FATIGSTELL OG FORSYTING

Frå Os Soga 1.  Side 604 – 619

FATIGSTELL OG FORSYTING.  

Hjå dei gamle nordmenn var det ætti som hadde fyrste pligt å halda samfundet uppe, både i vonde og gode dagar.  Kom nokon i slik stoda at han ikkje kunde greida seg sjølv so var det ætti som hadde skyldnaden å hjelpa.  Berre i dei høve då stakaren ikkje hadde ætt eller skyldfolk måtte grannane eller bygdi hjelpa til, og bygdefolket hadde soleis sjeldan skyldnad til å hjelpa fatige og sjuke.  

Då krisiendomen kom til landet vart tilhøvi noko onnorleis.  Dei kristne bodi sagde at kvar mann skulde hjelpa dei veike og sjuke, og at dei som åtte noko skulde gjeva til dei som lite eller ingen ting hadde.  Kyrkja og kyrkjelyden såg det difyr som ein heilag skyldnad for alle kristne å hjelpa fatige og sjuke.  Den katolske kyrkja lærde at det å gjeva gåvor, olmosor og sælegåvor, til dei som treng er den største og besste av alle dei gode gjerningar ein mann kann gjera i denne verdi.  
»Når ein mann gjev ei sælegåva med god vilje so sløkkjer det syndi hans, og det gjev bot for mange og store synder«, sagde kyrkjelæra.  
Det var ogso fastsett visse dagar i året då kvar mann skulde gjeva sælegåvor til dei fatige, og mange som vilde vinna seg ævleg sælebot var jamt ihuga å gjeva til dei fatige.  

Men olmosor er ei uviss innkoma, det fekk dei sjuke og fatige ogso kjenna.  Då kyrkja ved si læra hadde førd forsytingi over på alle kristne menn og kvinnor, so fall den gamle skyldnaden um ætti si forsyting av dei fatige mykje burt, og dei som treng hjelp fekk då berre dei friviljuge gåvor å lita på.  Og når dei turvande sælegåvorne ikkje kom inn so var det ingi onnor råd for dei fatige enn å gå tiggarvegen, eller som det vanleg var kalla i Osbygdi,  
»gå rundt og be seg«.  

I trange år var det mange som gjekk tiggarvegen, og attimillom kunde tiggingi verta radt ei landeplaga.  Riksmagterne freista å stogga tiggingi, men fåfengt, og det vart difyr turvande å finna andre utvegar til forsyting av dei fatige.  I Sigurd Jorsalfar si tid vart tiendi innførd, d. v. s. at kvar mann skulde gjeva burt ein tiendepart av all sin avle.  Denne tiend vart skift i 4 luter, ein til løn åt presten ein til bispen, ein til kyrkja, og ein til forsyting av dei fatige.  Denne sisste lut vart vanlegt kalla »bondeluten«.  Dei fatige fekk no ei vissare og stødare hjelp enn fyrr, og denne skipnad stod ved lag langt ned gjenom tiderne.  

I Magnus Lagabøters landslov vart ogso innteke ein bolk um fatigforsytingi.  Etter denne skulde gamle og sjuke fatige flytjast frå gard til gard i bygdi, same veg som bodstikka gjekk.  Dette var soleis ein freistnad på noko av ein legdsskipnad.  

At noko av tiendi skulde gå til dei fatige var ikkje vel likt av alle.  Prestane og bispen tykte det var ille at ikkje dei og kyrkja fekk heile tiendi, og dei gjorde ymse freistnader på å taka bondeluten til seg.  Og endå fleire såg på bondeluten med hækne og ovundsjuke augo.  

I 1436 vart det halde eit møte av det norske riksrådet og bispene i landet, og det vart på dette møtet vedteke at halve bondeluten skulde gå til upplæring av fleire prestar.  Bønderne stridde imot og vedtaket vart ikkje sett iverk.  Men bispane freista fleire gonger å knipa bondeluten, og i Oslo bispedøme tok ogso bispen han og skifte han ut etter sitt eige tykkje millom prestane og kyrkja.  Det vart klaga til kongen som fann at bygderne framleis måtte ha bondeluten til forsyting av dei fatige.  Men bispane gav ikkje upp likevel, dei stræva og bala for å få tak i bondeluten, og til slutt so fekk dei ogso kongen og riksmagterne på si sida.  

