FARGERIET PÅ OSØYRO
Fargeriet på Osøyro

Det raude huset er fargeriet på Osøyro (Maleri av Bernt Kristiansen)
Fargeriet var ei av dei fyrste industribedriftene på Osøyro. Det blei etablert av Ivar Larsson Tvedt frå Hamre på Osterøy. (Nokon stader er fornavnet skrevet Iver).
Han kom til Os i 1874 og byrja som fargar hjå H.N.Hansen (sjå Osøyro 5) Etter ein brann i fargeriet hjå H.N.Hansen i 1877 starta Ivar eige fargeri og bygde fargerihuset (det raude huset).

Fargerimeistar Ivar vart ein driftig kar på Osøyro.
Ivar dreiv fargeriet og var styrar av Os folkeboksamling og hadde ogso boksamlingi i huset sitt.
Frå 1897 til 1912 var han heradskasserar i Os, og frå 1898 var han ogso kasserar i Os privatbank. Det sistnemnde yrket hadde han til 1922, då han døydde.
Ivar var ogso formann i fatigkomminsjonen i Os nokre år. Han var ogso med i etableringa av Os Privatbank i 1888.
Sjå meir om Ivar i Os Soga.
Ivar hadde tre søner og ei dotter, Hans, Lars, Gustav og Ingeborg.
Hans vart verkstadformann i Haugesund og Ingeborg reiste til Amerika.
Sjå OSØYRO i Os Soga for meir om desse.
Fargeriet:
Det var garn eller ferdig vare, vadmel som vart farga for kundane. Bønder leverte dei ufarga garn-varene til fargeriet.
Fargeriet trong mykje vatn derfor vart det plassert ved Baronselvo.
Garn og vadmel blei farga i store fargekjelar, stampar og tønner. Fargaren, meistaren, blanda fargestoff i vatnet i stampen og denne vart rulla fram og tilbake slik at det blei ein lik og jamn farge i alt stoffet. Etter ei tid i fargestampen vart varene tekne ut og stampa i ruvemaskin, overskjersmaskin og perse.
Til slutt vart garnet turka og nøsta i rullar.
Fargestoff blei laga av ymse materiale, olderbork, bjørkebork og lauv, steinlav og ymse andre planter.
Ferdige fargestoff som var nytta i fargestampen kunne vera bressel, gulspon, blåstein. kali, katigo, magintablått, kochenille m.fl.
Stampo låg der Krabbedalselvo renn ned fra Ulven vatnet.

Fargerihuset ( sjå kvit pil ) i bilde av Osøyro i 1959(?) sett frå motsatt side som maleriet er laga frå.

Fargeriet med bruo over Baronselvo. Bildet er fra juni 1970. Huset blei revet I 1973.
Det var mykje småaure i elva under brua.

Ei fargetønna (stampe) som er teke vare på etter fargeriet.

Inskripsjon , merke på lokket til fargetønna.


Far Ivar med tre søner. Hans, Lars og Gustav.
Gustav Ivarson Tvedt, f. 1884, vart brukar og overtok fargarverksemdi etter faren.
Ivar og broren Ole kom til Os som fargarer frå Osterøy i 1874. Det var mykje håndverkerer og små bedrifter på Osterøy den gangen.
Iver var då 20 år og Ole litt yngre.
Ivar gifta seg med Anna i 1879. Iver var då 24 år og Anna var 34 år. (Sjå Osøyri 35)
