YTRE MOBERG

Frå OS SOGA III side 303 – 332


51. YTRE MOBERG 

Kva gardsnamnet kjem av er noko uvisst.  Granskarar hev tenkt seg at fyrste namneleden, Moda, er eit elvenamn her som sume andre stader i landet.  Moda er jamt namn på store elvar, t. d. i Austfold på Glåma og i Buskerud på Dramnselvi.  Og etter granskarane si meining måtte elvi med eit slikt namn her vera Oselvi.  Men det tykkjest lite truleg at Moberg, som ligg på hi sida av den eldgamle garden Kuven, kann ha fenge namn etter Oselvi, og elvi som kjem frå Ulvenvatnet er tvillaust for liti til å ha gjeve garden eit slikt namn.  Det er meir trulegt at sjølve Ulvenvatnet i gamle tider hev havt eit namn som liknar på Moda, og at dette er upphavet til gardsnamnet.  Moberg vilde då tyda garden på haugane, berget, ved (Moda)vatnet.  Dette høver sers godt med lendet der garden ligg. 

Uttale: Mo’bær.  

Skrivemåtar: a Modhaberghe (1308), Modobergh (1320), Morbierg, Morbergh, Moebergh (1519), Moberge (1521), Mooberg (1530), Moberg (1563), Moberig, Måberig, Mouberig, Moeberrigh og ei mengd andre skrivematar. 

Moberg ligg austanfyre Lifjellet på sørsida av Ulvenvatnet, millom dette og sjøen.  Garden er gamall og vart tidleg ein av dei største gardane i Osbygdi.  Lysekloster åtte garden tildess brukarane kjøpte han i 1875 

Or gamle matriklar og teljingar:

1668: Saar 8 stadtztønder, afler 30 tdr., liger under 1 laxeuog som iche besides, lidet brendeuedskoug, ringe til eng, tilsagt at plante homblehagge.  
1723: Ingen sætter, ingen skoug, ei heller brendefang, ingen qvern eller fiskerie, har været antegnet for 1 laxevog som aldrig har vært brugt eller bruges, maadelig jordart og maadelig letvinden.  Haver ingen næring uden af gaardens aufl, og formedelst fattelse af skoug og brendefang kunde gaarden ingenlunde forhøies. 
1865: Har 35 maal dyrket ager og eng, deraf 18 maal godt, 9 middels og 8 slet, har 119 mål naturlig england, hvoraf 50 maal godt, 50 maal middels og 19 slet, af englandet eller udmarken er intet dyrkbart.  1 brug har skog til brendefang, de andre kun ¼ – ¾ af dette, 2 brug føder 2 kjør ved lyng som hentes fra andre eiendomme, 1 brug er letbrugt og de andre meget letbrugte, Jørgens brug er mere end almindelig og de øvrige brug almindelig drevet. 

Busetnad og buskap. 

Hus-Menne-Hes-Stor-Sma-Gjei-Svin.UtsådUtsåd
lydar.skje.tar.fe.ler.ter.korn.poteter.
16574  238    
16684 13420  8tun 
17236 138   12» 
1800527       
183563833272 216»16tun.
1865745347100 623,5tun.28,5tun.
1900125023633 1724,5hl.47hl.
1920197244414 1717,5mål12mål
193017765363 812,5»21»
1939  445  3 »9,5»


YTRE MOBERG 1. 

Bardhir a Modhaberghe (Bård Moberg) er fyrste mann på garden som me veit namnet på.  Han var brukar på garden i 1308, og skreiv det året under som vitne på at ei kvinna Gudrun Torkjels dotter selde nokre av gardane sine, Hjortland på Hatlestrandi, Brekke i Mauranger og Russås på Revnastrandi, til ein mann Erling Åmundson.  Um Bård budde på ytre eller indre Moberg, og um garden då var skift i ytre og indre luten, veit me ikkje. 

Mons Moberg var brukar i 1519 og er fyrste mann som me finn nemnd med bustad på ytre Moberg.  Han hadde bruket heilt til 1563 og kannhenda enndå lenger.  Ytre Moberg var då skift i tvo like store partar, s. br. 2. 

Jens ytre Moberg hadde bruket i 1591. 

Mons ytre Moberg var brukar i 1597 og hadde bruket til 1602. 

Villum ytre Moberg vart brukar i 1603.  I åri 1605 – 1610 finn me ikkje nemnd nokon mann på dette bruket, men i 1611 stend Villats som brukar.  Villum og Villats er tvillaust same mannen, og Villats er truleg rette namnet.  Villats flutte frå Moberg i 1612, og då det same året kom ein Villats til ytre Drange, s. y. D. 1, so kann me tru at dette var Villats Moberg.  Villats og grannen hans reida ut drengjen Anfin til Svinesund i 1611, s. n. 

Knut ytre Moberg bygsla bruket i 1612.  Knut stod seg godt, og ein kann tru at han ogso hadde havt jord fyrr han kom til Moberg.  Det er ikkje utruleg at Knut er den same som hadde eit bruk på ytre Drange i 1608 – 1612, s. y. D. 1, og at Knut og Villats bytte bruk det sistnemnde året.  Kannhenda var dei i ætt til einannan, og det hende jamt at slike bytte bruk. 

Anfin ytre Moberg lagde skatt for bruket i 1617.  Anfin var som nemnt ein av dei osingane som i 1611 måtte fara til Svinesund for å vera med i Kalmarufreden.  Korleis det hadde seg at Anfin svara for bruket det eine året, veit me ikkje. 

Knut ytre Moberg var brukar og lagde skatt att i 1618.  Han var gift, men me veit ikkje noko um kona hans.  Av borni kjenner me: Jon, f. ikr. 1616, s. br. 2, Rasmus, f. ikr. 1618, s. n.  Han hadde ogso ein son Nils som var ungkar, men som likevel fekk seg ein son i 1676.  Knut døydde i 1622.  Bruket vart no skift i tvo partar, s. br. 3. 

Mikkjel Olson vart i 1623 gift med ekkja etter Knut og fekk ein part av bruket.  Mikkjel indre Tuen, s. i. T. 2, og Marta Skjeie, s. S. 5, var truleg borni deira, og likeins Anna ytre Moberg, s. br. 5.  Mikkjel sat dei fyrste åri sverande smått i det og vart berre rekna som husmann, men han arbeidde seg upp etter kvart.  Han døydde i 1636. 
Ekkja etter Mikkjel hadde so bruket nokre år. 

Rasmus Knutson ytre Moberg, f. ikr. 1618, bygsla bruket etter mori i 1640.  Han var gift med ei som heitte Kari, men ho døydde ikr. 1660, og Rasmus gifte seg att med ei Kari Peders dtr., f. ikr. 1640, som kannhenda var dotter åt Peder Søvik.  Av borni kjenner me: Marta, f. ikr. 1645, g. Rasmus Knutson Fortun i Fana, s. F. B. 513, Guro, f. ikr. 1648, g. 1675 Jens Asbjørnson Borgen, Mikkjel, f. ikr. 1650, s. n., Brita, f. ikr. 1655, g. 1678 Ola Bø, s. Bø 1.  Rasmus sat tungt i det, og då heile tunet på ytre Moberg brann upp i 1646, vart det enndå verre for han.  Han døydde i 1680, medan siste kona livde radt til 1727. 

Mikkjel Rasmusson ytre Moberg, f. ikr. 1650, bygsla bruket etter faren i 1673.  G. 1672 Marta Daniels dtr. Søfteland, f. ikr. 1642. (I O. B. II 153 stend ved eit misprent at Marta vart gift til indre Moberg).  Born: Mikkjel, f. ikr. 1673, d. ug. 1720, Kristi, f. 1677, s. br. 5.  Mikkjel sat tungt i det likeins som faren.  I 1668 vart han utskriven til soldat og var med i ufredane i 1670 åri.  Han døydde alt i 1690. 

Lars Johannesson Hatvik, f. 1670, bygsla bruket då Mikkjel døydde.  G. 1691 Barbru Hans dtr. Boga frå Fusa, f. ikr. 1670.  Born: Kari d. e., f. 1693, s. n., Johannes, f. 1696, d. ung, Brita, f. 1698, g. 1721 Peder indre Haugland, s. i. H. 4, Marta, f. 1701, g. 1730 Peder Sundøy, s. S. 4, Barbru, f. 1703, g. 1729 Ola ytre Haugland, s. y. H. 6, Johannes, f. 1708, g. 1734 Guro Sørstrønen, s. Nordstrønen 3, Kari d. y., f. 1710, g. 1739 Peder Brems, s. Sørstrønen 1, Helga, f. 1714.  Lars dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt.  Han døydde alt i 1717. 
Ekkja Barbru Hans dtr. hadde so bruket i heile 14 år.  Ho døydde ikr. 1740. 

Størk Kristenson Heggland, f. 1705, vart i 1731 gift medv Kari Lars dtr. ytre Moberg, f. 1693, og fekk bygsla bruket etter vermori.  Dei hadde ikkje born.  I 1743 flutte dei til eit anna bruk på garden, s. br. 5, der ein finn meir um dei. 

Mortein Morteinson, f. ikr. 1706, bygsla bruket då Størk flutte.  G. I 1726 Anna Bårds dtr. Kuven, f. 1691, d. 1741, g. II i Fana 1742 Kari Nils dtr. Røykenes, f. 1707.  Born: Nils, f. 1743, s. br. 3, Anna, f. 1746, g. 1784 Daniel Sørstrønen, s. S. 6.  Tvo gutar frå fyrste giftarmålet døydde unge.  Kvar Mortein var frå, veit me ikkje, men han tente på Molda fyrr han vart gift.  Fyrr han kom til Moberg i 1743 var han truleg busett ein stad i Fana.  Mortein var sjukleg og fekk i 1759 ein gardstyrar, s. n.  I Mortein si tid var det berre ei liti røykstova på tunet som bruket hadde åleine.  Dei andre husi åtte fleire av bruki ihop.  Sengebud, eldhus og fjos hadde Mortein saman med grannen på br. 2, og desse tvo grannane hadde kvar sin fjordepart i løda, medan grannen på br. 4 hadde den andre helvti.  På same måten hadde Mortein ein fjordepart i den gamle gardstova på tunet.  Jordeigaren krov 4 dalar i husåbod, og for dette tok han pant i ei kvit ku. 

