RETTSKIPNAD

Frå Os Soga I  side 538 – 560

RETTSKIPNAD.

RETT OG RETTARGANG.   

Frå eldgamall tid hadde folket sjølv domsmagti her i landet og tok avgjerd i alt som vedkom lov og rett.  Radt frå den fyrste tid då det vart skipa større samband enn det upphavelege ættesambandet, skiping av grender bygder, herad, fylke eller andre krinsar, var kvar mann med i avgjerderne.  Folket valde sjølv sin hovding og herførar i strid.  Han vart då jamt ogso den leidande og førande i fred, og som heradshovding eller herse kalla han saman til tinge og stjorna tingstemna.  Men folket sjølv hadde magti, det avgjorde sakerne og sagde domane på tinget, hovdingen uspurd.  

Tingi var grunnlaget for den gamle rettskipnaden.  Heradstinget var fyrste domstol og lægste instans.  Som namnet segjer var dette ting for dei som budde i heradet.  Seinare vart tingkrinsen noko brigda.  Då »skipreidet« gjekk over frå å vera herkrins til skatte- og rettskrins so vart det skiftingi i skipreider som ogso sette grensorne for tingkrinsane til heradstingi. 

Fylkestingi var eit for kvart fylke, som elles var mindre og difyr mange fleire i tal enn dei fylke som me no hev.  Fylkestingi stod over heradstingi og hadde ogso dømande magt.  

Til desse tingi hadde bønderne både rett og pligt til å møta.  Ved sume ting, soleis kongeting, våpenting og manntalsting, kunde ingen sleppa undan, men ved dei vanlege tingi kunde »einvirker«, d. v. s. dei som var åleine mannfolk på garden, få sitja heime.  Kvinnorne var jamt med på tingi, men hadde ikkje røysterett.  Det same gjaldt tenarar og trælar.  – På tingi kunde nokre av dei beste menn verta sette til å rådleggja um og fyrebu sakerne, men heile tingålmugen var med og tok avgjerderne. 

Tinget vart halde på ein viss stad, tingstaden.  Denne var jamnast ved eit hov eller, då kristnetidi kom, ved ei kyrkja.  Frå tinghaugen eller tingbakken skulde alle kunngjeringar segjast.  Det vart då utlyst alt som var vedteke på tinget, lover, domar og avgjerd i alle andre saker som vedkom heradet eller fylket.  

Over herads- og fylkesting i stod lagtingi, fire i talet for heile landet.  Her møtte bønderne ved valde nemndarmenn frå kvar bygd.  På Gulatinget møtte i den eldste tidi ikring 400 nemndarmenn, men talet minka gjenom tiderne.  Lagtinget hadde den høgste lovgjevande og dømande magt.  Til å fyrebu avgjerderne vart sett eit utval av lagrettemenn, som seinare fekk ein lagmann til rådgjevar og rettleidar.  Etterkvart vart det lagrettemennerne og lagmannen som ogso tok avgjerderne på lagtingi.  

Ogso på heradstingi og Fylkestingi kom lagretteskipnaden inn.  Kvar mann i skipreidet kunde møta på tinget, men når det galdt domsavgjerder so vart det etter kvart ogso her berre lagrettemennerne som tok avgjerdi.  Det var vanleg 6 eller 12 mann i lagretten og difyr finn ein jamt seinare nemnd ein »eksmannsdom« eller »tolvmannsdom«.   

Som lagmannen var rådgjevar og sidan domar ved lagtingi vart sysselmannen det same ved dei lægre ting.  Til hjelpesmann fekk syselmannen ein »lensmann« som vart vald av heradsmennerne millom dei beste bønder i skipreidet.  Radt frå tidi kring 1200 finn ein sovorne lensmenner.  Bygdelensmannen eller bondelensmannen, som han sidan vart kalla til skilnad frå dei store «lehnsherrar«, skulde vera milommannen og sambandet millom bygdefolket og embætsmennerne, men dei sisste vilde gjerne rekna han for berre å vera deira tenar og han kom jamt millom borken og veden.  

Dei seks eller tolv lagrettemenn som dømde i sakerne på bygdetingi kunde sjeldan skriva.  Sjølv um bygdelensmannen var med so kunde det vera vandt å få domen skriven.  Lensmannen var jamnast av dei mest pålitande og vyrde menn i bygdi, men han var vanleg av bondeætt og hadde ikkje lært skrivekunsten.  Lagrettemennerne måtte difyr få hjelp hjå skriveføre folk til å skriva ned dei avsagde domar og avgjerder, og det var »skrivarkarar« som let seg leiga til dette arbeid.  Men desse skrivarkarane hadde vanleg berre lært skrivingi som eit handverk og hadde lite skyn og vit på innhald og form i domane.  Desse vart difyr kleint laga og skrivne, og det kom mange kjæremål over dette.  

Då kong Kristian den fjorde var i Oslo i 1591 kom det ogso sovorne kjæremål.  Han gav difyr påbod um at det skulde tilsetjast faste skriverer til hjelp for lagrettemennerne.  Skrivaren skulde gjeva all den hjelp og rettleiding som han kunde, og han måtte gjera eiden sin og sverja på at han skulde segja rett og skriva rett.  Han vart soleis ein svoren, «soren«, skrivar, og namnet sorenskriver hev halde seg til no.  

Det var ikkje meiningi at den svorne skrivaren skulde vera med i domsavgjerderne, han skulde berre skriva og gjeva rettleiding.  Men etter kvart vart han meir enn berre skrivar.  Han vart med i lagrettemennerne sitt arbeid og han vart med i domsavgjerderne.  Og då skrivaren var fast mann i arbeidet og stod i tenesta år etter år, medan lagretternennerne jamt skifte, so vart etter kvart skrivaren den fyrste mann og avgjerande i lagretten.  Han fekk meir og meir å segja, og ved eit kongebrev av 1634 vart det stadfest at skrivaren ogso skulde vera den rettelege domar.  Lagretternennerne vart etter kvart berre rettsvitne som sette merket sitt under dei domar og avgjerder som skrivaren sagde og sette i boki, og berre i ymse serlege saker vart dei med i sjølve domsavgjerderne. 

Folket hadde no mist sin gamle domsrett og råderett på tingi.  Heile domsmagti kom i henderne på skrivaren og dei andre tenesternenner som vart tilsette av kongen.  Desse fekk ikkje fast løn for sitt arbeid men skulde liva av det som dei fekk inn i »sportler« og ymse slag avgifter, og dette gjorde sjølvsagt at tenestemennerne freista å få so mykje ut av ålmugen som råd var.  Og dei som kom i henderne på »retten« slapp sjeldan heilskinna frå det, kor skuldlause dei elles var.  Fut og skrivar hjelpte einannan trutt med å snøyda bønderne, og desse tvo tenesternenner vart difyr meir enn nokon annan hata av bygdefolket.  