Det vart likevel Reformasjonen som mest av alt skipla det heile.  Etter den luterske kyrkjeordinansen i 1537 skulde tiendi skiftast i berre 3 partar, millom presten, kyrkja og kongen.  Det vart no ingen bondelut til dei fatige.  Men dette vekte stor strid over heile landet og det kom motburd frå bønderne.  Dei negta å betala tiend, og det hjelpte ikkje kva prestane, bispane og riksrådet sagde, bønderne heldt på sin gamle rett til bondeluten åt dei fatige.  Både i 1538 og 1544 var det mykje strid um dette i Bjørgvin bispedøme.  Prestane heldt på ordinansen, og då deira innkomor hadde minka sterkt etter Reformasjonen so var det ogso ein strid for livemåten frå prestane si sida.  Kongen gav stundom bønderne og stundom prestane rett, men smått um senn fekk dei sisste overtaket og bondeluten gjekk frå dei fatige.  På herredagen i 1578 vart det vedtekefor ollo at tiendi berre skulde skiftast i 3 partar, og det vart frå no av ingen bondelut til forsyting av dei fatige.  

Det vart no verre for dei fatige enn nokon tid fyrr.  Den luterske læra sagde ikkje det same som den katolske, at ein kunde gjera bot for syndi ved olmosor og sælegåvor, og det vart difyr smått um gåvorne no.  Den gode hjelpi som bondeluten hadde gjeve var ogso burte.  Reformasjonen hadde teke alt frå dei sjuke og fatige, både den visse studnaden og sælegåvorne, og han hadde ikkje sett noko istaden.  Dei Fatige hadde berre ein veg å gå um dei ikkje vilde svelta ihel, og det var tiggarvegen. 

Hadde tiggingi fyrr vore ei landeplaga so vart ho det ikkje mindre no.  Det var ikkje berre dei som sårt treng det som tok tiggarstaven, men då det vart so vanlegt å »be seg«, so tok ogso ei horg med latbrandar og dovenkroppar, som fann det for strævalt å arbeida, ut på tiggarvegen.  Styremagterne sette strenge forbod mot å tigga, men forbodi var til fånyttes.  Dei fatige vilde ogso liva og skulde dei livberga seg so måtte dei tigga.  Og latbrandane fylgde med på tiggarstigen.  

Riksmagterne måtte då gjera ein freistnad med å finna utvegar til hjelp åt dei fatige.  I kyrkjeordinansen av 1607 vart det fastsett, at det i kvar bygd skulde vera eit slag fatigstyre der presten, lensmannen og medhjelparane var med.  Det skulde samla inn gåvor og hjelp til dei fatige.  I kyrkjorne, i øl- og vinstovor og på liknande stader skulde det setjast upp fatigblokker til å samla gåvor i frå kyrkje- og skjenkegjestene, og ein skulde på ymse måtar lokka ålmugen til å gjeva olmosor.  I Kristian den femtes norske lov av 1687, (som enno gjeld i ymse ting) vart ogso den same skipnaden fasthalden og dei same fyresegner tekne uppatt.  Heile fatigforsytingi skulde framleis kvila på friviljuge gåvor.  Berre gamle og sjuke
»som ikke selv ere istand at gå gårde imellem«
skulde bygdi syta for og senda i eit slag legd på gardane.  

Denne skipnaden førde sjølvsagt ikkje fram.  Ei fatigforsyting som heilt stend og fell med folk sitt gode hjartelag og vilje til å gjeva gåvor vil verta ein skral skipnad for dei som treng hjelpi.  Dei fatige fekk det ikkje stort likare enn fyrr, i trange år vart det radt sveltihel, og den einaste livberging var framleis å gå med tiggarstaven.  Det vart ei tigging større enn nokon tid fyrr og riksmagterne leita både høgt og lågt for å finna turvande rådbøter.  

I 1755 kom endeleg løysingi.  Det kom då ut ein forordning um korleis fatigstellet skulde skipast i Bjørgvin bispedøme.  Bygdi skulde skipast i »legder« som kvar hadde å syta for ein fatig.  Ved skiftingi i legder skulde ein ikkje berre gå etter talet av gardbrukarar, men ogso taka umsyn til storleiken av gardane.  Gamle fatige, sjuke og hjelpelause og slike som ingen heim hadde skulde vera ei viss tid hjå kvar mann i legdi, »gå ikring på legd« som det sidan var kalla i Osbygdi.  Fatige som hadde hus eller heim skulde få studnad av legdi i matvaror eller pengar, og fatige born skulde setjast burt for ei viss godtgjersla.  Til å greida dei kontante utlogor skulde det skipast ein fatigkasse i kvar bygd.  Innkomorne til kassen var bøter, tavlepengar og innsamla gåvor, og likeins skulde dei som ikkje brukte jord men som åtte annan medel svara ein årleg skatt til fatigkassen etter serskild utlikning.  Det heile skulde stjornast av ein »fatigkommisjon», med presten som formann og nokre andre medlem er som skulde veljast av bygdefolket.  Til å sjå etter at alt gjekk som det skulde vart sett ein »overkommisjon« i Bergen.  

