BYGDESTYRING OG BYGDEARBEID
Frå Os Soga 1 Side 561 – 595
BYGDESTYRING OG BYGDEARBEID.
HERADSTYRET.
Frå gamall tid hadde kvar mann sjølvstyre. Det kunde vel henda at i ufredstider måtte mannen lyda andre og måtte ut i strid for ting som ikkje heilt vedkom han sjølv. Men i heimen og i bygdi var han sin eigen herre. Og då gardane låg spreidde vida ikring og folki budde langt frå einannan so var det ingen stadleg samskipnad eller styresmagt som hadde fenge rådvelde over einskildmannen.
Folkesetnaden vart større, busetnaden vart tett are, og det vart spursmål mann og mann imillom og gard og gard imillom som måtte løysast. Det måtte finnast skipnader som kunde løysa flokane, og tingskipnaden vaks fram. Det vart skipa fylkesting for dei store landsluter, fjordungsting og heradsting for mindre krinsar og bygderne. På heradstingi møtte alle frie menn og alle var med å gjera dei turvande vedtak og gjeva dom i sakerne. Ein kann soleis segja at bygderne med dette hadde fengeeit slag »kommunalt sjølvstyre«.
Men sjølvstyret minka. Kongebod og lovbod tok noko av råderetten burt etter kvart, og i dansketidi hjelpte riksstyret og embætsmennerne einannan so godt dei kunde med å taka burt resten av bygderne sitt gamle sjølvstyre. Berre i nokre få saker, t. d. ved tilsetjing av prestar, fekk bygdefolket enno lov å segja eit ord, men likevel berre rådgjevande, ikkje avgjerande. Ogso desse rettar fall burt etter kvart. Ein og annan gang kunde riksstyret få ei liti demokratisk rid, soleis at det let folket vera med å avgjera ei sak. Dette hende t. d. i 1741 med skuleskipnaden. Men dette var reine undantak, og radt til 1814 hadde bygdefolket vanleg ikkje noko å segja um riks- eller bygdestyringi.
Då Norig i 1814 hadde fenge sjølvstende kom spursmålet um bygdestyringi straks upp. Det kom fleire framlegg til lov um bygdestyring men dei vart ikkje vedtekne, og Stortinget drygde ut saki år etter år. Fyrst i 1837 vedtok Stortinget ei lov um »formandskaber på lendet«, og ved denne lovi vart atter bygdestyringi lagt i bygdefolket sine hender, soleis som det var i utgamall tid.
Kvart prestegjeld fekk no sitt eige styre, eit formannskap og eit representantskap, det same som me tilsaman no kallar heradstyret. Medlemerne vart valde på tinget av dei røysteføre gardbrukarane i prestegjeldet, med serlegt val på formennerne og varamenn for dei. Dei fleste saker var avgjort av formannskapet. Berre i større saker og ved pengeløyvingar måtte ogso representantane vera med. Ordføraren vart vald berre av formannskapet.
Den 30. desember 1837 heldt Os formannskap sitt fyrste møte på Holsund. Formennerne var frå Os Engjel Hanson Kvalesund og Jon Olson Mobergslien, frå Samnanger Engjel Monson Kleppe og Nils Nilson Kvittingen, frå Fusa Hans Astrup Krüger og Johannes Olson Helland, frå Strandvik Bård Sjurson Austefjord og Haldor Hanson Sævareid, og frå Hålandsdalen Per Anderson Skogseid. Møtet galdt berre ordførarval. Til ordførar vart vald handelsmann og gardbrukar Hans Astrup Krüger, Fusa, og til varaordførar gardbrukar Bård Sjurson Austefjord, Strandvik.
Formannskapet heldt sitt andre møte 17. januar 1838. Dei hadde berre ei sak å avgjera, å velja revisorer for Fatigkassereknskapet.
I det tridje møtet, som vart halde i mars same året, hadde formannskapet ogso berre ei sak til dryfting. Ein mann hadde søkt um å få driva handel på Tysse avdi Samnanger ikkje hadde handelsmann nærare enn på Sjørsand i Fusa, og formannskapet skulde segja si meining um saki. Formannskapet sagde at ein handelsmann i Samnanger var heilt uturvande. Sjølv um Samnangerfjorden stundom var tilfrosen so at folket korkje kunde koma til handelsmannen på Sjørsand eller andre stader, so var dette ingen grunn for å ha handel i Samnanger. Når våren kom so gjekk isen burt att.
Som ein ser var det ikkje store eller mange saker til dryfting i dei fyrste formannskapsmøti. Og som dei fyrste møti vart det ogso jamt seinare. Når det frå amtmannen, futen eller andre kom ei sak til fråsegn eller avgjerd so kalla ordføraren straks saman til møte, og det kunde soleis verta mange møter um året. Det var ikkje lite tidarhefte og kostnad for dei som var med i formannskapet når dei måtte reisa til møte for kvar einskild sak.
Den 12. mai 1838 vart for fyrste gang halde møte i det samla »heradstyre«, då både formennerne og representantane vart samankalla. I det samla styre var 8 mann frå kvar av dei fire soknerne Os, Samnanger, Fusa og Strandvik, og 4 mann frå Hålandsdalen, ialt 36 mann.
Frå Os var dei:
Engjel Hanson Kvelesund, Jon Olson Mobergslien, Nils Johennesson Midthus, Henrik Torbjørnson Synnestvedt, Lyssand, Vinsjans Vinsjanson Lien, Anders Hanson Søvik, Jørgen Asgautson Lyssand og Nils Legenger, Molda.
Dei tvo fyrste var formenner, dei andre representantar.
Fyrste varamann var Stein Steinson Lepsøy. (Ved næste val vart Engjel Kvalesund, Anders Søvik og Jørgen Lyssand bytt med Torstein Jersin, Per Salbuvik og Torkiell Forstrøno. Dei andre vart attvalde).
Til dette møte var det kome søknad frå ein mann um å driva landhandel på Sævareid. Alle 36 mann sagde at det var heilt uturvande å ha handelsmann i Strandvik og dei røysta mot søknaden.
Formannskapet tok av seg sjølv ei sak upp til dryfting i dette møte:
Kor mykie ein burde drikka i bryllauper,. Og med 32 mot 3 røyster vart vedteke:
Frå nyttår 1839 skal ingen bryggja meir enn 1½ tunna malt til eit bryllaup og ikkje kjøpa meir til det enn 12 kannor brennevin. Til eit gravøl skal ikkje bryggjast meir enn 1 tunna malt og ikkje kjøpast meir enn 6 kannor brennevin, og til eit barnsøl må berre bryggjast ½ tunna malt og kjøpast 3 kannor brennevin. Um nokon bryt dette so skal han leggja 5 dalar i bot til fatigkassen. (Sjå or møteboki på næste sida).

Ei sida av møteboki (med underskrifterne) frå det fyrste samla møte i Os heradstyre 12. mai 1838.
Dette vedtaket vart kunngjort i bygdi, men bygdefolket vyrde det lite. Dei sagde at formannskapet hadde ikkje rett til å gjeva sovorne påbod, og det vart halde bryllaup og gravøl på same måten som fyrr. Formannskapet let då påbodet fara. Det kom sidan uppmoding både frå presten og bispen um at saki måtte takast uppatt, men formannskapet »utsatte« saki kvar gang og det vart ikkje gjort fleire vedtak um dette.
Det vart halde fleire formannskapsmøter utover sumaren. (Me nemner vanleg heretter både formannsmøti og representantmøti som formannskapsmøter). Det kom fleire søknader, m. a. frå godseigar Formann og Petter Andreas Jersin, um rett til å driva landhandel på Osøyr i men formannskapet sagde nei til alle søknader. Det våga likevel ikkje til slutt å negta søknaden frå Petter Andreas Jersin som var son til soknepresten og formannskapet gav han løyve til å handla so smått i eit hus på »Stigen« på Osøyri. Men Formann som åtte huset vilde ikkje leiga det burt, han vilde sjølv handla måvita, og Petter Jersin fekk ingen handel igang. Formann kom so med ny søknad men formannskapet sagde stødt nei til han og det vart ingen handel på Osøyri.
I møte den 1. desember 1838 sette formannskapet upp det fyrste kommunebudsjet for Os prestegjeld. Det var ikkje sers stort etter det me no er van med, 12 dalar, 3 ort og 5 skjeling, eller kr. 50.57 i våre pengar, det var det heile for alle fem soknerne. Budsjettet skulde utliknast på gardbrukarane med 1 skjeling på kvar skylddaler. – Det lyt likevel merkjast at skule- og Fatigutlogorne ikkje var med på kommunebudsjettet, då desse ulogor vart serskild utlikna av skule- og fatigkommissjonen. Ein vil finna meir um dette i andre bolkar av boki.
Det uppsette budsjet vil de ikkje »halda«. Det kom straks ymse utlogor til som ikkje var medtekne på budsjettet og ein måtte då gjera vedtak um ei ny utlikning av utlogorne på matrikulskyldi. Det måtte umlag kvart år gjerast sovorne nye utlikningar avdi det kom upårekna utloger til i året. Til vøling av kyrkjegarden måtte det soleis i fleire år gjerast serlege skatteutlikningar.