Dei gamle skipreidekrinsar vart framleis tingkrinsar.  Til Os eller Framnes skipreide høyrde heile Os sokn, Samnanger sokn, søre parten av Fanasokni og den parten av Fusasokni som låg vestan- og nordanfyre Eikelandsfjorden.  Fanafjorden og Kalandsvatnet skilde millom Os og Skjold (Fana) skipreide, og Koldalselvi sette grensa millom Os og Strandvik skipreide.  Til det siste høyrde resten av Fusasokni, Strandvik og Hålandsdalen.  Ikring 1700 vart dei gardane som høyrde til Fanasokni tekne frå Os skipreide og lagt til Skjoldskipreidet. 

I dei eldste tider var det som nemnd ein viss tingstad i skipreidet, truleg ved hovet på Hovland eller Bø, og seinare ved kyrkja.  Etter 1500 vart tinget halde på ymse stader, jamnast på lensmannsgarden.  Etter 1600 vart tingstaden flutt frå år til år, og tingi for Os vart millom anna haldne på Strøno, Lepsøy, Røttingi, Haugland, Ferstad, Hauge, Molda, Klyva, Hatvik, Bjånes, Samnøy, Holmefjord, Vafet, Ådlend, Havskår, Helland, Lundervik og Koldal.  Attimillom vart det halde ting saman for Os og Strandvik skipreider og tingstaden vart då jamnast ein stad i Strandvik eller Fusa.  Etter 1700 vart det atter vanleg skikk å halda tinget på lensmannen sin bustad.  Dei som heldt tingstova fekk gjerne skattefridom det året som godtgjerdsla for tinghaldet.  Det var ikkje berre husrom for tinget som skulde til, det var mat og drykk og hus åt futen og skrivaren og alle folki som desse hadde med seg.  – For Lyseklostergodset vart tingi mest haldne på Lysekloster eller Sjøbøen, men til ymse tider, vart dei ogso haldne på Lyseklosterlensmannen sin bustad.  

Alle saker som vedkom folket i heradet, einskildmann eller alle, vart fyrehavt på tinget.  Det var fyrst og framst kunngjering og lesing av kongebrev eller skriv frå dei andre styremagter um skattar, avgifter, nye påbod og »Forordninger«.  Lesing på tinget var einaste kunngjeringsmåten um nye skattar og påbod, og berre det gjorde mykje til at heile ålmugen møtte til tinge for å høyra kva dei hadde å venta seg av skattar o. l. i komande år.  Attåt desse kunngjeringar vart lese skøyte på jord, pantebrev, bygselbrev og anna som trong tinglysing.  Odalsmenner bar fram sin odelsrett og reiste krav på jord, ættlingar og ervingar sette fram krav um arv, det vart reist sak millom grannar og andre um jordaskifte, eigedom, retter på land og på sjø, og det vart reist saker um pengar og skuld.  Og dertil kom futen eller lensmannen med alle dei som hadde gjort brotsverk og krov dom over dei på tinget.  

Det var elles svert lite brotssaker på tingi i Os.  Osingane tykkjest ha vore sers lovlyduge folk, og futen og lensmannen hadde lite å gjera med dei.  Det kunde gå ting etter ting utan at futen kunde finna noko å »sette i rette« og krevja bøter for.  Den »forbrydelse« som futen ogso fann hjå osingane attimillom, og som han stødt hadde auga etter ikring bygderne, var at ein mann hadde lege hjå kona si fyrr bryllaupet.  Denne »fortidligen samenleie med sin trolovede fæstemøe før brølloppet« kosta vanleg ei bot til kongens kasse av 3-4 dalar, d. v. s. verdet av ei ku.  — Elles fann futen berre eit lite slagsmål attimillom, litt naskeri i skogane, og so ender og då litt »vrangvillighed og modvillighed ja fast ulydighed« mot kongens tenestemenn. 

Ogso av saker bygdefolket imillom var det lite på Ostingi.  Det var ikkje eit einaste skipreide i fylket som hadde so få rettsaker på tingi som Os skipreide.  Dette kom mykje av at bønderne i Os var leiglendingar og ikkje åtte gardane sine.  Ein stor part av sakerne på dei fleste bygdeting galdt tvistemål um jord og eigedom, odalssaker, tvist um grenser, skifter, retter, pant i eigedomane o. s. b.  Då osinsgane ikkje åtte gardane kom det lite av sovorne saker fram i Osbygdi.  Sjølv um det attimillom kunde koma sovorne knutar på tråden millom leiglendingane so var det j amnast jordeigaren som sagde kor det skulde vera og sakerne kom ikkje til tinge.  

Det er i andre bolkar av boki nemnd um ymse tvistar og rettssaker bygdefolket imillom.  Ein skal attåt taka eit lite utdrag her or rettsbøkerne, og ein vil då kunne sjå kva som vanlegt vart fyrehavt på bygdetingi for Os.  Um dei einskilde saker og hendingar elles vil verta nemnd meire under gardssoga.  

I 1664 vart tvo karar stemnde til tinge for slagsmål i eit bryllaup på Haugland.  Dei hadde ogso rendt ikring på garden med »dragen kniv« og skræmd halve vitet av kvinnfolki.  På same tinget fekk ein mann frå Særvoll 7 dalar i bot av di han slog ein bymann med ei tofta.  Bykaren skulde segja Særvollmannen til i skyss, men denne vilde ikkje skyssa då han skulde på ei onnor ferd.  Bymannen hadde rett til å krevja skyss, men då han hadde fenge dugeleg av tofta let han skyssen fara den gongen.  Etter boti å døma ser det ut til at det var større brotsverk å slå ein bymann enn ein bonde.  

l 1657 måtte tvo Sundøymenn på tinget avdi kjeringene deire hadde dengt einannan med kjevle og anna kvinneverkty, og den eine kjeringi hadde fenge fleire hol i hovudet.  Ho som hadde laga holi fekk bot for det.  Denne kona var elles so kvass, at ingen vilde vera hennar granne eller bu i grannestova, og eit bruk på Sundøy låg øyde og usådd i fleire år avdi ingen mann våga å bygsla det eller bu der i nærleiken av denne kjeringi.  Mannen hennar måtte rett som det var på tinget for hennar skuld.  

l 1683 hadde ein mann frå Røttingjo og ein Sundøymann rettssak um eit lam som dei båe vilde kanna til seg.  Dei hadde begge freista å vøla litt på øyrernerket.  Saki gjekk so lenge at det tilslutt vart skrive i domen: »Dette lam er nu en tilkommen sau«.  Elles var det i åri frametter jamt saker um hestehandel, og likeins tvistar um kjyr som var utsett på foster, og som i fostertidi hadde »kreperet«, gjort skade på seg, var selde av leigaren, o. 1.  Ogso kyrkja som vanleg hadde kjyr ute på leiga kom upp i sovorne saker.  

l 1729 måtte ein mann i Øvredalen for retten avdi han ikkje vilde gjeva vilkårskona si det ho skulde ha.  Seinare måtte han til tinge avdi han ikkje vilde forsyta mori.  Han og dei andre syskeni som budde i Fusa og Hålandsdalen hadde gjeve lovnad um saman å forsyta mori på hennar gamle dagar.  Same mannen måtte elles jamt for retten i tvistar um beist, beite, grunnar, pengar, handel, o. a.  Småsaker um skuld og pengar var det sjølvsagt mange av på Ostingi. 

