Kongshaugen på Hauge

Gavhaug frå ca. år 500 e.Kr.
Mannen som vart gravlagt her var kanskje «konge». I alle høve var han ein velholden mann. Ikkje alle vanlege folk vart gravlagde i ein slik haug.
Når han budde her hadde han vidt utsyn over land og sjø. I haugane bak, på gardane Hauge, Lyssand, Bø, Klyva og Molda hadde han sine heimtrakter. Her var godt jordbruksland, frodig skog, gode hamner, laks i Oselvo og fisk i fjorden. Han hadde det nok som «Kongen på haugen».
I artikkel FORNMINNE I OS av Haakon Shetling i Os Soga 1, side 82 står det.:
»På Hauge, fram mot bruni der bakken hallar nedover mot Solstrand, ligg det vyrdelegste fornminne i heile grendi.
Det er Kongshaugen (fig. 4), som vart utgraven for Bergens Museum i 1874. Haugen var bygt upp av rullestein og dekt med grastorv. På botnen, noko austanfyre midten, var eit stort gravrom av stein. Ein fann i dette eit tvieggja sverd med bein-handtak og leivder av sverdslira som var av tre (fig. 5), tvo spjotoddar, fleire pileoddar, ei øks, jarnbulen til eit skjold, ei leirkrukka og jarnskoringen til ei bytta av tre. Her hev ein hermann og hovding vore gravlagd, noko som ein kann sjå av gravutreidnaden og det storfelde minnesmerket. Gravi skriv seg frå 500 talet e. Kr.
Nordanfyre husi på Hauge hev vore fleire gravhaugar og dei er enno ikkje heilt burte. I ein av dei vart det grave i 1893, og ein fann då ei liti gravkista bygt av hellor. I gravkista stod ei leirkrukka full av brende bein. Her er soleis den døde brend på bål, og beini er gravlagd i ei urna. Av skapet på urna (fig 6.) kann ein sjå at gravi her må vera noko eldre enn gravi i Kongshaugen, og truleg er ho frå 300 talet.
Millom dei gravhaugar på Hauge som no er burte var ein liten rund haug som var kalla Askhaugen. Han vart jamna med jordi i 1871 for å gjeva tuft til eit hus. Ein fann då eit eineggja sverd, ein spjotodd, ei øks, tvo armringar av bronse, og ymse perler av rav og fleirfarga glas. Funnet låg under ei flat hella og i »ein viss orden« som det vart sagt av dei som fann desse forntingi. Gravi må vera lagt ikring år 800 e. Kr., og ho er av serleg interesse avdi her berrsynt er gravlagd ein mann og ei kvinna i den same gravi. Me finn her i denne gravi på Hauge eit hende som ikkje var so heilt sjeldsynt i vikingtidi, at mann og kona vart gravlagd ihop. Det var ogso rimelegt at so vart gjort når båe tvo døydde samstundes, men me hugsar ogso ymse ting i gamle sogeforteljingar, der det vert nemnd at ei kona heilt friviljug fylgde mannen sin i døden og gravi. Funni vitnar um at sovore også verkeleg kunde henda.
Som eit minnesmerke frå forntidi kan me kanskje og nemna ein liten bautastein på Haugstræet, litt austanfyre bronsealdersrøysi på Lurane. Dei fann han då dei arbeidde upp park på staden ikring 1900; han låg omvelt i lynget. Han vart reist på den flekken som han låg.
Ogso på Molda veit me om ei grav frå vikingetidi. Ho kom for dagen då det i 1885 vart rydja burt ei røys. Ein fann då eit tvieggja sverd, ein spjotodd og ei øks, soleis gravutreidnaden åt ein mann. «
Meir informasjon om fornminne i Os og gardane på Hauge kan du finna her


