HANDEL OG PENGESTELL

Frå Os Soga I  side 596 – 603

HANDEL OG PENGESTELL.

HANDEL.  

Som nemnd i ein annan bolk fanns det fyrr 1850 ingen landhandlar i Osbygdi.  Den einaste handelsstaden i heile prestegjeldet var på Sjørsand i Fusa.  Frå slutten av 1600 talet hadde det vore ein liten gjestgjevarstad i Kvalesund med mat og herbyrge for farande folk.  Gjestgjevaren her kunde ogso selja øl (og attimillom ogso sterkare saker) til gjesterne, men nokon handel elles vart det ikkje i Kvalesund soleis som på sume andre gjestgjevarstader.  Gjestgjevaren hadde truleg ikkje økonomisk magt nok til å driva handel.  Det er i fleire skriv frå 1700 åri nemnd at gjestgjevaren i Kvalesund hadde svert lite mat til seg sjølv og hadde ingen ting til ferdafolket.  

Ikring 1830 skipa smeden Hans Johnsen eit herbyrge på Osøyri og vart frå den tid jamt kalla »herbergerer« eller »gjestgiver«.  Men nokon retteleg gjestgjevar vart han nok ikkje, og sjølv um han attimillom freista å handla litt med einskilde frihandelsvaror so vanta han pengar til å få ein skikkeleg handel istand.  Osbygdi var soleis utan nokon verkeleg landhandel.  

Som nemnd i bolken um bygdestyringi hadde heradstyret ei tid mest å gjera med handelen i bygdi, med di det hadde tilrådingsretten um handelsmennerne.  Av den grunn hev ein ogso funne det høvelegt å taka utsynet over dei fyrste freistnader med landhandel i Os inn i bolken um bygdestyringi og ein syner til det som er nemnd der.  

I slutten av 1860 åri fall heradstyret sin rett til å taka avgjerd um handelen burt.  Når ein mann no løyste handelsbrev og lagde sin handelsskatt so kunde han handla anten so heradstyret likte det eller ikkje.  Og det var ikkje noko i vegen for at det kunde skipast landhandel i kvar grend um ein so ynskte.  

Det vart likevel ikkje nokon storflaum av handelsmenn.  Bygdefolket trong sjeldan gå på krambudi men freista hjelpa seg sjølv som dei fyrr hadde gjort.  Det var soleis lite bruk for nye handelsmenn og det vart heller ikkje mange som freista den vegen.  Men radt fritt for auke vart det ikkje. 

I Hatvik hadde det alle dagar vore stor ferdsla av farande folk, takk vere den gode hamnen der og endestaden for postvegen frå Bergen.  Då dampbåtane i 1860 åri byrja gå under Hatvik auka ferdsla på, og Hans H. Hatvik skipa då ein liten handel der.  Ogso Petter Jersin, som etter at han i 1861 slutta med handelen på Osøyri var flutt til Hatvik, freista med ei liti handelsbud her men det gjekk ikkje.  Det var elles ølet som var vigtugaste handelsvara i Hatvik, og det same var tilhøvet på Buena ved Lysekloster, der Johannes Vinsjanson Buena hadde fenge seg upp ei liti handelsbud.  

I 1870 åri fekk heradstyret rett til å avgjera um handelsmennerne skulde få selja øl eller ikkje, og det negta då å gjeva ølrett til handelsmennerne i Hatvik og på Buena.  Dette gjorde ende på handelen i Hatvik som no minka sterkt og tilslutt kvarv heilt burt.  Johannes Buena greidde å halda handelen i gang utan ølrett og landhandelen der hev halde seg til våre dagar.  Etter Johannes Buena som slutta i 1882 kom det ei rekkja med styrarar av handelen på Buena, Kr. Milde, Leivestad, Negell o. fl.  Peder N. Midthus kjøpte so landhandelen her i 1892 og hadde han heilt til 1912 då Lysefjorden handelslag fekk handelsstaden.  Handelslaget som vart skipa i 1908 hadde fyrst Nils N. Søvik og seinare Olav Hovden og Johannes E. Drange til styrarar.  

I 1879 bygde Hans Johnsen seg hus på Vedholmen ved Bruarøy og byrja med landhandel der.  Denne plassen låg sers lagleg til for ferdsla tilsjøs, og då dampbåtane straks gjorde Vedholmen til fast stoppestad vart dette ein god handelsplass.  Etter Hans Johnsen hev sønerne Jonas Johnsen og Ingolf Schumenn Johnsen havt handelen.  I 1919 vart ogso skipa eit handelslag, »Øyernes handelsforening« som sidan hev drive landhandel der.  Styrarar hev vore N. Kleveland og Tørris Eike.  

Osøyri i 1880 åri.