Ei sak som formannskapet straks fekk å gjera med og som sidan kom att gang etter gang var presteskyssen. Osingane vilde at dei andre sokner som presteferderne gjekk til skulde leggja mest, medan dei andre soknerne fann at kvar sokn skulde leggja likt. Det vart gjort mange og ymse vedtak i saki, og det eine vedtaket slag jamnast det andre ihel. Striden um presteskyssen vara gjenom mange år.
Det kom framlegg frå fleire um at det store Os prestegjeld måtte skiftast i tvo, soleis at Os og Samnanger vart eit herad for seg, og dei 3 andre soknerne likeins eit herad. Formannskapet tilrådde dette, men noko skifting vart likevel ikkje av fyrr 16 – 17 år seinare, i 1855.
Då prestesonen Petter Jersin ikkje fekk leiga handelshus so søkte han i 1839 um rett til å driva bakeri på Osøyri. Men formannskapet vilde ikkje vera med på sovore. Dei sagde at Osøyri låg berre halvtridje mil frå byen, det var handelsmann på Sjørsand, gastgjevar i Kvalesund, og når det attåt dette ogso var ein mann på Osøyri som heldt herbyrge for ferdafolk so fekk det verkeleg vera nok med sovore. Elles fann formannskapet at eit bakeri beint fram var skadelegt for bygdi då det berre vilde trekkja pengar frå folk.
Det vart ikkje noko baking av med Petter Jersin. Men straks etter kom bakar John Nielsen, »Gamlebakeren« som han sidan vart kalla i bygdi, frå Bergen og sette igang eit bakeri i Formann sitt hus »Stigen« på Osøyri. Det kom fleire skriv til formannskapet frå ymse bygdefolk um, at ein straks måtte stogga dette bygdeøydeleggjande bakeriet og jaga bakaren or bygdi, og formannskapet vilde meir enn gjerne vera med på det. Men då det i 1839 var komi ei ny handverkslov so hadde formannskapet ingi magt over bakeriet, og »Gamlebakaren« fekk laga sine kringlor og strilekakor i ro og fred.
I 1839 hadde formannskapet fyre seg det fyrste »Lønsregulativ«. Det var løni åt bygdevektarane. Frå 1837 var det tilsett bygdevektarar som hadde på seg å aga splint, tatarar og andre ferdafantar og jaga dei or bygdi. Formannskapet sette løni åt bygdevektarane til 12 merker havrekorn av kvar gardbrukar i Ossokni, og 8 – 10 merker havrekorn av kvar gardbrukar i dei andre soknerne der splinteplaga var mindre.
Kapellan Torstein Jersin, eller »Vetle-Jersin« som namnet hans vart i Osbygdi, kom inn i formannskapet ved valet i 1839. Han gjorde framlegg um at det ved utlikning på gardbrukarane av 1 skjeling for kvar skylddaler skulde skipast eit »fond til oplysningens fremme« i Osbygdi Formannskapet som vanleg heldt hardt på skjelingane, gjekk merkeleg nok med på framlegget, og pengane vart innkravde kvart år radt til heradskløyvingi i 1855.
Frå ein av formannskapsmedlemerne, me veit diverre ikkje kven det var frå, kom det framlegg um å skipa ein sparebank i Os. Saki vart utsett. Spursmålet vart teke uppatt næste år av Engjel Hansson Kvalesund, men formannskapet sette saki ut på nytt lag og ho vart ikkje uppatt-teki.
Hans Astrup Krüger vart attvald som ordførar for 1840-41 og Torstein Jersin vart varaordførar. Då Krüger ein dag i april 1841 var 60 år sagde han med ein gang frå seg ordførarplassen, gav møteboki til varaordføraren, sagde takk for seg og gjekk ut or formannskapet. Jersin måtte so gjera tenesta resten av året og vart vald som ordførar for 1842-43.
I 1840 kom framlegg frå skulestyret um å kjøpa noko av garden Vadla til klokkargard og skipa fast skule der, men med 25 mot 11 røyster vart framlegget vraka av formannskapet. Eit framlegg frå Torstein Jersin um å tilsetja fleire lærarar i bygdi gjekk same vegen. – Det kom søknad frå ei gjenta um å verta jordmor i Os, då det fyrr ikkje var jordmor i heradet, men formannskapet sagde samrøystes at Os prestegjeld ikkje hadde bruk for henne. – Formannskapet var stødt på vakt når det gjaldt nye utlogor.
Ei sak som straks kom upp i formannskapet og som sidan kom attende år etter år var spursmålet om kjøreveg frå Osøyri til kyrkja og vidare upp til den gamle hovudveg som gjekk over Oshaugen. Um dette vil ein sjå meir i bolken um vegane i bygdi.
Formannskapet skulde i 1840 gjeva fråsegn um eit framlegg til lov um religionsfridom, og gav i det høve ei tilråding um at »forordningen av 13. jan. 1741 (konventikelplakaten) bør hæves uden at nogen anden bestemmelse settes istedet«. Dette vitna um eit frilynde hjå formannskapet som ein ikkje skulde venta i dei tider, men truleg var det Torstein Jersin som hadde største æra for vedtaket. Han skreiv ogso utgreidingi um saki.
Frå godseigar Formann kom atter søknad um rett til å handla på Osøyri. Då det gjaldt Formann som rådde over meir enn halve Osbygdi so våga ikkje formannskapet beint fram å segja nei pånytt, men det vilde heller ikkje segja ja. Det sagde difyr at dei hadde »intet at bemærke«,. Etterpå sette det som vilkor at Formann ikkje måtte selja øl eller brennevin, og eit sovore vilkor var det same som å negta søknaden. Ein landhandlar utan øl eller brennevin var i dei dagar ingen handelsmann.
Elles hadde ikkje formannskapet noko godt auga til brennevinet. Då det i 1843 kom spurnad frå riksstyret um den frie brennevinsbrenningi heretter burde verta forbodi, so svara formannskapet greidt ja. Rett nok kunde det peikast på ymse fyremuner ogso ved denne tilverknaden, men dei var so små imot all den ulukka som brennevinet gjorde, at brennevinsbrenningi bør stogga straks, sagde formannskapet. I 1847 gjekk formannskapet enndå lenger i same leid. Då vart det vedteke å kjøpa 9 ekspl. av »håndbog i afholdsreformer» og 110 ekspl, av »afholdskatekismus« til utdeling i bygdi.
Gastgjevaren Ole Hansen i Kvalesund søkte ogso um hendelsrett men formannskapet sagde nei. Fleire handelsmenn i prestegjeldet var berre til skade, og då ein landhandlar ogso hadde rett til å selja luksusvaror, øl og brennevin, so burde sovoren handel »saavel af moralske som af økonomiske grunde søges bortfjernet«.
Den same lagnad fekk ogso ein søknad frå John Nielsen, »Gamlebakaren«, um å få driva landhandel på Osøyri. Umframt dei grunnar imot handel som fyrr var nemnd, luksusvaror og pengeøyding m. v., so sagde formannskapet no at det slett ikkje vilde ha nokon handelsmann på Osøyri. Vart det handelsmann der so vilde kyrkjefolket berre gå ned på Osøyri og kjøpa alt slag skrap og fylla seg, kannhenda ikkje so mykje i brennevin som i det vanleg her brukande »ruus-øl« som var like mykje rusande som brennevin. Attåt dette vona formannskapet at det seinare kunde koma meir »fortjente« søkjarar enn Gamlebakaren var, og då var det best at han ikkje stod desse i vegen.
Men no byrja bygdefolket å knurra. No vilde folket ha handelsmann, ikkje for ølet eller brennevinet si skuld, men avdi dei vilde kjøpa »nyttige gjenstande og nødtørftige ting« som dei sagde i søknaderne sine. Då det straks etter kom søknad frå ein mann på Sævareid um å driva handel der so våga ikkje formannskapet å segja nei lenger. Men det sette som vilkor at mannen ikkje måtte selja brennevin i mindre mål enn 5 potter. Det vart ikkje noko av handelen på Sævareid, og formannskapet tilrådde so ein søknad frå Lars Meidell um landhandel i Engevikhavn.
Etter desse formannskapsvedtaki tyktes det ogso vera von um løyve til handel på Osøyri, og det kom straks ny søknad um handelsrett frå Gamlebakaren og likeins frå Engjel Hansson Kvalesund som no var flutt til Milde i Fana. Frå bygdefolket kom ogso ny søknad um at det måtte verta ein handelsmann på Osøyri. Men formannskapet sagde atter nei med same grunngjeving som fyrr, og lagde til at vilde folket i Osbygdi plent verta av med pengane sine so kunde dei reisa til handelsmanen på Sjørsand eller til gastgjevaren i Kvalesund som ogso handla med litt småtteri attåt gastereringi. Ein tarv heller ikkje tykkja synd på Gamlebakaren um han ikkje fekk handelsrett, for han hadde »forbedret sin stilling« ved bakeriet, sagde formannskapet.
