FISKE OG SJØFERDSLA
Frå Os Soga I side 212 – 225
FISKE OG SJØFERDSLA.
For ei bygd som ligg soleis til som Osbygdi høyrer fiske og sjøferdsla med til det daglege arbeidsliv. Dei fyrste som busette seg i bygdi var veidemenn og fiskarar.
Ogso dei fyrste rydjingsmenn og dyrkingsmenn dreiv fiske attåt jordarbeidet. Både i elvane, vatni og i fjordane gjekk det nøgdi av fisk, og fisket hadde stødt mykje å segja for mannen som skulde syta for livemåten åt seg og huslyden.
Nordmennerne lærte tidleg å bruka båt, og å byggja båtene. Ved hjelp av båten kunde dei ferdast frå stad til stad, fara lenger ikring etter livemåten, og koma lettare frå den eine landsluten til den andre. Ved å byggja større båtar vart det ogso mogelegt å reisa heilt ut or landet, når dette var turvande av ein eller annan grunn.
Me veit frå gamall tid hadde kvar bygd eller skipreide å syta for eit skip til bruk i leiding og ufred. Dette var store skip som kunde taka upp til 100 mann og meire. Og skipreidi sytte sjølv for bygnad av skipi. Når bygderne greidde å byggja sovorne skip so kunde dei sjølvsagt byggja mindre farty til vanlegt bruk, førslebåtar og ferdabåtar. Dei sisste var vel laga soleis at dei gjekk snøggare, både ved sigling og roing.
Ogso osingane bygde sine farty sjølv. Båtbygnad hev halde seg i Os stødt ned gjenom tiderne, og dette handverket hev tvillaust utgamall rot i Osbygdi. Korleis dei gamle osbåtane var veit me diverre ikkje, men truleg er den gamle osbåten ogso upphavet til den båttype, »Oselvaren«, som me hev i bygdi den dag i dag.
Kvar dei store leidingskipi hadde sin byggjestad og liggjestad i Os skipreide veit me ikkje. Det er ikkje i Os, soleis som i ymse andre bygder, noko merke etter naust eller anna for desse store skipi. Alle sovorne merke er burte. Det er truleg at liggjestaden og skipsnaustet var ein stad i Øyane, trulegst i nærleiken av Strøno. Me finn i gamle skrifter fleire gonger nemnd ein stad »Skipakrok« som etter samanhengen å døma måtte vera i Øyane. Det er ikkje utruleg at namnet kjem av liggjestaden for leidingskipet. »Skjeparvikjo« på Strøno hev ogso tvillaust fenge sitt namn som liggjestad for eit skip. Men um »Skjerparvikjo« er det gamle »Skipakrok« er uvisst.
Då leidingsskipnaden etterkvart fall burt som verne- eller ufredsskipnad og berre vart eit slag skatteskipnad so fekk dette mykje å segja for fartybygnaden i bygderne. Dei store leidingsskipi kom ut or bruk og nye vart ikkje bygde. Dei tunge tider som kom med danskeveldet sette vel ogso stogg i skipsbygnaden. Bygdefolket hadde ikkje råd til å byggja eller sigla med større farty. Men småbåtane var like mykje i bruk som fyrr, og båtbygnadskunsten døyd de ikkje ut. Osingane laga framleis sine færingsbåtar og trekjeipingar som dei fyrr hadde gjort, og dei brukte ogso båtane til ferdsla og til fiske.
Etter alt å døma hev osingane frå utgamall tid drive fiske på sjøen. Til kvar gard, sjølv um han låg langt fra sjøen, høyrde eit naust og ein båt. Båten var sjølvsagt turvande til ferdsla, byferder o. 1., men var tvillaust ogso brukt til fiske. Dette gjaldt både heimefiske og fiske ikring i fjordane, Lysefjorden, Krossfjorden, Bjørnafjorden og greinerne frå denne. Og det gjaldt ogso dei større fiske, serleg vårsildfisket, eller som dette mest var kalla i Os, havfiskeit.
