera tenesta i kyrkja og måtte vel difyr ha nokre hjelpebøker. Men etter det me kjenner til klokkarane i Os so hadde dei visst ikkje meir av det slaget enn det som sårt trongst. I skifti etter lensmennerne finn me vanleg ikkje ei einaste bok. Dei offiserar som var busette på Molda, Klyva og sidan Ferstad hadde vel nokre bøker i huset, men elles vilde ein truleg leita fåfengt i Osbygdi etter ei bok.
Då det i 1740 åri vart skule i bygdi var det ei av skulen sine hovuduppgåvor å læra borni lesekunsten. Men det gjekk ikkje snøgt. Me ser soleis at so seint som i 1770 kunde berre helvti av dei born som vart innskrivne til konfirmasjon lesa i bok. Og etter alt å døma so lærde ikkje alle borni å lesa fyrr ikring 1800. Mange eldre som ikkje hadde lært kunsten i skulen kunde sjølvsagt heller ikkje då lesa. Og når folket ikkje var meire lesekunnigt so var det ikkje ventande å finna mange bøker i bygdi.
Etter 1800 vart lesekunsten meir vanleg i Ossokni. Upplæringi vart betre, skulane fekk bøker til å læra or, og dette auka lesehugen. Ein og annan bygdemannen fekk no ei bok i huset, jamnast var det ein huspostil attåt salmeboki, og ein almanak. Men storparten av bygdefolket var likevel ikkje med. Skifti frå den tid syner at dei fleste hus i bygdi framleis var heilt snaude for det som ein kann kalla bøker. Skulde ein bonde få lesa so måtte det difyr vera ved å låna ei bok.
Radt frå 1780 åri hadde det vore prestar og andre som arbeidde for å skipa boksamlingar for utlån i bygderne, »almueboksemlinger« som dei vart kalla. I ei og onnor bygd vart ogso boksamling skipa, men dei fleste fekk berre stutte livedagar. Då »Selskabet for Norges Vel« vart skipa i 1809 hadde det ogso som uppgåva å arbeida for Folkeboksamlingar. Dei fekk god hjelp av bispen Neumann i Bergen, som både i skriv og på sine visitasferder i 1820 åri uppmoda prestane um å skipa boksamlingar. Bispen laga ogso reglar for sovorne boksamlingar, og sende dei saman med nye uppmodingar til alle prestar i bispedømet.
I Os vart arbeidet uppteke straks. Presten Andreas Undal Jersin fekk i 1828 skulehaldarane til å samla inn pengar i bygdi, og etter eit av klokkar Ola Torbjørnson Synnestvedt og skulehaldar Mons Monsson Rød uppsett reknskap vart det samla inn 35 daler og 90 skjeling. Dei fleste gardbrukarar gav ei ort, nokre av dei beste bønder gav to-tre ort kvar, og presten, klokkaren og »proprietair« Nils Leganger på Molda gav kvar ein heil daler.
Av dei som hadde teikna seg for tilskot melde 44 mann seg som lagsmenn og låntakarar i boksamlingi. Storparten av dei var gardbrukarar, men det var ogso nokre husmenn og lauskarar med. Umframt klokkaren var det berre ein skulehaldar som melde seg som låntakar. Når det ikkje var fleire lærarar med so kom det visst ikkje av at dei sjølv hadde bøker nok, det var truleg lesehugen som vanta.
Boksamlingi sitt fyremål vart uppsett soleis:
»At indkjøbe og udlåne sådanne bøger, som kan tjene almuen enten til opbyggelse eller utvidet kundskab i bondestandens næringsvei eller almindelig for ham passende opplysning, eller behagelig eller lærerig underholdning, alt efter biskopens og sogneprestens samtykke og veiledning.«
Det vart ikkje vald noko styre for boksamlingi. Alle lagsmennerne samlast ein gong um året til møte, og det vart då gjort vedtak um kva bøker som skulde kjøpast. Til kvar visitas vart alle bøkerne samla ihop, og bispen eller prosten såg då etter bøkerne, gjekk gjenom utlånsboki og reknskapet, og gjorde sine merknader um alt var som det burde vera.
