HATVIK LAKSEVÅG
Frå OS SOGA III side 658 – 659
70. HATVIK LAKSEVÅG.
Hatvik laksevåg stend i matrikulen som serskild «gard» med eige gardsnummer, og me tek han difor med her.
Laksevågen her hev vore i bruk frå eldgamall tid, og det kann godt henda at vågen var brukt fyrr Hatvikgarden vart rydja og bygd.
Os prestebol åtte Hatvik, og tvillaust hev Ospresten ogso havt heilt rådvelde over laksevågen i eldre tider. Men det vart tevling um laksevågen. Som nemnt annan stad, s. O. B. I 217, 452 – 457 o. fl. st., var Lysekloster stødt ihuga for å få tak i laksefiske og lakseretter, og klostret fekk ogso tak i ein part av Hatvik laksevåg.
Truleg hev bispen i Bergen hjelpt til med at Lysekloster fekk tak i laksevågen her. Den fyrste laks, som kvart år vart teken i Hatvikvågen, sendte klostret med ein serleg bodberar som gåva til Bergensbispen. Me tore tru at dette var takk for hjelpi.
I 1668 heiter det um Hatvik: «Ligger 1 vog till som ehr 2 laxeverppe, som hr. Jens sielf lader brugge den 2 part udj det ene laxesede og leylendingen den 3 part, den anden laxesede liger under Lyse Kloster». Laksevågen var då skift millom presten og Lysekloster, og slik vart ogso tilhøvet seinare.
Som ein ser ovanfyre, dreiv presten Jens Loss og leiglendingen Johannes Hatvik laksevågen ihop i 1668. Året etter vart Kriatoffer Gårmann prest i Os, og han let ikkje noko av laksevågen frå seg til leiglendingen. Umfram sin eigen lut av vågen leigde presten Garmann ogso den parten som Lysekloster åtte, og rådde dermed over heile laksevågen.
Det heiter um Hatvik laksevåg ved matrikuleringi av Hatvik i 1723:
«Under denne gaard ligger 2 laxevaage, den ene kaldes Clostervaagen, og tilhører Lysekloster og bruges af presten i Os, den anden Prestevaagen tilhører og bruges af presten.»
Hatvikvågen var på dei tider rekna som den beste laksevåg i Os. Umfram Hatvikvågen var det då desse laksevågane i Os: Haugsneset, som var driven av Haugemennene, Karlsneset (Moberg) og Mobergs nye, som begge var drivne frå indre Moberg, Hardangkrogen, driven frå Søvik og seinare av Krokeidmennene, Ahlholm og Skotøysund, begge drivne av uppsitjarar på Lekven, Haugland og Sørstrønen, og Feratad og Lekven, s. Ferstad 1. Fleire av desse laksevågane vart elles nedlagde etter 1700, s. O. B. I 218.
Nils Leganger, som vart prest i Os etter Garmann i 1721, dreiv laksevågen åleine likeins som fyremannen, og lagde 6 dalar i årleg avgift for Lysekloster sin part. Etter presten Leganger sin død i 1747 dreiv ekkja hans, Maria Leganger på Ferstad, laksevågen radt til ho fall frå i 1777. Son hennar, Johan Leganger på Ferstad, hadde so laksevågen i 3 år til 1780. Året etter var ikkje laksevågen i bruk.
Hans Andersson Hatvik, som var busett i Hatvik, s. H. 1, bygsla laksevågen i 1782 for fem år. Han fekk bygsla pånytt i 1787 og 1702 for tvo femårsbolkar, men i næste femårsbolk var han berre årleg brukar. I 1803 fekk han bygsla pånytt, og Hans hadde no laksevågen tildess han flutte frå Hatvik i 1815. Likeins som dei fyrre brukarane lagde han 6 dalar i årleg avgift til Lysekloster. I åri 1800 – 1803, då det vart kleint laksefiske, slapp han leggja meir enn 3 dalar.
Anders Hansson Søvik, som var son åt Hans Hatvik, bygsla laksevågen i 1818 og hadde den til han fall frå i 1840. Vilkåri var dei same som fyrr. Leiglendingen Erik Nilsson Hatvik leigde so laksefisket nokre år, og då Engjel Hansson Holmefjord kjøpte Hatvik i 1849, fylgde prestebolet sin part av laksevågen med i gardkjøpet. Resten leigde han av Lysekloster.
Godseigar Formann på Lysekloster kjøpte Hatvik i 1859 og vart dermed eigar av heile laksevågen. Hans M. Tvedt kjøpte det heile av Lysekloster i 1872, og sidan hev Hatvik laksevåg fylgd Hatvikgarden.


