HELG OG HØGTID
Frå Os Soga I side 279 -318
HELG OG HØGTID.
Helg og høgtid stend for oss som nær knytt til kyrkja og kristendom. Me hev vant oss til å rekna våre høgtider som noko med upphav i kristen sed og skikk, og me kann knapt tenkja oss at dei festar som me no held til minne um dei store hendingar i kristendomen si soga kann ha si rot mykje lenger attende i tidi.
Men likevel er det soleis. Fleire høgtider kann ein fylgja attende til heidne tider, til tider og ætter som ikkje hadde noko slag kjennskap til kristendomen. Både i auster- og vesterlandi finn ein sovorne festar hjå dei ymse folk. Ogso dei gamle nordmenn hadde festar og høgtider i året, mest i samband med skiftet i årstiderne, og sume av våre kristne høgtiderer eit beintfram framhald av desse.
Soleis ogso med vår største kristenhøgtid, jolehelgi. Jolefesten hev sitt upphav frå eldgamle tider, frå tidbolkar som er mykje eldre enn kristendomen her i landet. Umlag midt på vinteren, i fyrste luten eller midten av januar, heldt dei gamle nordmenner ei stor blothøgtid. Etter det ein kann skyna var høgtidi haldi ved fyrste nymåne etter at soli hadde snudd, og var på same tid ein fest for soli si atterkoma og for det nye året. Jolefesten var soleis både ein solfest og ei nyårshøgtid.
Då kristendomen kom med kristne høgtider og helgedagar, tok den ogso den heidne solfesten i bruk. Det vart berre påskøytt ein ny tydnad av festen attåt den gamle. Umframt å vera solfest og nyttårshøgtid vart den no ogso ein fest for Kristi fødsel, og den store høgtidsdagen vart lagt til 6te januar, og seinare til 25. desember, 3 dagar etter sol-vendingi. Høgtidi fekk framleis namnet jol eller jolehelg av det gamle ordet jol, som frå fyrst av var namn på midt-vintertidi eller på månaden desember.
Jolehelgi vart den fyrste og største festen i året. Høgtidi tok til jolafta, sume stader radt 3 dagar fyrr jol, og vara alt til tjugandedagen. I dei fyrste hundradåri etter Kristus vart joledagen som Frelsaren sin fødedag høgtida den 6te januar. Seinare vart han flutt fram til 25de desember, og den gamle joledagen vart då rekna som Heileg 3 kongers dag, »Trettandedag« eller »Trettande helgi«. Men minnet um joledagen på 6te januar hev vara gjenom tiderne radt upp til våre dagar og våre bygder. Ei gamall kona på Tveit som døydde i 1899 kalla soleis altid trettandedagen, 6te januar, for »den store joledagen« og »den gamle rette joledagen«. Og mange andre gamle rekna likeeins.
Mange av dei gamle truer og skikkar som knytte seg til den heidne jolefesten gjekk ogso over i kristnetidi. Joli var på den myrkaste tid av året. Alle troll og uvette som høyrde myrkret og vondemagterne til var då ute i herjing. I den ljose årstidi heldt utyski seg i jord og berg og fjell, men når myrketidi kom so krauna dei ut. Dei heldt seg i myrkret og tolde ikkje sol og ljos. Difyr gjaldt det um å lysa upp i »myrkedagane«, dei tider då soli snudde. Jolenotti måtte elden brenna på åren heile notti, og ljosi som var støypte til bruk i jolehelgi måtte ikkje slokna. Det var vanleg skikk at eit eller fleire av folki i huset sat uppe jolenotti for å vakta på at elden og ljosi ikkje slokna. Det var elles ikkje berre um jolenotti at ljosi måtte brenna, hadde ein ljos nok so brann dei kvar nott heile helgi igjenom. Radt til no hev den skikken halde seg i Osbygdi at ljosi må brenna notti over i jolehelgi. – Notti til trettandedag måtte det brenna 3 ljos i stova likeins som jolenotti.
Det var ikkje berre troll og tussar som kom fram, men ogso dei døde gjekk att i myrkedagane. Jolereidi eller joleskreidi var ein flokk av daudingar som ikkje fekk ro i gravi joletider. Trui på joleskreidi som heldt seg radt upp til det 19. hundradåret er ein arv frå heidnetidi. Joleskreidi reid over bygdi um jolenetterne og gjorde skade på hus, folk og beist. Men var det ljos i stovorne og dugelegt med tjørekrossar på dører og beiteskidor, både i heimehus og uthus, so måtte joleskreidi rida utanum tunet. Ei gamall kona i Os fortalde nyss at ho i sin ungdom hadde set joleskreidi ei jolenott. Sume i skreidi reid på hestar, andre på bukkar, nokre reid på soplingar og kosteskaft og eit kvinnfolk som var med i skreidi reid på ein kvernekall. Det tykkjest som um ein her i bygdi hev blanda saman joleskreidi og hekserne som reid til Bloksberg um jonsoknotti.
Det var vanleg tru at både joleskreidi og andre utyske helst vilde vitja uthusi, fjos, bud og stabur. I stova var det tryggare og på sume gardar låg difyr heile huslyden i stova jolenotti. Ogso gardvorden, jolenissen, heldt seg mest i uthusi. Ein sette difyr gjerne litt øl og mat burt i budi eller ut på tunet jolafta. Etter at stjornet var ferdugt jolaftans-kvelden måtte ingen gå ut på tunet soframt han ikkje vilde missa helsa. Joleskreidi og dei andre troll spara ingen som dei fann utanfyre husi jolenotti.
Um det soleis knytte seg gamle og heidne truer til jolehelgi so rådde ikkje desse grunnen åleine. Dei kristne truer og skikkar sette likevel dei sterkaste merke på høgtidi, sjølv um det ogso i desse kunne blanda seg restar av gamal overtru. Etter 1800 tok ogso trui på joleskreidi og anna trollskap mykje av, og istadenfor å vera ei trolltid og reddslehøgtid vart jolehelgt etter kvart ei verkeleg gledeshelg.
Joleståket byrja fleire vikor fyrr jol. På dei tun der dei hadde råd å bryggja til jol tok karane til med joleølet. Kornet skulde meltast og havast på kverni, og bryggjingi måtte vera ferdug so tidleg at ein fekk uppskoka minst ei vika fyrr jol. Hadde dei gris på garden so skulde han slagtast til jol. Ein måtte ogso syta for joleved. Kvinnfolki krav altid mykje og god ved til jolehelgi, og karane måtte stetta kravet. Kvinnfolki hadde ogso rnykje å ståka med. Fyrst var det klædearbeidet. Kvart menenskje i huset skulde ha eit kvart »nytt« til jol, eit klædeplagg, eit par sko eller noko anna brukande. Den som ikkje fekk noko nytt til jol vart »jolebukk« og det var ei skam for dei som vart det. Husi skulde ogso fjelgast til helgi. I dei gamle stovorne med svarte veggjer og jord- eller steingolv vart det sjeldan noko stor reingjering, men til jolehelgi fekk ogso røykstovorne seg ei skrapa. På mange stader var jolereingjeringi det einaste »vask« i året. So seint som i 1860 åri var det tun i Osbygdi, der kona i huset gjorde stovegolvet reint kvar jolafta med ein spade og sopling. Dei svarte veggjerne og vaglebitane vart krota med leir eller kalk. Der det var tregolv og kvite veggjer vart desse skura og vaska til jol.
Ein måtte ogso tenkja på jolematen. Når karane hadde slagta jolegrisen, so var det kvinnfolki sitt arbeid å laga pylsa, smolt, sylta og anna. Ei »syltelabb« var det besste karane kunde få av mat i joleturingi. Jolebakingi tok ogso tid. Det skulde bakast serlege jolelefsor og kakor til alle i huset. Jolafta måtte matmori koka kjøtet og laga maten til fyrste joledag, avdi det ingen vart heime den dagen til å stella maten. Budeigja hadde det annsamt i fjoset. Det skulde »viskast upp« til heile jolehelgi, d. v. s. høyet vart etla til kvar ku og »viska« i vondlar soleis, at ein ikkje hadde meir bry med etlingi av høy til beisti fyrr trettande-dagen var liden. Det vart gjerne rydja og sopt ein grand i fjos, stall og smalehus, og jolafta fekk alle beisti seg ein umframt stor høyvondul og ei bytta mjøldrikka. Tunet vart rydja for kvist og rusk og anna som skjemde, og var det snjo so vart det måka brauter so ein kunde gå turrskodd millom husi. Det vart sett nye kjørekrossar på dører og beiteskidor, og det vart set vel etter at det var merkt og krossa hjå alt livande på garden.
Alt arbeid måtte vera gjort frå seg um jolafta fyrr kvelden kom. Budeigja gjekk so tidleg i fjoset at ho var ferdug med heile kveldsstjornet fyrr klokka 6 då kyrkjeklokkorne ringde helgi inn. I kveldingi gjekk joleskoti, og ein kunde frå grend til grend høyra korleis joli vart »skoten inn». Inne i stova hadde kona stellt jolelauget til. Alle i huset lauga seg, fyrst borni, so husbonden og matmori, og tilslutt tenarane. Etter lauget tok alle reine klæde på, og huslyden samlast um langbordet til kveldsmaten. Det vart sett ljos på bordet i store ljosestakar og lysekolorne som ein brukte til kvardags vart sløkt. Fyrr og etter maten vart lese og sunge ei jolesalma. Fyrr måltidet tok til ynskte husbonden alle »gledeleg jol« og let ølskåli gå rundt. Kveldsmaten var smør og brød, lefsor, lutefisk og mjølkesupa, i seinare tid ogso gjerne fersk fisk og dravle. Etter måltidet gjekk husfolket straks til sengs med undantak av han eller ho som sat uppe for å vakta på ljosi og åre-elden.
Joledagsmorgonen var alle tidleg uppe. Etterkvart som husfolket kom inn i stova helsa dei sjølv og vart atter helsa av dei andre med »gledeleg jol!« Sosnart kvinnfolki var ferdug med fjosstjornet samlast huslyden til frukost. Det vart sunge ei salma, husbonden las jolebøni og vangilja og det vart lese for maten. Husbonden skjenkte ei skål øl med ynskje til kvar um ei god og signa jol. Då brennevinet kom i bruk vart det skjenkt ein dram til kvar istadenfor ølet. Frukosten var lefsor, kakor og kling med fisk attåt. Etter maten laga folket seg til kyrkjeferdi. Alle vaksne måtte til kyrkja den dagen soframt dei hadde helsa. Berre utgamle folk og konor som hadde småborn å stella sat heime, og kyrkja var alltid stappfull um joledagen,
Det leid langt på dag fyrr folket kom att frå kyrkja. Sjølv um dei som vanlegt hadde nista med seg på kyrkjeferdi, so var dei både svoltne og trøytte då dei kom heim att, og kjøtet og soddet til jolemiddagen som vart kokt dagen fyreåt smakte framifrå. Ingen gjekk or tunet etter kyrkjeferdi. Dei som gjekk på vitjing til andre på fyrste joledagen »drog hundehovudet« med seg. Enndå til borni måtte agta seg vel for ikkje å koma saman med granneborni den dagen for ikkje å dragsa på »hundehovudet«.
Dei eldre som hadde vore til kyrkja tok kvild um jolekvelden. Dei yngre fann på eit eller anna tidartrøyt. Joleepli kom på bordet og likeins joleneterne som det i gamall tid, då hatlen stod tett i alle lider, var nok av i kvar manns hus. Det var høve til å gjera mangt med neterne fyrr dei vart uppetne, og borni fekk vanlegt ikkje neterne fyrr dei hadde fortent dei på ein eller annan måte.