»Forordningen« kom ut den 29. august 1755, og den 19. februar 1756 vart han send frå overkommisjonen i Bergen til presten i Os med uppmoding um å setja skipnaden i verk for Os prestegjeld.  Men det gjekk mesta eit år fyrr presten gjorde noko med saki.  Den 21. desember 1756 vart det fyrste møte halde i Os fatigkommision.  Med i møtet som vart halde på prestegarden var soknepresten, begge kapellanane, lensmennerne, medhjelparane i alle fem sokner, og ein »fattigforstander« for kvar sokn.  

Dei fyrste fatigstyremedlemer for Os sokn var soleis:  
Sokneprest Gjert Geelmuyden, kapellan Tomas Meyer, lensmennerne Vinsjans Hauge og Ola Halhjem, og dertil Niklas Hatvik og Asbjørn Søvik som fatigforstandarar.  

Fatigkommisjonen skifte no prestegjeldet i legder.  I dei fem soknerne tilsaman var det ialt 124 fatige som skulde gå på legd, og prestegjeldet vart skift i 119 legder.  I fem legder skulde mann og kona, eller kona og eit barn, fylgjast åt i legdi.  I Ossokni var 31 fatige som skulde ut i legd, men 9 av desse vart sett i fast legd hjå ein av skyldfolki sine, som fekk påbod um å syta for dei.  Dei andre 22 skulde gå i legd frå mann til mann.  Aldren på dei som skulde ut i legdi var so ymse, radt frå 90 ned til 4 år.  Dei fleste var gamle folk på 70 år og derover, men det var ogso nokre i 20-30-års alderen som anten var vanføre eller hadde anna mein.  Fleire av dei var blinde.  

Det vart no skipa ein fatigkasse for prestegjeldet, og han fekk straks innkomor.  I tavlepenger (innsamling i kyrkja) hadde det sisste året kome inn 30 daler, av dette 11 daler i Ossokni, og fatigkassa fekk no desse.  På bønder som slapp halda legd avdi dei budde formykje avsides eller avdi legdsfolket deira døydde vart utlikna 22 daler og på »personer udenfor bondestanden«, soleis m. a. presten, kapellanane klokkaren, godseigar Formann i Lysekloster og fleire som alle skulde sleppa å ha legdsfolk, vart utlikna 39 daler.  Av desse pengane vart det teke 14 daler til å kjøpa sko og klær åt dei som skulde ut på legd, men likevel hadde fatigkassen alt fyrste året ein medel av 77 daler.  

Det skulde heretter vera strengt forbode å tigga.  Til å sjå etter at dette ikkje vart gjort og til å jaga framande tiggarar og ferdafantar or bygdi vart det tilsett ein bygdevekter i kvar sokn.  I Ossokni vart Kristofer Didrikson Hovland den fyrste bygdevektaren.  For arbeidet skulde han ha ein daler um året.  

Den nye fatigskipnaden vart motteken på ymse måtar av folket i bygderne.  I nokre bygder i Sunnhordland og serleg i Fjellberg negta bygdefolket å taka imot dei fatige på legd.  For å få greida på tingen vende overkommisjonen seg til futen i Sunnhordland og bad um at han med militærmagt måtte refsa »den oprøriske og rebelliske almue«.  

I Os tok bygdefolket vel mot dei fatige og det gjekk godt i legderne.  Derimot var osingane uviljuge til å leggja kontante pengar til fatigkassen.  Av gamall røynsla visste dei at styremagterne ikkje var å lita på når det galdt innkrevjing av pengar, og dei var ikkje viss um at alle pengar som vart utlikna til fatigkassen vilde koma dei fatige i Os tilgode.  Av dei pengane som i dei sisste åri var komne inn i kyrkjetavla og som skulde vera til fatighjelp var det soleis teke noko til hjelp åt skular i byane og til eit hospital i Helsingør i Danmark.  Fatigkommisjonen i Os fekk då fleire serskilde brev frå overkommisjonen i Bergen med visse lovnader um, at alle pengar som vart gjevne eller likna ut til fatigkassen i Os skulde brukast i prestegjeldet.  Dei pengar som gjekk til Helsingør skulde for ettertidi samlast inn i serskild tavla eller pung.  Etter dette fekk ikkje den nye fatigskipnaden sers motburd i Os.  

