POST OG TELEFON
Frå Os Soga I. Side 669 – 677
POST OG TELEFON
POSTEN.
Radt frå gamall tid hev det vore eit slag postsamband land og land imillom, og likeins millom dei ymse landsluter. Me ser av soga at det gjekk sendebod frå den eine høvdingen til den andre, frå stormenner i den eine landsluten til stormenner andre stader. Kongane sende ut bodberarar med brev og bod til tenestemennerne sine og til folket, og tenestemennerne måtte senda meldingar til kongen og styremagterne. Men desse »postbud« gjekk berre når bod skulde sendast og det kunde gå lang tid millom kvar sovori »postruta«.
Etterkvart som handelen tok til fekk ogso andre enn stormenner og styremagter bruk for postsending. Men det var kostesamt å senda ein serleg bodberar kvar gong ein hadde bruk for det, og dei som ikkje var rikfolk måtte difyr nytta andre sendebod. Dei måtte venta med brevet til det ved eit høve gjekk eit skip eller reiste ein mann til den staden der brevet skulde. Og det kunde jamt taka lang tid fyrr ein fann eit sovore høve.
Arbeidet for eit betre postsamband vart uppteke og ymse stader i utlandi vart det skipa faste postrutor. Etterkvart kom ogso kravet um faste postsamband upp i Danmark-Norig, og i 1647 vart vedteke den fyrste postskipneden for vårt land. Det vart skipa ei fast postruta millom Oslo og Kjøpenhamn, og likeins faste postrutor millom Oslo og dei 12 andre største byane i landet, millom desse ogso Bergen.
Ved eit kongevedtak i 1650 vart det sett reglar for postrutorne. Posten frå Bergen til Oslo skulde gå ein gang um vika, og likeins frå Oslo til Bergen. I dei fyrste åri brukte posten 12-13 dagar kvar veg, men seinare greidde postberaren ruta si på 6-7 dagar.
Postpengene for eit »enkelt brev« frå Bergen til Oslo var 10 skjeling i den fyrste tidi. Sidan vart postpengane auka, og i 1720 kosta det 20 skjeling å senda eit brev frå Bergen til Trondheim. Det var soleis kostesamt å senda brev. Ei vanleg dagløn var i dei tider 6-8 skjeling, og ein måtte soleis ha god råd um ein skulde senda nokre brev for vika. Men for bygdefolket hadde dette elles lite å segja. Ein vanleg bonde sende ikkje brev. Ikkje var han skrivefør, og heller ikkje hadde han noko å skriva um til folk i andre landsluter.
Postruta frå Oslo til Bergen gjekk over Filefjell og gjenom Sogn. Frå Bergen gjekk so ei postruta sørover til Stavanger. Denne ruta er ikkje nemnd millom dei som vart skipa i 1647 og heller ikkje er ho nemnd i postreglane frå 1650. Men truleg er ogso denne ruta skipa i 1647 eller straks etter, iminsto var ruta i gang i 1650. Då denne »Stavangerske postruta« gjekk gjenom Osbygdi hev ho serleg interesse for osingane, og ein skal difyr nemna noko meir um denne eldste postruta gjenom Os.
Posten gjekk fyrst med hesteskyss frå Bergen til Sandven i Fana. Mennerne på Hatlestad og Sandven tok so postskreppa på hesteryggjen over Kalandseid og Søfteland til Moberg i Os. Dei 3 mennerne på indre Moberg, Mikkjel Vinsjenson, Nils Person og Jørn Jonson, tok postskreppa og førde henne i båt over Bjørnafjorden til Våge i Tysnes, der dei gav henne frå seg til 3 mann på Våge.
Vågebønderne for so med postskreppa på sin eigen rygg eller hesteryggjen til Onarheim. Mennerne på Singelsæter og Berge hadde det so på seg å føra posten over Hardangerfjorden til Bjelland i Husnes. 3 mann på Bjelland og Våge tok deretter postskreppa i båten og for sørover med henne til Fjellberg. Sydnes- og Kikebønderne fôr vidare med posten over Rogalandsgrensa. Ruta gjekk so vidare over Sandeid til Stavanger. Millom Bergen og Stavanger var ikkje noko postopneri.