Denne avgjerd vakte ikkje so lite uppstyr i bygd i, og då prestesonen Petter Jersin året etter (i 1845) på nytt kom med søknad um handelsrett so våga ikkje formannskapet å segja nei. Berre ein mann, Nils Leganger, røysta greidt imot. Formannskapet sette likevel sovorne vilkor for retten at riksstyret ikkje kunde gå med på søknaden, og Petter Jersin fekk soleis ingen handelsrett.
Umframt dei saker som er nemnde var det jamt berre småting formannskapet hadde fyre seg dei fyrste åri. Det kunde henda at formannskapet vart kalla saman til møte for lite og ikkjevetta. Soleis ein gang i 1844. Jørn Lyssand hadde gjort akkord med veginspektøren um å tjørebræda rekkverket på Osbrui, og då arbeidet var ferdugt sende veginspektøren spurnad til formannskapet om rekningi var rett. Den 27. juli, midt i hardaste slåtten, vart heile formannskapet, både formenn og representantar, samankalla for å segja si meining um betalingi for tjørebrædingi av rekkverket, ein halv dalar, var rimeleg. Og dei måtte møta alle 36 mann, frå innst i Samnanger, øvst i Hålandsdalen, lengst sør i Strandvik og ytst i Øyane til møte på Osøyri for å avgjera den høgvigtuge ting um tjørebrædingi som var einaste sak på møtet. Ein mann frå Samnanger som ikkje møtte fekk ein halv daler, d. v. s. like mykje som tjørebrædingi kosta, i bot avdi han skulka undan, men då han sidan kunde prova at han var sjuk vart boti ettergjevi. For mange av dei 35 mann gjekk det 2-3 arbeidsdagar med til ferdi, og dei hadde truleg greidt å tjørebræda mange rekkverk i den tidi som gjekk med til møtet.
Spursmålet um å skifta prestegjeldet i tvo kom uppatt. Det var semja um skifting, men det vart stor strid um delingsvilkori. Det gjaldt serleg godtgjerdsla for prestegardshusi. Fusasoknerne vilde ha godtgjerdsla for det dei hadde lagt i husi på Os prestegard som var bygde i åri etter 1820. Os og Samnanger vilde ikkje gjeva noko men vilde tvertimot ha godtgjerdsla av Fusa avdi dei nett hadde vore med å kosta upp »en ny meget rummelig skjøn og bekvem prestebolig« åt kapellanen på Fusa. I eit formannskapsmøte sumaren 1845 var både bispen, presten og kapellanen tilstades for å rettleida og sameina partane, men striden heldt ved og vara år etter år.
For 1844-45 vart klokkar Ola Torbjørnson Synnestvedt ordførar og han vart attvald for 1846-47. Men i 1848 fekk han ei røyst mindre til ordførar enn gardbrukar Jon Anderson Kvåle som var ordførar til og med 1851. For dei tvo siste åri fekk Jon Kvåle ordførarplassen etter lutkasting med Torstein Jersin.
I dei fyrste åri·hadde ikkje formannskapet noko med val å gjera, anna enn reknskapsførar og revisorar. Men i 1845 vart det påbode val av brandtakstmenn, soleis som vanleg er gjort sidan, og i 1846 vart medlemerne av fatigkommissjonen valde av formannskapet for fyrste gang. Det vart sett fram krav um at kvar sokn sjølv skulde kosta og styra sitt eige fatigstell, men dette fekk ikkje nok røyster i formannskapet.
I 1847 kom det framlegg frå distriktslækjar Normann um at det måtte verta tilsett ei jordmor for prestegjeldet med bustad i Fusa. Men formannskapet sagde likeins som 7 år tidlegare at dei hadde ikkje bruk for nokon jordmor, og det lagde no til at bygdi heller ikkje hadde råd til å løna jordmori. Ein liknande søknad seinare frå ei gjenta som hadde gjenge jordmorskulen fekk same svaret.
Kommunebudsjettet var no etter 10 år auka til 45 daler, og av dette fall umlag 10 daler på Ossokni. Attåt hadde sokni sit serlege soknebudsjett på 7 daler, og det heile faste budsjett vart soleis 17 daler. Men som fyrr nemnd vart det jamt gjort serskilde utlikningar avdi ymse utlogor kom til utan å vera pårekna i budsjettet.
Formannskapet kom i desse åri upp i ein trid med godseigar Formann. Han hadde i 1846-47 seld skog som han åtte til uthogst i Steindalen, men det synte seg at han ogso hadde merkt ut og seld noko av den skogteigen som Os kyrkja åtte i »Kyrkjeteigen«. Det vart stor strid um dette, men tilslutt gjekk Formann med på å betala det han hadde hogge i Kyrkjeteigen etter skyn. Skynskostnaden som kommunen ogso krov godtgjort av Formann vart likevel ikkje betalt.
Um vinteren 1848-49 kom kolerasjukdomen til bygdi. Formannskapet måtte då taka ymse rådgjerder for å avgrensa sjukdomen, m. a. vart skipa ei sjukestove på Lysekloster. Det vart ogso vedteke å laga tvo kolerakyrkjegardar, ein på Døso og ein på Steinkulo ved Lysekloster.
Som fyrr nemnd hadde formannskapet sagt nei til umlag alle søknader um handelsrett, og det var til dessar ingen ny handelsmann komen i prestegjeldet. Dette hadde vakt stor misnøgje i bygderne og det kom mange krav frå bygdefolket um å få handelsmenn. Kravi vart til slutt so sterke at formannskapet i 1849 vedtok å senda søknad til kongen um at det til gagn for Strandvik og Hålandsdalen måtte skipast ein landhandel ein stad i Sævareidfjorden. Og då Gamlebakaren og Petter Jersin kom att med nye søknader rådde formannskapet samrøystes til at iminsto ein av dei fekk handla på Osøyri. Fyrebils kunde det likevel greida seg med ein handelsmann, og då Petter Jersin hadde lite å liva av og hadde større huslyd å forsyta enn den andre søkjaren so rådde formannskapet til at Petter Jersin fekk handelsretten.
Men Petter Jersin fekk ingen handelsrett. Riksstyret strita no imot likeins som formannskapet hadde gjort fyrr, og trass fleire søknader og vedtak av formannskapet so gav ikkje riksstyret handelsrett til nokon. Til slutt sende formannskapet ein ny søknad i dei mjukaste og vænaste ordelag og med eigihendig underskrift av alle 36 formenn og representantar um at Petter Jersin måtte få handla på Osøyri. Då det kan vera forvitneleg å sjå korleis formannskapet skreiv i eit sovore høve skal me taka med sisste lut av søknaden:
»- – – Da Formandskabet fremdeles anseer Sagen af særdeles Vigtighed for Kommunen og vover at nære Haab om at Hans Maj. Kongen ved egen allernaadigst Overveieelse tør skjænke nærværende Kommunalrepresentations Stemme naadigst Gehør andrages om at den tidligere Ansøgning om Landhandel paa Osøren – – maa vorde forelagt Hans Maj. Kongen til Høisammes egen naadigste Afgjørelse og vove tillige underdanigst paa det varmeste at anbefale Petter A. Jersins underdanigste Ansøgning til Hs. Maj. Kongens naadigste Afgjørelse.«
Engjel Hanson Kvalesund søkte ogso på nytt um handelsrett, denne gang for landhandel i Hatvik. Formannskapet var ogso samd i denne søknaden, men vilde likevel stogga med avgjerdsla til ein såg kor det gjekk med Petter Jersin sin »underdanigste ansøgning«. Petter Jersin fekk no handelsretten og vart den fyrste landhandlar i Osbygdi.
Formannskapet hadde til dessar ikkje havt saker til dryfting som serleg vedkom jordbruket eller bondeyrket. Frå 1850 kom ogso sovorne saker fram. Det vart då uppteke eit sterkt arbeid for å rydja ut skabbsykja på smalen. Formannskapet sette ei nemnd til å greida med arbeidet og tilsette smalavaskarar i kvar grend. Arbeidet tok fleire år, men tilslutt vart sjukdomen rydja ut. På spurnad um freding av hjort svara formannskapet at hjorten var til stor skade i bygdi, og det burde vera høve til å skjota han i tidi frå august til februar. På spurnad um korleis ei påtenkt ny husmannslov burde vera sagde formannskapet, at lovi bør setja fast ei svert liti godtgjerdsla for bygsl av husmannsplassar. Rett nok hev ikkje husmennerne i Osbygdi klaga over tilhøvi, men ein veit at det likevel finns jordeigarar som tek for høge bygslepengar av husmennerne sine, og desse strevar hardt for å livja seg og huslyden.
I 1850 døydde gamlepresten Jersin og prestekallet var lyst fal. Formannskapet sende då søknad um at personelkapellanen Torstein Jersin, »Vetle.Jersin«, måtte verta sokneprest etter farbroren. Formannskapet gav han dei allerbesste vitnemål både som prest og menneskje, og nemnde serleg hans overlag store interesse for skule og upplæring.