Ein av dei ting som jamt førde folk for retten var »skjeldsord, ukvemsord og udædig tale«.  Å syna ein mann vanvyrdnad ved å skjella han ut eller ved å kalla han ved eit hædande namn var mykje verre enn å pryla han upp.  A kalla ein mann for »skjelm« var soleis noko av det aller-verste, og fleire fekk store bøter avdi dei i sinne hadde brukt dette skjellsordet.  Då Engel Berge ein sundag i 1767 stod på kyrkjebakken sa han: »På Hovland hengjer dei hundar upp«.  Hovlandsmannen stemnde Engel Berge til tinge for synt vanvyrdnad, »skjeldsord og ukvemsord«, og Engel Berge vart dømd til å leggja store bøter for desse fire-fem ordi sine.  

I 1780 åri gjekk ei langvarug sak um ulovlegt ølsal.  Ei kjering på Berge hadde bryggja øl som ho fekk ein mann i Kilen og ein mann på Osøyri til å selja ut for seg.  Dei måtte kvar leggja 20 dalar i bot og dertil svara store sakskostnader for ølsalet.  Når ein hugsar at verdet av ei ku i dei tider var 4-5 dalar so var dette store bøter å leggja for vanlege folk.  

T’juvriseker var det lite av på Os-tingi, og det var sjeldan at osingar vart dømde for steling.  Nasking av skog var umlag det einaste tjuvri som osingane kom upp i, og dette vart ikkje rekna som retteleg steling.  Det var elles streng straff for tjuvri.  Ein mann frå Fusa som hadde knipe 4 gjeiter og kjed vart dømd fredlaus og måtte røma landet.  Ogso utrugskap vart dømt strengt.  Ein gift mann som fekk barn utanfyre ekteskapet hadde vanleg »sin boeslod forbrudt«, d. v. s. at all hans eigedom vart teken frå han.  Var ein mann tvo gonger burte i sovore vart han dømd frå livet.  Ein gut frå Strandvik hadde fenge eit barn med ekkja etter bror sin, og for dette vart dei båe dømde til å «rettes ved sværd».  

Rettskipnaden heldt seg mykje ubrigda gjenom 16 og 17 hundradtalet.  Sorenskrivaren dømde både i straffesaker og i tvistar mann og mann imillom.  Det vart jamt ein dyr rettargang, sjølv i småsaker, avdi det altid skulde leggjast »salarium« til sorenskrivaren og til »Kgl, Mayestæts kasse«.  Og ikkje billegare vart det då »prokuatioren» ogso fekk inngang i bygdi og tok hand i hanke med sakerne.  Fleire av den gamle lensmannsætti på Gjøn tok til med prokuratorarbeid og dei fekk ogso eit og anna å gjera i Osbygdi.  Mange småsaker vart vel forlikte på tingi so at skrivaren slapp segja dom og det vart lite å gjera for prokuratoren, men ogso i dei høve vilde det gjerne falla noko til »salarium« og »betaling for rettens umage«.  

I 1797 kom endeleg ein ny skipnad som hjelpte mykje til å få ei snøggare og billegare avgjerd i vanlege tvistesaker.  Det var forliksskipneden.  Det vart vedteke at i kvart prestegjeld eller ein liknande krins skulde det vera ein forlikskommisjon med tvo medlemer som skulde mekla og freista forlik i vanlege tvistemål.  Forlikskommissærane skulde vera tvo av dei besste og mest pålitande menner i bygdi, og dette var det fyrste stig i leid av at bygdefolket atter skulde få noko med lov og rett å gjera.  

I den fyrste tidi vart forlikskommissærane uppnemnde av fylkesmannen, men frå 1824 hadde han berre rett å gjera framlegg medan bygdefolket sjølv valde millom dei fyreslegne.  I 1842 fekk heradstyret retten til å peika ut »3 gode menn«, medan retten til å velja ein eller tvo av dei til forlikskommissærar framleis vart verande hjå det samla bygdefolk.  Denne skipnaden stod ved lag radt til 1927.  

I dei fyrste åri etter 1797 fekk Os og Samnanger eigne forlikskommissærar.  Dei fyrste var oberst Christopher Pritzier på Klyva og Hans Anderson Hatvik.  Dei fyrste forlikskommissærar i Fusasoknerne var kapellan Cemmermeyer og Jon O. Foer.  Då oberst Pritzier slutta i 1805, (han var då ein mann på 84 år), vart kapellan Cammermeyer ogso kommissær for Os og Samnanger.  Cammermeyer reiste frå prestegjeldet i 1807, og etterfylgjaren hans, kapellan Normann, vart forlikskommissær.  Det vart frå no av berre ein forlikskommissjon i prestegjeldet.  Hans Hatvik slutta i 1816 og Hans Nilson Litlelid, som jamt hadde gjort tenesta for Hans Hatvik, fekk yrket etter han.  Normann reiste frå bygdi i 1818, og det vart no tvo heilt nye forlikskommissærar, Hans Astrup Krüger og Hans Engjelson Eikeland.  Krüger var forlikskommissær so lenge Os og Fusa var saman, og Hans Eikeland hadde yrket til 1848 då kapellan Rolf Olsen bytte med han.  Mads Lorentson Foer var varamann i denne tidi og gjorde ogso jamt tenesta.  

Fyrste sak for Os forlikskommisjon i 1797 var ein klage frå ein tenestegut Lars Sævild over at han fekk for liti løn hjå husbonden sin på Utskot.  Han vilde ha 12 dalar, men dei vart forlikt um 11½ dalar, helvti i klær og helvti i pengar. 

Det kom ymse slag saker for forlikskommisjonen, og me skal nemna litt um ting som denne nye rettskipnaden fekk å arbeida med.  

Både det fyrste året og seinare hadde gjestgjevaren i Kvalesund fleire osingar for kommisjonen avdi dei gjekk han i næringi og selde øl ved Oskyrkja um preikesundagane.  Det vart soleis prova at folk frå Bø, Moberg, Midthus, Lunde og Tuen hadde seld øl ved kyrkja um sundagane.  