Frå Stavanger til Bergen gjekk posten same veg attende. Vågebønderne kom då med postskreppa over Bjørnafjorden til Os, og dei 3 Mobergsmennerne tok henne vidare på hesteryggjen til Sandven i Fana.
Kor jamt posten gjekk etter denne ruta er ikkje heilt greidt, men ymse ting tyder på at han gjekk kvar fjortande dag. Mobergsmennerne som soleis hadde ein tur til Tysnes og ein tur til Sandven annan kvar vika hadde halv skattefridom for arbeidet sitt og hadde berre halv utskriving av soldatar imot dei andre bønder i bygdi. Frå slutten av 1660 åri hadde gardbrukarane på ytre Moberg postførsla.
Postruta Bergen-Stavanger gjekk berre til ikring 1690. Postmengdi var liti, mykje av posten gjekk utan om ruta med skip som attimillom sigla frå Bergen til Stavanger eller motsett veg, og riksstyret fann det difyr ulønsamt og uturvande å halda postruta igang. Ruta vart difyr lagt ned i 1690 åri.
I krigsåri 1716-20 vart postruta Bergen-Stavanger teki uppatt. Det var då utrygt å senda posten den vanlege veg frå Oslo til Stavanger, og difyr vart ogso Stavangerposten send um Bergen. Postruta sørover vart då den same som fyrr, gjenom Fana og Os, vidare um Tysnes og sørover gjenom Sunnhordland. Då krigen var slutt fall denne postruta burt, og det gjekk no over eit halvt århundrad til det atter kom post gjenom Osbygdi.
I 1770 åri kom spursmålet um ei postruta Bergen-Stavanger atter upp til dryfting. Rikstyret vog lenge på saki, men i 1786 vart det endeleg vedteke å setja ruta igang. Posten gjekk mykje den same vegen som fyrr, frå Bergen um Sandven og Søfteland til Moberg i Os. Derifrå gjekk ruta um Hatvik, over fjorden til Fusa og vidare sørover.
Det vart no spursmål um å laga betre vegar for postruta, og det førde til at »Den Stavangerske hovedvei« eller »Postveien«, som han stutt og godt vart kalla i bygderne her, vart bygd. Vegen gjekk frå Bergen um Årstad og Landåsleitet til Byrkjeland, over Vallaheien til Sandven og vidare sørover til Hatvik, umlag etter same lina som vegen no ligg. Frå Hatvik til Fusa gjekk posten i båt, men frå Fusa til Strandvik vart laga postveg over Fusafjellet. Frå Strandvik gjekk postruta sjøvegen til Sunnfjord i Lygrepollen, derifrå etter ein nylaga postveg til Ølve, vidare over Hardangerfjorden og sørover for det meste sjøvegen, men attimillom ogso etter nylaga postvegar på landjordi. Posten gjekk fram og attende ein gong um vika. Det vart no skipa nokre postopneri i bygderne langs postruta, soleis eit i Os, eit i Kvinnherad, eit i Skonevik og eit i Ryfylke. I Os vart postopneriet skipa på Molda hjå oberstløytnant Frants Hendrik Meidell, som soleis vart den fyrste postopnar i Osbygdi. Det var truleg ogso dei militære tenestemenner på Molda og Klyva som hadde serleg bruk for posten. Då oberst Meidell døydde i 1815 vart postopneriet i Os lagt ned, og istaden vart det skipa postopneri på Fusa. Dette vart elles i 1823 flutt sørover til Hamarhaug i Luksund som då vart futegard.
Postskifti som fyrr hadde vore på Sandven og Moberg vart etter den nye postruta på Byrkjelend, Søfteland og Hatvik. Ein mann på kvar av desse gardane vart »postbonde«, som for ei viss godtgjerdsla hadde pligt å syta for postføringi til næste skifte. Postbonden tok jamnast tvo drengjer til postskyssen, og desse gutane tente seg fri frå militærtenesta ved å skyssa posten i 5 år. Fyrr postvegen vart lagd måtte posten førast på hesteryggjen frå Bergen til Hatvik, men etter at vegen kom ikring 1800 vart det jamnast brukt hest og kjerra til postføringi. Frå Søfteland til Hatvik skulde postkjøraren ikkje bruka meir enn 2 timar, eller 2½ time i kleint føre. Den same tid galdt for turen frå Hatvik til Søfteland, og frå Søfteland til Byrkjeland. Frå Hatvik til Fusa hadde veret meir å segja for tidi, og der måtte jamnast begge postdrengjerne og stundom ogso postbonden sjølv vera med i skyssen. Postskreppa skulde alltid bindast vel fast til båten so at ho kunde finnast att um båten kollsigla og sjølv um det gjekk ille med postkarane.