Osingane reiste mannjamt på vårsildfisket, både nordetter og søretter. Me finn soleis at i 1655 hadde mennerne på Lyssand vore nordetter på vårsildfiske, m. a. hadde dei vore ved Kinn, der ein av karane hadde knipe seg ein sekk mask. På »sørafiske« var osingane kvar vår, utan at ein nett kan finna ut kor dei var og fiska. Det var garnfiske dei dreiv, og det hende jamt at det var strid og ufred millom fskarane. I 1681 vart soleis Servollsmennerne tekne for retten avdi dei hadde trekt upp Lars Berge sine garn og teke sildi or desse. Det kom jamt ein og annan mann burt under fisket, og det vart då sagt og skrive at »han bleiv ved havet», eller »han kom burt i havfisket«. Det var dei vanlege gardbrukarane som var fiskarar. Um sumaren arbeidde dei med gardane sine og um vinteren var dei i fisket. I kvart hus var anten husbonden, sonen eller drengen ute, og jamt var tvo og tri or huset »til havs«.
Kvar mann hadde eit eller fleire sildegarn, og me finn vanleg sovorne nemnde i erveskifterne. Desse gjev ogso greida på andre fiskereidskaper som er brukt i Osbygdi. Ved eit skifte på Ferstad i 1669 er soleis nemnd at mannen åtte: Ein færingsbåt, ein notebolk og tvo sildegarn. Grannen åtte helvti i ein båt, eit sildegarn og eit handsnøre. Ein mann på Haugland som døydde i 1670 hadde av fiskegreidor: Eit sildegarn, eit fiskesnøre med blystein og eit vadbein. Då Johans Hatvik døyd de i 1695 hadde han m. a. desse sjøgreidor: Tvo laksenøter, ei ny fiskenot, ei liti silde- eller mortenot, eit torskegarn, eit sildegarn, eit snøre med bein og blystein, ei djuplina, fleire smålinor, tvo færingsbåtar og ein ottringsbåt med segl og reidskap. Etter det ein kann skyna er det den store havbåten som her er kalla ottringsbåt.
Kva fortenesta fisket kunde gjeva hev me diverre liti greida på for dei eldre tider. Men det er visst at i gode fiskeår var fisket, kanhenda serleg vårsildfisket, til overlag stor økonomisk studnad for dei på jamnen fatige bønderne i Os. Ein gut som hadde vore med i vårsildfisket frå 1775 til 1785 fekk i 1782, då det var eit storfiske, 37 daler på heil lut. I dei andre åri fekk han mykje mindre, i sume år berre tvo-tri daler på luten.
Fisket var ikkje ujamt berre i einskilde år, men ogso i dei ymse tidbolkar. Etter ein bolk med gode fiskeår kom fisken og sildi heilt burt med ein gong, det var »svartår«, og det kunde gå lang tid fyrr det vart fiske att. Etter ein lang god fiskebolk kom sildi soleis heilt burt i 1567, og det kom då ei lang rekkja svartår. Både på 16 og 17 hundradtalet var sovorne svartårsbolkar. Bygdefolket trudde at når sildi fôr burt, so var det ei straff for noko vondt som var gjort, anten av folket sjølv eller av styremakterne. Då sildi i 1567 gjekk burt so tok folket det som ei straff avdi lensherren på Bergenhus, Kr. Walkendorf, det året tok sildetiendi frå prestane. Det hende jamt at ein svartårsbolk på sjøen fall saman med ein grønårsbolk på land, og i sovorne bolkar vart det naud og sveltihel i bygderne.
I 1797 stogga vårsildfisket upp, og i 10 år vart no vårsildi umlag heilt burte. I desse åri var det ogso sers smått med anna fiske. Men i 1807 tok vårsildfisket seg uppatt. Fisket byrja då i fyrsten av januar, og osingane treng ikkje reisa lang veg etter sildi. Dei låg ute ved Glesvær og andre stader i Sund og Austevoll frå midten av januar til utgangen av mars. Frå Osbygdi reiste dei ut alle som kunde fara, gjerne tvo tri mann frå kvart hus.

Dei hadde ikkje nok av vanlege garnbåtar til alle, – desse båtane hadde vanleg 4 mann og 8 garn umbord, – og mange måtte difyr bruka småbåtar, færingar og trekjeipingar, som berre kunde taka 2 mann med sine 2 garn kvar. Ogso fleire av åri etter 1807, serleg 1810, 1813 og 1816 var gode vårsildår, og det var mykje dette som heldt liv i folket i dei harde krigsåri.