Jørgen Erikson, f. ikr. 1725, og kona Magdela Mikkjels dtr., f. ikr. 1735, flutte hertil i 1759 og stjorna bruket for Mortein.  Kannhenda var dei i ætt med han.  Jørgen og Magdela var gifte fyrr dei kom til Os, og me veit ikkje kvar dei var frå eller kom frå.  Ei Magdela Mikkjels dtr. Flatabø er fødd i Mauranger 1735, men um det er ho som kom til Moberg, veit me ikkje.  Born: Erik, f. 1758, d. 1773, Margreta, f. 1761, g. 1806 Asgaut Lyssand, s. L. 1, Kristoffer, f. 1764, s. n.  I 1775 fekk Jørgen bygsla bruket.  Det var svert smått for han og i 1770 åri måtte Staten låna han korn til utsåd i åkrane.  Han makta ikkje å gjeva korn attende, og då han i 1787 vart kravd etter pengar for tvo tunnor, so sa ålmugen på tinget at han var «i yderlig fattig stand» og kunde ikkje betala ein einaste skjeling for kornet.  Jørgen døydde i 1807 og kona i 1806. 

Kristoffer Jørgenson ytre Moberg, f. 1764, bygsla farsbruket i 1792.  G. 1802 Marta Nils dtr. Matland frå Fusa, f. 1771.  Marta tente på Moberg då ho gifte seg.  Born: Jon, f. 1818, g. 1844 Anna Lid, s. Ulven 8.  Tvo born døydde unge.  Kristoffer var sjukleg og måtte tidleg lata bruket frå seg.  Han døydde i 1833 og kona i 1859. 

Albrigt Pederson Utgjerdet ved Lysekloster, f. 1791, bygsla bruket i 1821.  Han hadde fyrr drive fiske og sat godt i det.  G. 1821 Guro Ols dtr. Grindevoll, f. 1786.  Einaste barnet, dotteri Albertina, f. 1822, d. ug. 1872, kom til verdi etter at faren var død.  Albrigt døydde same året som han vart gift og kom til Moberg. 
Ekkja Guro Ols dtr. hadde so bruket eit par år. 

Ola Hansson Heggland, f. 1794, vart i 1823 gift med ekkja Guro Ols dtr. og fekk bygsla bruket.  Han hadde fyrr havt farsbruket sitt på Heggland, s. H. 4.  Guro døydde i 1845, og Ola gifte seg att året etter med Guro Peders dtr. ytre Lekven, f. 1822.  Ho døydde i 1860, og Ola gifte seg att i 1861 med Ingeborg Hans dtr. Borgen, f. 1818.  Av 8 born vaks 6 upp: Kari, f. 1826, g. 1856 Ola Ulven, s. U. 2, Ola, f. 1831, s. br. 3, Hans, f. 1847, s. n., Peder, f. 1850, g. 1881 Kristi Søvik, s. S. 1, Johannes, f. 1853, g. 1875 Marta Bø, s. Bø 4, Marta, f. 1860, g. 1885 Mons Heggland, s. H. 6.  Ola dreiv med steinarbeid o. a. attåt gardsbruket.  Han døydde i 1874 og Ingeborg i 1900. 

Hans Olson ytre Moberg, f. 1847, vart brukar etter faren og kjøpte bruket av Lysekloster i 1879 for 1200 kroner.  G. 1870 Ingjerd Ols dtr. Hovland, f. 1845.  Born: Anders, f. 1870, s. n., Ola, f. 1872, g. 1898 Ninna Leganger, s. Molda 2, Peder, f. 1874, g. 1898 Ingeborg Kuven, s. K. 18, Hans, f. 1878, g. 1902 Marta Johannes dtr. Haukeland, s. br. 12.  Hans var byggmeistar og snikkar.  Han hadde ymse kommunale tillitsyrke og var m. a. med i heradstyret 1894 – 97.  Hans døydde i 1935 og Ingjerd i 1929. 

Anders Hansson ytre Moberg, f. 1870, skøytte farsbruket i 1897.  G. I 1897 Engelina Tørres dtr. Berge frå Tysnes, f. 1875, g. II 1918 Susanna Fosse frå Alversund, f. 1878.  Born: Harald, f. 1898, i Amerika, s. O. B. II 42, Torvald, f. 1900, sjømann, d. ug. 1925, Ingrid, f. 1902, b. Bergen, Alfred, f. 1905, s. n., Anders, f. 1906, s. n., Benny, f. 1920, Susanna, f. 1922, d. 1932.  Tvo gutar døydde unge.  Anders hev vore bygningsmann og var ogso ei tid i Amerika.  I mange år hev han vore tolk og reiseførar for turistbyrå. 

Anders Andersson ytre Moberg, f. 1906, fekk skøyte på farsbruket i 1928.  Han er no busett i Amerika. 

Alfred Andersson ytre Moberg, f. 1905, skøytte bruket etter broren i 1939 og er eigar no.  Han reiste til Amerika i 1925, men kom att i 1938 og overtok farsbruket. 


YTRE MOBERG 2. 

Karl pa Morbierg var brukar her i 1519, samstundes som Mons hadde br. 1.  Karl fostra um vinteren 1520 – 21 ein stut åt lensherren på Bergenhus, og fekk 5 alner ferisk vadmål i fosterløn. 

Mons Bårdson hadde bruket her i 1563, samstundes som det ogso var ein Mons på det andre bruket.  Det kann tenkjast at Mons var son åt Bård Sørstrønen, men noko visst veit me ikkje um dette. 

Ola Torsteinson var brukar i 1591.  Kannhenda var han son åt Torstein Lepsøy.  Ola stod seg godt, og medan dei fleste bønder i Os berre hadde tenestegjentor eller ein halv-vaksen dreng på bruki sine, so hadde Ola jamt ein vaksen kar.  I 1605 heitte drengjen hans Orm og i 1610 Rasmus.  Ola var lagrettemann og ein vyrd mann i bygdi.  Han døydde i 1624. 

Bruket vart no skift i tvo partar, s. br. 4.

Ola Pederson, f. ikr. 1600, bygsla denne parten i 1625.  Han var truleg son åt Peder ytre Tuen, og vart kannhenda gift med ekkja etter Ola Torsteinson eller med ei dotter hans.  Ola var fatigmann heile tidi medan han var på Moberg.  Han døydde i 1632. 

Jens Pederson, f. ikr. 1606, som truleg var bror åt Ola, vart brukar i 1623.  Han var gift med ei som heitte Brita.  Av borni kjenner me: Hans, f. ikr. 1627, s. Skogen 1, Marta, f. ikr. 1635, g. Samson Berge, s. B. 1, Gjertrud, f. ikr. 1653, g. 1675 Lars Ferstad, s. F. 2.  Det var smått for Jens i dei fyrste åri, men han arbeidde seg upp og stod seg godt til 1646, då alle husi hans brann.  Sidan vart han fatigmann likeins som grannane.  Frå 1650 fekk Jens og grannen på br. 3 so mykje av ytre Moberg, at dei hadde kvar sin tridjepart av garden, og br. 1 og 4 hadde ein tridjepart ihop.  Jens gav bruket frå seg i 1656, men var livande i meir enn 10 år etter den tidi. 

Jon Knutson ytre Moberg, f. ikr. 1616, bygsla bruket i 1656.  G. ikr. 1645 Marta Rasmus dtr. ytre Haugland, f. ikr. 1625.  Av borni kjenner me: Knut, f. ikr. 1646, s. n., Nils, f. ikr. 1652, s. br. 3, Rasmus, f. 1656, s. br. 6, Lisbet, f. ikr. 1660, ug., Tørris (tvilling), f. 1669, g. b. Bergen, Ola, f. 1669, Magdela, f. 1673, d. ung.  Jon dreiv fiske og greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1675 og kona i 1685. 

Knut Jonson ytre Moberg, f. ikr. 1646, bygsla bruket då faren døydde.  G. 1675 Dordi Eriks dtr. Gjemdal, f. ikr. 1650.  Dei hadde ikkje born.  Knut dreiv fiske likeins som faren, men sat ikkje lett i det.  Han døydde i 1709 og kona året etter. 

Ola Nilsson Mobergslien, f. 1669, bygsla bruket i 1709.  G. 1702 Kari Nils dtr. Grindevoll, f. 1680.  Born: Marta, f. 1705, s. n., Nils, f. 1710, g. 1735 Gjertrud Søvik, s. S. 3, Anna d. e., f. 1714, ug., Anna d. y., f. 1716, g. 1767 e. Johannes Olson Skjelbreid frå Hålandsdalen, Guro, f. 1718, d. 1739.  3 born døydde unge.  Ola sat svert tungt i det og streva hardt for å greida seg på bruket.  Han døydde i 1738 og kona i 1739. 

Nils Steffenson Skjeie, f. 1694, vart i 1740 gift med Marta Ols dtr. ytre Moberg, f. 1705, og bygsla same året bruket etter verfaren.  Dei hadde ikkje born.  I 1750 sa han bruket frå seg og flutte burt, truleg til Bergen.  Han sat sverande smått i det, og då han skulde leggja ei husåbod av 8 dalar, vart alt det han åtte og hadde på bruket teke i pant for dei 8 dalane. 

Då Nils reiste frå Moberg, åtte ikkje bruket fleire hus åleine enn ei liti røykstova med kove attåt.  Dei andre husi, sengebud, eldhus og fjos, hadde bruket saman med grannen på br. 1, og i løda og den gamle gardstova åtte bruket berre ein fjordepart.  Dei andre som åtte i gardstova hadde halde sine partar godt istand, men Nils hadde lete sin part, det sudaustre hyrna, rotna heilt burt, og veggjen var her gjengen radt ut or novene.  Han hadde ogso stelt kleint med den halvparten av fjoset som han rådde over. 