Fatigkassen i Os fekk straks mykje penger.  Då 5 år var gjengne hadde kassen ein medel av over 100 daler, etter at alle utlogor til sko og klær åt dei fatige, som ogso gjekk upp til 100 daler um året, var greidd.  Fatigkommisjonen i Os fekk då ei serskild takk frå overkommisjonen avdi han hadde stjorna fatigkassen so godt og fenge so mange pengar i kassen.  Og attåt dette hadde dei vore sers gode mot dei fatige, altfor gode totte overkommisjonen.  Ikkje i eit einaste prestegjeld i Bjørgvin bispedøme hadde dei fatige fenge so mykje pengestudnad utanom sjølve legdi som i Os, ja ikkje eingang halvparten av det.  Overkommisjonen var difyr stygt rædd for at dei i Os ogso gav til sovorne »som ikke uomgjængelig havde samme fornødent», og dei gav difyr fatigkommisjonen i Os ei uppmoding um å vera meire sparsam og knipen mot dei fatige enn han hadde vore.  

Fatigskipnaden i bygdi gjekk no ei tid sin jamne gang.  Bønderne tok legdi på seg utan knurr, legdsfolket fekk hus og mat saman med huslyden på garden.  Fatigkassen gav ogso god studnad, og fatigkommisjonen fekk jamt skrubb av overkommisjonen for at han var for raust med å gjeva sko, klær og pengestudnad til dei fatige.  Men kassen greidde utlogorne og fatigkommisjonen heldt same leidi i arbeidet sjølv om han fekk noko skrubb.  Rekneskaperne for fatigkassen vart ogso greidt uppsette, noko som den faste kapellanen jamnast hadde æra for.  

Men det vart diverre snart eit skifte.  I 1760 og 1770 åri kom tunge og trange tider, og det vart vandt for bygdefolket å greida seg.  Fleire og fleire måtte få hjelp av fatigkassen, og utlogorne for kassen var større enn innkomorne.  I slutten av 1770 åri fann ogso alle »formuende personer udenfor bondestanden« at dei retteleg skulde vera fri for å leggja noko til fatigkassen.  Berre ein og annan gav nokre daler friviljugt.  Det vart då berre tavlepengane å lita på for kassen, og trass dei trange tider heldt tavlepengane seg umlag i det same, 40-50 daler um året.  Men det vart for lite til sko og klær åt alle som treng.  For ågreida dei mest turvande utlogor og for at ein kunde gjeva hjelp der ho måtte gjevast vart det difyr ogso no ei tid samla pengar inn til fatigkassen i barnsøl, gravøl og bryllauper.  

Bønderne i bygdi hadde til denne tid teke på seg si fatigbyrda legdshaldei utan knurr.  Men no tok ogso dei til å »streika«.  Dei fann at når dei rike i bygdi, godseigaren på Lysekloster, obersten på Molda, den rike presten Geelmuyden og fleire kunde sleppa byrdorne, so burde ogso dei arme leiglendingane som for det meste sjølv var fatigfolk sleppa legderne.  I fatigkommisjonen vart no ei tid lite og ikkje gjort.  Presten Geelmuyden som var formann i kommisjonen og som fyrr hadde gjort godt arbeid der var no gamall, og sonen kapellan Gerhard Geelmuyden som skulde greida med fatigkassen og reknskapet let det heile skura som det vilde.  Det vart i fleire år ikkje skift ut legder, og dei fatige gjekk ikring bygdi og bad seg som i gamle dagar.  Bygdevektaren som skulde sjå etter at ingen tigga hadde ikkje fenge løn på fleire år, og han let difyr augo att og let dei fatige tigga so mykje dei vilde.  

Elles var det lite å få ogso for dei som gjekk og bad seg.  Det var tunge og trange tider med mange uår, og då presten i 1779 gjorde ein freistnad på å få legdshaldet i stand att fekk han det svaret hjå bønderne, at storparten av dei treng sjølv um å gå på legd.  Dei fatige både svalt og fraus.  
»De vankede omkring i bygden under suk og jammer for at indhente den allernødvendigste mundbid til livets opphold, oftest nøgen og blottet for legems skjul«,
heiter det i ei melding frå overkommisjonen um tilhøvi i Os i desse åri.  Det såg ut til at dei gamle syrgjelege tider skulde koma attende til dei fatige i Osbygdi.  