I 1832 vart postkjøraren i ruta Søfteland-Hatvik påteken og posten rana. Postbonden på Søfteland hadde då tvo postdrengjer, Hans Olson Tøsdal og Jon Larson Røykenes. Måndags kvelden den 27. februar 1832 reid den eine postdrengjen, Jon Røykenes, frå Søfteland til Hatvik med postskreppa. Då han i 7-tidi um kvelden kom ridande inn imot Hatvik råka han ein mann som gav seg i prat med han. Postmannen gjekk av hesten for å gå ned dei bratte Hatvik-bakkane, men i det same fekk han eit slag i hovudet so han stupte. Han freista å koma seg på beini, men fekk slag etter slag att tildess han uvita. Då han atter kom til seg sjølv hadde framandmannen fare med postskreppa. Postmannen freista no å koma seg heim til Hatvik, men då ransmannen merkte det sprang han etter for å taka postdrengjen på nytt. Drengjen kom seg likevel heim til Hatvik, skamslegen, blodutt og fæl med 10-12 sår i hovudet.
Det vart straks sendt ut folk for å fakka ransmannen, og då mange hadde set han då han um dagen kom gangande frå Bergen til Os vart han straks funnen i Bergen og sett fast. Det var ein ung skipsbyggjar frå Bergen, Stein Øfstad, som nett var gift og hadde bruk for pengar. Han gjekk frå Bergen tidleg måndags morgenen med den tanke å rana posten, og han tok ein navar med som handyvle og for å ha noko til å opna postskreppa med. På vegen til Os var han inne i Skogen for å kjøpa seg mat og hadde elles på vegen råka fleire som kjende han. Det såg soleis ikkje ut til at han hadde tenkt på å koma usedd til Os. Av pengane som han fann i postskreppa, 177 daler og 78 skjeling, hadde han 165 daler att då han vart teken.
Det vart reist tiltale mot ransmannen for ran og mordfreistnad. Han sagde sjølv at han ikkje tenkte å drepa postdrengjen men berre slå han i uvit for å få tak i postskreppa. Retten meinte noko anna, og etter fIeire forhøyr vart han i eit rettsmøte på Stord dømd til å missa livet. Han søkte um nåde hjå styremagterne men det vart negta. Justisdepartementet fastsette at han skulde rettast på same staden der han hadde teke på postrnannen, og tidleg um morgenen den 13. november 1833 vart domen sett iverk.
Os-kompaniet stod vagt um staden, og det hadde samla seg mange folk som vilde sjå. Mannen vart halshogd, hovudet vart sett på ein stake og kroppen lagt på stegle og hjul. I tri dagar stod dette skræmelege synet attmed vegen til skræmsl og åtvaring for alle som ferdast framum der. Etter dei tri dagane vart kroppen nedteken og gravlagd på same staden og søkket etter gravi syner enno. Etter denne hendingi ber bakken og staden namnet »Stegle« den dag idag.
I dei fyrste halvhundrad åri gjekk postruta berre ein gong um vika. I 1837 vart det reist spursmål um å utvida postgangen, men fyrst i 1852 vart det etter mykje skriving att og fram ålvor i saki. Ruta vart då utvida til tvo turar um vika.
Frå 1. januar 1855 vart det skipa postopneri på Osøyri, og landhandlar Petter Jersin vart tilsett som postopnar. Postmengdi til Os var ikkje stor til å byrja med. Ein nokre brev og blad til presten, lensmannen, klokkaren, Leganger på Molda og »Lytmaen» (løytnant Krogh) på Ferstad var det heile. Smått um senn fekk ogso ein og annan bygdemann bruk for posten, men det gjekk lang tid fyrr bygdefolket mannjamt fekk bruk for han. I 1870 åri byrja fleire av dei mest interesserte bønder å halda blad, men fyrst i dei politiske stridsåri etter 1880 vart bladhaldet vanlegt i grenderne. Det var bladi meir enn brevposten som gjorde at ogso bygdefolket fekk interesse for poststellet.