Kvar lagsmann lagde 8 skjeling um året, elles var utlånet fritt. Lånetidi var 3-8 vikor etter storleiken av boki. Kvar gong det hende at ein låntakar hadde boki lenger enn den fastsette utlånstidi so hadde han å leggja ei bot av 24 skjeling. Det kunde soleis henda at ein mann måtte leggja meir i bot enn heile boki var verd, berre avdi han hadde henne ein dag over den fastsette tidi. Det vart ogso sett store bøter for dei som skjemde eller skada bøkerne, og bøterne vart i den fyrste tidi boksamlingi si største innkoma.
I boksamlingi sine lover vart sett reglar for alt som tenkjast kunde, um kva som skulde gjerast når ein lagsmann døydde, um ervingane sine retter og pligter, um tjuveri av bøkerne, um tap ved eldsvåde, o. s. b.
Nils Leganger på Molda vart styrar av boksamlingi (bibliotekar), og han heldt ogso husrom for bøkerne. Leganger stjorna boksamlingi utan noko godtgjersla i heile 25 år og heldt alt greidt. Bispen og prosten kunde soleis ved kvar visitas med full rett skriva i boki, at »alt er i den ønskværdigste orden befundet«.
Då det kan vera forvitneleg å sjå kva bøker ein då kjøpte til ei folkeboksamling skal me setja upp ei liste over bøkerne etter den fyrste utlånsboki.
Desse bøkerne vart innkjøpte av boksamlingi sjølv (ein set innkjøpsprisen til i klammer):
1. Frimans gudelige Haandbog eller Søecabinet. (Pris 60 skjeling). Boki var mykje utlånt.
2. Sædelære for Børn, af Campe (36 skj.). Mykje utlån.
3. Almuevennen (1 spd. 36 skj.). Sers mykje utlån.
4. Jordbeskrivelse, af Platou (12 skj.), Lite utlån.
5. Thune’s Næring (72 skj.). Noko utlån.
6. Anekdoter om Dyrene (84 skj.). Mykje utlån.
7. De rette Grunde for Fodervexters Dyrkning af Mediuus (60 skj.). Lite utlån.
8. Haandbog for Mødre (60 skj.). Noko utlån.
9. Dyds og Flittigheds Belønning (96 skj.). Mykje utlån.
10. Moerende og underholdende Historiebog for den hæderlige Bondestand (1 spd. 48 skj.), Sers mykje utlån.
11.-13. Nordiske Fortids Sagaer, 3 Bind (1 spd. 36 skj, for kvart band). Mykje utlån.
14.-17. Oldnorske Sagaer. 4 Bind (kvart 1 spd. 36 skj.). Mykje utlån.
18. Jomsvikinga og Knytlinga Saga (1 spd. 36 skj.), Lite utlån.
19. Forsøg over Jesu Plan, af Prof. Reinhard (1 spd. 36 skj.). Mykje utlån.
20. Fyrstevælden, af Synesius (84 skj.). Lite utlån.
21. Ledetraad til Undervisning i den almindelige Menneskehistorie, af Dolz (60 skj.). Lite utlån.
22. Raad mod de almindeligste Sygdomme for Husdyr, af Abildgaard (20 skj.), Næsten ikkje utlån.
23.-28. Magazin for Næringsstanden, 6 Bind (kvar 40 skj.). Næsten ikkje utlån.
29. Lægen i Nøden (48 skj.). Næsten ikkje utlån.
30. Anvisning til den praktiske Ager dyrkning (36 skj.). Lite utlån.
31. Sange for den Norske Bondestand, af Zetlitz (48 skj.). Sers mykje utlån.
32. Økonomiske Blandinger, af Biskop Neumann (1 spd.). Lite utlån.