Ogso torskefisket hadde mykje å segja, og i sume år kunde dette gjeva like stor vinst som vårsildfisket. I åri frå 1787 til 1796 var det eit storveges torskefiske i Fjordane, og det hende at ein mann tente millom 50 og 100 dalar um vinteren ved dette fiske. I 1793 fekk dei so mykje torsk på garn i Bjørnefjorden at dei hadde ikkje set make til det på 40 år. Det gjekk torsk inn i alle sund og vikar. Men i 1797 vart torsken burte likeins som vårsildi, og det gjekk no mange år fyrr det vart noko av torskefisket att.
Brislingfisket er ogso gamallt i fjordane her, og det hadde mykje å segja for sume luter av Osbygdi. Det var mange notlag i Øyane, Lysefjorden og Neset, og i sumarmånaderne reiste desse ikring fjordane »på kasting«. Etter det landhandlar Krüger fortel i ei melding frå 1817, so kom størja kvar Larsokdag, 10. august, jagande med brislingen. At størja fylgde so vel med i almanakken er likevel lite trulegt. Det var mest i Sævareidfjorden, Eikelandsfjorden og Samnangerfjorden at notlagi frå Os »kasta« og sette sildelås. Me ser m. a. at i 1774 var det innkalla fleire osingar som vitne i ein strid um landslut millom Helland og Lundarviki i Eikelandsfjorden. Av vitni var det 2-3 gamle notbasar og fiskarar frå Sørstrøno og Ferstad i Os, og desse vitna m. a. at dei hadde drive brislingfiske der inne i Fjorden i 40-50 år.
Elles ser det ut til at notlagi frå Os reiste ikring i fjordane tidleg på året, fyrr størja kom med brislingen. I 1782 låg det soleis tidleg på fyresumaren, 14 dagar fyrr pinstidhelgi, fleire notlag ved Krokeid i Fana. Sume av notlagi hadde då sild i båtane. Det kom der til eit lite slagsmål som enda med ei rettssak, avdi ein mann frå Sandtorv i Sund slog ein gut frå Osøyri over ryggen med ei sildekjipa so han datt i båten.
Seifiske i fjordane var ogso vanlegt i sumarmånaderne. I den ytste luten av Osbygdi dreiv dei mykje med kveitefiske i Krossfjorden og Bjørnefjorden, Kveitefisket gjekk fyre seg i november og desember. Likeins var fiskarane frå desse grender ute etter hummaren som dei tok i teiner. Elles var det ymse småfiske heime og ute. I fyrsten av 1700 talet hadde dette småfiske mykje å segja for livemåten og innkomorne i Osbygdi, men det minka noko etterkvart. I sisste halvparten av århundradet var det dei større fiske, vårsildfisket, torskefisket og brislingfisket som hadde noko å segja for innkomorne.
Me hev enno eit fiske å nemna som serleg i dei eldste tider var sers vigtugt, nemleg laksefisket i sjøen og elvane. Oselvi var ei god lakseelv, og radt frå gamall tid var fisket der mykje påvyrdt. Lysekloster hadde alt i fyrsten av 1200 talet fenge tak i største retten til laksefisket i Oselvi, og denne retten hadde klostret gjenom tiderne. Men klostret var ikkje nøgd med berre å ha største retten, det vilde ha heile fisket i elvi, og um dette vart det mange og lange strider. I kring år 1300 var det soleis ein lang og beisk strid som vara i nær eit halvt hundrad år. Sjå um denne striden i bolken um Lysekloster.