Kristoffer Olson Nordstrønen, f. 1726, bygsla bruket då Nils flutte.  G. 1748 Brita Pauls dtr. Holsund frå Fusa, f. ikr. 1721.  Dei hadde 4 born, men berre dotteri Agata, f. 1753, vaks upp.  Ho vart gift 1781 med Peder Erikson Sandvik frå Samnanger.  Kristoffer sat sverande smått i det.  Han døydde alt i 1765, og kona gifte seg att i 1769 med e. Torgils Hansson Gaupholm i Samnanger, s. S. B. 778. 

Salamon Torsteinson Tordalen frå Strandebarm, f. 1727, bygsla bruket då Kristoffer døydde.  G. I 1753 Marta Mons dtr. Solbjørg frå Strandebarm, f. ikr. 1710.  Salamon var ein drivande kar, og i 1770 bygsla han ogso eit anna bruk på ytre Moberg, s. br. 5.  Han var ein vyrd mann som m. a. jamt var lagrettemann og stemnevitne i bygdi, men han hadde ogso lett for å koma på kant med jordeigaren og andre.  I 1777 flutte han frå Moberg til ytre Drange, s. y. D. 1, der ein finn meir um han og huslyden hans. 

Nils Samsonson Foer frå Fusa, f. 1753, bygsla bruket i 1777.  G. 1776 Marta Sveins dtr. Høyhilder frå Hålandsdalen, f. 1756.  Av 12 born vaks 8 upp: Samson, f. 1776, g. 1804 Katrina Lars dtr. ytre Moberg, Ingjerd, f. 1779, g. 1818 Sjur Andersson Koldal frå Fusa, b. Boga, Ragnhild, f. 1782, g. 1816 Anders Sandvik, s. Kuven 4, Marta, f. 1784, g. 1801 Hans Skogen, s. Ulven 4, Ola, f. 1788, s. n., Svein, f. 1791, s. br. 5, Ingeborg, f. 1795, g. 1818 Ola Olson Rabben frå Austevoll, Kari, f. 1798, g. 1821 Elling ytre Lekven, s. y. L. 5.  Nils dreiv fiske og greidde seg tolleg godt.  I 1804 vart han innskriven i kystvernet og fekk utlevert spjot til verja.  Han og kona døydde i 1827. 

Sonen Samson, g. m. Katrina ytre Moberg, s. 0., var busett på Moberg og fekk ei dotter Marta, f. ikr. 1805.  Samson døydde ikr. 1810, og ekkja gifte seg att i 1811 med Søren Rasmusson Engjavik i Fana, s. F. B. 503.  Katrina hadde dotteri Marta med seg til Engjavik, og son åt Søren, Mikkjel Sørenson, gifte seg i 1825 med Marta.  Dei vart buande i Engjavik, s. F. B. 503. 

Ola Nilsson ytre Moberg, f. 1788, bygsla farsbruket i 1819.  G. 1819 Kari Jons dtr. Mobergslien, f. 1792.  Born: Marta, f. 1819, g. 1850 Jon Søvik, s. S. 3, Nils, f. 1822, g. 1849 Brita Johannes dtr. Bjørnen, Jon, f. 1825, Guro, f. 1829, s. n.  Eldste sonen Nils var busett på Moberg til han døydde i 1858 og hadde 3 born: Jon, f. 1851, g. 1872 Brita Røttingen, s. R. 13, Mari, f. 1853, d. ung, Ola, f. 1854, g. 1877 Anna Storedale, s. ytre Haugland 2.  Ola var med i ufreden 1808 – 1814.  Han døydde i 1864 og Kari i 1860. 

Bruket vart no skift, med di ein mindre part av det gjekk over til eit nytt bruk, s. br. 7.  I 1875 vart det ny skifting millom desse tvo bruki, og dei vart jamstore etter den sistnemnde skiftingi, s. n. 

Eivind Ellingson ytre Lekven, f. 1826, vart i 1848 gift med Guro Ols dtr. ytre Moberg, f. 1829, som var syskinbarnet hans, og fekk bygsla bruket etter verfaren.  Born: Kari, f. 1848, d. ug. 1872, Ingeborg, f. 1855, s. br. 8, Nils, f. 1859, steinarbeidar, g. 1890 Gjertrud Fjelltveit frå Fana, b. Hop i Fana, Marta, f. 1867, g. 1893 Bertin Ulven, s. Skogen 4, Elling, f. 1877, steinarbeidar, g. 1906 Marta Hans dtr. Forland frå Sund, b. Hop i Fana.  Tvo born døydde unge.  Eivind var bygningsmann og trearbeidar.  Han døydde i 1880. 
Ekkja fekk seg upp eit serskilt hus, s. br. 8, der ho sidan vart buande. 

Sjur Ellingson ytre Lekven, f. 1837, som var bror åt Eivind, kjøpte bruket av Lysekloster for 350 dalar i 1876, etter at helvti var skild frå året fyreåt, s. br. 7.  G. 1878 Anna Johans dtr. indre Moberg, f. 1842.  Born: Kari, f. 1879, s. n.  Sjur hadde vore jakteskippar fyrr han kom til Moberg og dreiv sidan med fiske attåt gardsbruket.  Han døydde i 1917 og kona i 1903. 

Samuel Olson Gaupholm frå Samnanger, f. 1864, vart i 1906 gift med Kari Sjurs dtr. ytre Moberg, f. 1879, og fekk i 1912 skøyte på bruket etter verfaren.  Born: Anna, f. 1907, g. 1928 torghandlar Olaf Eriksen, b. Bergen, Olufina, f. 1908, g. 1935 parkettleggjar Eivind Hodneland, b. Bergen, Sjur, f. 1910, s. n., Ola, f. 1912, sjømann, no trearbeidar, Klara, f. 1917, g. 1939 Gustav Jakobsen, s. Sælen 3.  Samuel dreiv litt med fiske attåt gardsbruket. 

Sjur Samuelson ytre Moberg, f. 1910, skøytte farsbruket i 1935.  G. 1936 Anna Nordtun frå Bremnes, f. 1913.  Born: Kåre, f. 1938.  Sjur er trearbeidar. 


YTRE MOBERG 3. 

Nils Moberg stend skriven som husmann på ytre Moberg i 1606.  Um han hadde eit lite bruk på garden eller berre eit hus, veit me ikkje.  Me finn han ikkje att etter 1616. 

Tørris Olson, f. ikr. 1596, bygsla ein part av br. 1 då dette vart skift i 1622.  Kvar Tørris var frå er uvisst, men han kann vera son åt Ola ytre Moberg, s. br. 2, eller åt Ola indre Moberg, s. i. M. 2.  Han vart gift ikr. 1622 med ei som heitte Gjertrud.  Ho døydde ikr. 1660, og Tørris gifte seg att ein gong millom 1662 og 1665 med ei ekkja, som etter alt å døma hadde vore gift med Knut Ferstad, s. F. 1.  Ho hadde ein son Helje Knutson, f. ikr. 1657, med seg til Moberg.  Av borni åt Tørris frå fyrste giftarmålet hans kjenner me tvo: Peder, f. ikr. 1622, s. Særvollsvik 1, Marta, f. ikr. 1627, g. Asbjørn Borgen, s. B. 1.  I siste giftarmålet hadde Tørris sonen Ola, f. ikr. 1665, g. ikr. 1688 Magdela Morteins dtr., s. Døsen 1.  Det kann ogso tenkjast at Guro Lepsøy, s. L. 3, var ei dotter åt Tørris Moberg i siste giftarmålet hans.  Tørris vart i dei fyrste 10 åri rekna som husmann eller øydegardsmann og sat smått i det.  Men han arbeidde seg upp og vart ein vyrd bonde, tildess heile tunet brann upp i 1646 og han vart fatigmann likeins som grannane.  Han tok seg atter på tak, og i 1650 fekk han tillegg på bruket sitt so at det vart tridjeparten av garden.  I dei siste 20 åri greidde han seg godt.  Tørris var gardbrukar i meir enn 50 år og hadde bruket radt til han døydde ikr. 1675. 

Nils Jonson ytre Moberg, f. ikr. 1652, bygsla bruket etter Tørris.  G. I ikr. 1678 Anna Ols dtr., f. ikr. 1645, d. ikr. 1695, g. II 1698 Anna Peders dtr. Bø, f. ikr. 1660.  Fyrste kona var kannhenda ekkja etter Tørris.  Av 9 born vaks berre 3 upp: Lisbet, f. 1687, s. n., f. 1689, g. 1721 Ola Skogen, s. S. 1, Peder, f. 1699, g. i Fana 1739 Marta Steffens dtr. Bakka frå Fusa.  Nils greidde seg nokolunde.  Han døydde i 1709. 
Ekkja Anna Peders dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho gifte seg att i 1712 med Mons Søfteland, s. S. 3. 

Systerne Lisbet og Anna Nils dtr. stjorna bruket nokre år etter at stykmori flutte til Søfteland. 

Peder Nilsson Lyssand, f. 1685, vart i 1719 gift med Lisbet Nils dtr. ytre Moberg, f. 1687, og fekk bygsla bruket.  Born: Ragnhild, f. 1719, g. 1755 Johannes Lunde, s. L. 4, Rasmus, f. 1727, Nils, f. 1731.  Tvo gutar døydde unge.  Då faren døydde og mori gifte seg att, måtte sønene Nils og Rasmus tidleg ut i tenesta, og me finn dei ikkje att i Os.  Peder døydde alt i 1733. 
Ekkja Lisbet Nils dtr. stjorna so bruket eit par år. 

Lars Åmundson ytre Moberg, f. p. Hauge ikr. 1685, flutte hertil i 1735 frå br. 4, der han fyrr hadde vore busett, og året etter gifte han seg med ekkja Lisbet Nils dtr.  Sjå um Lars og huslyden hans under br. 4.  Han døydde alt i 1740. 
Ekkja Lisbet Nils dtr. måtte atter ta bruket og hadde det no radt til 1749.  Ho døydde i 1754. 