Ein utgamall skikk var å leggja »Rev rakadyr« med joleneterne. Det vart laga ein reveskapnad på bordet av neterne, og til ein vanleg rev gjekk det 40 neter og til ein stor rev det duble. Etter tur gjekk alle husfolki under bordet medan husbonden eller ein annan peikte på kvar not i reven og spurde kva det var som han peikte på. Dei som sat under bordet skulde fortelja kva lem det var av reven etter kvart som dei andre peikte på ei og ei av dei 40 eller 80 neterne frå snuten til rumpedusken: Snute trute, Hove klove, Hals heradyr, Fot feradyr, Klo klampa, Rygg raudsnau og Rumpa sleng som busk. Enndå til gamlemor i stova måtte under bordet og rekna upp reven. Dei som sagde rett fekk neterne.
Fyrr og etter kveldsmaten vart sunge og lese som um jolafta. Ungdomen sat gjerne uppe ei stund utover, medan dei eldre ogso denne kvelden gjekk tidleg til sengs.
Andre dagen var gjestebodsdag. Var det preik i kyrkja so gjekk dei fleste til kyrkja ogso den dagen, men på heimvegen såg dei gjerne innum til skyldfolk og kjenningar. Der vart då gjestebod med mat og drykk. Ingen som kom til tuns fekk gå att fyrr dei fekk mat og skjenk, då dei elles »bar ut joli«. Det kunde vel henda at sume ikkje kom heim att frå kyrkjeferdi fyrr tridjedagen tok til. På andredagen fekk ogso borni vitja einannan og dei fekk no med lummorne fulle av eple og neter som dei hadde vunne kvelden fyreåt. Unggutane kom ogso saman andredagen. Dei gjekk frå gard til gard og krov joleskatt og heldt styr og ståk med gjentorne. Kvar dei kom so var det traktering, ingen stad fekk dei »bera joli ut« att, og det var ikkje å undrast på at sume av gutane var tunge i hovudet og lemster i kroppen når dei vakna tridjedags morgonen.
Tridjedag jol var ogso helgedag og gjestebodsdag. Ungdomen gjekk sjeldan til kyrkja den dagen men heldt ved med joleturingi. Um tridjedagskvelden fekk dei gjerne lov til å rydja ei stova til »joleleik«. Dei dansa og leika då til den ljose morgen soframt ikkje altfor mange av gutane »kom i korva« tidlegare på notti.
Joli vara til trettandedagen og hjå sume radt til tjugandedagen. Nyårsdag vart høgtida umlag på same måten som fyrste joledag, og det var ikkje god skikk å gå or tunet den dagen i andre ærind enn kyrkjeferd. Men elles var heile joletidi ei gjestebodstid. Grannane gjekk til einannen, prata og svalla, og åt og drakk. Fyrr trettandedagen kom måtte ingen bera joli ut, og maten stod på bordet jamt. På mange gardar var det skikk at dei vaksne på garden samlast til gjestebod ein kveld i jolehelgi hjå kvar av grannane. På store tun med mange brukarar kunde det soleis verta gjestebod umlag kvar kveld i jolehelgi. På Tveit heldt denne mange hundrad år gamle skikken ved, radt til den sisste av den gamle ættleden og den eldste av dei 3 grannarne på garden døydde i 1890 åri.
Trettandedagen var vanleg sisste joledagen, og han vart halden som stor helgedag. Som fyrr nemnd høgtida gamle folk i bygdi trettandedagen som den rette joledagen radt upp til sisste hundradårsskifte. Det vart til trettandehelgi jamt støypt serlege ljos, »hellig tre kongers ljos«, og dagen hadde hjå dei gamle mykje dei same skikkar som joledag og nyårsdag.
Millom jol og påske var fleire »romheljedagar«, dagar som var halvt helgedag, halvt yrkedag. Av sovorne kann nemnast »Kjønesmøss«, Kyndelmessdag, og » Veffermøss«, Vårfrumessdag. Dei gamle fortalde ogso at »Greggusmøss«, Gregoriusmessdag, ein gong hadde vore helgedag. Smørtysdag eller feitetysdag var ogso som sisste dag fyrr fastetidi ein romhelgedag. Han vart høgtida med sers god mat på bordet, og sjølv den fatigste husmann freista den dagen å byta sildi og supandet med smør og kling.
Til påskehelgi var fyrebuingi mykje mindre enn til joli, men elles var skikk og sedvane mykje den same i joli og påskehelgi. Skirtorsdeg og Langfredag var stille helgedagar, då folket heldt seg heime. Fyrste påskedag var det kyrkjeferd for små og store. Det var då ogso ei betre årstid for kyrkjeferd enn i joli, og aldri var kyrkja so trang som fyrste påskedag. Dette hev elles halde seg radt til vår tid. – Fyrr folket gjekk til kyrkja um påskemorgonen gjekk husbonden åt fjoset og hengde bjølla på bjøllekui. Dette var eit varsel um at våren nærma seg, og var samstundes eit teikn på at beisti skulde gleda seg saman med mannaætti over påskebodskapet.
Ogso andre og tridje dag påske var det kyrkjeferd, men folket gjekk ikkje so mannjamt til kyrkje som fyrste påskedagen. Grannane gjekk til einannan og ungdomen kom saman, men noko gjestebodstid som i jolehelgi var det ikkje. Tridjedags kvelden var påskehelgi ende, og fjordedagen var vanleg arbeids- og yrkedag.
Helgedagar millom påske og pinstid var Bededag og »Himlatorsdag«, »Helgetorsdag«, Kristi Himmelfartsdag. Bededag var ein sers streng helgedag, og det vart rekna som stort helgedagsbrot å gjera noko arbeid på den dagen. Bededagsafta vart høgtida etter klokka 6 som jolafta, og ein skulde vanleg gå fastande til kyrkja bededagsmorgonen. Av romhelgedagar i denne tidi kann også nemnast «Krossmessdag um våren, 3dje mai.
I denne tidbolken fall ogso »gangdagane«, som vanleg var Helgetorsdag og dei tvo dagane fyreåt. Um fyremiddagen kunde ein arbeida, men kvar ettermiddag i desse dagane gjekk bygdefolket til kyrkja. Etter ei preik eller messa i kyrkja gjekk heile kyrkjelyden ut på kyrkjegarden og gjekk i fylgje fleire gonger rundt kyrkja. Presten gjekk i brodden med krossen, alterstaupet og dei andre altertingi. Etter han kom medhjelparane som bar »prosesjonsstavane« og brennande kjerteljos og etter dei heile kyrkjelyden i rad og rekkja, medan dei bad og song litaniet. Fyremålet var å beda um signing for komande sumar og haust og um lukka med buskap og avling. Folk som ikkje kunde koma til kyrkja desse dagane gjekk rundt åkrane heime med ein kross i handi. Gangdageskikkane hev tvillaust sitt upphav frå utgamle signingsmåtar men høvde godt med katolsk kyrkjeskikk, og i ymse måtar heldt dei seg langt ned gjenom tiderne. Dei prosesjonsstavar som var brukte i Osbygdi på gangdagane stod ein på kvar sida av midtgangen i gamle Oskyrkja til ho vart rivi i 1870. Den eine av stavane en enno å sjå på Bergens museum.
Pinstidhelgi, »kvitsunhelgi«, var ungdomen si kyrkjehøgtid. Alle ungdomar og born var vanleg til kyrkja kvitsundagen. Kyrkja var »maja« til pinstidhelgi, d. v. s. pryda med lauv og grønt, og alle ljos var kveikte. Kyrkjefolket gjekk for fyrste gong i året med høgtids- og sumarbunaden på. Karane hadde kasta vinterkufta, og kvinnfolki gjekk med skaut og kvite skjortor. Elles var det jamt liti ro og høgtid i kyrkja kvitsundagen. Som nemnd var ogso småborni med i kyrkjeferdi den dagen, og dei lo og prata, sutra og skreik utan omsyn til prest eller kyrkjetenesta, og »kyrkjebotsmennerne«, medhjelparane, hadde den dagen stort strev med å sjå tilrettes og halda so mykje styr på alle dei små at folket fekk høyra preika.
Pinstidhelgi vart ogso høgtida i 3 dagar, men var elles haldi meire som ei vanleg helg. Tridjedagen vart seinare rekna som romhelgedag då ein ogso kunde arbeida um ein vilde.
Jonsokhelgi var den store midsumarfesten. Jonsokafta vart serleg høgtida med brenning av bål og brisingar i kvar grend, og unge og gamle var med i jonsokleikane.
Midsumarfesten hev likeins som midvinterfesten sitt upphav frå utgamle tider, og det knytte seg ymse skikkar og truer til midsumarnetterne. Troll og tussar var på ferde jonsoknotti som jolenotti, og dei gamle truer frå heidnetidi um dette heldt seg langt ned gjenom kristnetidi. Jonsoknotti samlast alle tussar og trollkjeringar på Bloksberg, og dei reid dertil på rekor og soplingar. Trolli vilde gjerne gjera skade på folk og beist, og serleg for buskapen som då gjekk ute var det stor fåre um jonsoknotti. Ved å brenna bål på kvar nut og i kvar grend kunde ein likevel skræma trolli og berga buskapen. Det var sers godt å ha litt tjøra i båli då trolli ikkje likte tjøra. Ein tjørekross på dørerne var som ein veit den største skræmsla for trolli. Ei tom tjøretunna i bålet var difyr utifrå. Ved å setja lauvbuskar i kvar bås i fjoset og ved å skjota nokre skot i kveldingi jonsokafta kunde ein ogso halda trollskapen mykje godt burte frå buskapen.
Jonsoknotti kunde ein likeins som jolenotti på ymse måtar sjå inn i framtidi. Frå gamallt var midsumarfesten ei høgtid med leik og gleda, og dette sermerke hadde jonsokhelgi stødt ned gjenom tiderne. Kyrkja og kristendom tok den gamle midsumarfesten i si tenesta, men han vart likevel meir halden som ein folkefest enn som ei religiøs høgtid.
Framover sumaren var fleire helgedagar. Olsokdagen vart høgtida med messor og kyrkjeferd, men ein kann ikkje sjå at det elles i bygdi knytte seg noko serlegt til dagen.
Larsok var ogso frå gamallt av ein heilagdag. I seinare tid vart han serleg merkt og hugsa ved at han var merkedag for veret utover sumaren og hausten. Krossmess um hausten var ogso heilagdag i eldre tider. Gamle folk i Osbygdi fortalde at Krossmessdag var ein av dei »store helgedagane«.
Mikjellmess var den gamle haustfesten. Det knytte seg ymse truer og skikkar til Mikjellmessdagen. Buskapen vart gjerne då teken heim på bøen og sett på bås um notti, og det vart difyr sett ny tjørekross på fjosdøri Mikjellmess-morgonen. Dagen var merkedag for år og vér radt til jol, og ved tidrekningi um hausten gjekk ein altid ut frå Mikjellmessdagen. »Han døydde 3 vikor fyrr Mikjellsmøss«, »kui skal kalva fjortan dagar etter Mikjellsmøss«, o. s. b.
Helgemess, Alle Helgensdag, var serleg ei kyrkjehøgtid. Dagen vart høgtida på same måten som Bededag og vart rekna som ein »stor« heilagdag. Buskapen, som til denne tid hadde gjenge på bøen um marki var snjoberr, vart no vanleg sett inn, og kjyrne fekk seg eit sers godt mål mat, »innkomevondulen« den dagen. Dei som ikkje hadde sett tjørekross på fjosdøri Mikellmessdagen gjorde det no. I kvar bås vart sett ei grøn grein, vanleg ein brakebusk. Ogso i stall, smalehus og gjeitehus vart sett buskar og greiner, og dørerne fekk nye tjørekrossar. Helgemessdagen var og ein stor kyrkjeferdsdag. Gamle folk som ikkje vann fara til kyrkja seinare um vinteren tok då si sisste kyrkjeferd i det året.