Det var serleg prestegarden sitt laksefiske som var ei flis i auga for Lysekloster, og klostret freista gang på gang å rana dette fiske til seg. Ogso andre var ute etter dette fisket. Soleis freista Vincenis Lunge fleire gong er å få tak i fisket, men ved dom og skyn fekk prestegarden kvar gong berga laksekjeri sine. Erik Rosenkreniz freista ogso å rana laksefisket. Han fekk Lysekloster i forlening i 1560, og noko av det fyrste han gjorde som lensherre i klostret var å få tak på heile laksefisket i Oselvi. Han freista å få prestegarden sitt laksefiske lagt til garden Hauge som åtte på hi sida Oselvi, og dermed vilde Lysekloster verta eigar av heile fisket i nedste luten avelvi. Det vart då halde skyn med skynsmenn frå framande bygder i Nordhordland og Sunnhordland, men ogso desse dømde at prestegarden skulde få ha sine laksekjer standande som fyrr. Men Erik Rosenkrantz gav seg ikkje for det. Han fann fram eit gamallt dokument um at Lysekloster ein gong i tidi hadde havt noko med laksefisket på prestegarden å gjera,
– denne klostret sin fiskerett var elles bytt til prestegarden imot at Lysekloster fekk garden Hisdalen i Samnanger att istaden,
– og Erik Rosenkrantz let no utan vidare futen på Lysekloster, Nils Lauritsøn, taka heile laksefisket, ogso den part som høyrde til prestegarden. I 1569 vart det ny sak og dom att, men prestegarden fekk rett likeins som fyrr. Og ved eit skyn som vart halde 1. juli 1569 av tolv av dei beste menn i Osbygdi vart domen i saki atter stadfest. Det stod då mange laksekjer upp gjenom Oselvi på begge sider av djupålen, som var og skulde vera fri. Nils Lauritsøn godkjende ikkje domen, men då det straks etter kom ny lensherre og ny fut i Lysekloster, so vart det den gong ikkje gjort fleire freistnader på å rana laksefisket frå prestegarden.
Som ein ser vart laksen i Oselvi teken i kjer. Det var laksekjer mange stader upp igjenom elvi, soleis finn me at garden Lund hadde laksekjer i elvi frå 1740 til langt fram i 1800 talet. Truleg hadde det ved Lund vore laksekjer ogso frå gamall tid. Laksekjeri nedanfyre prestegarden stod til fram i 1880 åri og bægjegardane som høyrde til laksekjeri syner den dag i dag.
Laksen fær ikkje gå heilt uhindra upp gjenom Oselvi sjølv um laksekjeri kom burt. Han vert no teken utanfyre elveosen i not, i tidlegare år ved sitjenot og i den seinare tid ved kilenøter. I sjølve elvi vert no berre fiska med stang. Fiskeretten i Oselvi fylgde med gardane ikring, og då Lysekloster selde gardane til Osbønderne fekk desse ogso fiskeretten attende. Stangfisket i elvi er no leigt burt, medan bønderne sjølv hev fisket utanfyre elveosen. Det gjeng enno mykje laks upp gjenom elvi og ho er rekna for ei god lakseelv. Fisket kann der taka til so snart det vert løyve til å fiska um våren, og dei fyrste laksar som um våren kjem på torget i Bergen er vanlegt frå Oselvi.
Ogso i sjøen var sume stader godt laksefiske. Det var frå gamall tid fleire serleg skyldsette laksevågar i Osbygdi. Ikring år 1700 var desse laksevågane i bruk: Haugsneset, Hatvik, Karlsneset (Moberg), Mobergs nye, Alholm, Skåtesund, Hardangkrok, Ferstad, o, fl. små laksestader. Nokre av desse laksevågane finn ein ogso nemnd i fyrsten av 1600 talet, og var truleg eldgamle i bruk. Men berre dei 3 fyrstnemnde vart drivne stødt. Ferstad laksevåg var ikkje i bruk etter 1725, Alholm og Skåtesund var jamt ute or bruk og gjekk heilt ut i 1742, Hardangkroken laksevåg gjekk or bruk i 1747 etter at dei 10 gardbrukarane på Krokeide ei tid hadde havt fisket der, og i Moberg nye laksevåg stogga fisket 1797. Lekven laksevåg finn ein ogso nemnd frå 1600 til ikring 1670. Etter 1700 ser ein ikkje noko um denne laksevågen, soframt det ikkje er den same som seinare kallast Ferstad laksevåg.
Det var jamt strid um fisket i desse laksevågane. I 1632 var det soleis ein strid millom Ferstadmennerne og dei som hadde rett på Laksefisket i Lekvenvågen, og striden tok seg uppatt i 1670 åri. Ferstadmennerne var sinna for at dei som sette noti på Lekvenvågen kvart år sette henne lenger og lenger ut mot neset. Dette skulde dei ikkje ha rett til, og difyr hadde Ferstadmennerne beint fram teke ilane upp og kasta laksenoti på land. Det vart dømd soleis i saki at noti skulde setjast lenger ifrå neset.
– Av denne saki og likeins av domen i 1632 gjeng det fram at det frå utgamall tid hadde vore laksenot i Lekvenvågen, og likeins ein notevoll upp på landet som ogso høyrde laksevågen til.
