Os Soga på Internettet

Os Soga på Internettet


Os Soga I, II, III er tre bygdebøker for Os i Vestland  (Hordaland)
Bøkene er skrevet av Nils Tveit.
Bok 1 i 1932, bok 2 i 1938 og bok 3 i 1941
(sjå https://no.wikipedia.org/wiki/Nils_Tveit )  

Bøken er ikkje lenger å få kjøpt, men dei kan lånast på biblioteket.
For å gjera historien i bøkene lett tilgjengelig har eg scanna bøker og bilder og lagt dei på internettet. 
Her er det lett tilgjengeleg.  Kan lesast på pc, nettbrett og mobiltelefon. 
Bøkene er «søkbar» 
Sjå www.ossogelag.no  

Os Soga med Gards og Ættesoga er scanna frå  

1
Eit utsyn over Osbygdi frå gamall tid til no. 
I BYGDESOGA 
Med 306 bilæte og 1 kart 
2. OPPLAG 
BERGEN 1960 A.S. CENTRALTRYKKERIET 

2
EIT UTSYN OVER OSBYGDI FRÅ GAMALL TID TIL NO 
II. GARDS- OG ÆTTESOGA   
MED 62 BILÆTE OG 1 KART  
BERGEN A.S. CENTRALTRYKKERIET 1938

3
EIT UTSYN OVER OSBYGDI FRÅ GAMALL TID TIL NO 
III.  GARDS- OG ÆTTESOGA   
MED 104 BILÆTE OG 1 KART  
BERGEN A.S. CENTRALTRYKKERIET 1941  

Scanninga er delvis kontrollert mot bøkene for 2. opplag 1960 og 1964 og det som er scanna i Nasjonalbiblioteket Os : eit utsyn over Osbygdi frå gamall tid til no. 1 : Bygdesoga

Til scaning av tekst har eg brukt HP Officejet 6700 Premium med OCR-reader irisOCR versjon 12_3_4.0.  Denne ocr-scanneren er utvikla av asiatiske studentar ved Stanford University, Silicon Valley USA, for firmaet HP (Hewlett-Packard). 
OCR-readeren tolkar rett det meste av den ny-norske, osiske dialekta i Os Soga, men sidan ocr-scannaren er laga for Amerikansk-engelsk og Asiatisk skriftspråk er det ikkje alle ord og uttrykk som blir ttolka rett. 
Dette gjeld spesielt æøå, ÆØÅ, t, i, y, e, l og m.  Eksempel «sume» blir av og til «surne», «difyr» kan bli til «dif yr».  Dette er korrigert manuelt ved gjennomlesing.  Det kan likevel vera ord og uttrykk som er oversett. 

Scanninga er translitterert til RTF-format. 
RTF-filane (side for side) er opna i Microsoft Word, justert, tilpassa internettformat for å tilpassast til lesing på pc, nettbrett og mobiltelefon. 
Etter kvart som alle sidene i kvart emne / gard i Os Soga er klargjort som eit dokument (docx-format) er desse kopiert og lagt ut på internettet (www.ossogelag.no

Bilder i Os Soga er henta frå Bjørnafjorden bibliotek sitt bildearkiv på internettet https://www.bjornafjordenbibliotek.no/image-archive  
Dei bildene som ikkje er i arkivet til biblioteket er scanna med HP Smart Tank Plus 570 sin photo-skanner i «grayscale».  Bildene er ikkje justert med endring av lys, skarpheit, o.s.v. 
Det er eit fargebilde.
Bildene er justert, klippet og beskjert med Microsoft PowerPoint og lagra i JPG-format. 

Til å laga tabellar er brukt microsoft excel.  Tabellane er skrevet manuelt. 


Os den 8. januar 2026
Hans-Inge Eide
hans.inge.eide@gmail.com