Men det ljosna atter um ei tid.  I 1782 kom presten Sandberg til bygdi.  Han freista straks å få skikk på fatigstellet, og smått om senn kom det på fot att.  Fatigkassen var tom, men presten fekk istand ofringar i alle soknekyrkjerne, og det kom ikkje lite pengar i kassen på denne måten.  Fleire gav ogso årleg friviljuge tilskot.  Ved skiftet etter kona si i 1789 gav Nils Person Høyseter 100 daler til fatigkassen.  Nils Høyseter var rik og barnlaus og hadde soleis råd til å gjeva ei gåva.  Men etter det som presten Sandberg fortalde »etter pålitande folk i Samnanger« so hadde Nils Høyseter ein serleg grunn for denne gåva si.  Gamle-Eirik hadde i fleire år plaga dei på Høyseter, og dei fekk han ikkje burt, korkje med godt eller vondt.  For eingong å verta kvitt han var det so at Nils Høyseter gav den store gåva til Os fatigkasse.  Um det hjelpte segjer presten Sandberg ikkje noko um.  

Fatigkommisjonen kom no atter i arbeid, det vart skift ut legder, og bygdefolket tok atter mot legdshaldet utan motburd.  Fatigkassen fekk so mykje pengar at dei som trong fekk 1-2 daler kvar til sko og klær.  Tiggingi minka noko etter kvart, og presten Sandberg fekk ros av overkommisjonen for sitt store og gode arbeid med atterreisingi av fatigstellet i Os.  Og denne ros var vel fortent.  

I 1790 var fatigstellet atter kome i sitt gamle gode gjenge, og fatigkassen fekk pengar og støde årlege innkomor.  Serleg kom det mykje inn i tavlepengar, radt upp til 80 daler um året.  Men so kom uåri ikring hundradårsskiftet.  Det vart uår for bonden, fisket vanlukkast og mange måtte venda seg til fatigkassen.  Men so lenge som presten Sandberg stod for styret greidde han likevel å få so mykje pengar i kassen at dei fatige vart berga.  Dei fekk i desse åri større tilskot til sko og klær enn dei nokon tid fyrr hadde fenge.  

Men verre vart det for dei fatige då den gode hjelpesmannen deira presten Sandberg døydde i 1806.  Den nye presten Kristen Larsen let fatigstellet sigla sin eigen sjø.  Det vart ikkje halde møter i fatigkommisjonen, ikkje lagt legder, ikkje kravd inn pengar og ikkje sett upp rekneskap.  Det kom tunge tider med uår på land og sjø, og den lange ufreden frå 1807 til 1814 gjorde vondt verre.  

Fyrst vart fatigkassen reinskrapa.  Dei 100 dalerne som kassen hadde fenge hjå Nils Høyseter var sett tilside som eit legat, men dei vart no brukte upp.  Son åt presten Geelmuyden, generaladjudant Nikolai Schwartz Geelmuyden som fekk ei overlag rik kona hadde i 1808 sett upp eit legat på 1000 daler for dei fatige i Os, og helvti av desse legatpengane vart ogso brukte.  Etter dei av Geelmuyden uppsette reglar for legatet skulde ikkje desse pengane brukast, men berre rentorne, som kvart år skulde gjevast til »den fattigste og mest trængende i Os sogn«.  Men alle desse pengane kunde berre stetta kravi i 2-3 år, og når dei var ende måtte dei fatige syta for seg sjølv.  Dei fatige hadde då berre ein utveg, å fara bygdi ikring med tiggarsekken, og det vart no ei tigging som ein aldri hadde set maken til i Os.  Det var ikkje berre dei trengjande bygdefolki som bad seg, endå dei var mange nok i desse vande tider, men det kom strøymande store tiggarlag med fant og herk frå alle kantar til Osbygdi.  Det vart sjølvsagt kjend vida ikring at i Os hadde tiggarane fritt råderom, der fanns korkje fatigkommisjon eller bygdevektarar som skrubba etter fantane soleis som det vart gjort i andre bygder, og Osbygdi vart no radt eit paradis for fark og fant.  Ein vil best skyna kor ille tilhøvi var i bygdi når ein ser, at det fyrste fatigkommisjonen måtte gjera då han endeleg kom igang att i 1817 var å tilsetja 23 bygdevekarar for å få reinska bygdi for herket og stogga den svere tiggingi.  

Kristen Larsen hadde i si prestetid greidd å få heile fatigstellet i ulag.  Det einaste røynlege han gjorde ved fatigkassen var at han lagde ei ny byrda på denne, med di »han haver givet sin datter Helchie fattigkassen og Os almue til omsorg», som det heiter i fatigboki.  Prestedotteri vart utsett til Olaus Kilen då ingen andre vilde ha henne i huset endå ho vart utlyst frå preikestolen i alle fem soknekyrkjorne.  Kvar gardbrukar i bygdi lagde i fleire år 12 skjeling um året i serleg fatigskatt til upphald for prestedotteri.  