Ogso dei vanlege sundagane var meire høgtidsdagar i eldre tid enn i våre dagar. Helgi tok til etter non laurdags kvelden, og det var forbode å arbeida etter klokka 6. Ute på bygderne vart forbodet ikkje so strengt etterfylgd, og serleg i slåtten og dei andre onnetider arbeidde bygdefolket ogso langt utover laurdags kveldane. Men det hende rett som det var at ein mann vart meld og måtte for retten avdi han hadde arbeidt for lenge um laurdagen. Både på 1600 og 1700 talet var det mange sovorne saker på tinget i Os. Kunde mannen prova at han gjekk frå arbeidet fyrr soli gjekk or Fjelltoppane so slapp han vanleg fri, men greidde han ikkje prova det so fekk han bot for heilagdagsbrot.
Dei som vilde gå til alters um sundagen tok vanleg laurdagen som fridag og fyrebuingsdag. Det var ogso skikk at altergjestane »fasta« dagen fyrr altergangen, d. v. s. dei åt berre turrmat. Sundagsmorgonen åt dei ikkje, og dei heldt fyrst måltid etter kyrkjetenesta. Altergangsdagen vart av alle rekna som ein serleg høgtidsdag, og altergjesterne vart altid helsa av dei andre kyrkjefolk med den høgtidsame helsingi: »Til lukka med saligheit«. Altergjesterne var aldri med i noko arbeid etter at dei kom frå kyrkja. Både arbeidet heime i huset og i fjoset vart den kvelden gjort av dei andre husfolki.
Kyrkjesøknaden var altid stor i eldre tider. Alle som kunde fara frå heimen gjekk til kyrkja um preikesundagane, og var det ein mann som altfor jamt skulka undan kyrkjeferdi so vart han refsa. Fyrst gjekk kyrkjebotsmennerne til han i heimen og tala for han. Hjelpte ikke dette so gjekk presten sjølv, og soframt heller ikkje han vann fram so vart saki meld til prosten, bispen og futen. Tilslutt måtte mannen til kyrkja, men i sovorne høve kom han gjerne ikkje heilt inn i kyrkja fyrste sundagen. Han fekk den dagen stå i gapestokken utanfyre kyrkjedøri.
Ogso altergangen var viss. Dei vaksne gjekk gjerne til alters tvo gonger um året, haust og vår. Ogso dei som skulka undan altergangen vart refsa, og presten hadde jamt ærind ikring bygdi til sovorne som berre hadde gjenge til alters ein gong um året.
Kyrkjeferdi var jamt ei strevsam ferd, og preikesundagen vart alt anna enn kviledag for storparten av bygdefolket. Preika tok til klokka 9 um morgenen, og for dei som gjekk til alters var kyrkjetidi enndå ein time tidlegare. Fyrst i 1832 vart preiketidi i Oskyrkja sett til klokka 10 fyremiddag um sumaren og kokka 11 um vinteren. Når kyrkjefolket t. d. frå Øvredalen skulde nå fram til kyrkja i rett tid, so måtte dei fara heimanfrå i 4-5 tidi um morgonen. Var det ruskever og storm so var det fyrst å bala seg ned gjenom Grålidi til Øyro, deretter i båt til Aldalen, derifrå å klyva upp gjenom Aldalsuri til Rød og so traska vidare gjenom Hegglandsdalen og Markane, gjenom busk og brakje, over stuv og stein. Det ein kann kalla vegar var ingen stad å sjå. Skitne og ruskutt på sko og klæde kom kyrkjefolket fram til Osøyri. Der måtte dei hama og fjelga seg ein grand fyrr dei gjekk i kyrkja, og likeins få seg litt mat etter den 4-5 timar lange ferdi. Preika vara i 3-4 timar og gjerne enndå lenger um det var mange altergjester og overhøyring av ungdomen, som det vanleg var um sumaren. Altergjesterne, som ikkje hadde fenge mat sundagsmorgenen og som var fastande til dess dei kom ut att or kyrkja, var gjerne so medtekne av den strevsame kyrkjeferdi og den lange tenesta at sume av dei uvita. Det vart vanleg seine kvelden fyrr kyrkjefolket frå Øvredalen kom heimatt og som det var her var det ogso i dei andre utkantane av bygdi.
Ved kyrkja var bygdi sin samlingsstad. Bygdefolket kom sjeldan ihop i eldre tider, umframt på tingi var det berre ved kyrkja at folk frå alle grender i bygdi kom saman. Det er difyr skynelegt at bygdefolket nytta det gode høvet um preikesundagane til å talast ved. Etter preika samlast folket på kyrkjebakken og på Osøyri. Alt nytt som hadde hendt i bygdi vart då spurd og umtala, og alle slag saker fekk si avgjerd ved kyrkja. Det vart handla og bytt, festa tenestefolk og leigd arbeidskarar, skipa båtlag og notlag, o. s. b. Tingbøkerne syner at storparten av dei semjer og avtalor millom bygdefolk som sidan kom fyre på tinget vart gjort ved kyrkja. Likeins nytta ungdomen frå dei ymse grender i bygdi høvet til å verta kjend med einannan under kyrkjeferdi.
Umframt dei fyrr nemnde tider og heilagdagar var det ogso andre høgtider i bygdelivet. Det var milestolpane i livet, fødsla, giftarmål og død. Når eit menneskjebarn kom til verdi, når det som vakse knytte eit anna menneskje til seg, og når det sagde verdi farvel var det høgtid og samkoma av grannane.
Alt fyrr barnet var fødd vart det teke umsyn til. Det var då serleg mori som måtte verna og vara seg, so at ikkje noko vondt fekk makt over henne eller barnet. Når ei kona var med barn gjekk ho gjerne med ei soks eller eit anna lite bitjarn i barmen for at trollskapen ikkje skulde ha magt over barnet. Mori måtte ogso vara seg på mange måtar for at barnet ikkje skuld e få mein eller sjukdom.
Fekk mori ein snøgg støkk i seg so kunde barnet få »nedfallssykja«. Var ho med i slagting og fekk blod eller andre flekkjer på seg so vilde barnet få fødflekkjer. Såg ho ein hare i kjeften so vilde barnet verta »haremynt«, og det same kunde henda um ho såg ein stokk som var kløyvd i enden o. l. Ho måtte ogso agta seg vel at ho ikkje såg ormar og andre »stygge« dyr, og i det heile var det ein stor vågnad for henne å gå ut or huset medan ho gjekk med barn avdi ho då lett kunde »sjå noko«.
Når ei kona venta barnet vart »nærkonorne« henta. I alle grender var det ei eller fleire koner som hadde røynsla og skyn på barnefødsla, og vanleg vart alle sovorne i grendi henta til huset. Dei gav gode råd og tok alle turvande rådgjerder for at fødsla skulde verta lett og alt gå godt. Soleis måtte barselkona løysa upp flettorne sine so at håret hang laust, alle knutar som fanns i stova måtte løysast og alt tilbunde gjerast fritt. Attåt dette hadde gjerne einkvan av nærkonorne »løysingsmedelet« med seg. Dette var vanleg ein »løysingstein«, »torelo«, som dei strauk over kona med. Løysingsteinen måtte berre brukast når ikkje andre råder hjelpte, då det elles miste krafti. Eit løysingsmedel som berre måtte brukast i løynd og som allersisste utveg var ei gamall innturka bjørnelabb. Korkje barselkona eller andre måtte få sjå bjørnelabbi, og berre nærkona sjølv og dei mest innvigde visste kva dette namngjetne løysingsmedelet verkeleg var. Hjelpte heller ikkje dette so var det ingen annan utveg enn å »lata naturi råda«.
Straks barnet var kome til verdi fekk det av nærkona tre daskar i bakenden. Det vart deretter stellt og reivt og gjeve ei tugga mat av flatbrød. Jamt fekk det ogso eit ørlite stykke salt i munnen. Det var ogso skikk å stryka barnet over hovud, hender og føter med ein mole flatbrød. Barnet vart so lagt i eit trog tildess ein fekk skipa til vogga med frisk halm og klær. Under høgjendet vart lagt ei soks eller ein tollekniv, og då det kom salmebøker i bygdi vart det ogso lagt ei salmebok attåt, um sovori var i huset.
Desse ting måtte liggja under hovudet til barnet var døypt, og til den tid måtte det ogso brenna ljos i stova um notti. Mori, »barselkona«, måtte framleis ha eit bitjarn i barmen tildess ho sjølv kom i kyrkja.
So snart det let seg gjera måtte barnet til «dåpen«, eller »til skirsle« som det vanleg vart kalla. Det gjaldt å få barnet skird og kristna straks, so at ein kunde vera trygg for at det ikkje vart bytt eller skada av tussar og trollpakk. Ei kona på Tveit som var fødd i 1818, kom til verdi seint ein laurdagskveld. Dagen etter var ho til skirsle i Fusakyrkja, då det ikkje var preik i Oskyrkja den sundagen. Eit barn på Midtsæter kom til verdi klokka 3 um sundagsmorgonen, og same dagen var det til skirsle i Oskyrkja med fadrar frå Gåssand og Haukeland. Og same kvelden heldt ogso Midtsætermannen eit drustelegt barsøl. Når ein huslyd venta småfolk i huset so fyrebudde dei alt til barsølet fyre åt, bryggja, bakte og stellte til og ein kunde difyr halda barsøl med stutt varsl. Døydde barnet og det pårekna barsølet ikkje vart av, so vart det som var tillaga brukt i gravølet.
Til fyrste barnet vart vanleg dei næraste skyldfolki beden til fadrar. Kom det fleire små i huslyden so gjekk ein vidare i ætti med fadderskapen, og likeins vart grannane beden. Var det ein sers vyrd mann i ætti so vart han gjerne beden til fadder på kvart barn i huset, og elles vart ogso andre vyrde folk i bygdi beden til fadrar, sjølv um dei korkje var i ætt eller grend. I 1680 og 1690 åri bar soleis prestefrua Margreta Garmann (eller »Mor i Os« som ho jamnast ogso stend skriven for i kyrkjeboki), storparten av borni i Osbygdi til skirsle, og lensmannen Jørn Moberg stod fadder umlag kvar einaste preikesundag i fleire år. Det var til vyrdnad og lukka for barnet at det hadde gilde og mæte fadrar. Fadratalet var altid fem. Var det eit gutebarn so var det tri mannsfadrar, men var det eit gjentebarn var dei tri av fadrane kvinnor. Ho som bar barnet måtte altid vera ei gift kona, medan »huegudmori« som tok skirslehuva av barnet i kyrkja vanleg var ei gjenta.

Til bersølet vart beden skyldfolk og dei næraste grannar. Soframt nokon bad heile »grendi« til eit barsøl vart det rekna å vera altfor storvore, og bad ein altfor få so var det »kniperi« som lite sømde seg forein god bygdemann.
Både fadrane og dei andre gjester hadde mat med seg til barselkona, eller »sengjekona« som ho jamnast vart kalla i Osbygdi. »Sengjematen« var vanleg rjomegraut eller søt dravle som vart boren fram i store ambrar, »sengjematambrar«, og som var laga berre til dette bruk. Barselskona måtte eta av sengjematen, iminsto smaka ein grand på kvar graut, men då ho sjeldan hadde stor mathug og det gjerne kom 12-14 rjomegrautar til tuns i eit barsøl, so minka det ikkje stort i ambrane av kona sitt måltid.