Knut Andersson Øvredal, f. 1725, bygsla bruket i 1749.  G. I 1751 Brita Mikkjels dtr. Engjavik frå Fana, f. ikr. 1722, d. 1769, g. II 1770 Brita Torbjørns dtr. ytre Moberg, f. 1735, s. br. 4.  Av 6 born vaks berre 3 upp: Anders, f. 1752, g. 1783 Guro ytre Lekven, s. ytre Haugland 9, Knut, f. 1761, g. 1798 Anna Kuven, s. Lepsøy 6, Nils, f. 1770, s. n.  Knut dreiv fiske og sat tolleg godt i det.  Han døydde alt i 1774. 
Då Knut kom til Moberg, åtte bruket hans desse husi: Ei liti røykstova, ei sengebud med sval attåt, og eit gamallt fjos.  Løda og eldhuset, som var timbra, hadde Knut saman med grannane på br. 5 og 6, soleis at Knut hadde helvti og dei andre resten.  På same måten hadde ogso dei 3 grannane ihop den gamle gardstova som stod på tunet og som var nytta av br. 5.  Fleire av husi var skrale og trong vøling, og for dette skulde Knut leggja ei åbod av 7 dalar.  Som pant for dette tok jordeigaren: Ei svartsida ku verd 4 dalar, ein båt verd 1 dalar, eit tinnfat verd 3 ort, ei øks verd 3 ort, og ein tinn ljosestake verd 4 ort. 
Ekkja Brita Torbjørns dtr. stjorna bruket i 7 år etter at mannen døydde. 

Nils Morteinson ytre Moberg, f. 1743, gifte seg i 1781 med ekkja Brita Torbjørns dtr. og fekk bygsla bruket.  Dei fekk eit barn som døydde tidleg.  Nils greidde seg godt og var ein vyrd mann i bygdi.  Han hadde bruket åleine til 1797 då styksonen bygsla det, s. n., og var sidan brukar saman med styksonen.  Nils døydde i 1819 og Brita i 1802. 

Knut Nilsson ytre Moberg, f. 1798, vart brukar etter mori og stykfaren i 1797, og dreiv det saman med stykfaren.  G. 1798 Marta Ols dtr. Søfteland, f. 1770.  Born: Knut, f. 1798, s. n.  Nils var utskriven til kystvernet, og ein dag um hausten 1808 hadde dette våpnøvingar på Osøyri.  Det høyrdest rop um hjelp frå Oselvi, og Nils og Hans indre Moberg sprang til og fekk berga Lars Ulven og Jon Bø, som var fallne overbord frå ei jakt som låg i elvi.  Lars Tøsdal og Jon indre Moberg, som ogso var med i våpnøvingi, vitna dette på tinget, og dei tvo bergingskarane fekk ei liti påskyning for arbeidet.  Nils dreiv fiske og sat etter måten godt i det.  Han døydde alt i 1814 medan kona livde til 1849. 

Knut Nilsson ytre Moberg, f. 1798, vart brukar då faren døydde, saman med Svein Nilsson ytre Moberg frå br. 2, s. d.  Året etter bygsla Svein eit anna bruk på garden, s. br. 5, og Knut bygsla då farsbruket åleine.  G. 1817 Brita Hans dtr: Heggland, f. 1788.  Born: Marta, f. 1817, s. br. 6, Kari, f. 1818, g. 1851 Johannes Lekven, s. Lunden 4, Nils, f. 1821, s. n., Brita, f. 1824, g. b. Bergen, Guro, f. 1826, d. ug. 1883, Olina, f. 1831, d. ug. 1898, Ingeborg (tvilling), f. 1834, g. 1871 bygningsmann e. Sjur Sjurson Norheim, b. Bergen.  Tvo born døydde unge.  Knut var ein drivande kar.  I 1847 bygsla han ogso bruk 5 på garden, men let det frå seg att i 1850.  Han døydde i 1881 og kona i 1864. 

Nils Knutson ytre Moberg, f. 1821, bygsla farsbruket i 1848.  G. 1843 Anna Johannes dtr. ytre Lekven, f. 1821.  Av 5 born vaks 4 upp: Brita, f. 1843, g. 1868 Martinus ytre Tuen, s. y. T. 3, Johanna, f. 1846, g. 1876 Hans Hansson Solbjørg frå Samnanger, i Amerika, Knut, f. 1848, s. n., Nilsina, f. 1850, g. 1876 Tomas Søvik, s. indre Moberg 2.  Nils døydde alt i 1850. 
Ekkja Anna Johannes dtr. hadde so bruket i 5 år. 

Ola Olson ytre Moberg, f. 1831, vart i 1855 gift med ekkja Anna Johannes dtr. og fekk bygsla bruket.  Born: Guro, f. 1855, g. 1883 Mons Ferstad, s. Osøyri 23, Anna, f. 1859, g. 1887 Johannes Kristenson Årdal frå Jølster i Sunnfjord, Olina, f. 1863, g. 1884 Nils Ulven, s. Skogen 3.  Tvo born døydde unge.  Ola var murar og steinarbeidar.  Han døydde i 1892 og kona i 1911. 

Knut Nilsson ytre Moberg, f. 1848, kjøpte farsbruket av Lysekloster i 1878 for 1600 kroner og vart brukar etterv stykfaren.  Han hadde fyrr vore paktar på ymse gardar, ei tid på Ulven og i dei siste åri i Sørstrønen.  G. 1873 Karina Torbjørns dtr. ytre Tuen, f. 1848.  Born: Kristi, f. 1871, i Amerika, s. O. B. II 42, Anna, f. 1875, s. br. 6, Nils, f. 1877, s. n., Marta, f. 1879, i Amerika.  Knut døydde alt i 1879. 
Ekkja Karina Torbjørns dtr. hadde so bruket i heile 28 år.  Ho døydde i 1926. 

Nils Knutson Ytre Moberg, f 1877, skøyte bruket etter mori i 1907.  G 1907 Jørgina Berents dtr. Tuen, f. p Krokeid i Fana 1885.  Born: Sofia, f. 1908, hushjelp, Marta, f. 1910, hushjelp, Inga, f. 1914, g. 1937 sjømann Leif Johannessen, Kristina, f. 1917, hushjelp, Knut, f. 1921, Bernhard, f. 1923, d. 1936, Nils, f. 1925.  Nils er murar og steinarbeidar.  Han er skyns- og domsmann og hev ogso havt andre kommunale tillitsyrke i bygdi. 


YTRE MOBERG 4. 

Anders ytre Moberg vart fyrste mann på dette bruket, då det vart skift ut frå br. 2 i 1625.  Kvar han var frå, veit me ikkje.  Anders hadde bruket i berre 5 år og lagde vanleg husmannskatt i desse åri. 

Arne ytre Moberg vart brukar i 1630.  Han var fatigmann all si tid og var heilt skattefri dei fleste åri.  Kvar Arne var frå, veit me ikkje.  Han døydde i 1644. 

Ola ytre Moberg vart brukar etter Arne.  Han var fatigmann likeins som fyremannen, og då tunet brann upp i 1646 makta han ikkje å byggja husi uppatt.  Han flutte difor frå bruket året etter. 

Mikkjel ytre Moberg hadde so bruket til 1650.  Det vart då teke noko av bruket og lagt til bruk 2 og 3 soleis, at desse tvo bruki vart dubbel so store som dei andre på garden.  Mikkjel greidde seg ikkje på bruket, og i 1650 flutte han frå garden.  Kvar han og fyremannen var frå, veit me ikkje. 

Rasmus Knutson ytre Moberg, som hadde br. 1, stjorna no dette bruket nokre år.  Sjå um han under br. 1. 

Ola Sjurson, f. ikr. 1626, bygsla bruket i 1656.  Han var truleg son åt Sjur Skjeie.  G. I Brita Antonius dtr., f. ikr. 1630, d. 1673, g. II 1691 Sesilia Johannes dtr. indre Tuen, f. ikr. 1638.  Brita var ikkje frå Os, men etter aldren kunde ho vera dotter åt Antonius Skjørsand.  Born: Marta, f. ikr. 1660, g. 1691 Nils ytre Lekven, s. y. L. 3, Jon, f. 1666, s. n.  Døtterne Kristi, Lisbet og døydde unge.  Ola døydde i 1697 og Sesilia tvo år etter. 

Då det i åri 1660 – 1675 var komne til tvo nye bruk på garden, so det ialt var 6, vart bruki no umskipa.  Bruk 3 og 4 vart heile bruk og fekk tilsaman halve ytre Moberg.  Dei andre 4 bruki som var jamstore skifte den andre halvparten, og br. 3 og 4 vart soleis dubbel so store som kvart av dei andre.  Dette stod ved lag i lang tid. 

Jon Olson ytre Moberg, f. 1666, bygsla bruket då faren døydde.  G. 1697 Anna Ols dtr. indre Haugland, f. 1674.  Dei hadde 6 born, men berre dotteri Anna, f. 1699, vaks upp.  Jon sat sverande smått i det, og då kona døydde frå han i 1715, let han bruket frå seg og reiste til Bergen. 

Johannes Pederson Gjersvik frå Tysnes, f. ikr. 1690, bygsla bruket då Jon flutte burt.  G. 1717 Magdela Anders dtr. Lyssand, f. 1688.  Dei fekk ein son som døydde tidleg.  Johannes greidde seg ikkje, og alt i 1720 flutte han frå Moberg og reiste or bygdi. 

Lars Åmundson Hauge, f. 1685, bygsla bruket etter Johannes.  G. I 1716 Kristi Nils dtr. Klyva, f. ikr. 1690, d. 1734, g. II 1736 e. Lisbet Nils dtr. ytre Moberg, f. 1687.  Av 4 born vaks berre tvo upp: Ola, f. 1723, Marta, f. 1731.  Lars sat sverande tungt i det, og borni måtte ut og tena fyrr dei var vaksne.  Me finn dei ikkje att i Osbygdi.  Då Lars i 1735 trulova seg med ekkja Lisbet Nils dtr., som hadde br. 3, flutte han over til henne og sa bruket her frå seg.  Ein finn meir um han under br. 3. 