Det tok tid fyrr det vart greida på fatigstellet att.  Den nye presten Jersin som kom til Os i 1818 tok vel arbeidet upp, men han hadde ikkje Sandberg sin dugleik og sterke interesse for saki.  Det gjekk seint med å stogga tiggingi.  Bygdevektarane jaga vel det framande herket burt, men dei fatige i bygdi måtte tigga um dei skulde livberga seg solenge fatigstellet ikkje var komen i full skikk att.  Og det tok fleire år fyrr det kom rett snunad på tingen.  

Men etter kvart kom den gamle skipnaden i gjenge.  Det vart lagt faste legder og gjeve tilskot til sko og klær som fyrr.  Innkomorne til fatigkassen var ogso dei same, tavlepengar, sparing i legderne, friviljuge gåvor og attåt dette innkoma av bøter etter dom eller forlik i forlikskommisjonen.  Legdi vart sett i eit visst verde, vanleg 24-30 skjeling vika for eit vakse legdarmenneskje.  Fatigkassen auka innkomorne, og i 1830 var kassamedelen komen upp i nær 300 daler umframt Geelmuydens legat, som ein elles ved nytt ettersyn fann å vera berre 250 daler istadenfor dei 500 dalerne som det skulde vera etter reknskapet.  Umframt den fyrr brukte halvparten var ogso 250 daler til av legatpengane komne burt no.  

Det var tilslutt komen skikk på fatigsiellet att.  Dei fatige bygdefolk fekk livemåte ved legd eller ved studnad av fatigkassen.  Men tiggingi vart ein ikkje radt kvitt.  Sume heldt ved etter gamall vane, og fatigkommisjonen vedtok at desse kunde beda seg som dei hadde gjort når dei ikkje gjekk ut or si eigi sokn.  Etter at bygdevektarane etter 1820 hadde reinska bygdi for framande tiggarar fall bygdevektarskipnaden burt og i 1830 åri kom det mykje framandfant att.  I 1837 vart det difyr tilsett bygdevektarar pånytt, 7 i heile prestegjeldet.  Dei skulde ha skilt på brystet og »forsynes med forsvarlig verge« på fatigkommisjonen si rekning.  Det vart likevel berre til det at dei som »verge« fekk seg kvar ein dugeleg handstaur.  Bygdevektaren skulde gå gjenom sokni minst ein gong kvar fjortande dag og elles so jamt det trongst.  I løn fekk han 12 merker havrekorn av kvar gardbrukar um året, og attåt det alle dei ting som han fann hjå tiggarane.  

I 1838 gjorde ordføraren i heradet, Hans Astrup Kriüger, framlegg um at prestegjeldet skulde skiftast i fem fatigkrinsar, soleis at kvar sokn fekk sitt eige fatigstell.  Dette vart vedteke og skiftingi sett iverk frå 1839.  Presten var formann i alle fem fatigkommisjonane og likeins var kapellanen og lensmennerne med i alle fem sokner.  

Frå 1839 tok fatigkommisjonen til å likna ut fatigskatt på gardbrukarane i bygdi etter eit fyre åt uppsett budsjett.  Det fyrste fatigbudsjett for Ossokni var på 34½ daler. men det galdt berre dei kontante pengar som trongst.  Dei rekna med at nokre av dei fatige, ialt 8 menneskje, framleis skulde gå ikring på legd, og at dei fatige framleis skulde få beda seg inne i sokni.  Det kom fleire framlegg, soleis frå ordførar Krüger, frå Nils Legenger på Molda, frå »almuen
i Hålandsdalen« og andre um at all tigging skulde burt, men fatigkommisjonen heldt stødt på at kvar måtte få tigga i si eigi sokn.  I Fusasokni vedtok dei forbod mot tigging i 1843, men i Ossokni heldt dei trufast på det gamle.  

Det var trange tider i Osbygdi fram mot 1850 og mange var dei som i desse åri måtte få hjelp av fatigkassen.  År um anna hadde 25-30 huslydar studnad av kassen umframt legdsfolket.  I 1850 gjekk 14 menneskje ikring bygdi på legd.  I 1863 var talet på legdsfolk i Osbygdi kome ned til 4, og det kom seinare ikkje høgre enn til 7-8 um året.  Umframt legdsfolket og dei huslydar som hadde studnad av kassen vart 20-25 fatige, mest born, burtsette til bygdefolk for fast årleg godtgjersla.  I trange år fekk ogso mange andre av bygdefolket ei tunna korn av fatigkassen, anten til såkorn eller til mat.  Vart det god kornavle um hausten so fekk kassen då jamnast korntunna attende.  

