Æresmedlemmar
Oddbjørn Klyve og Jostein Hausberg utnemnd til æresmedlem i Os Sogelag ved sogelaget si 10-års markering 19.mars 2026.
Sjå omtale i www.midtsiden.no
Oddbjørn Klyve er fødd i 1941 i Os. Han er ingeniør og tok initiativet til å starta Os Sogelag. Han samla eit interimstyre som førebudde stiftingsmøte 15.3.2016. Han var leiar i Os Sogelag i 2016 og 2017. Han har lagt ned eit stort arbeid for Os Sogelag dei 10 åra sogelaget har eksistert.
Han har engasjert seg i krigshistorisk gruppe i sogelaget og gjer ein stor innsats med å berga båten «Snøgg» for ettertida. «Snøgg» er kjent for å ha frakta og berga dei kanadiske flygarane som naudlanda på Haugland i Os hausten 1944. Oddbjørn har stått i bresjen for at Riksantikvaren har gjeve «Snøgg» vernestatus. I april 2024 vart Vernelaget MB Snøgg oppretta med Oddbjørn som viktig pådrivar.
Han arbeider heile tida iherdig med å finansiera opprustning av motorbåten som er det einaste maritime krigsminnet Os har att. Båten ligg no ved Hardanger Fartøyvernsenter for restaurering. Oddbjørn har også skrive artiklar i Osingen og halde foredrag for oss.
Jostein Hausberg er fødd i 1935 på Osterøy. Han er ingeniør og har budd i Os sidan 1970. Han har gjort ein stor innsats for Os Sogelag. Han vart i 2018 den andre leiaren i Os Sogelag.
Han er og har vore medlem i skriftnemnda i Osingen alle dei 10 åra Os Sogelag har eksistert og gjeve ut Osingen. Jostein har skrive artiklar i alle 10 utgåvene av Osingen som Os Sogelag har utgjeve.
Han har skrive 24 artiklar i Osingen – totalt 148 sider. Han er med i Os Sogelag si krigshistoriske gruppe og mange av artiklane hans har hatt stoff frå andre verdskrigen. Dette er stoff frå Osbygda som det er viktig å dokumentera for ettertida.
Det er også Jostein som har den årlege kontrakten med annonsørane våre. Han er såleis med å sikra sogelaget sine annonseinntekter slik at vi kan gje ut Osingen til ein rimeleg pris for alle lesarane våre.
Det er derfor kjekt å gratulera han med nyleg overstått 90-årsdag og æra han som første æresmedlem i Os Sogelag – saman med Oddbjørn Klyve.