33. Den kloge Mands Haandbog (48 skj.). Lite utlån.
34. Communionbog, af Hermes (1 spd. 30 skj.). Mykje utlån.
35. Alle Jesu Taler (1 spd. 48 skj.). Sers mykje utlån.
36. Hellige Oprnuntringer i mødige og tankefulde Stunder, av T. Liitken (1 spd. 48 skj.). Sers mykje utlån.
37. Visdomsbog for den christelige Landmand (1 spd. 36 skj.). Sers mykje utlån.
38. Forsøg til Fædrelands Chatechismus, af P. O. Boisen (60 skj.). Lite utlån.
39 Juridisk Haandbog for den Norske Landalmue, af Hans Holst (1 spd.). Sers mykje utlån.
40.-41. Evangelisk christelig Psalmebog. 2 Ekspl. (kvart 60 skj.). Mykje utlån. Ein av lagsmennerne, Ola Nilsson Bø, lånte denne boki 15 gonger, og då han kvar gang hadde boki i 4 vikar so hadde han næsten til kvar tid ei evangelisk christelig Psalmebog i huset.
42. Store og gode Handlinger, af Ove Malling (1 spd. 12 skj.). Sers mykje utlån.
43. Den naturlige Theologie, af Ove Guldberg (80 skj.). Mykje utlån.
44. Den aabenbarede Theologie, af Ove Guldberg (100 skj.). Mykje utlån.
45. Haandordbog over forskjellige fremmede Ord, som forekommer i det Norske Sprog (Ispd, 24 skj.). Lite utlån i dei fyrste åri, men seinare meir etterspurd. Johannes Kuventræ lånte boki 25 ganger.
46.-47. Betragtninger over de christelige Troeslærdomme, af Dr. J. P. Mynster. 2 Bind (kvart l spd.). Sers mykje utlån.
48. Kort Fremstilling af Christendommen og den Lutherske Reformations Indførelse i Norge (24 skj.). Næsten ikkje utlån.
Som gåva fekk boksamlingi desse 62 bøkerne frå »Det Kgl. Selskab for Norges Vel«
1.-7. Budstikken. 7 Bind. Næsten ikkje utlån.
8-16. Historiske philosophiske Samlinger. 9 Bind. Ikkje utlån.
17.-21. Topographiske statistiske Samlinger. 5. Bind. Ikkje utlån.
22. Indberetning om Nationalfesten den 11. December 1811. Ikkj e utlån.
23.-25. Norske Konge Krøniker, af Snorre Sturlasøn. 3 Bind. Mykje utlån.
26.-28. Danmarks Krønike, af Saxo. 3 Bind. Noko utlån.
29.-30. Udsigt over den Lutherske Reformation, af Prof. Stenersen. 2 Bind. Mykje utlån.
31. For Almuen, af Henrik Wergeland. Næsten ikkje utlån.
32. Sange for den Norske Bondestand, af Zetlitz. Sers mykje utlån.
33. Nationale Fortællinger, af Provst Grave. Sers mykje utlån.
34.Veien til rigdorn, af Franklin. Lite utlån.
35. Haandbog for Landmanden, af Elieson. Næsten ikkje utlån.
36. Juridisk Haandbog for den Norske Landalmue, af H. Holst. Mykje utlån.
37. Den lette Regnekunst, Berre 1 utlån, til ein skulehaldar.
38. Kongeriget Norges Grundlov. Lite utlån.
39.-48. Forskjellige Landbrugsskrifter, 10 Bind (Om Tobaks avl, Om Humleavl, Anvisning til Ølbrygning, Dyrkning af Kaal, o. s. v.). Næsten ikkje utlån.
49.-62. Forskjellige Love, 14 Bind. Storparten ikkje utlånte.
Som gåva av «Bispearkivei« fekk boksamlinga desse 45 bøkerne:
1. Kirkehistorie, af Lillelund. Lite utlån.
2. Mærkværdige Exempler paa Martyrernes svære Lidelser, af Mossin. Mykje utlån.
3.-16. Økonomiske Annaler. 14 bind. Næsten ikkje utlån.
17.-18. Woldickes Prædikener. 2 Bind. Mykje utlån.
19. Lunds Prædikener paa Langfredag. Lite utlån.
20.-45. Forskjellige Landbrugsskrifter, 26 Bind (Om Kornplanting, Om Ager dyrkning, Om Husdyrsygdommer, Om Salt af Tang, o. s. v.). Ikkje utlån.