Studnaden til fatige huslydar vart vanleg gjeve i matvaror etter utlagd natural-legd.  Legdi til eit vakse menneskje var 12 merker havremjøl, 1 mark smør og 2 kannor mjølk um vika.  Verdet av dette vart rekna frå 26 til 36 skjeling etter som vareprisane stod.  Frå 1855 vart det ogso gjeve potetor som natural-legd, 1½ kanna um vika, medan smøret vart minka til det halve.  I 1860 tok ein burt ½ kanna potetor og lagde til ei mork mjøl, men frå 1879 var det atter 1½ kanna potetor um vika men berre 1½ kanna mjølk.  Denne ytingi vart sidan den vanlege so lenge som natural-legdi stod.  Verdet av umgangslegdi vart rekna til 24-48 skjeling um vika etter som legdsfolket var til liti eller stor byrda i huset for gardbrukaren.  

Fatigkassen sine utlogor til sko og klær, doktar og sjukehjelp, kjøp av korn og godtgjerdsla for burtsette born auka etter kvart.  Utlikningssumen til desse utlogor gjekk difyr upp frå 100 daler i 1850 til 200 daler i 1862.  Fatigblokkpengane minka etter kvart, frå 60-70 daler um året i tidi fyrr 1850 til 20–30 daler i slutten av 1870 åri.  Noko innkoma hadde kassen sume år av ølsal med di fatigkornmisjonen kunde leggja ei serleg avgift på dei handelsmenn som missbrukte ølretten sin ved å selja til fulle folk eller um sundagane.  Fatigkommisjonen nytta vel dette høvet og lagde upp til 25 daler um året på kvar som gjorde for mykje av ølsalet.  Etter eit lovbrigde i 1863 misste fatigkommisjonen retten til å leggja seravgift på handelsmennerne.  

Av den kontante »fatigskatt« som vart innkravd lagde fatigkommisjonen storparten på godseigaren i Lysekloster.  Av utlikningssumen i 1855 som var 130 daler skulde soleis godseigar Formann svara 100 daler.  Formann vilde berre leggja helvti av dette, og han truga med å busetja seg på Stedje i Sogn soframt han ikkje fekk mindre Fatigskatt.  Fatigkommisjonen heldt på sitt og Formann reiste då sak um dei 422 dalerne som han ialt skulda for fatigskatt.  Fatigkommisjonen vann saki.  

I 1863 kom det ny fatiglov, og det vart no sett upp eit samla fatigbudsjet der verdet av legdshaldet og natural-legdi ogso vart medteke.  Det fyrste budsjett vart på 524 daler.  Medan det fyrr hadde vore 5 mann i fatigkommisjonen og ein serskild tilsynsmann i kvar krins fekk kommisjonen no 10 medlemer og tilsynsmannskipnaden fall burt.  Presten skulde framleis vera medlem av fatigkommisjonen men var ikkje sjølvskriven formann som fyrr.  Presten Greve vart elles vald til formann so lenge han livde og likeins presten Støp etter han.  

Presten Greve som soleis var formann radt til 1873 var ihuga for å halda Fatigstellet greidt til kvar tid.  Sjølv um han for skuld sjukdom måtte vera burte frå mange heradstyremøte og jamt måtte lysa messefall i kyrkja so heldt han tidt og trådt møte i fatigkommisjonen.  Det var ogso mykje å gjera for formannen, ikkje minst i tvistemål med andre kommunar um fatige ferdafolk.  Ein strid med Bergen um ein kjend ferdamann i Osbygdi, »Kjipar-Danjel’n», heldt soleis ved både i 1860 og 70 åri.  

Gamallt hus for fatigfolk.

Som nemnd var det ikkje sett forbod mot å tigga i Ossokni.  Dette førde sjølvsagt til at det kom rekarar frå andre bygder og det kom klagemål frå alle grender i bygdi over at tiggingi auka.  I 1858 måtte det tilsetjast ein ny bygdevektar då han som hadde posten ikkje greidde arbeidet åleine.  Oselvi var grensa millom bygdevektarkrinsane, og løni var 8 merker havrekorn um året av kvar gardbrukar.  No besna tilhøvi etter kvart, og i 1870 åri kom bygdevektarskipnaden burt.  Men i 1880 åri vart tilhøvi verre, splinteferdsla og onnor tigging tok sterkt til og i 1890 måtte heradstyret taka seg ålvorleg av saki.  Det vart då tilsett 5 bygdevektarar i Ossokni, ein i Hatvik, ein på Osøyri, ein på Neset, ein i Øyane og ein i Lysefjorden.  Dette hjelpte og tiggingi minka i åri frametter.  