»Vetle-Jersin« vart likevel ikkje sokneprest i Os, men fekk året etter soknekallet i Dverberg.
Godseigar Formann, som åtte både Oskyrkja og Lyseklosterkyrkja, sende formannskapet eit tilbod um at han vilde gjeva Lyseklosterkyrkja som gåva til bygdi. Formannskapet sagde nei takk til tilbodet. Dei krov attåt av Formann at han skulde vøla og utvida Oskyrkja som var for liti og skral. Dette førde til ein lang strid med Formann. Sjå meir um dette i bolken um kyrkjorne.
Frå 1842 hadde formannskapet på seg å peika ut 3 »gode menn« som kunde vera skikka som forlikskommisærar. I 1851 vedtok formannskapet at møti i forlikskommisjonen skulde vera på Fusa der den eine forlikskommisæren, kapellan Olsen, var busett. Den andre kommissæren, handelsmann Krüger på Sjørsand, gav då tilbod um fritt hus hjå seg for møti, og tilbodet vart mot 5 røyster godteke av Formannskapet. Dei 5 mann røysta imot Sjørsand avdi der var brennevinshandel, og »dette således kan virke skadelig indflydelse på de svagere individer som søger forligelseskommissionen«. Men fleirtalet fann at då kommunen måtte betala 48 skjeling til hus for kvar kommissjonsdag ved møti på Fusa so burde møti vera på Sjørsand, og kva brennevinet på Sjørsand vedkom so fann fleirttalet »det ubilligt at kommunen skal bære byrder for de enkelte individers svagheder med hensyn til brændevinshandelen«.
For 1852-53 vart landhandlar Hens Kristian Krüger på Sjørsand vald til ordførar med 4 av dei avgjevne 8 røyster, og for 1854–55 vart han attvald med same røystetal. Formannskapsmøti hadde til dessar vanleg vore på Holsund, med eit og anna møte på Osøyri eller i prestegarden. Møtestaden vart no flutt til Sjørsand då den nye ordføraren vilde gjeva fritt hus til møti heime hjå seg.
Til sokneprest i Os etter »Gamle-Jersin« vart tilsett G. D. Greve. Ein kann ikkje segja at formannskapet synte seg sers beinsamt mot den nye presten. Då han søkte um løyve til på eigen kostnad å byggja eit ark på prestehuset sagde formannskapet tvert nei. Etter nye søknader fekk han likevel løyve til det mot at han sette upp eit dokument um at vedlikehaldet av arket aldrig skulde koma kommunen til byrda. Presten Greve var jamt sjuk og det hende at det vart messefall. Formannskapet gav han ei dugeleg skrapa for dette og uppmoda han um å syta for ein hjelpesmann i kyrkja avdi messefalli var til stor skade for bygdi,
»ikke allene i aandelig men også i verdslig henseende».
Kva den verdslege skade var fær me diverre ikkje vita.
l 1854 kom det spurnad til formannskapet um det trongst vegar i bygdi. Formannskapet svara samrøystes at sovorne var heilt uturvande, og at iminsto ein av dei tvo bygdevegane som var i bygdi kunde leggjast ned. Sjå meir um dette i bolken um samferdsla.
Som nemnd vart det kvart år kravd inn ein serskatt til »oplysningens fremme« i bygdi. Formannskapet vedtok no at dei innkomne pengar skulde brukast til skiping av ei boksamling i kommunen. Det vart fyrebils løyvt 80 daler til skipingi og 10 daler i årlegt tilskot. Boksamlingi kom likevel ikkje istand fyrr prestegjeldsdelingi, og pengane vart difyr skift millom soknene. I Ossokni vart pengane brukt til utviding av den gamle private boksamlingi som kornmunen yvertok.
Ved presteskiftet i 1850 vart spursmålet om kløyving av prestegjeldet teke upp att. I formannskapet var det frå fyrst av skilde meiningar, og ved ei avrøysting var 18 mann for kløyving straks medan 16 fann at det hasta ikkje. Etterkvart auka likevel samhugen med kløyvingi som vart vedteki å gjelda frå 1. juli 1855.
Den 14. mai 1855 vart halde det sisste semmøte i formannskapet for alle 5 sokner. Os og Samnanger vedtok då at dei ikkje vilde gjeva nokon godtgjerdsla til den nye Fusa kommune for husi på Os prestegard, og dei gav samstundes den nye ordføraren sin rett til å reisa sak mot dei andre sokner um det vart turvande. Det var den siste helsing frå Os og Samnanger til dei 3 andre soknerne som dei i fleire hundrad år hadde vore saman med.
Os og Samnanger skulde no stå på eigne føter. Til ordførar for det halve året som var att av valbolken vart vald presten Greve som ogso vart attvald for 1856-57 og for 1862-65. Formannskapsmøti vart haldne i Hatvik. I 1864 vart dei haldne på prestegarden hjå ordføraren og sidan vart møtestaden på Osøyri i tinghuset. Tingstaden hadde vore på Sjørsand og vart framleis verande der til 1863.
Kommunestyret gjorde då vedtak um at den nye handelsmannen på Osøyri skulde halda tinghus og skyss-stasjon, og tingstaden vart frå den tid Osøyri. Det hadde i 1858 vore uppe spursmål um at kommunen skulde byggja eige tinghus på Osøyri, men saki vart ikkje gjenomførd.
Det fyrste som det nye kommunestyret tok til med gjaldt preikorne og presteskyssen. Det vart vedteke at i sumarhalvåret skulde Samnanger ha preika annankvar og i vinterhalvåret tridjekvar sundag. Skyssen skulde presten sjølv syta for, og han fekk 45 daler av kommunen til dette. Desse pengar skulde gardbrukarane betala inn etter matrikulskyldi.
Det vart uppsett budsjett for kommunekassen, skulekassen, fatigkassen, kyrkjekassen og soknekassen. Kommuneskatten vart heilt lagt på matrikulen med frå 24 til 72 skjeling på kvar skylddaler. Sokneskatten vart lagt likeins, og kunde vera frå 6 til 12 skjeling på skylddaleren. Skuleskatten kom ogso for det meste på matrikulen med frå 90 til 120 skjeling på kvar skylddaler. Ein mindre part av skuleskatten vart utlikna av formannskapet på dei som hadde innkoma utanfyre gardsbruket. Kyrkjeskatten vart heilt lagt på matrikulen og kunde vera av ymse storleik, radt upp til 120 skjelling på skylddaleren i dei åri då ein samla ihop til ny kyrkja. Fatigskatten låg på matrikulen til 1864 men vart frå den tid likna ut etter eiga og innkoma av ein serskild vald likningskommissjon. Skatten vart for det meste ytt i legdshald og varor til dei fatige. Til desse skattane kom so presteskyss med 8 skjeling på kvar skylddaler og attimillom ogso andre serskattar. Kvar kasse hadde serskild rekneskapsførar og serskild revisjon.
I 1855 kom det ein søknad til formannskapet frå Ola Tveit og Elias Moberg m. fl. um at der måtte byggjast vegar i bygdi frå Hegglandsdalen til Hatvik og frå Skjeiestøi til Osøyri. Formannskapet gjekk sjølvsagt ikkje med på sovorne søknader. Dei sagde rett nok eit par væne ord um at vegar kann vera »ønskelige«, men slog fast at kommunen hadde ikkje råd å byggja nokon veg. Og då det året etter kom framlegg um å leggja ned den eine av dei tvo bygdevegane som var i sokni, vegen frå Lysekloster til Søfteland, so gjekk formannskapet samrøystes med på det.
Spursmålet um fleire handelsmenn i bygdi kom stødt uppatt. Gamlebakaren låg ikkje på latsida, han sende den eine søknaden etter den andre, og i 1858 måtte Formannskapet fleire gonger dryfta sovorne søknader. Men dei fann at det enno fekk vera nok med ein handelsmann på Osøyri. Rett nok var det skralt stell hjå handelsmannen der, han hadde lite varor, ikkje pengar, lite handelslynne o.s.b., so han måtte truleg snart leggja saman. Men til dette hende burde han få råda grunnen åleine på Osøyri. Derimot kunde det vera rom for ein handelsmann lenger ute i bygdi, og formannskapet vedtok difyr å lysa fal
»en landhandlerbevilling med udsalg og handelssted et steds mellem Kvalesund og Hildershavn«.
Det melde seg 4 søkjarar, Formann, Gamlebakaren, Engjel Hanson Hatvik (fyrr Kvalesund) og Henrik Gran frå Bergen. Formannskapet tok bymannen Gran, men han nytta ikkje retten og nokon handel »mellem Kvalesund og Hildershavn« kom ikkje i gang.