Kvar mann heldt alltid hardt på sin rett når det gjaldt laksefisket. Ogso når det gjaldt mindre fiskeretter kunde det verta strid og usernja um fisket. Ein ser soleis at i 1668 kom alle 3 mennerne på Servoll i strid um fisket i den vesle bekken som kom ned ved Servoll. Det kom til eit rettelegt slagsmål, og tvo av grannane reiv skjegget av den tridje. Han møtte sidan upp i retten og synte fram skjeggdottane som dei andre hadde rive av han. Og det var ikkje små skjeggdottar han lagde på bordet.
Vanlegt var det mannen på garden som ogso dreiv laksefisket. Men på sume stader der det ikkje høvde gardbrukaren å stella med laksenoti sjølv leigde han lakseplassen burt til andre. Det var då serleg folk frå Osterfjorden som leigde lakseplassane. Til Os kom sovorne straks etter krigsåri 1807-14, og bisp Neumann fortel at det i 1820 åri sat mange Ostringar på laksegiljorne i Os og andre Sunnhordlandsbygder. Dette heldt seg upp gjenom tidi radt fram til sisste hundradårsskifte, og i Os fekk Ostringane so godt tak på laksefisket, at namnet »lekseosiring« vart brukt um alle som sat på ei laksegilja og stellte ei laksenot, sjølv um dei aldri hadde sét salt sjø i Osterfjorden.
Som nemnd var det serleg fisket som heldt livet uppe hjå folket i dei harde uåri og ufredsåri 1807-1814. Men ogso etter den tid var fisket til stort gagn for Osbygdi. Vårsildfisket heldt seg storveges i 1820 og 1830 åri og dette hadde atter mykje å segja for ymse anna arbeidsliv i bygdi. Det vart meir spurnad etter båtar og båtbygnaden auka. Likeins vart det stor spurnad etter tunnestav og etter band og bandestakar som på mange gardar i bygdi gav ei god attåtinnkoma. Det var ogso nokre gode brislingår, men fisket var meire ujamt. Etter 1850 vart det for det meste kleine fiskeår og vinsten av fisket var lite. Utlogorne ved fisket var mykje dei same anten fisket slog til eller ikkje, og det var ikkje småsumar som skulde til når det frå kvart einaste hus i bygdi skulde reidast ut ein mann eller tvo til ein 8-10 vikors tur i vårsildfisket.
Det fyrste som det vart spurnad um var ein høveleg båt. Ein stor garnbåt til 4-5 mann, eller »havbåt« som desse var kalla i Os, kosta millom 20 og 30 daler. I 1860 åri gjekk prisen upp til millom 30 og 40 daler for ein havbåt. Kvart garn med kaggar og tog kosta 2-3 daler. Utreidnaden elles vart ogso dyrare etterkvart. Fiskarane hadde tidlegare havt ei einfeld og billeg sjøhyra. Klædi var berre dei vanlege, soleis som dei brukte dei heime i gardsarbeidet. »Styvlarne« var berre vanlege tresko som var påspikra eit stykke skinn. Sume hadde låge skinnsko med snjosokkar til livd for leggjerne. Men etter krigsåri vart utreidnaden betre. Dei byrja då med skinnklær i fisket, og etter kvart kom ogso oljeklær og høge sjøstyvlar i bruk. Ikring 1840 hadde storparten av dei som reiste i vårsildfisket full »sjøhyra«, d. v. s. oljeklær og sjøstyvlar.
Etter ei uppgåva i 1850 åri var utreidnaden for ein mann som skulde i vårsildfisket soleis:
Av klær: 3 skjorter, 3 undertrøyor, 3 underbuksor, 3-4 par sokkar, 2 buksor, 2 vestar, 3 trøyor, 2 par votter, 1 huva, 1 sydvest, l olje- eller skinnbuksa, l oljetrøya, 1 par sko og 1 par sjøstyvlar, det heile til eit verde av umlag 25 daler.
Av matvaror: 1 vog mjøl til graut, ¾ tunna mjøl til brød, 3 skjeppor poteter, 2 bismerpund kjøt og flesk, 16-20 kannor sur mjølk, 12-18 merker smør, 2 pund kaffi, 5-6 flaskor brennevin, dertil ein grand gryn, erter, sirup og tobak, ialt for 8-10 daler i matvaror.