Sengjematen vart då sett fram for gjesterne. Ambrane gjekk langs bordet etter tur soleis, at kvar gjest fekk smaka alle grautar. Samstundes fekk dei ogso høve til å samanlikna grautane, og dette var ei strid stund for mang ei kona som hadde vore uheppen med dravlen eller hadde svidd rjomegrauten og som i eit sovore lag fekk sin dom for livet som ei klein matmor.
Fram i 1800 talet vart det skikk at borni ikkje kom til skirsle fyrr nokre vikor etter fødsla. Grannekonorne og skyldfolki venta då ikkje med sengjematen til barsølet, men gjekk med grauten eller dravlen til barselskona eit par dagar etter at ho hadde ått barnet. Dei som sidan vart bedne til barsølet hadde ambrar med likeins som fyrr, so at gjesterne i barsølet framleis fekk sitt rjomegrautmåltid, og dei næraste grannekonorne fekk soleis tvo grautar å koka. I eldre tider vara barsølgildet gjerne tvo-tri dagar, men i seinare tid slutta det vanleg fyrste kvelden eller notti. Berre ein og annan heldt på den gamle skikken at måndagen ogso skulde gå med i gildet. I dei fleste høve hadde mannen ogso bryggja so mykje og so sterkt til barsølet at gjesterne kunde få seg ein liten »perial« fyrr dei slutta or laget.
So snart barselskona var før til det måtte ha gå til kyrkje og møta fram som »kyrkjegengskone«. Ho fekk vanleg eit par grannekonor med seg til kyrkja, og dei stellte seg då upp i gangen utanfyre kyrkjedøri. Fyrr preika tok til gjekk presten ned i gangen og les og signa barselskona, og medan det vart sunge ei salma leidde presten kona inn gjenom kyrkjedøri. Fyrst då var ho »rein« og kunde setja seg i kyrkjestolen saman med dei andre konorne. Denne skikken som truleg hev sitt upphav frå dei gamle jødiske reglane um reinsking etter barnesengi hev halde seg radt fram til våre dagar.
Alt medan borni var små tok foreldri til å tenkja på giftarmåli deira. Det galdt um at borni »kom godt til«, og at dei ikkje »kasta seg vekk« ved å ta ein make av ring ætt, og difyr vart det tidleg lagt råd upp om giftarmåli. Kunde ein få det soleis til at fleire av borni gifte seg inn i eit og same syskinlag, so var dette det aller beste og sers høvelegt for heimangifte, skifte og sovore. Det gjekk trass all rådleggjing ikkje altid soleis som foreldri hadde tenkt, og jamt vart ei husmanns dotter sitjande i høgsætet på ein gard, der foreldri åt guten hadde etla plassen åt ei vyrd gardmannsdotter. Elles var skilnaden millom folket i Os, der so mange av bønderne var leiglendingar, ikkje so stor som i mange andre bygder, og striden millom foreldre og born um giftarmåli vart difyr sjeldan so beisk her som han kunde vera sume andre stader.
Gutane var ikkje gamle fyrr dei byrja gå til gjentorne. Alt som »styvingar«, 15-16 år gamle. slog dei seg saman i lag og gjekk i flokk og fylgje til gjentorne um laurdagskveldane. Det var heller ingen vandskar med å koma inn til tauserne som vanleg låg i budi eller fjoset. Det var elles mest for moro skuld at gutane gjekk soleis ikring um kveldane. Noko friing vart sjølvsagt ikkje av når ein gjekk saman i store flokkar, men det førde heller ikkje sers usømd med seg. Dette illgjetne »natteløperi« som seinare hev fenge so streng dom og påtale av mange skribentar var jamnast meir skuldlaust og førde mindre usømd med seg enn mange »uskyldige« samkomor i våre dagar.
Skulde gutar og gjentor verta kjend med einannan so måtte dei finnast um kvelden eller notti. Etter «gamall god« skikk var det usømelegt for ein gut og ei gjenta å gå tvoeine og talast ved um dagen. Både i lag og lyd skulde gutar og gjentor vera kvar for seg. Det vart difyr so mykje meire freistande, og var etter gamall skikk ogso meire sømelegt, for dei unge å koma saman i myrket.
Når tvo unge hadde fenge godhug for einannan so freista dei sjølvsagt å koma saman på tvomanns-hand. Men dei måtte då fara sers varsamt og stillt fram, so at ikkje andre skulde skyna noko. Fekk dei andre unggutar naserne i det for tidleg, so var det ikkje ende på alle prettor som vart gjort. Hadde guten gard, var »jordakar«, so fria han straks og »gjorde det visst« med gjenta. Det same hende um gjenta hadde von um eller hadde rett på gard, var »jorda-gjenta». Men hadde ingen av dei von um jord so gjekk dei gjerne i lang tid og »hengla«, berre heldt vanlegt lag fyrr dei batt seg åt kvarandre. Soframt dei unge ikkje fekk gard so var det i gamletidi sers vandt å greida seg utan hjelp frå foreldri, og difyr var det alt for vågsamt å binda seg fyrr dei hadde tryggja seg foreldri si godkjenning av sambandet.
Var det kome so langt at dei unge hadde »gjort det visst», so galdt det å få løyve av foreldri. Guten måtte fyrst greida upp med sin far og si mor. Hadde ikkje dei noko mot sambandet so var det å fyrebu friarferdi til heimen åt gjenta. Guten fekk tak i tvo »belarmenn« til å bera ærindet fram. Belarmennerne var jamt utanfyre ætti, men dei måtte vanleg vera vyrde menn og gjerne ha gode tale-gåvor. Var guten eller gjenta av sers vyrd ætt so fekk dei gjerrne bygdelensmannen eller klokkaren i bygdi med som den eine belarmannen.
Belarferdi var vanleg på ein laurdagskveld. Belarmennerne kom til heimen åt gjenta i kveldingi, og dei vart innbedne i stova. Ingen tykkjest skyna kva ærind dei for i, og sjølv sagde dei heller ikkje noko um det. Dei prata og svalla um alle ting, fekk mat og drykk, gjerne mest av det sisste, og fyrst utpå notti då ølet hadde vermt dei for bringa bar dei målemnet fram i varsame ord. Dei nemnde då um at den gasta guten N. N. hadde fenge godhug for den væne, gilde og dugande dotteri her i huset, og dei vilde gjerne høyra med hennar foreldre um det mogelegt kunde verta eit par av dei tvo. Dei fann det no høvelegt å kyta av guten, av garden hans og av ætti, lagde ut um kva gasta egtemann han tvillaust vilde verta, o. s. b., og vona at foreldri åt gjenta kunde godkjenna han som friar og verson.
Mannen i huset drog på det og gav ikkje noko beintfram svar. Men belarmennerne skyna straks korleis vonerne var, og soframt mannen tilslutt sagde at det var uvisst um dotteri vilde ha friaren, var belarmennerne nøgde for denne gongen og gjekk ikkje hardare på. Det vart gjestebod all notti gjenom, og då belarmennerne ut på morgonstundi tok på heimveg att etter god belarferd trong dei jamt breidare veg enn det då fanns nokon stad i Osbygdi.
Nokre vikor etter vart belingi teki uppatt og denne gongen for ålvor. Belarmennerne hadde no ogso guten med på belarferdi, men han heldt seg mykje attum under sjølve belingi. Han gjekk anten og rusla utanfyre til dess avgjerdsla var teki inne i stova, eller han fylgde med inn i huset og sette seg på ein liten krakk i ei krå nærast ved døri. I dei tun der det jamt var giftande gjentor hadde dei til bruk for friaren ein liten krakk som var kalla »belekrakken«. Belarmennerne gjekk so langt inn i stova at dei rokk sjåstongi, og medan fremste belarmannen heldt i stongi førde han belingi fram umlag på same måten som fyrste gongen. Det vart mykje prat og akkedering att og fram, men til slutt sagde faren ja, og fyrst då fekk belarmennerne setja seg på benken. Det vart no sendt bod etter gjenta som til dessar ikkje hadde synt seg i belarstova. Men gjenta var ikkje altid lett å finna. Etter gamall skikk skulde ho gjøyma seg den kvelden, og ho gjøymde seg stundom so godt, t. d. under ei gamall seng, i ei kista på loftet, i ein gamall innhol askestuv på tunet, at belaren og belarmennerne måtte leita både vel og lenge fyrr dei fann henne. Når gjenta kom til belarstova vart festarmålet avgjort. Det vart vedteke det som trongst um heimanfylgje, um gard og grunn, um bustad og hus, og når dei var samd um dette og alt var greidt gav dei unge einannan handi. Dette var festarmålet, som frå gamall tid var rekna som det rettelege giftarmål, og som ikkje var mindre bindande for dei unge enn lovnaden seinare i kyrkja.
Det vart deretter halde beleveitsla eller festarmålsgilde. Gildet stod altid i heimen åt gjenta. Når gamlingen visste um og venta belarferdi og difyr hadde fyrebutt alt fyreåt stod gildet vanleg festarmålskvelden, elles nokre vikor seinare. Dei næraste skyldfolk og grannane vart beden til beleveitsla. Etter reformasjonen vart det skikk at ogso presten skulde vera med i festarmålsgildet, og han »trulova« da dei unge og trulovingi vart innført i kyrkjeboki som ei kyrkjeleg gjerning. Når dei unge var festa eller trulova so vart dei av bygdefolket rekna pålag som rette egtefolk å vera, og ingen tykte leidt um dei då flutte saman og budde ihop, sjølv um bryllaupet ikkje vart halde fyrr lang tid etter.
Ei tid etter festarmålet reiste belargjenta på vitjing i guten sin heim. Ho måtte då ha ymse gåvor med seg til foreldri og dei andre skyldfolki hans. Det var skjorter, brystdukar, sokkar, sokkeband, belte og andre ting som gjenta måtte ha laga sjølv, og ho fekk då høve til å syna kor dugande og netthendt ho var. Næste gong ho kom på vitjing var ogso foreldri hennar med, og det vart då avtala um bryllaupet. Det skulde stor fyrebuing til ei sovori bryllaupsveitsla. Ein måtte bryggja og baka, slagta, kjinna og ysta, stella i huset, skipa til med bord, benkjer, sengjer, kjerald og anna tarvende, spelemenn, kjøkmeistar og andre hjelpesmenn måtte tingast, og halvåret var sjeldan for langt til fyrebuingstid.
Det var ikkje nett det same kven som vart tinga til spelemenn i eit bryllaup. I kvart prestegjeld var jamnast ein eller tvo mann som fekk seg godkjende av styremakterne som »autoriseret spillemand«, og dei meinte seg å ha eineretten til å spela i bryllaupslagi. Soleis måtte Johannes Skogen for retten i 1757 avdi han hadde spela i bryllaupet åt Nils Gjelle si dotter, og Nils Gjelle som hadde tinga spelemannen måtte ogso for retten. Då Johannes Skogen tvo år seinare spela i eit bryllaup på Skjelåen måtte han atter for retten og likeins Skjelåmannen. Det var Johannes Øvredal og Hans Gjøn som då rekna seg som einaste rette bryllaupsspelemenn i Os prestegjeld.
Bryllaupet vart altid halde jonsoktider. Det var då ei kviletid millom onnorne, og når ein tok umsyn både til arbeidet og andre ting so var dette den høvelegste bryllaupstid i året. Um vinteren var det uråd å halda bryllaupsveitsla, då ein ikkje hadde hus og soverom nok til dei mange bryllaupsgjester. Men ved jonsoktider var det rom både i heimehus, fjos og løda, og for dei som likte det best var det då ogso »hus under kvar busk«.