Skipnaden med umgengslegd stod ved lag gjenom 1870 og 80 åri.  I 1890 gjekk det 5 menneskje på legd i Osbygdi og sidan vart det ikkje sett nye i umgangslegdi.  Den sisste av dei 5 legdslemer døydde i 1897 og dermed enda umgangslegdi si soga i Osbygdi.  Dei Fatige vart no vanleg »burtsette« for fast godtgjerdsla, likeins som det fyrr var gjort med foreldrelause born.  Avgjerdsla gjaldt jamt heile livetidi so at dei fatige slapp flutta att.  I 1910 var 12 vaksne og 14 born »burtsette« i Osbygdi, og 11 huslydar fekk studnad av fatigkassen.  Talet av desse sisste hev auka sterkt i den seinare tid, soleis fekk 21 huslydar studnad i 1925 og umlag 40 huslydar i 1930.  Av »burtsette« var det sisste året 9 vaksne og 9 born.  Fatigstyret syter ogso for røkt av 17 sinnsjuke.  

Gamleheimen der dei gamle fatige no kann få bu.

Ytingi til dei fatige ved natural-legd heldt ved til århundradskiftet med same vareslag og mengd som fyrr nemnd.  Verdet vart i 1890 åri rekna til kr. 1.00 um vika.  Etter 1900 fall naturalytingi burt og all studnad er sidan gjeven i pengar.  Vikepengane vaks etter kvart, og frå 1-200 kroner årleg fyrr krigen er studnaden no vakse til 4-800 kroner um året.  Den same auke syner seg i kostnaden for »burtsette« som frå 50-100 kroner fyrr krigen no kjem upp i 4-600 kroner året for kvart menneskje.  

Men hev kostnaden auka so hev ogso dei fatige fenge beire livekår enn fyrr.  Skilnaden i livemåte hjå vanlege bønder og hjå dei som fær forsyting er no ikkje stor.  Det er heller ikkje stor skilnad på bustadtilhøvi, og dei små fatighyttorne med eit eller i høgdi tvo rom for huslyden kverv no burt etter kvart.  Sume av dei fatige hev fenge rom på bygdi sin gamleheim og andre hev fenge eigne tidhøvelege hus ved bustadtrygd av heradet.  

Synet på forsyting og fatigstudnad hev ogso brigda seg mykje etter århundradskiftet.  Å »få av kassen« var det sisste bygdefolket vilde, og berre når alle andre vegar var stengde gjekk dei den tunge veg til fatigtilsynsmannen.  No tykkjest det vera kvar manns rett og pligt til fyrst å krevja hjelp av »det offentlige« fyrr dei freistar andre utvegar.  Dette brigde i synet på forsytingi hev saman med brigdet i pengeverdet skapt den store auke i fatigbudsjettet som nedanståande lista syner.  

Fatigbudsjett (brutto) for Os sokn 1865-1930:

Fatigbudsjett (brutto) for Os sokn 18651930:
1865524 spd. (2096 kr.)19003200 kr.
1870670 spd. (2680 kr.)19054425 »
1875715 spd. (2900 kr.)19104726 »
18802296 kr19155171 »
18852437 kr.192015000 »
18902590 kr.192530407 »
18952280 kr.193036584 »
    

Som nemnd var presten Greve formann i fatigkommisjonen til han døyd de i 1873 og presten Støp var ogso formann i si prestetid.  Etter at Støp døydde i 1877 var det nokre år liti greida på formannsyrket, men M. Erichsen som i dei åri var tilsett som fast sekretær stjorna arbeidet.  I 1879 vart lærar Haldor Midthus vald til formann og han hadde yrket radt til 1892.  Frå 1892 til 1912 var det jamt skifte av formenn, soleis hadde Nils T. Midthus, I. L. Tvedt, presten Jørstad, Steffen Grindevoll, lensmann Svenke, Hans Eide og driftstyrar Heidenreich yrket i den tidi, dei fleste 2-3 år kvar.  I 1913 vart Vinsjans Lien formann, det han var til han døydde i 1918, og presten Åmodt fekk so yrket ei liti tid.  Frå 1919 hev lærar Nils H. Midthus vore formann og han er det framleis.  

Os fatigstyre 1925