Boksamlingi hadde soleis i dei fyrste åri 155 bøker. Seinare vart »Skillings-Magazin« mykje kjøpt, i 1842 hadde ein soleis over 30 band av dette og desse vart stødt mykje lånte og lesne.
Som ein ser av lista var det dei religiøse bøkerne og dei nokre få forteljings- og songbøkerne i boksamlingi som var mest etterspurde. Ogso sogebøkerne var mykje lesne. Derimot var det liten spurnad etter »nyttige« skrifter, og ein legg serleg merke til at dei bøker som vedkom bonden sitt eige yrke, jordbruket, omlag ikkje vart lånte. Heller ikkje lover hadde folk mykje ans for, men den juridiske handboki vart mykje lesi. Bonden har jamt synt hug for det »juridiske«.
Det var i dei fyrste åri stor interesse for boksamlingi. Etterkvart fall likevel ein og annan lagsmann frå, sume ved dødsfall og sume av andre grunnar, medan tilgangen av nye lagsmenn var liten. Årspengane vart soleis færre og bøterne som i den fyrste tid skapte den største innkoma for boksamlingi fall ogso meire burt. Det vart mindre pengar til kjøp av nye bøker og derved minka ogso interessa hjå lagsmennerne. I 1840 var det berre 35 mann som lagde årspengar, og i 1850 var talet minka radt til 26.
Som nemnd i bolken om bygdestyringi hadde det sidan 1839, etter framlegg av kapellan Torstein Jersin, vore samla pengar til eit »fond for oplysningens fremme i Os præsiegjeld«. I 1852 vedtok heradstyret å taka 80 dalar av dette fond til skiping av ei folkeboksamling for heile prestegjeldet. Staten gav ogso 25 daler til fyremålet. Det vart likevel ikkje skipa noko sams boksamling, men dei 105 dalerne vart skift millom dei 5 sokner etter skyldi. Ossokni, som fekk 37 daler av pengane, overtok no den gamle folkeboksamling i bygdi og brukte pengane til upphjelp og utviding av denne. Boksamlingi fekk no betre vilkor. Heradstyret tilsette bibliotekar og vedtok nye reglar for boksamlingi. Alle vaksne osingar kunde no få låna bøkerne. Utlånstidi var 6 vikor.
Den fyrste bibliotekar etter at boksamlingi vart heradseiga var Henrik Steffenson Grindevoll. Løni var 2 daler året. Han stjorna boksamlingi i 3 år då klokkaren, Ola Austestad, fekk yrket. Frå 1860 til 1863 var lærar Haldor Midthus bibliotekar, og etter han tok lærar Halvard Halhjem arbeidet som han hadde radt til 1883.
Etter at det i 1850 vart kjøpt bøker for dei pengar som heradet fekk av »upplysningsfondet« vart det jamt lite med bokkjøpet. Boksamlinga si heile innkoma um året var ein skjeling av kvar skylddaler i bygdi, d. v. s. knapt 4 daler ihop. Dette vart berre pengar til eit ekspl. av »Skilling-Magazinet«, som årvisst vart tinga, og årspengar til »Selskabet for folkeoplysningens fremme« soleis at boksamlingi fekk dei skrifter som dette laget gav ut. Attimillom måtte heradet gjeva eit umframt tilskot so at ein fekk kjøpa nokre bøker. I 1879 løyvde soleis heradet 65 kr. umframt til bokkjøp.
Det vart frå 1860 vald eit styre på 3 mann for boksamlingi. Formann i styret var vanleg presten. I 1880 kom M. Erichsen med i styret, vart nokre år seinare formann, og i 1883 fekk boksamlingi ogso ny bibliotekar med di fargar I. L. Tvedt tok arbeidet. Boksamlingi fekk no munaleg framgang. Heradet gav årvisst eit tilskot av umlag 50 kroner til boksamlingi og staten gav ein tilsvarande sum. Det vart kjøpt mange nye bøker og utlånet auka. Styret lagde ogso vigt på å kjøpa sovorne bøker som folk gjerne vilde lesa.

I utlånsromet.