Umlag ei vika fyrr bryllaupet gjekk bedarmannen ikring og »bad til bryllaups«. Det galdt um at innbjodingi kom i rett tid. Kom ho til nokon nett fyrr bryllaupet so var det teikn på missmæting og vanvyrdnad for gjesten, og mest like ille var det for han som vart beden for tidleg. »Dei som vert beden i maltet kjem ikkje i ølet«, var det gamle ordtøket. Frå gamall tid var det ein serleg »bemann« som gjekk ikring og bad gjester til bryllaup og gravøl, men denne skikken vart tidleg brigda i Osbygdi. Her var det vanleg »verten sjølv«, far til bruri um det var han som skipa bryllaupet, eller i det andre høve far til brudgomen, som bad ihop gjesterne.
Til bryllaup skulde altid bedast »ætt og grend«. Til ætti vart i dette høve vanleg rekna skyldfolki til fjorde ættleden, og grendi var dei gardane som høyrde til samkomekrinsen i gravøl. Var det sers stor ætt og grend so kunde det verta upp til eit par hundrad menneskje i bryllaupet.
Det tok tid for bedarmannen å »be til bryllaups». Det høyrde til god skikk at gjesterne fann alt mogelegt å vera i vegen for ei bryllaupsferd nett då. Men bedarmannen kjende og vyrde ogso skikken, og han gav ikkje upp um han fekk motmæle. Han bad og signa, tigga og truga, og han gjekk ikkje or tunet fyrr han hadde fenge so ein halvdregen lovnad um at folket vilde koma. Det kunde taka radt ein halv dag for bedarmannen å beda bryllaupsgjester på eit tun der folket vilde vera sers vyrdt og vel bede.
Bryllaupsdagen var vanleg ein sundag. Alt tidleg i vika fyreåt kom matmøderne, »Kleivekonorne», til bryllaupsgarden. Dei skulde laga maten til gildet, baka brød, lefsor og kakor, og laga »klintmaten« til, d. v. s. smyrja på lefsorne og kakorne med smør, primost og ramost og leggja det heile på fat. Fati var runde trefat, og på desse vart klintmaten lagt, brødskivor, lefsor og kakor i ymse lag på einannan, til maten kunde ruva 10-12 tumar upp. På toppen vart lagt nokre søtostskivor. Millom matfati på bordet vart sett stettar med smør og ost, og for kvar gjest vart sett ein liten flat trebordisk. Kniv og skjei måtte gjesterne taka med sjølv. Matbordi var store langbord som rokk heile stova ut, og som var laga av tvo svere tjukke plankar. Alle mann på garden åtte vanleg ihop desse bordi som berre vart brukte ved sovorne veitslor. Eit bryllaupsbord fekk jamt ei hard påkjenning, men dei 4-5 tumar tjukke eikeplankane tolde både eit neveslag og ein dans på bordet. Ogso benkjerne som høyrde til var laga soleis at dei stod for ein kave.
Um laurdagen kom brylleupsgjesterne til tuns. Dei kom ikkje tomhendt men med byrda både på ryggen og i henderne. Det var »fodne« til brurfolket, kjøtlår, smørstykke, søtostar, mjølk, ljos og anna som trongst i eit gilde.
Tamburen slog på trumba for kvar som kom i bryllaupsgarden, og ute på tunet vart gjesterne helsa velkommen av verten og kjøkmeistaren som baud ølskåli ikring. Når alle var samla vart gjesterne beden tilbords. Kjøkmeistaren fekk no eit strevsamt arbeid med å sessa gjesterne ved bordet. Ingen vilde gå fyre tilbords, alle strita imot avdi det var andre som kunde vera meir «verduge» til å sitja øvst, men etter mykje strev og akkedering vart alle sessa ved bordet. Kjøkmeistaren måtte kjenna kvar gjest for at alle kunde få den rette plassen, og det måtte ved bordsetjingi takast umsyn til alder, ætt, vyrdnad, rikdom og mykje anna.
Då alle var sessa ved bordet steig kjøkmeistaren fram og fortalde kven som hadde »embætti« i bryllaupet. Det var fyrst brud og brudgom. So var det verter og vertinnor (brurfolket sine foreldre), deretter kjellarmann, brurkonor, leidesveiner, brurpikor, kleivekonor, spelemann, og tilslutt tamburen og kokken. Alle med undantak av brurfolket skulde syna seg når dei vart nemnde, kjellarmannen med ølskåli, spelemannen med fela, tamburen med trumba og kokken med tvora i henderne. Deretter gjekk kjøkmeistaren på loftet og henta brurfolket. Medan spelemannen stod ved stovedøri og spela ein »brurslått« kom brud og brudgom inn i bryllaupsstova og sette seg ein for kvar ende av »høgebordet«. Kjøkmeistaren song so eit bryllaupsvers og slog deretter i beiteskida med ein borddisk til teikn på at frå denne stund tok brylleupet til.

Ølkrus frå Os prestegjeld (Samn.) Frå 1797. Eg. Museum.
Det vart mat og drykk utover kvelden. Brurfolket gjekk tidleg til sengs då dei ottast ein strevsam dag dagen etter, men gjesterne hadde ikkje noko ank for det og heldt det gangande utover notti. Dei eldre svalla og prata, medan ølskåli gjekk trottugt ikring, og dei unge leikte og dansa til langt fram på morgonstundi.
Presten Geelmuyden sende i 1760 eit klageskriv til bispen over osingane, og i dette skrivet fortel han ogso um korleis det gjekk til den fyrste noiti i eit Os-bryllaup:
»Jeg vil fortælle Deres høyærværdighed, for at komme ret i erfaring om deres bryllups handel tog jeg mig for nogle løverdage at reise til deres bryllups gård, da jeg tænkte at alting skulle da gåe best stille til, såsom de til morgenen skulle lave sig til Guds hus til deres ægteskabs hellige anfang ved en christelig copulation og Guds ords anhørelse, men så fornam jeg at om aftenen klokken 9 gjerne samlede folket sig i bryllups huset, straks ginge de til Øllskålen, derpå fik de mad, så til dansen og springen til om morgenen klokken 6, da de gik til sengs, og ere komne at ligge i den bue eller kammers hvor jeg låe, hvor de så gjorde leverance for hvad de havde fyldet sig med formedelst drukkenskab. Så om morgenen klokken 8 tilbords igjen, og så derifra lige til båds til kirken med brudgom og brud. – Formedelst min tiltale for sådant uskikkeligt væsen og forhold i deres bryllups laug vil nu aldrig nogen bede mig til bryllups, hverken at komme om aftenen tilforn eller i deres bryllups dag«.
Ein ser av dette skrivet at det var vanleg skikk i Osbygdi å »tura bryllupsafta« som bygdefolket kalla festingi fyrste bryllaupsnotti.
Dagen etter, um sundagen, skulde brurfolket til kyrkja. Tidleg um morgenen gjekk kjøkmeistaren og kjellarmannen med spelemann, tambur, kleivekonor, brurpikor og leidesveinar ikring med »nøringi«. Det var morgonmat med øl, og seinare ogso med dram attåt, som gjesterne skulde få medan dei låg på sengi. Nøringsreidi måtte gå frå rom til rom på heile garden, på loft og i bud, i fjos, løda og alle stader på tunet der ein bryllaupsgjest hadde funne seg ein legerstad. Når gjesterne vel hadde fenge nøringi stod dei upp og samlast att i bryllaupsstova. Der vart det morgonmat pånytt med øl (og dram) attåt. Kjøkmeistaren song og las for maten, det vart ete og drukke, og fyrst når måltidet var umlag ende kom brurfolket med sitt fylgje.
Fyrst kom kjøkmeistaren og med han spelemannen som spela ein av sine beste brudeslåttar. Etter dei kom brudgemen med brudgomsmennerne, og deretter leidesveinane med bruri og brurpikorne. Tilslutt kom brurkonorne som hadde stasa upp bruri. Brurfolket sette seg no på forsetet framfyre storebordet. Etter at dei hadde smakt ein grand på maten og kjøkmeistaren hadde sunge og lese frå bordet og halde den vanlege kyrkjeferdstala til brurfolket laga bryllaupslyden seg til kyrkjeferdi.
Alle gjesterne hadde no teke høgtidsklædnaden på, og det blenkte i alle fargar. Dei kvite koneskauti lyste upp millom karane sine grå kuftor og brunraude luvor, og gjentorne med sine kvite skjortor, raude liv, blenkjande sylgjor og raude og blå hårband livde ogso upp i laget. Men mest staseleg klædd var likevel bruri og brudgomen.
Bruri hadde vanlegt sjølv arbeidt det meste av brud- og brudgomsklædi. Dei ting som ikkje bruri greidde å laga sjølv var lånt, då det var ei skam å leiga skreddar til å laga bryllaupsklær. Brudekjolen var ein svart vadmålskjole med stutte ermar og kanta med raude band. Utanpå kjolen hadde bruri ein raud »brudestakk« og ei svart »brudetrøya«. Trøya var kanta og pryda med ymselita band. Både kjolen og trøya var open i brystet so at ein kunde sjå den kvite skjorta, som var utsauma på halskragen, i brystet og på handkragane, Eit kvitt utsauma forklæde høyrde ogso til.

Brudekruna (sylvkruna) frå Klyva i Os. Bg. Museum.
På brystet hadde bruri »bringesylvet«, ein breid raud bringeduk med påsette sylgjor, spenner og lekkjor av sylv, og um livet hadde ho eit raudt belte, tett påsett med runde og firkanta sylvplator. Ei reim av beltet hang ned på eine sida radt til kneet. På føterne hadde ho svarte eller raude ullsokker og små låge skor (øyreskor), med eit sylvspenne i reimi over fotbladet. Største prydnaden var likevel den blenkjande brudekrune av sylv som bruri hadde på hovudet. Kruna var so kostesam at eit vanlegt brurpar ikkje hadde råd å kjøpa ei sovori til bryllaupet, men det vart lånt ei av dei nokre få krunor som var i bygdi. I mange høve som bruri hadde liti råd vart ogso brudestakken og brudetrøya lånt. I seinare tid kom den raude brudestakken noko av bruk, og i staden vart den svarte brudekjolen overplagg. I dette høve vart kjolen kanta nede med blå eller grøne band og påsett ei eller fleire sylvsnorer.
Var bruri ekkja, eller ho var ei gjenta som hadde fenge barn, so skulde ho ikkje bera sylvkruna på hovudet. Ho gjekk då med ei liti kruna eller huva av ty som var utsauma på ymse måtar. Var det ei sers vyrd gjenta eller ekkja det gjaldt so fekk ho gjerne bera sylvkruna likevel, men det vart då lagt eit stykke ty under kruna so at denne ikkje kom nær hovudet.
Brudgommen var ogso høgtidsklædd, um ikkje nær so staseleg som bruri. Brudgomstrøya var ein kvit vampe med svart krage og ymselita kantar, og over denne ei grå høgkraga kufta. Utanpå kufta hang eit langt sylvkjede. Buksa var ei kvit vadmåls langbuksa av same slag som kvardagsbuksorne. I sisste helvti av 1700 talet vart brudgomsklædnaden mykje brigda. Brudgomen byrja då gå med svart knebuksa og kvite sokker med innvovne otteblads-rosor. Istadenfor vampen og kufta brukte han fleire trøyor utanpå einannan, gjerne tri i talet, ei raud, ei kvit og ei grøn.
Trøyekragane var høge, av kragen på ei brudgomstrøya åt ein mann som var gift i 1820 fekk soleis sein are ei dotter-dotter hans sitt fyrste raude overliv. Trøyorne var opne øvst i bringa so at den utsauma halskragen og sylvknappane i skjorta synte. Um handledane hadde brudgomen krotaspyta pulsvantar, «vevlongar», og på hovudet hadde han høg »skorsteinshatt« med eit blått eller raudt silkeband um hatten. Seinare vart brudgomshattane noko lågare, ein fekk dei sokalla »blankhatter« som vart brukte radt fram til 1860 åri. I eldre tid gjekk brudgomen ogso med slirebelte og med ei langskafta øks i handi til kyrkja. Seinare vart det vanleg brukt ein sabel eller ein utskoren stav istadenfor øksi.