Gjestgjevaren i Kvalesund hadde ogso mange på forlikskommissjonen for vareskuld, likeins kjøpmann Henrik Schmidt som var osingane sin visse handelsmann i Bergen.  Elles var det jamt skuldsaker avdi osingar hadde lånt pengar (jamnast hjå folk i andre bygder) som dei ikkje magta å betala attende i rett tid.  

Godseigeren på Lysekloster sytte ogso for arbeid åt forlikskommisjonen.  Det var jamt nokon som stod til rest for bygsel, landskyld eller åbod og som han vilde tala med her.  Eit år tok han alle leiglendingane på Neset til forlikskommisjonen avdi dei ikkje gjorde dagsverki på Lysekloster i rett tid.  Av og til ruska han upp for uløyves skoghogst, og det synte seg vanleg at både leiglendingar og andre hadde knipe or skogen.  Ein gang måtte nokre karar i Hegglandsdalen svara kvar 50 dalar for skog som dei hadde teke.  Mindre heppen var godseigaren når han av og til tok folk avdi dei hadde skote dyr i skogane hans.  Det vart då sjeldan forlik avdi dei misstenkte altid sagde seg skuldlause i dyreveiding.  

Presten og kyrkjeverja måtte ogso ha osingane på kommissjonen for offer, tiend og landskyld til kyrkja og presten.  Serleg var det vandt å få inn sildetiendi når osingane hadde kasta sild i Eikelandsfjorden eller andre stader utan fyre Osbygdi.  

Bygdefolket hadde sjølvsagt ogso tvistemål seg imillom fram for forlikskommissjonen.  Saker um slåsting og dragsmål enda vanleg med forlik.  Tvo Sundøymenner som under sildefisket hadde prylt upp ein Røttingmann greidde det heile ved å lova Røttingmannen tvo dagsverk i våronni, men so lett gjekk det ikkje for tvo karar frå Mobergsgrendi som hadde dengt ein Lepsøymann.  Dei måtte ut med 100 dalar for karstykket sitt.  (Dette hende i 1815 då pengane hadde lite verde).  Tvistemål um sildekast og fiskeplassar var jamt for forlikskommissjonen, og i naudsåret 1814 vart gardbrukarane på ytre Moberg stemnde til kommissjonen av grannane avdi dei skar for mykje lyng på Lifjellet.  Skuldingar mot grannar for å ha slege um skiftet, teke høy, knipe skav og sagt »ærerørige ord« førde ogso ein og annan for forlikskommissjonen.  Det var jamt konorne som var innblanda i sovorne saker og som måtte svara for skuldingane.  

Det kunde attimillom koma merkelege klagemål til forlikskornmissjonen.  I 1807 måtte soleis Ola Midtsæter på kommissjonen avdi han hadde skulda Hogne Spansteig for å vera trollmann.  Ein Søvikmann som hadde lånt ein huspostill av ein mann på Lunde vart so glad i huspostillen at han måtte på forlikskommissjonen fyrr dei fekk boki frå han att.  Og det var fleire sovorne snodige saker.  

Elles var som nemnd sakerne frå Os ikkje so mange som frå dei andre soknerne der dei hadde fleire tvistemål um jord og eigedom, grenser, skogskifter, bruksretter o. a.  Talet på saker til forlikskommissjonen var jamleg 30 – 40 um året og vanleg vart tvo tridjepartar av dei forlikte.  Etter 1830 vart sakerne fleire, sume år upp til 100 og meire, og etterkvart gjekk ogso fleire av sakerne til retten og fekk si avgjerdsla der.  

Då Os og Fusa vart skilde i 1855 fekk dei nye herad ogso kvar sin forlikskommissjon.  Forlikskommissærane i Os hev sidan vore: Klokkar Austestad 1855-66, lensmann Nieuwejaar 1855–72, sokneprest Greve 1867-73, Vinsjans Lyssand 1873-75 og 1877-80, sokneprest Støp 1874-77, M. Erichsen 1876-1927, Tornbjørn O. Lyssend 1880-85, klokkar Engen 1886-94, Henrik T. Lyssend 1895-97 og 1910-20, R. Walle 1898-1906, lensmann Svenke 1907-10 og lensmann Bugge 1920-27.  I 1927 vart den gamle forlikskommisjon brigda til eit forliksråd med 3 medlemer som ogso kann segja dom i mindre saker.  Medlemer av forliksrådet hev vore lensmann Bugge, Nils Tveit og Jakob Halhjem.  Frå 1931 er Bugge avløyst av Lars O. Askvik.  

I 1889 kom det ogso ein ny rettskipnad for straffesaker soleis at folket atter fekk domsavgjerdi i desse.  Det var »juryskipnaden» med lagrettemenn som domarar i større saker ved lagmannstingi, og domsmenn som domarar i mindre saker ved meddoms- eller heradsrett.  Dei fyrste lagrettemenn i Os (valde hausten 1889) var: Annanias Tveit, Hans H. Bjånes, M. Erichsen og Joakim Skadsem.  Domsmenn vart: Nils M. Kuven, Nils T. Øvreide, Johannes O. Lekven og Mons H. Drange.  

Juryskipnaden hev sidan stade ved lag.  Talet på lagrettemenn i Osbygdi hev i den sisste tidi vore 3 og talet på doms menn er 15.


LENSMENN.  

Som nemnd er lensmannsskipnaden gamall, radt frå fyrsten av 1200 talet.  Fyrste gong ein finn lensmenn nemnde er so tidleg som i 1205.  Lensmennerne skulde vera sysselmennerne sine hjelpesmenn ved skattekrevjing, utskriving av soldatar o. l.  Seinare vart dei hjelpesmenn for fut og skrivar og »rettens håndhevere« i bygdi.  Kor store krinsar bygdelensmennerne hadde i den eldste tid er noko uvisst, men i seinare tid var skipreidet ogso lensmannskrins likeins som det var tingkrins.  I det store Os prestegjeld var det soleis tvo lensmenn, ein for Os og ein for Strandvik skipreide.  

Me veit diverre ikkje noko um dei som var lensmenn i Os fyrr 1500-talet.  Lensmennerne finn ein jamt nemnde i gamle brev um jordesaker, skøyte, skifte, og andre sovorne skriv.  Men som ogso andre stader nemnd, det er lite og ikkje sovorne brev frå Os.  Me kann difyr heller ikkje finna noko um lensmennerne i skipreidet frå den eldste tidi. 

Den fyrste bygdelensmann i Os som me veit noko um er Jon Svenkeson som er nemnd i 1521.  I 1522 stend han skriven for »Jonn Swenckessen på Fremnes lensmandt vdoffuer Ewss skibree«.  Han var etter det me kann skyna busett på Haugland og er tvilaust den same som i 1518 og 1519 er nemnd som Jon på Haugland.  