Alt året etter måtte Petter Jersin slutta som handelsmann og Hans M. Tvedt frå Bergen fekk handelsretten med pligt til ogso å halda tingstova. Då Tvedt slutta i 1863 vart retten gjeven til Bertil Sivert Mørk. Formann og Gamlebakaren som båe søkte kom heller ikkje no med på lista. Mørk døydde alt i 1865, og Hans Nikolai Hansen frå Bergen som hadde kjøpt eigedomen etter Mørk fekk ogso handelsretten etter han. John Nielsen, Gemlebekeren, søkte endå ein gang, og no gav formannskapet ogso han handelsrett. Dermed var endeleg Gamlebakaren vorten handelsmann etter å ha søkt um dette i over 20 år.
Det vart i desse åri ein lang strid i formannskapet um tilskot til skvss-stasjonar. Etter framlegg frå amtet vart det skipa faste skyss-stasjonar på Osøyri og i Hatvik, men Samnanger vilde ikkje taka noko av utlogorne. Etter mange og ymse vedtak i saki vart det likevel til at kommunekassen tok utlogorne.
I 1868 kom det ny søknad um bygnad av veg gjenom Hegglandsdalen frå Rød til Hatvik. Formannskapet sagde ikkje lenger nei til all vegbygnad, og året etter gav det 150 daler, skift på 8 år, til veg gjenom Hegglandsdalen, likevel på det vilkor at Hegglandsdølingane sjølv tok vedlikehaldet. Det vart seinare strid um veggrunnen over Berge med skyn og overskyn og dette kosta 125 daler. Formannskapet totte det var ille at Hegglandsdølingane skulde missa heile heradstilskotet på denne måten, og dei fekk difyr 90 daler til vegen medan dei 60 dalerne vart avskrivne på kostnaden ved grunnsaki.
Formannskapet, eller heradstyret som me heretter kann kalla det då namnet i denne tid gjekk over til »herredsstyrelse- eller »kommunebestyrelse«, vart no meire imøtekomande når det galdt vegkrev. Då det i 1874 kom søknad frå 90 gardbrukarar um veg frå Osøyri til Skjeiestøi med arm til Halhjem sagde heradstyret ja og gav 80 daler til vegarbeidet, skift på 6 år. Det vart ogso tilrådd byggjing av ein vegstubb frå Grindevoll til »Vetterstøi«. I 1879 gav heradstyret trygd for grunn til veg frå Trengereid jernbanestasjon til Ådland i Samnanger, og tilrådde at staten måtte byggja veg frå Trengereid heilt fram til Hardangerfjorden. Året etter vart vedteke byggjing av vegen Osbrui – Hjelle. Mindre huga var heradstyret på ein vegstubb frå Halhjem til Halhjemsjøen. Det kom søknad um denne gang etter gang men fyrst i 1889 gjekk heradstyret med på byggjing av vegstubben.
Heradstyret fann heller ikkje nokon veg frå Buena til Nordvik, som det var søknad um frå Fana, turvande. Derimot tilrådde det i 1885 ein veg frå Ulven til Drange, og i 1889 vart vedteke byggjing av vegen med 800 kr. i heradstilskot. Året fyrr vart søkt um umleggjing av vegen Os – Fana grensa (det som no er i arbeid), og um uppstikking av ein veg frå Storum til Lepsøy. I 1888 vart gjeve 80 kr. av heradet til byggjing av ein gardsveg til Midtsæter, og tvo år etter vart løyvt 120 kr. åt gardsvegen til Øvredal.
Det vart ogso fyrehavt andre saker som vedkom samferdsla. I 1882 vart etter framlegg frå R. Tellefsen på Ferstad (han rodde til heradstyremøti på Os), vedteke å laga ei bryggje på Osøyri, den sokalla »kommunebryggja», og i 1886 vart den gamle trebrui ved Osøyri, »Baronsbrui«, bytt med ei steinbru soleis som ho stod til 1929. Ho kosta 179 kroner. Hamnar o. l. var heradstyret mindre interessert for. På ein spurnad frå riksstyret um det trongst sovorne i Os vart svara at det trongst eit merke på Ferdstaflui og eit merke på Gulholmsflui utanfor Røttingjo, men elles var merker, fester og hamnar uturvande i Ossokni.
I 1874 vart det tale um å teikna luter i den påtenkte jernbane frå Bergen til Voss. Heradstyret vedtok med 8 mot 8 røyster å teikna 2000 daler, men tilrådde samstundes at banen vart lagt etter denne leid: Bergen-Osøyri-Samnanger-Norheimsund-Eide-Voss. Saki kom attende til ny fyrehaving året etter, og det vart då med 14 mot 2 røyster vedteke at Os kommune ikkje skulde teikna luter i Vossebanen.
Ein ting som heradstyret jamt hadde fyre seg var retten til å selja øl. Handelsmennerne hadde ølrett, og i 1868 var det ølskjenking i Hatvik, på Buena og hjå 3 handelsmenn på Osøyri. Skatten for ølsal var 25-50 daler umåret, og inntil 100 daler »om misbrug finder sted«. Ølskatten var soleis ei god innkoma for kommunen. Etter 1874 var det heradstyret som gav løyve og det kom kvart einaste år ei mengd søknader um ølsal, frå Lysefjorden, Søfteland, Øyane, frå mange på Osøyri og frå folk som budde i nærleiken av Ulven. Då det frå 1875 vart eksisplass på Ulven fekk marketentaren der ølrett, og no vilde gjerne kvar mann i nærleiken av eksisplassen ogso få selja øl um sumaren til soldatane og ferdafolk. Heradstyret sagde nei til alle søkjarar med undantak av dei tvo handelsmenn og hoteleigarar på Osøyri og marketentaren på Ulven. Denne sisste fekk heller ikkje rett å selja til bygdefolk, men um øl til dei militære sagde heradstyret soleis i 1879:
«Nævnte drikkevarer (øl og vin) for de militære underexercitien ere at kalde nødvendige og indvilges, ligesom denne bevilgning også for fremtiden gjælder enhver antagen marketender«.
Sume år var det elles berre med knipe fleirtal at Per i Bakken og andre i nærleiken av Ulven vart negta ølrett. Dei tvo hotelli på Osøyri fekk ha retten, og då Solstrand hotel tok til i 1896 fekk ogso dette same rett. I nokre år fekk ogso skyss-skaffar Berg på Osøyri rett til å selja krusøl.
I 1864 – 66 skulde den nye matrikulering gjenomførast. Til matrikulkommisjon i Os valde heradstyret sine eigne menn, fyrst dei 7 mann som var med i heradstyret 1862 – 63 (alle med undantak av presten), og då det ved næste val kom 5 nye menn i heradstyret vart ogso dei valde inn i matrikulkommissjonen. Denne vart soleis på 12 mann med Johan Leganger som formann. Etter å ha reist ikring bygdi i tvo sumrar for å sjå på tilhøvi sat kommisjonen i 15 dagar heime hjå eit av medlemerne, Torbjørn S. Lyssand, og gjorde arbeidet ferdugt.
Heradstyret fann seinare at Os hadde fenge for stor matrikulskyld etter som grannebygderne hadde fenge, og det vart klaga over tilhøvet. Det var i kvar bygd teke ut nokre »normalgardar« til grunnlag for skyldskiftingi millom bygderne, og heradstyret meinte at dei i Os uttekne 6 gardar var for gode til å vera »normalgardar« i bygdi. I 1871 kom amtsmatrikulkommissjonen til Os for å granska klagernåli, men noko retting vart etter det ein kan sjå ikkje fyreteke.
Det var jamt skulesaker fyre i heradstyret, men um desse er vanleg nemnd i bolken um skulestellet, og ein tek det ikkje uppatt her. Heradstyret såg vel etter at skulestyret og lærarane ikkje fekk rutla for mykje med skjelingane, og ein kann soleis nemna at det i 1874 vart negta pengar til kjøp av kuleråmor, tonebøker og anna smått skuletarvende. Ogso lærarane vart haldne i streng age. Då lærar Haldor Midthus i 1877 søkte um eit tillegg av 4 kroner for reinhald og uppvarming i Sjøbøen skulehus (han hadde 24 kroner året for å halda ved, ljos, uppvarrning og reinhald i skulen), so sagde heradstyret nei til søknaden, og det gjorde samstundes vedtak um at var ikkje Haldor Midthus nøgd med dei 24 kronerne som han hadde, »så får han for fremtiden ikke tilladelse til med sin familie at bo i lærerværelset«. Og med sovorne trugsmål over seg våga ikkje lærarane å knurra.
Skule skatten hadde fyrr vore likna ut av heradstyret sjølv etter skyn. I 1876 vart det vedteke å velja »likningskommissjon« til utlikning av skuleskatten og det vart vedteke eit slag likningsreglar. Den fyrste likningskommissjon vart Annanias Tveit, M. Erichsen, Torbjørn O. Lyssand, Torkjell Lunde, Anders Nordstrøno og handelsmann Johannes Buena. I dei fyrste åri var heradstyret sjølv overlikningskommission og avgjorde klagane over likningi.
I 1883 kom det ny skattelov, og likningskommissjonen fekk då med utlikning av alle skattar å gjera. Det var 6 kassar som skulde ha pengar og det var difyr ogso 6 skattar å likna ut, heradskatt (kommuneskatt), sokneskatt, fatigskatt, skuleskatt, kyrkjeskatt og bibliotekskatt. Det fyrste utlikna samla budsjett, for Os og Samnanger tilsaman, var kr. 10950.-.