Attåt dette måtte fiskaren ut med 2-3 daler for husvære under fisket, anten iland eller på losjifarty, og det gjekk vel ogso nokre ort til andre upårekna utlogor.
Det skulde soleis eit godt fiske til um fiskaren kunde koma skadeslaus heimatt frå vintersildfisket. I 1850 åri tente notfiskarane berre 10-15 daler på lut og garnfiskarane 10-20 daler. Det vart då ingi fortenesta, knapt nok til utlogorne. I 1860 åri var det litt betre, dei fleste åri upp til 30 daler på luten, men det vart heller ikkje då stor fortenesta på fisket.
Ogso etter 1800 var osingane mykje ute i brislingfisket um sumaren. Fisket fall svert ujamt, og det vart jamt berre tap for fiskarane. Men sume år kunde ogso dette fiske gjeva god fortenesta. I 1844 var det eit uvanlegt rikt brislingfiske, og ein reknar med at det den sumaren kom minst 6000 daler til Ossokni av brislingfisket. Det vart etter dette storfiske skipa fleire notlag og kjøpt fleire kastenøter i Os, og ein storpart av Osbønderne freista seg no i brislingfisket um sumaren. Men eit sovore fiskeår som det i 1844 kom ikkje att, og det vart i åri frametter like jamt tap som fortenesta for osingane i brislingfisket. I 1864, som var eit av dei betre år i denne tidbolken, fiska osingane for 7-800 daler i brisling, skift på 10-12 notlag.
Fisket i fjordane etter sei, torsk og annan fisk vart drive som fyrr gjenom heile århundradet og var ei god hjelp til hushaldet på gardane. I 1860 var det eit sers godt seifiske. Det vart då seld 400 voger sei frå Ossokni og 10-12 tunnor lyse (tran). Men elles var 1850 og 1860-åri ei trang tid for fiskarane med liti fortenesta. Og det var ikkje berre fiskarar i Os som hadde det trangt, det var likeeins for folket i dei fleste sjøbygder. I ei melding frå 1860 segjer fylkesmannen i Hordaland um havstrilen og fiskaren:
Når guten hev samla seg so mange pengar ihop at han kann kjøpa seg eit fiskesnøre og ein færingsbåt so gifter han seg. Han fær barn kvart år, liver av sild, poteter og vatn når fisket er smått, av kveitebrød og kaffi når fisket er godt, kollsiglar og druknar um stutt eller lengere tid, og gjev fatigkassa kona og borni til forsyting.
Sjøen var frå gamall tid den vanlege ferdslevegen. All ferdsla bygd og bygd imillom, og likeins millom byen og bygdi, gjekk sjøvegen. Vareførsla att og fram gjekk ogso med båten, og det gjaldt difyr stødt å ha brukande båtar. Som nemnd hadde umlag kvar gard i bygdi sitt naust, og i dette stod både færingsbåtar og ein trekjeiping. Sume av nausti måtte ogso vera so store at dei kunde hysa havbåten, garnbåten, som vart brukt i fisket. Trekjeipingen var mest nytta til byferder. Hadde ein attimillom sers mykje vara til byen, ved, kol, tunnestav, band, e. 1., so måtte ein ogso taka havbåten til byferd. I skyssferd med »storfolk« måtte jamnast trekjeipingen ut. Dei hadde sjølvsagt segl til båtane, men ein høyrer svert sjeldan um at dei sigla. Når ein finn nemnd noko um båtferd i bygdi i eldre tid so heiter det alltid at dei rodde. Etter 1800 finn me ein og annan gong nemnd at ein mann «kollsigla» og drukna under sigling, men fyrr heiter det berre at han »bleiv« eller »kom burt på sjøen».
Dei største farty som me finn brukte i Osbygdi var jagter. I 1600 åri finn ein av og til nemnd at ein mann kom burt på sjøen frå ei jagt. Kvar desse jagterne var bygde og kven som åtte dei finn me ikkje nemnd. Men tvillaust var dei ikkje bygde i Os, og kannhenda høyrde dei heller ikkje heime der, sjølv um dei gjekk i ferdsla på Bjørnefjorden og hadde osingar til mannskap umbord. I det 16de og 17de hundradåret var det vel få eller ingen osing som hadde råd å eiga jagt. Dei einaste osingar som me i eldre tider finn nemnd som jagteigarar var dei tvo grannane Ola Olson og Ola Bårson Sørstrøno. Dei døydde begge i 1698, og ved skiftet vart det uppgjeve at Ola Olsen åtte »1 jagt med behørig« til eit verde av 10 daler, og at Ola Bårson likeins åtte »1 jagt med tilbehøring« verd 5½ daler. Truleg var det same jagti som dei åtte ihop. Halvard Røttingjo åtte for ein daler i seglet på jagti.