I 1567 er truleg Nils Sørstrøno lensmann i Os.  Han måtte då leggja ei bot av 6 dalar avdi han ikkje hadde kravd toll av eit skotteskip fyrr det for frå landet.  Han stend ikkje nemnd som lensmann, men ein lyt tru at han var dette avdi det var han som hadde å krevja toll av skotteskipi.  Truleg miste han lensmannsposten sin avdi han ikkje hadde halde god nok vakt på skotteskipi, for straks etter var det kome ein ny lensmann i Osbygdi.  Nils Sørstrøno livde som gardbrukar på Strøno til 1600.  

Nils Storum var lensmann i 1569.  Han var det året formann i eit tolvmannsskyn um laksefisket i Oselvi.  Me finn han buande på Storum i 1563 og truleg vart han lensmann i 1567 eller 1568.  Nils hadde då heile Storum og var vel ein av dei likaste bønder i bygdi.  Kva tid han slutta som lensmann er uvisst, men truleg var han lensmann til fram i 1580 åri.  

Lars Skjeie var lensmann i 1591 og hadde vel fenge posten etter Nils Storum.  Me finn ikkje Lars nemnd fyrr i 1591, men hadde truleg då vore lensmann nokre år.  Han var ein av dei mest velhaldne menn i Osbygdi og brukte heile garden Skjeie.  Garden vart elles i hans tid skift i tvo bruk.  Som lensmann var Lars i Oslo ved kong Kristian den fjerde si hylling i 1591 saman med tvo lagrettemenn frå skipreidet, Ola Samnøy og Knut Ådland.  Lars Skjeie slutta som lensmann ikring år 1600, men var gardbrukar på Skjeie til 1618.  

I 1600 vart Ola Lepsøy lensmann.  Hans lensmannstid vart ikkje lang då han døydde alt eit par år etter.  Ola Halhjem vart so lensmann og hadde yrket til 1622.  Han var ein velstandsmann, men hadde truleg små hus, då ein ser at tinget i hans tid stødt vart halde på Ferstad.  Etter at han slutta som lensmann vart han i mange år teken til lagrettemann og hadde elles vyrdnad i bygdi.  Det tykkjest soleis vera etter eige ynskje at han slutta med lensmannsyrket.  

Det vart no ei tid jamt skifte på lensmennerne.  Son åt den fyrrnemnde lensmannen Nils Sørstrøno Ola Nilsson Sørstrøno vart lensmann etter Ola Halhjem.  Han hadde likeins som faren yrket berre ei stutt tid, og alt i 1625 vart det skifte.  Lars Røttingjo vart då lensman og hadde yrket i 5 år.  Lars hadde vare ein velstandsmann men det gjekk nedover med han, og etter at han i 1630 måtte slutta lensmannsyrket vart han rekna for fatigmann som slapp leggja skatt.  Han var elles brukt som lagrettemann ei tid etter, so at det tykkjest ikkje vera verre ting enn fatigdom som gjorde han uskikka som lensmann.  — Ogso i desse åri var tingstova på Ferstad.  

I 1626 vart det tilsett ein serskild lensmann for Lyseklostergodset.  Det ser ut til at styraren av klostret ikkje var nøgd med Lars Røttingjo som lensmann.  Den nye klosterlensmann vart Ola Ulven.  Han døydde alt i 1629, og då det året etter vart ny bygdelensmann fekk denne ogso med Lyseklostersakerne å gjera likeins som fyrr.  

Ola Jonson ytre Haugland vart lensmann i 1630.  Han var sonesons son åt den fyrstnemnde lensmannen i Osbygdi, Jon Svenkeson.  Ola var ein velhalden mann som åtte eit bruk på Storum og pengar attåt.  Han hadde lensmannsyrket til 1652, då han som 65 år gamall mann sagde yrket frå seg, og døydde i 1669.  Ola Haugland heldt sjølv tingstova.  

Då Ola Haugland slutta som lensmann vart umbodet skift og det vart tvo lensmenn i skipreidet, ein for Lysekloster gods og ein for resten av tinglaget, »lehnets gods«.  Ikring 50 år seinare vart det ogso ein serskild lensmann for Rosendelsgodset, og denne skipnad stod ved lag radt fram til 1856.  

Me nemner no fyrst lensmennerne for lenets gods.  Den fyrste var Lars Olavson Sørstrøno.  Han var son åt Ola Sørstrøno som fyrr er nemnd som lensmann i 1620 åri.  Lars vart brukar av garden i Sørstrøno alt i 1630 og det var ei tid deretter so smått for han at han var heilt skattefri.  Men han arbeidde seg upp, frå leiglending arbeidde han seg fram til sjølveigar, han fekk ogso meir jord i si eiga, og i 1653 vart han som nemnd lensmann i bygdi.  

Lars Sørstrøno var berre eit år lensmann over heile skipreidet.  I 1654 vart Eivind Lien i Hegglandsdalen »lensmand over Sambangen og Egelandsfjord« som det heiter i skattelista.  Lars Sørstrøno var rett nok busett i utkanten av skipreidet og det kunde vera strevsamt å reisa til Samnanger og Eikelandsfjorden, men dei andre lensmenner hadde likevel greidt det.  Truleg var Lars helseklein eller hadde anna mein som gjorde det vandt for han å ferdast, og Eivind Lien vart difyr lensmann for halve skipreidet medan Lars hadde lensmannsyrket.  Men dette vara berre i 4 år og alt i 1656 vart det lensmannsskifte att.  

Lars Olson Hauge vart no lensmann.  Han var son åt den fyrrnemnde lensmann Ola Jonson ytre Haugland og hadde fenge seg gard på Hauge.  Då alle husi på Hauge brann upp nett etter at han hadde teke imot garden vart det smått for han i den fyrste tidi.  Men han arbeidde seg upp, og som lensmann stod han seg tolleg bra utan nett å verta rik.  Han stod som lensmann til 1675 då det kom folk or ei onnor ætt og tok lensmannsyrket.  Lars døydde i 1706, nær 90 år gamall.  

Den nye lensmannen var prestesonen Henrik Loss.  Presten Jens Loss hadde fleire søner, millom desse Henrik som fekk garden Molda som Jens Loss åtte, og Samuel som busette seg på Holmefjord.  Prestesønerne var sjølvsagt skriveføre og var meire upplyste enn vanlege bønder og dei kunde difyr høva som lensmenn.  Henrik Loss tykkjest ogso ha vore ein sers skynsam og dugande lensmann, men han hadde yrket i berre fem år, til 1680, då han reiste til Bergen og vart buande der.  

Broren Samuel Loss fekk so lensmannsyrket.  Han var gift med dotter åt forvaltaren på Lysekloster, Kari Laurits dotter Fåberg, og var gardbrukar på Holmefjord.  Samuel tykkjest knapt å ha vore so skynsam som broren, men var visst ikkje verre enn ymse lensmenner av bondeætt.  Samuel Loss døydde i 1707, 63 år gamall. 