Boksamlingi hadde frå 1853 havt eit rom i prestegarden eller i Os skulehus. Då I. L. Tvedt vart bibliotekar flutte han boksamlingi inn i sitt eige hus på Osøyri. Dette var ein fyremun, avdi bygdefolket då til ein kvar tid kunde få låna bøker, og utlånet auka storveges i desse åri.
Då I. L. Tvedt etter 1900 flutte huset sitt kom ogso boksamlingi på flyttefot, og ho fekk rom i kommunehuset. Det vart no meir tungvint å koma til bøkerne, og bibliotekarløni som var den same som fyrr, berre 20 kroner um året, skulde ikkje freista bibliotekaren til å halda boksamlingi opi kvar dag i vika. I. L. Tvedt sa arbeidet frå seg, og det vart no jamt bibliotekarskifte, soleis hadde Gustav Tvedt, Bernhard Midthus o. fl. det ei tid kvar. Heradtilskotet var det same som i 1880 åri, 50 kroner um året, det vart lite til kjøp av nye bøker og utlånet minka. I 1911 vart vald nytt styre, og frå 1916 vart Nils Tveit formann. I 1917 vart heradstilskotet auka og frå 1920 kom det upp i 500 kroner um året. Staten gav ogso nokre år ein tilsvarande sum. I 1919 fekk boksamlingi plass i det største rom i kommunehuset, og ein fekk då ogso høve til å skipa eit leserom. I »den gode tid« ikring 1920 nytta formannen høvet til å samla inn pengar, umlag 2500 kr., til kjøp av fagbøker og større verk åt leseromet, og mange gamle, skitne og utslitne bøker i boksamlingi elles vart skift ut og bytt med nye. Boksamlingi hev no (1931) ialt 1982 utlånsføre bøker, derav 1436 band skjønnlitteratur og 545 band fagbøker.
Utlånet var i sisste året 2979 bøker til 436 lånarar. Det var i same året 1673 menneskje inne i leseromet.
Styret for boksamlingi i dei sisste 10-12 åri hev vore bonde Nils Tveit, formann, lærar Daniel Grindevoll, kassastyrar, og lærar Katrine Kronstad, bibliotekar.
I den seinare tid er det ogso skipa folkeboksamlingar i fleire grender av bygdi. I 1918 vart det soleis skipa boksamling i Søfelendsbygdi og straks etter ei i Søre Øyene. Desse boksamlingar hev ihop 520 bøker. I 1921 fekk Lysefjorden krins ei stor boksamling som gåva frå eigaren av Lysekloster, skipsreidar Georg von Erpecom. Boksamlingi hev no over 1100 band. Heradet gjev 50 kroner um året til kvar av desse 3 boksamlingar og staten gjev ein tilsvarande sum. Dei 4 folkeboksamlingane i bygdi hev soleis tilsaman 3600 bøker.
Eit par ungdomslag hev ogso skipa boksamlingar, soleis Hegglandsdalens ungdomslag i 1907 og ungdomslaget »Vårvon« i Sørøyane 1919. Desse boksamlingar hev tilsamen 250 band.
I 1899 vart skipa ei barneboksamling ved Hegglendsdelen skule. Søfteland krins fylgde etter i 1906, Lenningdel i 1907, Sørøyane i 1908 og Lysefjorden i 1911. I åri 1917-21 vart det ogso skipa boksamling i dei andre krinsar so at det no er barneboksamlingar ved alle skular i bygdi. Talet på bøker i desse boksamlingane er so ymse, frå 25 ved Nore Neset skule til umlag 200 i Hegglandsdalen. Tilsaman hev barneboksamlingane vel 900 band.
Os lærarboksemling vart skipa i 1918. Boksamlingi hev umlag 100 band, storparten fagbøker og handbøker for lærarane.
Umframt til boksamlingane vert det ogso år um anna kjøpt inn mange bøker til leseringar og leselag, men desse bøkerne vert vanleg etter lesingi skift ut til lagsmennerne og vert deira private eigedom. I dei fleste hus finn ein no ei liti bokhylla, og mange bygdefolk hev ogso fenge eigne boksarnlingar. Hjå sume kann desse vera frå 500 upp til 1000 band, og det finns ogso større boksamlingar hjå einskildmenn i bygdi.