Fyrst etter 1800 finn me fleire jagter som med vissa høyrer heime i Os. Av osingar som då hadde jagt kann ein nemna brørne Heldor Lønningdel og Stein Lepsøy, Ådne Sundøy, likeins brørne Søren og Jens Kvalesund, og sidan Engel Hatvik, Ola Berge, brørne Jakob og Hans Hegland o. fl. Dei fleste av desse reiste på Nordland og Finnmarki ei tid av året.
Desse jagter vart for det meste kjøpt frå Hardanger. I 1820-30 åri freista dei litevetta med bygnad av større farty i Lysefjorden, men det vart ikkje mykje av det. Desse farty, som elles vart bygd mest til eige bruk, kunde ikkje greida seg i tevlingi med dei farty som kom frå Kvinnherad, Jondal, Strandebarm og andre bygder, der denne fartybygnad hadde gamall rot. Osingane heldt seg difyr atter til båt-bygnaden, der dei framleis gjekk i brodden, og bygnaden av jagter vart ikkje teke uppatt.
Det vart ikkje mange eller store farty i Osbygdi. Det var truleg pengane som stødt vanta. I 1860 var det 10 farty, jagter og skøytor, som høyrde heime i Os. Fortenesta ved siglingi med desse vart då rekna til 400 daler, 40 daler for kvart farty. Etter kvart gjekk jagterne ut og skøytorne rådde grunnen åleine. Det var ikkje store farty, den vanlege storleik var at dei kunde taka eit hundrad mål sild, og den meste ferdsla og fortenesta hadde dei av sildeføring i vårsildfisket. I gode år kunde ei skøyta tena 5-600 kroner og meire ved sildeføringi. Ogso føring av fisk hjelpte på fortenesta. I 1880 – 90 åri då handelsmann Johnsen på Vedholmen kjøpte og verka upptil 60-70000 torsk um året hadde fleire Osfarty arbeid med fiskeføring. Millom fisketiderne gjekk skøytorne i ymse slag ferdsla. Etter sisste hundradårsskiftet gjekk det attende med seglskøytorne. Det var motoren som då kom i bruk og som sidan hev sett merke på farty og sjøferdsla. Dei gamle seglfarty, storbåtar, førsle- og fiskebåtar, kom snøgt burt og motorbåten vart einerådug i Fjordane. I 1928 var det i Os 53 farty som vart brukt i fiske og sjøferdsla, og alle desse hadde motor. Storparten av dei var småfarty med motorar under 20 hestekrefter. Berre 1 farty hadde motor som var større enn 40 H. K., 1 farty hadde motor millom 30 og 40 H. K., og i 12 farty var motoren millom 20 og 30 H. K. Dei nemnde 53 farty hadde ei samla motorkraft av 554 H. K. I 1930 var det 45 farty med 599 H.K. motorkraft.
Som motorbåten no er vorten einerådug i fisket hev han ogso fenge råderomet i onnor sjøferdsla. Han er fiske- og førslebåt, skyssbåt, kyrkje- og bryllaupsbåt, gjer ferdi lett og vegen stutt. Enndå til dei små færingsbåtane, oselvarane, kann ein no sjå fara etter fjorden utan åror og segl, men med ein liten motor hengd på eine æsingi eller bakskuten. Me er komen inn i motortidi, men enno berre i fyrste bolken. Den fulle verknad av det som motoren kann gjera for fiske og sjøferdsla vil truleg fyrst syna seg I komande ættleder.
I fisket si soga var det ogso eit tidarskifte ikring 1860. På denne tid tok osingane til å vera med i fleire slag fiske enn fyrr, soles i feitsildfisket. Ikring jonsok reiste osingane nordover, i dei fyrste åri til Møre og Sørtrøndelag, men seinare heilt upp til Nordland og Trums. Det var notlag som reiste nordover, vanleg 17 mann i kvart. Turen vara til seinhaustes, i sume år til nær inn under jol. På ein »god tur« kunde fiskaren tena 4-500 kroner, men det hende ogso at dei berre fekk 100 kroner på luten. I slutten av 1880 åri tok nordlandsferderne frå Osbygdi til å minka og kvarv etterkvart umlag heilt burt.