Med det same brudgomen gjekk or bryllaupsstova for å fara til kyrkja hogde han tri kraftige hogg i vaglebiten med øksi. I gamle hus ser ein enno merke etter brudgoms-hoggi. Brurfylgjet gjekk so til kyrkja. I brodden gjekk alle som hadde »embætte« i bryllaupet, og elles umlag i same rekkja som dei sat ved bryllaupsbordet. Gjekk ferdi landvegen so reid gjerne brurparet. Var det sjøvegen so var vanleg brurfolket og dei som hadde embætte i ein serskild båt, »brurebåten«. Tamburen og spelemannen var ogso med på kyrkjeferdi, og trumba eller fela let stødt. På alle gardar som fylgjet for framum skaut og dundra dei til æra for brurparet. Sume av gjesterne hadde ogso byrsa med og skaut jamt og samt. Kjellarmannen hadde sytt for nøgdi av øl til kyrkjeferdi, og ein spara ikkje på dunken. Gjesterne kunde soleis verta dugeleg høgmælte på ferdi, og eit bryllaupslag kom sjeldan stillfarande til kyrkja. I det fyrr nemnde skriv frå 1700 klaga presten Geelmuyden ogso over alt det styr og ståk som fylgde med bryllaupsferderne. Skoti dundra og trumba og fela lét radt til fylgjet kom åt kyrkjedøri, segjer han, og laget kom etter vegen med styr og ståk. Alle bryllaupsbåtane hadde ølkaggar umbord, og mange av gjesterne var på ein kant eller heilt fulle då dei kom til kyrkja. Når presten tala til dei for dette so fekk han berre »en uforskammet mund«, segjer Geelmuyden. Råka so fleire bryllaupslag ihop ved kyrkja, – og det hende jamt, då alle bryllaup i bygdi vart haldne på umlag same tid og vanleg på ein sundag, – so vart tilhøvi endå verre. Det var soleis vandt for presten å halda styr på eit bryllaupslag um sundagen, men var bryllaupet på ein yrkedag so var det radt uråd å greida det, segjer presten Geelmuyden. Å drikka seg på ein kant i eit bryllaup høyrde etter bygdefolket si meining til god skikk, og vart bryllaupet og kyrkjeferdi haldi på ein yrkedag so kunde ein drikka so mykje meire.
Den gamle skikken å ha dugeleg skjenk med seg på bryllaupsbåtane, heldt seg fram gjenom tidi. »Gamle Brakhaugen«, (Lars Hjemdal) var kjøkmeistar i eit bryllaup i Kvalesund 1836, og han fortalde frå dette: Dei hadde bryggja 4 tunnor malt til gildet, og kjøpt dugelegt brennevin attåt. På kyrkjeferdi hadde dei med seg ei halv tunna øl og eit halvt anker brennevin. Då dei kom um Bjørnen vart gjesterne tyrste og dei sprette kaggane, og då bryllaupsfylgjet lagde til lands ved »Landboen« nedanfyre kyrkja var både halvtunna og halvankeret tome. Men fleire av gjesterne fann ikkje rette båten att då dei kom or kyrkja, og sume kom attende med bryllaupsbåtane frå ein annan gard i Øyane, der det ogso vart halde bryllaup same dagen.
Korleis folket sjølv såg på det hev me eit døme på so seint som i 1860 åri. I eit bryllaupslag i Osbygdi kom gjesterne ståkande og syngjande til kyrkja. Presten stod ved kyrkjedøri og venta, og verten i bryllaupslaget som gjekk i brodden for fylgjet helsa då på presten med desse ordi:
»Me er drukne idag, prestefar!« »Ja eg ser dette, men det er ikkje bra det«, svara presten. »Me tykkjer at det er retleleg bra, me«, sa bryllaupsverten.
Når presten hadde halde brurpreika og fylgjet var ferduge i kyrkja samlast gjesterne i prestegarden. (I seinare tid gjekk dei gjerne inn i eit hus på Osøyri istadenfor på prestegarden). Brud og brudgom skjenkte då kvar gjest, og ei kleivekona som var med til kyrkja for å greida dette skifte ut mat. Ogso andre kjenningar som ikkje var bryllaupsgjester vart beden inn her og fekk »trektemang« som ein kalla det. Presten og prestefolket fekk ogso mat og drykk hjå brurfolket, spelemannen strauk upp ein slått, og det vart gjerne teke ein dans eller tvo fyrr fylgjet tok på heimvegen. Var det fleire bryllaupslag ved kyrkja samstundes so vart det ogso skjenk og traktering frå det eine laget til det andre, det vart kappspeling millom spelemennerne og det vart meire dans. I sovorne høve vart det gjerne langt på dag fyrr fylgjet kom attende til bryllaupshuset.
Då fylgjet kom frå kyrkja stod vertsfolket, som vanleg ikkje var med i kyrkjeferdi, og kjellarmannen på tunet og tok mot gjesterne med fyllte ølskåler. Tamburen trumba og spelemannen spela alt det dei orka til velkomehelsing åt dei nygifte, og kjøkmeistaren fekk atter strev med å sessa folket til bords. Brud og brudgom vart no sett ved sida av einannan i høgsætet, og dei eldre og mest vyrde gjester fekk plass nærast brurfolket og nedover frå dei. Det var eit vandt og ikkje altid takksamt arbeid for kjøkmeistaren å sessa alle rett, og eit misstak ved sessingi av eit par vyrde gjester ved bryllaupsbordet kunde verta upphavet til eit årelangt uvenskap.
Etter at brur folket og gjesterne var komne tilbords song og las kjøkmeistaren for maten, som til dette måltid vanleg var kjøt og sodd. Det var ogso sett turrmatfat på bordet, og ølskåli gjekk trottigt ikring. Gjesterne kunde no sitja ved bordet so lenge dei lysta. Då det leid fram på vart det rydja eit rom på golvet og brurdansen byrja. Alle skulde ha ein dans med bruri, fyrst kjøkmeistaren, so brudgomen og deretter »embættesmennerne« og gjesterne. Kvar som dansa med bruri skulde »leggja i fela« åt spelemannen. Brudgomen gav ei ort, dei andre gav frå orti og ned til 4 skjeling, og storparten av si innkoma i bryllaupet fekk spelemannen ved brurdansen. Bruri måtte vera på golvet stødt til alle hadde fenge ein dans med henne, og då ho heile tidi måtte gå med den svere sylvkruna på hovudet og med den tunge brurestasen elles, so røynte dei mange dansane hardt på henne. Det hende jamt at bruri dansa til ho uvita og måtte gå til sengs. Men etter å ha fenge ei liti kvild måtte ho atter på golvet.
Brurfolket gjekk jamnast tidleg til sengs bryllaupskvelden etter den strevsame dag. Kjøkmeistaren, brurkonorne, brurpikorne og leidesveinane fylgde brurfolket til romet der dei skulde liggja, anten det no var i budi, på loftet eller i koven. Mange av gjesterne fylgde ogso vanleg med. Bruri og brudgomen måtte klæda av seg å leggja seg medan alle såg på, og etter at dei var komne tilsengs heldt kjøkmeistaren ei tale over brudesengi. Sume av gjesterne som no vanleg hadde fenge eit »pratemot« på vilde ogso gjerne tala, og det var jamt halde mange og ymse slag talor over brudesengi. Leidesveinane og brurpikorne som skulde halda skikk og taka vare på brurfolket sine klær og andre ting hadde nok å gjera i alt ståket på brureromet, og jamt kom det ein brudesko eller eit plagg burt um kvelden. Um morgonen måtte brurpikorne løysa inn alle plagg som dei hadde mist med sokkeband, belte eller andre ting som brurpikorne fyreåt hadde laga til dette bruk, medan leidesveinane jamnast fekk løysa sine ting inn att med øl og dram.
Det vart dansa heile notti. Som nemnd gjekk vanleg brurdansen fyre seg i sjølve bryllaupsstova, men seinare på kvelden flutte ungdomane jamnast burt i ei grannestova eller ein annan stad, der dei fekk betre rom til å snu seg. Dei eldre gjester sat gjerne ved bryllaupsbordet og ølskåli so lenge dei greidde sitja. Klintmatfati stod på bordet heile kvelden og notti so at gjesterne kunde eta når del hadde hug til det.
Andre morgenen gjekk brurfolket sjølv med »nøringi«. Dei hadde då tambur og spelemann med, og likeins brurpikorne og leidesveinane som bar maten og drikkevarorne. Spelemannen hadde serskilde »nøringslåttar«, som vart spela under nøringsferdi. En sovoren nøringsslått var den kjende låten: »Eg ser deg, eg ser deg, men eg kann ikkje koma til deg«. Bruri hadde no fenge skaut på seg, og alle ynskte henne tillukka med skautet og helsa henne velkomen i konelaget. Det kunde taka fleire timar for brurfolket å gå med nøringi, då dei ogso måtte gå ikring grannegardane for å finna alle bryllaupsgjesterne. Desse tok det denne morgenen med stor ro etter strevet um dagen og notti fyreåt, og det leid gjerne langt ut på dagen fyrr alle gjesterne vart samla i bryllaupstunet og bryllaupsstova att.

Bruri gjeng ut i hagen etter dansen.
Hovudmåltidet denne dagen var rjomegrauten, »brudgomsgrauten«. Brudgomen bar sjølv eit grautefat inn og sette for bruri, medan tamburen slog og spelemannen strauk so det duna i stova. Kjøkmeistaren heldt grautetale og song grautevers, og det var ved dette høve at kjøkmeistaren serleg fekk syna sin dugleik som talar og songar. Mange av gjesterne, serleg ungdomen, freista på alle måtar å øra kjøkmeistaren soleis burt at han skulde gå surr i grautetala, og for ein urøynd kjøkmeistar var det jamt ei hard påkjenning å stjorna dette måltidet.
Ogso denne dagen heldt ungdomen seg mykje i danse-stova. Dei eldre gjester heldt lag med ølskåli, svalla og prata, og såg attimillom på leiken og dansen hjå ungdomen. Elles tok ogso mange av dei eldre seg ein dans attimillom so at dei fekk »sveitta ut«. Denne kvelden gjekk gjerne gjesterne tidleg tilsengs, og dei var difyr ogso snøggare på føter att dagen etter.
Tridje dags morgen kom »mjølketauserne. Det var gjentor, gjerne tenestegjentor, frå grannegardane som kom med ny forsyning av mjølk og rjome til bryllaupslaget. Desse gjentorne hadde ikkje fyrr vore med i bryllaupet, og ungdomsflokken fekk soleis no ein god auke. »Tausedagen« vart difyr ogso rekna som den beste danse- og leikedag av ungdomen. Mjølketausene var i bryllaupet til kveldingi, då dei gjekk heimatt med dei tome mjølkebytti på ryggen og gjerne ein gut under armen.
Hovudmåltidet tridje dagen var »bruregrauten«, Bruri med sitt fylgje, brurpikor, brurkonor og kleivekonor, og med kjøkmeistaren, tamburen og spelemannen i brodden for fylgjet, bar grauten på bordet. Bruri sette grautefatet for brudgornen. No måtte kjøkmeistaren atter ut med ei grautetala og grautevers, – I seinare tid då bryllaupi berre vara 2-3 dagar vart bruregrauten vanleg hovudmåltidet dagen fyrr, og brudgomsgrauten vart då flutt fram til å vera kveldsmåltid på kyrkjeferdsdagen.