Som nemnd i bolken um bygdestyringi kom den fyrste landhandel på Osøyri igang frå 1850, og frå 1865 vart det tvo handelsmenn.  Dei hadde lite å gjera i dei fyrste åri, men etter kvart auka søknaden og handelen vaks.  Som annan stad nemnd vart det i slutten av 1860 åri noko av ein snunad i bondehushaldet med di kornprisane gjekk sterkt nedover, og bygdefolket fekk smått um senn meire gang på krambudi.  Handelsmennerne kjende seg no trygge i sessen og dei sette etter kvart stivare og stivare vareprisar, medan det jamt gjekk den andre vegen med godleiken av varorne.  Dette førde sjølvsagt til missnøgje i bygdi, og tanken um ein handel som bygdefolket sjølv kunde råda over kom upp.  

Det vart teke upp arbeid for å skipa ein »forbruksforening», Hans M. Tvedt i Hatvik der som fyrr nemnd hadde vore handelsmann på Osøyri i nokre år var den drivande kraft i arbeidet, og i 1877 vart handelslaget »Os forbruksforening« skipa.  Handelsstaden for laget vart ikkje Hatvik som H. M. Tvedt arbeidde for men Oseyri, og Tvedt og mange bygdefolk med han gjekk difyr frå laget.  Dette bygde seg handelshus lengst nede ved Oselvi, der Bergen Pecking Co. no hev sine fabrikkhus, og laget dreiv handelen her til 1908 då det kjøpte »Elvigs hotel« og flutte handelen til dette.  Styrar av handelen fyrste året var Torbjørn O. Lyssand.  Etter at Nils N. Midthus og Kr. Milde hadde vore styrarar eit par år kvar tok Torbjørn Lyssand atter styret som han hadde til 1895.  Handelsstyrarar hev sidan vore Andreas Hauge, Jørgen Stang, Nils T. Moberg, John O. Tøsdal, Andr. Kålås og noverande Sigurd Bugge.  Største umsetnad hadde laget i 1920 då det selde for 540000 kroner.  

Det fyrste styre i Os forbruksforening.  
Nils M. Kuven.  Torbjørn S. Lyssand.  Ola L. Valle.  Arne Kuven.  Ola M. Hjelle. 

Dei tvo andre handelsmenn på Osøyri fekk straks merkja det på handelen sin då Os forbruksforening tok til i 1877.  John Nielsen (Gamlebakaren) som handla i »Skromphusets» var no ein eldre mann og han tok versonen Niklas (Nikolai) Hansen til å styra handelen.  Seinare tok han Kristian Berg som var gift med dotterdotter hans til handelsstyrar, og handelen gjekk no framover.  Då bakeriet hans brann i 1880-åri bygde Berg eit stort hus uppatt på bakerigrunnen, men det vart elles lite brukt av Berg sjølv.  Han selde det straks til hoteleigar P. Nilsen som skipa det um til hotel, (no jernbanen sin arbeidarbustad) og sjølv tok Berg til med skyss-stasjon.  I 1891 selde Gamlebakaren handelen og »Skromphuset» til Hans Jersin som handla her til 1906.  Han selde forretningi til Nils T. Moberg som enno hev den gamle handelsstaden.  Huset er mykje umbygd og det er no uråd å kjenna att det gamle »Skromphuset»  frå 1840 åri.  

Hans N. Hansen dreiv handelen i »Tinghuset« der Petter Jersin som fyrr nemnd tok til med den fyrste landhandel i 1850.  Attåt dette dreiv Hansen ogso hotelverksemd.  Då Torbjørn O. Lyssand i 1895 slutta som styrar på Os forbruksforening overtok han handelen her som han hadde til 1904.  John H. Tøsdal hadde so forretningi ei liti tid.  Då Os forbruksforening i 1908 kjøpte Elvigs hotel (H. N. Hansen sin tidlegare eigedom) fylgde »Tinghuset« med i kjøpet, og den gamle handelsbudi gjekk over til å verta lagerhus åt Forbruksforeningen.  

Handelshus på Osøyri i vår tid. Til høgre det gamle »Tinghuset« der den fyrste landhandel på Osøyri byrja.


Attåt dei tri nemnde handelsforretningar kom det i fyrsten av 1880 åri ogso ein fjorde handelsmann på Osøyri.  Nils N. Midthus som eit par år hadde vore styrar av Os forbruksforening bygde seg i 1881 eit hus på Osøyri og byrja handel der.  Midthus døydde i 1891 og medan ekkja Anna Midthus heldt fram med ein liten handel i skysskaffar Kr. Berg sitt hus overtok John J. Moberg den andre handelsstaden.  Då han slutta her, – han bygde seg sidan hus ovanfyre Baronbrui og skipa der Anna Mobergs manufakturhandel, – hadde John H. Tøsdal ei tid handel i huset.  Det vart so kjøpt av Lars Nilsen som dreiv landhandel her til 1906 då M. K. Olsen overtok handelsstaden.  Han hev den enno.  