Brevi til og frå Osbygdi var ikkje mange i den fyrste tidi. Bønderne hadde ikkje mykje å skriva um og dei kvidde seg beint fram for å skriva eit brev, sjølv um dei var skriveføre. So seint som i 1880 gjekk det ikkje meir enn 2800 brev um året, d. v. s. mindre enn 8 brev um dagen frå heile Osbygdi. Til samanlikning kann nemnast at i 1915 gjekk det umlag 550 brev um dagen frå Osbygdi. Vokstren etter 1880 vil ein elles sjå besst av nedanståande oversyn.
Då det gjekk attende for Petter Jersin måtte han slutta som postopnar, og den nye lensmannen Claus Nieuwejaar fekk arbeidet. Nieuwejaar hadde postopneriet heime hjå seg på Lyssand, der det var tildess det etter hans død i 1897 kom attende til Osøyri.
Heradstyret søkte gang etter gang, soleis i 1880, 1882, 1889 og 1893, um at postopneriet måtte verta flutt til Osøyri, men det vart som nemnd verande på Lyssand i Nieuwejaar si tid.
Ikring 1860 byrja dampbåtane å gå inn i fjordane og dei tok posten med seg. Postruta frå Bergen gjenom Os vart då meire sjeldgjengd og frå 1870 åri stogga ruta heilt. Dampbåtane tok då all post med seg, og etterkvart som båtane gjekk fleire turar um vika vart ogso postsambandet betre. Då Osbanen kom i 1894 tok han posten med seg, og ein stor lut av Osbygdi hev sidan fenge post kvar dag. Um kvardagane fører Osbanen no vanleg post tvo gonger um dagen.
Det var lang veg frå utkantane i Osbygdi til postopneriet på Lyssand, og då bygdefolket var kome meir mannjamt med brevsending og bladhald kom det ogso krav um fleire postopneri. Det fyrste krav kom frå Øyane, og i 1884 vart det skipa postopneri på Vedholmen (Lepsøy). I 1889 kom det ogso postopneri på Lysekloster, i 1894 på Søfteland og i Hagevik, og i 1897 i Hegglandsdalen. Det vart so stogg til 1916 då Nordstrøno fekk postopneri, og i 1927 kom turen til Lønningdal. Fleire av desse grenderne hadde elles brevhus eller postumbering fyrr dei fekk heilt postopneri. På Ulven er serskilt posthus, »feltpostkontor«, under våpnøvingane. Frå posthuset på Osøyri er umbering av post til Søre og Nore Neset, Borgebygdi, Lyssandbygdi og Hatvik med fleire stader. Bygdi hev soleis no eit framifrå godt postsamband.
Dei gode postsamband og framgangen elles i bygdi hev gjort at postsendingi hev auka i stor mun. Etterkvart som det vart fleire postrutor um vika og fleire postopneri auka bladhaldet, og serleg i tidi etter 1900 hev brevsendingi auka storveges. Talet på avsendte brev frå Osbygdi er no 24 pr. menneskje um året, medan det for heile fylket er 22. I 1920 vart det sendt 45 brev for kvart menneskje i Os.
| Talet på avsendte brev frå Osbygdi. | ||||||||
| Postopneri | 1880 | 1890 | 1900 | 1910 | 1915 | 1920 | 1929 | Høgste brevtal I eit år hev vore |
| Os …… | 2800 | 6300 | 11400 | 44300 | 50000 | 80700 | 39300 | 86600 |
| Lepsøy .. | 4500 | 7200 | 8300 | 11100 | 17500 | 6200 | 22000 | |
| Lysekloster . | 4300 | 2000 | 3100 | 4900 | 6300 | 4000 | 12400 | |
| Hagevik … | 1700 | 8000 | 14300 | 17300 | 15200 | 18100 | ||
| Søfteland . | 2800 | 10500 | 20700 | 21100 | 13500 | 24800 | ||
| Hegglandsdalen | 800 | 3400 | 3000 | 8700 | 5800 | 8700 | ||
| Ulven . | 25700 | 93700 | 13 300 | 2900 | 93700 | |||
| Nordstrøno . | 2200 | 2000 | 3100 | |||||
| Lønningdal . | 700 | 800 | ||||||
| Heradet samla | 2800 | 15100 | 25900 | 103300 | 197700 | 167100 | 89600 | |
Postopnarar i Osbygdi hev vore for Os postopneri:
Frantz Hendrich Meidell, Petter Iersin, Claus Nieuwejaar, Harriet Nieuweieer Walle og S. Tjøstolfsen.