Hans Engjelson Lundarvik vart lensmann etter Samuel Loss.  Han var av den gamle rike lensmannsætti på Gjøn i Hålandsdalen, der han ogso var fødd.  Han var gift med Magdela Anders dtr. Håvik, dotter åt lensmannen i Strandvik som ogso var av Gjøne-ætti, og etter hennar død med Marta Tveita, som ogso var av same vyrde ættargrein.  Hans Lundarvik var ein dugande lensmann, han var skrivefør og bygdefolket hadde stor tiltru til han.  Som dei fleste lensmenn i dei tider var han glad i pengar og let ikkje noko gå ifrå seg som han meinte å ha rett på.  Men ein kann heller ikkje sjå at han nokon tid gjekk lenger enn retten rokk, og bygdefolket hadde stødt vyrdnad for han.  Han døydde i 1737, 78 år gamall.  

Sonen Hans Hansson Lundarvik fekk lensmannsposten etter faren, men han heldt ikkje mål med denne.  Hans Hansson var ein vanleg mann, var lite skrivefør, men hadde elles vyrdnad i bygdi.  Han var glad i pengar likeins som faren og vart ein velhalden mann.  Han var gift med Kristi Haldors dtr. Tveita frå Hålandsdalen, og var berre 53 år gamall då han døydde i 1760.  

Son åt Hans og Kristi, Hans Hansson Lundarvik den yngre, vart so lensmann.  Han rokk ikkje upp mot faren, langt mindre mot farfaren.  Som lensmann rekna han seg meir som embættsman enn som bygdemann og kom ikkje sjeldan i strid med bygdefolket.  Han tok jamt sakerne på ein keiveleg måte, og sjølv i ting der han heilt hadde retten på si sida gjorde han vanleg eit eller anna misstak.  Korkje bygdefolket eller embættsmennerne hadde difyr serleg tiltru til han.  I 1764 sende bygdefolket klage på han for uvyrdi framferd ved skattekrevjing, (sjå meir um det under bolken »jord og eigedom«).  Etter dette hendet fekk han namnet »Supandslensmennen«, eit namn som enno ikkje er gløymd i bygderne.  Hans Hanson den yngre vart gift med Marta Haldors dtr. Dale. Han døydde i 1786, berre 47 år gamall.  

Hans Engjelson Eikeland vart so lensmann i 1787.  Han var då ein tilårskomen mann på 66 år, og han gjorde ikkje mykje av seg som lensmann i dei 16 åri han hadde posten.  Hans Eikeland var ogso av den gamle Gjøneætti og hadde stor vyrdnad i bygdi.  Han var gift 3 gonger.  Han var lensmann til han døydde i 1803.  

Sonen Hans Hansson Eikeland, som i dei sisste åri hadde hjelpt faren med arbeidet, fekk no lensmannsposten.  I 1810 gifte han seg meg ekkja etter Engjel Øvredalen i Os, flutte so dertil og er sidan kjend under namnet lensmann Øvredal.  Han skreiv seg elles sjølv for Eikeland all sin dag.  Hans Øvredal var ein pålitande bonde og ein vyrd lensmann.  Han skreiv godt men var ikkje mykje kunnig i reknskapsførsla, og det er fortald at broren Jan Eikeland, som var husmann på plassen Brennhaugen under Øvredalen, sette upp rekneskaperne for han.  I 1814 vart Hans Øvredal vald til utsending frå Os til det møte i Bergen som skulde velja eidsvollsmenn frå Hordaland.  I dei sisste åri gjorde sonen Engjel tenesta som lensmann for han.  Då han slutta i 1851 hadde han vore lensmann i heile 48 år.  Han døydde tvo år etter, 82 år gamall.  

Det vart tilsett ein ny lensmann for lenets gods og han hadde dette i fem år.  Heile skipreidet, eller tinglaget som det no vanlegt var kalla, vart då umskipa til eit lensmannsumbod, og det vart deretter berre ein lensmann i bygdi.  Men fyrr ein nemner meir um dette og den nye lensmannen lyt ein nemna litt um Lysekloster- og Rosendal-lensmennerne. 

Den fyrste Lyseklosterlensmenn var Jørgen Jonson indre Moberg som fekk dette yrket i 1652.  Jørgen fekk garden på indre Moberg etter faren i 1628, men han var i dei fyrste 10 åri rekna berre som husmann og fatigmann, likeins som ogso faren hadde vore.  Jørgen tykkjest likevel å ha vore ein dugande mann, og bygefolket fekk etter kvart stor vyrdnad for han.  Ein kann soleis nemna at han stødt vart beden til fadder ikring bygdi, og sume år var det knapt ei einaste preik i Oskyrkja utan at Jørgen Moberg stod i koret som fadder.  Han slutta lensmannsarbeidet i 1668, vel 65 år gamall, men han livde i 20 år deretter.  

Nils Person indre Lekven vart lensmann etter Jørgen.  Ein kjenner lite til han.  Ein veit soleis ikkje visst kvar han var ifrå, kor lenge han var lensmann eller kva tid han døydde.  Truleg stod han i arbeidet til ikring 1680 då lensmannsumbodet for Lysekloster gjekk over til den same gamle lensmannsætti i Os som fyrr er nemnd.  

Lars Larson Hauge vart lensmann ikring 1680.  Han var son åt den fyrrnemnde lensmannen for lenets gods, Lars Olson Hauge, og var soleis av den gamle lensmannsætti på Haugland.  Lars var berre 23 år då han fekk dette yrket.  Han var ein dugande lensmann og kom godt utav det med bygdefolket.  Lars Hauge var både lese- og skrivekunnig, men nett nokon bokmann var han ikkje.  Då han døydde var det berre bøker for ein dalar etter han.  Trass han hadde gode innkomor vart han ingen rik mann, då han heldt stort hus.  Ved skiftet etter han var det sylvsaker for heile 60 dalar, men av buet som ialt var på 240 dalar skulda han over halvparten.  Lars var lensmann til han døyd de i 1715.  

Nils Jonson ytre Drange fekk so lensmannsposten.  Me kjenner lite til Nils, og truleg var han ogso lite skikka for yrket som han hadde berre i 5 år.  

I 1720 vart Ola Larson Lekven lensmann.  Han var frå Hauge og var bror åt den fyrre lensmannen Lars Larson Hauge.  Ola var gift med ei ekkja på Ferstad og budde ei tid der, men flutte sidan til Lekven.  Han var likeins som faren og broren vel skrivefør, men hadde lite bøker.  Det var trangt for han i fyrstningi og han vart heller ikkje seinare nokon rik mann.  Han døyd de alt i 1733, umlag 50 år gamall.  