Fjerde bryllaupsdagen var »skåladag«, då ein »drakk til« og »gav i skåli«. Brurfolket sette seg då i høgsætet, kjøkmeistaren stelte seg upp på golvet medan gjesterne samla seg og sessa seg rundt ikring, og det vart drukke skåler. Kjøkmeistaren stjorna so »tildrikkingi». Det vart drukke skåler for brud og brudgom, for vertsfolki, kongen, »dannemandsskål«, o. s. b., og kjøkmeistaren song vanleg eit lite vers for kvar skål. Deretter kom kvar gjest fram til bordet. Brudgomen skjenkte ei skål øl og drakk gjesten til, og til takk for att lagde gjesten pengar i skåli etter å ha tømt henne. I seinare tid skjenkte brudgomen vin eller brennevin i eit stort sylvstaup til gjesterne når han drakk dei til.

Nøringskorgjer.
Attåt skjenken vart vanleg gjevi ei skiva søtost eller eit anna stykke mat, som gjesten jamnast tok med seg heim.
Skålepengane var so ymse, etter som gjesterne hadde hug og råd til å gjeva, frå ein dalar hjå vaksne karar ned til ei ort eller ei halv ort av ei tenestegjenta. Brurfolket sine foreldre, vertsfolki, gav ogso i skåli, og dei gav då vanlegt det som bruri og brudgomen skulde få i heimanfylgja. Det kunde soleis henda at far åt bruri gav hundrad dalar i skåli, og at far åt brudgomen gav sonen lovnad på hus og gard.
Det var ei høgtidsam stund medan ein drakk til og gav i skåli og kjøkmeistaren såg altid vel etter at ingen skipla laget med formykje styr og ståk medan dette vara. – I sume bryllaup tokein ikkje »tildrikkingi« saman med »å leggja i skåli« men som ei serskilt gjerd, og vanleg drakk ein då »til« andre eller tridje dagen.
Då det var drukke til og gjeve i skåli var den høgtidsame parten av bryllaupet ende. Dei eldre gjester byrja no å fyrebu seg på heimferdi. Men ungdomen tok til med festing på nytt tak. Dei hadde no betalt og gjort greida for seg, og dei let då so at dei vilde halda ut so lenge det fanns ein drope på tunna. Fyrst då kjøkmeistaren kom med tappen or øltunna og lagde han på bryllaupsbordet tenkte undomen på heimferdi.
Den sisste notti i bryllaupet var »skøyteslausnotti«. Dei eldre var då farne heim att, og ungdornen rådde grunnen åleine. Medan dei unge fyrr hadde halde seg rnykje i dansestova tok dei no sjølve bryllaupsstova til leikeplass, og dei fann på alle slags galne påhit. Dei dragsa alle slag ting til bryllaupsgarden og gjøymde vekk både det eine og andre som høyrde tunet til. Ja det hende at når vertsfolket skulde ha tak i kokka um morgenen so var ho ikkje å finna, galningane hadde endå til dragsa henne til eit anna tun og gjøymt henne burt. Det hende jamt at ogso torsdagen gjekk og fredagen kom fyrr ungdomen gav upp, men fyrr laurdagen kom var dei fleste farne or tunet. Var ikkje tappen or øltunna komen på bordet so fanns det likevel dei som heldt vika ut og tura bryllaupet til det atter var sundag.
Bryllaupi stod jamnast hjå foreldri åt gjenta. Nokre dagar etter bryllaupet flutte dei nygifte til brudgomen sin heim, um dei skulde verta buande der, og det vart då halde »heimkomeveitsla. Ungkona flutte vanleg til den nye heimen sin ein laurdagskveld, og foreldri, syskeni og gjerne fleire av skyldfolki hennar fylgde med. Nyemannen hadde på si sida samla saman både skyldfolk og grannar, og heimkomegildet vart gjerne eit lite bryllaup på nytt. Gjesterne fekk mat og drykk og vart verande på garden um notti.
Um morgenen gjekk nyefolket ikring i grendi med nøring, og um sundagen var det gjestebod i heimkomestova som i eit bryllaupslag. Ein kjøkmeistar eller kjellarmann stjorna gjestebodet, det vart sytt for spelemann, og dei unge dansa helgi til endes. Det leid gjerne langt ut på måndagen fyrr gjesterne kom attende frå heimkornegildet, og foreldri og syskeni åt nyekona vart jamt verande på garden enno eit par dagar.
Ei tid etter bryllaupet måtte dei nygifte, um dei då ikkje var rike folk, ut for å »be busta«. Det var at dei gjekk ikring grendi eller i fleire grender for å beda um og samla ihop korn, kjøt, ull, pengar o. a. so at dei kunde magta å setja eige bu og bustad. Det var ikkje noko skam for unge folk å »be busta«, og grannane var vanleg sers viljuge å gjeva. Den tid kunde koma at deira eigne born trong det same, og at han som no bad til bustad fekk råd til å hjelpa andre att. Endå til klokkarar og prestar gjekk ikring bygdi og bad til bustad. Bustafolket gjekk gjerne ikring um hausten etter at kornet var kome i hus, sauerne klipt og slagtingi fråseggjort hjå bygdefolket. På primstaven stod den 28de oktober uppsett som »bustadag«.
Når nokon døydde vart det halde gravøl eller »sjond« ved gravleggjingi. Var det eldre folk som fall burt, so var jamt sjondi mykje fyrebudd av dei sjølv. Likklærne var vanleg til-laga fyreåt og hjå mange låg likklærne ferdug til bruk frå dei var vaksne. Brudgomsskjorta vart stundom lagt tilsides etter bryllaupet for å gjøymast som likskjorta åt mannen. Når ein mann hadde trevyrke for seg, so tok han utor og lagde tilside høvelege bord til likkistor åt seg og huslyden. Sume laga endåtil likkista åt seg sjølv medan dei var i sine beste år. Kom sjukdomen ikkje for hardt eller døden ikkje for brått på, so gav den sjuke sjølv fyresegner for likferdi. Han sagde kva ein skulde laga til og kjøpa til sjondi, han gav fyresegner um kven ein skulde beda og kven ein ikkje skulde beda til gildet, kva presten skulde tala um i likpreika, kva han skulde ha for jordfestingi, o. s. fr. Det kunde vera gode grannar som skulde setjast høgt ved bordet i sjondi, og det kunde vera folk som han mislikte og som difyr ikkje skulde synast sers vyrdnad. Ei gamall kona som fyrst døydde i 1900 gav soleis strenge fyresegner um sjondi si og sette m. a. husfolket fyre, at ein granne som ho mislikte ikkje skulde bedast tillikferdi. »Eg vil korkje sjå eller høyra han i sjondi mi», sa ho. – Sume hadde humle og malt liggjande ferdugt til gravølet, og det fanns ogso dei som sjølv lenge fyreåt hadde tinga både kjøkmeistar, kjellarmann og kleivekonor til gravølet sitt. Ein ser soleis at dei gamle tenkte på døden og gravi med stor sinnsro, og dei førebudde umhugsamt sin avskil frå denne verdi medan dei enno gjekk føre og friske millom grannane.
Når ein sjuk var avliden vart dei næraste grannane henta åt likstova. Liket vart vaska og fjelga, lagt på den eine langbenken i stova, og likhalmen vart boren ut på tunet og brend. Nokre av grannane, helst dei som hadde mest givnad for trearbeid, kom deretter saman og laga likkista, soframt ho då ikkje stod ferdug fyrr. I likkista måtte ikkje brukast spikar eller noko anna av jarn. Då likkista var ferdug, som vanleg var det dagen etter dødsfallet, vart dei næraste skyldfolk og grannar beden ihop for å leggja den døde i kista. Dei tvo eldste og mest vyrde grannekonorne sveipte liket. (I eldre tid vart liket lagt i kista heilt påklædd i kyrkjeklærne). Når den døde var sveipt og lagt i kista vart det sunge eit likvers og kisteloket lagt på. Over likkista vart deretter lagt eit åklæde, som berre var brukt ved likferd, og på dette vart lagt ei soks som ein kross, sett tvo brennande ljos og lagt ei salmebok, um sovori var i huset. Etter å ha fenge ei skål øl gjekk so grannane kvar til seg.
Solenge liket stod heime vart det kvar nott halde »våkenatt» i likstova. Den fyrste notti var det gjerne nokre konor som vakte. Dei gret over liket og song attimillom eit likvers. Vakingi seinare tok ungdomen på seg. Dei song ogso eit likvers den fyrste kvelden, men sidan fann dei seg eit rom til ein svingom og dansa til morgenen ljosna. Sume stader dansa dei i sjølve likstova. Prestane arbeidde mykje mot våkenetterne, og desse kom burt etterkvart. Etter at våkenetterne kom burt vart liket vanleg sett ut i budi eller eit anna uthus til sjondardagen.
Då 7 dagar var gjengne etter dødsfallet vart det halde likferdsgilde, sjond. Ein meinar at namnet »sjond« eller »sjaund» kjem av at gildet og gravferdi skulde haldast den »sjaunde«, sjuande dagen etter nåsfallet. Skyldfolket og heile grendi vart beden til sjondi. »Grendi« var nett skipa soleis som det høvde i ei gravferd, der ein måtte ha mange vaksne karar i laget til å bera liket. Sume stader i bygdi der det var stutt veg til kyrkja kunde grendi vera liti, men i utkantane der ein hadde lang veg til kyrkjegarden og treng fleire byte av karar til å bera var grenderne jamnast store.
Eit godt døme på grunnlaget for grendeskiping hev me i Lyssandbygdi. Der ligg gardane Bø og Lyssand tett ved einannan, men dei hev ikkje »grend« ihop. Bø er stor nok gard til å vera ei grend for seg sjølv, og Lyssand høyrer saman med Hauge og Bjånes. Den einstaka garden Bjånes måtte ogso koma i grend, og garden kom då saman med Lyssand og Hauge, endå fleire gardar, Bø, Klyva og Molda, ligg imillom. Grendi vart då på 7-8 gamle bruk, og det var stor nok grend her, der dei hadde so stutt veg til kyrkja. I Hegglandsdalen høyrde det derimot 10-12 gamle bruk saman i grenderne.
Då grannane kom til gards i liktunet, var kista sett i stova. Kvar som kom inn gjekk burt til kista og gjorde krossteiknet fyrr han sette seg. Då alle var samla vart det bordskikk mykje på same måten som i eit bryllaup, Kjøkmeistaren sessa til bords og song og las for maten, medan kjellarmannen sytte for at ølskåll gjekk rundt bordet under måltidet.
Etter at måltidet var ende samla fylgjet seg um kista. Det vart songe nokre likvers, og deretter vart kista bori ut. I eldre tider vart kista bori tri gonger ikring åren fyrr dei tok henne utor stova. Kjøkmeistaren og gjerne nokre mann med han gjekk fyre likferdi og song. For kvar gard eller hus som fylgjet gjekk framum vart det sunge, og likeins når dei kom til kyrkja. I eldre tider skulde presten ha ei ku for likpreika når det var ein bonde som hadde 6 kjyr, eller det var kona hans som skulde gravleggjast, og i dei høve vart kui teki med som sisste lem av likfylgjet.
Då fylgjet kom til kyrkja vart likkista sett på kyrkjegardsmuren medan karane i fylgjet skiftest um å kasta upp gravi. Var den avlidne av sers vyrde folk so vart kista sett inn i våpnhuset ved kyrkja. I eldre tider gjekk dei ogso rundt kyrkja med kista, gjerne tri gonger, fyrr dei sette henne i gravi. Berre vyrde folk og sovorne som betalte godt fekk likpreik av presten. Fatige bønder, husmenn o. l. fekk berre jordpåkasting utan likpreik.