Det vart no vald ein likningskommissjon på 10 mann frå kvar sokn. Dei osingar som var med i den fyrste samla likningskommissjon for heradet var desse: Annanias Tveit, Hans Eide, Henrik Lyssand, Engel Sælo, Vinsjans Fiskaren, Lars Nordstrøno, Jon Lepsøy, Torkjel Skjeie, Ola O. Haugland d. æ. og skysskaffar Kristian Berg, den sisste som formann. Denne likningsskipnad hev sidan halde seg mykje ubrigda.
Som nemnd var heradstyremøti frå 1864 haldne i prestegarden etter at dei tidlegare var haldne i Hatvik. I 1868 då Samnanger fekk ordføraren vart det vedteke at møti skulde haldast skiftevis i tinghuset på Osøyri og på Tysse i Samnanger. Handelsmann H. N. Hansen på Osøyri heldt tinghus med fritt hus og bevertning til retten for 280 kroner som kommunen måtte betala. Dette tyktes dyrt, og i 1884 vedtok heradstyret etter framlegg av Annanias Tveit, som hadde fenge huset på hand, å kjøpa det gamle herskapshuset på Molda til kommunehus og tinghus. Huset vart flutt til Osøyri og bygt upp att der. Heile kostnaden vart kr. 2000,-.

Heradshuset i Os. Bygt ikring 1720 og flutt frå Molda til Osøyri 1884.
Os og Samnanger hadde kvar 8 mann i heradstyret. I 1875 tok osingane upp arbeidet for å få fleire representantar då Ossokni var størst, men dette vakte sovore røre og sterkt motmæle frå Samnanger at saki fall burt. I 1880 vart spursmålet teke upp att, men kom ikkje til endeleg avgjerd. I 1882 vart det etter framlegg av R. Tellefsen sett ei nemnd på 8 mann til å fyrebu deling av heredet etter soknerne, og i 1884 vedtok heradstyret mot 1 røyst (lærar Ellefset frå Samnanger) at heradet burde skiftast i tvo. Men då heradstyret seinare skulde taka avgjerd um delingsvilkori vart soknerne ikkje samde og saki fall burt for ikkje å koma att fyrr i 1906·
Presteskyssen kom endå ein gong fyre i heradstyret. Då presten Støp kom til bygdi i 1874 fekk han likeins som den fyrre presten 45 daler til skyss, derav 9 daler til båt og 36 daler til skysskarar. Då presten i 1876 sa upp semja vart det vedteke å føra inn att den gamle umgangsskyss og kommunen kjøpte ein ny og stor båt til presteskyssen. Men i 1879 gjekk den nye presten Meyer med på å taka skyssen sjølv att for 45 daler, og seinare hev kommunen altid betalt presteskyssen.
Etter at Os vart skild frå Fusa var klokkar Austestad rekneskapsførar for sokne- og fatigkassen og lensmann Nieuwejaar for dei andre kassane. I 1870 åri gjekk alle kassane over til Austestad som soleis vart heredskesserer, det han var radt til 1898 då I. L. Tvedt fekk yrket. Lærarane Haldor Midthus og Elias Hansen var heradsrevisorar frå 1860 ti11886 då Annanias Tveit og Peder Lauvskard fekk arbeidet. Dei hadde det til Os og Samnanger vart skilde åt i 1907.
I slutten av 1880 åri kom saki um ein jernbane til Os fram i heradstyret, og i 1889 trygda heradstyret fri grunn og grus til banen. Dei fleste gardbrukarar gav fri grunn, men på Osøyri og ymse andre stader måtte haldast skyn. Året etter vedtok heradstyret samrøystes å leggja kr. 25000 til banen, og det vart lånt pengar til dette. Heradstyret meinte at banen burde gå til Hatvik, og so seint som i 1895 tilrådde heradstyret det same, men fann ikkje å kunne leggja meir pengar i banen enn som gjort var.
Vegkravi heldt ved. I 1891 gjekk heradstyret med på byggjing av ein ny veg til Hegglandsdalen med eit heradstilskot av 80 kr. året i 5 år, og i 1897 vart vedteke byggjing av veg frå Rød til Øvredalsvatn. Til denne vart løyvt 2000 kroner og tilrådd statstilskot. Året etter vart løyvt 130 kroner til veg frå Haukeland til Gåssand, og det vart send søknad um at vegane Tuen (Storum)-Lepsøy og Øvredal-Rolfsvåg-Hisdal måtte verta granska og uppstukne. Ny ruteleggjing av bygdevegane vart ogso vedteki og sett iverk frå 1901.
I 1890 åri vart haldne nokre »store« heradstyremøter på Osøyri. Det var sam-møte av Os, Fana og Fusa heradstyrer, tilsaman 56 mann, for å velja eit medlem av Nordhordland fiskeristyre. På møtet i 1894 reiste Fana-representantane ved sin ordførar Wollert Konow motmæle mot denne skipnaden, og ved næste møte i 1896 »streika« alle frå Fana. Etter dette fekk kvart heradstyre halda valet i si eigi bygd.
Kvart år kom det til heradstyret ein slump søknader um rett til å selja øl. Då Solstrand hotel vart skipa i 1896 fekk dette øl- og vinrett. Umframt marketentaren på Ulven, som årvisst hadde retten, fekk ingen andre rett til å selja sterkt øl. Heradstyret heldt elles ikkje heilt greid lina i dette. I 1902 fekk alle hotel i bygdi full ølrett med løyve til ogso å skjenka til bygdefolk, (det var einaste gang etter 1880 at ein utvida rett vart gjeven), men alt året etter vart det vedteke med 16 mot 5 røyster at det ikkje skulde gjevast noko slag ølrett i heradet. I 1904 fekk atter alle hotelli rett å selja øl til reisande medan berre Ulven og Solstrand hotel fekk retten i 1905. Seinare hev ikkje noko anna hotel eller annan søkjar fenge rett til å selja sterkt øl og vin.
Etter århundradskiftet vart atter teke upp spursmålet um deling av heradet. Tanken vann fram og i 1906 vedtok heradstyret mot 1 røyst at heradet skulde skiftast i tvo etter soknegrensorne. Det nye Os herad skulde leggja kr. 9000 ein gang for alle til Samnanger, elles tok kvart av dei nye heradi sine eigne byrdor på seg. Delingi vart sett iverk frå 1. januar 1907 etter at Os og Samnanger hadde vore saman tvoeine i 52 år.

Solstrand hotel.
Interessa for vegarbeid heldt ved ogso etter århundradskiftet og heradstyret gjekk viljugt med på byggjing av nye vegar. Soleis kann nemnast vedtak i 1902 um veg frå Hagevikskiftet til Askvik, i 1905 um vegen Buena-Fana grensa, i 1908 um Grindevoll-Hagevikvegen, og i 1909 um vegen Vedholm-Røttingen. I 1907 vart løyvt kr. 2000 til ein veg frå Storum til Lepsøy, men fyrst i 1916 kom dette vegarbeid i gang. – I bolken um samferdsla vil ein elles finna meir um vegane og um seinare vegbyggjing i bygdi.
Ei sak som i nokre år tok mykje av heradstyret si tid var den sokalla »reknskapssaki«. Alt i 1906 kom det klagemål over at heradsreknskaperne skulde vera ugreide, og både i 1907 og 1910 var denne saki hovudspursmålet ved heradstyrevali. I bolken 1911-13 var reknskapsaki fyrehavt i heile 14 heradstyremøte. Reknskaperne var til ettersyn av fleire utval, m. a. av fylkesrevisjonen, men nokon urette reknskaper eller misbruk av pengar vart ikkje funne.
I åri ikring 1910 kom spursmålet um elektrisk lios og kraft fram mange stader i landet og spursmålet kom ogso upp i Osbygdi. I heradstyremøte 28. desember 1911 vart vald ei nemnd til å fyrebu saki, og etter framlegg frå nemndi vedtok heradstyret i 1912 å kjøpa Lundetræfossen for kr. 10 000. Same år vart ogso vedteke å kjøpa vatsretterne i Sagelien ved Gåssand, der ogso ljosverket vart bygt i 1913 – 14 av ingeniør Hertzberg. Ljosverket var ferdugbygt med kraftlinor til Oskrinsen og Neset i november 1914, og i åri frametter inntil 1918 vart so bygt kraftlinor til dei fleste andre grender i bygdi. Berre grenderne Lønningdal og Nordøyane stend att. Den sisste vil truleg få kraftlina i 1932.