Ogso i vinterfisket kom det nye vegar. Medan osingane fyrr hadde reist nordover etter nyttår og jamt so seint som kyndelsmess tider, so byrja dei frå 1860 å fara nordover fyrr jolehelgi. Dei var då med i torskefisket ved Kinn og Batalden og videre i »Norafisket« (sildefisket). Ein »noratur« kunde i vanlege år gjeva upptil 50 daler på luten. Fisket var garnfiske. Dei var 4-5 mann på kvar båt og kvar mann hadde 2-3 garn. På ferdi slog jamnast 5-6 båtlag seg saman um å leiga ei jagt eller stor skøyta til »lossementa«, herbyrge, og dei kunde soleis vera upp til 30 fiskarar i lag. Ikring kyndelsmess reiste osingane sørover att og var med i vårsildfisket, »Sørafisket«, som vanlegt. Ikring 1880 stogga fisket mykje upp ved Kinn og Batalden, og frå den tid vart det slutt med osingane si ferd i »norafiske«.
Etter 1880 vart ogso vårsildi burte og ho kom ikkje att fyrr i 1889. Osingane tok då ikkje fisket upp att i so stor mun som fyrr. Medan dei tidlegare hadde reist mannjamt frå alle grender vart det no berre folk frå ytste luten av bygdi som for i vårsildfisket. Det vart no ogso drive vårsildfiske med not, og dei fyrste osingar som tok til med notfiske var eit lag frå Røttingjo. Fisket vart ikkje årvisst, og fortenesta vart enndå meir ujamn enn noko tid fyrr. Dette gjorde at fleire og fleire slutta med fisket. I dei sisste åri hev det vaore få osingar med og held det fram i same leid so vil osingane sitt vårsildfiske snart vera »ein saga blott«.
Det same gjeld mykje brislingfisket. Ogso dette fiske vart svert ujamt, og med dei store og dyre nøter som trongst til fisket vart det jamt tap istadenfor fortenesta. Medan det fyrr hadde vore brislingnotlag i dei fleste grender i bygdi vart det frå 1880 åri berre lag frå Neset, Lysefjorden og Øyane som freista seg i dette fiske. I 1912 kom den fyrste snurpenot til bygdi, og sidan hev brislingfisket berre vore drive av nokre snurpenotlag frå Sørøyane. Ein nokre osingar er ogso vanleg med i brislingfisket som lutmenn i snurpenotlag frå andre bygder.
I 1881 reiste eit notlag frå Os på sildefiske ved Island, men det vart med dette eine året. Etter at fisket med snurpenøter tok til hev det jamt vore osingar med i Islandsfisket, men noko samla notlag frå Os hev ikkje vore med.
Ikring 1890 kom osingane med i mekrelfisket i Nordsjøen. Ein tur etter makrel um sumaren tok 7-8 vikor og fortenesta kunde i sume år vera rett god, upp til 5-600 kroner på kvar mann. Til makrelfisket vart brukt større farty, kuttarar, som vanleg vart kjøpt frå England. Då krigen byrja i 1914 måtte makrelfisket i Nordsjøen stogga, og sidan hev det ikkje vare teke upp att av osingane.
Heimefisket hev ogso minka. Kveitefisket i Krossfjorden og Bjørnafjorden vert vel drive enno, men ikkje langt nær so mykje som fyrr, då det fleire stader i bygdi vart sett upp serskilte sjøbuder for å ta imot kveita. Um sumaren freistar mange seg med snøre- og linefiske i fjordane, og det hev i dei seinare åri jamleg vore gjort makrelsteng i den ytre luten av sokni. Fisket hev enno mykje å segja for Osbygdi, um ikkje langt nær so mykje som fyrr. I 1920 var det 95 mann i bygdi som dreiv fiske og av desse hadde ikring helvti det som attåtarbeid. Dette er ein stor nedgang frå 1870, då umlag kvar einaste vaksen karmann i Osbygdi dreiv fiske, anten som attåtarbeid eller som hovudyrke.