Var ikkje presten tilstades ved gravi so vart det fyrr gravi vart tilkasta sett ein staur på kista. Når presten seinare heldt jordpåkasting vart stauren uppteken, og presten kasta dei tre skuflor jord ned gjenom opningi. I sovorne høve heldt presten vanleg jordpåkasting ein preikesundag fyrr kyrkjelyden gjekk heimatt, og han hadde då jamnast fleire jordpåkastingar same dagen.
Fyrr likfylgjet gjekk frå kyrkjegarden vart gravi tilkasta. Medan nokre av likfylgjet ringde med kyrkjeklokkorne kasta sume gravi til. Fyrst då det heile var fråseggjort og gravi stellt tok fylgjet attende til likferdsgarden.
I eldre tider var ikkje kvinnfolki med i likferdi til kyrkjegarden. Dei kunde ikkje bera liket eller grava, og dei hadde soleis ikkje noko å gjera i kyrkjeferdi. Der dei tok liket i båt var likevel gjerne nokre av konorne med som »gråtekonor«. I sume høve, der det var trangt om rom i likstova o. 1., var heller ikkje kvinnfolki tilbords fyrr likfylgjet gjekk til kyrkja. Dei fylgde likferdi eit lite stykke på vegen og gjekk so attende til likstova, der dei då vart sette tilbords under vanleg bordskikk. I seinare tid vart ogso kvinnfolki med på kyrkjegardsferdi. Dei gjekk då med »laken«, eit stort kvitt plagg over akslerne. Ogso etter gravferdi gjekk den avlidne sine næraste skyldfolk og grannekonor med laken når dei var til kyrkja um sundagane og ekkja sjølv gjekk med laken i lang tid, i eit år eller meir. Elles måtte ho jamt kasta lakenet tidlegare enn ho tenkte, avdi ho straks fekk seg friarar og gifte seg på nytt.
Etter at likfylgjet kom att frå kyrkjegarden var det bordskikk pånytt i likferdsstova. Det var sett på bordet som ved eit bryllaup, og det skorta korkje på mat eller drykk. Etter gamall skikk skulde gjesterne no vera lystuge og glade. Det var teikn på sers heider og vyrdnad for den avlidne at det vart halde »ei gasta sjond«, med mykje mat og drykk, mange gjester og mykje gaman. Dei eldste sat ved bordet og svalla og dei unge dansa som i eit bryllaupsgilde. Sjondi vara vanleg i tvo dagar og gjerne lenger um ølet rokk til. Til ei sjond vart jamnast bryggja 1-1½ tunna malt. Då det i 1838 kom heradsstyre i bygdi gjorde dette vedtak um at det til ei sjond berre skulde bryggjast ½ tunna malt og kjøpast 6 kannor brennevin. Prestane preika mot dei gamle skikkar med mykje drykk, dans og annan gaman i gravøli, og noko av det fall burt etterkvart. Gjesterne tok til å fara heim att alt andre sjondardagen, og i den seinare tid vart sjondi berre haldi ein dag.
Når bygdefolket ved dei store hendingar i livet heldt høgtid og samkoma med mat og drykk, so var dei ikkje åleine um det. Ogso »storfolket« i bygdi heldt dugelegt gjestebod når det baudst eit høve. Ikkje herre i bryllaup og hugnadslag men jamvel i gravøl kunde dei festa, iminsto med mykje mat og drykk. Prestane var ikkje likare enn andre, og til eit døme på kva det kunde gå med i eit gravøl skal me nemna eit sovore hende:
Kristoffer Garmann var prest i Os 1668-1722. Han var langt ute i ætt med vossepresten Henrik Miltzow, som er mest kjend for si prestesoga »Presbyterologia Wos-Hardangriana«, og han hadde i huset hjå seg ei dotter åt vossepresten. Denne gjenta døydde ugift på Os prestegard i 1690, og Kristoffer Garmann som rekna seg som ei verja for gjenta sytte då for gravferdi og gravølet. Dette vart ogso halde på prestegarden i Os.
Ved skiftet etter Inger Miltzow vilde Kristoffer Garmann få sine utlogor til gravølet att, men den avlidne sine ervingar fann sumen for stor. Presten lagde då fram ei lista over det som gjekk med til gravølet, og lista lyder soleis:
»Biskopen for en skjøn ligprædiken 30 rigsdaler, provsten 6 rdl., skolepersoner 10 rdl., klokkeren 2 rdl., og Mette kok 10 rdl. Kjøbt til den sal. og dydige jomfrus begravelse: 1 oksehoved fransk vin 24 rigsdaler, 1 aume rhinsk vin 20 rdl., 1 anker brændevin 10 rdl., aquavit 4 rdl., 3 fader dansk øll 10 rdl., brygget 6 tønder malt 10 rdl., 36 mrk. humle 1½ rdl., 2 kander mjød til vågekonerne ½ rdl., 1 anker ølledik og 2 kander vinedik 1½ rdl., 1 stor hollenderkvige 4 rdl., 1 mindre hollenderkvige 3 rdl., 1 fed kalv 3½ rdl., 1 hjort og 1 hind 5 rdl., 9 fede gjeldvædrer 9 rdl., 10 fede gjæs 5 rdl., 6 kalkunske haner og 4 do. høner 10 rdl., 27 høns 3½ rdl., 50 syltet kramsfugl l rdl., røget og saltet flesk 2 rdl., 1 vog røget oksekjød 5 mark, 1 tønde saltet qvæde (kveite) 2 rdl., ½ tønde saltet brosme 1 rdl., 1 fjering saltet laks 2 rdl., 1 vog klipfisk 5 mark, 1 vog rundfisk 4 mark, raf og krekling 1 rdl., Rydske butsker 1 rdl., fersk fisk 4 rdl., 1 tønde rug 2 rdl. 1 mark, 4 tønder hafremel 6 rdl., 2 halve tønder smør 12 rdl., ½ tønde erter 1 rdl. 4 mark, ½ tønde æbler 2 rdl. 2 mark, 1 anker multebær 2 rdl., peberrod, beder, kål og rødder 1 rdl., 1 bidensk og 1 hollender ost 1 rdl. 3 mark, syltet citron og pomerants, roe, ingefær, pærer og sukat 10 rdl. 5 mark 8 skilling, safran, kanel, kardemonne, ingefær, vegleser, anis og peber 5 rdl. 5 mark, 12 pund mandler 2½ rdl., 1 vog plommer 2 rdl., 6 pund rosiner 3½ mark, 6 pund corenner 4 mark, 1½ vog sukker 7 rdl., 15½ pund carnarie sukker 4½ rdl., 3 voger hvedemel 4½ rdl., 4 pund perle gryn ½ rdl., 2 pund sennepsfrøe 1 mark, lemoner 4 mark, 6 pund kirsebær 3 mark, 2 æsker rips sirup 4 mark, 1 krukke olje 4 mark, 1 krukke rosenvand 2 mark, 2 store augurkeglas 1½ mark, 4 pund oliver 1 rdl., 300 eg 4 mark 11 skilling, røgelse og ovnlak 1½ mark, kul og ved 3 rdl., raspet brød 4 mark, sukkerkringler 1 rdl., kringler 3 mark, fine sure brød ½ rdl., grove sure brød ½ rdl., hvede timper 1 mark, hvede kavringer 1 rdl.«
Heile gravølet kosta 385 riksdeler. Når ein hugsar at prisen på ein gard i dei tider var umlag 10 rdl. for kvar skyldmark, so vil ein skyna at dette var eit kostesamt gravøl. Ervingane totte ogso at det var vel mykje tilteke, og anka saki inn for skifteretten. Men skifteretten fann at det ikkje var noko å segja til kostnaden eller gravølet, då dette berre var »en kristsømmelig begravelse, den sal. afdøde søster til en ærlig, hæderlig og kristelig amindelse«, og rekningi vart godkjend.
Kor mange menneskje det var i gravølet og kor lenge dette vara veit me diverre ikkje. Kannhenda vara det mange dagar. Men me tore likevel tru at gjesterne korkje tyrsta eller svalt i dette gravølet.
Umframt samkomorne ved dei store hendingar i livet, som me her hev nemnd, fødsla, giftarmål og død, var det ogso einskilde andre samkomor av skyldfolk og grannar. Den mest vanlege av sovorne samkomor var »dugnaden«. Når ein mann hadde storarbeid for seg, serleg husbyggjing, so var dugnaden ei god hjelp. Det var visse arbeid som det trongst stor mannamagt til, og etter gamall skikk høyrde det dugnad til desse. Ved husbygnad var det soleis rivingi av det gamle hus, bering eller fram draging av timberet og det største trevyrke til nyehuset, og tekkjing av taket. Serleg det sisste arbeidet var laglegt for ein dugnad med det stell og dei skikkar, som frå gamall tid skulde høyra til med dugnaden.
Tidleg um morgenen dugnadsdagen møtte skyldfolk og grannar upp på arbeidsstaden. Etter traktering med mat og skjenk tok dei til med arbeidet. Det kunde vera upp til 20-30 mann i eit sovore dugnadslag og då muna det med arbeidet. Ingen tok noko godtgjerdsla for dugnadsarbeid, men likevel kunde det verta kostesamt for han som heldt dugnaden. Maten skulde vera av besste slag og det måtte ikkje skorta på drikkandes vara. Um kvelden då arbeidet var slutt vart det halde bordskikk umlag som i eit bryllaupsgilde, og dugnadslaget vara gjerne til langt ut på morgenen. Det vart jamt bryggja fyreåt til ein dugnad. I eldre tider tok dugnadsfolket »fodne«, mjølk, smør og ost, med seg til dugnaden, men seinare heldt dugnadsmannen sjølv mat og drykk. Det kunde difyr henda at ein fatigmann som sårt treng um dugnad ikkje vågde seg å beda til denne, avdi han ikkje greidde kostnaden med mat og drykk til dugnadsfolket.
Dei gamle skikkar i helg og høgtid hev brigda seg mykje i det sisste halvundradåret, og mange av dei eldste skikkane er heilt kvorvne burt. Dugnaden er no ikkje meire i bruk. Jolehelgi er enno ei sers høgtidsam helg og ber enno merke av gamall skikk og sedvane, men ho varar no ikkje lenger enn ei onnor helg. Umframt påske- og pinstidhelgi er det no berre Helgetorsdag og Bededag att av dei mange høgtider og helgedagar elles i året. Sundagane hev ogso nærma seg dei vanlege yrke dagar. Dei visse kyrkjeferder frå alle gardar og grender i bygdi er ikkje meir. Det heile «jamnar seg ut«, og dei røynlege helge- og festdagar vert etterkvart færre og smærre.
Ogso dei serlege høgtider i livet ter seg onnorleis enn fyrr. Dei store og vikelange bryllaupi skrukna saman i slutten av fyrre århundradet til tvo-dagars bryllaup, og no er det ogso sjeldan å sjå dei. Jamt vert no bryllaupsveitsla gjort frå seg på ein einaste kveld, og det hender ogso at brurfolki ikkje set bry på nokon, men gjeng tvoeine til presten. I barsøl er no berre fadrane gjester, og det er slutt både med grauten og dravlen. Sengjematambrane er sett på skukken eller fallne stav ifrå stav.
Berre i gravøl og likferd samlast grannane enno. Sjølv um ein ikkje no treng hjelp til å bera liket til kyrkja so er framleis heile »grendi« med i gravferdi. Desse samkomor held enno »grend og grannelag« ihop, og vonleg vil det vara ved. Snart er dette det einaste som er att av dei ting som sette sermerke på helg og høgtid i fortidi.