Den fyrrnemnde lensmann Lars Larson Hauge var tvo gonger gift, sisste gang med Marta Eide som var noko yngre og livde etter han.  Alt året etter at mannen døydde vart ho uppatt gift med Vinsjans Engjelson Ballesheim frå Strandvik, og han vart no lensmann etter Ola Lekven.  Lensmannsumbodet fylgde soleis kona og huset denne gongen.  

Vinsjans Ballesheim, eller Vinsjans Hauge som han heretter kalla seg, hadde godt skyn på pengar.  Han lånte ut pengar mot pant i sylv, klær og andre ting og kjøpte jamt jordegods som han for det meste straks selde att.  Han var knipen på skjelingen, betalte ikkje si eigi skuld fyrr han var strengt tvungen til det, og let husi sine fara so ille at jordeigaren krov 50 dalar i husåbot av buet hans.  Nemnande bøker hadde han ikkje.  Elles tykkjest han å ha vore ein skynsam mann og kom godt utav det med bygdefolket.  Vinsjans Hauge var lensmann i heile 40 år til han døydde i 1773, vel 75 år gamall.   

Engjel Gitleson Hope eller Kolle vart Vinsjans Hauge sin etterfylgjar.  Han var fødd på Holmefjord 1731, og var son åt Gitle Olson Skogseid som var busett på Hope.  Engjel Hope gifte seg i 1768 med ekkja etter Eivind Pederson Kolle, Siri Tomas dtr., som var 20 år eldre enn han og hadde 11 born.  Han døydde i 1781, vel 50 år gamall.  

Då Engjel Kolle døydde vart Ola Kristenson Buskengen lensmann ei liti tid.  Han hadde arbeidet berre fyrebils, og i 1781 fekk Lars Olson Helland i Fusa lensmannsposten.  Lars var fødd på Eikeland og var ein mann på ikring 60 år då han fekk lensmannsyrket.  Likevel hadde han posten i 27 år, radt til 1808.  Han døydde i 1815.  93 år gamall.  

Vinsjans Hansson Hauge vart lensmann etter Lars Helland.  Han var dotterson åt den fyrrnemnde lensmannen Vinsjans Hauge og var busett på same bruket som bestefaren.  Vinsjans var ein vanleg bonde utan serlege kunnskapar eller fyremuner framum dei andre bygdemenn.  Ved skiftet etter han fanns det berre ei einaste bok i huset, Møllers huspostill.  Han hadde tolleg godt skyn på pengar og var ein velhalden mann, og var ogso lik bestefaren i det at han vølte lite på husi sine.  Ved skiftet krov jordeigaren 62 dalar i husåbot.  Vinsjans døyd de i 1823.  

Då Vinsjans Hauge vart sjuk i 1822 fekk Lars Jakobson Bø, som var gift med dotter hans, lensmannsposten.  Han vart jamt sjukleg og hadde vandt for å greida arbeidet.  I dei sisste åri førde brørne Henrik og Ola Synnestvedt reknskaperne for han og møtte på tingi og andre møter.  I 1835 sagde Lars Bø lensmannsposten heilt frå seg.  

H. Synnestvedt.

Henrik Torbjørnson Synnestvedt vart so lensmann etter Lars Bø.  Han var son til klokkaren i Os, Torbjørn Synnestvedt som hadde gard på Lyssand, og han hadde sjølv vore lærar ei tid.  Henrik Synnestvedt var ein sers dugande lensmann.  Han hadde mykje boklege og religiøse hugmål, og var ogso sterkt interessert for vegbygnad og andre framstig i bygdi.  Han var difyr mykje vyrd og vellikt av bygdefolket, og likeins av jordeigaren på Lysekloster.  Han var lensmann til 1856 då heile tinglaget, som fyrr nemnd, atter kom under ein lensmann.  Henrik Synnestvedt fekk likevel framleis med veg ettersynet i bygdi å gjera, likeins med innkrevjing av skattane for Lysekloster, og vart etter at han slutta som lensmann kalla »veiinspektør«.  Han døydde i 1880, 86 år gamall.  

Då Rosendalseigedomane i 1678 vart skipa til »baroni« fekk ogso dette godset seg serlege lensmenner.  Soleis vart det sett ein lensmann til å greida baroniet sine saker i Os prestegjeld, d. v. s, dei fem soknerne Os. Fusa, Strandvik, Hålandsdalen og Samnanger.  Kven den fyrste Rosendallensmannen i prestegjeldet var hev ein enno ikkje funne, men truleg var han frå Strandvik der baroniet hadde flest eigedomar.  Etter år 1700 var lensmennerne for Rosendal jamt frå Os.  

Den fyrste Rosendalslensmann som var busett i Os var Styrk Olavson ytre Haugland.  Han var son åt den fyrr nemnde lensmannen Ola Jonson Haugland og bror åt lensmannen Lars Olson Hauge.  Styrk var ein sytti år gamall mann og hadde vore gardbrukar i femti år då han i året 1700 vart lensmann.  Når han som ein so gaman mann fekk posten var det truleg avdi han var skrive- og lesefør, noko som då var sjeldan millom bønderne.  Hans lensmannstid vart stutt som ventande var, og han døydde i 1706.  

Jon Nilson Halhjem fekk deretter lensmannsposten.  Sonen Lars Jonson Halhjem vart lensmann ikring 1725.  Han var gift med Margreta Munch frå Bergen og var vel lese- og skrivekunnig.  Han hadde ogso nokre bøker, ein huspostill, eit ny testament, Davids »psalter«, og ein stor bibel som han elles berre åtte seksteparten i.  Bibelen var verdsett til 6 dalar, d. v. s. verdet av tvo kyr.  Lars tykkjest soleis å ha vore ein av dei likaste menn i bygdi og hadde tvillaust vorte ein dugande lensmann, men han døydde alt i 1732, berre 34 år gaman.  

Då Lars Halhjem døydde vart Ola Jonson Kvåle, som var gift uppatt med mor åt Lars og hadde fenge halve garden på Halhjem, tilsett som lensmann.  Han vart heller ikkje gamall i arbeidet då han døydde alt i 1746, knapt 50 år gamall.  

Ola Olson Dale frå Fusa som i 1727 hadde gift seg til gard på Halhjem og var busett der fekk no lensmannsposten.  Han var den fyrste tidi ein velstandsmann, men etter kvart som han miste konorne sine og gifte seg upp att med gamle fatige ekkjor minka medelen hans.  Då han som 80 år gaman mann gifte seg for tridje gang skreiv presten denne merknad i kyrkjeboki:
»Et Fattigt par«.  
Ola Halhjem var truleg heller ikkje velskikka som lensmann for i 1762 måtte han segja posten frå seg.  Han døydde 83 år gamall i 1782.  