Umframt dei nemnde »gamle« handelsstader er det i den sisste tid kome mange nye handelshus på Osøyri.  Av nye handelsmenn kann nemnast L. Birkelund, Ole O. Moberg, Peder Tvedt, R. Hyllend (fyrr Andr. Kålås), Sofie Alsaker o. fl.  Ei tid vart det ogso av John H. Tøsdal og »Os handelslag« drive handel i »Tøsdalshuset« som brann upp i 1919.  

Ogso ute i bygdi auka talet på handelsmennerne.  Handelen på Vedholmen og Buena (Lysekloster) hav me fyrr nemnd um.  På Søfteland skipa stasjonsmeistar C. A. Johannessen i 1892 ein landhandel som sidan er overteken av sonen Fritz Johannessen.  I nokre år var det ogso eit handelslag og ein annan liten handelsforretning på staden.  I 1901 byrja Johannes Ferstad ein landhandel på Haugland og denne vart sidan overteken av A/S Brødrene Haugland med Halvard Haugland som styrar.  I Hagevik byrja Hans Jersin ein handel i 1902, og dreiv denne til 1910 då Lars O. Askvik overtok han.  I Nordstrøno tok Lars Forstrønen til med landhandel.  Elles er det ogso no mindre handelsforretningar på Grindevoll, i Hegglandsdalen, Lønningdal og fleire stader.  

BANKAR.  
Som nemnd ein annan stad kom det so tidleg som i 1839 framlegg til heradstyret um at det måtte skipast ein sparebank i Osbygdi.  Saki vart framdrygd, og det same hende året etter då spursmålet vart teke fram att av gjestgjevaren i Kvalesund, Engel Hansen.  Seinare kom ikkje saki fram att i Os heradstyre.  

Truleg var heller ikkje tidi komi til å skipa sparebank i Osbygdi.  Det var på ein måte stor trang for ein bank i bygdi, til å låna pengar i, men få var dei osingar som hadde pengar til lutmidel eller innskot i banken.  Som nemnd andre stader i denne boki var tilhøvi so vande og bondekåri so trange i Osbygdi at det var uråd å venta store bankinnskot.  Sjølvsagt kunde ein og annan ha eit par daler på kistebotnen men til å tufta ein bank på var det nok alt for lite.  

Då Fusa, Strandvik og Hålandsdalen vart skild frå Os i 1855 gjekk desse bygderne straks til skiping av ein bank, og denne Fusa sparebank, tok til med si verksemd i 1858.  Det var ikkje lang veg til Fusa frå Osbygdi og i lang tid vart »Fusabanken« osingane sitt visse banksamband.  I 1873 vedtok Samnanger soknestyre å skipa ein sparebank i Samnanger, men denne fekk ikkje på langt nær so mykje å segja for Osbygdi som Fusabanken.  

I midten av 1880 åri kom atter spursmålet um ein bank i Ossokni upp til dryfting.  Det var serleg distriktslækjar Krüger og M. Erichsen som arbeidde for saki.  Då spursmålet um å skipa sparebank for sokni ikkje vann samhug i heradstyret vart det vedteke av dei interesserte å skipa ein privatbank med forretningsstad på Osøyri.  Under namnet Os privatbank tok banken til med verksemdi frå nyttår 1888.  Lutmedelen var kr. 4000, og ved utgangen av fyrste driftsåret hadde banken eit samla innskot av kr. 21700 frå 200 innskjotarar.  

Dei fyrste styresmenn i banken var M. Erichsen, formann, distriktslækjar Krüger, Joakim Skadsem, I. L. Tvedt, Engel E. Moberg og Henrik Lyssand med A. O. Engen som kassastyrar.  Erichsen stod som formann i heile 40 år til 1928 då John O. Tøsdal fekk formannsplassen.  A. O. Engen var kassastyrar til 1897, deretter I. L. Tvedt til 1922 og sidan hev Ole L. Moberg havt arbeidet.  I 1926 vart banken noko umskipa og hev frå den tid eit styre på 5 og eit råd (representantskap) på 7 mann.  

Banken hev heile tidi arbeidd varsamt og hev ikkje havt nemnande tap på utlån.  Ved nyttår 1930 hadde banken ein lutmedel på kr. 100000 og upplagde fond kr. 130000.  Innskotsumen var kr. 1 865620 og den heile sum til rådvelde for banken var kr. 2111437.  

I 1902 vart skipa ein ny privatbank på Osøyri med namnet Os landmandsbank.  Formann i styret var A. O. Engen og kassastyrar R. Walle.  I 1927 vart banken umskipa til sparebank og fekk namnet Os sparebank.  Ved nyttår 1930 hadde banken ein innskotsum på kr. 258000 og eigne fond kr. 34000.  Den samla sum til rådvelde var kr. 314000.  Formann i styret er Ole J. Kuventræ, Fagertun, og kassastyrar Ola O. Hjelle.