Nils Jørgenson indre Moberg, f. 1707, bygsla bruket i 1735.  G. 1737 Marta Nils dtr. Tveitnes frå Hålandsdalen, f. 1699.  Ho hadde fyrr vore gift med ein som heitte Torbjørn, og hadde i fyrste giftarmålet ei dotter, Brita Torbjørns dtr., f. ikr. 1731, s. br. 3.  Nils og Marta fekk 4 born, men berre ein son Jørgen, f. 1737, s. n., vaks upp.  Nils sat tungt i det.  I 1747 stemnde han alle bøndene på indre og ytre Lekven til tings avdi dei hadde hogge i Mobergskogen.  Lekvenmennene vitna alle som ein at dei ikkje hadde hogge ei flis uløyves, og vitni åt Nils fall frå.  Det vart gjort forlik i saki, og året etter vart det sett upp gjerde millom Moberg og Lekven.  Året fyrr var Nils vitne i saki millom dei tvo brørne hans, då dei hadde dengt einannan i eit brudlaup på Drange og Jørgen Ulven hadde fenge dugeleg pryl. 
Nils hadde desse husi på bruket sitt i 1750: Ei liti røykstova, ei sengebud med vedskytja attåt, eldhus, fjos, stall og sauehus. Løda hadde Nils saman med grannane på br. 1 og 2, soleis at han hadde helvti og dei andre kvar sin fjordepart.  På same måten hadde dei 3 grannane ogso den gamle gardstova på tunet ihop.  Alle husi var gode med undantak av sengebudi, som var skral, og for henne måtte Nils leggja ei åbod av 3 dalar.  Jordeigaren tok pant for åbodi i ein koparkjel som var verd heile 6 dalar (nær 2 kuverd). 
Ekkja etter Nils, Marta Nils dtr., stjorna bruket etter at mannen døydde.  Marta var ei dugande kvinna og ho greidde seg betre enn mannen gjorde i si tid.  I 1762 kom ho i strid med grannane på br. 5.  Grannekona skulda Marta for å ha merkt for mange av lambi åt grannane til seg, fyrr dei slapp sauene til fjells.  Marta stemnde grannekona til tings for skuldingane, og grannekona og mannen hennar bad tunnt um tilgjeving, då dei ikkje kunde prova det som var sagt.  Marta døydde i 1765. 

Jørgen Nilsson ytre Moberg, f. 1737, vart brukar då mori døydde og bygsla bruket i 1767.  G. 1767 Kari Peders dtr. ytre Haugland, f. 1741.  Born: Nils, f. 1768, s. n., Peder, f. 1771, s. br. 6, Jørgen, f. 1776, g. 1807 Gjertrud Hovland, s. H. 2.  Jørgen dreiv med fiske og greidde seg betre enn faren.  Sonen Jørgen Jørgenson stod i sjøvernet og gjorde i 1801 tenesta på krigsskipi. Jørgen d. e. døydde i 1804 og kona eitt år seinare. 

Nils Jørgenson ytre Moberg, f. 1768, bygsla farsbruket i 1794 og dreiv bruket saman med faren til han døydde.  G. 1795 Guro Torsteins dtr. Kaland frå Fana, f. ikr. 1770.  Born: Jørgen, f. 1798, s. n., Kari, f. 1800, g. 1821 Elling ytre Lekven, s. y. L. 5, Torstein, f. 1804, g. 1831 Anna ytre Lekven, s. y. L. 2, Nils, f. 1808, g. 1835 Berta Hans dtr. Hosteland frå Masfjorden, b. Bergen, Mari, f. 1810, g. 1844 Ola indre Lekven, s. i. L. 3, Peder, f. 1813, g. 1842 Guro Sjurs dtr. Ytre Lekven, b. Årstad ved Bergen.  3 born døydde av koppane i ung alder.  Nils dreiv fiske likeins som faren og arbeidde seg fram til ein velstandsmann.  I 1824 kom han burt på sjøen. 
Ekkja Guro Torsteins dtr. hadde so bruket i 6 år.  Ho døydde i 1856, nær 90 år gamall. 

Jørgen Nilsson ytre Moberg, f. 1798, bygsla bruket etter mori i 1830.  G. I 1832 Kari Morteins dtr. indre Moberg, f. 1802, d. 1849, g. II 1851 Agata Hans dtr. Særvoll, f. 1821.  Born: Nils, f. 1852, s. n., Hans, f. 1854, g. 1878 Agata ytre Lekven, s. y. L. 2, Jørgen, f. 1857, kjørar, g. Berta Meland frå Manger, b. Bergen, Jens, f. 1859, s. br. 10.  Jørgen dreiv med sjøen likeins som forfederne.  Han var ein vyrd mann og hadde ymse tillitsyrke i bygdi.  Jørgen døydde i 1864. 
Ekkja Agata Hans dtr. stjorna bruket i 11 år etter at mannen fall frå.  Ho døydde i 1889. 

Nils Jørgenson ytre Moberg, f. 1852, vart brukar etter mori.  I 1875 kjøpte han bruket av Lysekloster for 800 spd.  Nils dreiv berre med gardsbruket sitt.  Han døydde i 1938. 

Paul Olson indre Moberg, f. 1875, og broren Hans kjøpte bruket i 1916.  I 1922 vart bruket skift millom brørne, s. br. 16, og Paul vart buande på heimetunet.  G. 1907 Helena Gunnars dtr. Myren (Grønsdal) frå Samnanger, f. 1888.  Born: Ragna, f. 1910, g. 1935 Steffen Hagevik, s. Skjeie 14, Marta, f. 1911, sjukesyster, Paul, f. 1914, handelsmann på Osøyri, Anna, f. 1918, g. 1939 gartnar Magnus Monsson Hauge, b. Oslo.  Paul hev vore lærar i Nore Neset krins, s. O. B. I 373 og 375, og hev m. a. gjeve ut skriftet «Eit misjonssogeatlas».  Han var ei tid formann i Os provianteringsråd. 


YTRE MOBERG 5. 

Rasmus Olson
, f. ikr. 1635, vart fyrste mann på dette bruket då det vart skift ut frå dei andre bruki ikr. 1660.  Rasmus vart då gift med Anna Mikkjels dtr., f. ikr. 1625, som truleg var dotter åt Mikkjel ytre Moberg på br. 1.  Anna hadde vore gift fyrr med ein som heitte Ola, og hadde borni frå fyrste giftarmålet med seg til Moberg.  Av desse borni kjenner me tvo søner, Torkjell, f. ikr. 1648, s. n., og Antonius, f. ikr. 1658.  Kvar Rasmus sjølv var frå, veit me ikkje.  Han døydde alt ikr. 1668. 

Torkjell Olson ytre Moberg, f. ikr. 1648, bygsla bruket etter mori og stykfaren.  Han vart gift med ei som heitte Gunhild, f. ikr. 1645.  Kvar ho var frå, veit me ikkje.  Torkjell døydde alt i 1672, medan Gunhild livde radt til 1716. 

Ola Nilsson Bø, f. ikr. 1640, bygsla bruket då Torkjell døydde.  G. 1673 Brita Mikkjels dtr. indre Moberg, f. ikr. 1650.  Dei fekk 5 born, men berre sonen Mikkjel, f. 1675, s. n., vaks upp.  Brita døydde på barseng i 1696, og Ola døydde eit par år etter. 

Mikkjel Olson ytre Moberg, f. 1675, bygsla farsbruket i 1699.  G. I 1700 Kristi Mikkjels dtr. ytre Moberg, f. 1677, d. 1708, g. II 1709 Kari Ols dtr. Økland, f. 1674, d. 1723, g. III 1723 Kari Ols dtr. Gjemdal, f. 1679.  Born: Ola, f. 1709, d. ug. 1735, Brita, f. 1716, Sesilia, f. 1723, g. 1742 Ola Erikson Sagstad i Fana, s. F. B. 592.  Mikkjel vart utskriven til sjøvernet og i 1709, då han nett var gift andre gongen, måtte han ut i den store ufreden.  I 1715 slapp han fri og kom heilskinna heim att.  Mikkjel sat svert tungt i det og streva hardt for å greida seg.  Han og kona døydde begge i 1743. 

Størk Kristenson Heggland, f. 1705, flutte i 1743 frå bruk 1 på garden, som han fyrr hadde havt, og bygsla bruket her.  G. 1731 Kari Lars dtr. ytre Moberg, f. 1693.  Dei hadde ikkje born.  Størk greidde seg ikkje på bruket, og i 1750 flutte han og kona frå garden og frå bygdi.  Me veit ikkje kvar det vart av dei. 

Ola Olson Frøland frå Samnanger, f. ikr. 1720, bygsla bruket i 1750.  Etter presteboki hadde han vore gift ein eller tvo gonger fyrr han kom til Moberg, men um dette er rett, veit me ikkje.  I 1751 vart han gift med Marta Anders dtr. Øvredalen, f. 1723.  Ho døydde same året på barseng etter tvillingfødsla, og Ola gifte seg att i 1752 med ekkja Mari Ols dtr. Sundøy, f. p. Haukeland 1709.  Alle 3 borni hans døydde i ung alder.  Ola greidde seg ikkje på bruket, og alt i 1753 måtte han fara frå Moberg og tok tenesta som dreng i Lysekloster.  Det gjekk ille med Ola i klostret.  I 1760 fekk han eit barn med ei taus i prestegarden og fekk for dette ei sver bot.  I 1762 vart han atter ute for same ulukka med ei Lyseklostertaus, og han fekk no ei bot på 48 lodd sylv og 24 dalar i pengar.  Ola flutte so frå Lysekloster til Langeland i Samnanger og sidan til Frøland.  Han åtte ikkje noko til å betala boti med, og i 1765 vart han dømd til å røma land og rike.  Tausi fekk ei bot på 12 dalar (4—5 kuverd), men då ho ikkje åtte noko anna enn stakken og trøya som ho gjekk i, vart ho dømd til å jagast or Bergens bispedøme.  Kona åt Ola tok bygdi seg av. 
Då Ola kom til Moberg, hadde bruket hans ikkje mange hus.  Ei liti røykstova på bruket var nedramla, og Ola budde likeins som fyremannen i den gamle gardstova som bruket åtte saman med br. 3 og 6.  Dei same 3 bruki åtte løda og eldhuset ihop, og ei sengebud hadde Ola saman med grannen på br. 6.  Fjoset, smidja og eit lite skur til å gjøyma trekol i hadde Ola rådvelde over åleine.  Gardstova, sengebudi og fjoset trong mykje vøling, og som trygd for vølingi tok jordeigaren ei raudsida kviga og ei svartsida gjeit i pant. 

