Osboko

OSINGANE I FELTEN
Soldatar (Bondegutar) frå Os har vore med i mange krigar. Bla. var dei med når Tordenskjold slo svenskane i Dynekilen og Gøteborg. Dei har bla. kjempa i Sverge, Danmark, Tyskland, Frankrike og Afrika.
Her kan du lesa den spennande historien

Osingen 2023 er klar. 160 sider med 16 spanande historiar.
Du finn historiane hos Ark på AMFI, på Er-An Bilverksted (etter at kiosken på bensinstasjonen blei lagt ned) og på Bunnpris Vedholmen Landhandel.

Overtok eigarskapen til MS «Snøgg»

– Om ikkje den får status som verna, så er den historiske skuta ferdig.

Galne-måndagen
I Os Soga band 1, om «Helsa og Vanhelsa» kan vi lesa om denne dagen

Den største ulukka på sjøen hende den 11. mars 1822, »Galne-måndagen«, som denne syrgjelege dagen sidan vart kalla, og som ikkje vart snart gløymd.
Det var i sisste liten av vårsildfisket. Veret var godt um morgonen og mange båtar reiste ut. Mange farty tok ogso på heimveg den dagen avdi fisket var umlag ende. Ut på fyremiddagen, millom kl. 10 og 11, kom nordveststormen som sloppen ut or ein sekk, og attåt kom snjofoket so tjukt at ein ikkje såg neven framfyre seg.
På strekkjet millom Bømlo og Bergen forliste nær 30 jegter og større farty som var på heimferd frå fisket. Ennda verre gjekk det ut over fiskebåtane og ei mengd av desse spurdest ikkje meir.
Det vart uppgjeve at det kom burt 47 menneskje som høyrde heime i Os prestegjeld, og av desse var 10-12 frå Os-sokni. Det var fiskarar frå Hegglandsdalen, Lysefjorden og Søre Neset som kom burt. Fiskarane få dei andre grender i Osbygdi berga livet, men fleire av desse misste ogso sine båtar og fiskegreidor på »Galne-måndagen«.



Til ettertanke. Frå Os Soga, Jord og Eigedom, Vokster og Økonomiske tilhøve
«Men lensmannen i Os, Hans Hanson Lundarvik, var ikkje stort likare enn soldatane i Nordhordland. Til Hans Gaupholm, som var busett pa Ådland i Fusa, kom han ein dag medan kona i huset stod og kokte middagsmaten, supa til huslyden. Mannen kunde ikkje greida skatten, som elles ikkje var hans eigen skatt men ein rest som stod att på sjuke, fatiglemer og burtreiste. Då mannen ikkje kunde betala tok lensmannen gryta av elden, slog maten or gryta ut på marki, og for med den einaste gryta mannen åtte og skjeringi attåt. Lensmannen si framferd, serleg den ting at han i sovorne naudstider kasta burt den dyre maten, sette ny kveik i harmen som alt brann. Bygdefolket i Os, Fusa og Samnanger samla seg og sendte klage over lensmannen for hans uvyrdne framferd. Lensmannen kom for retten, men han fekk studnad av futen og skrivaren og bygdefolket kom ingen veg med han. Han vart likevel mykje spakare sidan når han krov skatt hjå bønderne, men namnet «Supanslensmannen»  fekk han hava til sin døande dag.»

«Å berga eit handverk»: Oselvarverkstaden er 25 år i dag

Annonse

Osaro 2020

Folket i Os

Osingen 2020 i salg

Os Soga

Osingar i felten
Osmønstring 1959

Osbanen

Den første bybanen
Organisasjonslivet

Osmønstring

Osmønstring 1949
Gaassand Kraftstasjon
Næringsliv og handel
Os sentrum 1968
Os Ungdomsskule

Osøyro ca. 1969

Osbilane