Lepsøy postopneri: Hans Johnsen, Jonas Johnsen og Lydia Johnsen.
Lysekloster postopneri: Peder Midthus, Olav Hovden og Johannes E. Drange.
Hagevik postopneri: Berta Hovland og Lars O. Askvik.
Søfteland postopneri: C. A. Johennessen og Fritz Johannessen.
Hegglandsdalen postopneri: Elias Hanssen og Mina Hanssen.
Nordstrøno postopneri: Annanias Strønen.
Lønningdal postopneri: Nils Amundsen og Hildur Amundsen.
TELEFONEN.
I 1876 synte skottlendaren Aleksander Graham Bell ei ny uppfinning fram. Det var telefonen. Alt i 1877 vart det bygd ei liti telefonlina i Tyskland og same året vart arbeidet for innføring av telefon i Bergen teke upp av direktør Carl Berner (den seinare stortingspresidenten) og ingeniør Jens Hopstock. Etter mykje arbeid og agitasjon, serleg av ingeniør Hopstock, vart Bergens Telefonkompani skipa i 1881.
Hausten 1881 hadde 63 einskilde personar eller firmaer i Bergen tinga telefon. Det kann nemnast at ein av dei 63 var osingen Hans Jersin som då dreiv agentverksemd i Bergen. Han fekk telefon nr. 41. Talet på telefontingarar auka etterkvart og alt året etter kom det telefonlinor utanum bygrensa, soleis til Alvøyi og Salhus. Då 5 år var gjengne hadde Bergens telefonkompani fenge 570 tingarar, derav mange i Fana.
I 1889 vart det spurnad um ei telefonlina til Os. Kjøpmann Johan A. Mowinckel som åtte Moldegård vilde gjerne få telefon der upp, og etter mykje akkedering og ved sjølv å leggja 2500 kroner til arbeidet vart lina bygd. I desember 1889 var den fyrste telefonlina til Os ferdug og teki i bruk til Moldegård.
Samstundes med dette vart det skipa offentlege telefonstasjonar på Osøyri og på Ulven eksispless. I den fyrste tidi vart desse knytt til Hop sentral (bistasjon), men då det snart melde seg fleire telefontingarar i Os vart det spurnad um ogso å skipa ein sentral på Osøyri. Det vart leigd husrom hjå Gerhard Berg som ogso tok på seg å vera styrar av sentralen, og den 12. august 1895 vart Osøyri sentral (bistasjon) opna. 8 tingarar var då tilknytt stasjonen.
Osingane sprang ikkje mannjamt iveg med å tinga telefon um det kom sentral på Osøyri. I 1898 var ikkje tingartalet kome høgare enn til 12. År um anna kom likevel ein ny tingar eller tvo og etter 1910 vart tilgangen større. No er 60 tingarar knytt til Osøyri telefonsentral.
Alt i 1900 fekk Øyane telefonsamband med di det vart bygd telefonlina til Vedholmen og skipa talestasjon der. Etter 1920 kom det fleire tingarar i Øyane og frå 1923 gjekk talestasjonen over til å verta bistasjon, Vedholmen sentral. Det er 5 tingarar knyt til sentralen.
Umframt sentralane Osøyri og Vedholmen er det no ogso talestasjoner, »offentlige telefonstasjoner«, på Lysekloster (Buena), Nordstrøno, Lepsøy, Hagevik, Ulven, Haugland, Os jernbanestasjon, Bø og Hegglendsdalen.
Alle desse stasjonar hev samband gjenom Osøyri sentral og er som nemnd tilknytt Bergens telefonkampani. Ei grend i Osbygdi hev telefonsamband gjenom rikstelefonen. Det er Søftelandsbygdi. Her vart det i 1904 opna rikstelefonstasjon hjå handelsmannen på Søfteland. 5 tingarar er no tilknytt rikstelefonstasjonen.