Bård Ivarson Bø, f. 1700, bygsla bruket då Ola flutte i 1753.  Han hadde fyrr havt eit bruk på Bø, s. Bø 5, og på Lunden, s. L. 1.  I 1744 flutte han til Rossvoll i Fusa, og då andre kona hans døydde, flutte han frå Rossvoll og bygsla på ytre Moberg.  Her gifte han seg for tridje gong i 1754 med Marta Vermunds dtr. Mobergslien, f. 1714.  Um huslyden hans elles vil ein finna meir under Bø 5.  Bård sat smått i det og var radt fatigmann då han døydde i 1763.  Marta fall frå ikr. 1770. 

Lars Eivindson ytre Moberg, f. 1732, bygsla bruket då Bård døydde.  G. 1763 Marta Steffens dtr. Hauge, f. 1734.  Born: Anna, f. 1766, g. 1805 Lars indre Lekven, s. i. L. 3, Katrina, f. 1769, g. I 1804 Samson Nilsson ytre Moberg, s. br. 2.  Ei gjenta døydde i ung alder.  Lars bygsla farsbruket sitt same året som han kom hertil, s. br. 6, men sa det frå seg att i 1765.  Han sat sverande tungt i det og streva hardt for å greida seg.  Um vinteren 1770, då han var med i vårsildfisket, kom han burt på sjøen. 
Ekkja Marta Steffens dtr. tok bruket då mannen døydde, men måtte straks gjeva det frå seg.  Ho fekk seg upp ei liti hytta, der ho sidan livde ved bygdi og god manns hjelp.  Då futen i 1787 krov henne for korn som ho hadde fenge av Staten, åtte ho ikkje ein skjeling å betala med.  Ho døydde ikr. 1790. 

Salamon Torsteinson ytre Moberg, f. 1727, som hadde bruk 2, bygsla ogso dette bruket i 1770.  I 1777 flutte han til ytre Drange.  Sjå um han under br. 2 og ytre Drange 1. 

Nils Samsonson Foer, f. 1753, som bygsla br. 2 etter Salamon i 1777, bygsla samstundes ogso dette bruket.  Sjå um han og huslyden hans under br. 2.  Sønene Ola og Svein, s. n, fekk bygsla kvar sitt bruk etter faren. 

Svein Nilsson ytre Moberg, f. 1791, bygsla dette bruket etter faren i 1815.  Året fyrr hadde han saman med ein annan bygsla br. 3 på garden, men let no det frå seg.  Han var ikkje gift og greidde bruket ved tenarhjelp.  Svein var den fyrste osing som møtte fram på tinget og gjorde eiden sin til den nye grunnlovi, so at han fekk røysterett.  Han var ein vyrd mann og vart fleire gonger nytta til skynsmann og takstmann.  Svein døydde i 1847. 

Knut Nilsson ytre Moberg, f. 1798, som hadde bruk 3, bygsla ogso dette bruket då Svein døydde.  Sjå um Knut under br. 3.  I 1850 sa han bruket frå seg att. 

Nils Olson Tuft frå Strandvik, f. p. Revna 1784, bygsla bruket i 1850.  Han hadde fyrr havt eit bruk på Tuft i Strandvik.  G. I 1815 e. Sesilia Ols dtr. Tuft, f. p. Takvam i Haus ikr. 1764, d. 1847, g. II 1848 Kristina Lars dtr. Haga frå Fusa, f. ikr. 1812.  Born: Ola, f. 1848, s. n., Lars, f. 1850, g. 1883 Ingjerd Røttingen, s. R. 1, Elling, f. 1852, fiskar, g. b. i Hammerfest.  Tvo born døydde unge.  Nils dreiv fiske attåt gardsbruket.  Både han og kona vart gamle folk.  Nils livde radt til 1874 og Kristina til 1896. 

Ola Nilsson ytre Moberg, f. i Strandvik 1848, kjøpte farsbruket av Lysekloster i 1874 for 400 spd.  G. 1872 Kristi Knuts dtr. ytre Lekven, f. 1844.  Dei fekk 7 born, men berre sonen Nils, f. 1881, s. n, vaks upp.  Ola hadde ymse tillitsyrke i bygdi.  Han døydde i 1903 og kona i 1930. 

Nils Olson ytre Moberg, f. 1881, skøytte bruket etter faren i 1902.  G. 1902 Anna Håkons dtr. Dåe frå Fana, f. 1882.  Born: Olga, g. b. Fana, Nancy, g. b. Sverik.  Nils var ei tid lensmannsbetjent i Os.  Han døydde alt i 1905. 
Ekkja Anna Håkons dtr. hadde so bruket nokre år.  I 1909 selde ho her og flutte til Fana. 

Kristian Hansson Midtsæter, f. 1880, kjøpte bruket i 1909.  Han hadde fyrr vore busett på Opdalseidet i Tysnes.  G. I 1903 Marta Knuts dtr. Øvredalen, f. 1880, d. 1926, g. II 1933 Elina Lars dtr. Reiso (Reisheim) frå Tysnes, f. 1887.  Born: Hans, f. 1904, ingeniør, g. 1937 Astrid Ådal frå Trondheim, b. Oslo, Knut, f. 1907, snikkar, g. 1934 Astrid Myking frå Gjerstad, b. Lonevåg i Haus, Gustav, f. 1912, treskjerar, g. 1935 Sigrid Skjeie frå Sand i Ryfylke, b. Lonevåg i Haus, Ingeborg, f. 1918.  Kristian er bygningsmann og snikkar.  Han hev vore med i skule- og fatigstyre, likning o. a. 


YTRE MOBERG 6. 

Rasmus Jonson ytre Moberg, f. 1656, fekk ikr. 1675 bygsla ein part av faren sitt bruk, som då var det største på ytre Moberg.  G. I 1674 Marta Daniels dtr., f. ikr. 1650, d. 1680, g. II 1681 Anna Johannes dtr. nedre Rød, f. 1651, d. 1714, g. III 1715 Ingjerd Anders dtr. Lyssand, f. 1786.  Kvar fyrste kona var frå, veit me ikkje, men kannhenda var ho dotter åt Daniel Søfteland.  Born: Ola, f. 1675, Daniel, f. 1677, Brita, f. 1680.  Rasmus sat godt i det, og m. a. åtte han eit sylvbelte som var like mykje verd som 3 kjyr.  Han var berre 32 år gamall då han i 1688 let bruket frå seg og tok kår.  Sjå elles meir um han nedanfyre.  Då faren tok kår, måtte borni ut, og me finn ingen av dei att i Os. 

Johannes Jonson Storum, f. 1655, bygsla bruket i 1688.  G. 1687 Marta Abrahams dtr. Grindevoll, f. 1666.  Av 6 born vaks 3 upp: Kari, f. 1687, Sander, f. 1689, Jon, f. 1692, s. n.  Sonen Sander var med i ufreden 1709 – 1718 og me finn han ikkje att seinare.  Truleg fall han i ufreden.  Johannes dreiv fiske og greidde seg tolleg godt.  Han døydde i 1717 og kona nokre år seinare. 

Jon Johannesson ytre Moberg, f. 1692, bygsla bruket då faren døydde.  G. nyttårsdag 1717 Ingeborg Jons dtr. Sørstrønen, f. 1682.  Born: Jon, f. 1717, g. 1743 Kari Bakka, s. Hovland 1.  Jon døydde alt i jolevika 1717, og ekkja gifte seg att seinare med Arne Kverneviki, s. Sørstrønen 5. 

Rasmus Jonson ytre Moberg, f. 1656, som no hadde vore kårmann på garden i 29 år, måtte ta bruket att då Jon døydde.  Rasmus var rettnok no 61 år gamall, men han hadde nett fenge seg ei ny kona på berre 30 år, so han greidde arbeidet.  Kårkona hans, Ingeborg Jons dtr., var heller ikkje meir enn 35 år gamall.  Rasmus hadde bruket til han døydde i 1733. 

Eivind Pederson indre Haugland, f. 1705, bygsla bruket då Rasmus døydde.  G. 1732 Anna Lars dtr. Sundøy, f. 1702.  Born: Lars, f. 1732, s. n., Marta, f. 1734, d. ug. 1772, Synneva, f. 1737, d. ug. 1808, Agata f. 1740, g. 1774 Ola Eide, s. E. 2, Peder, f. 1744, s. n.  Ein gut døydde ung.  Eivind dreiv med sjøen, men sat sverande smått i det.  Han og kona døydde begge i 1765. 

Bruket hadde desse husi i Eivind si tid: Ei liti røykstova, eit fjos med sval attåt, og ei sengebud saman med br. 5. Løda, eldhuset og den gamle gardstova hadde bruket saman med br. 3 og 5.  Sengebudi var skral, og som pant for vølingi tok jordeigaren ei raud ku. 

Lars Eivindson ytre Moberg, f. 1732, bygsla farsbruket i 1763, samstundes som han bygsla br. 5.  I 1765 sa han bruket her frå seg og vart buande på br. 5.  Sjå um han der. 

Peder Eivindson ytre Moberg, f. 1744, vart brukar då broren sa bruket frå seg i 1765.  Han meinte då å bygsla bruket, men fyrr han fekk det greidt hadde kapellan Geelmuyden fenge bygsla.  I 1766 vart so Peder tilsett som gardstyrar hjå den nye brukaren, men alt same året døydde han. 