Lensmannsposten gjekk no til Strandvik og Johannes Eirikson Sundvor vart lensmann.  Han hadde ei tid hjelpt Ola Halhjem med lensmannsarbeidet og var soleis vel inne i sakerne då han vart lensmann.  Han hadde godt skyn på pengar og vart ein velhalden mann som åtte fleire gardar og hadde pengar på renta.  Noko sers skrivefør var han ikkje, men var elles ein dugande mann.  Han var gift med Brita Hans dir. Hjartnes og dei hadde 12 born.  Johannes Sundvor døyd de i 1809, umlag 78 år gamall. 

Sonen, Eirik Johannesson Sundvor, vart lensmann då faren døydde.  Han hadde vore faren sin hjelpesmann i mange år og var kjend med arbeidet.  Han var lite skrivefør og det var med naud han kunde skriva det som trongst, men var likeins som faren ein god økonom og ein skynsam mann.  Eirik Sundvor hadde lensmannsyrket til han døydde i 1840, nær 73 år gamall.  Han var gift med Brita Anna Sjurs dtr. Ausfefjord og hadde 6 born.  

Vinsjans Vinsjanson Lien fekk yrket etter Eirik Sundvor.  Vinsjans Lien var son åt den fyrre Lyseklosterlensmannen Vinsjans Hansen Hauge og hadde gift seg til gard på Lien.  Han var ein dugande mann med sterk interesse for eit betre skulestell i bygdi og likeins for vegbygnad.  Han var i mange år med i formannskapet og var i fleire bolkar varaordførar.  Vinsjans Lien var lensmann til 1856 då det vart ny lensmannsskipnad i heradet.  

Alle dei nemnde osingar som hadde vore lensmenn i bygdi til denne tid, i det heile 28 mann, var ogso gardbrukarar og dreiv gardane sine attåt lensmannsyrket.  Ein vil soleis finna meir um dei og ætti deira under gardsoga for vedkomande gard.  Me hev difyr ikkje teke noko med um ætti og skyldfolki her.  

Som fyrr nemnd tok lensmannen for lenets gods, Hans Hanson Øvredal, avskil i 1851.  Etterfylgjaren hans vart Claus Andreas Nieuwejaar, som i 1856 ogso vart lensmann for Lysekloster- og Rosendalsgodset.  Heile bygdi fekk soleis heretter ein og same lensmann.  

Lensmann Nieuwejaar var fødd i Bergen 1816.  Foreldri var skippar og seinare kjøpmann Carl Nieuwejaar og kona Ellen Margrethe Bloch.  Som lensmann i Os busette han seg på Lyssand der han fekk seg eit jordstykke og han kjøpte ogso eit bruk på Hauge.  Nieuwejaar var ein dugande lensmann og det stod age og vyrdnad av »gamle Nyvian« som bygdefolket vanleg kalla han.  Han var i lang tid postopnar i Os, var forlikskommissær, medlem av heradstyret, reknskapsførar o. a. og var fleire gonger valmann.  Han var lensmann til dess han døydde i 1897.  

Nieuwejaar var gift med Gjertrud Garmann Astrup Krüger, dotter åt landhandlar Krüger på Sjørsand.  Dei hadde 7 born: 1. Karl, skogforvaltar i Nordland, gift med Magdalene Margrete Kjeldsberg. 2. Ida, gift med gardbr. Jens Opstvedt, Skånevik.  3. Emilie Margrete, gift med agent Joakim Engelsen, Bergen.  4. Marie.  5. Harriet, gift med Rasmus J. Walle, postopnar på Os.  6. Claudine, gift i Amerika og  7. Elisa.  

H. O. Svenke.


Harald Othar Svenke vart lensmann i 1898 etter Nieuwejaar.  Han er fødd i 1871 i Dverberg, Vesterålen av foreldri lensmann Peder Embretson Svenke og kona Elise Marie Øverland.  Han var fyrst i 8-9 år på sorenskrivarkontor i Fosen, Vesterålen og Østerdalen og vart i 1896 fullmekt hjå fylkesmannen i Hordaland.  Derifrå kom han tvo år seinare som lensmann til Os.  Trass det var stor strid um hans tilsetjing som lensmann vann han straks bygdefolket for seg og fekk ålmenn tiltru i bygdi.  Han vart soleis medlem av heradstyret, forlikskommissær, valmann o. a.  I 1910 slutta han som lensmann då han vart tilsett som skattefut for Hordaland med bustad i Bergen.  

Svenke er gift med Severine Teodora Røsseland, dotter åt handelsmann Nils Røsseland på Tysse i Samnanger og kona Magdela Frøland.  Dei hev 5 born:  1. Peder Embret, sakførar i Bergen, gift med Helga Sollied,  2. Matilde Severine, gift med branningeniør I. Giessing, Bergen,  3. Elise Marie, sjukesyster,  4. Nils Røsseland, kontormann og  5. Harald Anton Herman, student.  

Ivar Bugge.

Ivar P. Bugge vart lensmann etter Svenke i 1910.  Han er fødd 1865 i Nesset, Romsdal, av foreldri sjømann Peder Hagbø og kona Margit I. Bugge.  Han gjekk underoffisersskulen, vart kontormann, lensmannsbetjent, fullmekt på futkontor og hjå skattefuten og vart i 1901 lensmann i Etne.  Derfrå kom han i 1910 som lensmann i Os.  Her hev han i mange år vore forlikskommissær og vart etter umskipingi i 1927 formann i forliksrådet.  I eit par år var han ogso heradskasserar.  Han tok avskil som lensmann i februar 1931.  Bugge er gift med Ingeborg Sjurs dtr. Utne frå Kinsarvik.  Dei hev 6 brn:  1. Sverre, lensmannsbetjent, gift med Anna Holdhus,  2. Rudolf, politimann i Bergen, gift med Gunhild Bertelsen,  3. Sigurd, handelsstyrar, gift med Ingeborg Rossnes,  4. Marie, gift med gardbrukar Guttorm Gjerde, Hatvik,  5. Erik, i Amerika og 6. Frithjof, handelsbetjent, gift med Anna J. Moberg. 

Bjarne Dahl.


Bjarne Dahl vart lensmann i 1931.  Han er fødd på Stord 1895.  Foreldri er kjøpmann C. A. N. Dahl og kona Alette Andersen.  Bjarne Dahl var fyrst i 4 år hjå sorenskrivaren i Sunnhordland, kom so på sorenskrivarkontoret i Eidsvoll der han var 1 år og var deretter i 4 år hjå sorenskrivaren i Rakkestad.  I 1923 kom han til Hordaland fylkeskontor der han året etter vart fullmekt, og kom frå dette yrke til lensmannsumbodet i Os.  Dahl er nr. 44 av dei lensmenn i Os som me veit namnet på.