Til vatssamling for ljosverket er Krokvatnet uppdemt 8 m. og Steindalsvatnet 5 m. I kraftstasjonen er innsett maskinor for 700 H.K. Då det frå Gåssand ikkje vart kraft nok til bruket i bygdi gjekk heradet i 1921, etter mange fåfengde freistnader på å syta seg kraft på annan måte, inn i Bergenshalvøens kommunale kraftlag med bygnad av kraftverk på Dale i Bruvik, og Os lagde inn 175000 kroner i dette kraftlaget. I dei 7 åri då arbeidet gjekk på i Dale leigde Os saman med Fana og Bergen noko kraft frå Bjølvo. I dei sisste åri hev Os fenge umlag like mykje kraft frå sitt eige verk på Gåssand og frå kraftverket på Dale. Heile anleggskostnaden av ljosverket med linebygnad og innskot i B. K. K. er umlag 1150000 kroner.
I mange år var ljos- og kraftspursmåli dei mest brennande i bygdi og tok det meste av heradstyret si tid og arbeid.
I krigsåri 1914 – 18 fekk heradstyret mange nye saker å arbeida med, m. a. provianteringi og resjoneringi. Alt hausten 1914 vedtok heradstyret å kjøpa inn 850 sekkjer korn til lagring i bygdi, og det vart seinare kjøpt inn ved og andre forbruksvaror. Provanteringsrådet som stellte med desse ting fekk mykje å gjera men stjorna verksemdi so godt at då rådet slutta sitt arbeid hadde det eit overskot av 11000 kroner.

Os heradstyre 1930
Kommunen åtte ikkje og rådde heller ikkje over noko grunn i heradet, endå det jamt var bruk for sovoren. I 1913 vedtok difyr heradstyret å kjøpa den gamle ekserserplassen Osøyri. Kjøpet vart likevel ikkje av, då det vart ugreida um kven som kunde selja, forsvarsdepartementet eller kyrkjedepartementet, og då det langt um lenge vart greidt at prestegarden var eigar so fekk ikkje heradet kjøpa plassen men berre festa han på 99 år. Seinare hev heradet ogso festa ymse andre luter av prestegarden, soleis Oshaugen der doktorbustad vart bygd, tuft til gamleheim, skuletuft og leikeplass, og grunn til ny kyrkjegard, ialt umlag 16 mål jord. Dei tvo sisstnemnde tufter vert truleg seinare kjøpte av heradet.
I 1919 vedtok heradstyret å leggja Osøyri under regulering og plan for denne er vedteken. Osøyri hev elles i dei sisste åri fenge seg eige vatsverk og tidhøvelegt brannstell, og det er likeins skipa fast renovasjon. Planar um ein hamn på Osøyri er under fyrebuing.
Som nemnd vart det for fyrste gang i 1883 sett upp eit samla budsjett for heradet. Budsjettet var ikkje stort, 10950 kroner for Os og Samnanger tilsaman, men bygdefolket totte då som no at det var meir enn stort nok. Det vart likna ut av ein likningskommissjon, og i denne vart sett dei besste menner i bygdi, men det kom inn ei mengd klager over skatten og likningi.
Elles vart ikkje alle utlogor tekne med i budsjettet. Attåt dei utlikna skattane måtte bygdefolket gjera ymse naturalarbeid og gjeva naturalytingar til dei fatige, til skulane, til presteskyss o. l., og hadde attåt heile vegvedlikehaldet. Budsjettet var soleis i røyndi noko større enn tali synte. Etter kvart fall ymse av naturalytingane burt og det hjelpte straks til å auka budsjettet. Dette heldt seg elles godt nede til burt imot århundradskiftet, men etter den tid tok det til å auka jamt og stødt. Dei retteleg store tali fekk ein likevel fyrst etter krigsåri då det vart snudd upp ned på heile pengeverdet.
Dei største budsjett fekk ein i åri 1923-26 då alle postar auka. Ein einskild post, som t. d. fylkesskatten, var då større enn eit vanleg heradsbudsjett fyrr. Etter 1926 hev budsjettet vore i jamn nedgang, men dei mange og sterke krav som det i vår tid vert sett til kommunen frå alle kantar gjer at nedgangen er mindre enn han burde vera.
Ein set nedanfyre upp ei lista over storleiken av heradsbudsjettet til ymse tider i 50 års bolken:
Os heradsbudsjett (netto) 1883–1930:
| Os heradsbudsjett (neto) 1883 – 1930 | ||||||||
| Os og Samnanger ihop | Os sokn åleine | |||||||
| Samla budsjett | Fylkes skatt | Skule budsjett | Prest og kyrkja | Fattig-budsjett | Veg-budsjett | Tilskot til ljosverket | ||
| Kr. | Kr. | Kr. | Kr. | Kr. | Kr. | Kr. | ||
| 1883 | 10950 | |||||||
| 1885 | 10418 | |||||||
| 1890 | 14460 | 1335 | 5618 | 175 | 2125 | 200 | ||
| 1895 | 19650 | 2085 | 6960 | 175 | 2000 | 300 | ||
| 1900 | 27005 | 4201 | 7600 | 200 | 2500 | 1440 | ||
| 1905 | 34440 | 5050 | 9100 | 2680 | 3150 | 1820 | ||
| Os sokn åleine | ||||||||
| 1906 | 18000 | 2676 | 4892 | 1580 | 4320 | 2400 | ||
| 1910 | 21050 | 4188 | 6500 | 1790 | 4150 | 2110 | ||
| 1915 | 31200 | 5181 | 6900 | 2140 | 4700 | 2980 | ||
| 1920 | 155870 | 20945 | 47800 | 3100 | 13000 | 19100 | 11000 | |
| 1925 | 217525 | 58680 | 34000 | 7534 | 27500 | 17000 | 45140 | |
| 1930 | 162000 | 37690 | 24800 | 7000 | 25750 | 14900 | 30000 | |
ORDFØRARAR.
1. Landhandler Hans Astrup Krüger. 1838 — 41.

H. A. Krüger
Den fyrste ordførar i Os var Hans Astrup Krüger, fødd på Fusa prestegard i 1781. Foreldri var res. kapellan i Os Jokum Krüger og kona Drude Marie Astrup. Bestefaren Konrad Krüger var innvandra frå Tyskland. Hans A. Krüger var gardbrukar og landhandlar på Sjørsand i Fusa.
Han var ein sers upplyst og kunnskapsrik mann, hadde lese mykje og skreiv sjølv i tidsskrifter, m. a. skreiv han i »Budstikken« 1821 ein »Beskrivelse over Ous prestegjeld«. I Fylkestinget var han mykje vyrd, han kom med i budsjettnemndi, og vart m. a. vald til fylkesrevisor fyrste året. Han var ikkje lenge ordførar. Då han um våren 1841 vart 60 år nytta han seg av lovi og sagde ordføraryrket frå seg med ein gong. Han var gift med Inger Severine Bredehl. Døydde 1855.
Bård Austefjord og Torstein Jersin var varaordførarar i Krüger si ordførartid.
2. Kapellan Torstein Hoel Jersin. 1841-43.
Torstein Jersin måtte taka ordførarplassen då Krüger so snøgt gjekk frå i 1841, og han vart attvald for næste bolk. Ein vil finna upplysningar um han under »prestar« og i andre bolkar av boki. Han var sterkt interessert for skule og upplæring, og både som ordførar og medlem av heradstyret elles gjorde han mykje for folkeupplysningi i prestegjeldet. I fylkestinget var han med i budsjettnemndi og vegnemndi.
Haldor Sævareid og Arnt Krüger (bror åt ordførar Hans A. Krüger) var varaordførarar i desse åri.
3. Klokkar Ola Torbjørnson Synnestvedt. 1844-47.
Ola Synnestvedt kom inn i heradstyret 1842 og vart same år med i formannskapet. Han var ogso med her i fleire bolkar etter at han gjekk ut som ordførar. I fylkestinget var han fyrste åri med i vegnemndi, sidan i desisjonsnemndi, og gjorde fleire framlegg som seinare vart vedtekne av fylkestinget. – Upplysningar um han vil ein finna under »klokkarar« og i skulesoga.
Anders H. Litlevik og Ole Hansen, Kvelesund, var varaordførarar i desse åri.
4. Gardbrukar Jon Anderson Kvåle. 1848-51.
Jon Kvåle var fødd i 1818 på Kvåle i Fusa, der han fekk garden etter foreldri Anders Jonson Kvåle og kona Marta Hans dtr.. Han var den fyrste bonde som vart ordførar i Os. Jon Kvåle var ein upplyst og kunnskapsrik mann og var uvanleg dugande til å skriva. Han førde møteboki og lagde fram sakerne like godt som dei fyrre ordførarane, presten og klokkaren. Han var ein vyrd mann i bygdi, men i fylkestinget kunde han millom dei mange prestar og andre »storfolk« lite vinna fram. G. m. Brita Anders dtr. Ljotun.
Varaordførarar var Ola Synnestvedt og Torstein Jersin, som osingane og samningane ogso hadde røysta på til ordførar i dei tvo bolkane då Jon Kvåle vart vald.