Gerhard Gjertson Geelmuyden, f. p. Haus prestegard 1724, bygsla bruket i 1765.  Han var son åt soknepresten i Os Gjert Geelmuyden og var då nett vorten kapellan hjå faren, men tilhøvet millom dei var slik at dei ikkje kunde bu saman.  Difor bygsla han på Moberg og flutte upp der.  G. I ikr. 1752 Else Eleonora Adams dtr. Schenkel frå Helsingør i Danmark, g. II 1766 Ingeborg Sesilia Dines dtr. Møller frå Hestnesøyri i Nordfjord.  Born: Adam, f. 1753, lærar ved fatigskulen «Betlehem» i Bergen, Dorthea, f. 1767, g. gardbrukar Lars Knutson Håland i Alversund, Else Eleonora, f. 1772, d. ung, Gjert, f. 1775, preussisk offiser, g. b. Wittenberg i Tyskland, Marie Charlotte, f. 1780, g. 1798 skippar Meinert Petersen i Skudesnes på Karmøy.  Gerhard Geelmuyden var ein stridshuga kar og var i håri på fleire av bygdefolket, men han tykkjest å ha kome vel tilrettes med grannane på Moberg.  I 1778 tok han seg fyre å ruska upp med mennene på Lekven og Tuen avdi kjyrne deira gjekk i Mobergsmarki, og då hadde han alle Mobergsbøndene med seg.  Det var ikkje skapleg gjerde millom Moberg og grannegardane utanfyre og kjyrne gjekk som dei vilde.  Saki gjekk i fleire år, men då det vart prova at Mobergsbeisti ogso hadde gjenge i Lekven- og Tuenmarki, so vart det gjort forlik «som det sømmer sig gode naboer og grander».  I 1782 flutte han frå Os då han vart sokneprest i Hamre og døydde der i 1787.  Kona fall frå i 1796. 

Gerhard Geelmuyden var glup til å preika, hadde mykje kunnskap og var noko av ein diktar.  Han skreiv fleire syrgjedikt og brudlaupssongar, og då Kong Fredrik den femte og dronning Lovisa vart krynd i 1747, skreiv han eit hyllingsdikt i 22 vers til dei på norsk bygdemål.  Etter som han segjer i songen, so hadde han ogso sendt dei ei helsing då prins Kristian var fødd i 1745.  Kannhenda var den fyrste helsingi ogso på bygdemål.  Me tek med overskrifti til hyllingsdiktet: 

Dan Norskie Guutans 
Glæds- aa Fryds Schral 
opsteegan taa Noer til Søer
ova dan
Stoermægtigtigsta Monarch
Kunning
FRIDERICH dan FEMTA
Kungie til Danmarch aa Norgie, o. m.
Vonn Allarnaadigsta Arva-Kungie aa Herra
Tillikie ova
Vonn Allarnaadigsta Dronning
LOVISA
Dronning til Danmarch aa Norgie, o. m.
Paa Deiras Majastæters høytiæleg
Crynalsis-Dag
Dar mæ møtkien Guds Paakallalsa, Triumphering, Hærliheit
aa Tornering bleiv hollan paa Friderichs-Borgs Slot
Dan 4ra Sept. Ann. 1747.
Opdigta so maata taa Præsta Sonnen fraa Hougs Præsta-
Gjæl uti Bærans Stift (Studentaran) dar forblivar
til si allerseinaste Dois Aanna-Fangst
Deras Majastæters
allerunderdanigsta Arva-Underdan aa allar haursomligsta
ringasta tjennar
Gerhard Gerdtsen Geelmuyden
S. S. Theol. Stud.


Eivind Bårdson Kuven, f. 1748, vart brukar då Gerhard Geelmuyden flutte burt og fekk bygsla bruket i 1787.  G. 1782 Anna Ols dtr. indre Moberg, f. 1751.  Born: Bård, f. 1784, Kari, f. 1786, g. 1825 Anders Halhjem, s. H. 5.  Ein gut døydde tidleg.  Eivind dreiv med sjøen og greidde seg tolleg godt.  Han døydde alt i 1793. 

Peder Jørgenson ytre Moberg, f. 1771, gifte seg i 1794 med ekkja Anna Ols dtr. og fekk bygsla bruket.  Dei fekk berre ei dotter, Marta, f. 1795, s. n.  Peder var ein vyrd mann og var jamt nytta som stemnevitne o. a.  Han sat tolleg godt i det og dreiv mykje med sjøen.  Saman med Mortein indre Moberg var han bas for notlagi på ytre og indre Moberg og gjorde upp for sildefisket.  I 1820 vart han og Mortein kravd av Hans Jakob Elholm for skuldig sildetiend som denne meinte å ha rett på.  Etter Elholm si uppgåva hadde Mobergslagi i siste året fiska 107 tunnor sild i Sund, Møgster og Austevoll sokner, og for denne sildi hadde dei fenge vel 40 spd.  Mobergsmennene sanna at dei hadde fenge sildi, men dei nekta å betala fyrr alle andre fiskarar frå Os og Fusa hadde betalt tiend, og Kvalesundsmannen fekk ingenting.  Peder døydde i 1849 og kona i 1830. 

Paul Olson Grindevoll, f. 1794, vart i 1820 gift med Marta Peders dtr. ytre Moberg, f. 1795, og fekk i 1826 bygsla bruket etter verfaren.  Born: Kari, f. 1821, g. 1846 Anders Halhjem, s. H. 5, Anna, f. 1823, d. ug. 1872, Brita, f. 1827, d. ug. 1857, Olina (tvilling), f. 1831, d. ug. 1878, Marta, f. 1834, g. 1872 Ola Lunde, s. L. 4, Peder, f. 1842, g. 1866 Marta indre Haugland, s. i. H. 3.  Tvo born døydde unge.  Paul dreiv med fiske likeins som fyremannen.  I 1814 vart han utskriven som soldat og var truleg med i ufreden um sumaren.  Han fall frå i 1848 og kona i 1847. 

Hans Johannesson indre Lekven, f. 1826, bygsla bruket etter Paul.  G. 1851 Marta Knuts dtr. ytre Moberg, f. 1817.  Born: Johannes, f. 1851, s. n., Knut, f. 1852, s. n., Brita, f. 1856, d. ung, Lars, f. 1859, s. br. 9.  Hans var fiskar.  Han vart ikkje gamall då han døydde alt i 1869. 
Ekkja Marta Knuts dtr. hadde bruket nokre år etter at mannen døydde.  Ho fall frå i 1897. 

Knut Hansson ytre Moberg, f. 1852, vart brukar etter mori og kjøpte bruket av Lysekloster i 1876 for 1600 kroner.  G. 1875 Kari Ols dtr: Utgjerdet (Lysekloster), f. 1845.  Dei fekk eit barn som døydde straks.  Knut vart heller ikkje gamall på garden då han døydde alt i 1878. 
Ekkja Kari Ols dtr., som ved testament frå mannen var eigar av bruket, hadde det eit års tid etter at mannen fall frå.  Ho vart gift att i 1879 med Peder Bahus, Fana, og flutte då frå bruket. 

Johannes Hansson ytre Moberg, f. 1851, skøytte bruket i 1879 av brorkona si.  G. 1878 Guro Ols dtr. Nordvik frå Fana, f. 1853, som var halvsyster åt den fyrre husmori Kari Ols dtr., s. F. B. 599.  Born: Knut, f. 1879, s. n., Marta, f. 1881, g. 1913 fotograf Marius Mortensen, b. Osøyri, s. O. 26, Ola, f. 1883, lokomotivførar, g. 1900 Synneva Ols dtr. Mobergslien, b. Bergen, Hans, f. 1885, g. Malena Hans dtr. Bjånes, i Amerika, Johanna, f. 1888, i Amerika, s. O. B. II 42, Brita, f. 1890, skreddar, b. Osøyri, Ingeborg, f. 1893, syerske, b. Bergen, Johannes, f. 1896, g. 1920 Kari Hjelle, s. Kuven 24.  Johannes var fiskar og dreiv med treskoarbeid.  Han døydde i 1932, men kona liver enno. 

Knut Johannesson ytre Moberg, f. 1879, skøytte farsbruket i 1913.  G. 1906 Anna Knuts dtr. ytre Moberg, f. 1875.  Born: Johan, f. 1907, sjauffør, Marta, f. 1909, hushjelp.  Knut var i lang tid lokomotivførar på Osbanen, men driv no berre med gardsbruket. 


YTRE MOBERG 7. 

Johannes Olson Ulland frå Samnanger, f. 1802, fekk i 1848 bygsla ein part av br. 2 og busette seg her.  G. 1835 Sesilia Ols dtr. Totland, f. 1805.  Johannes hadde fyrr havt eit bruk på Heggland, s. H. 5, der ein finn meir um han og huslyden hans.  Johannes dreiv fiske attåt gardsarbeidet.  Han døydde i 1867. 
Ekkja Sesilia Ols dtr. hadde so bruket nokre år.  Ho døydde i 1892. 

Ola Bårdson Hildersmark (Steintveit) frå Samnanger, f. 1838, bygsla bruket i 1872.  I 1875 vart bruket skift ut frå br. 2 og serskilt skyldsett, soleis at desse tvo bruki vart jamstore, og året etter kjøpte Ola bruket av Lysekloster for 240 spd.  Ola hadde fyrr vore busett i Lysøy, s. L. 1, og hadde fyrr han kom dertil vore busett i Sund.  G. 1864 Ingeborg Nils dtr. Bergstø (Søfteland), f. 1842.  Born: Berta, f. 1865, g. 1887 bakar Elias Amundson Gjerde frå Etne, b. Bergen, Nils, f. 1868, i Amerika, s. O. B. II 42, Anna f. 1870, g. renovasjonsarbeidar Kristian Hansen, b. Bergen, Ingeborg, f. 1872, d. ug. 1897, Elina, f. 1874, s. n., Brita, f. 1876, g. 1896 slaktar Gustav Jakobsen, Bergen, Kristi, f. 1879, i Amerika, Johanna, f. 1884, g. 1911 målar Teodor Lorents Taraldsen, b. Bergen, Ola, f. 1886, i Amerika.  Ola var murar og steinarbeidar.  Han døydde i 1930 og kona i 1919. 

Elina Ols dtr. Moberg, f. 1874, skøytte farsbruket i 1921 og hadde det til ho døydde i 1937. 

Arkitekt Leif Rustad frå Bergen, f. 1887, og kona Nora Rustad, f. 1894, kjøpte bruket ved auksjon i 1938.  Fru Rustad fekk skøyte på bruket.  Born: Kjeld, f. 1916, Leif Dag, f. 1921, Alf, f. 1923, Borger, f. 1925, Sofie Margrete, f. 1928.  Dei bur på eigedomen no. 


YTRE MOBERG 8. 

Ekkja Guro Ols dtr. ytre Moberg, f. 1829, sette upp eit serskilt hus då mannen Eivind Ellingson på br. 2 var død i 1880.  Guro var busett her til ho døydde i 1908. 

Ingeborg Eivinds dtr. ytre Moberg, f. 1855, vart busett hjå mori.  Ho vart gift i 1883 med Anders Hansson indre Haugland, f. 1862.  Born: Elina, f. 1893, g. 1913 Nils Kuventræ, s. Kuven 13.  Anders reiste tilsjøs og kom ikkje attende til bygdi.  Han døydde ved eit uhende i London 1929. 
Ingeborg flutte til Os gamleheim, der ho døydde i 1940, og det vart ikkje buande folk att i huset. 


YTRE MOBERG 9 (Vollen). 

Lars Hansson ytre Moberg, f. 1859, festa ikr. 1882 ei tuft av farsbruket, der han bygde og busette seg.  G. 1881 Dortea Ols dtr. Lunde, f. 1858.  Lars var skomakar og vart tilsett som militærskomakar på Ulven.  I 1895 flutte Lars til Lunde (Herevollen), s. L. 14, der ein finn meir um han og huslyden hans.  Då han flutte, fall tufti attende til hovudbruket. 


YTRE MOBERG 10 (Høstmark)

Jens Jørgenson ytre Moberg, f. 1859, festa i 1890 ei tuft av broren sitt bruk og bygde her.  G. 1885 Gyrid Ols dtr. Lunde, f. 1852.  Fosterson: Bjarne, f. 1907, s. br. 19.  Jens var trearbeidar og målar.  Han var ei tid medhjelpar i kyrkja og var mykje med i misjonsarbeidet, s. O. B. I 690.  Jens døydde i 1937. 


YTRE MOBERG 11 (Solbakken, Bratlund). 

Eivind Olai (Ola) Jonson indre Tuen, f. 1859, festa eit utmarkstykke Solbakken, der han rydja og bygde i 1892.  I 1904 fekk han kjøpa stykket, som då vart serskilt skyldsett og fekk namnet Bratlund.  I 1908 fekk han ogso kjøpa ein part av indre Tuen.  G. 1883 Brita Lars dtr. indre Tuen, f. 1848.  Born: Larsina, f. 1883, g. 1910 skomakar Lars Gjellestad, b. Ålvik i Hardanger, Johannes, f. 1886, sjømann, ikkje høyrt frå han sidan 1915, Peder, f. 1890, s. n., Jonas, f. 1893, g. 1919 Mari Nils dtr. Hovland frå Årdal i Sogn, i Amerika.  Ola hev vore murar og steinarbeidar.  Kona døydde i 1936. 

Peder Olson Bratlund, f. 1890, vart brukar etter faren.  G. 1914 Magdela Hans dtr. Bø, f. 1892.  Born: Eivind Olai, f. 1915, s. n., Hans, f. 1919, sjauffør, Brita, f. 1923.  Peder er murar og steinarbeidar likeins som faren. 

Eivind Olai Pederson Bratlund, f. 1915, fekk skøyte på bruket av bestefaren i 1921 og er eigar no.  Han er trearbeidar. 


YTRE MOBERG 12 (Solhaug). 

Hans Hansson ytre Moberg, f. 1878, skøytte i 1902 eit stykke av broren sitt bruk og bygde her.  G. 1902 Marta Johannes dtr. Haukeland, f. 1882.  Born: Inga Henriette, f. 1903, g. 1924 verkstadarbeidar Oskar Halvdan Stavnes frå Lunner i Hadeland, b. Bergen, Hildur Maria, f. 1905, g. byggmeistar Olav Knutson Steen frå Mandal, i Vancouwer, Amerika, Jenny Ivarna, f. 1907, g. lokomotivførar Olav Bjerke frå Ask på Ringerike, b. Ål i Hallingdal, Hans Johan, f. 1909, kjøpmann, g. Ragnhild Larsen frå Bergen, b. Bergen, Ingeborg, f. 1911, g. Ivar Karlson Leganger, b. Osøyri, Reidar, f. 1914, verkstadarbeidar, g. Inga Borgny Bratland frå Fana, b. Bergen, Franck, f. 1917, kontorist, b. Bergen, Ruth Ellinor, f. 1920, butikkgjenta, b. Bergen.  Hans er snikkar på jernbaneverkstaden i Bergen.  I 1913 selde han bruket her og flutte til Bergen, der han framleis bur. S. ogso br. 18. 

Jakob Olson Bjørø frå Austevoll, f. 1837, kjøpte bruket i 1913 og busette seg her.  Han hadde fyrr vore kyrkjesongar i Austevoll og ei tid lærar i Laksevåg.  G. Anna Ingebrigts dtr. Eikemo frå Hosanger, f. 1841.  Born: Margreta, g. los Peter Boe, Olav, lektor, b. Horten, Anna, g. Nils Hande, V. Slidre i Valdres, Ragna, s. n., Ingeborg, g. Hartvig Evenstad, s. Hovland 15, Ingebrigt, s. Osøyri 31, Jakob, skomakar, b. Stavanger.  Jakob Bjørø døydde i 1918 og kona i 1909. 

Ragna Jakobs dtr. Bjørø, f. 1873, fekk skøyte på bruket etter faren og vart buande her.  Ho selde i 1938. 

Johan Steinson Bøtræ (Bø), f. 1903, kjøpte bruket i 1938.  G. 1930 Amanda Hans dtr. Vinnes frå Strandvik, f. 1907.  Born: Elsa, f. 1930, Johannes, f. 1932, Hans, f. 1934.  Johan er trearbeidar. 


YTRE MOBERG 13 (Fru Lissie Kuhnles Minde). 

Skipsreidar Halfdan Kuhnle frå Bergen kjøpte i 1916 eit større jordstykke av br. 2, 4 og 7 med sjøretter og bygde her ein ferieheim for born til minne um den avlidne kona si, fru Lissie Kuhnle.  


YTRE MOBERG 14 (Valhalla). 

Skipsreidar Chr. Borch frå Bergen kjøpte i 1917 eit jordstykke av br. 7 og bygde her.  Eigedomen er nytta til sumarbustad. 


YTRE MOBERG 15 (Grindhaugen). 

Kjøpmann Ragnar Mowinckel frå Bergen kjøpte i 1918 eit jordstykke av br. 2 og bygde seg sumarhus her.  I 1929 selde han eigedomen til heradskrivar J. Richter Salvesen i Bergen.  Etter hans død er ekkja fru Ragnhild Salvesen eigar. 


YTRE MOBERG 16. 

Hans Olson indre Moberg, f. 1877, kjøpte i 1916, som fyrr nemnt, bruk 4 saman med broren Paul.  Brørne hadde bruket saman til det i 1922 vart skift i tvo partar og endeleg deling fyreteki i 1929.  Hans fekk då halvparten av bruket og busette seg her.  G. 1899 Serina Ols dtr. Heggland, f. 1875.  Born: Hanna, f. 1900, g. 1923 hamnearbeidar Mads Berge, b. Bergen, Olav, f. 1902, s. n., Agnes, f. 1905, g. 1931 Erling Åker, driv minkfarm ved Oslo, Ragnhild, f. 1907, g. 1935 kontormann Einar Birkeland, b. Bergen, Olga, f. 1909, hotellgjenta, b. Ustaoset, Hans, f. 1911, snikkar, Sverre, f. 1913, målar, Hilda (tvilling), f. 1917, fabrikkarbeidar, b. Bergen.  Tvo born døydde unge.  Hans var bakar på Osøyri.  Han døydde i 1929. 
Ekkja Serina Ols dtr. stjorna bruket nokre år etter at mannen fall frå.  Ho døydde i 1937. 

Olav Hansson ytre Moberg, f. 1902, skøytte bruket etter mori i 1935.  Han hadde fyrr vore ei tid i Amerika.  G. 1936 Margit Dale frå Blomvåg i Herdla, f. 1911.  Born: Ragnhild, f. 1936, Hans, f. 1938, Aud Sylvi, f. 1939.  Olav er trearbeidar. 


YTRE MOBERG 17 (Vonheim). 

Annanias Knutson Øvredal, f. 1891, kjøpte i 1923 eit stykke av br. 2, der han bygde og busette seg.  G. 1919 Nilla Nils dtr. Rolfsvåg frå Samnanger, f. 1895.  Born: Ingeborg, f. 1920, Knut, f. 1922, Anna f. 1925, Marta (trilling), f. 1930, Nelly, f. 1930.  Tvo born døydde unge.  Annanias er sjømann og hev førsle- og fiskefarty.  Han er no fyrste varamann til heradstyret. 


YTRE MOBERG 18. 

Hans Hansson Moberg kjøpte ei tuft av br. 2 i 1923 og bygde seg sumarhus her.  Sjå um han under br. 12. 


YTRE MOBERG 19 (Høstmark). 

Bjarne Ottoson ytre Moberg som var fostra upp hjå ætti si på bruk 10, f. i Bergen 1907, kjøpte i 1925 eit jordstykke av br. 2, der han seinare bygde og busette seg.  G. 1933 Olufina Olais dtr. Lygre frå Lindås, f. 1906.  Born: Brita, f. 1934, Maria, f. 1938.  Bjarne er snikkar og hev møbelverkstad på eigedomen. 


YTRE MOBERG 20 (Sollia). 

Sverre O. Thorstensen frå Bergen kjøpte eit stykke av br. 2 i 1928 og bygde her.  Fru Claud Plahte bur på eigedomen. 


YTRE MOBERG 21 (Lunden). 

Ingvald Ekeland kjøpte i 1933 ein part av br. 7 og bygde sumarbustad her.  Han selde att i 1938. 

Hans Olson Klyve, f. 1885, kjøpte bruket i 1938 og er eigar no.  Han hev vore styrmann og reist tilsjøs, og var mange år i Amerika.  Han driv no med fiske o. a. 


YTRE MOBERG 22 (Hammarhaug). 

Ola Olson Klyve, f. 1892, kjøpte i 1933 eit stykke av br. 3 og bygde her.  G. 1938 Astrid Bernhards dtr. Midthus, Osøyri, f. 1908.  Ola er bygningssnikkar.  Likeins som broren hev han vore i Amerika i mange år.