H. K. Krüger.
5. Landhandlar Hans Kristian Krüger. 1852-55.
Hans K. Krüger, f. 1825, var andre sonen åt den fyrre ordføraren Hans Astrup Krüger og kona Inger Severine Bredal. Han var likeins som faren landhandlar på Sjørsand. Krüger var ordførar i Os herad til det vart skift i 1855, og vart seinare ordførar i det nye Fusa herad 1856 – 59 og 1864 – 71. I fylkestinget var han mykje vyrd, han var soleis fylkesrevisor i 8 år, og var med i ymse utval. I dei åri han møtte på fylkestinget for Os var han med i desisjonsnemndi. G. m. Ingeborg Hans dtr. Litlelid.
Vinsjans V. Lien og Ola Austestad var varaordførarar i dei 4 åri.
6. Sokneprest Georg Døderlein Greve. 1855-57 og 1864-67.
G. D. Greve kom inn i formannskapet 1853 og vart i 1855 etter skilnaden millom Os og Fusa vald til ordførar. Han var sjukleg og måtte jamt vera burte frå heradstyremøti. I 1856 – 57 og 1866 – 67 måtte ogso varaordføraren møta på fylkestinget. I dei åri han møtte på fylkestinget var han med i landbruksnemndi. Ein finn fleire upplysningar um han i bolken um prestane.
Varaordførarar i denne tid var Ola Austestad, Vinsjans V. Lien, Ole Hansen, Kvalesund og Ola J. Eide. Austestad møtte på fylkestinget i 1856 og 57, og Ola Eide likeins i 1866 og 67.

Johan Leganger.
7. Gardbruker Johan Leganger. 1858 – 61.
Johan Legenger var fødd på Molda 1822 og fekk garden der etter foreldri Nils Leganger og kona Marianne Hertzberg. Han fekk ei god upplæring, kom tidleg med i heradstyret og vart straks ein av dei fremste menn i bygdi, Ein vil sjå meir um han i andre bolkar. I fylkestinget fekk Leganger stor vyrdnad, stod i heile si ordførartid som fyrste varamann for Fylkesrevisorane og var m. a. med i den 3-manns-nemndi som skulde finna stad for landbruksskulen. Elles var han med i budsjettnemndi. G. m. Anna Torbjørns dir. Mehl, Kvinnherad.
Ola Austestad og Jon Mobergslien var varaordførarar i desse åri.
8. Gjestgjevar Ole Hansen, Kvalesund. 1862 – 63.
Ole Hansen var fødd på Holmefjord 1811 og kom i 1842 til Kvalesund, der han fekk gjestgjevarstaden etter broren. Foreldri var Hans Engjelson Holmefjord og kona Magdela Engjels dir. Sørtveit. Alt i 1845 kom han inn i formannskapet, var burte ei tid men kom att, og vart so ordførar i 1862. Han var lite skrivefør og andre måtte vanleg føra møteboki. Det som han sjølv skreiv i eit par møter er lite lesande. Elles hadde han ymse tillitsyrke i bygdi. G. m. Jakobine Konradine Krüger, syster åt ordførar H. K. Krüger. Varaordførar i dei tvo åri var Jon Mobergslien.

L. H. Nordvig.
9. Klokkar Lars Hansson Nordvig. 1868-71 og 1876-79.
Lars Nordvig var fødd 1835 på Nordvik i Samnanger av foreldri gardbrukar Hans Knutson Nordvik og kona Barbra Knuts dtr. Tysse. Han vart i 1855 lærar i umgangsskulen, gjekk so fyrste kurset ved Stord seminar og vart i 1860 lærar og klokkar i Samnanger, der han busette seg på Nordvik. I 1881 flutte han frå Samnanger då han vart klokkar i Selje, der han døydde i fyrsten av 1890 åri. Han var greid som ordførar og fyrebudde sakerne godt. I fylkestinget var han i skulenemndi. G. m. Marta Peders dtr. Jarland.
Varaordførar var i fyrste bolken O. Austestad, i sisste bolken Ola J. Eide og M. Erichsen.

B. J. Tvedt.
10. Gardbrukar Bård Johennesson Tvedt, 1872-75 og 1880-81.
Bård Tvedt var fødd på Tveit i Samnanger 1830 og fekk garden der etter foreldri Johannes Bårdson Tveit og kona Sigrid Knuts dtr. Tysse. Han selde sidan farsgarden og rydja eit nytt bruk »Nytveit» til bustad. Han var nokre år lærar i Samnanger, men reiste i seinare tid som talar for indremisjonen. I 1912 flutte han til Bergen, der han døydde 1917. Bård Tvedt var for ein bonde å vera meir enn vanleg kunnskapsrik og stjorna heradstyret godt, likeins som han hadde ålmenn tiltru i bygdi. I fylkestinget var han likeins som fyremannen med i skulenemndi. G. m. Marta Nils dtr. Tysseland.
Varaordførarar i fyrste bolken var Mons V. Lien og Ola J. Eide, i sisste bolken M. Erichsen.

M. Erichsen.
11. Gardbruker M. Erichsen. 1882-83 og 1886-1910.
Mathias Erichsen er fødd på Dyngeland i Fana 1845 av foreldri bankbod Ivar Erichsen og kona Anna Dorihea Jakobsen. I 187S kjøpte han garden Kuven i Os, der han sidan vart buande. Alt i 1878 kom han inn i heradstyret, vart same året varaordførar og fekk i 1882 ordførarplassen. Han fekk ogso dei fleste andre tillitsyrki i bygdi, vart forlikskommissær, skyns- og utskiftingsmann m. v. I nær 40 år var han styresmann i Hordaland landbruksselskap og likeins for landbruksskulen. I fylkestinget var han heile tidi medlem av jordbruksnemndi og var i fleire år formann i denne. Han er R. St. O. O. og hev kongens fortenstmedalje for godt landbruksarbeid. G. m. Judith Wellin, Bergen.
Varaordførarar var medan Os var saman med Samnanger Bård Tvedt og Nils Røsselend, sidan Annanias Tveit og Henrik Søfteland.

N. S. Røsseland.
12. Landhandlar Nils S. Røsseland. 1884-85.
Nils Røsselend er fødd på Røsseland i Kvam i 1853. Foreldri var gardbrukar Svein Larson Røsseland og kona Herborg Arnes dtr. I 1862 flutte foreldri til Tysse i Samnanger der faren vart gjestgjevar og landhandlar. Nils Røsseland gjekk Sogndal folkehøgskule, vart postopnar på Tysse, og fekk sidan handelsplassen etter faren. Han kom tidleg inn i heradstyret og vart ordførar i 1884. Då Erichsen fekk ordførarplassen att i 1886 vart Røsseland varaordførar og stod soleis til heradet vart kløyvt i 1906 då han vart ordførar i det nye Samnanger herad. Han hev ogso havt mange andre tillitsyrke i bygdi. I fylkestinget vart han med i budsjettnemndi. G. I m. Magdela Torgils dtr. Frøland, g. II med Berta Fjærestad.
M. Erichsen var varaordførar i bolken 1884-85.

Hans Eide.
13. Gardbrukar Hans O. Eide. 1911-13.
Hans Eide er fødd på Eide i Hegglandsdalen 1858 av foreldri Ola Jørgenson Eide, (var som nemnd varaordførar i fleire bolkar) og kona Ingeborg Hans dtr. Tøsdal. Han hev i lang tid vore skyns- og utskiftingsmann, overformyndar m. v. I fylkestinget var han i næringsnemndi. G. m. Marta Mons dtr. Lyssand.
Varaordførar i denne bolken var R. Walle.

H. M. Skinstad.
14. Planteskulestyrar H. M. Skinstad. 1914-16.
Hans M. Skinsied er fødd i N. Odalen 1878. Foreldri var gardbrukar og handelsmann Martin Skinstad og kona Eli Nils dtr. Fjeld. Han gjekk ymse skular, var ei tid skogassistent, og kom i 1902 til Os som styrar av Eikhaug planteskule på Søfteland, der han framleis er. I 1911 kom han inn i heradstyret og vart ordførar i 1914. Han hev ogso havt fleire tillitsyrke i bygdi. I fylkestinget var han medlem av budsjettnemndi og i 1925, då han ogso møtte på fylkestinget, av jordbruksnemndi. G. m. Anna Hans dir. Søfteland.
Varaordførar var Jakob Halhjem.

Nils Tveit
15. Gardbrukar Nils Tveit. 1917-.
Nils Tveit er fødd på Tveit i Hegglandsdalen 1876. Foreldri var Annanias Nilsson Tveit og kona Maria Torbjørns dtr. Lyssand. Han kom inn i heradstyret 1917 og vart same året vald til ordførar. I fylkestinget var han den fyrste tid i jordbruksnemndi, seinare i budsjettnemndi og formann i denne. Varaformann i fylkestinget 1929-31, formann 1932. Fylkesrevisor sidan 1918, og medlem av Fylkesvegstyret og ei rekkja andre styre. G. m. Anna Olavs dtr. Tøsdal.
Varaordførarar siden 1917 hev vore Jakob Halhjem, Anders Hauge, H. M. Skinstad og Lars O. Askvik, ein valbolk kvar, og Anders Lepsøy frå 1929.